Jon - ein trufast spelemann
Sjå også: dikt til Jon på 70-års dagen
Då Jon Tryti slutta som fast spelemann i Oslo Songdanslag i 1997, var grunnen at helsa svikta. Då han slutta var han truleg den i landet som hadde spela mest for lag og leikarringar i Noreg. Det var ein eineståande innsats for folkedansarbeidet i Oslo som med det tok slutt. Jon døydde 10. februar 1999, 78 år gamal, etter at hana hadde vore sjuk dei siste to åra.
Jon Tryti vart fødd på Tenold i Vik i Sogn i 1920. Han var den fjerde i ein syskjenflokk på ni, og eldst av gutane. Då han var 12 år byrja han å spele, fyrst på hardingfele, men 3 år seinare på flatfele. Frå han var ca 20 år vart det mest hardigfele att. Jon gjekk i spelemannlære mellom andre hjå Sigbjørn Bernhoft Osa på Voss, og betalte 4 kr timen for det. Men dei første åra lærde han mest av sambygdingen Kristen Bø. Frå han vart familiemann i 1945, vart det svært lite speling, før han byrja på ny i 1952. Då vart det utlyst kappleik på Sognestemna i Lærdal. Jon fann fram ei nedstøva fele frå loftet. Ho hadde berre ein streng, og han laut skrive til Bergen etter nye strengar. Det vart kort tid å øve. Men han øvde dagstøtt i 5 veker og vann kappleiken som beste sognespelemann. Han spela to av slåttane han hadde lært av Osa: Vossarull etter Sjur Helgeland og Springar etter Ola Mosafinn.

I nokre år framover spela Jon nokså mykje saman med trekkspelaren Ole Liljedal både til underhaldning og dans. Klassisk moderne og gamaldans, på flatfele og hardingfele. Noko skikkeleg spelemannsmiljø kom han ikkje med i. Biletet er frå Folkemuseet sumaren 1993 (foto V.Bakken).

Jon flytta til Oslo i 1958 og fekk seg arbeid i Oslo Lysverker. I 1963 gifta han seg med Inga, og dei flytta til Bøgata på Kampen, der dei framleis bur.

Jon byrja i Laget for folkemusikk same året som han kom til Oslo. Det var Torleiv Bolstad som fekk lokka han med seg dit. Bolstad var den første spelemannen han vart kjend med i Oslo. Mellom spelemenne i LfF var nokre av dei fremste i landet: Kjetil Løndal, Torleiv Bolstad og Odd Bakkerud. Jon lærde mykje slåttespel av desse. På landskappleiken i Odda i 1962 fekk Jon 1. premie i B-klassen, og kom dermed opp i A-klassen. Han deltok også på ein del kappleikar seinare, bode lokale og landskappleikar, men nokon trottig kappleikdeltakar vart har aldri. På landskappleiken på Vågåmo i 1964, fekk han 10. førstepremie av 14 - totalt 17 deltakarar. "Alt for mild døming", seier Jon. Han deltok også på landskappleiken i Førde i 1979, med svak plassering. Og i Kristiansand i D-klassen i 1980.

I kring 1970 vart det skipa landsdelsgrupper i Laget for Folkemusikk, og Jon vart leiar for Vestlandsgruppa i ca to år, til Arne Sølvberg overtok. Etter det var Jon leiar att ei tid. Saman med Vestlandsgruppa deltok Jon på landskappleik, mellom anna i Førde i 1979 (tredje 1.-premie), i Kristiansand i 1980, og i Oslo i 1981.

Etter kvart vart det likevel spelinga for leikarringane som tok det meste av fritida til Jon. Torleiv Bolstad var fast spelemann i Songdanslaget frå 1950. Frå 1962 tok han til å vikariere for Bolstad på øvingane. Hausten 1963 spela han på det første kurset, eit nybyrjarkurs som Songdanslaget hadde i Gule Sal med Per Inge Venås som rettleiar. Sumaren etter, i 1964, var Jon med Bolstad og Songdanslaget på ein 3-vekers dansetur med båt til Færøyane. "Ein svært gild tur til eit gjestfritt folk", seier Jon. Den første utanlandsturen med fela - men ikkje den siste.

