Nokre bilete frå Fjellturen i Sogn 2013

Tilbake til hovudsida

Her er nokre bilete frå fjellturen Symra hadde i Sogn 22. -25. august 2013. Eystein Grimstad var reiseleiar og hadde lagt opp ein svært fin tur. Det var i alt 39 deltakarar. Veret var så fint som det kunne bli. Vi budde på det historiske hotellet Walaker i Solvorn i Sogn, det eldste hotellet i landet, kjent for god mat og god atmosfære. Vi var på utferd til Nigardsbreen i Jostedalen, til Styggevatnet i Jostedalen, til Urnes stavkyrkje i Ornes og til fjelltoppen Molden. På avreisedagen fekk vi ei flott omvising i tettstaden Solvorn av gamle-lensmannen. Ei fin avslutning på ein strålande tur. Folk reiste til og frå i privatbilar. Eg trur eg har mange med meg når eg utropar denne turen til ein av dei finaste Symra har vore med på. Hurra for Eystein og Oddny! Nedanfor er dei fleste av dei bileta eg tok. Eg synest sjølv at mange av bileta vart fine.


Vi starta på hytta i Valdres og reiste over Valdresflya til Lom og vidare over Sognefjellet til Luster. Første biletet viser vatnet Vinstri sett frå Valdresflya. Finare kan det vel ikkje bli i landet vårt? Hytta vår ligg bak fjellet i det fjerne.
 

Vi drog saman med Liv og Gunnar G. frå Lom til Sogn. her et vi matpakka på veg over Sognefjellet litt ovafor Krossbu. Gunnar, Liv og Inger Frøydis.
 

Eit bilete til frå same staden, Gunnar, Vebjørn og Inger Frøydis.
  

Utsikta sørautover frå same staden.
 

Litt lenger vest på Sognefjellsveien - utsikt mot Hurrungane.
 

Utsikt frå ein av dei mange utsiktsplassane på Sognefjellsvegen, mot Hurrungane. Inger Frøydis og Gunnar.
  

Utsikt frå same staden, mot søraust.
  

Vi stoppa på Turtagrø for å ta bilete av Skagastølstindane. Liv, Gunnar og Inger Frøydis.
  

Her skulle vi bu - i andre etasje på den eldste bygninga på Walaker hotell, Tingstova. Her var det 4 rom.
  

Slik såg romet og senga ut.
  

Badet var fint oppussa.
 

Badekaret var ærverdig
 

Vi samlast i hagen kl 19 til ein velkomstdrink i hagen.
 


Sjefen sjølv, Ole-Henrik Nitter Walaker, orienterte oss om hotellet og slekta.
 

Spisesalen var fint måla og oppussa, Her er eit av middagsborda.
 
 
Eit anna middagsbord.
 

Eit tredje middagsbord.
 

Eit fjerde bord.
  

Det femte bordet
 

Sjefen var glad i å snakke, her fortel han om maten og diverse anna. Morosamt og opplysande.
 

Fjøsen på hotellet var omgjort til kunstgalleri. Her er vi i grisekjellaren. Rannveig, Liv, Anna, Arne og Astrid.
 

I andre etasje av fjøsen var det utstillingar, Anne, Petter og Kjell.
 

Det vart litt dans i møkkakjellaren. Anne Lise, Gunnar, Anne, Erik og Hallvar spelar.
 

Fredag drog vi opp Jostedalen til Bresenteret og Nigardsbreen. Vi ser Nigardsbreen frå senteret.
 
Inger Frøydis og Inger (Bjåstad).
 

Eystein orienterer utafor Bresenteret.
 

Vi har køyrt opp til brevatnet og ventar på båten. Sverre (Bjåstad), Inger, Inger Frøydis og Ragnhild.
 

Vi tar båten over brevatnet. Tore, Inger Frøydis, Inger, Sverre og Ragnhild.
 

På veg oppover til breen passerer vi elva på ei hengebru. Inger, Inger Frøydis og Sverre.
 

Nokre av oss gjekk ein times familietur på breen, men vi måtte ha tau, broddar og guide. Guiden var frå Nepal. Inger Frøydis nærast.
 

Oppe i breen. Tore, Inger og Sverre.
 

Inger Frøydis og guiden frå Nepal
 

Vebjørn, Inger Frøydis i tau.
 

Vebjørn på breen
 

Vi går ned i ei lita brehole. Inger Frøydis nærast.
 

Fotografen er nede i ishola. Tore, Sverre og Inger.
 

Typisk bilete frå brevandringa.
 

Frå breen. Tore, Inger Frøydis, Inger og Sverre.
 

Det var eit fantastisk fint utsyn frå breen.
 

Dei sprekast i Symra gjekk på ein 2-timarstur. Her er dei på veg opp, medan vi er på veg nedatt.
 

Her ser vi dei på nærare hald.
 

Og her på endå nærare hald. Finn og Erik nærast.
 

