"Gamle" nyheter frå 2006

God jul!
Vi ynskjer alle lesarar og bidragsytarar ei god jul!
Helsing
Vebjørn Bakken
 (23/12-06)
Vil gruppa di reise utanlands med folkedans?
Her finn du ei oversikt over nokre av dei festivalane rundt om i verda som det går an å reise til i 2007.
 (22/12-06)
Monaleg meir tilskot til folkemusikkfestivalane for 2007
Norsk kulturråd gjev  675 000 kr meir til folkemusikkfestivalane i 2007 samanlikna med 2006. Då blir Førdefestivalen halden utanfor, for han får pengar direkte over Statsbudsjettet. Samla tilskot er på vel 3 millionar kroner. Den einaste som får mindre pengar er Årinn som får 100 000 kr mot 150 000 kr i 2006. To nye festivalar får også støtte: 250 000 kr til Folkelarm og 150 000 kr til Hilmar Alexandersen folkemusikkfestival. Oversikta ser slik ut:
  2006: 2007:
Árinn
150 000
100 000
Den Norske Folkemusikkveka
550 000
600 000
Folkelarm
250 000
Hilmar Alexandersen Folkemusikkfestival
150 000
Jørn Hilme-stemnet
300 000
400 000
Kalottspel
150 000
200 000
Latinfestivalen i Trondheim
100 000
100 000
Nordsjøfestivalen Sailor's Wake
100 000
150 000
Osafestivalen
175 000
250 000
Telemarkfestivalen
850 000
850 000

 
(21/12-06)
Instillinga frå Riksceneutvalet ligg nå føre

Rikssceneutvalet har lagt fram si innstilling og oppsummering av høringsuttalane som kom inn tidlegare. Dei som har vore med i utvalet er Maria Høgetveit Berg, Martin Revheim, Asgaut H. Bakken, Unni Løvlid, Stein Olav Henrichsen og Benjamin Kehlet. Det er også oppnemt eit interimstyre som består av tre personar: Randi Skeie frå LfS, Tarjei Haugen frå NFD og Nils Mattis Sara frå den samiske musikkorganisasjonen Juoigiid Searvi.
Interimsstyret legger opp til å innkalle til stiftingsmøte og første møte i Riksscenerådet fredag 9. mars 2007 Innstillinga er å finne på Internett.  Frode Rolandsgard har kome med ein lengre kommentar til innstillinga der han er kritisk til ein del ting, mellom anna at dei store salane er for små. Les hans kommentarar her.
 (19/12-06)
LfS søkjer vikar for Prosjektleiaren i Folkelarm.
Den noverande prosjektleiaren skal ha eit halvt års permisjon og Lf S søkjer vikar. 'Søknadsfrist er 5. januar 2007.  Les meir her.
 (19/12-06)
DVD frå Landskappleiken på Beitostølen
Valdres Folkemusikklag har laga ein DVD med opptak frå Landskappleiken på Beitostølen i 2006. Denne er til sals for kr 200. Du kan også sjå bitar av DVD'en her på Internett. Sjå meir her.
 (19/12-06)
"Folkemusikken i Setesdal står i fare"
Ja, det seier styremedlem i Setesdal Spelemannslag Monica Antun til NRK Sørlandet. Ein rapport som situasjonen fortel at Unge menneske er for lite interessert i folkemusikk, og peikar på at det berre er ein aktiv utøvar under 25 år i Setesdal. Ungdom høyrer ikkje så mykje på folkemusikk. Det er andre ungdomsmiljøe og kulturar som fengjer meir, heiter det vidare i rapporten. Les meir her.
 (18/12-06)
Arvid Lien på Ski i Akershus utgir CD med folketonar på gitar
Arvid Lien er musikklærar på Ski i Akershus og har gitt ut ein CD med nordiske folketonar - "Nordiske gitarklanger".  Til saman er det 37 melodiar. Les intervju med Arvid Lien her.
 (18/12-06)
Jorun Marie Kvernberg intervjua på nettsida "Neste klikk"
"- Fela og folkemusikken har vore der heile livet sidan barndommen. Fela er knytt til heile identiteten min, seier Jorun Marie Kvernberg." Dette er noko av det ho serer til Neste klikk. Les heile det lange intervjuet her.
 (18/12-06)
Karen Marie Garthus ny leiar for Jørn Hilme stemnet
Karen Marie Garthus blir ny leiar for Jørn Hilme stemnet, og etterfølgjer Ola N. døvre. Garthus var leiar for stemnet i åra 2000 - 2004. Ho er lærar ved Valdres vg skole. Ingvild Lie, styremedlemmer Gyda Grøndalen Hoffmann, Frode Rolandsgard og Ingar Ranheim - representant frå Valdres Folkemusikklag. Dei to tilsette ved festivalen er dagleg leiar Solveig Hårdnes og informasjonsmedarbeidar Kari Hauge. Les meir her.
 (14/12-06)
Musikkverkstadordninga har fått ny samansetning
Magnar Sundt i Landslaget for Spelemenn går ut av styringsgruppa og inn kjem Frode Rolandsgard. I sjangerutvalet sit Ola Stave (leiar), Ola K. Berge, Kjell Stundal. Musikkverkstadordninga deler kvart år ut over 1,2 millionar direkte til folkemusikktiltak over heile landet, og i tillegg kjem ulike samarbeidsprosjekt. Les meir her.
 (13/12-06)
Ung hallingdansar får kr 15 000 i stipend
Asgeir Blaavarp Heimdal (14) fekk stipendet som Nore og Uvdal kommune og Nes Prestegjelds Sparebank deler ut i kulturstipend. Asgeir skal bruke pengane til å lære hallingdans hjå Martin Myhr. Les meir her.
 (13/12-06)
Dei siste tildelingane frå LOK-ordninga i  desember
Sidan LOK-ordninga vert lagt ned, er dette dei siste tildelingane til lokale musikkformål. Her finn vi tildelingar til Coulombi Egg i Bergen, Fengselet på Hønefoss, Den norske folkemusikkveka i Ål og Bærum spelemannslag. Elles finn vi støtte til ein del av dei CD'ane som er komne siste tida, mellom dei JUledrøm med Majorstuen og vokalistar. Under kyrkjemusikk får Ål kyrkjelege fellesråd ein stor sum (290 000kr) til å utvikle gudstenestene i folkemusikalsk lei, og Bergen storband får til folkemusikk (50 000 kr). Elles får Per Anders Buen Garnås, Ingfrid Breie Nyhus og Ragnhild Furholt til nye CD-innspelingar. Les meir her.
 (13/12-06)
Innstillinga frå Kulturkomiteen på Stortinget ligg nå føre
Det er som venta ikkje så store endringar samanlikna med Regjeringa sitt framlegg. Likevel er det interessant å sjå kva det blir lagt vekt på i dei kommentarane som komiteen skriv. Fleirtalet i komiteen støttar framlegget om at tilskota til lokale musikktiltak fell bort, medan mindretalet går mot det. Det blir elles peika på det viktige arbeidet som dei tre store organisasjonane gjer - Landslaget for Spelemenn, Norsk folkemusikk og danselag og Noregs Ungdomslag. Det blir elles peika på det viktige arbeidet som Ole Bull Akademiet gjer. Her kan du lese eit samandrag av meldinga. Heile meldinga kan du finne her: http://www.stortinget.no/innb/2006/midl/innb-20062007-002-i.htm.
 (13/12-06)
Folkemusikkutdanninga ved Norges Musikkhøgskole
Den 15. desember er fristen for å søkje om opptak på Norges Musikkhøgskole. Kandidatstudiet i folkemusikk ved Norges musikkhøgskole har eksistert sidan 1995. Til nå har det vore studentar på trekkspel, fele, hardingfele, fløyte, folkesong og toradar. Som elles i høgdkolesystemet består det av ein fireårig bachelor, og det kan forlengast med ein toårig master. Dei to første åra er undervisninga på hovudinstrument todelt: einskal bli teknisk god på sine instrument og ein skal leire folkemusikalske element. Elles er det relativt mykje generell musikkteori for dei som går på Musikkhøgskolen, og sume folkemusikarar blir nok skremt av det. Her kan du lese ein lengre artikkel der læraren Tom Willy Rustad og eleven Gjermund Larsen fortel om det å vere student ved Musikkhøgskolen.
 (13/12-06)
Kjell Bitustøyl har vore redaktør for Spelemannsbladet i 10 år
Det siste nr av Spelemannsbladet er no å finne i forkorta utgåve på Internett. Her finn vi også eit intervju med Kjell Bitustøyl som har vore redaktør for bladet i 10 år, intervjua av Anne Svånaug Haugan. Les meir her.
 (07/12-06)
Ny bok om toraderspelemannen Odd Gunnar Haugen frå Hol
Toraderspelemannen og treskjeraren frå Hol har kome mellom to permar. Det er forfattar Øystein Molstad Andresen som har skreve boka som kje ut på Boksmia forlag i Ål. Les meir her.
 (07/12-06)
Ny spennande nettstad for norsk musikk - også folkemusikk
Den nye nettstaden heiter
www.kaleidofon.no. Det er Musikkinformasjonssenteret som har ansvaret for prosjektet, i samarbeid med Norsk Musikksamling, Jazzarkivet, Visearkivet og USF Verftet i Bergen. Her kan vi lese diverse informasjon om norsk folkemusikk, og samtidig sjå og høre klipp frå ulike norske spelemenn og grupper. Eit flott tiltak, men ei spennande grafisk utforming.
 (07/12-06)
NRK Sogn og Fjordane deler ut Lutt-pris
NRK i Sogn og Fjordane deler ut ein pris til ein artist eller gruppe som har markert seg i 2006. Mellom dei 18 artistane som er nominert er det også folk frå folkemusikken: Spindel, Oline og Unni Løvlid, Synnøve S. Bjørset, og Moldestad/ Høgemo. Les meir her
 (07/12-06)
Bunad og folkedansrådet skal vurderast av Kulturdepartementet
Det har vore ein del uro i spørsmålet om eventuell flytting av sekretariatet for Bunad- og folkedansrådet frå Fagernes til Trondheim. Mellom anna har det vore fleire stykke om dette i lokalavisa Valdres. I midten av november var det Rådsmøte i lokala til Kyrkje- og kulturdepartementet i Oslo. Her vart det ikkje gjort noko vedtak om eventuell flytting. Men det vart gjort vedtak om at departementet skal gjennomgå strukturen til Bunad- og folkedansrådet. På spørsmål frå Valdres svarar direktør Gunn Jensberg at dei ikkje har formulert noko om eventuell flytting, og at flytting  aldri har vore noko primært ønske. Ho seier vidare at rådet har hatt ein dialog med departementet, og at departementet er samd i at det skal lagast ei utgreiing. Les også om reaksjonar frå Valdres her.
 (03/12-06)
Ingebjørg Harman Bratland med på Odd Nordstoga sin Julekalender
Odd Nordstoga står bak musikken på NRKs nye Julekalender, og der får den unge kvedaren frå Vinje synge saman med sitt store førebilete Odd Nordstoga. Les om det her.
 (03/12-06)
Plata til Majorstuen "Juledrøm" svært godt motteken
Den nye plata til Majorstuen har fått svært fin omtale mange plassar mellom andre av Per Anders Buen Garnås i Kvinten. I Dagsavisen får plata terningkast 6. Også i Dagbladet får ho fin omtale. Likeeins på nettsida Myspace. Her kan du også hayre deler av plata.
 (03/12-06)
Folkemusikk(halv-)timen i radio fyller 75 år
Og det vil dei markere med ein konsert i Studio 19 6. desember kl 19.30. Her blir mange dugande folkemusikarar med, mellom dei Sven Nyhus, Thea Tunås Bratteng, Per Midtstigen, Unni Bokasp og fleire. Les eit langt intervju med Leiv Solberg der han fortel om utviklinga i folkemusikktimen gjennom tidene.
(02/12-06)
Folkemusikkk frå Østfold og Romsdal i folkemusikktimen 3. desember
Ingunn Skjelfoss frå Hobøl har samla lokal folkemusikk i mange år, og henne får vi høyre synge mellom anna ein ny versjon av den kjente folkevisa Hoprpa. Det blir også eit møte med Jorun Marie Kvernberg som spelar frå den nye CD'en sin.
 (02/12-06)
42% av publikum ved Førdefestivalen er tilreisande
Førdefestivalen har gjennomført ei undersøking der dei mellom anna ser på kvar publikumet kjem frå. Det syner seg at 42% kjem utanfrå, og dei meiner dei stadfester at Førdefestivalen er eit nasjonalt arrangement. Heile 79% av publikum har vore på festivalen før. Les meir om kvar festivaldirektør Hilde Bjørkum seier i eit intervju.
 (02/12-06)
Jorun Marie Rypdal Kvernberg: plateaktuell og månadens artist
Jorun Marie Kvernberg (f. 1979) er månadens artist på Norsk Folkemusikkatalog. Dessutan er ho plateaktuell med eigen solo-CD, som vert slept i Ladegården i Oslo måndag 4. desember. Jorun Marie er ei drivande kraft i gruppene Majorstuen og Tindra og satsar også på solokarriere. Ho har teke utøvande folkemusikkutdanning på Norges Musikkhøgskole med fele og hardingfele som instrument. Ho er i dag frilans folkemusikar på heiltid. Ho kjem frå ei familie i Fræna i Romsdal der musikken har vore viktig. På den nye CD'en presenterer ho stoff frå Tresfjord (der mor hennar kjem frå), og frå Misund og Nordmøre. I Misund har ho lært av spelemannen Ole Blø, som ho også har skreve ein slått til, og sjølvsagt har ho slåttar etter bestefaren Peter L. Rypdal (1909-1988) som var ein framifrå musikar og komponist i Tresfjord.
