Glimt frå Nordlek 2012 i Steinkjer 9/7 -  15-/7 - 2012

Nordleik 2012 i Steinkjer
Midt i juli, 10 - 15, gjekk Nordlek 2012 av stabelen i Steinkjer. Det vart eit nytt vellukka stemne, og veret vart også brukbart. Det var Hilmarfestivalen som var teknisk arrangør på vegner av Noregs Ungdomslag. Det var 1850 påmeldte til stemnet, og det er meir enn sist, i Lathi for 3 år sidan var det 1600, men i tillegg var det ein god del lokalfolk som deltok på arrangementa, til saman ca 3000. (I Lathi var det ca 2500.) Som vanleg var det bra med folk frå Finland, langt færre frå Sverige og Danmark. Frå Færøyane, Island, Grønland og Åland var det også kontingentar, og frå land utanom norden, særleg frå USA. Denne gongen prøvde arrangørane å finne ei balanse mellom nyskaping og tradisjon, og det lukkast dei godt med. Det var mange fine konsertar og forestillingar av svært høg kvalitet, og sjølvsagt mykje dans for alle, dansekurs og utflukter av ulike slag. Eit fint arrangement på Stiklestad inngjekk også med mykje kultur frå Færøyane og Island. NU, Nordleik og Hilmarfestivalen kan vere godt nøgd med Nordleik 2012. Neste Nordleik skal vere i Viborg i Danmark om 3 år. Her er ei samling med bilete frå stemnet.

Dei fleste bileta er med folk frå Symra og Oslo Songdanslag, men også mange generelle bilete frå festivalen. Ein del av dei frå Symra (og Oslo Songdanslag) overnatta på Steinkjer barneskule. Det gjorde også fotografen.
   

Dette er frå opninga. Det er Vebjørn som ber det norske flagget.
  

Opninga. Flaggborga på veg inn.
 

Opninga. Flagga på veg ut att.
     

Frå opninga.
  

Opninga. Flaggverarane er med på Nordenfor Trondhjem.
    

Opninga. Færøyingane dansar oppe på "vaglet".
    

På Stiklestad var det Vestnordisk stemne med mykje færøydans og islandsk dans. Her er nokre frå Symra og Oslo Songdanslag. Fleire bilete nedover.
    

Dei tre som ikkje kom med på første bilete, laut få eit ekstra.
  

Først var det samling og orientering ut. Nils ynskjer alle velkomne.
    

Så fekk vi orientering om Stiklestad og det nye langhuset.
     

Gunnar, Liv og Inger Frøydis lytter.
 

Så fekk vi orientering om samanhengen mellom Stiklestad og Færøyane.
     

Så gjekk vi oppover til Langhuset.
  

Folk har benka seg i langhuset. Det vart fullt då færøydansen starta.
   

Tre gudar var på plass fremst framme.
     

Etter nokre dansar fekkk vi mat ute. Islendingane er i ferd med å lage ring.
 

Vi fekk sjå islandsk dans.
      

Inger Frøydis og mange andre ser på.
    

Nokre av dei andre frå Symra
   

Dei fleste vart med på den islandske dansen
  

Geir Egil bles på lur og andre instrument.
  

Oppe i Langhuset heldt islendingane fram med soga om Heilag Olav.
    

SigurdJon tar bilete av dei andre frå Island.
    

Vi fekk både song og tekstar
  

Så var det færøyane og færøydans igjen
  

Soga om Kark vart også dansa, og Nils orienterer.
  

Så er færøydansen i gang. Her tre svært gode skiparar.
  

Tore og Liv kunne mange vers, Anne Grethe er også med.
 

Her er dansen slutt, den siste var heile Ormen Lange.
 

To ihuga stordansarar  - Tor og Åge.
  

Anne Grethe, Tore og Liv
 

Den færøyske leiaren Rasmus var godt nøgd med dansen.
  

Åge får seg ein prat med færøyingane etter dansen.
  

Gunnar var ikkje med i dansen, men hadde god utsikt frå kråa si.
  

Vi tok ein tur til Bjerkem-garden
 

Utstillinga i Bunad-stabburet var fin!
  

Her er vi i systova i 3. etasje.
  

I kulturhuset ved torget var det ei fin bunadutstilling.
     

  
Her skal det bli band i hår.
  

Øving til nasjonale framsyningar. Innheradspols.

 

Symra hadde framsyning på fredag. Trøndelag lokalradio (NRK) skulle gjere opptak og kom til øvinga vår på skulen. Erik, Inger Frøydis og Vebjørn vart intervjua. Vi ser alle dansarane saman med Johan Einar og reporteren. Benjamin er spelemann.
  

Framsyning på Amfi. Vi stiller opp til Feiar frå Vestlandet.
  

Framsyning
  

Framsyning. Stjernetur.
  

Framsyning.
  

Framsyning
 

Framsyning
 

Framsyning
  

Framsyning. Fransese. Spelemann er Benjamin.
  

Framsyning. Fransese.
 

Framsyning. Fransese.
  

Framsyning. Menuett i mai. Vebjørn og Inger Frøydis.
  

Framsyning
  

Framsyning. Hans og hånån. Erik og Erna i midten.
  

Framsyning. Gamal reinlender.
 

Framsyning. Bjørg og Erik nærast.
 

Framsyning
  

Framsyning
 

Framsyning. Eystein og Oddny og Wenke.
 

Framsyning. Liv og Gunnar.
  

Framsyning.
 

Framsyning. Liv vinkar, og Gunnar ser på.
  

Framsyning. Anne Grethe og Tore.
  

Framsyning.
 

Framsyning, Inger Frøydis og Vebjørn.
  

