Minneord om Lars Hauge
(desember 2001)

Tilbake til hovudsida

Det var med sorg vi fekk vite at Lars Hauge døde 23. oktober. Lars Hauge og Per Malmedal var dei som gjekk i brodden då Symra vart skipa i 1960. Lars og Per vart saman med Edvard Møst  utnemnt som æresmedlemer i Symra ved 10 års jubileet i 1970. No er det berre Per som er att av desse tre pionerane.
   
Lars Hauge var fødd i 1918 i Fjørå på Sunnmøre og vart såleis 83 år gamal. Han kom tidleg med i ungdomslaget heime i Fjørå, og gjekk mellom anna på leikkurs med Klara Semb før krigen alt som 16-åring. Han kom til Oslo i 1953, og vart ein aktiv medlem i bygdelaget Sunnmøringen og i BUL. Han fekk seg bunad og var ein ihuga dansar i Leikarringen i BUL. I Sunnmøringen var det også ein del leikkurs framover på 50-talet, og Lars var ein av dei ivrigaste i dette arbeidet og var i fleire år leiar i leiknemnda der.
   
Lars vart kjent med romsdalingen Per Malmedal og i 1960 blei det slik at dei tok initiativet til å skipe ein sams leikarring for bygdelaga frå Møre og Romsdal. Romsdalslaget og Sunnmøringen hadde flest aktive dansarar, men etter kvart kom også Nordmørlaget med. Etter eit drygt halvt år reiste Per Malmedal frå Oslo, og Lars sat att med hovudansvaret for å halde Symra i gang. I dei første 3-4 åra var Lars den drivande krafta i ringen og la som formann ned eit stor arbeid, ikkje minst var det mange økonomiske problem. Han har fortalt at han også måtte ta av eiga lomme når det kneip som verst med pengar i ringen. Det var også Lars om fann på namnet på ringen - Symra minte han først og fremst om blomen han kjente så godt frå sine kjære heimetrakter. Lars gjorde også ein innsats for å få i gang folkedanskveldane i BLS-garden. I 1964 vart Symra formelt etablert som eit særlag i Nordmørslaget, Romsdalslaget og Sunnmøringen. Frå då av var det andre som fekk hovudansvaret for å driva laget vidare og etter kvart var Lars sjeldnare å sjå i ringen. 

Sjølv om Lars ikkje var så ofte å sjå i Symra, var hen heile tida levande interessert i det som gjekk føre seg der, og gledde seg over at ringen var liv laga. Etter kvart fekk han også slike helseplager at han ikkje lenger kunne kome på festar i ringen, sjølv om han gjerne ville. Dei siste åra såg han ringen berre ein gong for året. Lars budde i mange år i Bærum, og den 17. mai nytta han høvet til å møte fram på ein av dei stadene der Symra dansa, og fekk helse på sume av sine gamle vener. Og sjå ringen i aksjon.

Lars hadde ikkje berre dansen som interesse. Han like godt friluftslivet, og han gjekk på kurs og vart amatørmålar og arbeidde også ting i skinn. Det var triveleg å lyast innom Lars, å sjå kva han hadde laga, å høyre han fortelje om ”gamle dagar”, om livet i BUL og i Sunnmøringen. Om kvardagen for ein innvandrar i Oslo, og særleg om livet og tilhøva heime på Sunnmøre, i Fjørå og bygdene der omkring.

Lars Hauge vart gravlagd frå Sylte kyrkje i Valldal 30. oktober. Han ville nok gjerne få kvile i sine heimegrender, bygder han ofte tenkte på, laga målarstykke frå, og som han lengta attende til iblant. I Symra hadde vi ei kort minnestund onsdagen etter at Lars døde. Vebjørn sa nokre minneord og det var 1 minutts stillheit. Sidan han vart gravlagd på Sunnmøre, kunne  ingen frå ringen vere med i gravferda. I staden for blomar sende Symra ei gåve til LHL, slik det var oppmoding om i dødsannonsen.

Dei eldre i Symra vil minnast Lars som ein god ven og ein triveleg kamerat. Og leikarringen Symra vil alltid minnast Lars for den avgjerande innsatsen hans i ringen dei første kritiske åra. Vi takkar Lars for alt det han gjorde og for det han var, og lyser fred over minnet hans.

Vebjørn Bakken