 (01/12-06)
Portrettintervju med Halvard Kvåle i "Kvinten"
Kvinten er bladet for Norsk Folkemusikk- og Danselag, og det har nyleg kome med sitt nr 5/06, med Per Anders Buen Garnås som redaktør. Her finn vi også eit intervju med Hallvard Kvåle - intervjua av Tore Skaug. hallvard er aktuell som årets bjøllesau for FONO 2006, og som aktiv spelemann i Bærum Spelemannslag og tidlegare eigar av Heilo plateselskap. Les intervjuet med han her.
 (01/12-06)
Siste nytt om Riksscena for folkemusikk og folkedans
Det siste som har skjedd (midten av november) er at det er gitt klarsignal frå departementet om at ei stifting kan etablerast utan medverking frå Departementet. Det vart klart etter eit møte med mellom andre statssekretær Randi Øverland. Stiftingsmøtet blir enten før eller etter jul. Riksscena skal inn i nybygde lokaler i Kulturkvartalet Schous, saman med regionalt senter for norsk populærmusikk. I kvartalet blir det 50 døgndrivne øvingsrom og nye lokaler for Oslo musikk- og kulturskole. Rikscena for folkemusikk og dans vil bli etablert i leigde lokale, og innflytting vil skje tidleg i 2009.
 (01/12-06)
Gruppa Frigg får terningkast 6 etter konsert i Ibsenhuset
Den norsk-finske gruppa får svært fin omtale i telemark Arbeiderblad etter ein konsert i Ibsenhuset. I gruppa finn vi brørne einar Olav og Gjermund Larsen frå Verdal og familien Järvelä frå Kaustinen. Les meir her.
 (24/11-06)
Tilskot hausten 2006 frå Fond for lyd og bilde
Tilskota til folkemusikk for hausten 2006 er no offentleggjort. Det meste er tilskot til produksjon av CD'ar, men det er også tilskot til konsertar og til marknadsføring. Mellom dei som får tilskot er Kirsten Bråten Berg, Synnøve S. Bjørset, Susanne Ludeng (Kirkelig Kulturverksted), Talik, Etnisk Musikklubb og fleire. Folkelarm får 25000 kr. Sjå heile lista her.
 (24711-06)
Majorstuen med animasjonsvideo

Majorstuen har denne hausten jobba i smug med ein animasjonsfilm til låta Juledrøm. Under ei hektisk øvehelg i oktober fekk dei utfalde seg som "idéskapere, manusforfattere og skuespillere". Og nå har Andymatix International Studio ferdigstilt filmen om ein Majorstuensk julekveld. Dei arbeider no hektisk med å gjere videoen klar. Laurdag 25. november kl.12.00 kan du klikke deg inn på ein link for å sjå animasjonsfilmen! Vel møtt! Her er sida du bør gå til!
 (24/11-06)

Kjent finsk folkemusikkgruppe blir ei av dei første i Stavanger 2008
Under kulturbyen Stavanger 2008 kjem ei finsk gruppe med framifrå felespel og friske tangotakter når finske JPP gjester Stavanger. Fredag 24. november får bandet selskap av den norske gruppen Tango for 3 og Stavanger Symfoniorkester i Stavanger Konserthus, og lørdag 25. november blir det forrykende felespill i egen konsert på Folken. Les meir her.
 (22/11-06)
8-mm-film ved Rff-senteret overført frå film til digetal video
Ved senteret for Folkemusikk og folkedans har dei eit stort materiale med danseopptak på  8mm-film som er teke opp i perioden 1967 til 1974. Dette verdfulle materialet er no overført til digital form. Det meste av dette er det Egil Bakka som har fila, men Sverre Halbakken også ein del. Det er støtte frå Kulturrådet som gjer at ein kan utføre dette arbeidet i samarbeid med firmaet
EB-videoprodukter fra Halsa på Nordmøre. Les meir her.  Les også om tiltaket her.
 (22/11-06)
Mange ungdomsskuleelevar i Hallingdal vil lære springar
Over 300 ungdomsskoleelevar i Hallingdal vil lære springar! Det er Martin Myhr og kona Gunnlaug Lien Myhr som har sett i gang eit danseprosjekt der alle ungdomsskoleelevane i heile dalen skal få ei innføring i springar, lausdans, hardingfelespel og kveding. Kurset skal halde fram etter jul og det er utruleg gledeleg med så positiv respons seier Martin Myhr til Hallingdølen. Les meir her.
 (22/11-06)
Finalistane til IntroFOLK 2007 er plukka ut
I 2007 blir det igjen IntroFOLK tevling, der ein solist /gruppe innan norsk folkemusikk i lanseringsprogrammet INTRO-folk og dei skal konkurrere om kven som blir ”Årets unge folkemusikere 2007”. Det blir semifinalar på Førdefestivalen, Folkemusikkveka i Ål og på Riddu-Riddu, og finalen blir  på Telemarkfestivalen. Dei solistane som er plukka ut er Jorun Marie Rypdal Kvernberg, Benedicte Maurseth og Gro Marie Svidal. Gruppene er Rysstad / Sporsheim Berg, Geitungen og Sver. Det er Rikskonsertane som står bak tevlinga. For 2 år sidan vart tevlinga halden første gong, og då vann Majorstuen. Les meir om tevlinga her.
 (22/11-06)
Barneleikarringen Lurvelegg dansa for dei eldre på Furnes ved Hamar
Dei hadde ei flott framsyning av folkedans for dei eldre ved Furnes bo og aktivitetssenter. Instruktør i Leikarringen er Marita Ramstad og det har ho vore i nærpå 20 år. Les meir her.
 (19/11-06)
Trubaduren og trekkspelar Ole Aulie fekk Lista kommunes kulturpris
Den mangesideige kulturarbeidaren fekk årets kulturpris for det store arbeidet han har nedlagt i lokal kultur, mellom anna i Trekkspelklubben. Les meir her.
 (19/11-06)
Åge Sogn fekk Vågåfatet under Vågåtreffen 2006
Vågå Trekkspillklubb markerte 30-årsjubileumet sitt, og det var også 30 år sidan Vågåfatet vart utdelt for første gong. På Vågå Hotell var det samla 30 orkester i jubileumshelga. Dei spela opp til både dans og konsert. Dei kjente spelemennene Oddvar Nygaard og Ola Opheim var dei første som mottok Vågåfatet. Seinere har mange kjente spelemenn fått prisen. Les meir her.
 (19/11-06)
Hol kommune gjev 100 000 til Landskapplein på Geilo 2007
Det var Kultur og oppvekstutvalet i Hol som bevilga pengane. Det er Geilo Spelemannslag som er arrangør av Landskappleiken 2007. Laget reknar med eit budsjett på 2 millionar, og dei reknar med ein dugnadsinnsats på mellom 6 og 7 årsverk. Hol kommune vil får gratis annonse i programmet for Landskappleiken. Gol Spelemannslag arrangerte Landskappleiken både i 1969 og 1986 og Landsfestivalen for Gamaldansmusikk i 1992 og 1999. Les meir her.
 (19/11-06)
Valkyrien All Stars i finalen i Kjempesjansen
Valkyrien All Starts kom heilt til finalen i Kjempesjansen på NRK TV på laurdag, som eit av dei 8 beste. Men dei kom ikkje vidare til Superfinalen, der berre dei 4 beste kom med. Men som Dan Børge Akerø seier: her er alle vinnarar. Så vi gratulerer Valkyrien med ein framifrå innsats.
Systrene hemsing frå Valdres var også med i Kjempesjansen, og dei vart nest best av alle i den endelege Superfinalen. Her spela dei fiolin. Men dei er som kjent også svært dugande på haradingfele. Gratulerer til dei også! Les meir her.
 (19/11-06)
Hallvard Kvåle fekk FONO sin Bjøllesaupris
Bjøllesauprisen blei stifta av FONO i 1994 og blir utdelt til personar eller institusjonar som syner veg, og som har gjort ein heilt spesiell innsats for norsk musikk. I år har prisen gått til plateprodusenten og spelemannen Hallvard Kvåle. Han er frå Voss men har det meste av sitt vaksne liv budd i Bærum. han var først jazzmusikar men byrja seinare med hardingfela. Han jobba i mange å i plateselskapet Arne Bendiksen. Han starta plateselskapet Heilo i 1979 og hadde gjeve ut 150 produksjonar då Grappa overtok i 1995. Han har i 20 år vore fast spelemann for folkedanslaget Bæringen og vore musikalsk leiar i Bærum Spelemannslag. Han har tidlegare fått mange prisar for sitt utrettelege arbeid for norsk folkemusikk. Les meir her.
 (16/11-06)
Stor interesse for stildans mange stader
Det er stor interesse for stildans mange stader særleg i Oslo-området, rundt Drammen, Hamar, Vestfold og Telemark, men også i byar som Stavanger og Trondheim. Laurdag 11. november var det Ball på Losby Gods i Lørenskog, og det samla nærpå 100 deltakarar frå Hamar til Grenland. Det var Romerike Turdanslag som hadde invitert til ball denne gongen. Kvelden før hadde Symra stildansøving i Oslo og der var det over femti deltakarar. På biletet ser vi 4 staselege par frå Oslo historiske dansegruppe som alle har nye historiske drakter. (Klikk på biletet så blir det større). Sjå fleire bilete frå ballet på Losby her.
 (12/11-06)
Folkedansen har blitt populær i Søndre Land
Instruktør Marit Hultmann  dansar og instruerer i tre samfulle timer kvar tirsdag kveld. På kursa er det 15 born på gruppa frå 4 år til 1. klasse, 21 born fra 1. klasse til 4. klasse og 16 barn i gruppa fra 4. klasse og oppovr. Les meir her.
 (12/11-06)
Kalottspel utviklar dansekurs for dei unge i Målselv
Kalottspel er kjent for å arrangere festival og konsertar. Men nå har lærarstudenten Marte Frihetsli fått praksisplass og skal utvikle dansekurs for dei unge. Les meir her.
 (12/11-06)
Geir Byre med eigne komposisjonar på CD
Geir Byre i Gudbrandsdalen skal gje ut 21 av sine komposisjonar på CD. Knut Kjøk, Geir Byre, Øyvind Bakken og Sigurd Kolden utgjer grunnstamma i CD-prosjektet som Geir har sett i gang. Les meir her.
 (12/11-06)
Kulturkommentar i Dagsavisen: LOK-midlar som blir borte
Kulturredaktøren i Dagsavisen kommenterer dei kulturmidlane til lokal musikkformål som blir borte i Statsbudsjettet. Les her.
 (12/11-06)
Majorstuen har plateslepp i dag med CD'en Juledrøm
Platesleppet er på  Cafe Art'é i St. Olavs gate 7 i Oslo. Det blir servert jolebakst frå Rendalen og Majorstuen spelar smakebitar frå plata.  Camilla Granlien og Jon Anders Halvorsen deltar også.
 (09/11-06)
Ein del av nytt nummer av Spelemannsbladet å finne på Internett
Redaktøren sin leiar og litt til av Spelemannsbladet nr 7/06 er nå å finne på Internett. Redaktørern filosoferer over tilhøvet mellom "bastardmusikk" og "ekte" folkemusikk. Du kan lese det her.
 (09/11-06)
Mari Boine fyller 50 år
I dagsrevyen i dag fekk me sjå innslag frå Tyskland der Mari Boine heldt ein av sine mange vellukka konsertar og fekk både trampeklapp og fødselsdagssong.
 (09/11-06)
Mykje rabalder om bortfallet av LOK-støtta
Det har vore mykje både i radio og aviser om bortfallet av dei såkalla LOK-midlane, dvs Norsk Kulturråd sine støttemidlar til lokale musikktiltak. Kulturminister Giske meiner at denne støtta best kan gjevast av kommunale kulturmidlar, sidan det ofte er snakk om nokså små summar per tiltak. Men mange av musikkorganisasjonane, også innanfor folkemusikken, meiner at kommunane ikkje vil prioritere desse tiltaka. Dei organisasjonane som er med i SAMSTEMT har sendt eit brev til kulturdepartementet om dette.  Les meir om dette her.
 (09/11-06)
Program om Ottar Kaasa på NRK TV1
Dokumentaren blir vist
måndag 13. november kl. 19.55  i Faktor på på NRK1. Ottar Kaasa er kjent som ein dugande spelemann som er direkte etling etter Myllarguten, og han er også ein lovande lærlig i felemakarfaget. Les meir her.
 (08/11-06)
Gruppa Tværg med folkemusikk frå Selbu
Gruppa Tværg består av
Mattias Helje på fele og Per Johan Moslet på torader. De spiller folkemusikk fra Selbu, Lima og Finnskogen. CD'en deira heiter CD'en "Frå Tusenølløv te Olav Haugan- Folkemusikk fra Selbu". Les meir på heimesida deira.
 (08/11-06)
Hilmarfestivalen i Steinkjer: Underskot på 200 000 kroner
Med eit totalt budsjett på 900 000 er 200 000 eit stort underskot. Underskotet har samanheng med to ting: Det vart seldt billettar for 150 000 mindre enn budsjettert på Odd Nordstoga konserten og salet av gjennomgangsbillettar var mindre enn ein hadde rekna med. Dei selde berre 20 stk, medan dei rekna med 100.
Leiar for festivalen Odd Sæheim set eit  spørsmålsteikn ved om dei har ryggrad til å gå på ein ny Hilmarfestival. Les meir her.
