"Gamle" nyheter frå 2008

God jul til alle lesarar og bidragsytarar!
Folkedans.com ynskjer alle lesarar og bidragsytarar god jul 2008!
Helsing Vebjørn Bakken
 (23/12-08)
Trio Mediævel nominert til Grammy prisen
Trio Mediævel er nominert til Grammy for plata "Folk Songs" som kom ut på ECM i 2007. Trio Mediæval består av sopranane Linn Andrea Fuglseth, Anna Maria Frimann og Torunn Østrem Ossum og vart etablert i 1997. De har så langt gitt ut fire plater, alle på det anerkjente selskapet ECM. Tidlegare er det berre Leif Ove Andsnes, Truls Mørk og Ensemble 96 som har blitt nominert til det som må kunne kallast verdens mest kjente musikkpris. Grammyprisene blir utdelt 8. februar 2009 på Staples Center i Los Angeles. Les meir her.
 (23/12-08)
Noregs Ungdomslag skal tilsette ny generalsekretær
Marit Jacobsen sluttar etter mange år som generalsekretær, og stillinga er lyst ledig med søknadsfrist 5. januar. Tilsettingsperioden er for 4 åte, og kan forlengast med ein periode. Erfaring og gode resultat i arbeidet med samspel mellom frivillig sektor og offentlege strukturar blir tillagt stor vekt. Organisasjonen har mange dyktige, engasjert frivillige tillitsvalde over heile landet. or meir informasjon om Noregs Ungdomslag sjå www.ungdomslag.no  Send søknad til post@ungdomslag.no eller Noregs Ungdomslag, Postboks 414 Sentrum. For meir informasjon, kontakt:styreleiar Gunhild Berge Stang gunhild@ungdomslag.no tlf. 976 53 785 eller generalsekretær Marit Jacobsen marit@ungdomslag.no tlf. 915 80 781.
 (23/12-08)
Bergen ungdomslag ervingen får 100000 frå DnBNOR
Pengane skal gå til å pusse opp ungdomshuset Gimle - legge ny parkett og speilveggar. Les meir her.
 (23/12-08)
Valkyrien Allstars intervjua av lokalavisenfrogner.no
Dei er intervjua av lokalavisa på den restauranten på Majorstua der det heile starta: Valkyrien Pub eller Valka. Dei har i løpet av året spela over 200 konsertar. Valkyrien Allstars har selt til platinum, og vore det bandet som har spela mest rundt om på norske festivalar i år. På nyåret skal dei i gang med å spele inn ny CD.  Les meir her.
 (23/12-08)
Musikaren Morten Dybsjord (32) fekk Hol kommunes kulturpris
Han fekk overrekt prisen av ordføraren i Hol. Dybsjord spelar trekkspel og torader. Les meir her.
 (23/12-08)
Fin samling med folkemusikk og dans på Nordvestlandet
Som ei oppfølgjing av prosjektet "Snu Nordvest" var det nyleg ei svært vellukka samling for unge på Nesrås i Romsdal, der det var opplæring i både folkedans og spel. Les meir her.
 (23/12-08)
Eit skikkeleg oppsving for folkedansen i Hallingdal
NRK melder at det er stor interesse for folkedansen i Hallingdal, og det gjeld all slags folkedans: songdans, gamaldans, springar og ikkje minst halling. Les meir her.
 (23/12-08)
Agnes Buen Garnås kritisk til samanslåing av Lf S og NFD
Styra i Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk og Danselag har i lengre tid arbeidd aktivt for å etablere ein ny folkemusikkorganisasjon. Men det er ikkje alle som er enig i at det er vegen å gå. Agnes Buen Garnås, kjent kvedar og folkemusikar, har i eit innlegg i Ballade gått imot tanken om ein ny organisasjon. Ho trur at folkemusikkfeltet er betre tent med fleire frittståande organisasjonar som samarbeider på område der det er naturleg. Ho avsluttar innlegget sitt slik: "
Lat dei forbli ulike, ikkje slå dei saman. Folkemusikken har bruk for dei båe og også dei hine organisasjonar som arbeider for folkemusikken – for mange er det ikkje!  Les heile innlegget her.
 (17/12-08)
Berit Opheim Versto syng Draumkvedet på ny dobbel-CD
Den 6. januar, på 13. dagen, kjem det to nye CD'ar der Berit Opheim Vesto syng Draumkvedet og Karl Seglem spelar bukkerhorn / elektronikk - saman med Berit. Denne 2 CD utgjevinga kjem på NORCD. Vokalopptaket er gjort i Voss kyrkje i 2006. Resten er tilrettelagt/spelt inn i studio gjennom 2007 og 2008. Meir informasjon finn du på
www.norcd.no
 (17/12-08)
Haugebonden - ei folkevise vi nyttar føre jul
Dei fleste som driv med songdans eller kveding brukar som oftast folkevisa Haugebonden når det lir mot jul. Denne visa har stått på leikarringane sitt repertoar i mange år, og vore godt likt. Dersom du vil lese og lære meir om visa, så har Ingvill Marit Buen Garnås skreve ein artikkel om visa. Du finn artikkelen på Kulturlandskap.net
 (17/12-08)
Ensemble og festivalstønad frå Norsk kulturråd for 2009
Tala for festivalstøtte for 2009 viser ein liten auke. Noregs Ungdomslag sin Kulturfestival er no komen med mellom dei festivalane som får støtte, men berre med 50 000 kr. I alt er stønaden til festivalane på 3,55 mill kroner og til Folkemusikkensemble på 1,3 mill kroner. Tala ser du i tabellande under. Førdefestivalen er ikkje med her, for han får stønad direkte over statsbudsjettet..
Musikkensembler
 

Søker

Fylke

Sakstittel

Tilråding

1 Tradisjons-/verdensmusikk

 

 

Flukt

Sør-Trøndelag

Flukt

100 000

Gjertruds Sigøynerorkester

Telemark

Gjertruds Sigøynerorkester

200 000

Karl Seglem Band

Oslo

Karl Seglem Band

150 000?

KVARTS

Oppland

Kvarts

200 000

Majorstuen

Sogn og Fjordane

Majorstuen

200 000

Rosa i Botnen

Hordaland

Rosa i Botnen

100 000

Slagr

Oslo

Slagr

100 000

Tindra

Oslo

Tindra

100 000

Unni Løvlid ensemble

Oslo

Unni Løvlid ensemble

150 000

Musikkfestivalar: (norsk folkemusikk)

Den Norske Folkemusikkveka

Buskerud

Den Norske Folkemusikkveka 2009

700 000

Folkekulturfestivalen

Hedmark

Folkekulturfestivalen 2009

50 000

Folkelarm

Oslo

Folkelarm 2009

250 000

Haukeliseterfestivalen

Telemark

Haukeliseterfestivalen 2009

100 000

Hilmarfestivalen - Stiftinga Hilmar Alexandersen

Nord -Trøndelag

Hilmarfestivalen 2009

200 000

Jørn Hilme-stemnet

Oppland

Jørn Hilme-stemnet 2009

700 000

Kalottspel

Troms

Kalottspel 2009

250 000

Nordsjøfestivalen i Farsund

Vest-Agder

Nordsjøfestivalen i Farsund 2009

200 000

Osafestivalen

Hordaland

Osafestivalen 2009

250 000

Telemarkfestivalen

Telemark

Telemarkfestivalen 2009

850 000

 
Nytt nummer av Spelemannsbladet er under utsending
Det siste nummeret av Spelemannsbladet er under vegs, og du kan lese deler av det på Internett. Her er det mellom anna ein artikkel av
Stein Versto om Draumkvedet, eit folkemusikkportrett av Henning Sommero, skrive av Ove Røsbak, byrådsleiar Erling Lae skriv om Riksscenen sin funksjon i Oslo og redaktøren sjølv er opptaken av makta i folkemusikken og om folkemusikken er "farleg". Les meir her.
 (17/12-08)
LfS skal utarbeide nytt kappleiksprogram
Landslaget for Spelemenn vil utarbeide eit nytt kappleiksprogram, og dei er på jakt etter folk som kan gjere ein slik programmeringsjobb. nteresserte kan ta kontakt med dagleg leiar i LfS, Magnar Sundt på tlf. 2200 5620 / magnar@folkemusikk.no  Les meir her.
 
(15/12-08) 
Folkemusikkprosjektet i Setesdal søker prosjektleiar
Folkemusikkprosjektet i Setesdal er eit samarbeid mellom  Bykle, Valle og Bygland kommunar, Setesdal regionråd, Aust-Agder fylkeskommune og Setesdal spelemannslag. Prosjektet skal gå over 3 år, og eit overordna mål er å rekruttere til og mobilisere folkemusikkmiljøet i Setesdal. For å nå målet vil dei setje i gaang fleire spennande aktivitetar, særleg retta inn mot barn og ungdom.  Festival, spel, danseworkshop, folkemusikkafé, kappleik for barn og unge, opplæring i barnehage og skule er døme på tiltak i prosjektet. Les meir om dette her.
 (15/12-08)
Folkemusikk på byLarm 09
Neste år blir det også litt folkemusikk på nordens største bransjetreff ofr musikk - byLarm 09. Kim Andre Rysstad og Unni Boksasp skal vere med på treffet som  går av stabelen i Oslo mellom 19. og 21. februar. Her er det venta hundrevis av musikkfolk frå heile Europa. Les meir her.
 (15/12-08)
Norsk Folkemusikklag med Jubileumsnummer
Norsk Folkemusikklag fyller i år 60 år, og difor er årsskriftet deira denne gongen via laget sjølv, mellom anna artiklar om grunnleggjaren O. M. Sandvik. Sandvik er kjent som folkemusikksamlar, forskar og debattant. I skriftet er det teke med eit par av hans sentral artiklar, og litt av ein av motmennene hans Catharinus Elling. Vi finn også lein lang artikket av
Per Åsmund Omholt der han presenterer og diskuterer sider ved forskning på tonalitet frå tidleg på 1900-talet og fram til i dag. Sven Nyhus gjev personlege glimt frå samarbeid med Sandvik.Gjermund Kolltveit diskuterer folkemusikkbomgrepet og danseforsker Anne Margrete Fiskvik syner korleis element frå  teaterdans og folkedans har vore brukt om kvarandre, og spesielt under Gerd Kjølaas’ oppsetningar på 1940-tallet. Velle Espeland har skrevet en artikkel om sjantien, og Bjørn Aksdal drøfter spelemannkontaktar over grensa i Trøndelag og Hedemark. I det heile eit omfattande og spennande årsskrift.Les meir om det her:  http://www.hf.ntnu.no/rff/organisasjonar/nfl.html
 (15/12-08)
Felles svar til Hallvard Kaasa frå NFD og Lf S
Som kjent har både Landslaget for Spelemenn og styret i Norsk folkemusikk og danselag gått inn for at dei to organisasjonane skal gå saman og skipe ein ny organisasjon. Hallvard Kaasa er mellom dei i NFD som ikkje er samd i styret sitt arbeid og sende for ei tid sidan ope brev både til NFD og LfS om det. No har han fått eit ope brev tilbake underskreve av den gamle og den nye leiaren i LfS (Nils Øyvind Bergset) og leiaren i NFD Åshild Vetrhus. Dei avsluttar brevet sitt slik: "
Me skal arbeide for ein ny organisasjon med auka kompetanse og profesjonalitet i alle ledd.  LfS sitt årsmøte 1. nov i år vedtok eit samrøystes intensjonsvedtak om å stifta ein ny felles organisasjon for folkemusikk og folkedans i Noreg innan januar 2010. Om dette er vegen å gå, får medlemmene avgjere på årsmøta som følgjer. Difor oppmodar me alle medlemmer om å nytte si stemme." Les heile brevet her.
 (10/12-08)
Stilig avslutning på stildansøvingane i Symra
I nokså mange leikarringar, ikkje minst i Oslo-området, har stildans blitt ein viktig aktivitet. Slik er det også i Symra som held til i Oslo. Laurdag 29. november var det avslutning på haustøvingane, og det var 32 dansarar til stades, litt mindre enn det som vanlegvis møter opp på stildansøvingane gjennom året. Symra har sine faste øvingar på fredag, og instruktør er Marita Ramstad som tar vegen heilt frå Hamar for å instruere. På biletet ser vi stildansansvarleg i Symra Grete overrekkje takk og blomar til Marita for vel gjennomført hausthalvår. Fleire bilete frå avslutninga her.
 (30/11-08)
Buskerud vil bli neste fylket i "Bygda dansar"-prosjektet
Buskerud folkemusikklag, ved Folkemusikksenteret i Prestfoss, har søkt om at "Bygda dansar" blir lagt til Buskerud ved neste tildeling. Kirke og kulturdepartementet gjev 1 million kroner i årleg prosjektstøtte. Det er ein føresetnad at fylkeskommunen stiller med 10%, dvs 300 000 kr over 3 år. Målgruppa for prosjektet er elevar i vidaregåande skole. Dei skal i løpet av året danne eit ensemble som skal lage ei forestilling. Hovudutvalet i fylkeskommunen skal behandle saka 4. desember. Les meir her.
 (30/11-08)
Konsert med Buen Garnås og Mjelva på Nesbyen og Røros
To av våre aller fremste folkemusikarar held konsert saman, på Nesbyen 1. desember og på Røros 2. desember. Olav Luksengård Mjelva (25) er oppvaksen på Røros, men med røter i Hallingdal har han også byrja spele hardingfele då han gjekk på utøvarstudiet ved Ole Bull Akademiet. han vann årets Landskappleik i klasse A. Per Ander Buen Garnås har vunne ei rad kappleikar og andre tevlingar. Begge har gjeve ut solo-plate, Buen Garnås i 2002 og Mjelva i 2008. Les meir her.
 (30/11-08)

Engelsk pris til Ingfrid og Åshild Breie Nyhus for Grieg-CD
Det engelske Grieg-selskapet ga denne månaden sin pris for årets plate til Ingfrid og Åshild Breie Nyhus.Prisen som ble utdelt ved ei mottaking ved den norske ambassaden i London, ble gitt for innspelinga av Edvard Griegs ”Slåtter, op. 72”, der versjonen for piano er spela saman med dei originale slåttane for hardingfele. Innspillinga er basert på spelemann Knut Dahle (1834-1921) sine versjoner av slåttane. Slåttane til Dahle vart nedteikna av  fiolinisten, dirigenten og komponisten Johan Halvorsen. Resultatet ble grunnlaget for Griegs Slåtter, op. 72, utgitt i 1903. Les meir her.
 (30/11-08)

Langt intervju med Nils Øyvind Bergset i Ballade
Nils Øyvind Bergset vart nyleg valt til ny leiar i Landslaget for Spelemenn. I Ballade står det no eit langt intervju med den nye leiaren. Det meste av intervjuet omhandlar arbeidet med å skape ein ny organisasjon innan folkemusikk og dans. På årsmøtet i landslaget for Spelemenn vart det einstemmig vedtak for å arbeide for ein organisasjon. Ein ventar no på at saka skal behandlast på årsmøtet i Norsk folkemusikk og danselag i mars, men Bergset har god tru på at dei også vil vere positive til ein ny samlande organisasjon, sjølv om det også finst kritiske røyster.  Les intervjuet her.
 (30/11-08)
Tildeling av 250 000 kr til ulike folkemusikkprosjekt i Valdres
Av i alt 10 søknader, var det 8 som fekk stønad frå 2000 til 45000 kr.  Ordninga er eit treårig prosjekt som heiter «Folkemusikk – for nåtid og framtid», og inntil vidare er denne utdelinga for 2009 den siste. Ordninga er eit slags kompensasjon etter at distriktsmusikarordninga vart lagd ned i 2006. Dei åtte som får støtte neste år er:
45.000 kroner går til Jørn-Hilmestemnet.
40.000 kroner går til Bente Midtsveen, Oslo, og Ingunn Bjørgo, Asker, og prosjektet «Toradar og trekkspel i valdrestradisjon». 35.000 kroner går til avslutningsframsyninga til Frikar-akademiet ved Hallgrim Hansegård.35.000 kroner går til «Baka kake søte» der utøvarane er Marit Karlberg, Jan Beitohaugen Granli, og Stian Roland. 30.000 kroner går til Marit Karlberg og Camilla Granlien til konsertproduksjonen «Skjønn Anna», 25.000 kroner går til «Profesjonelt dansespel i Valdres». Der skal Jan Beitohaugen Granli, Ingunn Bjørgo, Olav Tronrud og Bente Midtsveen ta for seg runddanslætet i Valdres. 20.000 kroner går til Oddrun Hegge, Aurdal, og to av langeleikelevane hennar, systrene Anne og Astrid Hamre. 20.000 kroner går til Eivind Dølerud, Strand, og Jan Beitohaugen Granli for prosjektet «Musikalsk forbrødring». Les meir her.
 (30/11-08)
Fire nye folkemusikkplater har fått støtte
I den fjerde tildelinga av midlar for innkjøp av fotogram frå Norsk Kulturråd, er det 4 folkemusikkplater som har fått stønad. Dei fire er Berit Opheim: Slåtter på tunga,  Toradertrioen: Uppatt og atte, Åse Teigland: Stille og Ragnhild Furebotten/ Tore Bruvoll: Hekla stålstrenga. Sjå meir her.
 (30/11-08)
NRK sin flotte plateserie kjem på CD
I samband med 100-års jubileet for Rolf Myklebust kjem dei første CD'ane frå den serien med EP og LP plater som NRK gav ut mellom 1953 og 1974 med norsk folkemusikk i samarbeid med RCA. Det blir i alt 19 slike CD'ar samt ein DVD og dei første 3 ligg føre i desse dagar. I tida framover vil det kome ein per månad. Den kjente serien med norsk folkemusikk har vore utselt i lang tid, og ein har ikkje visst kvar original-banda til innspelingane var. Men så viste det seg at Arne Bendiksen hadde kjøpt dei i si tid. Det er plateselskapet Talik som gjev ut CD'ane i samarbeid med NRK, der Gunn Gausemel har stått for arbeidet. Dei gamle opptaka er reinska for støy, men er elles ikkje endra noko særleg. Platesleppet var under innspelinga av folkemusikktimen i Studio 19 torsdag 27. november. På biletet ser vi Frode Rolandsgard og Anders Røine med dei rykande ferske  CD'ane. Les meir her.
 Les også her på NRK
(28/11-08)
Jubileumfeiring for Rolf Myklebust i Folkemusikktimen
Torsdag 27. november var det opptakt i Studio 19 med publikum til stades. Og opptaka var for follkemusikktimen komande søndag. Det er i desse dagar 100 år sidan Rolf Myklebust vart fødd. Han var sjølve Folkemusikkhalvtimen heilt frå 1952 til 1978, og det er rimeleg at det må feirast. Myklebust gjorde eit enormt arbeid for NRK og folkemusikken, både som programskapar, men ikkje mist ved å bygge ut det store opptaksarkivet til NRK. Han tilførte arkivet ca 30000 einkeltopptak. I programmet får vi høyre gamle opptak og intervju med folk som samarbeidde med Myklebust gjennom mange år, mellom dei Arne Bendiksen, Lisa Halvorsen og Sven Nyhus. Vi får også intervju med eit av barnebarna til Myklebust Rolf Graff. Det blir også opptak i studio med Sven Nyhus, Gro Marie Svidal, Tore Bolstad og Torgeir Straand. Les her på NRK
 (28/11-08)

