Isleik 2010 - bilete frå stemnet - Del 3  Turen til Vestmannaeyar

Eit flott stemne på Island 6 - 18 juli 2010
Det var ca 370 deltakarar totalt på stemnet. Av desse var 145 frå Noreg, og 34 av dei att frå Symra. Det var også mange frå Færøyane og Grønland (ca 25 frå kvart land). Færrast var det frå Sverike. Stemnet hadde sin base på Hagaskoli nokså nær sentrum av Reykjavik. Dei fleste ting foregjekk der eller tett ved, til dømes i Nes kyrkja og i konsertsalen til Filharmonien. Elles var det framsyningar i sentrum av Reykjavik laurdag og på Folkemuseet på andre sida av byen søndag. Det meste av tida var det strålande ver, men laurdag regna det litt. Elles var det som vanleg mange turar å vere med på. Før sjølve stemnet byrja var det også turar, den lengste av dei varte i 4 dagar og gjekk til Vestfjordane på nordvestkysten. Her var det mange nordmenn med. Heile stemnet vart eit gild oppleving for alle, og folkedanslaget i Reykjavik la ned eit stort arbeid for at alt skulle fungere bra, både før og under stemnet.

Det var ein buss den dagen vi reiste til Vestmannaeyar. Veret var fint. Vi starta tidleg - kl 07, og kom tilbake kl 20.15. Ein lang, men svært fin dag.

Fleire deler av Isleik 2010 (kjem snart):

Firedagars tur til Vestfjordane
Turen til Tingvellir, Geysir og Gullfoss.
Turen til Vestmannaeyar.
Turen til Den blå Lagune.
Glimt frå Hagaskoli
Glimt frå Opninga, Høgmessa, Nordisk framsyning, spelemannskonserten og Avslutninga.
Framsyningar i sentrum av Reykjavik
Framsyningar på Folkemuseet
Glimt frå Reykjavik
Diverse

Helsing Vebjørn

  

Vi ser Vestmannaeyar i det fjerne. Hovudøya heiter Heimaey, og der bur alle i ein by - 4200 til saman. Rundt hovudøyar er det ei rad med øyar og skjer.
 

Anne Lise og Gunnar har til liks med fotografen plass på dekk. Dei fleste sat tett saman i lugaren.
  

Her er eit av ei av dei andre øyane (skjer = øy med gras, skjer = øy utan gras).
 

Vi ser byen framfor oss gjennom den smale innseglinga. Tangen til venstre er nytt land som oppstod ved vulkanutbrotet i 1973.
  

Her ser vi utover mot eit par av øyane.
  

Inger Frøydis og Inger ser på utsikten.
   

Lundefugl.
   

Lundefugl
   

Gunnar og Anne Lise ser utover klippane.
   

Inger Frøydis, Inger og Peder spaser på lavaen.
  

Grethe og Einar ser utover frå den nye vulkanen
 

Det har byrja så vidt å spire i den nye lavaen.
  

Vi skal passere eit smalt sund. Men det var svært spak sjø, så det gjekk fint..
 

Det var mykje fugl i sjøen, både Lundefugl og andre.
  

Deler av øya blir stadig vaska ut av dei store bølgjene.
  

Her er vi lenger inne.
  

Vi ser mot øyane i sør.
  

Fuglereir inne i ei av grottene.
  

Fleire fuglar
  

Her er Surtsey, som vart laga ved vulkanutbrot i 1963. No er ein tredal av øya vaska bort att.
  

Fleire skjer.
  

Fjell og hav
  

Fuglar på rekkje og rad.
 

I den siste grotta var det spesielt fin klang, og kapteinen på båten spela saksofon.
  
 
 


Kart over turen til Vestmannaeyar
  


 Vi køyrte buss til sørspissen av Island, til stranda rett innafor Vestmannaeyar. Der er dei i ferd med å bygge ei stor fin hamn, og vi fekk innvie den nye hamna. Vi vart nemleg henta i ein liten motorbåt, sjå biletet.
   

Folk vart hjelpte om bord i båten. Her er Inger Frøydis på veg over medan Gunnar ventar i bakgrunnen.
   

Ei stor øy lengst mot aust hadde ein karakteristisk profil.
      

 Vi nærmar oss innseglinga til byen.
   

 Vi har starta bussrundturen på øya, med lokal guide. Her ser vi deler av den 18 hols golfbana litt vest for byen.
  

 Bussen stoppa ved den metereologiske stasjonen, og vi fekk sjå Lundefugl på nært hald.
  

Folk på leiting etter fotomotiv. Men Lundefuglen var nokså sky.
  

Det er fugl både i lufta, i berget og på sjøen.
  
Vi har køyrt tilbake til byen og står på lavaen som dekte ein tredjedel av byen ved utbrotet i 1973. Guiden peikar og fortel.
   

Her ser vi opp mot den gamle vulkanen.
  

Her ser vi nedover til byen. Alle vart evakuert i 1973, men dei fleste har flytta tilbake. Dei som miste husa sine har bygt nye.
  

Vi har starta på båtturen rundt øya. Utsikt mot den andre sida av byen
  

Sundet på nært hald.
 

Her ser vi nokre skarvar mot himmelsjå
  

På veg rundt øya såg vi mange grotter, og sume av dei gjekk båten inn i.
  

Vi er på vestsida av øya
  

Eit dramatisk landskap
 

Øyar og skjer i vest. Vi såg også kval, men det er vel ikkje det vi ser her.
 

Inn mot ei ny grotte
  

Bilete ut frå ei av grottene
  

Vi nærmar oss byen igjen og båtturen er slutt.
Tilbake til Reykjavik tok vi den store ferja, og buss den siste timen til byen.