 (08/11-06)
Alle i det gamle styret held fram i det nye i Landslaget for Spelemenn
Det var Årsmøte i samband med Hilmarfestivalen, og det vart attval på alle som stod på val, og dermed blir det same styret som held fram. Dei som sit i styret er: Randi Skeie (leiar), Jan H Lislien, Solbjørg Tveiten, Mari Eggen og Knut Aastad Bråten. Vararepresentantar: Torunn Raftevold Rue, Thomas Nilssen og Terje Foshaug. Les meir her.
 (08/11-06)
Valkyrien All Stars vidare til finalen i Kjempesjansen
I Kjempesjansen i NRK TV1 var det i kveld første semifinale av to, og mellom dei 4 gruppene/solistane som gjekk vidare var Valkyrien All Stars frå Bærum/Valdres. Dei framførte ein eigenkomponert låt der dei nytta tekst frå Arne Garborgs Haugtussa: Å gjev du batt meg med bast og bende. Gratulerer! Les meir her.
 (04/11-06)
Lene Hansen ny styreleiar i Fond for utøvende kunstnere
Det har teke lang tid å få på plass eit nytt styre. Lene hansen har tidlegare vore leiar for Riddu Riddu festivalen. Les meir her.
 (04/11-06)
Hardingfela er å høyre i Japan
Og det er ikkje norske spelemenn som spelar, men ei ekte innfødd jente Rio Yamase som har lagt sin elsk på den norske hardingfela og har vore mange gonger i Norge for å lære hardingfelespel, mellom andre av Halvard Kvåle. Ho øver kvar dag 7 timar på fella. Les meir om henne her.
 (04/11-06)
Spelemannen Olav Luksengård Mjelva får Buskerud fylkeskommunes kulturstipend.
Han arbeider som frilansmusikar, og er med i mange prosjekt og grupper, mellom dei gruppa Sver som nett nå er på konsertturne.  Han blir brukt til å halde kurs i hardingfele og fele både i inn- og utland. Han har brukt dei to siste åra på å sette seg inn i hallingsdalstradisjonen. Det har gjeve gode resultat også på kappleikar.
 (04/11-06)
350 var på minnekonserten for Bjarne Herrefoss
Han ville fylt 75 år, og mange dugande spelemenn og folkemusikarar var med på minnekonserten i Bø. Les meir om den fine minnefesten her.
 (04/11-06)
Spelemannen Ånon Egeland er vekas p2-artist 6-10 november
Ånon Egeland er kjent som ein særs allsidig musikar, som spelar på mange ulike instrument. Han har nyleg gjeve ut soloplate, og har tidlegare vore med på ei lang rekkje innspelinga. Han har vore lærar på ulike skular for folkemusikk, og er nå lærar ved Akademiet i Rauland.
 (04/11-06)
Videohelsing frå Hallgrim Hansegard i Cairo
Lausdansar  Hallgrim Hansegård har i oktober dansa i Svein Sturla Hungnes si Peer Gynt-oppsetjing i New York og i Ibsenoppsetjinga til  Bentein Baardson i Cairo. På heimesida si har han lagt inn ei videodagbok som syner korleis det er å vere lautdansar i Cairo. 
 (04/11-06)
Annbjørg Lien (35) fekk Hilmar Alexandersens minnepris for 2006
Prisen som er på 10 000 kr vart utdelt under folkedansmessa "Vindens hjul" som vart sett av 250 menneske i Steinkjer kyrkje. Her deltok både Annbjørg Lien, Sven Nyhus,
Spelmannslaget BUL Steinkjer og Sparbu Songlag. Leiar for Stiftinga Hilmar Alexandersen, Odd Sæheim, overrekte Musikkprisen til Lien. Les meir her.
 (04/11-06)
Årsmøte i Landslaget for Spelemenn i Steinkjer
I samband med Hilmarfestivalen i Steinkjer er det årsmøte i Landslaget for spelemenn. Både Innkalling, dagsorden og årsmøtepapira elles er utlagt på Internett.  Errer det vi kan sjå der det ikkje nye store saker som blir tekne opp, men vidareføring av det arbeidet som har vore i gang ei tid. Ein legg stor vekt på informasjonsarbeidet både innetter og utetter, og på skolering av eigne tillitsfork og arrangørar. Les meir her.
 (4/11-06)
Fleire går ut mot fjerninga av midlane til Lokale Musikktiltak
Dei såkalla LOK-midlane er teke bort frå Statsbudsjettet, etter som Trond Giske synest det er naturleg at kommunane gjev desse tilskota. I Aftenposten går Gabriel Fliflet frå Bergen ut mot at midlane er tekne bort - etter hans syn har kommunane ikkje råd til å gje lokale arrangørar tilsvarande tilskot. Les meir her.
 (30/10-06)
Skuleborna i Ski får oppleve folkemusikk
Det er folkemusikkgruppa  Kjerringrokk med Marianne Tomasgård, Agneta Holmer Mæland og Elisabet Olhans som innan den kulturelle skolesekken som står for dette tiltaket. Les meir her.
 (30/10-06)
Vellukka Sjokoladekappleik i Prestfoss
Unge frå fleire fylke var samla til ein vellukka kappleik for dei heilt unge. Les meir her.
 (30/10-06)
Osa-festivalen på Voss melder om svært vellukka festival
Festivalleiinga skriv i ei pressemelding at det var publikumsrekord med 1850 besøkande, fullt og god stemning på konsertane. Pressemeldinga kan du lese her.
 (30/10-06)
Vågå spelemannslag og Brazz Brothers vil lage CD saman
Det blir vistnok første gong at eit jazz-ensemble og eit spelemannslag samarbeider på denne måten. Jan Magne Førde i Brazz Bros har alt 10-12 komposisjoner klare, forteller broren Jarle. I tillegg kjem ein del tradisjonsstoff fra Vågå. - Vi har ikke gjort sjølve utvalet ennå. Men det blir både halling, bruremarsj og runddans. Les meir om dette her.
 (27/10-06)
Minnekonsert for Bjarne Herrefoss på kappleiken i Bø
På Bø-kappleiken 3. november blir det også minnekonsert for Bjarne Herrefoss i Gullbring kulturanlegg i Bø i Telemark. I 2006 ville Herrrefoss fylt 75 år. Ein får der høyre
 sonesonen til Bjarne, Kristoffer Herrefoss, som er yngstemann både på konserten og på slektstreet, og sønene Magne og Roar Herrefoss. Dessutan blir det topp spelemenn som Knut og Hauk Buen og Knut Hamre, Per Anders Buen og Torgeir Straand og kvedarane Marit Vaagen Lilleland og Agnes Buen Garnås. Les meir her.
 (27/10-06)
Folkemusikk-quiz og konsert på Fabrikken i Oslo måndag 30. oktober
På måndag er det igjen Folkemusikk-quiz, dykk i folkemusikkarkivet og konsert ved gruppa Sver på Fabrikken i Oslo. Musikarane i Sver er
Leif Ingvar Ranøien (23) frå Røros (torader) og er student ved Ole Bull Akademiet på Voss. Olav Luksengård Mjelva (23) frå Røros(fele og hardingfele) og er også student ved Ole Bull Akademiet på Voss. Vidar S. B. Skrede (25) fra Haugesund (gitarar, fele, hardingfele), og er student ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Den aller første quiz'en var det NFD som vann. Sjå alle resultata her.
 (27/10-06)
Første steg på vegen mot premiere for "Snu Nordvest"
Danseprosjektet i Møre og Romsdal "Snu nordvest" har hatt si første samling der også den kjente regissøren Leif Stinnerbom var med.
I løpet av sju samlingar skal han og eit 30-talls unge fra Møre og Romsdal sy saman ei forestilling basert på eventyret "Tro og Utro".– Dette er et veldig spennende og krevende prosjekt, seier Stinnerbom til Sunnmørsposten.. - Vi har knapt med tid, men eg har stor tro på at dette blir ein suksess, seier han. Forestillinga skal settast opp ved ein større festival for folkedans i Møre og Romsdal. Les meir her.
 (26/10-06)
Folkemusikk ved Målselvfossen
Kalottspel er med i det landsdekkande arrangørnettverket “Den norske folkemusikkscena”, og dei vil i løpet av vinteren nytte seg av Målselvfossen Turistsenter som stad fleire konsertar.  Dette er ein velegna arena for konserter og dans, sier Terje Foshaug i Kalottspel. Les meir her.
 (26/10-06)
Bra interesse for stevkurs i Setesdal
Setesdal spelemannslag skipa til kurs i kveding i Valle og 9 unge deltok. Leiaren i laget Sigurd Brokke er bra nøgd med det. Lærar på kurset er Kirsten Bråten Berg. Ho fortel at det finst rundt 20-30 ulike stevtoner, mens vi har rundt 30.000-40.000 stev. Les meir her.
 (26/10-06)
Førdefestivalen misnøgd med stortingsmeldinga om kulturelt mangfald
Førdefestivalen har sendt brev til Kulturkommiteen der dei klagar over at Førdefestivalen ikkje er nemnt i Stortingsmeldinga om kulturelt mangfald. Direktør for festivalen Hilde Bjørkum seier at Festivalen i Førde er blitt arrangert kvart år sidan 1990. I løpet av dei 17 åra har festivalen opparbeidd eit stort fagleg nettverk innanfor det fleirkulturelle musikkfeltet både nasjonalt og internasjonalt. Besøkande får kvart år oppleve artistar frå mange land, seier Bjørkum. Les meir her.
 (26/10-06)
Vellukka Oktoberfestival for toraderspelarar på Voss
Det var heile 197 deltakarar på festivalen for toraderar, men av dei var det få frå Vosse-bygda. Les meir her.
 (26/10-06)
Flott avslutning på folkemusikkveko på Stord
Slutten på ei heil veke med folkemusikk vart markert med festkonsert i Kulturhuset på Leirvik laurdag kveld. Over 130 aktørar var med. Mellom dei som var med nemner vi Fylkesmusikarane Einar Mjølsnes, Frank Henrik Rolland og Reidun Horvei, Trio Vest med klassiske tonar,
Stordøya kvedarlag, og Føyno kvedarlaug og mykje meir Les her.
 (26/10-06)
Osa-festival med mange sterke namn på plakaten
Osa-festivalen på Voss går av stabelen 26-29 oktober, og vi ser at det er ei lang rekkje dugande folk som skal delta, til dømes TINGINGSVERK - Elver og elvemot av GABRIEL FLIFLET, ODD NORDSTOGA, GJERTRUDS SIGØYNERORKESTER, BAROQUE FEVER ESK med  POUL HØXBRO OG MIRIAM ANDERSEN, MAJORSTUEN, EINAR OLAV OG GJERMUND LARSEN, TINDRA, STUDENTAR VED OLE BULL AKADEMIET, STEINAR OFSDAL, GUNNAR STUBSEID, BENEDICTE MAURSET og KNUT HAMRE. Les meir om festivalen her.
 (24/10-06)
Bra med pengar til vaksenopplæring i frivillige organisasjonar
Noregs Ungsomslag synest det er bra at det i framlegget til statsbudsjett er sett av bra med pengar til vaksenopplæringa. Støtta er no tilbake på det nivået det var førr kutta i 2005. Men leiar Gunnhild Berge Stang er misnøgd med at folkemusikken og folkedansen er usynleg i budsjettet. Tilskotet til folkedansarbeidet i Noregs Ungdomslag gjennom Norsk Kulturråd er berre prisjustert til 324 000 kr for 2007. Les meir her.
 (24/10-06)
Støtte å få til dei som vil halde konsertar i utlandet
Det er UD som gjev 1,8 millionar i reisestøtte til profesjonelle musikarar som vil halde konsertar i utlandet. Dette omfattar alle sjangrar, så det er ikkje så store summane det vert snakk om. Les meir her.
 (24/10-06)
Mykje pengar å hente frå Musikkverkstadsordninga
Innanfor denne støtteordninga kan lag søkje om støtte til instrument, øvingslokale, lydutstyr og liknande. Dette gjeld innanfor folkemsuikk, jazz og verdsmusikk og rock. I år er det 15 millioner kroner som skal fordelast, etter eit påslag på 2,5 millioner. Lokallag innan LfS kan dessutan søkje om bidrag frå dei 420 000 kronene som ligg i frifondmidlane. Les meir her.
 (24/10-06)
Andreas Ljones og Hallgrim Hansegård ved pyramiden i Egypt
Den storslåtte avslutninga av Ibsen-året skal som kjent foregå med ei imponerande oppsetting ved ein av pyramidane i Egypt. Det var meininga at Per Sæmund Bjørkum skulle spele, men han har fått sjukdomsfråver og dermed hoppar Ljones inn på kortaste varsel. Les meir om dette her.
 (24/10-06)
Vomex 2006 - den største messa for verdsmusikk i Sevilla
Denne messa går føre seg 25-29 oktober. På messa er det fleire norske institusjonar som er med, mellom dei Norsk folkemusikkformidling, Music Export Norway, Musikkinformasjonssenteret, Rikskonsertene/ Oslo World Music Festival, Førde Internasjonale folkemusikkfestival, NORCD, Grappa m.fl. to norske grupper har "showcase" på messa - Adjagas  og Karl Seglem band. Les meir her.
 (22/10-06)
Hemsing-systrene i Valdres gjekk vidare i Kjempesjansen
Dei to systrene Eldbjørg og Ragnhild Hemsing gjekk vidare i Kjempesjansen på NRK TV1. Les meir om dei to her.
