"Gamle" nyheter frå 2010

 
Kirsten Bråten Berg fyller 60 år
Kirsten er frå Arendal men har det meste av livet budd i Setesdal der ho arbeider som sylvsmed/gullsmed og kulturarbeidar. Ho produserer mellom anna sølv til Åmli-bunaden. Ho er ein av våre fremste folkemusikarar og har vore utøvande folkesongar i 40 år. Kirsten har vunne ei rad kappleikar, mellom dei fleire landskappleikar, har vore solist på svært mange konsertar i inn og utland og på mange plater, og har samarbeidd med mange av våre fremste musikarar innan folkemusikk og jazz. Ho har også vore lærar og føredøme for svært mange yngre kvedarar og vore lærar i folkedans. Ho har motteke ei lang rekkje prisar og utmerkingar. Vi siterer frå Aftenposten: "Hun har mottatt en rekke priser, bl.a. A.Agder Fylkes Kulturpris, Polarstjerneordenen og tre Spelemannspriser. Hun er ttildelt Radka Toneff Minnepris, Gammeleng-prisen, og Saga-prisen. Jubilanten er æresmedlem i Landslaget for Spelemenn og Setesdal spelemannslag, har mottatt Valle kommunes kulturpris, og RFF-prisen og er tildelt kongepokalen i vokal Folkemusikk. Kirsten Bråten Berg ble i 2005 utnevnt til Ridder av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for sin innsats som kunstner og kulturformidler, og har siden 2008 vært medlem av Agder Vitenskapsakademi." Vi gratulerer!
 (07/01-10)
Godt nytt år!
Vi ynskjer alle lesarar godt nytt år 2010.
Helsing
Vebjørn Bakken
 (03/01-10)