Mauricio B. Evensen på torader kom vidare
Det pågår audition i Norske talenter i Oslo, og 30. november er det "finale". Les meir her.
 (28/11-08)

Ung danseglede på Sangerhuset på Røros
Om lag ein gong for månaden inviterer Røros Folkedanslag til familiedans på Sangerhuset, og av det blir det liv og smittande humør på dansegolvet. Les meir her.
 (28/11-08)
Rannveig Djønne frå Ullensvang  med debutcd
Rannveig Djønne har spela torader i 25 år, og kjem no med ein CD med slåttar frå Voss og Hardanger. På CD'en inngår toraderen i ulike instrumentsamansetjingar. Les meir her.
 (28/11-08)
Tilskot frå Norsk Folkemusikkfond utdelt
Dei fleste tilskota for 2008 gjekk til CD-utgjevingar, men også til bokprosjekt og notesamling. Her er tildelingane:
Bjørn Aksdal - Publisering av ”Hardingfela” Bokutgjeving. kr. 9.000 Einar Olav Larsen Nyutgjeving på CD av innspelingar med H Alexandersen/P.A. Røstads ”Gammeldandstreff 1-5 ” kr. 9 000 Etnisk musikklubb CD med Olav Luksengard Mjelva kr. 9 000
JPS Records Nyutgjeving på CD av ”Folkmusic from Gudbrandsdalen” med /Brimi, Faukstad, Berthelemy . kr. 9 000 Norsk Lur- og bukkehornlag Utarbeiding av notesamlingar med tradisjonsmusikk for lur og bukkehorn kr. 9 000 Spelemannslaget Fjelljom CD m/ opptak av Jens Maurseth kr. 9 000
Ta:lik / Hæge Manheim CD m/ opptak av Magne Manheim supplert med opptak av Gudmund Manheim kr. 9 000  Åse Teigland / Frank Rolland CD m/ runddansmusikk frå Hardanger kr. 9 000. 
 (28/11-08)
Annbjørg Lien får arbeidsstipend i Vest-Agder
Som ein av to får Annbjørg Lien Vest-Agder sitt arbeidsstipend på kr 100000 kr. Ho vil bruke stipendet til å arbeide med ein ny CD med eigeprodusert stoff. Les meir her.
 (28/11-08)
Tirsdag 2. desember blir det internasjonalt i Trondheim
På Rff senteret ved Universitetet i Trondheim blir det 2. desember internasjonalt. Det blir mellom anna vis film frå invandrarmiljøet i byen. Les meir her
 (28/11-08)
Nordafjells øver fram mot ny CD til våren
Gamaldansgruppa Nordafjells har tidlegare gjeve ut CD'en Generalen, og planlegg ny CD til våren. Det blir ein Cd med ein del nye uttrykk, les vi i Opp.no. Les meir her.
 (28/11-08)
Om lag 30 ungdomar i Lea de prosjektet samla på Gjøvik
Opplands-varianten av "Bygda dansar" heiter "Lea deg", og dei er i full gang med å øve. Nyleg var 30 ungdomar samla på Gjøvik. Les meir om det her.
 (28/11-08)
Stor interesse for halling i Hallingdal
Hallingdølen melder at det er stor interesse for lausdansen mellom dei unge i Hallingdal. Og snart kjem dei også på Norge rundt. Les meir her.
 (28/11-08)Les meir her.
Vellukka dansesamling for rettleiarar i Oslo
Helga 23-24 november var det samling for rettleiarar i Austlands-regionen i BLS-huset i Oslo. Folkedansnemnda i BLS med Marianne Dahl i spissen var arrangør, og drygt 20 rettleiarar og dansar var samla. Programmet la vekt på korleis vi presenterer dansen vår, samt erfaringsutveksling. Ingrid Maurstad  Tulo lærde mellom anna bort runddansvariantar frå Austlandet med Edvin Øen som spelemann. Laurdangskvelden var det open dansefest der Tonje Lien Barkenæs og Stein Magne Eggen sytte for fin musikk (sjå biletet).
 (27/11-08)
4 siders intervju med Nils Øyvind Bergset i Nationen
I papirutgåva av Nationen er det denne helga eit 4 (!) siders intervju med den nye leiaren i Landslaget for Spelemenn.
 (23/11-08)
Nordsjøfestivalen tildelt Fylkeskulturpris
Nordsjøfestivalen i Farsund vart av hovudutvalet for kultur og utdanning nyleg tildelt fylkeskulturprisen for 2008. Prisen er på 50.000 kronerog eit kunstverk av Tone Svaland Homberg. Les meir her.
 (23/11-08)
Ny ordning for musikkutstyr
Fredag møttest fleire organisasjonar for det rytmiske musikkfeltet, der også folkemusikken inngår, for å stifte den nye ordninga som har fått namnet Musikkutstyrsordninga.Dette er eit resultat av ei samanslåing av Musikkverkstadsordninga (MVO) og sceneorganisasjonen Norgesnettet. Den nye ordninga skal stø utstyrsbehovet til alt frå amatørar til profesjonelle innanfor øverom, sceneutstyr og ikkje-personlege instrument. MVO inndeheldt også støtte til opplæring, og det er førebels uklart korleis dei pengane skal kanaliserast. Dagleg leiar i NFD, Haldis Gjømle, går inn i styret for den nye musikkutstyrsordninga. 
 (23/11-08)
Norske folkemusikarar får støtte til oppdrag i utlandet
STIKK heiter den ordninga frå UD der ein gjev støtte til mellom andre musikarar som vil på opopdrag i utlandet. På den siste tildelinga var det desse som fekk støtte: Britt Pernille Frøholm (kr 6000), Irene Tillung, Anders Røine (kr 3000), Majorstuen (kr 10000), Rite (Unni Løvlid, kr 15000), Spindel (6000), Trio Mediæval (30000) og Unni Løvlid (kr 15000). Les meir her.
 (23/11-08)
Rolf Myklebust heidra på fleire vis i Stryn
Det er 100 år sidan Rolf Myklebust vart fødd. For mange er han sjølve Folkemusikkhalvtimen i NRK radio. Han var programsekretær der frå 1952 til 1978, og gjorde ein stor innsats med å byggje opp NRK sitt omfattande folkemusikkarkiv. Laurdag 22. november 2008 er det i Stryn ei stor tilstelling, der det blir avduka relieff av Rolf Myklebust, og det blir ein stor konsert der mange av våre fremste folkemusikarar er med. Fjelljom Spelemannslag står bak. Elles blir det også plateslepp med historiske opptak der  Rolf Myklebust er med. Les meir om detee, slik Arne Sølvberg fortel det.
 (21/11-08)
Olav Mjelva nordisk meister i folkemusikk
Det første nordiske mesterskapet i folkemusikk gjekk føre seg i Sälen  i Sverige. Det er første gong at det blir arrangert ein slik nordisk "kappleik" med folkemusikarar frå Sverige, Finland, Danmark og Noreg for å konkurrere om kven som var best.  Landslaget for Spelemenn og Svenske Spelmäns Riksforbund var mellom dei som støtta  tiltaket, men det har også vore kritiske røyster i Sverige. Det vart konkurrert i tre klasser, solospel, grupper og lag. Kvart land stilte med to deltakarar i kvar klasse.Ein jury på fire med ein representant frå kvart land plukka fyrst ut tre innslag i kvar klasse som gjekk vidare til ein finale. Olav Mjelva  vann soloklassa, klassa for grupper blei vunnen av finske Hyperborea medan hardingfelelaget Team Gløs Tøs vann lagspelet. Dei andre norske deltakarane var; Aslak O. Brimi, Lom (solo), Tufskrøkjun frå Vågå (grupper), Silje & Una frå Osterøy (grupper) og Vågå spelmannslag (lagspel). Les meir om tevlinga her. Her kan du lese eit intervju med Olav Mjelva.
 (21/11-08)
Egil Bakka tildelt St. Olavs orden tysdag på Ringve museum
Den 18. november vart Egil Bakka utnemt til kommandør av St. Olavs Orden av fylkesmann Kåre Gjønnes. Etterpå av  det ei festforestilling der dansen stod i høgsetet.  I samband med utnemninga vart det dagen etter halde eit forskningsseminar ”Dance heritage in the area of tension between safeguarding and research - Dansearven i spenningsfeltet mellom kulturvern og forsking”  på NTNU Dragvoll. Her kan du lese eit langt intervju med Egil Bakka. På sida til Rådet for folkemusikk og folkedans kan du finne meir informasjon om saka.
 (21/11-08)
Oslo-kappleiken 2008: Juniorane dominerte kappleiken
Oslo-kappleiken vart avvikla 15. november - noko seinare enn vanleg. Kanskje det gjorde sitt til at det var færre dltakarar enn vanleg, sæleg var det få i A-klassane både i dans, spel og song. Kappleiken starta med Sjokoladekappleik for dei aller yngste. På sjølve kappleiken var det juniorane som dominerte og som imponerte mest med spelet sitt. Særleg mange gode var det frå Bærum spelemannslag sitt juniorlag (biletet), som både i solo og samspel viste svært gode takter. Elles var det deltakarar heilt frå Hordaland, og særleg imponerte C-klassingen Alexander A. Røynstrand med framifrå fint spel. Han vart som kjent best i C-klassen på Landskappleiken 2008. Resultata vil kome her.
 (16/11-08)
Storm Weather Chanty Choir vekkje begeistring
Dette vestlandske chant-koret er på turne, og var laurdag i Oslo og heldt konsert på teaterbåten Innvik som ligg på hamna i Oslo. Konserten var i regi av OsloFOLK. Heilt frå første song var det stor stemning i salen og korleiar og solist Håkon Vatle fekk salen med seg i rop og song. Koret vart danna i år 2000 og har på desse åra oppnådd stor polularitet og har utgitt tre CD'ar og er også i gang med ein ny som kjem til våren. Dei syng sjømanns-songar frå heile verda. Konsertserien er komen i stand i samband med at dei gjev ut singel. Koret frå Stord har vore med på ei rekkje festivalar, mellom dei Folkelarm. Les meir på heimesida deira.
 (16/11-08)
Austrheim Musikklag med bok om spelferd gjennom fylket
I fjor var Austrheim Musikklag 90 år, og som ein del av jubileumsfeiringa vart det laga ei bok om spelferda. Spelferda gjekk ut på at laget skulle spele i alle dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane fylke. Boka vart nyleg lansert på ei tilskiping.
Forfattarane av boka er Trygve Apalset, som også er musikalsk leiar i Austrheim Musikklag og redaktør i Firda Tidend, Bjørn Grov, medan Kjell Thue var musikklaget sin faste fotograf under reisa. Han har teke dei fleste bileta. Atle Nygård og Amund Apalset har også vore med i boknemnda. Les meir her.
 (14/11-08)
Fin minnekonsert etter P.A. Røstad under Hilmarfestivalen
Petter Andreas Røstad senior gjekk bort like før jul i fjor, 80 år gamal. P.A. Røstads kvartett med Hilmar Alexandersen var eit av våre beste gamaldans orkester gjennom mange år. Under Hilmarfestivalen i år hadde P.A.Røstad jr. orkester minnekonsert, og leiaren for orkesteret er barnebarne til Røstad senior. Les intervju med han her.
 (14/11-08)
Tre dansestudentar frå Litauen på Manger Folkehøgskole
På danselina ved Manger Folkehøgskole er det i år tre studentar frå Litauen. Dei såg annonse for skulen på internett og fekk lyst på eit år i Noreg. Les intervju med studentane og rektor ved skulen
Geir Rydland
 (14/11-08)
Danseprosjektet "Sans for dans 2009 er i gang
Dei 8 unge dansarane som er plukka ut for prosjektet i år, møttest første gong på Manger Folkehøgskole. Vi har mange svært gode folkedansarar med også denne gongen, og ser fram til å kome i gong, fortel Endre Kleiveland, leiar i folkedansrådet i NU. Dei som er med er Merete Lia - Porsgrunn, Sveinung Heide Vaskinn – Manger, Maren Albrigtsen – Bodø, Astrid Bruun Arnesen – Tromsø, Svein Oskar Smogeli – Hamar, Mathias Bjørlo Fett – Oslo, Anna Liv Skjelten Gjendem – Rauland og Carin Funseth – Ärlanda, Sverige. Saman med desse skal Martin Myhr og Bente Hjellum Syvertsen lage ei danseforestilling som skal synast på Folkekulturfestivalen på Hamar 2009. Dei vi også prøve å kome til  Nordlek 2009 i Lahti, Finland og til andre festivalar innanlands. Les meir her.
 (14/11-08)
Rekordoverskot på Landsfestivalen i Skjåk  i sumar
På Årsmøtet i Landslaget for Spelemenn nyleg vart også det økonomiske resultatet for Landsfestivalen i Skjåk offentleggjort. Kappleiksgeneral Randi Rust kunne fortelje leiaren i Landslaget for Spelemenn, Randi Skeie at overskotet vart på heile 700 000. I fjor hadde Landsfestivalen eit overskot på 50 000 og året før eit underskot. Det gode resultatet i år kjem truleg av god økonomistyring, billeg lokalleige og tilnærma monopol på matsal. Les meir her.
 (14/11-08)
Forestillinga SVIV oppført for Kong Harald i Newcastle
Kong Harald vart nyleg utnemnd til æresborgar av Newcastle, og i samband med det vart danseforestillinga SVIV framført i det fine konserthuset Sage Gateshead med den norske ambassadøren som vert.Gro Marie Svidal står som produsent for forestillinga og har med seg Gunnlaug Lien Myhr, Ulf-Arne Johannessen, Torkjel Lunde Børsheim og Tom Karlsrud i produksjonen.
I samband med London Jazz festival nyleg har det også vore ein norsk mini-festival i London.  I tillegg til SVIV vil dei norske musikarane og dansarane også vise teaterforestillinga "den vesle prinsen". Les meir om London jazzfestival her.
 (14/11-08)
Bernt Balchen og Hauk Buen imot samanslåing
Som kjent er det mange som arbeider for ei full samanslåing av dei to folkemusikkorganisasjonane Landslaget for Spelemenn og Norsk folkemusikk og danselag. Men det finst også dei som er skeptiske. Spelemennene Bernt Balchen og Hauk Buen er redd for at ei samanslåing vil gå på bekostning av hardingfelespelet og det som høyrer med til det. Dette les vi i Varden som har intervjua dei to spelemennene om saka. I samband med Kappleiken i Bø denne helga, er det tanken at det skal vere eit møte mellom dei som er skeptiske til ei samanslåing. Les meir her. I kommentarar til artikkelen går mellom andre Svein Nesje og Ragnhild Knudsen inn for ei samanslåing.
 (09/01-08)
Nytt styre i Landslaget for Spelemenn
Nils Øyvind Bergset vart ny leiar i landslaget for Spelemenn Dei andre i styret er dansar Knut Erik Godtland (ny) frå Oppdal, Solbjørg Tveiten frå Tørvikbygd (attval), Torun Raftevoll Rue (attval),  Marte Frihetsli (ny) og Dag Hovda Sture (ny). Mari Eggen og Jon Ellingsen var ikkje på val. Leiaren Randi Skeide slutta etter 6 år, og nestleiar Jan Lislien slutta også etter 6 år, men han hadde også ein 6-års periode på 1980-talet.
 (08/11-08)
Nils Øyvind Bergset ny leiar i Landslaget for Spelemenn
På årsmøtet til LfS i Førde sist helg slutta Randi Skeide etter 6 år som leiar, og ny leiar vart Nils Øyvind Bergset frå Oslo og Numedal. Bergset er ein framifrå dansar og spelemann på torader/trekkspel. Han har vore aktiv i Numedalslaget i Oslo, i Laget for folkemusikk, i BLS og andre organisasjonar.
 (08/11-08)
Ungdomsringane i folkedans i NU har hatt ein kraftig vekst
Dei fleste leikarringar kring om i landet slit med dårleg rekruttering og aukande gjennomsnittsalder på medlemene. Men dei såkalla Ungdomsringane i Noregs Ungdomslag har hatt ein kraftig vekst. Ungdomsringane er regionale grupper der ungdomar frå eit større distrikt møtest iblant til øvingar og festar. Ungdomsringane er: Tromsringen, Ungdomsringen i Salten (URS), Midgardsormen, Ungdomsringen Austlandet (URA), Fylkeslagets Ungdomsring i Aust-Agder (FLUR), Ungdomsringen i Rogaland Ungdomslag (URU), Ungdomsringen i Bergen/Hordaland og den nyaste er Ungdomsringen Bygda dansar i Møre og Romsdal. Les meir hjå NU.
 (07/11-08)
Lite folkemusikk på kulturskolane viser ny undersøking
I ei ny undersøking som Bjørn Aksdal har gjort kjem det fram at ca 40% av kulturskolane tibyr undervisning i folkemusikk. Totalt er det 1078 elevar som tar timar i folkemusikk. Fele er mest populært med 471 elevar, medan det er 266 som får undervisning på hardingfele. Tolv skolar, eller 4,4%, tilbyr undervisning i folkedans. Dårlegast står det til i Nord-Noreg. Grunnane til at det er så lite undervisning i folkemusikk og dans er lærarmangel, manglande etterspurnad og i liten grad økonomi. Les meir her.
 (02/11-08)
Mange deltakarar på Sjokoladekappleiken på Prestfoss
Det var heile 105 unge deltakarar på sjokoladekappleiken på Prestfoss, seier Veslemøy Fjerdingstad til avisa DT. Les meir her.
 (02/11-08)
Felemakar Ottar Kåsa har fått kr 60000 i stipend
Ottar Kåsa frå Arabygdi i Vinje har fått eit stipend på kr 60000 frå Telemark fylkeskommune. Han er nettopp ferdig utdanna som felemakar frå Ole Bull Akademiet. Les meir her.
 (31/10-08)
Knut Buen rundar 60 år utan å feire
Til avisa TA seier han at hen er meir oppteken av å levere ennå feire. I intervjuet held han også fram at han er glad han får behalde fantasien og er gladare i korte impulsive prosjekt enn i lange prosjekt. Det er arbeidet og familien som er viktigast, seier han. Knut Buen er av våre alle fremste spelemenn og ein svært produktiv og dugande kulturarbeidar, innan mange område, som rosemålar, skribent, foredragshaldar, diktar (både i tonar og ord), plateprodusent og mykje anna. Han har gjennom åra fått ei rekkje utmerkingar, er æresmedlem mellom anna i Landslaget for spelemenn og har fått St. Olavs orden. Les intervjuet her.
 (31/10-08)
Tilskot frå Fond for lyd og bilde
Tildelingar frå fondet for hausten 2008 ligg no føre. Til folkemusikkformål er tildelingane slik:

Musikk

Prosjekt

Sum

Den Norske Folkemusikkveka

Komponering

30000

Furebotten, Ragnhild

Turné med R. Furebotten og T. Brunvoll, folkemusik

30000

Kvarts ANS

Turné med Kvarts, folkemusikk

20000

Langeland, Sinikka

Turné med S. Langeland ensemble, folkepoesijazz

30000

Larsen, Gjermund

Turné med Gjermund Larsen trio, folkemusikk

10000

Majorstuen

Juleturné med Majorstuen, folkemsuikk

25000

Mjelva, Olav L.

