Nokre bilete frå seminar og leikfest, Klækken hotell oktober 2015

Tilbake til hovudsida
Helga 8-10 oktober 2015 hadde Symra eit vellukka seminar med leikfest på Klækken hotell. Seminaret starta med lunsj på fredag. Laurdagskvelden var det leikfest. Det var vel 40 som deltok frå fredag og det var drygt 70 på leikfesten laurdag. På seminaret var det foredrag av Vebjørn Bakken, Marianne Dahl og Audun Grüner-Hegge. Vebjørn snakka om framvoksteren av folkedansrørsla, Audun om rekruttering til folkedansen og Marianne om kva vi meiner med folkedans. På seminaret elles var det instruksjon i turdansar ved Inger Frøydis og Vebjørn Bakken og tango ved Live Callin og Oddvar Kværnhaug. Inger Frøydis og Vebjørn leia leiken på leikfesten og musikken var ved Solvor, Benjamin og Terje. Nokre av bilita har Tone Eid teke.


Frå seminaret fredag.
 

Marianne er ferdig med foredraget sitt.
 

Solvor og Terje spelar føre middagen.
 

Per Ove Voll (t.v.) og Marie Devold Rommundgard var med i Symra frå første året i 1960. Erik Haugros i midten.
 

Under middagen spela Benjamin Fanitullen etter at Vebjørn las diktet. Unni tar også bilde av Benjamin.
  

To staselege damer - Liv Kalvatn (t.v.) og Astrid Arnesen .
 

Det var 6 personar frå Ringerike folkedanslag med på leikfesten. Her er to av dei.
 

Frå venstre Peder og Inger Varhaugvik, Marie Devold Rommundgard og Kristen Nygård.
 

Dette skal vli tretur. Oddvar Kværnhaug mellom Astrid Arnesen og Live Callin
 

Rundt kaffibordet f.v. Liv, Inger O. Halvard, Inger V, Peder, Marie, Kristen og Unni.
  

Fleire kring bordet f.v. Anne Brit, Anne Marie, Kjell, Anne Lise og Gunnar.
 

To spreke dansarar og gamle Symra-medlemer - Ole Johan og Helene Berg.
 

Leikleiarane Inger Frøydis og Vebjørn og spelemennene benjamin, Solvor og Terje på scena.
 

Oppstilt til kvadrilje f.v. Anne Lise, Gunnar, Bjørg, Erik, Inger, Hallvar, Live og Oddvar.
  

Oddny Feragen t.v. saman med fotografen Tone Eid.