 (21/10-06)
Oslokappleik med mange unge, men mindre oppslutning
Laget for Folkemusikk gjennomførte Oslokappleiken 21. oktober på tradisjonelt vis i Storsalen i Nordahl Brunsgt, etter at kappleiken i fjor var saman med Folkelarm. Det var i alt 36 startnummer, og ikkje fullt i salen, så det var vel mindre oppslutning enn dei siste åra. Men det var mange fine innslag å sjå/høyre både av spelemenn og dansarar. Her finn du full resultatliste
 (21/10-06)
Kåre Nordstoga tildelt Lindemans stipend på kr 150 000
Kåre Nordstoga frå Heddal er først og fremst kjent som ein svært allsidig og dugande organist. Han er domorganist i Oslo domkyrkje. Men ha er også kjent for å ha sterk tilknytning til norsk folkemusikk, og har samarbeidd på mange plater med Knut Buen, Tone Hulbækmo, Sinikka Langeland og Per Sæmund Bjørkum. Prisen er den største musikkprisen i landet vårt.
 (21/10-06)
Landsfestivalen i Gammaldansmusikk blir Norgesmeisterskap
Etter at Titanofestivalen nå er nedlagt ser det ut til at Landsfestivalen kan overta rolla med å kåre Norgesmeister i gamaldansmusikk. Landsfestivalane har Landslaget for Spelemenn no arrangert sidan 1987, sist sumar var det i Melhus. Neste års festival blir 18-20 juli i Vågå. Les om det her.
  (20/10-06)
Kristiansand er neste ut med Folkemusikkscene
Den nye scena opnar 24. oktober med ingen ringare enn Annbjørg Lien og Bjørn Ole Rasch. Prosjektleiar for folkemusikkscenene er Asgaut H. Bakken og det er Landslaget for Spelemenn som står bak. Les meir om dette her.
 (20/10-06)
Ragnhild Furebotten fekk Arvid Hansens stipend for 2007
Den kjende felespelaren frå Nord-Noreg (Målselv) som mellom anna er kjent frå Majorstuen og Hekla stålstrenger, har fått stipendet på 50000 fro unge kunstnarar. Les meir i Harstad Tidende.
 (20/10-06)
Odd Nordstoga intervjua av Vårt land
Odd Nordstoga er i vinden for tida med sin nye CD "Heim te mor" som har fått svært gode karakterar i media. I eit lengre intervju i avisa Vårt land fortel han mellom anna korleis det er å bo i byen (han bur no i Oslo) samanlikna med den landlege oppveksten han sjølv hadde. Les meir her.
 (20/10-06)
Oslo-kappleiken går av stabelen laurdag 21. oktober
Det er Laget for folkemusikk som kvart år arrangerer kappleik i  Oslo -
Oslo-kappleiken. Laget for Folkemusikk er landets eldste Spelemannslag og vart stifta i 1903. Kappleiken startar kl 11.00 og det er påmelding ved frammøte. Dei siste åra har det vore kring 130 deltakarar. Kappleiken er ein fin plass å oppleve ein svært variert meny med folkemusikk og folkedans frå alle kantar av landet. I år er det også Open klasse. Det foregår i BLS-huset i Nordahl Brunsgt 22. Etter kappleiken er det kappleikfest Sagene festivitetshus i Holsts gate 3.kl. 19. Info: Anne Røine Det blir også plateslepp ved Øvrevoll Spelemannslag kl 20.00  CD'en heiter sjølvsagt "Spillegal". Les om CD'en her.
   (19/10-06)
Kanalen "Alltid Folkemusikk" altfor lite kjent seier Knut Buen
Det seier han til avisa Telen. Sjølv høyrer Buen mykje på denne kanalen, der det finst så mange fine historiske opptak frå radioarkivet. Les meir her.
 (17/10-06)
Britt Pernille Frøholm analyserer situasjonen for norsk folkemusikk
I siste nr av Kvinten - lagsbladet for Norsk folkemusikk og danselag - har Britt Pernille Frøholm ein lengre artikkel med perspektiv på norsk folkemusikk. Artikkelen byggjer på ei masteroppgåve ved Raulandsakademiet. Her kan du lese heile artikkelen på internett.
 (17/10-06)
"Folkemusikkveko 2006" på Stord i full gang
Festivalen varer frå 14. til 21. oktober og kan by på ei lang rekkje pennande arrangement. Mellom dei har det vore folkedansmesse. I alt er 130 aktørar i sving. Les meir her.
 (17/10-06)
Syver Olstad spelar inn slåttemusikk på trekkspel i Studio Nord
Dette studioet ligg i Mosjøen, og Helgeland Arbeiderblad har intervjua spelemannen og produsenten Les her.
 (17/10-06)
Høgemo, Seglem & Co turnerer i England
Håkon Høgemo og Karl Seglem er begge frå Årdal, og Sogn Avis har skreve om turneen deira. Les her.
 (17/10-06)
Dei tre i Valkyrien sjølvsagt nøgde med kr 70000 i Kjempesjansen
Bærum Budstikke har intervjua dei tre musikarane i Valkyrien All Star, og dei er fornøgd med både pengane og at dei går vidare til neste runde. Les her.
 (17/10-06)
To trekkspelarar kan kome med på Kjempesjansen neste laurdag
Dei to er Lars Røyseng frå Bærum og Stian Åse frå Sotra. Dei har spela saman som duo sidan 1998 då dei møttest på Musikkhøgskolen i Oslo. Dei to har vore med i NM i trekkspel, og vann alle tre gongane. Stian er også med i Askerladden. Her kan du lese meir og vere med å stemme duoen inn i programmet.
 (17/10-06)
Talen til leiar Arne M. Sølvberg i Rådet for folkemusikk og folkedans
Den 14. oktober var det Representantskapsmøte i Rådet for folkemusikk og folkedans  ved Rff-sentret i Trondheim. Her held som vanleg leiaren Arne Sølvberg tale der han summerer opp dein del av dei sakene som Rådet har arbeidd med det siste året. Under middagen seinare på kvelden blei Rff-prisen 2006 gitt til direktør for Førde internasjonale folkemusikkfestival, Hilde Bjørkum. Den som vil lese heile talen kan gjere det her.
 (17/10-06)
Kvedaren Ingvar Hegge frå Øystre Slidre er død
Ingvar Hegge døydde søndag 15. oktober, og var fødd i 1917. Han voks opp i ei familie med mykje spel og song. Sjølv spela han ikkje noko instrument, men hulla og song gjorde han heile livet. Han var over 60 år før han byrja synge offentleg, og synge for opptak. I ein alder av 83 ga han ut sin første CD -Lea de' - med hulling.
 (15/10-06)
Valkyrien All Stars vart best i Kjempesjansen laurdag 14 oktober
Valkyrien All Stars fekk kome med som den femte gruppa i Kjempesjansen på NRK TV1, og dei gjekk vidare i konkurransen ved å bli best av alle kveldens artistar. Dei framførte i fin stil ein låt dei hadde laga sjølv og der Tuva Syvertsen song. Dei fekk mest poeng av dommarane. Gratulerer! Les meir her.
 (14/10-06)
To foredrag om pols og Polen ved Rff-senteret i Trondheim
Onsdag 18. oktober og fredag 20. oktober kan du i Trondheim lære meir om polsen og korleis han kom til landet vårt. Det eine foredraget heiter "Polske folkedanser og norsk pols - felles røtter og forskjellig identitet" ved folkemusikkforskeren Ewa Dahlig-Turek. Felespiller og dansepar fra Polen er med.  Dansen pols har sitt utspring i polske folkedanser og spreidde seg til Norge både via kontinentet og direkte gjennom Sverige omkring 1600. Senere har polsdansen og  musikken blitt ein av dei mest populære av folkedansane og slåttetypene våre. I denne gjesteforelesninga vil Ewa Dahlig-Turek vise korleis den polske dansen spreidde seg frå Polen til Norge, og gje døme på det som er likt og ulikt i dei to tradisjonane. Det andre foredraget er ved professor dr. Roderyk Lange: Polsk tradisjonsdans og danseforskning i antropologisk perspektiv.  Les meir her.
 (13/10-06)
Reportasje: Med Snaustrinda Spellmannslag på festivaljobb
Det er studentavisa "Under Dusken" i Trondheim som skriv reportasjen. Dette må du lese.
 (13/10-06)
Hilmar-prisen 2006 går til Annbjørg Lien
Hilmar-prisen som vert delt ut på Hilmarfestivalen i Steinkjer går i år til Annbjørg Lien fortel dagleg leiar Joan Einar Bjerkem til Trønderavisa. Ho skal også medverke i folkemusikkmessa "Vindens hjul" i Steinkjer kyrkje. Les meir her.
 (13/10-07)
Historiens første festkveld med folkemusikk i Bærum
Det skjer i Bærum Kulturhus laurdag 4. november. Det blir instruksjon i fele og hardingfele ved Olav Luksengard Mjelva og Staffan Jonsson medan Magne Kleiveland og Anne Mona Sjølyst vil instruere i dans. Kursa er for barn 8-18 år. Påmelding ha-brend@online.no. Seinar på kvelden er det konsert med mellom andre Thea Tunaas Bratteng, PANG!, Strøkne jenter Valkyrien Allstars, Øvrevoll spelemannslag og Bærum Spelemannslag. Etterpå er det dans.Kontaktperson: Gunn Gausemel - honndal@online.no Mobil: 92824214.
 (13/10-06)
To presentasjonar i Trondheim søndag 15. oktober
Det foregår på Scandic Prinsen Hotell i Trondheim fra 0930 til 1300. Først vil Rff-prisvinnar Hilde Bjørkum fortelje om arbeidet sitt, og deretter vil Torill Haugen presentere ein film frå prosjektet "Samdans". Les meir om det her.
 (13/10-06)
Gunnlaug Lien syng og fortel i Lindemanns fotspor i Hallingdal
Måndag 16. oktober og Tysdag 17. oktober viser Gunnlaug Lien Myhr oppsetjinga "I Lindemanns fotspor" i Hol og i Gol. Les meir om det her.
 (13/10-06)
Henning Sommeros gammeldansmess "Vindens Hjul" i Stovner Kirke
Det var Trekkspillveteranene under leiing av Alf Blyverket og Stovner Vokalensemble som sytte for den fine musikken, som Sommerro eigenleg skreiv til 350 års jubileet på røros for nokre år sidan. Les meir her.
 (13/10-06)
Titanofestivalen legg årane inn etter 28 år
Økonomien til festivalen har vore dårleg dei siste åra, og årets resultat var såpass skralt at det no er bestemt at festivalen skal opphøre. Dermed blir den eldste musikkfestivalen i landet lagt ned. Årets festival på Vinstra vart den siste.Les meir om det her.  Festivalen skal avviklast i ordna former, slik at alle får det dei har krav på. Også Gamaldansfestivalen i Landslaget for Spelemenn har opplevd litt nedgang i interessa. Les kommentarar her.
 (13/10-06)
Duoen Mattisgard /Røine er månadens artistar
På Norsk Folkemusikkformidling er dei to månadens artistar for oktober. Og det kan ein ikkje undrast over, så aktive som dei har vore.  I 2003 ga Marit ut CD-en Tre ord te de, ei utgjeving mynta på born og unge, basert på den vokale songtradisjonen frå Valdres. Ho var med på den norsk-svenske Rikskonsertoppsetjinga Tryllefløyta i 2005/2006 og fekk Statens arbeidsstipend for folkekunstnarar i 2006. Ho var også sentral i gruppa Dvergmål og på deira CD-utgjevingar: Song i himmelsalar (04) og Visor og kvæde frå Blåbærglandet (96).
Anders E. Røine syng og spelar gitar, mandolin, fele og banjo. Han er ein av dei viktigaste genrekryssande musikarane i folkemusikkmiljøet i dag, og spelar i mange ulike musikalske konstellasjonar. Han har tidlegare medverka på fleire CD-utgjevingar, m.a. Ingvill Marit Buen Garnås (03), Skrekk (04), Odd Nordstoga (04). Han fekk 3-årig arbeidsstipend for yngre musikarar frå Staten i 2006. Mattisgard & Røine fekk Norsk kulturråd sin ensemblestøtte i 2006. Les meir her.
  (13/10-06)
Valkyrien All Stars intervjua av Lokalavisa der dei bor
Dei tre dugande musikarane bor i Oslo, og no har også lokalavisa der fatta interesse for folkemusikarane. Les her kva dei skriv i intervjuet med Tuva, Erik og Ola.
 (13710-06)
Storm Weather Shanty Choir: Eit populært kor frå Stord
Det omtykte shanty-koret frå Stord som består av 6 menn i sin beste alder, vekte sor begeistring også på Folkelarm i Oslo for nokre dagar sidan. Koret ga i fjor ut sin 3. Cd, og har eksistert i 6 år. Leiaren i koret er Håkon Vatle, og han tok mastergradsoppgåve om shantiar ved Raulandsakademiet i 2005. Han har også i mange år vore på Statsraad Lemkuhl for å nytte songane i arbeidet ombord. Her kan du lese eit intervju med Håkon Vatle.
 (12/10-06)
Sjå Arne Viken og Marianne Thomasgaard på reise til Cremona
På internett kan vi no sjå den filmen som Ivar Hartviksen laga om og med Arne Viken og Marianne Thomasgaard "Reisen til Cremona". Det er Fylkesbiblioteket i Nordland som har lagt ut filmen som du kan sjå her:
  www.digibib.no. Gratis.  Filmen er også å få kjøpt  på DVD.