Turné med Sver, folkemusikk

25000

Tekst

Prosjekt

Sum

Løvlid, Unni

Sangtekster til CD

25000

Vellukka Osafestival
I helga gjekk Osafestivalen på Voss av stabelen, og festivalleiinga er godt nøgd med festivalen. I år var musikk og identitet tema for festivalen. I alt var det 1700 publikum, og det er von om at festivalen økonomisk går i balanse. Det er  Ole Bull Akademiet, Voss Spelemannslag, Voss Ungdomslag og Orkesteret Fossegrimen som står bak festivalen.
 (27/10-08)
Svært vellukka dansefest med Småviltlaget i Oslo
Det er lenge sidan det var så mange på ein dansefest i Storslaen i Nordahl Brunsgt 22 i Oslo. Rundsnuen hadde sin tradisjonelle haustfest - gamaldansfest - denne gongen med Småviltlaget som viktig trekkplaster. Det var over 150 som var påmeldt festen, som byrja med ein fin konsert og dans etterpå. Dei mange som kom fekk full valuta for pengane - Småviltlaget leverte topp dansemusikk, og ca halvparten av dansane var polsar. Nettopp det dei frammøtte ville ha. Folk hadde kome langvegs frå, frå fleire stader i Sverike, frå Manger folkehøgskole og elles rundt om. Biletet viser eit utsnitt frå dansegolvet. Stemninga var stor, og sjølv om det var mykje folk, gjekk det godt an å danse.
 (26/10-08)
Ordskifte om scenefyll på kappleikar
Per Anders Buen Garnås hadee i siste nummer av spelemannsbladet ein artikkel der han tar opp temaet om musikarar som drikk alkohol før dei går på scena på kappleikar. Temaet er teke opp i to innleg i avisa Varden. Her er det eine. I det andre vert Åsmund Nordstoga intervjua, og han meiner at fyll ikkje høyrer heime på ei kappleikscene.
 (26/10-08)
Støtte til folkemusikktiltak
Fond for utøvande kunstnarar har delt ut pengar for 5. gong i år, og også ein del folkemusikktiltak har fått støtte:
Reisestønad
Anderdal, Arne VOSS 12.000
Bjørset, Synnøve S. SKEI I JØLSTER 18.000

Musikk
Bjørset, Synnøve S. SKEI I JØLSTER 20.000
Hamre, Knut GRANVIN 30.000
Hilmarfestivalen STEINKJER 20.000
Laget for Folkemusikk OSLO 16.000
Langeland, Sinikka GRUE-FINNSKOG 40.000
Larsen, Gjermund OSLO 20.000
Løvlid, Unni OSLO 25.000
Majorstuen SKEI I JØLSTER 10.000
Norsk Kvedarforum OSLO 18.000
Sver TØRVIKBYGD 25.000
Dans

Hålien, Silje Onstad OSLO 40.000
Jørn Hilme-stemnet FAGERNES 37.500

Fonogram
Frøholm, Britt Pernille OSLO 20.000
Hamre, Knut GRANVIN 30.000
Slagr v/Anne Hytta OSLO 40.000

 (25/10-08)
Ungdomsgruppa "Snu nordvest" hadde fin samling i Hellesylt
Ca 40 ungdomar frå Møre og Romsdal var samla på Hellesylt for å lære Valdresspringar og halling. Lærarar var Silje Onstad Hålien og Erlend Viken. Samlinga var eit samarbeid mellom Ungdomsringen Snu Nordvest og Hellesylt Ungdomslag. Hellesylt Ungdomslag har mange unge dansarar som var med denne helga. Hellesylt er ei lita bygd, men på kurset hadde dei heile 20 deltakarar, av dei 12 nye gutar. Neste samling er 12. til 14. desember på Nerås i Vestnes. Les meir her.
 (23/10-08)
Jutullaget feira 20 års jubileum med vellukka jubileumsfest
Jutullaget har i mange år vore eit av fåre fremste gamaldansorkester. Dei vart norgesmeistrar på Titanofestivalen på Vinstra i 1993. Og dei vann gull på  Landsfestivalen i Gamaldansmusikk både på Fagernes i 1996, på Oppdal i 2004 og på Harpefoss i 2005. Det starta for 20 år sidan med Jon Amund Karusbakken, Stig Ove Kveen og Inge Gjevre på torader. Dei fekk etter kvart med seg Svein Ove Brun på gitar, Øivind Grindstuen på kontrabass og seinare Bjarne Odde.Det var fullt hus og stor stemning på jubileumsfesten i Vågå kulturhus laurdag. Les meir her.
 (23/10-08)
Jon Faukstad er ukens P2-artist i veke 44
I neste veke er det Jon Faukstad som er vekas P2-artist. Jon Faukstad er professor i akkordion ved Musikkhøgskolen, der han har vore leiar for trekkspelutdanninga sidan 1972, og er ein allsidig musiakar. Men han har sine røter i folkemusikken i Gudbrandsdalen, og P2-programmet med han vil stadig kome innom folkemusikken, seier han i ein kommentar, sjølv om hovudfokus blir på andre typer musikk. Jon Faukstad har vore med på fleire plater med folkemusikk, ikkje minst er han kjent frå samarbeid med Per Sæmund Bjørkum og Hans Brimi.
 (23/10-08)
Vellukka leikfest på Jessheim laurdag 18. oktober 2008
Det var ein vellukka leikfest som dei fem leikarringane på nedre Romerike skipa til på Jessheim 18. oktober. Dei 5 leikarringane var Rakne, Peer Gynt, Sørum, Hunar og Kjerringa med staven. Det var Stomperudlaget som sytte for fin dansemusikk og Marita Ramstad var flink danseleiar. God middag var det også, og kafi utpå kvelden. Det var ca 80 deltakarar, og ein retteleg triveleg, god gamaldags leikfest, med mykje turdans og også ein god del songdans.
 819/10-08)
Gunnar Stubseid får Hilmar-prisen 2008
Rektor ved Ole Bull akademiet og spelemannen Gunnar Stubseid frå Setesdal har fått Hilmar-prisen for 2008. prisen blir utdelt under Hilmar Alexandersen Musikkfestival i Steinkjer 6-9 november. Stubseid har lagt ned eit stort arbeid for norsk folkemusikk på mange område, som spelemann, som lærar, som rektor, som skribent, som redaktør for Spelemannsbladet, som plateartist og administrator. Han har og granska utviklinga av slåttespelet i Setesdal. Han vart kjent gjennom gruppa og plata Slinkombas på 70-talet og kom i år med eigen CD. Tidlegare vinnarar er Susanne Lundeng 1991, Knut Hamre 1992, Leif Inge Schjølberg 1993, Hans Brimi 1995, Sven Nyhus 1999, Petter Andreas Røstad sen. kvartett 2003, Geir Egil Larsen 2004, Majorstuen 2005, Annbjørg Lien 2006, Knut Buen 2007. Les meir her: www.hilmarfestivalen.no
 (16/10-08)
To unge dansarar frå "Drag og dåm" utmerkar seg
Dei to dansarane som avisa rbnett.no skriv om er Anna Liv Skjelten Gjendem (20) frå Molde og Svein Oskar Smogeli (19) frå Vikebukt. Dei er to av 8 utvalde dansarar som har kome med i Noreg Ungdomslag sitt utviklingsprogram for unge dansarar "Sans for dans". Dei to har dansa saman i knappe tre år og har alt gjort seg gjeldande  i folkedansmiljøet. Dei vann mellom anna dans fele klasse B under landskappleiken på Oppdal i sommar og Fylkeskappleiken for Møre og Romsdal 2008. Begge to er med i folkemusikkgruppa Dåm og Drag i Vestnes, der Smogeli spiller både fløyte og fiolin. Les meir her.
 (16/10-08)
Er jentene i ferd med å dominere norsk folkemusikk?
Ja, det spør Adressavisa i ein artikkel der dei påpeikar at jentene gjer seg svært gjeldande på kappleikar, på sal av  plater og på radiokanalenes a-lister. Dei peikar på namn som  Ragnhild Furebotten, Jorun Marie Kvernberg, Unni Boksasp, Sigrid Moldestad, Unni Løvlid, Anne Hytta, Synnøve S. Bjørset, Marit Mattisgard, Øyonn Groven Myhren, Britt Pernille Frøholm, Camilla Granlien og pionerene Kirsten Bråten Berg, Susanne Lundeng og Annbjørg Lien. Dei peikar også på dette: "Under årets Landskappleik i Oppdal hadde tre av fire vokalklasser jenter på toppen, gruppespill hardingfele både senior og junior ble vunnet av jenteduoer, fløyteklassen og spel fele klasse A og B hadde også jenter i teten. I klassene der både gutter og jenter deltok, tok jenter åtte seire, mens guttene fikk ni. Under Folkelarm i Oslo ble åtte av 15 solokonserter framført av kvinner."  På folkemusikkstudiet ved Norges Musikkhøgskole er det 12 studentar, av dei er 9 jenter. Les meir her.
 (16/10-08)
Ingvild Lie er tilsett i valdres Folkemusikklag
Ingvild Lie er tilsett i 40% stilling i valdres folkemusikklag, etter Stian roland osm har fått større jobb i Lea deg - Bygda dansar prosjektet i Oppland. Lie arbeider som lærar ved Øystre Slidre ungdomsskule og er frilans musikar. Les meir her
 (16/10-08)
NU vil lære Stortingsfolk å danse folkedans
Noregs Ungdomslag vil 14. oktober kl 10.15 - 10.45 halde kurs for stortingsrepresentantane i folkedans. Det skal vare ein halv time og foregå i stortingskorridorane. Mellom dei som skal delta er
ove Karoline Knutsen, Gunn Karin Gjul, May Hansen, Espen Johnsen og Britt Hildeng. Dette er ein del av ssatsinga frå NU på danseopplegger Danselyst som skal lære opp lærarar til å kunne undervise i folkedans i skulen.
 (13/10-08)
 
Erlend Apneseth fekk Solgunn Margaret Flaktveit sin minnepris
Under Vestlandskappleiken på Voss i helga fekk Erlend Apneseth Solgunn Margaret Flaktveit sin minnepris på 5000 kr.  Kappleiken var også ei markering av 150 års dagen for Sjur Helgelands fødsel. Les meir om dei  to hendingane her   og her.her.
(13/10-08)
Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen på Rikskonsert-turne
I år er det 20 år sidan artistane Berg og Andersen byrja å samarbeide, og det feirar dei med ein omfattande konsert i oktober og november i regi av Rikskonsertane (som feirar 40 år). Med seg på scena har dei også Bendik Hofseth, Jojje Wadenius og Paolo Vinaccia. Musikken dei spelar er frå dei to bestillingsverka som Andersen har laga: Arv og Sagn. Sagn var bestillingsverk til Vossajazz i 1990, medan Arv var eit bestillingsverk til festspillene i Bergen i 1993, i samband med Edvard Griegs 150-årsjubileum. Les om konserten her. I samband med konsertane har Enebakk Avis eit lengre intervju med Kirsten Bråten Berg.
 (10/10-08)
Tysil-Knut-leken vart ei vellukka tilstelling
Trysil-Knutleken vart arrangert for første gong i haust og vart ein suksess. Programmet var tredelt med både tevlingar, konsertar og seminar. Og det var deltakarar frå Nord i Trøndelag til Oslo. I kappdansen for lag vann røros folkedanslag knepe føre Trysil-Knut dans- og spelmannslag. I alt var det  Totalt var det over 200 deltakarar. Les meir her.
 (10/10-08).
Årinn-festivalen i Kristiansand får fine omtalar
Årets Årinfestival i september var eit samarbeid med jazzfestivalen Punkt. I ei melding frå Norsk folkemusikk og danselag blir det peika på at festivalen har fått mange fine omtalar i norske og utanlandske blad. her er nokre av dei artiklane dei viser til:
Les All About Jazz sin oppsummering her.  Les Dave Mullan sin oppsummering her  Les Fredrik Wandrup sin artikkel her. Les intervju med Unni Løvlid på her. Les artikkel om Árinn/Punkt her.
 
(10/10-08)
Pengar på vent for Kompetansesenter i folkemusikk /dans
I det nye statsbudsjettet er det ingen som får direkte stønad til Kompetansesenter for follkemusikk, dans, jazz og rock. Det er fleire regionar som har søkt om å få opprette slike sentra, etter dei kriteria som Stortingsmelding nr 21 legg opp til. ”Ingen av søkarane har kome langt nok i prosessen til å få pengar no,” seier statsråd Trond Giske. Det betyr at det er pengar i bakhand som kan bli nytta i løpet av 2009.
 (09/10-08)
Osa-festivalen vert opna av Åse Kleveland
Det er direktøren for rikskonsertane som opnar årests Osa-festival på Voss 23-26 oktober 2008. Det er ei lang rekkje av våre beste folemusikarar som vil vere med i det rikhaldinge programmet på festivalen. Sjå her for oversikt over programmet og liste over utøvarane.
 (09/10-08)
Noregs Ungdomslag nøgd med statsbudsjettet
Marit Jacobsen, generalsekretær i Noregs Ungdomslagseier i ein kommentar: "Statsbudsjettet for neste år er meir positiv lesnad for oss som er opptekne av folkemusikk og folkedans enn tidlegare. Rådet for folkemusikk og folkedans får ei auke på 2,15 millionar kroner. - Nytt i 2009 er at støtta til Noregs Ungdomslag sitt folkedansarbeid går igjennom rådet og denne er auka frå i fjor. Vi ser dette som ein start i opptrappinga av ei større satsing på norsk folkedans." Les meir her.

