Nokre bilete då Symra og Oslo Songdanslag dansa Ivar Aasen-dansar i Teatersalen sept 2013

Tilbake til hovudsida

Mållaget Vikværingen og Målnemnda i BUL skipa til Ivar Aasen-kveld i Teatersalen i BUL i september 2013. Vebjørn Bakken fekk som oppgåve å får dansarar til å vise nokre Aasen-dansar som innleiing til kvelden. Vi dansa 7 ulike dansar, mest berre første verset. Det var flest dansarar frå Symra, men også nokre frå Oslo Songdanslag.


Utsnitt frå forsamlinga i Teatersalen. Dei som dansa utgjorde neste halve flokken.

Nokre av dansarane i framgrunnen, fremst Gunnar Gvein, Bjarne og Marie Jensløkken og Johs. Kolltveit. Bak ved veggen ser vi leiaren i Vikværingen Håvard Tangen og kveldens foredragshaldar Gunnleiv Bø.

Vi gjer oss klar til å starte med "Aka på isen håle".
 

Her dansar vi Bandadansen. 
  

Vebjørn seier nokre ord om dansarane og framsyninga.
  

Ein av dei andre Aasen-dansane
 

Her dansar vi "Dei gamle fjell i syningom"
 

Siste dansen var Mellom bakkar og berg", alle versa. F.v. Liv, Gunnar, Eldbjørg og Kjell.
 

Også her dansar vi Nordmannen, f.v. Bjørg, Erik, Ragnhild og Liv.
 

Framleis Nordmannen, frenst Inger Frøydis og Vebjørn.
 

Det siste biletet med Nordmannen, f.v. Gro, Johs., Mari og Bjarne.