Etter kvart vart Jon fast spelemann i fem ulike leikarringar. Først i Songdanslaget som han overtok i 1965. Så i Symra i 1967, og seinare Sogn og Fjordaneringen og Håløygringen, og ringar på Folkemuseet. Då eg intervjua Jon i 1981, såg spelemannsveka hans slik ut: "Eg spelar no fast i fem ringar. Måndag er det først kurs i Songdanslaget, deretter øving i ringen. Tysdag er det først springarkurs i Sogn og Fjordaneringen, deretter øving i ringen og til slutt øving i Håløygringen. Onsdag spelar eg først i to ringar på Folkemuseet (annankvar veke) eller i Vestlandsgruppa, og deretter på øving i Symra. Resten av veka har eg ikkje noko fast, men ofte vert det speling på folkedanskvelden på søndag og sumtid ein del ekstra på laurdag."

Jon var fast spelemann i Songdanslaget i 32 år frå 1964 til 1997. Jon vart æresmedlem i Songdanslaget i 1990? I Symra var han fast splemann frå 1967 til sumaren 1994 (Knut Trøen spela på øvingane 1984-89) - til saman 27,5 år. I Sogn og Fjordaneringen var han også fast i ei lang rekkje år, og ein del år også i Håløygringen og for Folkemuseet. I tillegg til å vere fast spelemann på øvingane i desse ringane, var Jon svært ofte også spelemann på kurs i gamaldans og folkedans, og på svært mange kurs i Vestlandsspringar. Jon har også ofte vore spelemann på rekkjedanskurs i fleire ringar: Fransese og Lancier. Attåt det var han svært ofte spelemann på dei framsyningane som ringane hadde. På 60- og 70-talet hadde mange av desse ringane svært mykje framsyning, som Jon tok sin store del av. Så kjem spelinga på eit utal festar - leikfestar, julefestar, vårfestar, hytteturar - og ikkje minst på folkedanskveldar. Denne spelinga var oftast saman med andre - flest gonger saman med Kåre Limseth, men ofte også saman med Knut Trøen, Åge Grundstad, Åke Karlsson og andre. Speling for mange andre lag og leikarringar vart det gjerne også. På biletet spelar Jon til ein Vestlandsspringar på Emma Hjorts Hjem, 17. mai 1970.

Spelferdene saman med leikarringar - særleg til utlandet er eit kapittel for seg. Etter den første ferda i 1964 vart det mange andre. I 1967 reiste Jon saman med leikarringen ved Ås Landbrukshøgskole til ein festival på Levkas i Hellas - øya til Onassis. I 1968 saman med leikarringen Noreg i Drammen på busstur gjennom Tyskland. Året etter saman med Gunnar Stubseid og Songdanslaget til Østerrike. I 1973 bar det til Færøyane att saman med Songdanslaget, denne gongen med fly. I 1974 var Jon igjen på tur med Songdanslaget - busstur til Nice i Frankrike. I 1979 to turar, først som spelemann for NU til Nordleik i Holstebro i Danmark og deretter med Leikarringen til Folkemuseet til Zagreb i Joguslavia. "Dessutan har eg vore tre gonger i Hamburg, to gonger saman med Oslo Lærerskole sin leikarring og ein gong md BUL. To gonger til Kjøpenhavn, saman med Lærarskolen den eine, og Peer Gynt den andre." Slik fortel Jon i 1981. Sumaren 1981 var Jon på si lengste reise: saman med Symra til Midtvesten i USA. Dette er eit utsnitt av spelferdene til Jon. Nokre gonger har han vore med Symra til venskapsringen Viljan i Stockholm. Jon var også med på den lange turneen som Symra hadde til heimefylket Møre og Romsdal sumaren1969. "Ein flott tur i fint ver, storslått natur og gjestfrie folk", fortel Jon.

Første gongen Jon spela i Symra var truleg på eit julebord på Gildevangen i 1962 eller 1963. Første kurset hadde Jon i Symra hasuen 1966. Fast spelemann i Symra vart Jon på nyåret i 1967. Siste gongen Jon spela som fast spelemann i Symra var på kafikvelden siste øvingskvelden i 1994. Då var det takk frå mange i ringen til ein trugen spelemann.

Då Jon fylte 70 år i 1990 gjekk Songdanslaget, Sogn og Fjordaneringen og Symra saman om ein fest i Storsalen for Jon. Mange dansevener og nokre spelemenn hylla Jon for innsatsen. Knut Trøen spela, Harald Aadnevik hadde måla eit bilete av spelemannen Jon og Vebjørn Bakken framførde eit dikt til jubilanten.