 (09/10-08)
Mykje positivt for folkemusikken i statsbudsjettet
I ei presseemelding frå Norsk Folkemusikk og danselag (NFD) skriv Lene Furuli at statsbudsjettet er gledeleg for folkemusikken, og dagleg leiar i NFD haldis Gjølme er nøgd. NFD får 2,6 mill i stønad, og det er ein auke på 0,8 mill. Det har kome ein ny post på 10 mill som er Tilskotsordning til arrangører. Dessutan er det 3 mill meir i ensemblestøtte, og det vil også kome folkemusikken til gode.
Riksscenen får 4,5 millionar kr i budsjettet for 2009, ein auke på 2 millionar kr frå 2008. Rådet for folkemusikk og folkedans får 9,3 millionar kr, ein auke på 2,1 millionar kr frå 2008. Førde Internasjonale Folkemusikkfestival får 4 millionar kr i budsjettet for 2009, ein auke på 800 000 kr. Også redaktør i Spelemannsbladet Knut Aastad Bråten er nøgd med budsjettet. I det nye Spelemannsbladet (nr 6/2008) siterer han Trond Giske: ”På mange måtar er dette budsjettet eit uttrykk for at det no er folkemusikkens tur.”  Sjå meir her.
 (08/10-08)
Egil Bakka får St. Olavs orden
Professor Egil Bakka vil bli tildelt St. Olavs Orden på Ringve museum tirsdag 18. november kl 19.00. Bakka får utmerkinga for sin store innsats for arbeidet med norske folkedanstradisjonar.
"Han har gjennom mer enn førti år bygd opp et omfattende dokumentasjonsarkiv om tradisjonsdans i Norge og samtidig formidlet forskningsbasert kunnskap både i et allment formidlingsperspektiv og som grunnlag for akademisk utdanning," skriv kansellisjef Egil Vindorum ei pressemelding. Bakka starta med innsamling av folkedans på 60-talet og har heilt sidan Rådet for folkemusikk og folkedans vart oppretta tidleg på 70-talet stått i spissen for folkedansarbeidet der. Han har lagt ned eit stort forskningsarbeid innan feltet, har vore ein sentral aktør i å formidle informasjon om dans gjennom bøker og foredrag og vore sentral også innan nordisk og internasjonalt arbeid med folkedans. Ikkje minst har han gjort ein stor innsats ved å byggje opp eit heilt studium innan follkedans ved NTNU, og vore den sentrale læraren der. I 1970 ga han ut rettleiingsboka i folkedans "Danse danse lett ut på foten" og var sentral i arbeidet med å revidere Klara Sembs rettleiingsbøker i songdans og turdans.  I 1978 ga han ut den populærvitskapleg "standardboka" "Norske dansetradisjonar". Han er sekretær for Rådet i folkedanssaker, fagansvarleg for folkedans og professor i dansevitskap ved Institutt for musikk, NTNU. Les meir her.  Les også her.  Eit intervju med Egil Bakka her. (foto: Rff-senteret)
 (07/10-08)
Magnhild Winsrygg er død
Det har kome melding om at folkedansaren og pedagogen Magnhild Winsrygg er død. Gjennom svært mange år la ho ned eit stort arbeid for folkedansen i Oslo-området, som dansar og leiklærar, særleg i Sogn og Fjordaneringen og i BLS. Ho ga også ut ei lærebok i folkedans. Ho var æresmedlem i Sogn og Fjordaneringen i Oslo. Ho blir bisett frå Haslum Krematorium, Lille kapell fredag 10. oktober kl 10.30.
 (07/10-08)
Kvarts feirar 10 år med jubileumskonsert
Kvarts sin jubileumskonsert er i Oslo torsdag 16. oktober i NRK studio 19.
Med seg på konserten har Kvarts fått ingen ringare enn Jonas Fjeld, Trio Mediæval og Birger Mistereggen! Heilt frå starten for 10 år sidan har gruppa Kvarts vore ei av våre mest omtykte folkemusikkgrupper. Kvarts er den einaste folkemusikkgruppa som har vunne to Spellmannprisar.
 (02/10-08)
Årests Folkemusikkartist vart Valkyrien Allstars
Folkelarm 2008 er over, og Folkelarmprisane 2008 er utdelt. Den viktigaste prisen gjekk til Valkyrien Allstars: Dei vart Årets folkemusikkartist.  Andre vinnarar vart: Årets soloplate: Kim André Rysstad / Tak hardt uti hand (Etnisk musikklubb), Gamaldans / tradisjonelt samspel: Vegar Vårdal og Patrik Andersson / Finnskogen brinner (ta:lik), Årets nyskapande album: Niko Valkeapää / Birrat Birra (Duippiditt), Åpen klasse: Niko Valkeapää / Birrat Birra (Duippiditt), Årets nykommer: Valkyrien Allstars / Valkyrien Allstars (Heilo, Grappa musikkforlag), Årets dokumentasjonsalbum: Diverse artister / Viser på vandring i Norden (Etnisk musikklubb).
(01/10-08)
Folkelarm 2008 er godt i gang
Folkelarm 2008 er eit stort arrangement og på kveldstid foregår det spel på 5 scener samtidig. Vi var i går  - torsdag - innom dei to scenene
John Dee, John Dee Pub
, og der kunne ein få med seg samanhengande serie med konsertar - det var halvtimes konsertar på kvar scene Vi fekk med oss konsertar med Flukt, Johanna Juhola, Camilla Granlien Band og Valravn, og dessutan Sudan Dudan, Nico Valkeapää duo og Bruvoll Halvorsen. Alt saman svært ulike konsertar, som det kvar for seg var moro å få med seg. Mest trøkk var det med gruppa Valravn, og dei synest også å rive med seg publikum mest. På biletet ser vi Sudan Dudan i aksjon. Les meir på nettsidene til folkelarm   
 (26/09-08)
Dei nominerte til Folkelarm-prisane 2008 er nå klar
Laurdag kveld i Gamle Losjen blir årets Norwegian Folk Music Awards delt ut med Steinar Ofsdal og Hannah Wosene Kvam. Det er i år 70 plater som jurien har hatt å velje i innan desse klassane: Årets solo-album, Gammeldans og tradisjonelt samspill, Nyskapende, Åpen klasse, Årets nykommer og Årets Dokumentasjonsutgivelse. I tillegg deler juryen ut pris til Årets folkemusikkartist.
Vi merkjer oss at alle tre nominerte i solo-klassa er frå Setesdal og at Valkyrien Allstars er nominert i fleire klassar. Oversikt over alle nominerte finn du her.
 (22/09-08)
Folkelarm 2008 er like om hjørnet
Den svært vellukka festivalen og lanseringsarenaen Folkelarm 2008 er like om hjørnet, og med ei imponerande samling av gode grupper og solistar innan folkemusikk /verdsmusikk. Dei fleste er frå Noreg, men mange er også frå utlandet. Les om dei ulike artistane her.
 (21/09-08)
Storm Weather Shanty Choir med stor turne i november
Det omtykte shanty koret skal på ein konsertturne til mange stader i landet. Dei skal også deta på Folkelarm 2008, der dei er ein av dei 34 artistane/gruppene som er med i det offisielle programmet. Les meir om det her.
 (21/09-08)
Langt intervju med Camilla Granlien på MIC
I samband med Folkelarm 2008 har Mic eit langt intervju med Camilla Granlien (på engelsk). Les intervjuet her.
 (21/09-08)
Langt intervju med Kim Andre Rysstad på MIC
I samband med Folkelarm 2008 har MIC eit langt intervju med den dugande kvedaren frå Setesdal, som i fjor ga ut plata "Tak hardt ut i hand". Les intervjuet her.
 (21/09-08)
Sjå animerte kjemper danse halling!
I dataspelet "Age of Conan" dansar kjempene halling. Det skal vere Solveig Hårdnes og Hallgrim hansegård som har vore "modell" for dei som har laga animasjonane. Sjå her på
 youtube.com.
 (20/09-08)
Håvard Svendsrud gir ut CD med Per Bolstad slåttar
Trekkspelaren Håvard Svendsrud har gjeve ut ein CD med Bolstad-slåttar på Norilds Musikk på Sjøholt. For den litt eldre generasjon vil Per Bolstad (1875-1967) vere godt kjent frå radio. Han hadde slekta si frå Stryn men budde det meste av livet i Ålesund. Han komponerte 600 melodiar, og vart svært populær med si fele og sitt orkester. Av kjente melodiar kan vi nemne
Melodititlane avspegla også at han var ein reisande spelemann, ”En aften på Grotli”, ”Hilsen til Vågå”, ”Sommerkveld på Videsæter”, ”En aften på Erdal”, ”Moldenserpolka” og ”Stryningen” og ”Fagre Stryn”. Kjell Opsal i Norilds Musikk hevdar at musikken til Bolstad har vore alt for lite framme. Håvard Svendsrud (34) er busett i Oslo og har eit internasjonalt namn som musikar. I orkesteret på Bolstadplata har Svendsrud med fele, bass og gitar og trekkspelveteranen Rolf Nylend er også med på eit par spor. Les meir på www.hsvendsrud.com eller www.norilds.no
 (20/09-08)
Fin minnekonsert for Manheim-brørne i Seljord
I Seljord var det nyleg ein fin minnekonsert for Gudmund (1918-1991) og Magne (1926-1997). Det var 250 til stades i salen og mange dugande spelemenn deltok. Det var ikkje minst Seljord spelemannslag, skipa i 1991, og mange unge krefter frå bygdas musikkskule var med. Av folk utanfrå var Hallvard Bjørgum, Alf Tveit, Stein Versto, Einar Øverland med. Det var også felespelaren i Valkyrien  Allstars, Erik Sollid. Han har også Manheims-blod i årane, og spela på den fine Røstadfela til Magne Manheim. Les meir her.
 (20/09-08)
Øyonn Groven Myhren framfører eldgamal Oslo-tradisjon
Førstkomande onsdag 24. september har Øyonn Groven Myhren konsert i Oslo Ladegård. Ho skal framføre gamalt tradisjonsstoff frå Oslo, mellom anna
700-år-gamle balladar med direkte referanse til Oslo Middelalderby. Les meir om det her: oslo.kommune.no og i dagsavisen.
 (20/09-08)
Knut Buen har mange jarn i elden
I haust har han gjeve ut to CD'ar og ei bok. Den eine CD'en heiter "Tonebod" og er laga saman med  Bugge Wesseltoft, Anne Gravir Klykken og japanske Michiyo Yagi. Han har også gjeve ut «Best of-album» saman med avisa TA. Boka som nettopp har kome ut heiter "Sitring" og inneheld dikt som han har laga gjennom fleire år. Les meir her.
 (20/09-08)
Jan Beitohaugen Granli får 200 000 i stipend
Oppland Fylkeskommune har tildelt Jan Beitohaugen Granli eit toårig arbeidsstipend på til saman kr 200000. Den andre som har fått stipend er saksofonisten Lena Lien. Ein av dei som mottar stipendet skal vere folkemusikar. Målet med stipendet er å gje musikaren rom til å kunne konsentrere seg om å utvikle ei musikarkarriere. Tidlegare folkemusikarar som har fått stipendet er Vegar Vårdal og Andreas Ljones.  Les meir her.
 (20/09-08)
Frikar-akademiet hadde samling i Valdres nyleg
Dei 4 valdrisane
Silje Onstad Hålien, Brita Haldis Blomlie, Anita Langødegard og Ådne Kolbjørnshus var med på første samlinga på Frikar-akademiet, der hallgrim Hansegård er hovudlærar. Elevane fekk opplæring i tøyakrobatikk, som betyr å boltre seg i tøystrimlar som heng ned frå taket. Les meir her.
 (20/09-08)
Fire junior-spelemenn frå Gausdal til USA
Det er fire medlemer i juniorspelemannslaget som skal underhalde på 25 års jubileet til Norwegian Shipping Club i Florida. Dei som skal avgårde er Sigrid Graedler Listuen, Inga Volden Inger Olstad og Martin Graedler. Les meir her.
 (20/09-08)
Munnharpe i folkemusikktimen søndag 21. september
Denne helga har Norsk Munnharpeforum 10 års jubileum, som vert avvikla på Folkemuseet i Oslo. I folkemusikktimen 21. september blir det mykje musnnharpe å høyre. Les meir her.
 (20/09-08)
Statue avduka av Torger Iverstugun i Skåbu
I Skåbu vart det nyleg avduka ei statue av Torger Iverstugun. Han var ein svært allsidig kultubærar i byga:
Spelemann, komponist, folkemusikksamlar, diktar og den praktiske lokalpolitikaren. Mange hadde møtt fram du statuen vart avduka sist laurdag. Les meir her.
 (20/09-08)
Ny vinnar av Intro-FOLK skal kårast i 2009
Den 1. oktober går fristen ut for å melde seg på i tevlinga Intro-FOLK 2009. Vinnaren blir kalla Årets unge folkemusikar, og juryleiar er Åse Kleveland. Den første vinnaren vart Majorstuen i 2005 og den andre var Benedicte maurseth i 2007. Formålet med tevlinga er å styrke norsk og samisk folkemusikk. Les meir her.
 (20/09-08)
SAFFA i Akershus har fått ny fin heimeside
SAFFA står for Samarbeidsorganet for folkedans og folkemusikk i Akershus. Dei har nå fått ny heimeside. Dei har nå 36 dansegrupper og 23 musikkgrupper som medlemer. SAFFA har kvart år eit kurs i byrjinga av januar På Sørmarka utafor Oslo der dei gjev opplæring i ulike dansar og spel på fele og trekkspel. SAFFA har også vore engasjert i GAmle Hvamsdagen med dans og musikk. Det er både vanlege leikarringar, gamaldansgrupper og bygdedansgrupper som er med mellom dansegruppene.
 (17/09-08)
Endringar i prosjektet "Lea de"
"Lea de" er namnet på det tredje prosjektet i serien "Bygda dansar" og omfattar Oppland fylke. Prosjektet bygda dansar har nå vore i gang i fleire år, med Sigurd Heide som prosjektleiar og Stian Roland frå Valdres som lokal prosjektmedarbeidar på deltid. Nå har Sigurd Heide kome inn på masterstudiet i koreografi ved Kunsthøgskolen i Oslo som ein av tre nye studentar, og den einaste og første med folkedansbakgrunn. Heide vil halde fram som prosjektleiar i Bygda dansar _Lea deg i redusert stilling medan Stian Roland får utvida si stilling til full. Les meir her.
 (17/09.08)
Rff prisen for 2008 er tildelt Elias Akselsen
Rff-prisen for 2008 er tildelt musikeren og tradisjonsformidleren Elias Akselsen, Skarnes (f. 1947).  Prisen som er på kr. 15.000 blir delt ut under Representantskapsmøtet i Rådet for folkemusikk og folkedans i Trondheim 16. oktober. Elias Akselsen er fødd på Årnes i Nes, Hedmark i 1947.  Han har sin tradisjonsbakgrunn i taterkulturen og har gjennom ei årrekkje formidla taterviser og historier frå tatermiljøet både på konsertar på CD.
 (15/09-08)
Hilmarfestivalen får Festivalartist
Hilmarfestivalen har bestemt at det kvart år skal utpeikast ein festivalmusikar som kan vere med på å sette preg på festivalane.
Årets artist er Frode Fjellheim frå Trondheim. Han er sørsamisk musikar og komponist, kjent gjennom ei rekke prosjekt. Han har komponert musikk til 25 teateroppsettingar, fire filmar pluss ei rekke dokumentarproduksjonar for TV. I tillegg har han laga 15 bestillingsverk til ulike festivalar og arrangement, og har delteke i 28 plateinnspelingar. Hans mest kjente grupper er Transjoik og Tango Consertino. Les meir her.
 (15/09-08)
Ny dansebutikk i Oslo
I Oslo er det opna ein ny dansebutikk, Storgata 13. Butikken heiter Oslo Dance & Fitness Store. Dei har også nettbutikk. Men der ser ikkje ut til å vere mykje for folkedansarar. Bunadsko kunne eg ikkje finne.
 (12/09-08)
Plateslepp med Bergen Mandolinband 20. september
Platesleppet er på Gamla kl 21.00. Dette er gruppa sin 6. CD. Med i orkesteret er
Olav Christer Rossebø (mandolin og feler), Ståle Holgersen (mandolin), Gaute M. Sortland (gitar og vokal), Ingemund Askeland (munnspel og banjo) og Kjetil Olai Lundø (bass).
 (12/09-08)
Valkyrien Allstars har fått gullplata
Litt forseinka kan vi melde at Valkyrien Allstars har fått gullplata for sitt debutalbum "Valkyrien Allstars". Gullplata vart utdelt i juli på valkyrien. I tillegg til å selje godt, har gruppa i sumar også spela på svært mange festivalar, og må reknast som ein vinnar på det området også.
 (12/09-08)
Honndalstausene feirar 25 år med ny CD
"Gamle Nordfjord" er namnet på den nye CD'en som vart lansert i Honndalen nyleg.
Her var det fullsett av publikum då tausene spela opp dei fyrste tonane på ”Gamle Nordfjord”, som er tittelsporet på CD-en. Utgjevinga inneheld fleire nyinnspelingar, i tillegg til stoff frå dei tre tidlegare utgjevingane. Særleg frå debutplata ”Honndalstausene”, som ikkje lenger er tilgjengeleg på marknaden. CDen har vorten motteken med stor glede av eit breidt publikum, som no ser fram til nye høve til å svinge seg til tonar frå Honndalstausene. Foto: Gitte Johannessen.
HONNDALSTAUSENE:
Synnøve Hjellbakk Hole {f. 1963}, Hellesylt.Gunn Sølvi Gausemel {f. 1963}, Bærum.Torunn Raftevold Rue {f. 1964}, Flatdal.Gunnhild Sindre {f. 1964}, Stryn.Bente Storbakken f. Tomasgård {f. 1965}, Krokstadelva.Tone Lien Dyrkorn {f. 1965}, Oslo.Marianne Tomasgård {f. 1966}, Ski.
 (09/09-08) 
Symra hadde svært vellukka hausttur til Ringsaker.
I Leikarringen Symra er det ein 30 års tradisjon å dra på fjelltur om hausten i byrjinga av september. I år gjekk turen til Ringsaker, med overnatting på det staselege hotellet Høsbjør, med utsikt over store deler av Ringsaker og Mjøsa. Det vart ikkje så mykje fjelltur denne gongen, men hyggelege og lærerike turar i det frodige kulturlandskapet. Ein kjent lokalhistorikar Erik Skjeseth var omvisar på Stein gard med helleristingar, Mjøskapellet, spennande geologi og ikkje minst den flotte Ringsaker kirke. Så vart det spasertur langs Præstvegen, og framom Prøysenstua og til  Prøysenmuseet. Om kvelden vart det stildans i den fine ballsalen på Høsbjør. Vidare vart det vandring langs pilgrimsleia tilbake til Hamar. På Stein gard fekk vi også auge på ei ku som gjerne ville ta seg ein tur på Mjøsa "i ein sprukken holk" (sjå biletet). Det var bortimot 40 på turen, som vart velsigna med fint haustver. Sjå mange bilete her..
 (08/09-08)
Langt intervju med Unni Løvlid - nesten konstant på reise
Unni Løvlid er ei av våre fremste folkemusikarar og fortel i eit intervju med Ballade at ho nesten er konstant på reise. Ho er frå Hornindal og bur i Oslo, men har sitt publikum over heile landet og i utlandet. Les meir om det ho meiner her.
 (19/09-08)
Kurs i Danselyst - dans i skole og barnehage
Kurspakka Danselyst er utvikla av Noregs Ungdomslag og tar sikte på å gjere det lettare å ta folkedansen i bruk i skole og barnehage. I oktober blir det arrangert 4 dansekurs for lærarar i skule og barnehage. Det er i Kristiansand, Oslo, Bergen og Trondheim. Kurset i Kristiansand er 8. oktober og i Oslo 9. oktober. I Bergen er det 22. oktober og i Trondheim 23. oktober. På dei to første kursa er Marianne Dahl og Vegar Vårdal lærarar, og på dei to siste
Gro Vetås og Endre Kleiveland. Les meir om kursa her.
 (17/09-08)
Brei interesse for norsk folkemusikk i utlandet
I ei pressemelding skriv Lene Furuli at det er mange norske folkemusikarar som i sommar har hatt stor suksess på utanlandske scener. Karl Seglem spelte i Portugal, Tyskland og Bulgaria tidlegare i sommar med stor suksess, Majorstuen har gjesta store festivalar i Tjsekkia, Estland og i august Frankrike. Benedicte Maurseth og Gamaltnymalt tek seg av Quebec og Unni Løvlid har vore med på eit større prosjekt i England og saman med Hallgrim Hansegård i Italia. Norsk folkemusikk tek god plass på utanlandske scener i sommar. Nyleg reiste GamaltNymalt og Norsk folkemusikkformidling til festivalen La Grande Rencontre i Quebec, Canada. Les meir her.
 (04/09-08)
Dalakopa kjem med ny CD
Gruppa Dalakopa har halde saman i 23 år og det er deira 9-ande plate som no kjem ut. CD'en heiter "Trø".
På plata er det tradisjon, nyskaping og god dansemusikk: Brudevalser, ringleender, masurka og pols. Dalakopa vart stifta  i 1985. Gruppa har base på Røros og i Nord-Østerdalen. Plater: Dalakopa (1986) På viddene Villdans og Honning (1991) Høysnu (1993) E vi alle ihopa (1996) Trøndertrøkk med Dalakopa (1998) Grenseløst (2000) Elixir (2006) Medlemmene i gruppa er: Oline Sofie Bakkom Härdelin: Fele. Thore Härdelin: Fele, vokalist. Bent Jacobsen: Kapellmester, trekkspill, orgel, fele. Jens Nygård: Fele. Mary Barthelemy: Fløyte, fele. Stein Nygård: Trekkspill. Roar Kjeldsberg: Bass . Ole Anders Feragen: Gitar . Les meir her.
 (04/09-08)
Gard Nergaaard vann "Eckbo legaters pris 2008"
Under Telemarkfestivalen i sumar vart
Gard Nergaard (15) frå Marnardal tildelt «Eckbo legaters nasjonale folkemusikkpris for unge utøvere». Han sat i salen då prisen vart delt ut og visste ikkje at det var han som skulle få han. Les meir her.
 (04/09-08)
Stor interesse for NU sitt danseprosjekt "Sans for dans 2009"
Noregs Ungdomslag melder at det er stor interesse for å kome med på danseprosjektet "Sans for dans 2009". Det er ca 20 gode dansarar som kjemper om å få vere med. Sans for dans er Noregs Ungdomslag sitt talentutviklingsprogram for unge folkedansarar. Martin Myhr og Bente Hjellum Syvertsen har det faglege ansvaret denne gongen. I løpet av 4 helgesamlingar skal 8 dansarar, saman med profesjonelle dansepedagogar og musikarar, skape ei danseframsyning med premiere under Folkekulturfestivalen 2009 på Hamar. Les meir her.

