Oslokappleiken 27. oktober 2001

Ein fin kappleik, men nokså lite publikum
Kappleiken starta kl 12 og varde heilt til ca 1900, så det vart lenge for dei som såg på heile tida. Dette er ein av dei kappleikane der det ikkje er førehandspåmelding, så det var litt få deltakrar til å byrje med. Det er Laget for Folkemusikk i Oslo som er arrangør, og spelgruppa i laget underheldt før kappleiken tok til. Dt same gjorde nokre unge jenter som spela og song. Det var 3 domarar i dans, og 3 domarar som dømde alle klassane i spel og vokalt og eldre instrument. Det var ikkje så svært stort publikum i byrjinga av kappleiken, men etter kvart vart det fullare i Storsalen i Nordahl Brunsgt. 22. Om kvelden var det kappleikfest i Arbiensgt.
Høgste poengsum fekk dei to vinnarane i klasse A: Per Anders Buen  Garnås (hardingfele) og Andreas Skeie Ljones (fele) som begge fekk 132 poeng. På "3.-plass" kom Jan Beitohaugen Granli (hardingfele) (Øystre Slidre) med 129 poeng, og så Jørn Simenstad (LfS) med 127 poeng (eldre folkemusikkinstrument).
 

Domarane i spel, kveding og eldre instrument: Jarnfrid Kjøk (til venstre), Åse Teigland (i midten) og Sverre Jensen.

Valdreslaget i Oslo vann lagdans senior med 89 poeng og 1. premie.

Østerdølenes folkedanslag vart nr 4 i lagdans senior med 79 poeng og 2. premie.

Bygdedanslaget i Leikarringen Noreg frå Drammen var sist i lagdansen, 44 poeng og 3. premie..

Her er yngste deltakar i laus-klassen Isak Reitan i Østerdølenes folkedanslag. Rolf Bjørgan er også med. Anders Skeie Ljones spelar.

I dans hardingfele klasse B fekk Gina Ingeborg Hagen og Knut Aastad Bråten 87 poeng og 1. premie og nr 2 i klassen. I denne klassen var det heile 10 deltakarar, og av dei fekk 6 1.-premie.

Brit Totland og Bjørn Strand fekk 96 poeng og 1. premie i dans hardingfele klasse A, og vart nr 2. I denne klassen var det 3 par og alle fekk 1. premie.

I dans fele klasse A deltok berre Anne Grete Bjørgan og Rolf Bjørgan (sprilgleik frå Folldal) og dei fekk 1. premie med 94 poeng. Andreas Skeie Ljones spelar.

I lausdans klasse A var Rolf Bjørgan (Østerdølenes Folkedanslag) einaste deltakar og fell 95 poeng og 1. premie.

I bygdedans durspel senior var det 3 deltakarar og alle fekk 1. premie. Ingunn Stræte Sørbøen (Ål) vart nr 3 med 115 poeng.

I vokal folkemusikk klasse B vart Åshild Vetrhus (LfS) best med 122 poeng og einaste 1. premie av 4 deltakarar.

Gry Oftedal (LfS) var best i fløyte senior med 112 poeng og 2. premie.

I langeleik grupper senior fekk Ingvill Lie og Mona Håvelsrud (Vårflaumen) 108 peoeng og 2. premie. Einaste deltakarar.

Her er Bærum spelemannslag i aksjon, med leiar Halvard Kvåle til høgre. Dei var einaste deltakar i si klasse, 111 poeng og 2. premie.

I  gruppespel fele senior vart Ragnhild Furebotn og Jorunn Marie Rypdal Kvernberg best med 124 poeng og 1. premie.

Ingunn Stræte Sørbøen og Jo Asgeir Lie vart nr 2 i open klasse med 121 poeng og 1. premie. 

Tuva færden og Andreas Skeie Ljones vart nr 2 i gruppespel med 120 poeng og 1. premie.

Tuva Syvertsen og Erik Solli var einaste deltakar i gruppespel hardingfele. Dei er frå Bærum spelemannslag, fekk 103 poeng og 2. premie.

I gruppespel ffele junior var McDougall/Færden/Mariussen frå LfS einaste deltakar med 75 poeng og 2. premie.

I spel fele klasse C var Tonje Lien Barkenes einaste deltakar og fekk 105 poeng og 2. premie.

I klasse C hardingfele vekk Ola Hilmen 91 poeng og 2. premie

I spel hardigfele klasse B fekk Gudrun Helene Lunde 100 poeng og 2. premie.

Kennet de Gala Kongsberg fekk 86 poeng og 2. premie i hardingfele klasse B.

Mari Omberg (Jostedal) hardingfele kl B fekk 90 poeng og 2. premie.

Eilev Groven Myhren (Hallinglaget) fekk 71 poeng og 3. premie i hardingfele klasse B.

Øystein Berglund (LfF) fekk 84 poeng og 2. premie i hardingfele kl B.

Svein Nymo fekk 98 poeng og 2. premie i spel klasse A. Her vart Andreas Skeie Ljones best med 132 poeng og 1. premie.