Glimt frå Landskappleiken på Rauland 2001

Ein fin kappleik
Landskappleiken på Rauland vart ein svært fin kappleik - mykje folk, bra ver, fin natur, gode lokalitetar. Og først og fremst song, spel og dans på høgt nivå og i store mengder. Truleg var det ca 1800 på plass på finalespelet i Ridehallen. Det meste gjekk føre seg i Ridehallen og på Rauland-Akademiet, men også på kroa i sentrum og på "kappleikhotellet" og på Stemnekontoret i sentrum. Det var ca 800 deltakarar til saman, og i sume klassar var det ei lang liste. Ein del av tevlingane måtte gå parallelt, så det var til dømes uråd å få med seg både kvedinga og hardingfele klasse A - og det var synd. Det var også lagt godt til rette for dans i ulike variantar utover kvelden og natta, både ulike slags bygdedans og ein del runddans. Ordninga med finalespel i fele og hardingfele klasse A er vel omtykt - det viser det store publikumsframmøtet. Også Meisterkokonserten på søndag var ei svært fin oppleving, og der ein fletta  premieutdelinga inn i konserten. Skal vi peike på noko negativt må det vere til dels lange avstandar mellom dei to tevlingsstadene, og at det vart for varmt i salen stundom. Tilskiparane skal ha skryt for at alle (?) tevlingane starta presis. Dei to fine konsertane  - Minnekvelden med Aslak Brekke og Myllarkonserten i Arabygdi kom for seint i gang av tekniske grunnar. Men så var det til gjengjeld gilde konsertar. Opningskonserten, der Myllarguten og Eivind Groven stod i sentrum, vart også ei fin oppleving.
     
Fleire bilete
På denne sida står det ein del bilete, mellom anna frå opningskonserten, frå lagspel og frå gruppespel og nokre til.
Men det er fleire bilete:
Her finn du ein del bilete frå kappdansen.
Og her ein del frå spel fele og hardingfele.


Dansespelemannen i aksjon - ingen dans utan spelemann. Her Vidar Underset
   

Domarane i dans haringfele i aksjon. Myllarguten i bakgrunnen. 
Domarane har ein sentral posisjon på ein kappleik - ikkje alltid er alle samde i avgjerdene, men dei gjer sitt beste.

         

Brørne Einar Olav og Gjermund Larsen vart best i gruppespel for fele senior.
    



Gruppa Tu og Tvæ frå Heidal spel og dansarlag fekk 6. plass i gruppespel vanleg fele, 2. premie.

Jorun Marie Kvernberg og Ragnhild Furubotten frå Romsdal spelemannslag kom på 3. plass i gruppespel vanleg fele, 116 poeng og 1. premie.
   

Her er den kjende teiknaren Kari Rolfsen i sving med blyant og blokk. Ho har teikna mange spelemenn og dansarar gjennom åra. 

   
 
Her framfører Vinje songlag med solistar (Øyonn Groven Myren, Lars Underdal og Odd Nordstoga) eit stykkje av Eivind Groven på Opningskonserten.
  

Her får vi høyre slåttevandring. Johannes Sundsvalen hadde laga slåtten, og spela først, og Ottar Kaasa var den siste i rekkja som lærde han, og han spela til slutt.
   

Vest-Telemark samla i eit spelemannlag spela under Opningskonserten.
  

Det var også dans på Opningskonserten.
 

Her introduserer Johan Vaa programleiaren Odd Nordstoga på Opningskonserten.
  

Odd Nordstoga var programleiar på Opningskonserten - mykje gjekk i stevform.
   
 
   
   
   

Nye æresmedlemer i LfS
Det vart utnemt 3 nye heiderslagsmedlemer i LfS. Det var Olav P. Hjelvik frå Romsdals spelemannslag, Lisa Halvorsen frå NRK og Jan Petter Blom frå Universitetet i Bergen. I grunngjevingane gjekk det fram at dei kvar på sine måtar hadde lagt ned eit svært stort og livslangt arbeid for norsk folkemusikk og folkedans. Dei vart utnemnt under Meisterkonserten på søndag. Blom var ikkje til stades.
 


Eit lite glimt frå deltakarpanelet under minnekonserten etter Aslak Brekke.
  

Utsnitt frå ein nesten fullsett Ridehall under Opningskonserten til minne om Myllaren og Eivind Groven
  


Majorstuen spelemannslag vart best i lagspel for fele senior. Det er studentar frå Musikkhøgskolen i Oslo. 1. premie og 126 poeng.
  
Heidal spelemannslag vart nr 3. i lagspel fele og 1. premie, 121 poeng.
     

Lillehammer spel og dansarlag kom på 4. plass i lagspel fele med 117 poeng.
  

Indre Sunnfjord spelemannslag vart nr 2. i lagspel hardingfele for senior, med 116 poeng. Dei fekk 1. premie.
  

Kongsberg spelemannslag vart sist i lagspel hardingfele senior.
 

Spelemannslaget Bøheringen kom på 9. plass i lagspel hardingfele senior, med 102 peoeng og 2. premie.
 

Hardanger spelemannslag var nr 5 i lagspel hardingfele med 104 poeng, og 2. premie.
 

Seljord spelemannslag kom på 12. plass i lagspel hardingfele senior, 100 poeng og 2. premie.
  

Kristiansand spelemannslag kom på 7. plass i lagspel hardingfele senior, 103 poeng og 2. premie.
 


Spelemannslaget Falkeriset frå Rauland kom på 9. plass. Dei fekk 102 poeng og 2. premie.