 (04/09-08) 
Dei kjente danske folkemusikarane Haugaard & Høirup gir seg
Haugaard & Høirup har spela saman i 10 år og har vore i fremste rekkje i dansk og nordisk folkemusikk. Men frå årsskiftet sluttar dei, fortalde dei på festivalen Tøønder i Danmark.Les meir om dei framgangsrike musikarane her.  Les også her intervju med Hrald Hougaard.
 (02/09-08)
Annbjørg Lien lite nøgd med dagens journalistar
Journalistane i dag har som oftast dårleg tid og er mindre førebudd enn for ein del år sidan, seier Annbjørg Lien til Journalisten.no. Les meir kva ho meiner i det lange intervjuet i Journalisten.
 (02/09-08)
Vellukka gamaldansfestival på Bjerka i Rana
Rana Blad kan fortelje om fin stemning og mange glade dansarar på gamaldansfestivalen på Bjerka. Les meir her.
 (02/09-08)
Seks vellukka festivaldagar i Farsund
Nordsjøfestivalen kan rapportere om nok ein vellukka festival med folkemusikk og dans og song frå landa rundt Nordsjøen. Festivalleder Tor Steinar Fromreide fortel til Farsund avis at det igjen har vore oppgang i billettsalet, og både musikalsk og for publikum har det vore ei positiv utvikling. Les meir her.
 (02/09-08)
Mange fornøgde deltakarar på "Dansen mellom elvene"
I Elevrum har "Dansen mellom elvene" gått av stabelen. Og Østlandingen kan melde om glade deltakarar både i halling og i gammelpols. Les meir her.
 (02/09-08)
Ulike meiningar om klassedelingar på Landskappleik/Landsfestival
Som kjent skal det neste år vere både Landskappleik og Landsfestival på same tid, og for å få det til blir det viktige endringar i klasseinndelingane. I staden for A-, B-, C- og D-klasse blir det i år junior og senior. Les meir om ulike meiningar om dette Her og andre stader.
 (26/08-08)
Årinn går av stabelen 5-6 september i Kristiansand
I år blir festivalen arrangert i samarbeid med festivalen PUNKT. Som dei siste to åra er Årinn ei blanding av seminar, kulturpolitiske møte og konsertar med tradisjonsmusikk. Årinn vart arrangert for første gong i Kristiansand, og er no tilbake i byen. Les meir her.
 (26/08-08)
Synnøve S. Bjørset skal lære sogningar å spele hardingfele
I haust startar dei kurs i hardingfelespel både i Lærdal og Årdal. Dette er å rekne som ei starthjelp og vona er at Kulturskulane skal overta stafettpinnen, seier Bjørset. Les meir her.
 (26/08-08)
Gruppa Fribo på omfattande turne i Noreg
Denne gruppa har medlemer frå Noreg og Storbritania og spelar folkemusikk frå begge områda. Dei legg ut på ein omfattande turne frå midten av september - mange stader på Sunnmøre. Sunnmøre er nok valt fordi det norske medlemet Anne Sofie Linge Valdal  er frå Valldal på Sunnmøre. Les meir her.
 (26/08-08)
Toraderskulen på Voss startar friskt på nytt
Voss Ungdomslag hadde i våt kurs i toraderspel for vaksne og born, og vil no halde fram med eit litt anna opplegg. Les meir her.
 (26/08-08)
Eit omfattande program på Columbi Egg i Bergen
Vår kanskje fremste folkemusikkpubb Columbi Egg i Bergen har lansert haustprogrammet sitt og det er eit omfattande og godt program. Her er kjente namn som Majorstuen, Odd Nordstoga, Gamaltnymalt og Storm Weather Shanty Choir. Dessutan blir det program med Olav H. Hauge, musikk frå Storbritannia og mykje meir. Les heile programmet her.
 (26/08-08)
Nytt nummer av Spelemannsbladet
Eit nytt nummer av Spelemannsbladet har nyss kome. Her er det sjølvsagt mykje om Landskappleiken, om folkemusikkarkiv i Østfold, intervju med avtroppande leiar i LfS Randi Skeide, om Folkelarm, kronikk, leiar om mediedekning. Les meir her
.
 (26/08-08)
Ørjedagen med folkemusikk og dans 31. august
Det er mange aktivitetar som vil foregå på Ørjedagen søndag 31. august. Det er Østfold musikkråd og Haldenvassdragets kanalmuseum som inviterer. Det blir fleire kurs, i spel, dans og song, og om kvelden held Sofia Karlsson, Mats Berglund og Martin Hederos konsert. Når det gjel dans blir det kurs både i springdans frå Østfold og Finnskogspols. Les meir her.
 (26/08-08)
Flott folkemusikkonsert i Hvitsten i helga
I to år nå har det på Ramme Gaard - Petter Olsens flotte, økologiske herregårdsanlegg i Hvitsten – vore "Ramme Rokke Festival". I helga stod nordisk folkemusikk på programmet. Med i programmet var mellom andre Valkyrien Allstars, Hedningarna, Annbjørg Lien/Steinar Ofsdal/Kirsten Bråten Berg/Bjørn Ole Rasch og en nysammensatt internasjonal jentegruppe med Anne Hytta i spissen. Les meir og sjå mange bilete frå konserten her.
 (26/08-08)
Varierte kurs på Klones i Vågå
Helga 19. - 21. september blir det arrangert kurs i folkemusikk, dans og teater på Klones i Vågå. Kurset er for aldersgruppa 8 - 16 år, og instruktørar er Tonje Barkenes (fele), Geir Thorud (toradar), Stein Magne Eggen (trekkspel), Anders Aasberg (halling), Jertru Stallvik (teater) og Tor Stallvik (danseteater). Deltakarane kan overnatte på Klones, og det er lagt opp til mykje sosial aktivitet i tillegg til kursa. Påmeldingsfrist er 15. september og kontaktinformasjon finn du her.
  (26/08-08)
Symra på vellukka danseturne i USA
Leikarringen Symra i Oslo har nettopp komen att frå ein vellukka danseturne i USA - i Seattleområdet. Turen varte i nesten 3 veker, medrekna nokre feriedagar i San Francisco. Dei hadde framsyningar i fleire byar: Seattle, Junction City, Portland og Poulsbo. I Junction City var dei til stades på den store festivalen Nordisk Folkedansfestival. Turen vart avslutta med Norsk Folkedans Stemne på Camp Brotherhood utafor Seattle. Her møtest kvart år folkedansarar og rettleiarar frå USA og Canada for å lære norsk folkedaans, og i år var det Symra som hadde fått i oppdrag å stå for undervisninga. Overalt vart Symra mottekne på aller beste måte, og dei fekk overalt mykje skryt for eit fint folkloreprogram.  Her kan du lese meir om ferda til USA og så mange bilete. Biletet er frå ei av framsyningane i Junction City.
  (25/08-08)
Vellukka Barnlek 2008 avvikla i Porsgrunn
Det var heile 1600 påmelde til det nordiske folkedansstemnet for barn i Porsgrunn sist helg. Av desse var heile 900 frå Finland. Les meir om stemnet her. Les også kva Noregs Ungdomslag skriv om stemnet. Les også kva Nationen skriv om barnestemnet.
 (08/07-08)
Gabriel Fiflet - møt han i eit stort intervju i Ballade
Den allsidige musikaren frå Bergen er aktuell på fleire måtar både i førde og i Bergen og andre stader. Som kjent er han drivande kraft i folkemusikklubben Columbi Egg i Bergen, også på besøk i førde under festivalen. Les i Ballade her.
 (08/07-08)
Nordisk Folkedansfestival avvikla på ein vellukka måte
Det er Leikarringen Huldra i røyken som står bak Nordisk Folkedansfestival. Han vart arrangert første gong i 1981. I år er det 150 folkedansarar frå Noreg, Danmark, finland, Sverike og Åland. Les meir her.
 (08/07-08)
Talentpris til 20 år gamle Ingrid Stubhaug frå Naustdal
Sparebanken Vest sin nye Talentpris for unge utøvarar vart delt ut til Ingrid Stubhaug frå  Naustdal. Ho har spela fele sidan ho var 7 år gamal, og har mange gode kappleikplasseringar bak seg. Ho spelte seg opp i A-klassen på Landskappleiken i fjor. Les meir her.
 (08/07-08)
Ingunn Bjørgo vart auksjonert bort til eit damesselskap!
Under markeringa av Schous Kulturkvartal, auksjonerte Riksscenen bort ein spelemann. Vanja Jagedal fekk tilslaget, og sist laurdag dukka Ingunn Bjørgo opp i Vanja og venninnen Ragna Vikøren sitt party - med 25 damer på Bekkestua i Bærum. Les meir her.
 (08/07-08)
Bli ein betre folkedansar: "Norsk folkelig dans"
Dette er eit samlingsbasert vidareutdanningskurs for deg som vil utvikle din eigen dansestil og lære meir om tradisjon, stil, takt, rytme etc. Kurset vil også folusere på sjølve tanseteknikken, folkeleg rørsemåtar, balanse, rotasjon, samdans etc. Les meir her.
 (08/07-08)
Svært vellukka Landskappleik fekk Olavsrosa
Endå til Dagens Næringsliv skriv positivt om Landskappleiken denne gongen. På meisterkonserten søndag fekk Landslaget for spelemenn tildelt Olavsrosa for arrangementet. Stemneleiaren Knut Erik Gotland i spissen for 550 frivillige fekk mykje ros og takk for fin innsats. Les om kappleiken i lokalavisa Opdalingen.
 (08/07-08)
Camilla Granlien vann kongepokalen under Landskappleiken
For tredje året på rad vann Camilla Granlien Ringebu spelemannslag vokal folkemusikk klasse A, og i år fekk ho også kongepokalen. Andre plassen vart delt mellom Unni Boksasp og Åshild Vetrhus. I spel hardingfele klasse A vart Olav Mjelva Luksengard best med Jan Beitohaugen Granli på andre plass og Per Anders Buen Garnås på tredje. I fele klasse A vann Nina Owren Furuli, med Andreas Bjørkås på andre og Mari Eggen på tredje plass. I lausdans klasse A vart Martin Myhr  og Sigbjørn Rua best, og på tredjeplass  Ulf-Arne Johannesen . Her kan du finne alle resultata frå kappleiken
 (08/07-08)
Ny festivalrekord under Førdefestivalen
Festivalleiar Hilde Bjørkum kan fortelje om ein svært vellukka Førdefestival med ny publikumsrekord, godt over dei 25000 som tok del i fjor. Ho fortel også at det har vore framifrå tilbakemeldingar frå artistar og publikum. Det er til NRK Sogn og Fjordane Bjørkum fortel dette. Les meir her.
 (08/07-08)
Det går mot ein folkemusikkorganisasjon
Landslaget for Spelemenn og Norsk folkemusikk og danselag har sendt ut ei pressemelding der det framgår at dei to organisasjonane vil arbeide for at dei skal bli ein organisasjon. Arbeidet fram mot dette skal starte straks. Styra i dei to organisasjonane vil arbeide mot ein organisasjon for på den måten å få til ein meir slagkraftig organisasjon og unngå parallelle strukturar som arbeider med det same. Les meir her.
   (08/07-08)
Stemnesesongen eller festivalsesongen er over oss
Det er mange festivalar som står for døra men ein del er faktisk avvikla allereide, slik som Folkemusikkdagane i Ål, og BLS-stemnet på Folkemuseet i Oslo. Biletet viser litt av stemnetoget i det strålande veret i byrjinga av juni. Her kan du sjå fleire bilete frå stemnet.
  (22/06-08)
Landskappleiken startar onsdag 25. juni i Oppdal
Det er ikkje mange dagar til Landskappleiken 2008 startar - onsdag 25. juni 2008. På Internett kan ein no finne detaljert program for alle kappleikdagane og oversikt over alle som skal vere med på dei ulike tevlingane. På onsdag er den store klassen Lagdans senior der det deltar 29 ulike lag, elles er det ein del eldre folkemusikkinstrument, mellom dei langeleik. Dans fele kl B på torsdag er som venta ei stor klasse med 27 deltakarar. Og i dans hardingfele kl B er det heile 30 deltakarar (på fredag). Spel i klasse B er på torsdag og der er det 23 og 24 deltakarar. I vokal folkemusikk klasse B er det 18 deltakarar (fredag). I spel hardingfele klasse A (fredag) er det 16 deltakarar og i spel fele kl A (lauardag)er det 17 deltakarar. I dans fele kl A (fredag) er det 21 deltakarar, og dans hardingfele kl A (laurdag) er det også 21 deltakarar. I vokal folkemusikk klasse A (laurdag) er det 7 deltakarar og i lausdans klasse A (laurdag) er det 8 deltakarar. På søndag er det som vanleg Meisterkonsert.
   (22/06-08)
Fleire unge folkemusikarar har fått draumestipend på kr 10000
Norsk kulturskoleråd og Norsk Tippingstår bak stipenda. Kvart år deler dei ut draumestipend til 100 unge, norske talent. Dei som har fått no er mellom andre desse: Solfrid Nestegard Gjeldokk frå Hol kulturskule har fått stipendet for å utvikle sitt talent innanfor song og folkemusikk, medan Margit Myhr frå Ål er aktiv med song, langeleik og hardingfele. Anne Marit Jota fekk for fele. Jon L. Rohde frå Røros og gruppa Toraderbælgenj.
 (22/06-08)
I Valle får du tilskot til folkemusikk i 50-årsdagen din
I Valle i Setesdal er det oppretta eit fond som skal styrke den lokale bruken av folkemusikk. Kommunen og sparebanken har gått sman om prosjektet som betalar 2/3 av kostnaden ved å leige lokale musikarar og dansarar til bryllup, festar etc. Les meir her.
 (22/06-08)
Norsk Kulturråd har kjøpt inn folkemusikkplater
Norsk kulturråd si innkjøpsordning for fonogram har i siste runden kjøpt inn 5 folemusikkplater: Berit Opheim - Song, trø lett på hjarta mitt, Christian Borlaug - Austmannspel/ Slåtter under Norefjell, Unni Løvlid Ensemble - Rite, Camilla Granlien Band - Jarnnetter og Britt Pernille Frøholm - For allje dei.  Alle blir kjøp inn med 580 eksemplar. Les meir om ordninga her.
 (22/06-08)
Noregs Ungdomslag får kr 80000 til rilprosjekt
Prosjektet skal gå føre seg under Folkekulturfestivalen i Lillesand 24 -27 juli 2008. Tanken er å gjere rilmusikken og dansen meir synleg gjennom prosjektet der ein mellom anna vil lage ei framsyning. Nokre av dei fremste unge dansarane og musikarane frå Noreg, Dannmark, Skottland, Sverige, Irland og Shetland, seier Hill Aina Steffenach som er produsent og regissør for prosjektet. Les meir her.
 (22/06-08)
Valkyrien All Stars fekk gullplata for den første CD'en sin
Valkyrien ga som kjent ut sin første CD i fjor, og nå har dei faktisk fått gullplata for. Gullplata vart overrekt av Åse Kleveland på restauranten Valkyrien på Majorstua i Oslo, der bandet har sitt namn frå. Tuva Syvertsen seier til blikk.no at dei er svært glade for prisen. Les meir her.
 (22/06-08)
Osa-festivalen får ikkje stønad frå kommunen
I 20 år har Osa-festivalen på Voss fått stønad frå kommunen sin Voss kommune. Men i år er det instilt på null kroner. Dette har Osa-festivalen protestert på. I eit brev til kommunen nemner dei 4 viktige grunnar til at Voss kommune framleis må støtte festivalen økonomisk. Les meir her.
 (22/06-08)
Storebekkens musikkpris 2008 til Magnar Storbækken
Egil Storbekkens musikkpris for 2008 går til instrumentmakaren Magnar Storbækken frå Tolga. Storbækken er den fremste av instrumentmakarane som fører vidare den tradisjonen som Egil Storbekken starta. Magnar Storbækken får overlevert utmerkinga  på Dølmotunet den 20. juli, under Olsok i Tolga. Les meir her.
 (22/06-08)
Framleis plass på folkedanslina ved Manger Folkehøgskole
Det er framleis ledige plassar ved folkedanslina ved skulen. Og i år fristar skulen med at at dogså er gutar mellom elevane! Søknadsfristen er eigentleg ute, men er du snar kan du får plass! Les meir om tilbodet her.
 (22/06-08)
Gruppa Galder "Vestlandets beste i gamaldans"
Under blømingsfestivalen i Kinsarvik nyleg gjekk gruppa Galder til topps i tevlinga om å bli beste gamaldansorkester på Vestlandet. Gruppa består av 3 medlemer frå Osterøy og to frå Voss. Medlemene er:
Andreas Kollvangsnes (toradar), Yngve Jordalen (kontrabass), Synnøve Jordalen (accordeon), Tormod Kleiveland (gitar) og Ailin Kristine Solberg (toradar). Berre ein dag før tevlinga ga gruppa ut sin første CD: ”Sprid”. Les meir om gruppa her.
 (29/05-08)
Ny CD med Daniel Sanden Warg og Per Anders Buen Garnås
Dei to framifrå musikarane kjem no med ny CD der dei presenterer musikk frå Setesdal og Tinn. CD'en blir presentert på OSLOfolk Søndag 8. juni på Kafe MIR i Oslo(Toftes gt. 69). CD'en inneheld slåttemusikk på fele, hardingfele og munnharpe.
 (27/05-08)
Konsert med FRIBO på Kafe MIR i Oslo torsdag 19. juni
FRIBO er ei gruppe som består av musikarar frå Noreg, Skottland og England:
Anne Sofie Linge Valdal fra Norge, Ewan MacPherson fra England og Sarah-Jane Summers frå Skottland tar for seg den norske folkemusikken og kombinerar den med skotsk og engelsk folkemusikk. Det er i regi av OSLOfolk
 
