Isleik 2010 - bilete frå stemnet - Del 6 Glimt frå Opninga, Kyrkjekonserten etc

Eit flott stemne på Island 6 - 18 juli 2010
Det var ca 370 deltakarar totalt på stemnet. Av desse var 145 frå Noreg, og 36 av dei att frå Symra. Det var også mange frå Færøyane og Grønland (ca 25 frå kvart land). Færrast var det frå Sverike. Stemnet hadde sin base på Hagaskoli nokså nær sentrum av Reykjavik. Dei fleste ting foregjekk der eller tett ved, til dømes i Nes kyrkja og i konsertsalen til Filharmonien. Elles var det framsyningar i sentrum av Reykjavik laurdag og på Folkemuseet på andre sida av byen søndag. Det meste av tida var det strålande ver, men laurdag regna det litt. Elles var det som vanleg mange turar å vere med på. Før sjølve stemnet byrja var det også turar, den lengste av dei varte i 4 dagar og gjekk til Vestfjordane på nordvestkysten. Her var det mange nordmenn med. Heile stemnet vart eit gild oppleving for alle, og folkedanslaget i Reykjavik la ned eit stort arbeid for at alt skulle fungere bra, både før og under stemnet.


Nokre glimt frå Opninga, Kyrkjekonserten, Høgmessa, Nordisk framsyning og Allsongkvelden.

Fleire deler av Isleik 2010 (kjem snart):

Firedagars tur til Vestfjordane
Turen til Tingvellir, Geysir og Gullfoss.
Turen til Vestmannaeyar.
Turen til Den blå Lagune.
Glimt frå Hagaskoli
Glimt frå Opninga, Høgmessa, Nordisk framsyning, spelemannskonserten og Avslutninga.
Framsyningar i sentrum av Reykjavik
Framsyningar på Folkemuseet
Glimt frå Reykjavik
Diverse

Helsing Vebjørn

  


Grønland dansar i sine fine drakter.
 

Nokre av dei som ser på opninga: Inger Frøydis, Peder og Inger.
  

Søndag var det høgmesse i Nes kyrkje. Utsnitt frå salen.
 

Dei to dugande finske musikarane var i sving også under kyrkjekonserten.
  

Inger Frøydis song Tora Liti under kyrkjekonserten
  

Ein kveld var det allsong i Matsalen på Hagaskoli. Her syng grønlendarane føre.
   

Under den norske økta med allsong leia Inger Frøydis, Benjamin og Lars Petter songen.
   

Her dansar Grønland under Nordisk framsyning
   

Her er det Island som viser sin dans. Det er leikarringen frå Akureyri som dansar.
   

Her mottar nordmennene applaus etter fint gjennomført dans.
  

Bent opnar stemnet fredag kl 17.
   

Færøyane dansar
   

Grønlendingane song fint fleirstemt under gudstenesta..
      

 Her er det færøyingane som syng i kyrkja.
   

 Det var også konsert i Nes-kyrkja. Her er utsnitt av forsamlinga.
  

 Benjamin og Lars Petter spelar to norske slåttar under kyrkjekonserten
 

Endre Kleiveland spela Budeiene på Vikafjell til slutt under konserten.
  

Ein kveld var det Nordisk framsyning i konsertsalen. Her dansar Færøyane.
  
Helga fylte år denne dagen, og ho fekk blomar og fødselsdagssong for langvarig innsats for folkedansen på Island.
  

Her er Noreg i sving. Endre og Benjamin kviler under songdansen.
  

Nokre av dei som ser på framsyningane: Inger Frøydis, Gro, Helge, Kari, Peder og Inger.