Nokre bilete frå Jonsokkvelden på Høvikodden 2008

Tilbake til hovudsida


Det var ikkje så mange som fann vegen til Høvikodden jonsokkvelden - det ustabile veret måå vel ta mykje av skulda. Det var mellom 10 og 15 stykke. Som vanleg hadde Peder med mange sekker ved og det vart eit fint bål som brann heile kvelden. Veret var ustabilt og det kom iblant nokre skikkelege regnbyger, så det var bra at Peder også hadde med ein stor presenning som vi kunne krype under. halvard hadde med seg toraderen så det var også nokre slåttar mellom regnbygene. Litt dans vart det også på den vesle sletta mellom svaberga. Så trass i regnet - temperaturen var forresten fin - vart det ein triveleg kveld med grilling og kaffi og kaker.


Det var eit stor og fint bål som brann heile kvelden
 

Innimellom regnbyger og svaberg var det plass for litt songdans, Jonsoktid mellom andre dansar.
  

Hallvard spela under duken
     

Mat under duken
  

Humøret er på topp trass iregnbyger
  

Marianne og Anders