På fylkesbibliotekets sine sider sider er det i tillegg tekst og bilete frå opptaka av filmen, samt tekst om Vikentradisjonen etter den kjente spelemann og komponist Anders Viken. På denne adressa finn du dei interessante presentasjonane om og med Arne Viken - sjølv kjent fiolinist, spelemann og komponist. Ein svært fin presentasjona av mennesket Arne Viken!
  (12/10-06)
Rff med "Notat til høyring om vern av den immaterielle kulturarven"
Rådet for folkemusikk og folkedans har kome med eit notat om den immateerielle kulturarven i samband med at Stortinget drøfter ratifikasjon av UNESCOs konvensjon om vernav den immaterielle kulturarven. Rådet skriv mellom anna: "Rådet for folkemusikk og folkedans syns det er svært viktig at Norge no snarast råd ratifiserer konvensjonen. Først då kan vi finna plass mellom dei landa som skal utvikla tiltaka som set konvensjonen i kraft." Og vidare: "Rådet for folkemusikk og folkedans vil sterkt oppmoda om at musikken, dansen og andre nærslekta former no får ein syneleg og tydeleg plass i kulturvernet, og sin del av den økonomien som landet yter til kulturvernet.  Vi håpar difor at vi saman med det store vidareførings-, og revitaliseringsfeltet får delta i drøftingane om korleis vernet av den immaterielle kulturarven i Norge skal organiserast."
  (11/10-06)
Per Anders Buen Garnås vert ny redaktør av "Kvinten"
Kvinten er avisa til Norsk Folkemusikk og Danselag. Frå årsskiftet overtar Per Anders som redaktør for avisa, førebels for ein periode på eit år. Stillinga er 50%. Den noverande redaktøren er Anne Hytta, som har søkt permisjon. Per Anders er som kjent ein av våre fremste hardingfele-spelemenn, men han har også markert seg med mange gode artiklar om ulike emne innan norsk folkemusikk. Les meir her.
 (10/10-06)
"Tradtak" - ein ny tiltaksplan for folkemusikk og folkedans
Dei fire sentrale organisasjonane innan folkemusikk og folkedans, Landslaget for spelemenn (LfS), Noregs Ungdomslag (NU), Norsk Folkemusikk og Danselag (NFD) og Rådet for Folkemusikk og folkedans har overlevert ein ny tiltaksplan til Kulturdepartementet ved statssekretær Randi Øverland. På kort sikt prioriteter dei to områder: folkedansen og formidlingstenesta. Les meir om opptrappingsplanen her.  Les også heile planen her.
Blir Folkelarm lagt til Stavanger i 2008?
Som kjent er Stavanger europeisk kulturhovudstad i 2008, og nå kan dei tenkje seg at Folkelarm blir lagt til byen dette året. I etterkant av Folkelarm 2006 har det vore eit møte mellom Landslaget for Spelemenn (som står bak Folkelarm) og leiinga for Kulturbyen Stavanger. LfS har vore klare på at Folkelarm skal vere i Oslo, men dei stengjer likevel ikkje døra for framstøyten frå Stavanger. Les meir her.
 (10/10-06)
Ei av tre folkemusikkgrupper får delta på "Kjempesjansen" på TV
landslaget for Spelemenn har samarbeidd med  NRK om å plukke ut tre grupper til Kjempesjansen på NRK. Dei tre gruppene er Valkyrien All Stars, Tindra og Sver. Kjempesjansen er eit TV-program som har som føremål å hjelpe fram unge, profesjonelle utøvarar i starten av karrieren. Her kan du lese om dei tre gruppene og sjå video av dei.  Ver med å stem på kva gruppe som skal vere med! Den som får flest stemmer blir å sjå på NRK TV1 førstkomande laurdag kl 20.20.
 (10/10-06)
Nordsjøfestivalen i Farsund vil vekse og bli større
Den åttande festivalen gjekk av stabelen i slutten av august og vart svært vellukka: Samla besøkstal på dei 22 konsertane var 3.226 mot  2.296 i 2005. Det vart selt billetter for 170.000 kroner mot 113.000 i 2005. Årets budsjett var på 550.000 kronerog for neste år reknar dei med eit foreløpig tal på 1.080.000 kroner. Dei vonar også å få ein fast tilsett dagleg leiar i halv stilling. Men desse planane er avhengig av auka offentleg støtte, mellom annna frå Norsk kulturråd. Les meir her.
 (08/10-06)
Norsk Kulturråds "Støtte til lokale tiltak" blir borte
Ei lita budsjettlekkasje fortalde at støtta frå "Norsk Kulturråd" til lokale tiltak blir borte i årets statsbudsjett. Det er Rådet for folkemusikk og folkedans som administrerer denne støtta, og leiaren i rådet Arne M. Sølvberg er svært skuffa. Han spør om kulturminister Giske trur at kommunane har råd til å erstatte den stønaden som har gått via Kulturrådet. Sølvberg opplyser at den årlege summen er berre på 0,5 mill i dag, men at  Rff har i budsjettsøknaden til Kulturdepartementet søkt om ein auke til 2 mill kr i 2007. Han vonar at det vil bli ein auke i "Formidlingsstøtta" som Rff også administrerer. Les meir her.
 (08/10-06)
Landslaget for Spelemenn er skuffa over årets statsbudsjett
På folkemusikk.no skriv Frode Rolandsgard at Lf S er skuffa:
Statsbudsjettet vart lagt fram i dag, og nok ein gong er resultatet skuffande for folkemusikken og Landslaget for spelemenn. Trass i ei auke på 460 millionar til kultur får LfS ikkje utteljing for stor aktivitet og publikumstilstrøyming, og vi får ikkje drahjelp i vidare satsing på norsk folkemusikk."  Men det finst også lyspunkt i budsjettet: Nasjonal scene for folkemusikk og dans får 1,5 millionar, som forventa, og  Førde Internasjonale folkemusikkfestival får ei auka på 600 000 til 2,6 millionar. Elles får Jazzen ein uspesifisert  auke på 3 millionar og rocken får ein million til klubbstøtte. På bakgrunn av dette spør Rolandsgard: "Folkemusikksektoren må gå i seg sjølv og vurdere om vi gjer ting på rette måten. Årets statsbudsjett tyder på at det er noko alvorleg gale med kommunikasjonen mellom folkemusikkorganisasjonane og staten." Les meir her.
 
(08/10-06)
Unni Løvlid vart "Årets folkemusikkartist" på Folkelarm 2006
Prisen er ny av året, og songaren Unni Løvlid vart den første som fekk prisen. Dei andre som fekk Folkelarm-prisar var desse:
Årets soloplate:
Anne Hytta / dag, kveld, natt (ta:lik)
Årets nykomarplate
Annar By / Folk Gitar og Sang (Nordic Sound)
Årets dokumentasjonsplate
Einar Løndal / Løndalsspel (ta:lik)
Open klasse:
Abdulrahman Surizeki / Love songs and Trance Music from Balochistan (etnisk musikklubb) 
Årets nyskapande / eksperimentelle plate:
Lars-Ante Kuhmunen / Birrasis (IDUT)
Årets gamaldans og tradisjonelle samspelplate:
Søndre Trondhjems Spellmannslag (STS)
Årets folkemusikkartist
Unni Løvlid
 (08/10-06)
Unni Løvlid ein av solistane på Arne Nordheims CD "Draumkvedet"
Arne Nordheim fyller i år 75 år, og det blir markert på mange ulike måtar. I slutten av september vart CD-en med komposisjonen Draumkvedet lansert. Ein av solistane her er Unni Løvlid, som både syng dei tradisjonelle draumkveldemelodiane og nyskrivne parti. Eit par dagar seinare vart ein konsertversjon framført i Trefolkighetskirken i Oslo, med Grex Vocalis og Kringkastingsorkesteret og mellom solistane var Unni Løvlid. Les meir her.
 (08/10-06)
Lovande opning på Folkelarm fredag 29. september
Det var mange flinke grupper og artistar som viste seg fram på Folkelarm i Oslo denne fredagskvelden, for eit etter kvart stort publikum. . Det pågjekk i tre lokaler samtidig, så det var vanskeleg å få med seg alt. I to av salane var det høg musikk og stort trykk, medan det i den minste salen var akustisk og velsigna stille når artistane framførte sine ting. Dei som vekte størst begeistring og engasjement var nok eit mannskor frå Stord: "Storm Weather shanty choir" (sjå biletet) som song engelske og norske sjanty-viser med stort engasjement, der dei også fekk publikum med i stor mon. Elles trekte sjølvsagt den svenske gruppa Harv full sal. Men midt under deira konsert gjekk brannalarmen, og då gjekk også underteikna heim.
 (30/09-06)
Vellukka folkemusikkhelg på Innerdal Turisthytte
Ikkje mindre enn 60 personar var med på den  tradisjonsrike Innerdals-kvelden med folkemusikk og dans frå Nordmøre. jorun Marie rypdal Kvernberg spela og Unni Bokasp song. Magnar Almberg frå Rindal, Marit Hoel frå Molde og Ola Aarsund og Erik Børset fortalde. Fredag var det kurs i nordmørspols. Les meir her.
 (28/09-06)
Meisterfela til Knut Dahle tilbake til Tinn?
I 1914 selde Endre E. Sandland to feler. - Ei fillefele til ein fillespelemann for 15 kroner og ei meisterfele til ein meisterspelemann for 30 kroner, står det i reknskapet. Mesterspelemannen var tinndølen Knut Dale. Nå vil kulturkomiteen i Tinn kjøpe fela tilbake. Les meir her.
 (28/09-06)
CIOFF-festivaler for leikarringar/folkemusikklag?
CIOFF er ein organisasjon som formidler deltakarar til festivalear over heile verda. Her er tre fine festivalar som ein kan melde seg på.
 (28/09-06)
Leikarringen i Haugesund mållag og ungdomslag slit med dårleg rekruttering
Leiaren i Leikarringen Leder Audun Emil Fatland meiner dei må gjere noko. Leikarringen har øving kvar tysdag, og då møter inntil 20-30 personar, dei fleste er jenter. Dansaren  Ingeleiv Berstad (22) frå  Haugesund driv med moderne dans og ho var med litt i leikarringen då ho var ung. Les meir om dette i Haugesunds avis.
 (28/09-06)
Spennande møte mellom folkemusikk og breaking i Kristiansund
Det var Andreas Ljones, Rune Tylden på keyboards og Andreas Bratlie på trommer som sytte for framifrå musikk, og dansarar var hallingdansar Sigbjørn Rue og breaker Magnus Andreassen. Andreas Ljones var også med på hallingen. Les meir her.
 (28/09-06)
Vellukka munnharpefestival avvikla på Rysstad  i Setesdal
Det var ca 200 menneke som føtte fram til festivalen som  var eit samarbeid mellom Norsk Munnharpeforum og Setesdal Spelemannslag. Det gjekk i konsertar, munnharpekurs og sosialt samvær. Les meir her.
  (28/09-06)
Folkemusikkorganisasjonane møtte statssekretæren i Kulturdepartementet
Landslaget for Spelemenn, Norsk folkemusikk og –danselag, Noregs Ungdomslag og Rådet for folkemusikk og folkedans møtte nyleg statssekretær Randi Øverland i Kulturdepartementet og la fram den nye felles tiltakspakken Tradtak. Dette er ein revidert plan av det fellesdokument dei same organisasjonane la fram våren 2001, og som inneheld felles prioriterte satsingar innan feltet for dei to komande åra. Meir her.
  (28/09-06)
Publikumsdøming i Seljord ga siger til Per Anders Buen Granås
På kappleiken i Seljord var publikum med og kåra beste spelemann. Dette er nokså nytt på tradisjonelle kappleikar. Dei som kom til finalespelet var
Sara Fjågesund og Torunn Raftevold Rue frå arrangørlaget Seljord spelemannslag og bøheringane Torgeir Straand og Per Anders Buen Garnås. Det var ca 100 som var på kappleiken, og fredag var det ca 70 som høyrde på konserten med  Per Anders Buen Garnås frå Bø og Daniel Sandén Warg frå Valle i Setesdal. Meir her.
 (28/09-06)
Reportasje frå Folkemusikkpubb i Tromsø
I avisa "Utropia" finn vi ein reportasje frå ein folkemusikkpub i Tromsø nyleg der Tore Bruvoll og og gruppa ALGA. Les meir her.
 (28/09-06)
Gruppa "Valkyrien all stars" får Grappas debutantpris i dag
Det er første gong at Grappas debutantpris blir delt ut, og han går altså den den relativt nye gruppa. Dei som er med i gruppa er
Tuva Syvertsen (fødd 1983), Ola Hilmen (1984) og Erik Sollid (1984). Dei møttest i Bærum spelemannslag der dei har hatt Halvard Kvåle som ein slags "åndeleg leiar".Dei tre musikarane har mellom anna samarbeidd med Lillebjørn Nilsen , laga musikken til Knut Nærums versjon av "Peer Gynt og 14. oktober skal dei vere med på "Kjempesjensen" i NRK1. Les meir her,  Og her.
