Sideansvarleg: Vebjørn Bakken

Det er eg som prøver å lage ei god uavhengig startside for alle med interesse for folkedans, folkemusikk og bunader. Det vil særleg bli lagt vekt på Noreg.
Utgangspunktet er at eg har sysla med heimeside for leikarringen Symra i Oslo i nokre år, og i litt kortare tid også for Oslo Songdanslag.

Eg synest det kunne vere moro å prøve å få til ei god generell side for alle med interesse innan folkedans, folkemusikk og bunader. Difor har eg oppretta eit eige domene: www.folkedans.com
Tanken er at dette web-området både skal innehalde eigeprodusert stoff og innehalde lekkjer til alle andre sider som er av interesse innan dette feltet. Gjesteboka vonar eg vil bli brukt til ulike synspunkt og "debattar".
Dersom det skal bli skikk på dette arbeidet, må eg få hjelp av mange andre som kan sende meg stoff og opplysningar. Så difor ber eg om at du sender informasjon, helst via e-post vebbak@online.no, eller på telefon 22620103 (om kvelden og i helga), elle vanleg brev: Vebjørn Bakken, Granebakken 62, 1284 Oslo.  Privat til meg kan du sende vebbak@online.no

Kanskje det kunne passe å seie litt meir om meg sjølv.
Eg er opprinneleg frå Vatne på Sunnmøre, kom til Oslo i 1963, og byrja med folkedans då eg starta på nybyrjarkurs i 1967.  Frå 1969 har eg vore aktivt med i Leikarringen Symra i Oslo - ein ring med tilknytning til Møre og Romsdal. Elles er eg også med i Oslo Songdanslag. For tida er eg rettleiar i Symra. Eg interesserer meg for alle typer norsk folkedans, folkemusikk og bunader. Eg har vore med i bunadnemnda i Symra i ei lang rekkje år. Eg bur i Oslo.
Til dagleg underviser eg i fysikk og matematikk ved Lillestrøm vg skole.

Bilete  av sideansvarleg