Nokre bilete frå BLS stemnet 2010

Tilbake til hovudsida

Her er nokre bilete frå BLS-stemnet 2010. Det var strålande sol heile dagen. Det var vanleg opplegg med tog og "barnestemne" på festplassen. Så var det grilling etc., og seinare dans i alle tun. Symra dansa i Teletunet kl 15.30. Seinare hadde "Stildansen i Symra" stildansframsyning på Torget, og etter det var det folkedans for alle. Kvelden slutta med den siste folkedanskvelden.


Det var ein del folk på stemneplassen då dei minste underheldt.
 

Leiaren i BLS Jon Låte var programleiar.
 

Symra dansar i Teletunet. Her er det Inger og Peder som visest.
  

Her er det fleire i gang. Det er visst Sandsværsril
 

Nokre ser på: Inger Frøydis, Erna og Eirik
 

Her er visst det andre oppsettet med Sandsværsril
  

Liv, Vebjørn og Gro dansar Oppdalsril
  

Her er Vebjørn, Gunnar og Anne Lise i gang
  

Vi tar mot applausen. Iallfall Vebjørn.
  

Anne Grethe, Tore, Wencke og Einar i fint driv