 (28/09-06)
Nominasjonane til Folkelarmprisen er klare
Dei som er nominert er:
Solo:
Ole Larsen Gaino: Luodis Luohtái 3 (Idut AS)
Anne Hytta: dag, kveld, natt (ta:lik)
Aslak og Hans W. Brimi: Blå september (ta:lik)
Dokumentasjonsplate
Div. art: International Jew’s Harp (Heilo)
Einar Løndal: Løndalsspel (ta:lik)
Div. arkivopptak: Hugen leiker så vide (Norsk folkemusikkformidling)
Åpen klasse
Abdulrahman Surizeki: Love songs and Trance Music from Balochistan (Etnisk musikklubb)
Transjoik m/ Sher Miandad Khan: Bewafa
Lasse Thoresen: Chases, Cattle Calls and Charts (Aurora / Grappa)
Gammeldans / tradisjonelt samspill
Jon Faukstad & Per Sæmund Bjørkum: Konsert på Kleppe (JPS)
Søndre Trondhjems Spellmannslag: Den er grei, ja… (STS)
Kvarts: Steinsprang (KVARTS cd-produksjon)
Nyskapende / eksperimentell
Mattisgard & Røine: Sudan Dudan (ta:lik)
Lars-Ante Kuhmunen: Birrasis (Idut AS)
Moldestad, Mjølsnes og Høgemo: Gamaltnymalt (NORCD)
Årets nykommer
Annar By: Folk, gitar og sang (Nordic Sound)
Adjagas: Adjagas (Trust Me Records)
Lars-Ante Kuhmunen: Birrasis (Idut AS)
Anne Hytta: dag, kveld, natt (ta:lik)
Mattisgard & Røine: Sudan dudan ( ta:lik)
Les meir her.

(28/09-06)

Nye tilskot til norsk folkemusikk frå Norsk Kulturråd
Etter møtet i Kulturrådet for nokre dagar sidan, er det mange tiltak, særleg CD-prosjekt, som har fått tilskot. Her finn du ei full liste over tilskota denne gongen.
 (28/09-06)
Folkelarm 2006 startar på fredag 29. september
Folkelarm er truleg den viktigaste handinga i folkemusikk-Noreg på fleire år. Etter ein vellukka start i fjor, ligg det an til ei endå gildare hending i år, med meir internasjonal deltaking. Over 150 artistar skal opptre, 150 bransjefolk er påmeldt, mange frå utlandet, og ein reknar med over 500 publikumarar på Fabrikken ved akerselva i Oslo. Styrkinga av den internasjonale profilen ligg også i at
 nettverket European Forum Worldwide Music Festivals ( EFWMF) vil ha ei samling under Folkelarm. I tilegg blir det som i fjor delt ut plateprisar: Folkelarmprisen (eller Norwegian Folk Music Award ) har ein i 2006 utvida til seks klasser: Solo, Gammaldans/tradisjonelt samspel, Nyskapande/eksperimentell, Open klasse, Dokumentasjon og Nykommar. I tillegg skal ein kåre Årets folkemusikar, der ein vil legge vekt på andre ting som kappleikresultat, konsertar etc. Over 50 plate er innsendt, og ein jury på 5 har nominert plater i kvar klasse og bestemmer kva plate som vinn. Utdelinga vil gå føre seg på Fabrikken laurdag 30. september kl 20. Vi har fått tilsendt ei fin Folkelarm-avis som i fine fargar gjev god informasjon om dei ulike artistane som skal i elden. Les meir her www.folkelarm.no og  www.folkemusikk.no .
(
28/09-06)
Hilde Bjørkum får Rff-prisen for 2007
Frå Rådet for folkedans og folkemusikk har vi fått denne pressemeldinga:
Rådet for folkemusikk og folkedans sin heiderspris går kvart år til ein person som har utmerka seg med stor innsats av nasjonal verdi for folkemusikken og folkedansen. I år er Hilde Bjørkum den verdige vinnaren. Ho kjem frå Årdal i Sogn, og er no busett i Førde. Så og seie heile livet har ho drive med utøving, formidling og administrativt arbeid for folkemusikken og dansen. Med hardingfela i Indre Sunnfjord spelemannslag og som dansar har ho fleire topplasseringar på Landskappleiken. Ein kongepokal i dans fortel sitt om utøvaren Hilde Bjørkum.
Det kan nemnast at ho var fyrste sekretæren i Sogn og Fjordane folkemusikklag, fyrste leiaren for folkemusikkarkivet i Sogn og Fjordane, og ein kort periode fylkesmusikar/dansar i same fylket. Ho hadde såleis solid fagleg bakgrunn for å gå laus på det som trass hennar unge alder kan kallast livsverket. Ho tok ansvaret for å byggje opp Førde internasjonale folkemusikkfestival frå starten og fram til dagens høgt profilerte knutepunktfestival, der ho er direktør.
Hilde Bjørkum har i årevis hatt eit sterkt folkemusikkpolitisk engasjement. Mellom anna sit ho no i Norsk kulturråd sitt musikkutval. Tidlegare var ho leiar i Rådet for folkemusikk og folkedans.  Ho har synt seg som ei uredd talskvinne med klåre meiningar og høge mål.
Utdelinga av Rff-prisen finn stad i Trondheim laurdag 14. oktober, når folkemusikk-Noreg samlast til representantskapsmøtet i Rådet for folkemusikk og folkedans. Dagen etter vil prisvinnaren halde sin presentasjon, og den er open for alle. Tidlegare prisvinnarar er Knut Buen, Sigmund Eikås, Agnes Buen Garnås, Sven Nyhus, Tor Stallvik, Liv Greni, Olav Sæta, Leif Løchen, Kirsten Bråten Berg, Hallvard Kvåle, Geir Egil Larsen, Jostein Mæland og Leif Stinnerbom.
  (20/09-06)
Minnekonsert for Bjarne Herrefoss i Bø 3. november
Det er 75 år sidan meisterspelemannen Bjarne Herrefoss vart fødd, og det skal markerast med ein flott minnekonsert i Gullbring Kulturanlegg Bø i Telemark 3. november. Det blir mange dugande spelemenn å høyre på konserten, mellom dei Knut Buen og Knut Hamre, i tillegg til direkte etterkomarar etter Bjarne, dei to sønene Magne og Roar Herrefoss og sonesonen Kristoffer Herrefoss. Per Anders Buen Garnås skal leie konserten, og han skal også spele. Meir her.
 (19/09-06)
Problem for Spindel då dei skulle ta fly til Irland
Folkemusikkgruppa Spindel mista ein fire-dagars turne i Irland pga trøbbel med innsjekking av instrument på Stanstedt, London. Nye sikringstiltak gjer det umogleg for musikarar å reise med instrument på fly. Med i Spindel er Olav Tveitane, Sigrid Moldestad, Liv Merete Kroken, Ivar Kolve og Dagfinn Andersen. Les meir om forviklingane her.
 (19/09-06)
Her kan du sjå lausdans på Internett!
Det er på heimesida til Hallgrim Hansegaard at vi no kan sjå lausdans.
Anders Aasberg og Hallgrim Hansegård dansa halling for 1000 skuleungdommar på Norsk folkemuseum i sommar, og det er opptak derifå vi får sjå.Det er Valkyrien Allstars som spelar.  Sjå her.
 (19/09-06)
Legatmidlar skal fremje folkemusikken i Gloppen
”Anders Klaussen og Alffrida Egges Minnelegat” har som føremål å støtte ulike tiltak som er med på å fremje og stimulere folkemusikkinteressa, med særleg vekt på fele- og hardingfelemusikken, i Gloppen kommune. Slik står det i utlysinga frå gloppen kommune. Meir her.
 (19/09-06)
Leikarringen Ingar i Enebakk med kurs i halling
Det er den kjente hallingdansaren Jon Ellingsen som skal vere lærar på kurset som startar måndag 18. september og går oveer 5 gonger, forte leiar i Leikarringen Ingar arild Degrum til Enebakk Avis. Les meir her.
 (19/09-06)
Søknadsfristen for INTROfolk er 1. oktober
Dei som vil vere med i INTRO-folk 2007 må snart sende inn ein god søknad. Det er for unge musikarar i alderen 19 til 30 år  innan norsk eller samisk folkemusikk som kan delta. Alle kandidatar skal halde eit profesjonelt nivå og ha klart potensiale for å utvikle musikalske idear og dugleik. Det er ein føresetnad at søkjarane har valt å satse på ei profesjonell karriere innan
musikk. Les meir her.
 (19/09-06)
Konferanse set fokus på dei som har kulturtiltak heile året
Organisasjonane bak SAMSTEMT vil fredag 13. oktober sette søkelyset på støtteordninar for dei som driv kulturverksemd heile året. Stønadsordningane til kultur- og musikkfestivalane har blitt nokså gode, og ein tenkjer seg liknade ordningar for dei som har "heilårsdrift", som til dømes Rudi Gard i Gudbrandsdalen. Det er heilårsdrift for norske klubbar innan folkemusikk, jazz og pop som er i folkus. Konferansenn vil finne stad fredag 13. oktober kl. 11.30 til 15.00 på Parkteatret i Oslo. Les meir her.
 (19/09-06)
Flytting av bunadrådet frå Fagernes til Trondheim?
På siste rådsmøtet i Bunad- og folkedansrådet var det planen å drøfte ei flytting av Bunad- og folkedansrådet frå Fagernes til Trondheim. Saka vart imidlertid utsett ettersom direktøren for rådet Gunn Jensberg hadde skjukdomsfråfall. Saka vil kome opp seinare, truleg i november. Bakgrunnen for at saka kjem opp er ein stortingsproposisjon som snart skal leggjast fram. Der tar ein for seg bunader og folkedrakter som ein del av verdsarven, på bakgrunn av eit UNESCO-parogram. Ein ynskjer å sjå både bunader, folkedans og folkemusikk i eit samla perspektiv. Difor vil ein vurdere om ei samlokalisering er aktuelt, men UNESCO-programmet krev ikkje det. Rådsleiar Egil Bakka ville ikkje utale seg til avisa Valdres om saka etter møtet.
 (18/09-06)
Dansegruppa Sinnsykt Bra Alternativ har hatt vellukka samling
I helga (22-24 sept.) var over 30 unge dansarar og spellmenn med
tilknytning til Nord-Norge samlet i Ramsund utafor Harstad. Gjermund Larsen lærte bort slåtter på fele, medan Vegard Hernes
Opheim ga råd og rettleiing til dansarane i  Sinnsykt Bra Alternativ (SBA). Meir her.
 (11/09-06)
Landslaget for Spelemenn si heimeside utsett for hackarar
Heimesida til LfS var for ein dag sidan utsett for hackarar tilsynelatande av ei arabisk/palestinsk gruppe som publiserte ein politisk bodskap om israel/palestina-konflikten. Det gjekk ikkje lenge før sidene var i orden att, og sno skal det vere vanskelegare å gjere liknade ting. Les her.
 (11/09-06)
Spelemannstämman i Sverike fyller 100 år
Les ein god artikkel om spelemannsrørsla i Sverike og nokre av pionerane der mellom dei kunstnaren Anders Zorn og spelemannen Nils Andersson. Les her.
 (09/09-06)
Fleire unge frå "Havella" i Herøy med på "Snu Nordvest"
Herøynytt har snakka med dei som er med på prosjektet. Les her.
 (09/09-06)
Frå oktober 2006 er DANSEFOT JUKEBOKS i NRK i gang
I dette programmet blir det dansebandmusikk og gamaldansmusikk, og overtar sendetid til danseband jukebox kvar natt til søndag på NRK2, fra omkring kl. 00.30. Les her
 (09/09-06)
Hyggekveld på Follo Museum med felespel og eplekake
Med leiaren  Kathleen Brevik i spissen ba Follo gammeldansensemble inn til felespel og eplekake for sjette året på rad. Les meir her.
 (09/09-06)
Gro Marie Svidal til Kina med Peer Gynt
Saman med skodespelar Agnete G. Haaland og regissør Mette Branzeg reiser ho til Kina for å delta i ei Peer Gynt oppsetting i Ibsenåret. Les meir her.
 (09/09-06)
Hallingdal juniorspelemannslag øver for fullt.
Dei vil bli gode til Landskappleiken på geilo neste sumar. Meir her.
 (09/09-06)
Publikum blir domarar på Seljordkappleiken
Helga 22-23 september er det kappleik att i Seljord. I omspelet på kappleiken skal publikum denne gongen vere med å bestemme kven som er best. Elles skal Per Anders Buen Garnås og  Daniel Sanden Warg  gje konsert på fredagskvelden. Les meir her.
 (09/09-06)
Erotikken skal fram i norsk folkedikting!
I helga held Norsk Kvedarforum seminar i Oslo med tema erotikk i folkediktinga. Innleiarar er Jarnfrid Kjøk frå Lom/Oslo og Sigrid Bø frå Valle/Bø. Dei to kjem før jul med ei stor spennande bok. Boka heiter "Lekamslyst". Med undertittelen "Om erotikk og tilhøva mellom kjønn i norsk folkedikting". Boka kjem på forlaget Novus, og ho blir på bortimot 600 sider! Dei har fått støtte til utgjevinga frå fleire hald mellom dei Lom kommune, "Fritt ord" og Løvås legat. Dette blir ei bok vi kan sjå fram til med spenning. På biletet ser vi Jarnfrid Kjøk.
 (09/09-06)
Ingvild Lie frå Øystre Slidre ny programsjef for Jørn Hilme festivalen
Ho har utdanning frå folkekultustudiet ved Høgskolen i Telemark, og ein av våre fremste på langeleik. Ho overtar arbeidet som programsjef etter Frode Rolandsgard som har hatt jobben i 4 år. Les meir på heimesida til festivalen.
 (09/09-06)
Gjennom folkemusikkhistoria på langs med 4 CD'ar
Plateselskapet Grappa har nyss gjeve ut ei samling med 4 CD'ar som gjev smakebitar frå dei siste 100 åra av norsk folkemusikk. Dei første opptaka er frå voksrullar tidleg på 1900-talet, og sjølvsagt er NRK-opptaka rikt representert i lag med det som har skjedd dei siste 10-åra. CD'ane heiter "Gjenklang. Folkemusikk gjennom 100 år. Les også kva Carl Petter Opsahl skriv om serien i VG.
