Glimt frå Landskappleiken i Vågå 2002

Ein flott kappleik
Landskappleiken i Vågå vart ein svært fin kappleik. Alt var samla i sentrum med svært korte avstandar. Mellom dei to store hovudscenene Vågåhallen og Kulturhuset var det berre 50 steg. Det var ca 1200 deltakarar i tevlingane i til saman ca 600 startnummer. Og det heile vart svært godt gjennomført - nesten alt starta når det skulle. Lydtilhøva var gode. Sjølvsagt er det dei mange tevlingane som er det berande elementet på ein Landskappleik, men også konsertane er viktige. Ikkje minst var jubileumsfesten for Våga spel og danselag ei stor oppleving. Veret var ikkje det aller beste, men stort sett bra. Mange av tevlingane og konsertane hadde fulle hus og stor stemning. På finalespelet på laurdag var det nærpå 1500 som såg på.

Dette er frå Jublieumskonserten til Vågå spel og dansarlag og viser den eldre garde av spelemenn i aksjon. Nestor Ola Opheim er også med (i rullestol).
   

Ingvild Lie frå Øystre Slidre vart nr 2 i langeleik solo senior.
   

Ole Aastad Bråten Vårflaumen spel og dansarlag vart nr 3 i langeleik solo senior.
         

Jon Anders Halvorsen Oslo/Lunde kom på førsteplass i vokal folkemusikk kl A med 128 poeng.
    

Kjell Hove, Falkeriset, kom på delt 4. pølass, vokal kl A.

Ingvill Marit Garnås kom på delt 4. plass, vokal kl. A.

Unni Boksasp kom på 2. plass i vokal kl a.
 
Odd Nordstoga frå Vinje kom på delt 7. plass i vokal kl A.
  

Berit Oppheim frå Voss kom på 3. plass i vokal kl A

  

Gunnhild Tømmerås (Kristiansand sp.lag) kom på 9. plass i vokal kl A.
  
   
   

Unni Løvlid, Hornindal, kom på 10. plass  i vokal kl A
   

Erland Joplassen Oslo/Valdres kom på delt 10. plass i spel hardingfele kl A.
   

Vidar Underseth frå Sogn/Ålesund kom på delt 10. plass i hardingfele kl A.
  

Per Anders Buen Garnås, Bø,  vart nr 2 i spel hardingfele kl A.
  

Gro Marie Svidal, Jølster, fekk 6. plass i spel hardigfele kl. a.

Jan Beitohaugen Granli, Øystre slidre, vart best av alle i spel hardingfele kl A.
 

Åse Teigland, Hardanger spelemannslag, kom på 7. plass i spel hardingfele kl A.
  

Øystein O. Rudi på fele klasse A, fekk delt 4. plass.

Joar Skorpen kom på 16. plass i spel fele kl A.

Jorun Marie Kvernberg kom på delt 4. plass i spel fele klasse A.

Bjørn Odde kom på 14. plass i spel fele klasse A.

Mikael Lundemo kom på 18. plass i spel fele kl A.

Leif Inge Schølberg kom på 12. plass i fele klasse A.

Gjermund Larsen vart best av alle i spel fele klasse A.

Desse tre frå Hardanger, Åse Teigland, Frank Rolland og Knut Hamre vart best i gruppespel hardingfele.

Håkon Dregelid og Ami Petersson frå Voss vart best både i klasse B og totalt i dans hardingfele. Dei fekk også kongepokalen som beste dansepar totalt.
 

Nye æresmedlemer i LfS
Det vart utnemt 3 nye heiderslagsmedlemer i LfS. Det var Randi og Peder Gullikstad frå Røros og Sigmund Eikås frå Jølster.  Dei vart utnemnt under Meisterkonserten på søndag. 
 


Dei tre nye heiderslagsmedlemene (frå venstre) Peder Gullikstad, Randi Gullikstad og Sigmund Eikås.
  

I lagspel fele senior vart Østerdølenes Spelemannslag nr 7.
  

Majorstuen spelemannslag kom på 3. plass i lagspel fele senior.
  
Heidal spel og dansarlag vart nr 4 i lagspel fele senior.
     

Øystein Romtveit kom på delt 4. plass i spel hardingfele kl A.
  

Frank Rolland kom på delt 4. plass i spel hardingfele kl A.
  

Her er dommarane i spel hardingfele i aksjon. Frå venstre Eerland Tveiti, Rauland, Harald B. Knutsen, Rysstad, og Sigmund Eikås, Vassenden.
 

Det var mang deltakarar i lagdans. Her er Øystre slidre Spel og dansarlag i aksjon. Jan Beitohaugen Granli er spelemann.
 


Leiaren i LfS Trond Ole Haug nemner ut dei 3 nye heiderslagsmedlemene.
  

Steinar Strøm, Sigdal, kom på 12. plass i spel hardingfele kl A.
 

Magne Herrefoss, Seljord, vart nr 9 i spel hardingfele kl A.
  

Torgeir Straand, Bøherdingen, var nr 13 i spel hardingfele kl A.
 

Tore Bolstad, Øystre Slidre, kom på 8. plass i spel hardingfele kl A.
 

Ingunn Bø, Sør-Fron, kom på 13. plass i spel fele klasse A. Her ser vi også dei tre domarane.

Johannes Odde fekk delt 7. plass i klasse A fele.

Andreas Skeie Ljones kom på delt 7. pøass i fele klasse A.

Knut Kjøk kom på delt 7. plass i spel fele klasse A.

Sigrid Moldestad kom på 15. plass i spel fele klasse A.

Torill Aasegg kom på delt 10. plass i spel fele klasse A.

Ingunn Linge Valdal kom på 17. plass i spel fele klasse A.

Roger Slåstuen, Heidal, kom på 6. plass i spel fele klasse A.

Her ser vi Ål sspel og dansarlag som vart best i lagdans senior.

Jon Ellingsen, som vart best i halling senior, gjer seg klar til kastet.