(27/05-08)
Den norske Folkemusikkveka: "The best ever"
"Den mest vellukka Folkemusikkveka nokon gong" skriv dagleg leiar Ingunn Stræte Lie om årets Folkemusikkveke i Ål. Årets Fanitull vart Olav Luksengård Mjelva føre Gjermund Larsen og  Andreas Bjørkås. Mjelva fekk dermed sølvpokal og 15 000 kroner. Olav H. Skrindo Slettens minnepris gjekk til bogemakar Niels J. Røine, og Jens A. Myros minnepris gjekk til Vetle Springgard. Det vart seldt 5500 billettar, og det er ny rekord, publikumstalet var dermed på ca 7000. Det var mange høgdepunkt under festivalen, gruppa Slinkombas møttest på ny etter fleire 10-år, Hallvard Bjørgum og Gunnar Stubseid spela saman , og likeeins Gjermund Larsen og Trond Steffen Westberg. Kvarts hadde konsert saman med Kringkastingsorkesteret, hallinggruppa Frikar hadde ei gild framsyning med forestillinga Kruk, kyrkjekonserten med Brazz Brothers og Vågå Spelemannslag vart svært godt motteken, likeeins Sofia Karlsson og bandet hennar. Og det var dans på mange golv mellom anna med Øvrevoll Spelemannslag. Les meir her.
 (27/05-08)
Aftenposten over 2 sider i dag: "Joik og bunad inntar Løkka"
I dag 26. mai 2008 har Aftenposten (Aften) eit stort to-siders oppslag om Riksscenen som snart skal få sitt eige bygg i Schous Kulturbryggeri på Grünerløkka i Oslo. Byggearbeida til nybygget er i gang og skal stå ferdig hausten 2009. Det er også bilete og intervju med Unni Løvlid, fotografert midt i utgravingstomta. Unni Løvlid er representant for musikarane i styret for Riksscenen. I nybygget skal det bli ein fleirbrukssal med plass til 300 tilhøyrarar og eit stort dansegolv. Dessutan ein Intimsal med plass til 40-50, ein prøvesal/seminarrom og eit lite innspelingsstudio der ein kan gjere opptak frå alle salane. Les meir her.
 (26/05-08)
Interessant nyutsending av "Brudeferden i Hardanger"
Filmen "Brudeferden i Hardanger" kom ut i 1926 som stumfilm. Denne filmen har blitt restaurert vart sendt på NRK TV laurdag 24. mai. og utgitt på DVD.  I samband med restaureringa av filmen har Halldor Krogh arrangert og tilrettelagt musikken, m.a. med utgangspunkt i tradisjonelle slåttar frå Hardanger, samt musikk av Edvard Grieg, Agathe Backer-Grøndahl. Åse Teigland frå Utne i Hardanger er solist med Kringkastingsorkesteret. Les meir her: www.nrk.no/kork
 (26/05-08)
Jarnfrid Kjøk kritisk til for mykje nyskaping og utvikling
I Spelemannsbladet nr 3/2008 har Jarnfrid Kjøk eit innlegg der ho kommenterer Løkenutvalet sine tilrådingar om tilskotsordningar for folkemusikk. Kjøk er redd for at det vert fokusert for einsidig på at "tilskotsordningane skal leggje til rette for nyskaping og utvikling", og ho synest at kulturarv og kulturvernomsyn må vere ein premiss for tilskotsordningane.
 (26/05-08)
Ulike syn på samanslåinga av Landskappleiken og Landsfestivalen
Som kjent har Landslaget for Spelemenn vedteke å slå saman dei to store tilskipingane i 2009. Det skal gå føre seg på Geilo, og tidspunktet blir det som er det vanlege for Landskappleiken, altså i slutten av juni. Det blir presisert at dette er ei naudlaøysing for dette eine året, men at det også vil tene som ein test på om det kan ha noko for seg å slå dei to tilskipingane saman meir permanent. I ulike medie har det kome fram ulike meiningar om samanslåinga, dei fleste har vel vore negative. Les til dømes meiningsytringane på www.folkemusikk.no .
 (26/05-08)
Mykje folkemusikk på Literaturfestivalen på Lillehammer
Den 27. mai opnar Litteraturfestivalen på Lillehammer der Randi Skeide er direktør.  På opningsframsyninga 27.mai skal Jon Anders Halvorsen og gruppa Sterke Nils framføre Kjartan Fløgstads "Stolpesko". Fredag får vi  konserten "Mellom draum og vakning" med Elisabeth Matheson Solberg, Sondre Bratland og Tore Bruvoll.  Banknatta, fredag kveld er det konsert med Bruvoll / Halvorsen (og band) og endeleg laurdag 31.mai Debutantmøte mellom Benedicte Maurseth og Agnes Ravatn. Les meir om dette her.
 (26/05-08)
Norske folkemusikkarkiv dannar nettverk
 
Folkemusikkarkiva i landet organiserer seg no i nettverk. I leiainga for nettverket står ei styringsgruppe. På arkivseminaret i Trondheim 10-11 mars var desse vald inn i styret:Ruth Anne Moen, Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet (leiar), Kari Lønnestad, Folkemusikkarkivet i Telemark og Hans-Hinrich Thedens, Norsk folkemusikksamling, UiO.  Rff-senteret skal være sekretariat for nettverket.  
 (26/05-08)
Synnøve S. Bjørset vil ha kollektiv opphavsrett
Felespelar Synnøve S. Bjørset tar i ein kronikk i Ballade til orde for ein kollektiv opphavsrett til tradisjonsmusikken. Ho vil at når komponistar og utøvararar nyttar tradisjonsstoff, skal det utløyse pengar som kjem heile tradisjonsmiljøet til gode. Les heile kronikken her.
 (26/05-08)
Springar i sentrum i Norge Rundt 16. mai
Programleiaren for Norge rundt 16. mai Jorun vang har som mål å lære seg springar i Ervingen i Bergen slik at ho kan vere med å danse på 17. mai. Ho er med på springarkurs i Ervingen. Her kan du lese meir om den danseglade programleiaren som vil lære springar.
 (15/05-08)
Agnes Buen Garnås skriv kronikk om folkemusikken og dansen
I nettavisa Ballade skriv folkesongaren og pedagogen Agnes Buen Garnås om stoda for norsk folkemusikk og dans. Ho skriv mykje om kappleikar, om organisering av folkemusikk og dans og om samarbeid mellom dei ulike aktørane på feltet. Ho er ikkje tilhengar av at alt samlast i ein organisasjon, og meiner ein kjem like langt med samarbeid mellom ulike aktørar. Ho skriv også at folkemusikkfestivalane, Rikskonsertane og i dei siste åra, Folkelarm har  einsidiggjort folkemusikaren
. Og ho skriv om mykje anna.. Her kan du lese kronikken.
 (02/05-08)
Det blir open klasse på Landskappleiken i år
I fjor vart klassa avlyst, og i år har det gått tregt med påmeldinga til klassen. Men med utvida påmeldingsfrist har det nå blitt så mange at det blir tevling i "Open klasse". Les meir her.
 ( 02/05-08)
Millionbeløp i sponsoravtale for Førdefestivalen
Førde Internasjonale folkemusikkfestival har inngått ei millionavtale med Sparebanken Vest. Avisa Firda opplyser at det er snakk om innpå 3 millionar over ein 3 års bolk. Sparebanken Sogn og Fjordane som har vore sponsor så langt, kunne ikkje bla opp så store beløp. Dei to partane vil ikkje opplyse kor store beløp det er snakk om. Les meir i avisa Firda.
 (02/05-08)
Plateslepp med Christian Borlaug på Hønefoss 2. mai 2008
Fredag 2. mai er det plateslapp og konsert med spelemannen Christian BorlaugFengeselet i Hønefoss kl 19.00. CD'en heiter "Austmannspel - Slåttar under Norefjell". Det er slåttespel og runddans frå Krødsherad, Sigdal og Ringerike. Det er svært liste slåttestoff som har kome på plate tidlegare frå dette distriktet. Plata er laga på Etnisk Musikklubb.
 (01.05-08)
Hallinggruppa "Frikar" til finalen i Norske Talenter på TV2
Gruppa Frikar med Hallgrim Hangsgård i spissen har kom til finalen i TV2 si konkurranse Norske Talenter. Her kan du sjå video frå deira første konkurranse. Her kan du sjå den spektakulære semidinaleinnslaget deira. Eit av dei nye tinga i det dei gjer er å spenne ned to hattar i same kastet ein hatt med kvar fot på kvar si stong! Gratulerer!
  (27/04-08)
"Nordafjells" vinnar av NRK-tur til Moskva
I regi av Folkemusikktimen har det i vår pågått ei konkurranse om å bli Noregs representant på EBU-kongressen i Moskva 25-27 juli. Dei som vann var Nordafjells i ei live-tevling i NRK. I Moskva skal dei halde ein konsert på ei time, og dei har sjansar på å bli spela for mange hundre millionar radiolytterar i mange land. I tillegg får dei 15000 i premie. I Folkemusikktimen søndag 27/4 fekk vi høyre opptak frå finalekonserten. Finaledomarar var uryen Berit Opheim, Carl-Petter Opsahl og Sigbjørn Nedland.
 (27/04-08)
Eksamen i å lære på "gamlemåten"
For litt sidan tok dei 14 dansestudentane i kurset "Norsk folkelig dans" eksamen ved ei danseforestilling på garden Gammel-Kleppe i Vågå. Olav Luksengård Mjelva og Nina Furuli var spelemenn. Her fekk ein mellom anna sjå ein polkavariant frå Gran, ein reinlendervariant frå Manger, Vågåspringleik, Valdresspringar og Hamborgar frå Sekse i Hardanger.I dette kurset vert det fokusert på dansekvalitet for dein einskilde dansaren, men til saman vart det også ei fin framsyning. Det er Vegard Vårdal som er hovudlærar på kurset og Egil Bakka er fagleg ansvarleg.Les meir her.
 (27/04-08)
Kulturmeldinga "Samspill" lovar meir pengar til rytmisk musikk
Med rytmisk musikk meiner ein rock, jazz og folkemusikk. Stortingsmelding 21 heiter "Samspill" og har undertittelen "Et løft for rytmisk musikk". I meldinga blir det lova vesentleg større offentlege tilskot til produksjon av ikkje-klassisk musikk og vil sikre at meir pengar går til frilansmusikarar. Norsk folkemusikk og danselag er saman med dei andre organisasjonane i SAMSTEMT godt nøgd med kulturmeldinga, seier dagleg i NFD leiar Lene Furuli. Allereide i 2008 blir det lova pengar til år til prosessen LfS og NFD er inne med å etablere ei sams avdeling for informasjon- og formidling, samt for større endringar i organisasjonssturkturen på folkemusikkfeltet på sikt. "Det gjør det mulig å etablere den felles informasjons- og formidlingsavdelingen allerede høsten 2008." skriv NFD. Det blir foreslått fire ordningar for tilskot: fonogram-, arrangør-, musiker- og utstyrsordning. Les meir her.

