Nokre bilete frå turen langs Alna-elva i Oslo 20. mai 2013

Tilbake til hovudsida

Her er nokre bilete frå turen langs Alna 2. pinsedag 20. mai 2013. Det var ca 20 personar som var med på den fine turen. Veret var trugande, men regnet heldt seg unna. Vi starta ved Alna-senteret og kom i mål ved Kverner-byen. Så gjekk vi tilbake til Brynseng. Takk til Oddny som la det heile til rette på ein fin måte og fortalte sumt av det vi såg undervegs.


Vi er i verd med å samlast på startpunktet ved Alnasenteret.
  

Fleire av dei som er klar til avmarsj.
 

Eystein, Peder og Inger
 

Vi er komne ca halvvegs og det er tid til ein matbit. Oddny med sykkelen.
 

Dei fem siste fekk plass på benken like over elva.
    

I fint driv langs elva: Inger, Inger Frøydis, Anne, Grete, Dag og Agnes.
.

Langs ein del av elva var det bygt svært fine gangvegar.
  

Eit bilete til frå dei fine gangvegane.
 

Vi er nedanfor Svartdalen, og Inger V. fortel om eit lite hus som stod her den tid ho var lita og budde i nærheita. Vi ser godt murane etter huset, og brønnen deira innunder fjellskrenten.
  

Vi er komen til enden av turen. Herifrå går elva vidare innunder Ekebergåsen.