Nokre bilete frå 17. mai 2008

Tilbake til hovudsida

Her er nokre bilete frå 17. mai 2008. Det var dansing på dei 4 stader i Bærum, og etterpå var det samkome for alle som ville heime hjå Inger og Peder. halvard spela på øvinga i Sandvika og på røde Kors, medan Benjamin spela på dei tre siste plassane. Det var ein fin 17. mai, men det var kaldt, så det var fint at vi dansa inne over alt. Erik haugros var danseleiar.
 


Her øver vi i Sandvika under E18 - det var nesten så det snøa.
 

Det var kald under brua for han halvard også.
   

Her dansar vi på Østerås bo og behandlingssenter på Østerås
  

Her er eit bilete til derifrå.
  

Og så var det som alltid gode kaker!
  

Godt å slappe av etter dansen!
  
Her dansar vi på Eikstunet på Eiksmarka
 
Eit bilete til av same slag.
  

På Godthåp var det kaffi og kaker før dansen denne gongen
  

Og her er dansen på Godthåp i gang.
  

Bestyrarinna ville ha bilete av heile danseflokken!
  

Vart dette betre, eller?
  

Her slappar vi av litt føre dansinga
 

Det var trongt om plassen her i år, men det gjekk fint. Nærast har vi spelemannen Benjamin og danseleiar Erik passar nøye på!
  

Her er mange samla rundt eit godt middagsbord heime hjå Inger og Peder.
  

Det vart mange nasjonale songar rundt matbordet, og det vart også fleire stordansar på stovegolvet!