Ein del bilete frå Jørn Hilmestemnet 2009 |
|
|
![]() Bilete frå Jaslangen der det var friluftskonsert med Kirsten Bråten Berg, Arild Andersen og fleire. |
![]() Bestillingsverket med Kvarts og Hemsing-systrene gjekk for tre fulle kyrkjehus. Her ser vi dei i aksjon i Tingnes kyrkje. |
![]() Artistane på scena hadde pakka seg godt inn i tjukke ytterklede. |
![]() Kim Andre Rysstad gjekk vidare til finalen i IntroFOLK. Her ser vi han med gitar - for første gong på ei scene. |
![]() Her ser vi scena midt i den storslegne naturen. |
![]() Den andre deltakaren i IntroFOLK var Filibuster. Dei gav også til beste ein svært fin konsert, men denne gongen var det Rysstad som vann. |
![]() Ein del av publikum |
![]() Her er det berre jenter som dansar halling på utescena på Fokemuseet. Det var berre lagdans som gjekk føre seg der. |
![]() Slik var det på Jaslangen då konserten var slutt. |
![]() Og her er det jenter som dansar Valdresspringar. |
![]() I teltet på Folkemuseet var det dans, både gamaldans og bygdedans. Her er det dei tre syskena Hemsing som spelar saman med læraren sin Jan Beitohaugen Granli. |
![]() Her ser vi Gol spel og dansarlag i Hallingspringar. Dei vart nest beste lag. |
![]() Nyhus kvartett sytte for fin gamaldansmusikk, som mange gonger før. |
![]() Østerdølenes venner dansar pols. Det vart førsteplass i lagdansen. |
![]() Knut Hamre hadde intimkonsert i skulestova på museet, og spelet var framifrå som vanleg. |
![]() Her er Hallinglaget i Oslo i sving. Dei kom på delt niandeplass. |
![]() Her ser vi eit glimt av publikum i skulestova der Knut Hamre spela. |
![]() Her ser vi Øystre Slidre spel- og dansarlag. Dei fekk delt sjuandeplass. |
![]() Så skal det bli ein del bilete frå Kappleiken på søndag, då var det A-klassen som tevla. Her ser vi Johanna Fuglesteg og Ole Aastad Bråten i aksjon som programleiarar. |
![]() Her er tingelstadringen i aksjon med Springdans frå Land. Dei fekk delt sjuande plass. |
![]() Her er eit glimt av domarane i dans: Ola Grøsland, Knut Aastad Bråten og Tone Eidsvåg. |
![]() Så er det Valdreslaget i Oslo. Dei kom på delt andreplass. |
![]() Ami og Håkon Dregelid dansa både vossarull og Springar frå Voss. Dei kom på tredje og sjuande plass i tevlinga. |
![]() Dette er Vestre Slidre spel og dansarlag. Dei fekk fjerdeplass. |
![]() Geir Ove Hippe og Inger Marit Viken dansa Valdresspringar, og kom på delt åttandeplass. |
![]() Her er Vårflaumen. Dei fekk femteplass i tevlinga. |
![]() Ingunn Stræte Lie og Bjørn Lien dansar Hallingspringar. Dei fekk delt 10. plass. |
![]() Jan Beitohaugen Granli vart best i hardingfele A-klassen litt føre Ragnhild Hemsing. Det var dei to einaste i klassen. |
![]() Ellen Persvold og Frode Rolandsgard i ein frisk Valdresspringar. Dei kom på delt 10. plass. |
![]() Ragnhild Hemsing kom på andreplass i spel hardingfele klasse A. |
![]() Brit Sørland og Per Øyvind Tveiten dansa både springar og gangar frå Kvam. Det vart delt fjerde og delt åttande plass. |
![]() Tellef Kvifte spela sekkepipe og var einaste i sin klasse. |
![]() Kjersti Aasen og Svein Aasen dansa Numedalsspringar og fekk andre plass. |
![]() Elisabeth Kværne spela langeleik senior og kom på andre plass. |
![]() Sissel Rudningen og Håkon Tveito dansa Hallingspringar, og dei vart best av alle i A-klassen dans hardingfele. |
![]() Gunnvor Hegge spela langeleik senior og vart på fjerde plass. |
![]() Britt Totland og Dag Hamre dansa Valdresspringar, og dei fekk delt fjerdeplass. |
![]() Turid Berge spela langeleik senior og kom på sjette plass. |
![]() Anne Elise Bøhle og Thor Herman Bøhle dansaPols fra Østerdalen i A-klassen fele, og dei var einaste paret. |
![]() Synnøve Hegge Sæta spelar langeleik i seniorklassen. Ho vart nr 8. |
![]() Torkjell Lunde Børsheim var einaste som dansa laus i A-klassen. |
![]() Ingvild Lie var best i langeleik senior. |
![]() Sven Erik Hilmen er leiaren for den nye tilskiparorganisasjonen i Valdres, og til slutt i kappleiken takk han "alle" for flott innsats. |
![]() Sigurd Braathen frå Sarpsborg vart nr 7 i langeleik senior. |
![]() Ei særskilt takk ga Hilmen til dagleg leiar for Hilme-stemnet Solveig Hårdnes. |
![]() Astrid Sulheim var einaste deltakar på fele klasse A. |