Isleik 2010 - bilete frå stemnet - Del 1 4-dagarsturen til Vestfjordane.

Eit flott stemne på Island 6 - 18 juli 2010
Det var ca 370 deltakarar totalt på stemnet. Av desse var 145 frå Noreg, og 36 av dei att frå Symra. Det var også mange frå Færøyane og Grønland (ca 25 frå kvart land). Færrast var det frå Sverike. Stemnet hadde sin base på Hagaskoli nokså nær sentrum av Reykjavik. Dei fleste ting foregjekk der eller tett ved, til dømes i Nes kyrkja og i konsertsalen til Filharmonien. Elles var det framsyningar i sentrum av Reykjavik laurdag og på Folkemuseet på andre sida av byen søndag. Det meste av tida var det strålande ver, men laurdag regna det litt. Elles var det som vanleg mange turar å vere med på. Før sjølve stemnet byrja var det også turar, den lengste av dei varte i 4 dagar og gjekk til Vestfjordane på nordvestkysten. Her var det mange nordmenn med. Heile stemnet vart eit gild oppleving for alle, og folkedanslaget i Reykjavik la ned eit stort arbeid for at alt skulle fungere bra, både før og under stemnet.

Det var ca 90 som var med på turen til Vestfjordane i to bussar. Nesten alle nordmennene var med den eine bussen, som køyrde medsols (pluss to svenske jenter). Den andre bussen køyrte motsols, og vi oversatta på same hotellet natt 2. Vi hadde ein dugande sjåfør og guiden Solmundur T. Einarsson var svært flink og hyggjeleg.

Fleire deler av Isleik 2010 (kjem snart):

Turen til Vestfjordane
Turen til Tingvellir, Geysir og Gullfoss.
Turen til Vestmannaeyar.
Turen til Den blå Lagune.
Glimt frå Hagaskoli
Glimt frå Opninga, Høgmessa, Nordisk framsyning, spelemannskonserten og Avslutninga.
Framsyningar i sentrum av Reykjavik
Framsyningar på Folkemuseet
Glimt frå Reykjavik
Diverse

Helsing Vebjørn

  

På Hotel Bjarkalundur fekk vi lunsj første dagen - svært god suppe og kjøtrettar.
 

Matkø på Bjarkalundur
  

Nesten framkomne første dagen stoppa vi ved eit museum på Hnjotur. Eit hus stappfullt med alle slags gamle ting, ikkje minst frå sjølivet. Det var Eigill Olafsson som hadde samla alt saman.
 

Peder ser på ein del av fiskeutstyret på museet.
  

Frå frukosten på Latrabjarg dag to. Mange er i ferd med å smørje seg matpakke til lunsj seinare på dagen.
  

Erik snakkar med verten på hotellet. Han budde i Reykjavik og dreiv hotellet berre om sumaren.
   

På veg frå hotellet til fuglefjellet køyrde vi over eit fjell. Utsikt frå bussen.
  

Vi køyrer langs fjellsida, og vegen er smal og utan sikring.
   

Vi nærmar oss fuglefjellet. Vi kan skimte fyret i det fjerne. Dette er det vestlegaste punktet i Europa.
   

Fuglefjellet Latraberg er det største på Island, 1,5 km langt og over 400 meter høgt rett ned i havet, der det er svært mykje fisk. Her vart det mykje fotografering.
   

Lundefuglen på litt nærare hald
  

Han ser litt forskremt ut - men var det nok ikkje.
  

Her er det kamp om motivet!
  

Ein Lundefugl.
  

Vi måtte ta bilete av folk også - dette er Dag.
  

Utover mot havet.
  

Også ut mot havet - fyret opp i høgre hjørne.
 

Nokre søkte ly bak fyret.
  

Og endå ein
  

Og endå fleire
  

Og her er den siste!
 

Undervegs vidare køyrde vi forbi Patreksfjord og til Bildudalur der vi kjøpte drikkevarer til lunsjen. Så køyrde vi vidare utetter fjorden. Her sr vi litt av landskapet.
 

Det var litt varmare inne i kyrkja, så mange kom inn etter kvart.
  

Under vegs stoppa vi også på den staden Flokalundur der han budde han som ga øya namnet Island.
 

Vi stoppa ved fossen Dynjandi
 

Litt seinare kom vi til Hravnseyri, som var fødestaden til fridomsmannen Jon Sigurdsson. Her var det museum og vi fekk omvisning.
 

Den eine gruppa kunne få seg tjukke vaflar i den trivelege kafeen.
  

Her får vi omvisning på museet og får høyre om Jon Sigurdsson.
  

Tre av deltakarane - Einar, Dag og Kjell.
 

På hotellet NUPUR vart det også litt dans om kvelden i ein gymsal.
 

Nokre ventar på NUPUR på at bussen skal kome frå Tingeyri.Dette er starten på tredje dagen.
  

Den tredje dagen gjekk turen til Flateyri, der det for nokre år sidan gjekk eit snøras som tok livet av mange menneske. Her står vi på Flateyri, ve monumentet over folk som hadde kome bort på havet.. Det var bygt store vollar som skal hindre nye ras.
 

På veg til Bolungarvik stoppa vi ved fiskarmuseet. Her var ein liten fiskarheim rekonstruert, og ein mann fortalde levande om livet der.
 

Omvisaren var kledd som gamal fiskar.
 