 (26/04-08)
CD'en "Tak hardt uti hand" får fin omtale i engelsk tidsskrift
I musikkmagasinet "Songlines" får CD'en til Kim Rysstad 5 av 5 mulege stjerner i dette kjente engelske tidsskriftet. CD'en kom på Etnisk Musikkforlag.
 (26/04-08)
Spennande vårprogram på Riksscena 2008
Framover våre er det 4 fine konsertar på Cafeteateret i Oslo: 6/5:    DOZO - Kouame Sereba og Rolf Erik Nystrøm  20/5:   RAGNHILD FURHOLT - med Birger Mistereggen og Leiv Solberg  3/6:     SARA CHEN og STEINAR OFSDAL 17/6:   SKÀIDI - Inga Juuso og Steinar Raknes Les meir her.
 (26/04-08)
Folkemusikkpris til Harald Hesjevoll frå Jostedal
Harald Hesjevoll (fødd 1946) har spela fele heile livet, og lærde å spele særleg av onkel sin Sjur Hesjevoll. han har spela i fleire gamaldansorkester og er ein dugande dansespelemann. Nyleg fekk han på Fylkeskappleiken i Sogn og Fjordane fylkets "Folkemusikkprisen 2008" for innsatsen sin for folkemusikken. Prisen vert delt ut annakvart år. Les meir her.
 (24/04-08)
Synnøve S. Bjørset kommenterer offentleggjeringa av NRK-arkiv
NRK arbeider med å leggje delar av sitt rikhaldige arkiv ut på Internett. I Ballade kommenterer Synnøve S. Bjørset dette, og er på eit vis både for og imot. Les her kva ho meiner.
 (24/04-08)
Einar Eimhjellen har fått kongens fortenstmedalje i sølv
Medalja fekk han overlevert under fylkeskappleiken i Naustdal for nokre dagar sidan. Eimhjellen er 70 år og har heile livet vore ein ihuga spelemann og organisator. I 1953 var han med å stifta Naustdalen Spelemannslag, Han har vore musikalsk leiar i laget i samanhengande 40 år, med unntak av eitt år, og styreleiar i til saman 28 år. Han har også vore leiar i Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Dei siste 13 åra har han dessutan vore fast spelemann for dansarlaget i bygda. Han har også gjort ein stor innsats med å samle slåttar frå både itt heimedistrikt og frå norske utvandrarar i USA og Canada. Les meir her.
 (24/04-08)
Innslag om sjokoladekappleik på NRK TV
Den 25. april blir det på Norge Rundt kl 19.30 eit innslag frå Sjokoladekappleiken i Seljord. Les meir her.
 (24/04-08)
Gjermund Larsen tar diplomeksamen 18. april 2008
Fredag 18. april kl 19.30 i Lindemansalen på Norges Musikkhøgskole spelar Gjermund Larsen diplomkonsert saman med Trondheimsolistene med Øyvind Gimse som leiar. Det blir folkemusikk og folkemusikkinspirert musikk frå vårt land og andre nordiske land. Gjermund Larsen er etablert som ein av våre fremste folkemusikarar og spelar i  folkemusikkgruppene Majorstuen og Frigg og i  Christian Wallumrød Ensemble – noe som seier litt om  kor allsidig han er.
 (13/04-08)
Klage på opptaket ved Norges Musikkhøgskole
Det er gruppa Sterke-Nils med spelemennene Hans Martin Austestad, Erlend Viken og Juhani Silvani som føler ser urett behandla av høgskolen. Dei ville søkje om opptak i master i ensamblespel i folkemusikk, men har kome på venteliste på master i utøvande musikk. Dei har sendt klage til høgskolen. Les meir her.
 (13/04-08)
Vellukka gamaldanspub på Gamle Nebbenes i Eidsvoll
Førre helg var det på nytt gamaldanspub på gamle Nebbenes i regi av
Steinsgårdskroken Spell- og Danselag. I alt var det 16 orkester som spela på 3 scener samtidig, mellom dei kjente namn som Nordafjells, Østerdølenes spellmannslag og arrangøren sjølv. Les meir her.
 (13/04-08)
Overskot for Førdefestivalen i 2007
Førdefestivalen i 2007 gjekk med kr 45000 i overskot i fjord og det er festivalleiar Hilde Bjørkum godt nøgd med. Total omsetning i fjor var på 7,5 mill kroner.I år blir det feire aktørar enn nokon gong før, og fokuset er på interkulturell dialog, og mellom artistane er det legendariske balkanbrassbandet Fanfare Ciocarlia, sigøynerdronninga Esma Redzepova og dei norske publikumsyndlingane Valkyrien Allstars. Festivalen er 3.-6. juli, og det kjem 330 artistar frå 41 land under årets festival.
 (13/04-08)
Fond for utøvande kunstnere gir pengar også til folkemusikken
På tildelinga 10. april var det sjølvsagt også ein del pengar som gjekk til folkemusikarar og folkemusikken. Totalt vart det innvilga 189 søknader med til saman vel 5 millionar kroner av ein total søknadssum på over 25 millioner. Innan folkemusikken fekk desse stønad:
REISESTØTTE
Maurseth, Benedicte BERGEN 6.000
Skrede, Vidar S. B. SKJOLD 6.000
Søreide, Åsne Sunniva UGGDAL 6.000
STØTTETILTAK
Folkelarm OSLO 40.000
MUSIKK
Boksasp, Unni MILAND 20.000
Den Norske Folkemusikkscena OSLO 20.000
Folkelarm OSLO 40.000
GamaltNymalt ULSET 20.000
Jørn Hilme-stemnet FAGERNES 25.000
Kalottspel RUNDHAUG 20.000
Larsen, Gjermund OSLO 20.000
Morken, John Ole LOFTHUS 20.000
Noregs Ungdomslag OSLO 15.000
Seglem, Karl OSLO 30.000
Skrede, Vidar S. B. SKJOLD 10.000
Teigland, Åse RÅDAL 20.000
Trysil-Knut Dans- og LJØRDALEN 15.000
Valkyrien Allstars OSLO 30.000
DANS
Kalottspel RUNDHAUG 20.000
FONOGRAMMER
Bjørset, Synnøve S. SKEI I JØLSTER 30.000
Buen, Knut TUDDAL 15.000
Furebotten, Ragnhild MOEN 35.000
Granli, Jan Beitohaugen ROGNE 30.000
Langeland, Sinikka GRUE-FINNSKOG 40.000
Maurseth, Benedicte BERGEN 20.000
Teigland, Åse RÅDAL 40.000
 (13/04-08)
Buskerudkappleiken på Prestfoss denne helga
Det er i alt 44 startnummer som står på programmet på kappleiken  som har deltakarar frå 12 til 80 år i spel , song og dans. Mellom deltakarane er Sigbjørn Rua fra Jondalen og Martin Myhr fra Torpo og Småjondølane. Les meir her.
 (13/04-08)
Den femte Haukeliseterfestivalen blir avvikla 12-14 juni 2008
Denne festivalen er eit samarbeid mellom 3 fylke - Telemark, Rogaland og Hordaland, og mellom 3 kommunar - Vinje, Odda og Suldal. Dette er ikkje mellom dei største festivalane når det gjeld deltakartalet, men har funne ei nisje som ein intim og inkluderande festival med eit breitt tilbod både innan folkemusikk og dans. Festivalen har kome med på lista over dei som får støtte frå Norsk Kulturråd, og ein arbeider med å gjere festivalen til ei stifting. Frå programmet i år kan vi nemne eit spelemannsmøte mellom eit spelemannsmøte mellom Lars Underdal frå Vinje og Åse Teigland frå Hardanger. Les meir om festivalen her.
 (13/04-08)
Distriktsmeisterskap på trekkspel - få deltakarar i Oslo-området
Det har vore distriktsmeisterskap på trekkspel 29.-30. mars 2008 på Hosletoppen skole i Bærum
. For å  kunne stille opp Norske Trekkspilleres Landsforbunds (NTL) sitt årlege arrangement må ein ha vore med på eit distriktsmeisterskap. Det var få deltakarar mellom dei vaksne, men det var god deltaking frå dei unge under 15 år. Les meir her.
 (13/04-08)
Atle Lien Jenssen med ny bok om tradisjonmusikken i Hedemark
"På Budor vi danse skar…" er namnet på den nye boka om spelemenn og tradisjonsmusikk på Hedemarken (Oplandske Bokforlag). Lien har samla stoff til boka i over 25 år, og resultatet er eit svært grundig og omfattande verk - eit referanseverk om folkemusikken i denne delen av landet. Boka inneheld notar til over 300 melodeier. Ho tar for seg ulike instrument, og behandler særleg bukkehornet på ein grundig måte, og presenterer over 550 spelemenn frå ulike bygder i Hedemark mellom 1700 og 1980.Les meir om boka her.
 (13/04-08)
Leif Rygg i Folkemusikktimen 13. april 2008
Vossaspelemannen Leif Rygg blir å høyre i folkemusikktimen i P2 på NRK radio 13. april. Rygg byrja å spele hardingfele då han var 9 år, og felene og musikken har fylgt han i 60 år, så han er blitt avhengig av musikken, seier han til NRK. Rygg har nettopp slept ein heilt ny dobbel-CD med tradisjonsstoff etter Sjur Helgeland (1858-1924). Mellom dei kjente slåttane der finn vi  ”Budeiene på Vikafjell”, ”Heimlengt”, ”Sivlefossen” og ”Bygdatråen” . Det er ikkje berre Rygg som spelar på CD'ane, men også Håkon Høgemo, Håkon Asheim, Einar Mjølsnes, Trent Bruner, Berit Opheim, Hans G. Hagen, Kristin Jæger, Bodil Erdal, Steinar Børmer, Tore Bidne og Margunn B. Nordgård  og fleire. Les meir her.
 (12/04-08)
Til USA for å lære bort norsk folkedans
Torunn Hernes Bjerkem og Johan Einar Bjerkem skal  til Wisconsin for å lære amerikanske danseinstruktører å undervise i norsk gamaldans, songdans og turdans. Dei fortel at amerikanarane er svært lærenemme og dansar svært mykje. Og mange er flinke. Dei har også eit svært stort repertoar av norske folkedansar. I ein by som Seattle er det ca 2000 som dansar nordiske folkedansar, og det er like myykje som i Oslo. Les meir her.
 (12/04-08)
Ny plate med Hedemark-musikk ved Atle Lien Jenssen
Folkemusikaren Atle Lien Jenssen har gjeve ut ei ny solo-CD med folkemusikk frå Hedemark. Han spelar sjølv mange instrument, særleg fele, men også mange blåseinstrument som lur ob bukkehorn. Jenssen har i lang tid samla mykje folkemusikk frå Hedemark, og før jul kom han også med bok om dette emnet. Les meir her.
 (29/03-08)
Radio Volda slår eit slag for folkemusikken
Studentane ved Distriktshøgskolen i Volda har nyleg satsa ein times sendetid på folkemusikken, og målet er å gjere folk flest meir interessert i folkemusikk. På denne sida kan du høre opptak frå programmet, mellom anna intervju med spelemannen Jostein Fet, med Sigrid Moldestad og eit kåseri om spelemannen.
 (29/03-08)
Landsfestivalen 2008 er som kjent i Skjåk
Festivalen er 16-20 juli, så då blir det NM i gamaldansmusikk. Les meir om festivalen her.
 (29/03-08)
Gjermund Larsen skal ta eksamen med sjølvskriven folkemusikk
I vår skal Gjermund Larsen ta diplomeksamen i folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole. Han blir den andre i historia som gjer det, den første var Andreas Ljones på hardingfele, så Larsen vert den første på vanleg fele. Musikken skal framførast mellom anna saman med Trondheimssolistane.Urpremieren på det nye stykket blir 16. april på kulturgarden Bjerkem i Henning. Diplomstudiet er det høgste utdanninga ein solist kan ta i landet vårt. Og det er ikkje lett å kome inn på studiet. Då Larsen søkte i 2006 var det i alt over 60 søkjarar og berre 4 kom inn. Les meir her.Les meir her.
 (29/03-08)
Seminar i Bø om gamle og nykopierte hardingfeler
Denne helga vert det ved hardingfelesenteret i Bø attangert eit seminar med tittelen "Klenodium og kopi". Der blir det sett fokus på arbeidet med å kopiere gamle instrument. Mellom innleiarane på seminaret er fiolinmakar Wim Baeck frå Brüssel. Han har nyleg laga ein  kopi av ei Isak Botnen-fele frå Hardanger.  Frå Ole Bull-akademiet kjem Gunnar Stubseid, Bjørn Aksdal frå Rff-senteret, felemakarane Sigvald Rørlien og Salve Håkedal og felemakarstudentane Ottar Kåsa og Bård Riise Hoel. Spelemennene Ånon Egeland og Knut Hamre held konsert. Meir her.
 (29/03-08)
Åshild Vettrehus attvald som leiar i Norsk folkemusikk og danselag
På årsmøtet 8. mars vart den sitjande leiaren attvald for eit år. Dei andre i styret blir
Åse Teigland og Anders Buen, Kenneth de Gala og Olav Vindal (ikkje på val). Vara: Jan Petter Blom, Hege Nylund og Gunhild Tømmerås. Årsmøtet vedtok arbeidsprogram for 2008. NFD vil arbeide for ein meir formålstenleg organisering på folkemusikkområdet. Dei vil også opprette ei felles informasjonsavdeling med Landslaget for Spelemenn, med felles nettportal og folkemusikkmagasin. Her er heimesida for NFD.
 (29/03-08)
Vellukka tradisjonshelg i Troms
Laget Sinnsykt Bra Alternativ arrangerte ei tradisjonshelg der 25 dansarar og spelemenn var samla kring nordnorske tradisjonar i spel og dans. Mikael Lundemo frå Grytøy/Oppdal hadde ansvaret for spelkurset og Sigurd J. heide og spelemannen Terje Fosshaug underviste i nordlandspols. Sinnsykt Bra Alternativ har på kort tid blitt eit stort lag på over 90 personar og med snittalder på 31 år. Les meir her.
 (29/03-08)
Rekordstor Førdefestival 2008: Fokus på jodling
Den 19. førdefestivalen i 2008 vert også den største: Det kjem 330 artistar frå 41 land. Det blir fokus på jodling, ikkje berre frå Sveits og Østerrike, men frå masnge verdsdelar. Mellom dei artistane som kjem er Gypsy Queens and Kings,  Lions of Africa , og  Geirr Lystrup, Ale Møller, String sisters, Valkyrien Allstars, Tore Bruvoll, Ånond Egeland, berre for å nemne nokre. Her kan du finne lista over alle artistane.
 (29/03-08)
Referat frå Rådet i folkemusikk og folkedans 1/2008
Rådet for folkedans og folkemusikk har hatt sitt første møte i 2008. Referat frå møtet ligg no på internett.  
Vegard Opheim vart  valt til styreleiar. Marit Jacobsen og Ove Larsen vart valt til styremedlemmer. Medlemer i søknadsnemndene vart også valt. Aktivitetsmidlane fdor 2008 vart fordelt slik: - Formidlingsstøtten kr. 500.000- Tiltaksmidlene kr. 825.000 (+ 100.000)- Bygda dansar kr. 1 000 000 (+ 150.000)- Den Norske Folkemusikkscena kr. 750.000- Norsk folkemusikklag kr. 68.000 (+ 18.000)- Rff-prisen kr. 20.000. Prioriterte auke i budsjettet for 2009 vart slik: Rff-senterets arkiv: 1 millioner, Tiltaksmidler og støtte til folkedansarbeid: 5 millioner, Bygda dansar i 3 fylker om gangen: 2 millioner, Folkedanssatsing: 4 millioner.
 (09/03-08)
Tiltaksmidlar og arbeidsstipend første omgang 2008
Rådet for Folkemusikk og folkedans har fordelt tiltaksmidlar og arbeidsstipend for første omgang i 2008.
Rådet hadde 75 søknader med ein søknadssum på kr 1 300 000. Det vart løyvt kr  280 000 fordelt på 24 søknader. Tiltaksmidlane var stort sett på kr 10 000 per søknad, mest til CD-utgjevingar og kurs. Dei 4 som fekk arbeidsstipend (kr 20 000 kvar) var Oline Ragnhild Løvlid: Utviding av rep., lære av kjelde, Vegar Vårdal: Runddanser på gamlemåten, Johan Einar Bjerkem: Feltarbeid dans levande kjelder, Håkon Daniel Nystedt: Repertoar til Oslo Kammerkor. Heile lista over tildelingar ligg her.
 (09/03-08)
Formidlingsstøtta første omgang 2008
Rådet for folkemusikk og folkedans har i møte fordelt formidlingsstøtte, første gong i 2008. Komiteen handsama 36 søknader i denne søkerunden. Søknadene hadde ein søknadssum på totalt kr. 782 000. Det vart innvilga 17 søknader med løyvingar på tilsaman kr. 185 000. Stønadane var mest kr 10 000, men sume fekk 15 000 og mest fekk Folkelarm med kr 20 000. Sjå liste over dei som fekk stønad her.
 (09/03-08)
Meir glad gamaldansmusikk frå Susendal
Kåre Ørjedals orkester ga i haust ut sin andre CD med musikk frå Susendal. Susendal ligg i Hattfjelldal kommune.  CD'en heiter "Instrumentmakaren" og inneheld gamaldanskomposisjonar av tre susendølar: Thorgeir Larsen (1856-1930), Konrad Svenskvoll (1900-1990) og Sivert Olsen (1868-1925). I tillegg til å vere komponistar og spelemenn bygde desse tre også instrument. Den første CD'en i prosjektet "Bevar tradisjonsmusikken" heiter "Fagerbakken". Kåre Ørjedals orkester består av tre trekkspel, fele, gitar og bass. Denne musikken er livat bruksmusikk spela i høgt tempo, slik det var tradisjonen i dette distriktet. Det er musikk til å bli glad av, og det er fortenstfullt at musikken blir teke vare på. CD'en er utgitt på eige forlag.
 (04/03-08)
Organiseringa av arbeidet med folkemusikken og dansen
Organiseringa av folkemusikkarbeidet , og spesielt tilhøvet mellom Landslaget for Spelemenn og Norsk folkemusikk og danselag, har vore mykje diskutert i seinare tid. I Ballade har det nyleg vore tre artiklar som har drøfta situasjonen: Synnøve S. Bjørset, Åshild Wetrhus og Randi Skeide. Bjørset skriv at det beste vil vere at dei to organisasjonane slår seg saman. Åshild Wetrhus (styreleiar i NFD) skriv at Styret i Norsk Folkemusikk- og Danselag går inn for ei omstrukturering av folkemusikkfeltet. Ei endeleg avgjerd i saka skjer på årsmøtet i Norsk Folkemusikk- og Danselag 8. mars. Randi Skeide (leiar i Landslaget for Spelemenn) skriv mellom anna at "Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk- og Danselag har starta ei tilnærming, dei tilsette i administrasjonane samarbeider nå innanfor informasjonsfeltet og i arbeidet for dei profesjonelle utøvarane. Dette er tenkt som ein god start – og eg er optimistisk i trua på vidare utvikling, som og vil omfatte resten av den organiserte delen av feltet.".
 (02/03-08)
Åssiden Leikarring avviklar drifta
Vi har fått melding om ast Åssiden Leikarring i vår vil avslutte drifta.
 (02/03-08)
Anne Marit Jota (19)  frå Trysil med i Drømmestipendet
Trysil kommune har valt ut Anne Marit Jota som sin kandidat til årets stipend-konkurranse. Ho spelar fele. Les meir om henne her.
 (02/03-08)
Også folkemusikkutøvarar på salme-CD'en til Kronprinsesse Mette Marit
Ingen har vel unngått å legge merke til at kronprinsessa og Kirkelig Kulturverksted har gjeve ut ein CD med salmar. Mellom mange profilerte utøvarar finn vi også folkemusikarar: Sondre Bratland (69) og Ingebjørg Harman Bratland (17), begge frå Edland i Telemark. Les meir her.
 (02/03-08)
Norsk Folkemusikklag ute med nytt årsskrift
Det er  Astrid Nora Ressem som nå er redaktør av tidskriftet som nå har fått Novus Forlag som fast utgjevar. Det er det 21. årsskriftet i rekkja som no ligg føre og det har eit godt og variert innhald med mange skribentar:
 Tellef Kvifte, Velle Espeland, Ola Graff, Hans-Hinrich Thedens, Einar Sandvik og Per Åsmund Omholt. Les meir her.
 (02/03-08)
Hyggejeleg gjenmøte med P2-artisten Tom Willy Rustad
I siste veka har det vore reprise på programmet med P2-artisten Tom Willy Rustad. Dette er eit program det har vore gledeleg å høyre på nytt, både på grunn av artisten og ein flink progamleiar Aaste Kveseth. Tom Willy Rustad vaks opp i ei musikarfamilie i Oslo der både faren og bestefaren var trekkspelarar som også spela mykje folkemusikk. Tom Willy Rustad er særleg kjent som ein dugande torader-spelemann som på musikkhøgskolen skreiv hovudoppgåve om ein- og torader-tradisjonen i landet vårt. Men han spelar også mange andre instrument som gitar, munnharpe bass etc. Han ein ein av medlemene i Kvarts, og har i mange år vore lærar på ulike utdanningsinstitusjonar innan folkemusikk. Han har vore med på ei rad plateinnspelingar og har også gjeve ut solo-CD'ar. Les meir her.
 (2/03-08)
Gildt kvedarmøte på Kongsbergmarken
Denne helga er det marknadshelg i Kongsberg og på fredag var det fin konsert med seit fint knippe gode kvedarar: Margit Myhr, Anette Apeland, Ingvill Marit Buen Garnås, Åsne Bergset, Halvor Kvisle, Kjell Hove og Kittil Brekke. Les meir her. Sjå også heimesida til tilskiparlaget Kongsberg spel og dansarlag.
 (02/03-08)
Ny viktig bok: "Lekamslyst. Om erotikk i norsk folkedikting."
