Nokre bilete frå Folkedansteateret si oppsetting Olaf Liljekrans i 2003

Ei vellukka oppsetting av Olaf Liljekrans i oktober 2003
I vel ei veke har det nokså nye teateret spela ei oppsetjing av eit tidleg Ibsen-stykke: Olav Liljekrans frå 1856. Det er fjerde gongen berre at dette stykket har blitt sett opp sidan uroppføringa i 1857. Folkedansteateret prøver å etablere eit nytt scenespråk basert på norsk folkedans og folkemusikk, og har lukkast godt både med dette stykket og med det forrige stykket "Haugtussa". Kjell Klausen og Sigurd Aae Klausen har vore instruktør og koreograf og Gjermund Larsen har hatt ansvaret for musikken. Han var også einaste spelemannen under framføringa. Eg hadde gleda av å vere til stades på avslutningskveldenn. Det var ei stor oppleving for ein nærpå fullsett sal  i Ibsen-museet i Oslo. Sigurd Aae Klausen spela Olaf Liljekrans, og elles spela Stine Høivik, Rune Bjerke, Anne Cathrine Johansen, Martin Myhr, Camilla Granlien, Rolf Bjørgan, Guro Hernes og Trine Merete Sjølyst. Det var mange gode prestasjonar, og vi synest musikken batt det heile saman på ein fin måte. Camilla Granlien, ein av våre dugande kvedarar, stod for dei fleste av dei vokale innslaga - fint utført.


 

   
   

   
   

    
   

  
  


   

Stine Høivik spela mor til Olaf Liljekrans. Det var ei berande rolle i stykket - typisk ei av Ibsen sine sterke kvinnefigurar.
  

   

Også skodespelarane/dansarane klappar for spelemannen Gjermund Larsen. 
 

    


 

   
   

   
   

    
  

   
  

Her tar heile ensembelet mot velfortent applaus