Ny CD med Sigøynermusikk: Opre Roma

Vi har fått tilsendt ein ny CD med sigøynermusikk innspela av ei ny norsk gruppe - "The Opra Roma Gypsy Orchestra". Gruppa vart stifta i Bergen i 1999 og består av 6 norske musikarar og fem med utanlandsk bakgrunn. Nesten alle musikarane bidrar vokalt, og berre fire er instrumentalistar. Dette set også sitt preg på plata, som er sterkt vokalt prega. Dei dominerande musikkinstrumenta er mest trekkspel, gitar og perkusjon. Vi saknar fiolinen.
  
Repertoaret på plata er etter det vi forstår i stor mon velkjende og folkelege sigøynersongar, kjent frå mange europeiske land. CD'en har sterkt "live-preg", det er tydeleg at musikarane har det moro med musikken sin, og gjerne vil formidle ein kultur dei kjenner og er glad i. Dette smittar også over på den som lyttar på musikken. Det er ein musikk med humør, ein musikk som gjer oss glad.
CD'en inneheld til saman 14 spor, dei fleste nokså lange, mange over 4 minutt. Musikarane er Torill Andreassen (vokal), Rudi Bakken (trekkspel, vokal), Terje Birkeland (bass, vokal), Kjersti Dahl (vokal), Christine Frønsdal (vokal), Mirsad Gusic (tambura I, II, gitar), Ben Milenkovic (gitar, vakal, perc), Svein Olsnes (vokal), Semira Selma Puzic (vokal), Maja Zubovic (vokal), Patryk Netecza (vokal).
Innspelinga er gjort på Cato Sandens lydstudio, Askøy.
Coveret til CD'en er ikkje særleg spennande, og det er også nokså sparsamt med opplysningar om musikken.



Dei to bileta av musikarane som fylgjer med.