 (9/09-06)
Gruppa Harv frå Sverike skal på turne i Noreg
Vi saksar frå pressemeldinga:
"Harv er bandet fra fjorårets suksess ”Tryllefløyta – ein folkeopera”. Bandet består av Sveriges beste folkemusikere og er et intenst liveband! Nå er de ute med ny CD ”polka Raggioso” og spiller opp til dans rundt om i Norge, i regi av Rikskonsertene. Harv startet for 10 år siden som rockeband. Men med familiebånd langt inn i den svenske folkemusikken ble de mer opptatt av feler enn av elektriske gitarer, og grunnlaget for det nye musikkuttrykket ble lagt.Harv henter sitt musikalske materiale fra norsk og svensk folkemusikk. Harv består av: Magnus Stinnerbom på fiolin og trekkspill, Daniel Sandén-Warg på feler,Christian Svensson på perkusjon og David Tallroth på gitar." Sjå her
www.harv.se
 (07/09-06)
Programmet for Osa-festivalen på Voss er klart
Vi har fått tilsendt omtale:
"
Programmet for Osafestivalen 2006 er klart.  MUSIKK PÅ VANDRING er årets tema. Gabriel Fliflet har fått ansvaret for tingingsverket som har tittelen Elver og elvemot. Han har med seg fleire svært profilerte musikarar; Berit Opheim, Ånon Egeland, Tore Bruvoll, Gjermund Larsen og Sondre Meisfjord.
Festivalen vil elles ha eit variert program. Av musikarar kan vi nemne Odd Nordstoga, Baroque Fever, Gjertruds sigøynerorkester, Aage Kvalbein og Sidsel Walstad, Einar Olav og Gjermund Larsen, Majorstuen, Tindra, Benedicte og Knut Hamre m.fl.  E-post: osafestivalen@olebull.no "
 (07/09-06)
Gamle feler må brukast seier Torgeir Straand
"Gamle, tradisjonsrike feler skal spelast på. Ikkje støve ned på ei peishylle eller tørke inn i ein museal glassmonter." Det seier spelemannen Torgeir Straand til NRK Telemark. Temaet har også vore drøfta på eit fagseminar i Bø. Les meir her.
 (03/09-06)
Spelemannsfest i Hyen med stor stemning
Gloppen spelemannslag heldt fest. Ei handfull spelemanns- og musikklag serverte ein variert og god meny frå scena, med ”Jubelhornet” frå Dale si nesten timelange markering av Jakob Sande jubileet som det absolutte høgdepunktet. Les meir i Firda Tidend.
 (03/09-06)
"Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg" bind 1 endeleg ute
Det er 10 år sidan første bindet kom, bindet som inneheld biografiske opplysningar om folkemusikarar og dansarar i landet vårt. Dette verket fekk ein nokså blanda mottaking. Bind 1 inneheld 8 fagartiklar om fokemusikk og folkedans. Her er det artikler om slåttemusikken på hardingfele og vanleg fele, bygdedansane, den vokale folkemusikken, folkemusikkinstrumenta, nemningsbruken i folkemusikken, opplærings- og tradisjonsoverføring og til sist en artikkel om folkemusikken i europeisk perspektiv.Forfattarar er Bjørn Aksdal, Gunnar Stubseid, Tor Erik Jenstad, Dagne Groven Myhren, Per Åsmund Omholt, Tor Stallvik og Jan Ling. Jarnfrid Kjøk og Magnar Sundt har voredaktørar for dette bindet, og boka er utgitt av Notabene Forlag. Det er 1200 som har tinga boka. Landslaget for Spelemenn står bak boka.
 (03/09-06)
Linda Gryti spela saman med Karen Tweed på Columbi Egg
Linda Gytri tilhører den sjeldne rasen folkemusikk-trekkspiller. Den unge nordfjordjenta er nå ferdig  ved Ole Bull Akademiet på Voss og spela på Columbi Egg saman med Vidar Berge frå Samanger. Karen Tweed spela også på Columbi Egg saman med  Sturla Eide (fele) og Andreas Aase (gitar). Les meir her.
 (03/09-06)
Samarbeid med TONO under Folkelarm i Oslo
Under denne lanseringsfestivalen blir det laurdag 30. september eit seminar med TONO med praktisk tilnærming til TONO for artistar, for å hjelpe unge artistar i etableringsfasen. Meir her.
 (03/09-06)
Nytt hausttilbod på Coulumbi Egg i Bergen
Folkemusikkpubben i Bergen "Coulombi Egg" med eldsjela Gabriel Fiflet i spissen, kan varte opp med eit nytt spennande haustprogram. Det blir ei fin blanding av norsk og utanlandsk folkemusikk, mellom dei norske er Linda Gryti frå Nordfjord og Håkon Høgemo frå Årdal. Les meir her.
 (03/09-06)
Sørfjorden nye gammaldansfestival for 18. gong
Og 20 gamaldansorkester deltok. Les her i Rana Blad.
 (03/09-06)
Esther og Olaf "Tutt" Haugen  samlet 700 ved Strandefjorden
Dei to samla mange til nytt trekkspeltreff i Sigdal. Denne gongen går overskotet til Sigdal spelemannslag. Les meir her.
 (03/09-06)
Åge Sogn orkester jubilerer - 30 år med gamaldans
Sidan starten i 1975 har Sogns orkester vore ein sentral aktør i norsk gamaldans. Dei har Oddvar Nygård og Sven Nyhus som sine førebilete. Med tre NM-gull og tre sølv, det siste under Titano-festivalen på Vinstra i 2006, topper Aage Sogns orkester NM's adelskalender gjennom tidene. I samband med jubileet kjem jubileums-CD'en deira "30 år i takt med go'foten". Les meir her.
 (03/09-06)
Ein slags "middelalderfestival" i Bergen!
Musikaren og festivalarrangøren Gabriel Fliflet står bak ein ny festival i Bergen, ein middelalderfestival. Middelalder spelar rett nok på middelaldrande menn-festival, under mottoet "Syv middelaldrende menn feirer to av dem". Det er nemleg 15-års jubileum for Fliflet/ Hamre. Dei andre middelaldrande musikarane er: Jan Eggum, Knut Reiersrud, Rolf Skogstrand, Yngve Ådland og Øyvind Lunde. Stad: Ricks, Bergen, søndag 24. september kl. 18.30.
 (03/09-06)
Fleire forestillingar med Camilla Granlien i Peer Gynt
Forestillinga "Peer Gynt - Verdensborger av gemytt" mellom andre med camilla Granlien har gått for fem fulle hus på Centralteateret, og skal ha fem nye forestillingar op hovudscena på Oslo Nye 25. og 31. oktober, 2.,3. og 4. november. sjå meir på www.oslonye.no .
(03/09-06)
"Noregs Ungdomsring" med vind i segla
I Noregs Ungdomslag har det dei siste åra vakse fram såkalla ungdomsringar - leikarringar for ungdom som dekkje ein større region og som møtest nokre gonger for året. Dei siste 5 åra har det også vakse fram ein samlingsring for ungdomar (14-26 år) som omfattar heile landet og som blir kalla Noregs Ungdomsring. Desse har samling minst ein gong for året - fast har det vore å samlast i forkant av NU-stemnet (Folkekulturfestivalen). Slik var det også i sumar under festivalen i Trondheim. Denne gongen var det ny rekord med deltakarar, heile 120 ungdomar frå heile landet, som mest fekk lære songdans og musikkdans frå Trøndelag. Les meir her.
 (03/09-06)
Leif Stinnerbom til prosjektet "Snu Nordvest"
Den kjente svenske regisøren skal vere med på prosjektet "Snu Nordvest" som er "Bygda dansar" sin variant i Møre og Romsdal. Han får ansvaret for regien fram mot sluttforestillinga sumaren 2007. Stinnerbom var også med på det første prosjektet i denne serien i Sogn og Fjordane - "Meistermøy", og blir rekna som den fremste på folkedansteater i norden. "Snu nordvest" har også funne fram gamal og spennande musikk frå Møre og Romsdal, med røter tilbake til 1600-talet. Skodespelar og dansar Jakob Hultcrantz Hansson skal vere regiassistent  og Inger Hallström Stinnerbom får ansvaret for kostymene. Les meir om dette her.
 (03/09-06)
Knut Buen målar ølbollar til Rolling Stones-musikarane
Som kjent spelar Rolling Stones i Bergen i dag 1. september - ei storhende for mange musikkinteresserte. Det norske plateselskapet til Rolling Stones gir dei fire karane ei gåve -  kvar sin rosemåla ølbolle, og det er Knut Buen som har rosemåla bollane. Knut synest det var ei stor ære å bli spurt om det. Les intervju med han i TA.
 (01/09-06)
Ingvill Marit Buen Garnås skriv langt om CD'en til Helene Bøksle
For nokre månader sidan var det ein intens debatt om den kritikarroste debutplata "Elverhøi" til Helene Bøksle, og særleg tittelsporet "Natta vi har" eller Margit og Tarjei Risvollo som er visa sitt rette namn. Det var både påstandar om plagiat og andre mindre hyggjelege ting. No har Buen Garnås skreve ein lang artikkel på "Ballade" der ho drøfter CD'en frå ulike synstader. Her kan du lese heile artikkelen.
 (23/08-06)
Marit Mattisgaard fekk Haldor Røines ærespris på Jørn Hilme-stemnet
Haldor Røines ærespris gjekk - mot normalt - til ein ung folkemusikar i år. Til vanleg er det folk med eit langt folkemusikkliv bak seg som har fått prisen. Men i år altså til den unge kvedaren og langeleikspelaren Marit Mattisgaard frå Øystre Slidre.
 (23/08-06)
Camilla Granlien med i Peer Gynt-oppsetting på Centralteateret
Ein "musikalsk versjon" av Peer Gynt blir å sjå på centralteateret i Oslo i slutten av august. Med i stykket er mellom andre Camilla Granlien, Linda Øvrebø og Karoline Krüger. Dennis Storhøi spelar Peer Gynt - han skal som kjent overta den rolla etter Sturla Hungnes i oppsetjingane ved Golåvatnet. Regissør er Sturla Hungnes. Griegs musikk er til tider sterkt omarbeidd, i kombinasjon med Atle Halstensens nyskrivne musikk, Stykket går den 24, 25, 26, 29 og 30 august. Les meir her.
 (19/08-06)
MO-kurset avslutta med vellukka utekonsert
"
Med kveldssola smilande frå ein lyseblå himmel vart Mokurset 2006 avslutta fredag 4.august med ein glimrande utekonsert i tunet på Mo og Jølster Vidaregåande skule. Kring 80 elevar i alder mellom 9 og 20 år, tok del i konserten." skriv folkemusikk.no. Mokurset har vore i gang heilt frå 1984. I år var det også tilbod til røynde utøvarar ved Sigrid Moldestad. Les meir her.
 (19/08-06)
Kvedaren Karen Brattebø (18) på Bluesfestivalen på Voss
Jenta frå Voss har siste året spela inn CD, og det er stoff derifrå ho presenterer. Ho har mellom andre hatt Berit Opheim som lærar. Til hausten byrjar ho på Fana folkehøgskole på "Etno-linja". Les meir her.
 (19/08-06)
Den ellevte Selbufestivalen avvikla i fint ver
Det var over 4000 selde billettar på festivalen, der Selbu gamaldansklubb var ein av arrangørane.
Det vart utdelt heiderspris til Pål Steinar Flakne. Les meir her.
 (19/08-06)
Rikskonsertane med kjente folkemusikk-band
Rikskonsertane kjem i haust med konsertseriar med kjente grupper i folkemusikk. Mellom dei er den svenske gruppa Harv som også er kjent frå operaen Tryllefløyta. Dessutan gruppa Frigg, høyenergisk finsk/norsk folkemusikkband med brørne Larsen i spissen. Og ikkje minst Majorstuen. Meir her.
 (19/08-06)
Jakta på "Årests unge folkemusiker 2007" er alt i gang
Det er Rikskonsertane som står bak den store lanseringa som er gjennomført ein gong før. I samarbeid med dei største folkemusikkfestivalane. Då vann Majorstuen. Søknadsfristen er i år 1. oktober, og finalen blir på Telemarksfestivalen 2007. Meir her.
 (19/08-06)
Sommarkursa i Noregs Ungdomslag gjennomført på Follo Folkehøgskole
Det er instruktørkurs for folkedans, kurs i bunadarbeid og i teaterarbeid. Dei fleste deltakarane er frå 18 til 25 år, men varierer frå 14 til 60 år. Les meir her.
 (19/08-06)
Nordsjøfestivalen i Farsund nærmar seg
Den åttande Norsjøfestivalen går av stabelen onsdag 23. august til søndag 27. august, og alt er i rute fortel dagleg leiar Tor Steinar Fromreide til Farsund avis. Festivalen har eit variert tilbod frå tradisjonell folkemusikk og religiøse folketonar, til sjantiar og folkemusikkrock. Ikkje minst knyter det seg store forventningar til det irske bandet Altan. Religiøse folketoner er ved  OnkelFolke med vokalist Gro Kjelleberg Solli. Les eit langt intervju her.
