Folkemusikkveka på Ål 2001

Per Anders Buen Garnås vann Fanitull-tevlinga også i år
det var mange gode spelemenn med på tevlinga. I oppspelet tidlegare på laudagen var det i alt 16 med. Av dei var det 6 som gjekk vidare til finalespelet. Dei 6 var: Per Anders Buen Garnås, Øyvind Brabant, Jan Beitohaugen Granli, Øystein Romtveit, Tron Westberg og Trygve K.Vaagen. Dei tre beste vart:
1. Per Anders Buen Garnås (kr 15000)
2. Øyvind Brabant (kr 10000)
3. Trygve K. Vaagen (kr 5000)
 
Også dei 3 neste fekk ein mindre pengepremiar. Per Anders fekk også eit nytt napp i pokalen, og dette var tredje gongen på rad han vart førstemann.
Olav Thon som gjev pengepremiane, var sjølv til stades på finalespelet og delte ut premiane.
Hovuddomaren Ole Jørgen Hegge synest det var svært høg kvalitet på spelet, og at det var mange gode i oppspelet som hadde fortent å kome vidare til finalen.
Matz Sandman og Inger Trageton var programleiarar og leidde festen morosamt og informativt.
For første gong var det også mentometeropptak av lydstyrken i applausen etter kvar spelemann. Her låg resultata nokså likt - Jan Beitohaugen Granli låg heilt på topp, men det varierte berre frå 70 til 72 desibel.

Til saman var det 200 aktørar i sving på 40 ulike tilskipingar.
  
Dei som deltok i oppspelet til Fanutull-tevlinga
Ottar Kaasa (hardingfele)
Herbjørn Liahagen (hardingfele)
Tarjei Romtveit (hardingfele)
Erik Bjørke (fele)
Andreas Bjørkås (fele)
Øivind Vabø (hardingfele)
Øivind Brabant (hardingfele)
Torgeir Straand (hardingfele)
Trygve Vaagen (hardingfele)
Andreas Skeie Ljones (fele)
Jan Beitohaugen Granli (hardingfele)
Synnøve Bjørset (hardingfele)
Per Anders Buen Garnås (hardingfele)
Britt Elise Skram (fele)
Øystein Romtveit (hardingfele)

Tron Westberg (fele)
 

Per Anders Buen Garnås får gratulasjonar og premie av Olav Thon
   

Øyvind Brabant får 2.-premie av Olav Thon
   

Per Anders Buen Garnås vart best i finalespelet



Øyvind Brabant frå Nes vart nest best i finalespelet
    

Trygve K. Vaagen vart 3. best i finalespelet

Øystein Romtveit var mellom dei 6 i finalespelet
Jan Beitohaugen Granli var også i finalespelet.
   

Tron Westberg var også mellom dei 6 i finalen.
  

Tarjei Romtveit var nestor blant deltakarane i oppspelet.
  

Erik Bjørke frå Gudbrandsdal
  
  

Øystein Vabø deltok i oppspelet

    

Britt Elise Skram frå Romsdal deltok i oppspelet
  

Torgeir Strand frå Bø deltok i oppspelet

Andreas Skeie Ljones frå Lillehammer

Herbjørn Liahagen frå Hallingdal og Setesdal    
   

Andreas Bjørkås frå Oppdal
   
     

Ottar Kaasa var med i oppspelet til Fanitullen
  

Synnøve Bjørset frå Jølster 
  
  

Kirsten Bråten Berg hadde mange oppgåver på festivalen
  

Kirsten Bråten Berg frå Setesdal

Edbjørg Nedrestøl, 3. året ved Valle vg skule, frå Hallingdal
 

Vigdis Liahagen, 1. året ved Valle vg skule, frå Hallingdal

Øystein O. Rudi ville ikkje spele
Øystein O. Rudi hadde meldt seg på til Fanitullspelinga, men då hans tur kom, sa han frå om at han ikkje ville stille opp fordi det var eit skeivt samansett domarpanel. Han sa at føresetninga var at det skulle vere likeverdig å delta på fele og hardingfele, men når han såg at alle domarane hadde "hardingfelebakgrunn", så var det etter hans syn ikkje likeverdig lenger. Og dette syntest han det var best å seie klårt frå om, så det ikkje vart "snakk i krokane" om grunnen til at han ikkje stilte. Han sa også at han hadde full tillit til dei domarane som var i panelet - det var samansetjinga som var skjeiv. I panelet til oppspelet var det 6 domarar, av dei var det 3 som var domarar i finalespelet.
  
Mange gode grupper/spelemannslag
hadde konsertar og spela til dans. Hallingdal Låtelag var stendig i sving, likeeins gruppa Kvarts, som også hadde ny CD "Filigran", Toradergruppa Springar og Laus, og dei slepte plata "Brennheiten", Østerdølenes spellmannslag, Majorstuen spelemannslag (studentar ved Musikkhøgskolen i Oslo), Gruppa Blåmann Blåmann  som slepte CD'en "Blåmann Blåmann", vidare Bernt Balchens sekstett frå Oslo, Dur og Drag frå Vinstra vg skole, Leksvoll munnharpelag.
  

Her er Østerdølenes spellmannslag i full fart med Ludvik Eikås på veggene.
    
Kirsten Bråten Berg hadde med seg to elevar frå Valle vidaregående skule. Det var Edbjørg Nedrestøl og Vigdis Liahagen som begge er frå Hallingdal. Edbjørg går i 3. klasse og Vigdis i 1. klasse, eg begge viste seg som habile kvedarar.
 

 Edbjørg Nedrestøl, Kirsten Bråten Berg og Vigdis Liahagen
  
Etnisk Musikklubb og Arne Fredriksen
var til stades med eit utval av sine plater på Kulturhuset på Ål, og det såg ut til at han fekk avsetning god på.
 
Arne Fredriksen i aksjon ved CD-standen
Blåmann Blåmann - gruppa frå Vinje i Telemark
hadde fleire konsertar, og var mellom dei som drog mest publikum - særleg blant den yngre garde. Denne gruppa var også på Festivalen i 2000, og gjorde også då stor lykke med sine "moderniseringar" av tradisjonelle slåttar og balladar.
 

Blåmann Blåmann i fint driv. (Frå venstre) Lars Underdal, Odd Nordstoga, Asgaut Bakken og Silje Hegg.
  


Dei tre beste på Fanitull-tevlinga:
Per Anders Buen Garnås, Øyvind Brabant og Trygve K. Vaagen
  

Øyvind Kvile var stemneleiar og aktivt med i mange samanhengar.
  

Som mange gonger før var Hallgrim Berg aktivt med, både som programleiar og spelemann

Jens A. Myro har vore og er ein solid spelemann i Hallingdal. Her spelar han for ein ring som dansar springar.
    
 
Olav Øyaland og Hauk Buen hadde ein fin konsert saman. Olav spela slåttar som  Johannes Dahle hadde laga, medan Hauk spela slåttar i tradisjon etter Lars Fykerud og Myllarguten.
 

Hauk Buen frå Jondal
 

Olav Øyaland
 

Her er glimt frå eit av mange artige innslag på Bygdakvelden