Glimt frå Nordlek 2003 i Nestved i Danmark

Eit fint stemne!
Nordlek 2003 i Næstved vart eit svært vellukka nordisk stemne
Frå opninga på tysdag på Stadion til avslutninga med fyrvekeri laurdagsnatta var det fint og passe varmt ver. Arrangementet vart avvikla på ein svært fin måte, det var gode lokale og det tekniske utstyret fungerte fint. Overalt møtte ein vennleg dansk gjestfriheit. Totalt var det 4603 påmeldte deltakarar på stemnet - ein god del mindre enn for ein del år sidan. Frå Norge var det ikkje meir enn  409 - det kunne godt ha vore langt fleire. Frå Sverike 868, frå Finland 844 og frå vertslandet Danmark 2142, frå Færøyane 71, 9 frå Island og 35 frå Åland. Dessutan var det deltakarar frå mange andre land som Australia, Canada, USA, Sveits, Tyskland, Nederland og Sjetland. Gjennomsnittsalderen var på heile 51 år - men ungdomar alle saman! 

Frå Leikarringen Symra var vi borti 40 dansarar, så mange av bileta viser situasjonar der Symra-folk er med. Knapt halvparten av Symragjengen låg på eit klasserom på ein ungdomsskole på  Kildemarksvei, og der hadde vi det fint. Ikkje minst må vi takke vaktene som var blide og hyggjelege til alle tider og som stilte med gratis kaffi kvar morgon.
   


Her ser vi eit glimt frå dansehallen der det var stildansball. Vistnok var det ca 370 deltakarar i alt.
  

Orkesteret på ballet spelte 1800-talsmusikk på ein svært fin måte!
  

Frå eit av borda som var fint pynta. Mange fine kjolar og staselege karar!
 

To fine balldeltakarar - Anne Kallåk og Jarle Dalseng frå Symra
  

Inger og Werner Dyås frå Symra i sin finaste stas.
  

Grethe og Einar Frøyland frå Symra ved bordet.
  

Bjørg og Erik Haugros frå Symra i sin finaste stas på ballet.
  

Kari og Helge Herigstad frå Klepp Leikarring
  

Inger og Peder Varhaugvik frå Symra ved festbordet på ballet.
  

Inger Frøydis Bakken måtte vere åleine når fotografen fotograferte.
 

Per Kristian Elevestad med Sonja Elvestad og Inger Frøydis Bakken.
Per Kristian har vore med å designa/syll alle draktene.
  

Inger Frøydis og Vebjørn Bakken på veg til ballet
   

Ca halvparten av Symra-flokken budde i sumarhus på Kærresminde. På tirsdagskvelden var det grillfest der, og heile symraflokken var samla til hyggjeleg lag.
  

Symra griller. Det er sjeldan Symra kjem saman uten det vert dans. Denne gongen vart det berre songdans.
  

Symra griller. Det vart mykje song under og etter grillinga:
 

Symra griller. Her er det Werner Dyås som framfører Evert Taube.
   

Frå Gallakonserten med musikkgrupper frå ulike nordiske land. Her er det 3 musikarar frå Finland.
  

Ei svensk gruppe dansar og spelar i byen
   

Ein del av nordmennene under opninga på stadion første dagen.
  

Under innmarsjen på stadion under avslutninga
    

Under innmarsjen på stadion avslutninga.
  

Under innmarsjen på stadion avslutningsdagen.
   

Innmarsj på stadion siste dagen.
    

Under avslutninga siste dagen. Norge er klar til innmarsj.
   

Norge dansar på avslutningskvelden på Stadion.
  

Symra i aksjon under Folkloreframsyninga
   

Som over
   
 

Som over
    

Symra dansar under Folkloren
  
 

Under innmasjen  på opninga tirsdagskvelden. Her er det Norge som kjem: Johan Einar Bjerkem (leiar NU), og Mette Kahrs, og bak dei Marianne Dahl og Anders Saxhaug.

Frå innmasjen under opninga med dei kjempestore maskotane.

Frå innmasjen under opninga. Her er det spelemennene som masjerer inn med sin kjempestore maskot.

Her har vi dei to maskotane på nært hald
  

Under opninga av stemnet tirsdagskvelden. Her er det dei norske som var i bunad ned på stadion og dansa litt iblant.
   

Her er det deltakarane frå Symra som ventar på å sleppe til med sitt program under folkloren fredag.
 

Her er det også folk frå Symra som ventar på å sleppe til på Folkloren.

Fire Symra-jenter som ventar speent bak scenen på å danse på Folkloreprogrammet. Frå venstre Ragnhild Hansen, Inger Varhaugvik, Anne Kallåk og Gro Kitmitto.
   

Rett føre Symra skal danse på Folkloren. Marianne Dahl minner om nokre viktige punkt. Ragnhild Hansen, Anders Saxhaug og Per Kristian Elvestad følgjer godt med.
   

Færøyingar i "artistgarderoben" føre Folklore-framsyninga på fredag, siste (tredje) forestilling.
  

Frå Folkloren på fredag. Den danske gruppa "Danseben" var ca 12 par.
 

Frå Folkloren på fredag - siste framsyning. Her er det svensk-finske innslaget. Ei gruppe på 8 jenter.
  
Folkloren på fredag - siste framsyning. Her frå det færøyske innslaget.
  

Og her er det Færøyingane som avsluttar si framsyning
 

På den siste Folkloreframsyninga (og den første) var det den nye norske gruppa "fant & fente" som viste dansen og musikken sin.
  

Frå Folkloren siste framsyning. Den ungdommelege jente-gruppa FUL bestod av 8 frå Linkøping. Her frå opninga med "Pippi-drakter".
  

Frå folkloren siste framsyning. Siste gruppa som dansa var "Rod i tradisjonerne" frå Danmark. Det var 6 par og 3 spelemenn og vokalist.
 

Frå folkloren siste framsyning. Den danske gruppa avslutta med ein finsk menuett - Menuett frå Oravais.

Nokre frå Symra på vandring gatelangs i Næstved sentrum.
   

To frå Symra hadde med sykkel. Geir og Heidi. På veg frå skulen til sentrum.
   

Eit glimt frå Symra-rommet på Kildemarkskolen
    

Symra har framsyning på byens Torg.
   

Ein del av medlenene i Symra utafor Ridehuset.
  

Eit glimt frå rommet der ein del av deltakarane frå Symra budde. Trongt - men triveleg!
  

Føre avslutninga på Stadion laurdag ettermiddag. Her er mange av dansarane samla føre innmasjen.
   

Glimt frå ballet
  

Symra dansar i sentrum av Næstved
  

Symra samla etter framsyninga på torget.
  

Symra har framsyning ved Åa
  

Symra dansar på Folkloreframsyninga