Nokre bilete frå julefesten i Symra 5. desember 2009

Tilbake til hovudsida

Det var 108 deltakarar på julefesten i Symra, og det er lenge sidan det var så mange. Knut Trøen og slektningar og vener var der, nokre frå Viljan og mange tidlegare medlemer. Det aller viktigaste var at Knut Trøen fekk tildelt kongens fortenstmedalje i sølv for sin store innsat for folkemusikken. Erik Haugros delte ut medalje og diplom, fordi ordførar eller varaordførar i Nord-Aurdal ikkje hadde høve å vere til stades. Inger Frøydis song eit stev, Vebjørn las ein prolog til Knut og spelemannen Trygve Bolstad frå Valdres spela tre slåttar. Trygve kom eins erend frå Hedalen for å ære Knut. Erik overleverte blomar frå Nord-Aurdal kommune og frå Symra, og Kjell Stensrud bar fram helsing og blomar frå Sogn og Fjordane-ringen. Einar Guldbrandsen takka også for speling og samarbeid om barneleikarring i gamle dagar. Og felemakaren Erling Aaning sa litt om samarbeidet med Knut gjennom mange år, og Knut viste fram Aaning-fela som han gjerne bruker. Elles var det ekstra gilt igjen å sjå Knut på scena mellom spelemennene. Både Knut og dei to brørne Kjell og Jørgen var med å spela på ein del av kvelden, i tillegg til dei faste Solvor og Hans Petter. Dag Evensen og Vebjørn Bakken delte på leikleiinga. Tore Granset styrte bordsetet og julebordnemnda hadde pynta fint og sytte for at festen gjekk på beste måte, og maten og kakene var av beste slag. Dei som hadde fortent det (styret , spelemenn, rettleiarar etc) fekk blomar. Kvelden vart avslutta som vanleg med Deilig er jorden.


Inger Frøydis syng Ro fjorden som innleiing på sermonien med utdeling
av Kongens Fortenstmedalje
 

Knut med Kongens fortenstmedalje i sølv og diplomen.
  

Trygve Bolstad spela ein slått både før og etter utdelinga. Den eine slåtten hadde Knut spela i radio, og hadde lært han av far sin. Trygve hadde lært slåttten av sin far.
  

Knut med medalje og diplom
  

Erik les opp grunngjevinga for at Knut fekk prisen
  

Knut kan smile iblant også, men er vanskeleg å få på film
  

Knut får medalja på brystet
  

Knut med medalje
  

Erik viser fram medalja


 


Knut med medalje i litt anna variant
 

Erik overleverer diplom

 

Knut med medalje
 

Overlevering
   

Knut spelar vals
 

Knut spelar vals

  

   Knut spelar vals



 

Knut og Lisen
   

Knut og Lisen

Lisen og Heidi
 

Lisen og Knut
 

Knut og familien
 

Knut og familien
 

Knut og familien
  

Frå eit av middagsborda
  

Eit anna middagsbord
  

Middagsbordet med Knut og Lisen
  

Eit middagsbord til
  

Endå eit middagsbord

Endå eit
  

Endå eit
 

Frå eit kaffibord
  

Jørgen, Kjell og Knut spelar
  

Liv og Per lyttar til felespel
  

Knut og Lisen sine vener frå Kolbotn
  


Jørgen, Kjell og Knut gjer seg klar til å spele
  

Fire i fine bunader

 


Nokre får blomster
   

Eit blomsterbilete til

 

Det vart ein stor ring til slutt, sjølv om ein del hadde gått kl 00.30
  

Eit bilete til av sluttringen