På veg nedatt frå brekanten. Sverre, Tore, Jørn, Liv og Gunnar. Nokre tok vegen opp til Styggevassdemninga etterpå, men det gjorde ikkje vi.
 

Det er laurdag, og veret er det same fine. Vi skal om føremiddagen ta ferja over til Ornes og sjå på Urnes stavkyrkje. Her er vi på ferjekaia.
 

Vi ventar på kaia. Sverre, Inger, Grete og Jørn.
 

Gunnar og Liv venta også.
 

Mange ventar på kaia.
 

Om bord på ferja. Arne, Anna og Unni.
 

Vi ser tilbake på stranda i Solvorn. Sorenskrivargarden til venstre er freda.
 

Her ser vi heile bygda Solvorn. Her bur det no 220 menneske. Dette var eit sentrum i indre Sogn i gamle dagar.
 

Det var eit stykke opp frå stranda til stavkyrkja, men her er vi oppe. Inger Frøydis og Bjørg.
 

På baksida av kyrkja finn vi dei flotte utskjeringane, som stammar frå inngangsdøra på den førre stavkyrkja. Den som står der no er frå ca 1130, og er den eldste i landet.
 

Gunnar ser på den erverdige kyrkja.
 
Vi ventar på at alle skal kome opp til kyrkja.
 

Alle er på plass og det høver å ta gruppebilete.
 
Ein av guidane orienterer om kyrkja utvendig. Inne fekk vi ikkje ta bilete.
  

Eit fint bilete av kyrkja. Trond. Det er Fortidsminneforeninga som eig kyrkja no.
 

På veg nedatt tar vi eit siste bilete av kyrkja. Trond.
 

Langs vegen stod det kvilebenkar, son Inger og Inger Frøydis laut prøve.
 

Det var mykje fruktdyrking også i Ornes, og mange kjøpte plommer. Liv, Jon, Grete, Sverre, Trond og Anne.
 

Frå ferja hadde vi fin utsikt tilbake på ferja frå Ornes.
 

Etter at vi åt matpakka i hagen på hotellet var det fjellturen til Molden som stod på programmet. Over halve flokken tok turen dit. Her er nokre av dei som kom fram først. Toppen er på 1118 m. Erik, Peder, Inger, Bjørg, Inger, Anne, Inger, Solveig, Eldbjørg, Finn og Kjell.
 
Frå Molden var det fin utsikt til alle retningar. Her ser vi austover mot Hurrungane.
 

Her ser vi nordover. Gaupne i framgrunnen. Jostedalsbreen i bakgrunnen. Vi skimtar og Lodalskåpa.
 

Nokre av første gruppe kviler i ly av vinden.
 

Sverre sykla, og kom litt etter dei fleste andre. Vi måtte forevige han også på toppen.
 

Her er eit bilete til av Sverre.
 

Inger Frøydis kviler ved toppen. Hurrungane i bakgrunnen.
 

Vi måtte nesten forevige Finn i himmelsjå.
 

Jørn, Liv og Unni var på veg opp då eg gjekk nedover. Utsikt sørover.
 

Utsikta mot sør var fin. Inger Frøydis.

 
Laurdag var det 4 rettars middag (tre rettar dei andre dagane). Som vanleg var maten og vinen god! Inger Frøydis, Vebjørn, Ragnhild, Arne, Anna og Gunnar.
 

Jørn lærte oss ei ny skålevise som vi brukte til å takke for maten.
 

Etter middagen var det dans i fjøsen / biletgalleriet.
  

Det er søndag morgon og avreisedag, frukost, matpakke og betaling. Frå resepsjonen. Inger, Arne og Solveig.

På terrassen var det fint å slappe av. Tore, Kjell, Unni, Gunnar og Gudbjørg.
 

Også Jørn og Anne Grethe slappa av på terrassen.
 

Gamle-lensmannen er komen og skal vise oss om i tettgrenda nede ved sjøen. Det er her dei små gamle strandsitjarhusa framleis står. Han eig sjølv eit par av dei. Inger Frøydis nærast
 

Vi lyttar til det gamlelensmannen og hotellverten har å seie.
 

Vi er på veg mellom strandsitjarhusa.
 

Gamlelensmannen har mykje interessant å fortelje og vise fram. Her fortel han om Sorenskrivargarden.
 

Gamlelensmannen hadde oppretta eit "museum" i det gamle bryggjehuset han hadde arva, og vi fekk sjå innom også der.
 

Eit fint bilete av Gunnar, om eg får seie det sjølv! Det viser også korleis dei gamle bryggjehusa vart fundamentert.
 

Vi får mange interessante historier frå gamal tid. Her gjeld det 1905 og den tid.
  

Far til gamlelensmannen hadde vore handelsmann i bygda, ein av mange (!). Her viser han fram den ubrende kaffien som dei fekk frå USA i 1945, i original emballasje.
  Turen heim gjekk visstnok fint for alle.