Jon Tryti tok i 19?? feleknappen i gull - den høgste kvalitetsklassen som spelemenn kan oppnå i Noregs Ungdomslag. Jon lærde seg tidleg notar, og vart svært flink til å skrive ned musikk. Mellom andre hjelpte han Egil Bakka med det. Jon var snøgg å lære nye melodiar og slåttar, og det gjorde at han vart den allsidige spelemannen. Det gjorde også at han vart så mykje bruka som spelemann på alle slags kurs, festar og øvingar. I seinare år har også Rådet for folkemusikk og folkedans gjort opptak og intervju med Jon som ledd dokumentasjonsarbeidet deira. Då Jon spela flatfele i sin ungdom (og seinare), lærde han å spele i posisjon. Det fekk han også nytte av i blant på hardingfela. I godt lag hende det at Jon framførde lyarslåttar som Budeiene på Vikafjell, Jølstrabrura, Tårun i troppin og andre spelstykkje. Det meistra han betre enn dei fleste.


Jon døydde 10. februar og vart gravlagd på Østre gravlund i Oslo. I gravferda var det 10-12 gode vener frå Symra og nesten like mange frå Oslo Songdanslag. Det var krans frå dei to laga og Vebjørn Bakken bar fram minneord.  Knut Trøen og Åge Grundstad spela ein brudeslått som dei hadde lært av Jon. Fanene frå dei to laga stod framme i kapellet med sørjeband, og dansarane frå Oslo Songdanslag stod æresvakt nedover midtgangen. Det var blomar frå Sogn og Fjordane-ringen.Både medlemene i desse laga og svært mange andre frå folkedansmiljøet minnast Jon med glede for lat han gjorde for folkedansen og folkemusikken i Oslo og vidare omkring.
Desom nokon har noko å legge til/fortelje om Jon som spelemann, som ikkje kjem fram her, eller rette på ting som er feil, vil eg svært gjerne at du sender e-mail til meg, Vebjørn Bakken.Så kan vi flette det inn i teksten.

Spelemanns-Jon


Ein takke-song til Jon på 70-årsdagen i 1990

I dag vil me hylle deg, Spelemanns-Jon,

for din trufaste innsasts med fela.
For alt du hev slite i lag og i lyd
for ringar og lag i denne vår by.
Vår takk for alt du hev spela!
Du lærde å spele i heimegrend,
i logn under Vikafjellsnut 1).
I syskjenflokken du snart vann deg rom
som gjevaste spelemannsgut 2).
Du lydde på folk og du lærde av foss;
du lærde å spele i bygder der vest,
du lærde av dei som kunne det best,
mellom andre av Sigbjørn på Voss 3).

Til Oslo kom du som vaksen mann.
Her vart det å starte på nytt 4).
Det gjekk ikkje lenge før vegen du fann
til Laget for folkemusikk.
Der fekk du lye og der fekk du lære,
av dei som best i landet sku' vere:
av meistrar som Kjetil og Torleiv og Odd 5).

*****************************
Det var valdrisen Bolstad som viste deg vegen
til Songdanslaget ein måndagskveld 6).
Og dermed byrja dei tretti-fem leikarring-år 7).
Ein innsats for ringar og lag som forslår!

Du har spela for mange ringar, du har spela for mange lag 8).
Du har spela på øvingskveldar og kurs av alle dei slag.
Du har følgt oss på utferd og reiser i mange byar og land 9).
Du har spela når vi dansa for gjester
Bygdøy og Bristol og SAS 10).
Og på folkedanskveldar og festar.
Det hende knapt du melde pass!

Det er alltid så trygt når du fører bogen:
Takta er stødig og sikker, tonen er skir og rein;
tempoet lugomt, og aldri er du for sein.
Jau, vi visste så vel at det var ingen fåre,
når du sku' til Halli saman med Kåre
der oppe frå Movatn-grend 11).

For alle dei tusentals timar
du sleit på din spelemannskrakk;
for kveldar og seine næter
du skapte glede og fest med ditt spel;
for dette og alt det andre seier vi: Hjarteleg takk!

******************************
Jau, i dag vil me hylle deg Spelemanns-Jon
for alt det du lokka frå fela
av tonar og trillar og slått;
- som yre vårbekken dansar
- som trillande ungjentelått.

Du spela vår draum, og du spela vår von,
du spela vårt liv du Spelemanns-Jon.
Du spela vår sorg og vår saknad.

Det hørest så lett når bogen du stryk
og slåtten kjem spenstig og mjuk.
Men tenkjer vi etter så veit vil godt
at spelemannsliv er eit slit.

