Glimt frå Rørosmarkna'n 2002 (februar)

Ein fin marknad
Vi var så heldige å få vere 3 dagar på Rørosmarkna'n 2002, frå torsdag til laurdag. Veret var ganske bra - det var ikkje særleg kaldt. Vi fekk bu på ei privat hytte nær Harsjøen, knapt 2 mil aust for Røros, og hadde nokre fine dagar i gruvebyen. Vi var på dans både på dagtid og kveldstid. Om dagane var det dagdans frå 12 til 15 på Sangerhuset i sentrum av byen. Om kveldane frå kl 20 til 01var det kveldsdans på ulike stader: Torsdag var det i Storstugu på det nye Røros Hotell, fredag var det i Sangerhuset, og avslutninga på laurdag var i den rommlege salen i Gymbygget. 

Over alt var det mykje folk, svært fin musikk til ulike musikklag i Rørosdistriktet, og overalt var det svært mykje pols. I Sangerhuset var det særleg trongt - nesten for trongt til at ein kunne danse skikkeleg, og sveitten og dampen rann både av kroppane og veggene. Men det var moro likevel, å oppleve stemninga og livet.

På denne sida finn du nokre av dei bileta eg tok, både frå dansen og frå meir "private" samanhengar.
     

Eit typisk motiv frå Røros
   

Her er eit anna typisk motiv, tronge gater og idylliske smau.
    

Utsikt nedover Kirkegata, som var omgjort til gågate der mange salsboder var å finne.
   

Tordag kveld var det dansefest i Storstugu på Røros hotell. Spelemennene - Småviltlaget - hadde fått plass midt på dansegolvet. I tillegg til kraftfull og fengjande musikk, sytte dei også for innadørs fyrverkeri.
   

Her ser vi kor fullt det var på Sangerhuset. Dette er frå middagsdansen fredag.
   

Dette er også frå Sangerhuset på fredagsdansen.
   

Nærbilete av Brekken Spellmannslag som spelar på Sangerhuset fredag.
    

Dette er også Brekken Spellmannslag på Sangerhuset fredag.
    

Og her endå eit glimt frå Brekken Spellmannslag og dansarar.
    

Her er det pols på sangerhuset enno ein gong.
   

Vi ser nesten at sveitten sitar på Sangerhuset. Det er Brekken Spellmannslag som spelar.
   

På "hytta vår" hadde vi privat spelemann - Dag Stian
  

Her ser vi spelkvinna Mary Barthelemy - sentral både i Brekken Spellmannslag der ho spelar fele, og i Dalakopa der ho trakterer fløyta. Dette er frå Sangerhuset fredag.
  

Her er Glåmos spellmannslag i sving
  

Her spelar også Glåmos Spellmannslag
  

Eit lite utsnitt frå gatelivet.Sangerhuset er det grøne huset til venstre.
  

Eit av spelemannslaga på Sangerhuset var dette - Laget hass Krestaffer.
  

Røros har ei stor og spesiell kyrkje. Vi var der på ein halvtimes barokk-konsert på orgel - ei fin og triveleg oppleving. Stephen Hicks spela.
  

Her er det nokre kjentfolk som får seg litt mat i den store lavoen.
  

Det var nesten uråd å få seg ein matbit - det var fullt overalt, men her har vi fått plass og ventar på ein god pizza.
  

Slagghaugane og kyrkja er velkjende kjeneteikn på Røros.
   

Endåtil den store kyrkja blir lita ved sida av slagghaugane.
  

Her er hyttegjengen min i ferd med å forlate den trivelege hytta.