Her fortel han inne i buda
  

I Bolungarvik var vi også innom naturmuseet, der det var utstilling av bergartar, fuglar og dyr.
 

Så gjekk turen tilbake til Isafjordur der vi fekk god lunsj på bynens fine hotell.
 

No gjekk turen vidare inn og ut fjordar til vi kom til Reyknes - ein stor nedlagt internatskole som var omgjort til hotell. Her var det også eit stort utandørs svømmebasseng, oppvarma av varmt jordvatn, og mange nytta høvet å bade.
 

Så er vi komne i bussen att den fjerde dagen.
  

Vi fekk ei grundig innføring i hekseri av den lokale omvisaren. Her ser vi skinnet av ein mann.
 

Som vi ser er det ikkje berre Kari som følgjer med!
  

Her er trylleriet i full gang.
  

Frå Bolungarvik gjekk turen på nylaga veg over heia og litt tilbake til Bjarkarlund, der vi igjen fekk god lunsj, slik som dag 1. Her fekk også sjåføren og guiden vår overrekt gåve for fin innsats under turen. Det var Erik som tok initiativet til det.
  

Inne i stova var det plass til alle, og den lokale guiden fortalde om huset og Eirik Raude og det som skjedde då.
  

Her er ei statue av Leirur Eiriksson, sonen til Eirik Raude.
  

Sjølve den gamle hustomta låg litt lenger opp i bakken.
  
Så gjekk ferda attende til Reykjavik, berrre med ein kort stopp på Borgarnes, der vi også stoppa den første dagen og fekk kjøpt is og kjeks.
  


Kart over fire-dagars-turen
  


 Litt av landskapet første dag
   

 Landskapet kring Bjarkalundur med den lett kjennlege dobbelttoppen.
   

På veg nordover dag 1 var vi innom ein foss Glanni. Her såg vi mange lakasr som bykste opp den høgste fossen.
      

 Nokre av dei som såg på fossen
   

 Vi overnattta første gongen på Latrabjarg - ein nedlagt internatskule, og maten vart servert i eit nedlagt ungdomshus - velsmakande mat.
  

 Etter middagen gjekk mange på ein liten fjelltur ovafor hotellet. Vi ser hotellet ned til venstre.
  

Folk er attkomne frå fjellturen - utafor hotellet.
  

Det var svært mykje Lundefugl, og dei var svært ty - så vi kunne fotografere dei på ca 1 meters avstand.
  
Litt av fugleberget.
   

Eit litt anna glimt.
  

Inger Frøydis er redd for å blåse utfor - det bles kraftig.
  

Her er mange på veg opp eller ned.
  

Her er det to i lag
  

Ein Lundefugl i det loddrette fjellet.
  

Her er Peder, Grethe og Erik.
   

Så er det fleire fuglar att.
   

Fyret på Latraberg
  

Fleire Lundefuglar
 

Ein til
  

Og to til
 

Vi er på veg tilbake frå fuglefjellet.
  

Så kom vi til den avsides staden Selardal der den originale kunstnaren Samuel Jonsson hadde bygt museum og kyrkje og laga mange ulike figurar. her fekk vi oss lunsj i det fri. Det var litt kaldt, så det var godt å sitje i ly av kyrkja.
 

Slik såg det ut inne i kyrkja.
  

Sjølv her ute var det blomar å sjå - dei fiolette er Timian.
  

Her i Flokalundur var det også eit lite hotell og ein kiosk.
  

Fossen Dynjandi på nærare hald. Nokre gjekk heilt opp til fossen.
 

Vi blir mottekne av omvisaren, og delt i to grupper
  

Og sjå seg omkring i den vesle kyrkja som høyrde til på garden.
   

No leid tida langt på dag og vi køyrde til Hotellet NUPUR i Dyrafjordur. Her møtte vi også den andre bussen. Dei måtte vente i 2 timar på oss slik at vi skulle få mat i lag. Nokre måtte tilbake til Tingeyri og overnatte der.
  

Færøydans vart det også på NUPUR.
  

Om morgonen var det frukost å få.
  

Nokre gjekk også inn i kyrkja som låg tett ved
 

Fiskarmuseet
  

Fiskaren fortel og Gudmundur omset til norsk. Sjåføren lyttar.
 

Her er vi oppe på loftet
   

Her ser vi litt av fuglesamlinga
  

Eit bilete til frå hotellet i Isafjordur. Etter lunnsjen vart det tid til ein liten spasertur i byen.
 

På Reyknes vart det også dans utpå kvelden. Både songdans og dans til musikk frå Helge sin PC.
  

No gjekk vegen til byen Holmavik der vi skulle møte Heksemeisteren sjølv.
  

Omvisaren levde seg inn i hekseriet sitt.Kari følgjer nøye med.
  

Ein dauding kjem opp gjennom golvet i museet.
  

Men nå er det snart slutt!
 

På vegen attende til Reykjavik tok vi avstikkaren til vikinggarden på Eiriksstadir i Haukadal. Her hadde Eirik Raude budd, før han måtte dra til Grønland. Huset hans er rekonstruert.
  

Her har Grethe og Helge fått på seg klede frå den gongen.
 

Bilete av statua og det rekonstruerte huset i bakgrunnen.
   

Eit bilete til slutt (ukjent plass). Er det to havørner vi ser?