Me gløymer så lett, når dansen me trør,
og glade på golvet oss svingar,
at du sit der einsam på spelemannsstol
og tryllar fram turdans og springar.

Det hende i blant - om ikkje så tidt -
når i kveldsseta stilt vi kvilde frå dansen -
at du finstemde fela
og måla i tonar ein bit av vår vestlandsnatur:
Somtid ei Vikafjells-budeie, og somtid ei Jølstra-brur 12).

*****************************
I dag vil me hylle deg Spelemanns-Jon
for din strålande innsats med fela.
For alt du hev slite i lag og i lyd
for ringar og lag i denne vår by,
Vår takk for alt du hev spela 13)!
Vebjørn Bakken

Forklaringar til ting som kan vere vanskeleg å forstå i songen


1) Jon var fødd i Vik i Sogn i 1920.

tilbake til diktet

2) Han var den 4. i ein søskjeflokk på 9, eldst av gutane. Han byrja å spele 12 år gamal. Først på hardingfele, men 3 år seinare på flatfele. Frå han var ca 20 år gamal vart det mest hardingfele att. Frå han vart familiemann i 1945, vart det svært lite speling før han byrja på nytt i 1952.

tilbake til diktet

3) Jon gjekk i spelemannslære hjå Sigbjørn Bernhoft Osa på Voss, og betalte då 4 kr timen. Men dei første åra lærde han mest v sambygdingen Kristen Bøe.

tilbake til diktet

4) Jon flytta til Oslo i 1958, og fekk seg arbeid i Oslo Lysverker. Han gifta seg med Inga i 1963 og dei flytta til Bøgata på Kampen, der dei har budd sidan.

tilbake til diktet

5) Jon byrja i Laget for Folkemusikk i 1958. Mellom spelemennene der var fleire av dei beste i landet: Kjetil Løndal, Torleiv Bolstad og Odd Bakkerud. Ei tid var Jon leiar for Vestlandsgruppa. Jon har vore med på ein god del kappleikar, er A-klassespelemann og har høgste spelemannsgraden, gullmerket, frå Noregs Ungdomslag.

tilbake til diktet

6) Torleiv Bolstad var fast spelemann i Oslo Songdanslag frå 1950. I 1962 var Jon stundom vikar for torleiv, vart kursspelemann frå 1963 og fast spelemann der i 1965 heilt fram til 1997. Songdanslaget hasr øvingane sine måndagskveldane.

tilbake til diktet

7) Frå Jon starta i Songdanslaget i 1962 til han slutta i 1997 er det 35 år. (Oppdatert etter at songen vart skreven.)

tilbake til diktet

8) Første gong Jon spela fdor Symra var truleg på eit julebord på Gildevangen i 1962 eller 1963. Han spela på kurs i Symra første gongen i 1966, og vart fast spelemann i ringen frå nyttår i 1967. Jon var fast spelemann i Symra til sumaren 1994, med unntak av to år. Jon har i ei årrekkje vore fast spelemann for mange ringar: Songdanslaget, Symra, Sogn og Fjordaneringen, Håløygringen og ringar på Folkemuseet. Sume år hadde han fast speleing for fem ringar kvar veke, i sume av ringane både på kurs og øving, i tillegg til helgespeling i Halli, på festar og framsyningar.

tilbake til diktet

9) Jon har vore spelemann på utanlandsreiser for mange ringar i Oslo-området til ei lang rekkje land i Europa og til USA.

tilbake til diktet

10) Frå midt på 60-talet har Jon spela svært mykje på framsyningar i symra. Mellom dei stadene Symra hadde faste oppdrag heile sumaren var Bristol, Grand, Studentbyen på Kringsjå, Folkemuseet, Holmenkollen Par Hotell og SAS-hotellet.

tilbake til diktet

11) På 60-talet var folkedanskveldane alltid i Halli, og Jon sog Kåre Limseth, som budde på Movatn, spela svært mykje i Halli.

tilbake til diktet

12) Frå si tid som flatfele-spelemann har Jon fått betre teknikk enn hardigfelespelemenn flest, og det er nyttig i mange litt vanskelege lydarslåttar som "Budeiene på Vikafjell" og "Jølstrabrura".

tilbake til diktet

13) Det er god grunn tilå tru at det ikkje finst nokon annan i landet som har spela så mykje for ringar og lag som Jon Tryti.

tilbake til diktet