Vi er komne til avslutninga kl 12 på laurdag. Færøyingane dansar.
 

Fant og Fente skulle danse på ei stor forestilling der også gruppa Väsen deltok, og nokre av oss andre skulle vere med på ein menuett. Her ventar vi på det.
 

Vi ventar framleis
 

Her er vi i gang med menuetten.
 

Og her dansar vi framleis menuett.
   

Pause mellom slaga, og ein kopp kaffi bak Hall 1.
  

Virginia og Eric kom heilt frå Seattle.
  

Nokre kjente fjes på benkeradene. Anne og Tor nærast.
  

Borna er i gang med si oppvisning ved midnatt.
 

Og så er det danskane som skal ta over neste gong i 2015.
 

Dei første er komne til klasserom 1 i brakka ved Campus. Vi laut bo her ein dag før vi fekk permanent plass på Steinkjer barneskole. Inger, Peder og Inger Frøydis.
   

Her er vi på plass på Steinkjer barneskole i sentrum av Steinkjer. Symra fekk to rom , eit stort og eit lite. No er Inger og Hallvar også komne.
  

På det største Symra-romet var det berre 8 personar denne gongen, så det var god plass. Ei natt (denne) var det også eit par frå USA der.
    

Igjen eit bilete frå klasseromet
  

Dette er siste dagen. Det er Peder som er i ferd med å stå opp.
  

Det var mange turar å vere med på. Her kjem nokre frå "Den gylne omvei".
Her på Gangstad gard.
  

Gangstad gard, som laga god ost
  

Unni prøver ei fin strikka jakke - og ho kjøpte! På Gullburet.
  

Tunet på garden "Gullburet" der vi fekk kjøpe diverse ting og fekk omvising i huset.
   

På haugen overfor gamle Saxhaug kyrkje var det flott utsikt. Restauranten her heitte Øyna.
  

Inger Frøydis peiker på utsikten, mot Straumen.
  

Inne i langhuset fekk vi god lokal spekemat etc
  
 
Neste stopp var Nils Aas kunstverkstad, der vi fekk omvisning.
  

Guiden i full gang.
      

I Straumen laut vi sjå på den fine parken. Denne skulpturen laga lyd.
  

Vi ruslar rundt i parken.
     

I parken var det mange fine skulpturar av Nils Aas.
 

I parken var det også ei gamal steinbru.
  

Ho var så fin at vi laut ta minst to bilete!
   

Middag laut vi ha. Her er dei på romet samla.
   

Torsdag kom det eit skikkeleg skybrudd ein halvtimes tid. Ikkje så lett å sjå på biletet kanskje.
 

Nokså mange frå Symra hadde meldt seg på ball. Og dei fleste deltok også på øvinga før på dagen. Her er folket på romet i ferd med å kle seg til ballet.
  

Det skal skikkelege ballklede til.
    

Her er alle på begge klaseroma klar til å gå på ball.
    

Ballet gjekk for seg på Rådhuset. Her er vi i Weidemannsalen.
      

Fleire fine balldeltakarar frå Symra.
  

Og her er fleire.
   

Erik var ballmeister og instruerte dei norske dansane. Gerd er også fin.
     

Det var musikk også før middagen - Vegar og Torill
    

Fleire i fine klede. Helge tar bilete.
  

Kari og Helge
  

Mange fine
 

Dei fleste var frå Noreg, man mange også frå Danmark, Sverige, Finland og Island.
 

Kirsten og Jørn i godt humør
  

Jørn, Unni, Einar og Grethe
  

Ein av dei finaste kjolane?
 

Jacob Bjerkem leia bordsetet på ballet.
  

Tre frå Island.
  

Lilja frå Island
 

På veg til middag på Grand, på andre sida av gata.
  

Frå eit av middagsborda. Instruktørane frå Finland fremst.
 

Vidar og Erna fremst.
  

Eit bord til, Bjørg og Jørn fremst.
 

Kari og Peder fremst.
 

Eystein og Oddny fremst.
 

Kveldens talar var politikar og formann for styret for Hilmarfestivalen.
 

Dansen er i gang i ballsalen. Litt hardt golv og litt trongt, men elles fint.
 

Eit stilig par og ein fin kjole
 

Og her er dei blitt fire.
 

Ballmeisteren Erik presenterer den gode musikken -  Vegar, Torill og Einar Olav.
 

Eit nytt glimt frå klasseromet
 

Som vi ser vart det problem med varmevatnet på Steinkjer barneskole.
 

Det tok lang tid å dusje skulle ein følje oppfordringa på plakaten!
   

Siste dagen, laurdag, var det avslutning og bunadtog. Her samlast folk til starten på bunadtoget ved Steinkjer barneskole.
 

Her er toget snart i gang.
 

Vi marsjerer gjennom sentrumsgatene
 

Toget er kome heilt inn i Hall1
 

Her kjem færøyingane og skal finne plassen sin.
  

utsnitt frå benkeradene. Her er også mange frå Symra og Oslo Songdanslag.
 

Benkerader. Åge fremst.
  

Dans frå Grønland
  

Er det svenskane som er i gang?
 

Finnane hadde som vanleg ei fin framsyning
  

Her talar sjefen for Nordleik-styret, Urban Lind.
 

Inger, Hallvar og Inger Frøydis er mellom dei som ser på avslutninga etter bunadtoget..
  

Stemnegeneral Johan Einar og sjefen sjølv Urban Lind takkar alle for innsatsen.
 

Ingrid og Nils føljer med
  

Så er det færøydans igjen
 

Og alle dansar med i færøydansen "Nordenfor Trondhjem".
 

Bjørg og Erik er mellom dei som dansar.
  

Det er slutt på avslutninga. Åge og Inger Frøydis går ut att.