Nokre bilete frå haustturen i Symra 5-7 september 2008
Utsikten frå hotellvinduet på 210 i det same vi kom fram fredag i 6-tida. |
Bilete som syner matsalen på Høsbjør - fredags kveld. |
Vi er framme og klar til ein rundtur på Stein gard ved Mjøsa. Erik Skjeseth er ein dugande og sprek omvisar på 86 år. Men så driv han også med folkedans! . |
Vi blir orientert om geologien og historia her ved odden |
Mange interesserte tilhøyrarar |
Eit bilete til av same slag |
Her ser vi ut til holmen der Kastellet stod. |
Her ser vi ein rekonstruksjon av Mjøs-kastellet |
Vi er komne fram til Helleristningane på Steinen |
Også dei same helleristningane |
Helleristningar på andre sida av steinen |
Her ser vi overbygninga også. Fremst er Olav. |
Her er utsikta frå helleristningane til Ringsaker kirke. Dit skulle vi gå, men tida gjorde at vi tok bilen. |
På vegen tilbake passerte vi to kyr |
Den eine av dei ville gjerne ta ein tur på Mjøsa "i ein sprukken holk". |
Så er vi komen fram til Ringsaker kirke - ei flott steinkirke frå ca år 100. |
Erik fortel om kirka og interiøret |
Eit bilete frå andre kanten |
Her ser vi den imponerande altertavla som vart laga i Holland. |
Alle saman song Å leva det er å elska, og Inger Frøydis song Ein bruresong frå Odal |
Vi er komne utafor kyrkja. Våre to dugande tur-organisatorar Eystein og Oddny saman med omvisaren vår Erik Skjeseth. |
Utafor kyrkja åt vi matpakka |
Nokre fann seg ein benk å sitje på. |
Her er dei fleste samla utafor Prøysen-stua |
Eit bilete til der også fotografen fekk vere med. |
Så er vi framme ved Prøysen-museet, og då måtte vi ta bilete av hovudpersonen. |
Så er vi tilbake på Høsbjør, og middagen er i gang. |
Eit av dei andre middagsborda |
Endå eit middagsbord |
Det fjerde bordet |
Det femte og siste bordet måtte også kome med. |
Så fekk vi middagsunderhaldning. Olav Leite frå Valdres/Hamar kom og spela på eit breitt utval fløyter. Olav Leite var med i Symra 1978-82. |
Etter middagen bast det rett i dansesalen - eller rettare ballsalen. Her er vi i gang med Fransese. |
Fransese også her. |
Her er det nokre som kviler seg i enden av ballsalen |
Så avsluttar vi dansen på vanleg måte, men etterpå vart det to gilde stordansar. |
Dag og Per får seg frukost - kan ikkje klage verken på maten eller utsikten. |
Her er alle samla på søndagens tur om lag halvveis - ved utsiktspunktet. Men utsika var ikkje så mykje å skryte av. |
Då var det mykje bertre utsikt litt lenger nede, ved det store kalksteinsbrotet. |
Her er vi på veg gjennom skogen ned mot Hamar. |
På ein plass var det litt bratt ndeover - men det gjekk fint for alle. |
Så er vi komne fram til Jernbanemuseet - og sume fann fram restane av matpakka. utsikt over Mjøsa. |
Her frå det andre bordet. |
Nokre er i ferd med å dra, og nokre skal på museumstur. Tusen takk for fin tur og fint følgje! |