Onsdag 20. februar var det pressekonferanse i Oslo der den nye viktige boka til Sigrid Bø og Jarnfrid Kjøk var presentert saman med vin og erotisk mat. Dei to forfattarane har henta stoff frå offentlege og private arkiv og munnlege kjelder. Forlaget Novus skriv i pressemeldinga at boka er eit nybrottsarbeid innan forskning om erotisk folkedikting i vårt land og tek for seg erotiske motiv i norsk vise- og forteljarkunst. Forfattarane legg vekt på at erotikkomgrepet er nytta i vid tyding, men har likevel ikkje teke med ting som kan verke støytande, eller som grensar inn på pornografi. Typiske "på kanten"-stoff er filtrert bort, og sameleis er stoff knytta til gåter ikkje teke med. Det er viktig for forfattarane ikkje berre å presentere stoffet, men sette det inn i ein historisk og og kulturell samanheng, analysere, systematisere og dra parallellar til tilsvarande arbeid i andre land. Dei legg også vekt på å definere og avgrense sentrale omgrep som seksualitet, erotikk og pornografi. Svært mykje av det erotiske stoffet er erotisk skjemt, og i den erotiske satiren er presten ein hovudfigur. Boka har eit rikt biletmateriale (det meste i svart/kvitt), både eldre materiale frå norske samlingar, men også mange nylaga illustrasjonar av biletkunstnaren Olav Bjørgum. Det skal bli mange spennane timar med denne tjukke boka i tida framover. Biletet av Sigrid Bø og Jarnfrid Kjøk er frå pressekonferansen.
 (20/02-08)
Tormod Gjermundstad i Kroer har huset fullt av instrument og musikk
Han har blitt intervjua av Østlandets blad, og vi få sjå og høre om ein engasjert musikar. Les her.
 (09/02-08)
Folkedansmessa "Träd inn i dansen" i Fitjar Kulturhus
Søndag 10. februar blir denne folkedansmessa framført i Fitjar. Bak framføringa står koret Sanctus, dansarar frå Stord ungdomslag og instrumentalistar. Seinare i månaden dreg heile deltakarflokken på 50 personar til Alicante i Spania der messa skal framførast i Sjømannskirka. Les meir her.
 (09/02-08)
Anbjørg Myhra Bergwitz får Tønsberg kommunes ildsjelpris
Prisen går i år til ein ung folkedansar mellom anna for innsatsen hennar som folkedansinstruktør i Leikarringen Tunleiken. Les meir her.
 (09/02-08)
Nord-Aurdal Kulturskole med folkemusikkprosjekt blant dei unge i skolen
Nord-Aurdal Kulturskole har sett i gang prosjektet
«Spell og dans med Ola» som er eit tilbod for elevane i grunnskolen. Formålet er å gjere elevane merksame på den viktige kulturarven som folkemusikken og dansen representerer. Med på prosjektet er mellom andre Jan Beitohaugen Granli. Les meir her.
 (09/02-08)
Bodø Kulturskole held fram med sitt Spelemannslag
 For 2 år sidan byrja Bodø Kulturskole med Spelemannslag for unge felespelarar i Bodø og Salten. Tiltaket er basert på samlingar, og det er bestemt at tilbodet vil halde fram. Les meir her.
 (09/02-08)
Spennande Midtvintersfestival i Verdal 8-10 februar 2008
Midtvintersdansen heiter festivalen der Geir Egil Larsen er festivalsjef, og der det blir mykje musikk, song og dans for heile familien. Eit stort trekkplaster er folkerockgruppa "Hoven Droven" som kanskje er Sverikes fremste. Det blir kurs i musikk, song og dans og tre konsertar. Brørne Einar Olav og Gjermund Larsen er mellom dei som spelar til dansen. Les meir her.
 (09/02-08)
Langt intervju med Ragnhild Furebotten i Ballade
Ragnhild Furebotten frå Nordland er ei av våre fremste folkemusikarar. Ho spelar fele i Majorstuen, Fotefar og Hekla Stålstrenga og har samarbeidd med gitaristenmed Tore Brunvoll. Ho ga nyleg ut CD'en "Endelig vals" som har fått svært god mottaking. Nyleg var ho sentral i samband med festivalen Barents Spektakeli Kirkenes. Les intervjuet her.
 (09/02-08)
Nytilsett leiar i Folkelarm Elisabeth Vatn: Skal bli større og betre!
Den nytilsette prosjektleiaren i Folkelarm Elisabeth Vatn vil at Folkelarm skal vekse og bli betre, og vokster skal ein få til ved å famne breitt, om alt som kan reknast med som tradisjonsmusikk, både tradisjonelt norsk, og innvandrarmusikk. Folkelarm skal gå av stabelen i september og det er Landslaget for Spelemenn som står bak festivalen. Les intervjuet med Elisabeth Vatn i Nasjonen.
 (09/02-08)
Programmet for Bylarm 2008 er no klart
Bylarm 2008 går for seg i Oslo 21-23 februar 2008. Her er det ei lang rad artistar som får presentert seg, og vi finn og så folkemusikk mellom dei som skal vere med. Mellom folkemusikarane er Gamaltnymalt, Unni Løvlid, Torgeir Vassvik, Karl Seglem og Valkyrien Allstars. Også Riksscena er inne i bilete med ein konsert. Les meir her.
 (09/02-08)
Lena Willemark frå Sverike er ukas P2-artist
Songaren Lena Willemark er ukas P"-artist frå måndag vekas P2-artist i NRK. Ho er ei av dei fremste folkemusikarane i Sverike, og er aktiv både  innan folkemusikk, Jazz og klassisk. Ho kan samanliknast med vår eigen Kirsten Bråten Berg som ho også har samarbeidd med. Les meir om henne her.  Programleiar er Tone Jorun Tveito.
 (09/02-08)
Folkemusikktimen: "Går det mot slutten med gamaldansen?"
I folkemusikktimen 10. februar får vi høyre gamaldansgruppa Askerladden som feirer 10 år i år. ”Nå er det bare gråhåra folk med permanent og slipsnål igjen på dansegulvet” sier redaktør i Spelemannsbladet Knut Aastad Bråten, som synes utsiktene for gammeldansens eksistens ser lite lovende ut. Vel, ikkje alle er sammde med han i det, men det skortar nok litt på den store interessa, og det er vanskeleg for ringar og lag å samle fulle kurs i gamaldans og folkedans. Les meir her.
 (09/02-08)
Kim Andre Rysstad får fin omtale av CD'en i Vårt Land
Kim Andre Rysstad frå Setesdal kom for ei tid sidan med sin debut-CD "Tak hardt uti hand" som vart vel motteken i vide krinsar. I ein nyleg omtale i Vårt Land skriven av Arne Guttomsen får CD'en svært mykje ros. Dei skriv melom anna at "Allerede med sin debut står Kim André Rysstad frem som en stemme for alle tider." Les heile omtalen her.
 (07/02-08)
Ny vellukka samling i prosjektet "Lea deg"
Innpå 30 ungdomar frå
 Valdres, Jevnaker, Vågå, Lom, Skjåk, Vinstra og Gausdal var samla på Jevnaker for endå ei helg med Lea de. Laus, masurka, reinlender, springar, springleik, springdans, akrobatikk sto på timeplanen, og ungdomane sparte seg ikkje. Et fantastisk vertskap på Jevnaker sto på dag og natt og overraska med pizza lørdag kveld/natt.  Den neste samlinga blir i sanmband med Valdreskappleiken i Øystre Slidre 9-11 mai.
 (05/02-08)
Gabriel Fliflet sin nye CD "Rio Aga" kjem 17. februar
Trekkspelar og songar Gabriel Fliflet kjem med ny CD, og i samband med den blir det ein stor lanseringsturne i store delar av landet. turneen startar 17. februar i Rauland, og vidare til Oslo, kristiansand, Farsund, Klepp, Sand og Bø i Telemark. Den nye plata bygger på tingingsverket Elvemot som han skreiv til Osafestivalen i 2006. Med seg på CD'en og turneen har han ei gruppe svært dugande musikarar:
Tore Bruvoll (gitar), Ånon Egeland (fele), Gjermund Larsen (cello, fele), Sondre Meisfjord (kontrabass), Berit Opheim (sang). Les meir her.
 (04/02-08)
Gruppa "Slagr" på turne med musikk frå den nye CD'en Solaris
Gruppa Slagr med dei tre musikarane Anne Hytta, Amund Sjølie Sveen og Sigrun Berg ga før jul ut ein kritikarrost CD med namn Solaris. I februar dreg dei på konsertturne i ulike bygder i Telemark og i Oslo. Les meir her.
 (04/02-08)
CD'en til Britt Pernille Frøholm fekk terningkast 5 i Aftenposten
Britt Pernille Frøholm sin nye CD "For allje dei" fekk måndag lang omtale i Aftenposten og anmeldaren Svein Andersen skriv svært pent om plata. Fokuset på CD'en er tradisjonsmusikken frå Hornindal. Melddaren skriv at "det er flott å høre en musiker som klarer å formidle sin personlige opplevelse av musikken på en slik måte som her".
 (04/02-08)
Sigrid Moldestad fekk Spellemannsprisen for CD'en "Taus"
I klassen folkemusikk/gamaldans var det Sigrid Moldestad frå Breim som vann Spellemannsprisen. Dei andre som var nominert i denne klassen var Berit Opheim med "*Den blide sol", Ragnhild Furebotten med "Endelig vals" og Trio Mediaeval med "Folk songs". Som Årets nykommer var Valkyrien Allstars mellom dei nominerte, men det var Tine Ting Helseth som vann.
 (03/02-08)
Sverre Halbakken fyller 80 år 8. februar 2008
Ein av nestorane i norsk folkemusikk og folkedans Sverre Halbakken frå Elverum fyller 80 år. Søndag 3. februar er han å høre i Folkemusikktimen på NRK P2. I tillegg til å vere dugande spelemann og dansar har Halbakken gjort ei stort arbeid med å leite fram att og dokumentere spelet og dansen i Sør-Østerdalen. Det store arbeidet vart grundig dokumentert i boka "Så surr nå, kjæring" og tilhøyrande video og også CD'en "Østerdalens rumba" med originalopptak av spelemenn og dansarar. (Les Ola Kai Ledangs kronikk i Dagbladet). Siste prosjektet hans nå er å førebu  "Dansen mellom elvene " på Glomdalsmuseet  30. august. Men først på programmet nå er markeringa av 80 årsdagen hans den 8. februar. I ein del av arbeidet sitt har Halbakken stått i opposisjon til ein del andre forskarar som har studert Østerdalsmusikken før, særleg når det gjeld takt og rytme i polsdansen i hans distrikt. Halbakken har lagt særleg vekt på at musikken og dansen må sjåast i samanheng. I seinare tid har hans syn vunne fram om "den korte trearen" i polsdansen i Sør-Østerdal og områda derikring.
 (02/02-08)
Folkemusikarar ved Vinstra vg skole spelar for russebil
Dei 6 avgangselevane ved folkemusikkline ved Vinstra vg skole satsar på spelejobbar for å få pengar til russebil. Dei vil ha ein bil i lag, og gler seg til å ta fatt på arbeidet med russebilen. Les meir om dei 6 elevane her.
 (19/01-07)
Vellukka samspelgruppe for unge i Engerdal
Det er deltakarar både frå Noreg og Sverike i samspelgruppa med fele og folkemusikk og Trysil-Knut står bak i Engerdal og Trysil. Til saman 18 unge i alderen 7 til 15 år harvore med heile hausten.  Nyleg var  var det konsert, og salen var fylt av forventningsfulle foreldre og slektningar frå Älvdalen og Malung kommuner i Sverige og fra Engerdal og Trysil. Det er musikkstudent Else Myhr fra Trysil som har leia samspillgruppa, med assistanse av Inga Myhr. Les meir her.
 (19/01-08)
Kritisk for folkemusikklina ved Fana folkehøgskule
Folkemusikklinja ved Fana Folkehøgskule utanfor Bergen har ikkje vore i gang siste skuleåret, men no satsar skulen mykje på å kome i gang igjen frå hausten 2008. I 2002 oppretta Fana Folkehøgskule utanfor Bergen ei linje for norsk og internasjonal folkemusikk. Linja er det einaste reine folkemusikktilbodet i norsk folkehøgskule, og markerte 5-års-jubileet sitt sommaren 2007. Skuleåret 2006/07 var linja full med 12 elevar, medan der dette skuleåret var for få elevar til å komme i gang i det heile. Fristen for å søke om opptak er 1. februar 2008. Les meir om dette her.
 (19/01-08)
NRK er ute etter folk til EBU-festivalen i Moskva
EBU Folk Festival skal haldast i Moskva 25-2. juli 2008. NRK planlegger å sende ein soloutøver eller ei gruppe til festivalen. I fjor var Valkyrien Allstars NRK sine representanter, Mattisgard/Røine i 2006. Dei som er interessert å vere representant i 2008, kan sende demo/CD til NRK innan 25. mars 2008. Aktuelle kandidatar blir også presentert i Folkemusikktimen framover våren. Vinnaren blir kåra i byrjinga av mai. Det er også ein premie på kr 15000. Les meir her.
 (19/01-08)
Ikkje så lite om folkemusikk i media likevel?
Frode Rolandsgard meiner i eit debattinnlegg at norske media, medrekna riksmedia, likevel ikkje skriv så lite om norsk folkemusikk som ein ofte høyrer sagt. Gjennom nyhetstenesta til folkemusikk.no har han fylgt godt med i det som blir skreve. Han ramsar opp ei lang rekkje ting som er omtala i riksmedia, men vedgår at festivalane ikkje får særleg omtale. Les meir her om det han meiner.
 (19/01-08)
Vinterkappleiken på Rauland blir laurdag 16. februar 2008.
Det har vore litt uro rundt kappleiken som har fått ny dato i forhold til tidlegare år. Vi har fått ei pressemelding om kappleiken:
"Folkemusikkstudiet ved Institutt for folkekultur, Høgskolen i Telemark,har gleda av å kunne invitere til vinterkappleik på Rauland for syttande år på rad. Kappleiken har endra noko i form, og er no ein del av Rauland Internasjonale Vinterfestival. Tevlinga vil finne stad laurdag 16. februar, og vil som tidlegare bli arrangert på Raulandsakademiet i Vinjesalen.
Me vil i år operere med fem forskjellige klasser, der kvar utøvar vil bli dømt av åtte domarar med forskjellig bakgrunn. Klassene er i år som følgjer: Feleklasse (hardingfele og fele), tradisjonsmusikk på andre instrument (til dømes toradar, langeleik og munnharpe),  Dans, Vokal, Open klasse (som og omfattar gruppe- og lagspel). Aldersgrensa for å kunne delta individuelt på kappleiken er 15 år.  Dei tre deltakarane med høgast poengsum (uansett klasse) går vidare til ei finalerunde som vil vere ein del av konserten på laurdagskvelden. Vinnaren av denne runda vil bli heidra med ein pengepremie på 2000 kroner, mens nummer to og nummer tre vil bli premiert med høvesvis 1000 kr og 500 kr.
Det vil bli opna for påmelding på førehand, men me vil ha nokre få restplassar til sjølve kappleiksdagen. Ver ute i god tid, fordi det er avgrensa med plassar.
"
 (19/01-08)
"Lea de" samarbeider med Anne Aamodt AS om Hurtigrutetur
Lea de – Bygda dansar i Oppland og Anne Aamodt AS har inngått avtale om samarbeid på Folkemusikkseilasen på Hurtigruta 23. til 29. april 2008 med M/S Nordkapp. Dette inneber blant annet at Lea de stiller med ein utvida prosjektleiing og 8 ungdomar frå prosjektet på denne folkemusikalske jubelferden fra Bergen til Kirkenes. I tillegg kan ein oppleve instrumentverkstad, konsertar med toppartistar og lokale amatørar, eksotiske folkemusikkpøbber, drivande dansekurs og humoristiske foredrag om folkemusikken- og folkedansen i Norge. Artister vil bli annonsert etter kvart.Folkemusikkseilasen frå Bergen til Kirkenes 23. – 29. april 2008 er ein av fire tema-turar med Hurtigruta som Anne Aamodt AS arrangerer. Sigurd Heide er prosjektleiar, mens Stian Roland er lokal prosjektmedarbeidar. Prosjektledelsen ved Stian Roland, Tone Voldhaug og Sigurd Heide skal ha dansekurs under heile turen. Disse tre er anerkjente pedagogar, og er mellom våre fremste folkedansarar. Anne Aamodt AS er ein kulturarrangør som tilbyr opplevingar til reisande som er på jakt etter det unike. Her kan du lese meir om bygda dansar prosjektet og om Anne Aamodt AS
 (17/01-08)
Rff droppar utøvarutdanning i folkedans frå hausten 2008
I ei pressemelding fortel Rådet for folkemusikk og dans at utøvarutdanninga i folkedans som var planlgt frå hausten 2008 blir utsett. I pressemeldinga står det:
"Styret for stiftinga Rådet for folkemusikk og folkedans hadde møte måndag 14 januar. Styret beklager at det ikkje er mulig å få i gang i ei utøvarutdanning i folkedans frå hausten 2008, slik som ein hadde håpa. Det har blitt nødvendig å venta eit år. Dei midlane som var sette av til dette formålet vil då bli brukte til å gjera ein innsats for arbeidet med arkivet på Norsk Senter for folkemusikk og folkedans i 2008.
 Sjå ellers www.rff-sentret.no
 (17/01-08)
Rff-senteret kjem snart med ny nettportal
I ei pressemelding fortel senteret at:
"Rff-sentret har no ein ny nettportal klar for utlån av arkivmateriale. Sentret vil starta utprøvinga i løpet av den næraste månadane. Portalen kan senda film til lokale lånarar, og det blir då mogleg å senda film frå ein strøymings-server (streaming) til brukarar som registerer seg.
Styret håpar dette tiltaket vil betra utlånstenesta til Sentret utan å koma i konflikt med avtalene Rff-sentret har gjort om bruk av materialet under innsamlinga. Sentret vil såleis ikkje leggja ut anna enn smakebitar ope tilgjengeleg, men kan låna ut materiale gjennom strøyming, og ikkje nedlasting, til bruk i lokalt opplæringsarbeid. Sjå ellers www.rff-sentret.no
 (17/01-08)
Sølja på Hamar med fint gjennomført jubileumsball
Det var nesten 100 deltakarar på Folkedanslaget Sølja sitt 20-dagsball på Stange, det 20. i rekkja, den 12. januar 2008.
Det var fin mat, god underhaldning,  framifrå musikk ved Over Stok og Steen, god dansesal og fin danseleiing. I det heile, eit triveleg ball der det også var innslag av runddans.
Spesielt for dette ballet  var det at fylkesmann Sigbjørn Johnsen var til stades og heldt festtalen og utnemnte kveldens ballmeister (sjå biletet).
Her kan du sjå mange bilete frå ballet.
 (14/01-08)
Det går i retning av to festivalar framleis, spår GD
Avisa Gudbrandsdølen/Dagningen spår at Landskappleiken og Landsfestivalen ikkje blir slått saman til ein festival, slik det vart gjort framlegg om på årsmøtet i november. det har vore ein god del diskusjon om saka, og avisa har mellom andre snakka med leiaren Berit Skeide og sentrale personar som Rasmus Stauri, Aslak Brimi og Trond Ole Haug. Dei er enten imot samanslåing eller tvilande. Forslaget om samanslåing botnar i eit problem med å finne arrangørar til stemna. Såleis har ein enno ikkje funne arrangør for Landskappleiken 2009. Les meir her
 (07/01-08)
Grappa med ny rekord: heile 16 nominerte til Spellemannsprisen 2007
Dagleg leiar i det norske plateselskapet Grappa Helge Westbye er strålande fornøgd med årets nominasjonar - heile 16 plater frå selskapet er nominert. Det er ny rekord. Han er spesielt glad for dei to nominasjonane i Årets nykommer:   Trine Thing Helseth og Valkyrien Allstars. Grappa er Norges største uavhengige plateselskap og har ein katalog på innpå 1.000 album, medrekna katalogane til  folkemusikkselskapet Heilo og klassiskselskapet Simax.Westbye starta selskapet  Grappa i 1983 med Lillebjørn Nilsen og Bjøro Håland som leiande artistar. Sidan har Grappa blitt helt eller delvis eigar av dei norske plateselskapa Heilo, Rune Grammofon, Aurora, Simax, Blue Mood, Elevator og Barneselskapet, og er norsk distributør for selskapet ECM.Dessutan erGrappa hovudeigar i distribusjonsselskapet Musikkoperatørene. Les meir om dette her.
 (07/01-08)
Sigrid Moldestad fekk Lutt-prisen for andre året på rad
Lutt-prisen er den største musikkutmerkinga i Sogn og Fjordane og det er NRK Sogn og Fjordane som deler ut prisen. Prisen vart utdelt under ein julekonsert i Sogndal føre jul. Det var i alt 18 nominerte til prisen, og vinnaren vart kåra av 4000 lyttarar stemt. Les meir her.
 (06/01-08
Valkyrien Allstars kan vinne 200000 kroner som Årets nykommar
Valkyrien Allstars kan vinne 200 000 kr dersom dei vinn klassen Årets nykommar der dei er nominert til Spelemannsprisen. Les reportasje i Dagbladet om nominasjonen og Valkyrien Allstars.
 (06/01-08)
Nominasjonar til Spellemannsparisen 2007
I klassen for folkemusikk/gammaldans er desse nominert:
Trio Mediaeval - Folk Songs, Sigrid Moldestad - Taus, Berit Opheim - Den blide sol og Ragnhild Furebotten - Endelig vals. 
I klassen for årets nykommar er  Valkyrien Allstars nominert. Finalen blir laurdag 2. februar. Sjå alle nominasjonane her.
 (06/01-08)
Svenskt folkemusikkmateriale på Internett
Heile det store materialet av svenske folkemusikknedteikningar er no gjort tilgjengeleg på Internett for nedlasting og utskrift for personleg bruk.  Grunnmaterialet til "Svenska låtar" tilsvarar det norske fele og hardingfeleverket. Til saman er det scanna inn ca 40000 sider. På dette området ligg Sverike eit godt stykke føre Noreg, der vi truleg må vente i fleire år før vi får ein liknande internettkatalog. Les meir her.
 (6/01-08)
Godt nytt år 2008!
Vi ynskjer alle lesarar godt nytt år 2008!
Helsing
Vebjørn Bakken
 (31/12-07)