 (19/08-06)
Øivind Berghs minnepris til Ragnhild Hemsing frå Valdres
Under Per Gynt stemnet vart prisen på 25000 kr utdelt til den allsidige spelkvinna frå Valdres. Prisen skal gå til unge lovande fiolinistar, helst med bakgrunn frå folkemusikken. Ho er mest kjent frå det ho har gjort som fiolinist, men på landskappleiken i år fekk ho første napp i opprykket til Klasse A på hardingfele. Lærarane hennar i hardingfele har mellom andre vore Trygve Bolstad og Jan Beitohaugen Granli. Meir her.
 (19/08-06)
Tonje Barkenæs Lien (21) frå Romerike vann landskappleiken klasse B
Romerike er ikkje nett kjent for folkemusikken, men Tonje Barkenæs Lien kjem frå Nannestad på Romerike, og har dei to siste åra gått på Ole Bull Akademiet, og før det gjekk ho på Lillestrøm vg skole. Ho byrja lære felespel av rektor ved Nannestad musikkskole, Ellef Thomasgård, og seinare av Per Sæmund Bjørkum fra Vågå. Oldefar til jenta kjem frå Vågå. Til hausten byrjar ho på fysioterapi i Oslo. Les intervjuet i Romerikes blad.
 (19/08-06)
Vellukka Nordlek 2006 i Gøteborg
I strålande sumarver vart årets store nordiske folkedansstemne avvikla i Gøteborg. Stemnet var litt seinare på sumaren enn vanleg, og kanskje det var ein av grunnane til at det var mindre folk på stemnet enn før. Det var ca 4000 deltakarar frå Finland, Noreg, Danmark, Island og Sverike. Det var ingen frå Åland eller Færøyane i år. På desse stemna er det eit imponerande tilbod for deltakarane. Det aller meste har med folkedans å gjere, kurs , fri dans og framsyningar, men også mange andre  ting som konsertar med folkemusikk og viser, utflukter, kurs i handverkstradisjonar, ja endåtil kurs i drikkeviser. Om 3 år skal stemnet vere i Lahti i Finland. Her kan du sjå ei rad bilete frå stemnet.
 (29/07-06)
Siste frå Landsfestivalen i Melhus
Best i lagspel vart Lom Spelemannslag og fekk gullmedalje. I andre instrument vart Erlend Viken (fele) best. I gruppespel var det som vanleg mange deltakarar. Best vart "Over Stok og Steen" og på andreplass kom Nordafjells.
 (23/07-06)
Frist for påmelding til Folkelarmprisen er 15. august
I samband med Folkelarm i Oslo i september blir det som i fjor utdeling av plateprisar - Folkelarmprisen. Dei som vil delta i den tevlinga må melde seg p
å til Landslaget for spelemenn.
 (23/07-06)
Ragnhild Furebotten og Lena Kristin Ellingsen tar opp arven etter  oldefar
Dei to speljentene i gruppa "Hekla stålstrenger" har felles oldefar, Harald Bakke frå Saltdal. Han var spelemann, og det er arven frå han dei to dugande jentene fører vidare. Les intervju med dei i avisa Nordland.
 (23/07-06)
Landsfestivalen i gamaldansmusikk feirar 20 år
Landsfestivalen i Melhus i Sør-Trøndelag er i full gang, og feirar i år 20 år. I dag søndag er det Meisterkonsert, og den kan vi sjå "live" på Internett. Resultata av tevlingane kan vi sjå her.  I Lagspel vart desse tre laga best: Sandbakken studentspellmannslag (Hamar), Lom Spellmannslag og Sør-Fron Spellmannslag.
 (23/07-06)
Løyvingar frå rådet for Folkemusikk og folkedans 2006 del 2
Rådet hadde 76 søknader med ein søknadssum på tilsaman kr. 1 268 000 på møtet sitt. Det vart løyvt kr. 339 000 fordelt på 36 søknader. Her finn du ei oversikt over dei som fekk stønad denne gongen.
 (22/07-06)
Synnøve  S. Bjørset ser mot Europa
Avisa Firda Tidend har intervjua Synnøve S Bjørset (27), og ho fortel at ho satsar på fleire oppdrag i Europa. Konsertar i Spania og Frankrike har vorte godt mottekne. På Landskappleiken på Beitostølen vart ho 3. best på hardingfele og er mellom våre fremste på dette instrumentet. Ho skal også vere med på Folkelarm i Oslo i september som ein av 4 solistar, og vonar det vil gje eit skuv framover. Les meir her.
 (22/07-06)
Musikkskulen i Skjåk treng lærar i toraderspel
Musikkskulen lyser ut vikariat i torader - 25%. Les meir her.
 (22/07-06)
Raudmyrdansen på Norefjell i motvind
Årets Raudmyrdans vart ikkje nokon stor suksess. veret var dårleg, og dermed også frammøtet - berre 30 deltok. Les meir her.
 (22/07-06)
Vidar Lande: Hardingfelemusikken tapar på uniformeringa
"Det litt «rufsete» hardingfelespelet med personleg preg er på vikande front. No går det i retning av det folkekunstprofessor Vidar Lande ved Høgskulen på Rauland, kallar uniformering. Spelet vert meir og meir likt same kven som spelar. Han meiner folkemusikken står att som tapar." Dette seier vidar Lande til Vest-Telemark Blad. Han meiner at uniformeringa kjem av at viktige opplæringsstader som Ole Bull Akademiet og Musikkhøgskolen har kunstmusikken som rettesnor for korleis hardingfelemusikken skal spelast. Han meiner også at slike ideal ligg til grunn for døminga på kappleikar. Les meir her.
 (22/07-06)
Geir Egil Larsen fekk første Egil Storebekkens musikkpris
Prisen består av 25000 kr og blir delt ut under "Olasok i Tolga" den 23. juli. Geir Egil Larsen (61) har i 40 år vore mellom våre aller fremste formidlarar av norsk folkemusikk på mange ulike eldre folkemusikkinstrument. Han har toppa listene på kappleikar på fleire ulike instrument og har halde eit utal konsertar rundt om i landet, ikkje minst gjennom Rikskonsertane. Les meir her.
 (22/07-06)
Postens kulturpris på 20 000 til Oline Løvlid
Oline Løvlid frå Hornindal fekk prisen for det store arbeidet ho har gjort for folkesongen i sitt distrikt. Ho har samla mange songar og folkeminne og ho har lært opp ein heil generasjon av yngre songarar. Ho ahar gjort mange opptak med eldre songarar og mange av desse er gjevne til folkemusikkarkivet i Sogn og Fjordane. Same dagen  lanserte ho cd-en «Fortal» med 50 folkesongar framført av 67 kvedarar frå Hornindal i alderen 3-93 år. Les meir her.
 (22/07-06)
27 000 besøkte Førdefesteivalen i år
Samla tal på dei ulike arragementa vart 27 000, trass i dårleg festivalver. Talet på selde billettar er høgre enn i fjor då festivalen gjekk med ein halv million i underskot. Om det blir overskot eller underskot i år er ikkje klart enno. Elles var det eit fint innslag på NRK TV1 frå festivalen. Her kan du finne ein serie fine bilete frå festivalen. Reportasjar frå festivalen finn du mellom anna her og her.
 (22/07-06)
Schous-kvartalet i Oslo tar snart form som folkeleg kultursenter
Her er det som kjent tanken å få til ei folkemusikk- og foledans-scene, i tillegg til mange andre folkelege kulturytringar. Les meir om framgangen i prosjektet.
 (07/07-06)
"Hekla stålstrenger" med flott forestilling under Festspela i NordNoreg
Avisa Nordlys gir terningkast 6 til forestillinga som gruppa på 4 musikarar og 3 dansarar viste under festspela i Harstad. avisa skriv i svært rosande ordelag om forestillinga som er basert på norsk folkemusikk og folkedans. Musikarane er Ragnhild Furebotten, Andreas Amundsen, Inge Dulin og Tore Bruvoll, og dansarar er Sigurd J. Heide, Magne Kleiveland og Hallgrim Hansegård. Denne forestillinga skal også visast under årets Jørn Hilme stemne. Les meir her.
 (07/07-06)
Deltakarane på Folkelarm 2006 er nå klare
Det var mange som hadde lyst å vere med på Folkelarm, så juryen hadde ei vanskeleg oppgåve å velje ut dei som skl få spelle til . Dei fleste deltar i det som heiter "showcase": Adjagas, Harv (SE), Frigg (FI/NO), Majorstuen, Kraja (SE), Duo Eva Åström Rune och Mattias Perez (SE), Spindel, Geitungen, Kvarts, Laus, Bruvoll/ Halvorsen, Mattisgard/ Røine, Storm Weather Shanty Choir, Bjørgo band, Fant og Fente, Bukken og havresekken, Hekla stålstrenga, Camilla Granlien band, Filibuster, The loved one, Tindra, Torgeir Vassvik, Åndsverklåven og Vintermåne + 1Det er også ein del som deltar i "Akustisk": Åse Teigland, Vestasong, Tværg, Synnøve S. Bjørset, Sturla Eide, Jorun Marie R. Kvernberg, Den gærne Bøheringen og Herr Ole. Og i Barneframsyning:
Åshild, Mari og Ingeleiv, Flaskepolska. Juryen var: Jan H. Lislien (leiar), Irene Tillung, Asgaut Bakken, Aaste Kveseth og Jørn Simenstad  Les meir her.
 (07/07-06)
To nye æresmedlemer i Landslaget for spelemenn
På Beitostølen vart dansaren og pedagogen Karin Brennesvik frå Oslo/Jondalen og dansaren og spelemannen Ingar Ranheim utnemt til æresmedlemer i Landslaget for spelemenn. Brennesvik har vore mellom våre fremste dansarar heilt frå 1960-talet og har gjort eit stort arbeid som danselærar både i Noreg og i utlandet, ikkje minst i USA, der ho har halde kur i ei lang rekkje år. Ranheim var i mange år ein av våre beste dansarar i halling og i Valdresspringar, og var også ein av vår beste på langeleik. Han har også halde mange kurs, vore aktiv på mange plan i LfS og skrive om norsk folkedans og folkemusikk.
Svært vellukka og godt avvikla Landskappleik på Beitostølen
Det låg alt til rette for ein fin landskappleik, og ein fin kappleik vart det. Mange deltakarar, mange som såg på, strålande ver, gode lokale gode lyttilhøve, mange fine konsertar og det var råd å dansa ulike typer dans om kveldane, både gamaldans og bygdedans. Men først og fremst mange fine tevlingar. Det vart heimesiger både i haardingfele klasse A der Jan Beitohaugen Granli (biletet) vart best, og i eldre folkemusikkinstrument der vinnaren av langeleik klasse A, Knut Aastad Bråten også vann kongepokalen. Best i fele klasse A vart Aslak Opsahl Brimi frå Lom. Best i halling klasse A vart småjondølen Sigbjørn Rua, tett følgd av Tom Løvlie frå same laget. Løvlie hadde eit så kraftig nedslag at han trakka gjennom scenegolvet i siste hallingkastet, men han skada seg heldigvis ikkje. Best i vokal klasse A var Camilla Granlien. Alle resultat frå tevlingane kan du finne her.  Les også i Avisa Valdres og i Telemark Arbeiderblad og i Bygdanytt. Les ogs intervju med Leiaren i LfS Randi Skeide Ljones i GD
 (07/07-06)
Vellukka "Skandinavisk folketone" går i balanse
Fjellfestivalen vart arrangert for tredje gong, og denne gongen ser det ut til å gå i balanse, seier festivalleiar Magne Kleiveland. Utgiftene i år er på 339 000 kr. Les meir om festivalen her.
 (22/06-06)
Rådet for Folkemusikk og folkedans støttar felemakarlærlingar
Det manglar nasjonal plan og støtte til dei som vil vere lærlingar i felemakaryrket. Det synest Rff er svært leitt. Som ennaudløysning har derfor Rff under sitt junimøte vedteke å nytte Rådets tiltaksmidlar til å gi to arbeidsstipend på til saman kr. 40.000 til to felemakerlærlingar som ønskjer å gå i lære hos Sigvald Rørlien ved Ole Bull Akademiet.  Det gjelder Ottar Kåsa fra Bø i Telemark, og Bård Riise Hoel fra Oppdal i Sør-Trøndelag.
 (22/06-06)
Rådet for Folkemusikk og folkedans støttar lokale tiltak
I ei pressemelding skriv Rff at dei vil gje støtte til tiltak som Den kulturelle skolesekken burde støtta.  Det eine prosjektet gjeld Småjondølenes Dansarlag fra Jondalen ved Kongsberg som vil inn i barnehagen og barneskolen med eigne opplegg for å skape ei positiv haldning og interesse for folkedans. Det andre prosjektet et knyttet til Alvdal i Østerdalen, der Alvdal Spell og danselag planlegg kurs i folkedans for barneskole og ungdomsskole, samt et hallingkurs i barneleikaringen. 
 (22/06-06)
Ledig stilling som redaktør (50%) i Norsk folkemusikk og danselag
Laget har lyst ut stillinga som 50% redaktør, i første omgang for eit år. Redaktøren styrer med heimesida for laget, er redaktør for medlemsbladet Kvinten som kjem med 4 nummer per år, og er redaktør for årsskriftet Årbok for Norsk Folkemusikk. Søknadsfrist er 1. august 2006. Les meir  her.
 (17/06-06)
Grappas Debutantpris - ein ny pris er etablert
Den nye prisen skal gå til
debutantar for sjangrene folkemusikk, vise, jazz, samtidsmusikk og musikk for born. Prisstiftarane er Marianne Berg, Helge Westbye, Grappa Musikkforlag AS, Øystein Sunde og Fagerborg studio. Den som vinn prisen skal få platekontrakt og plateinnspeling innan eit år er gått. Frist for å sende inn forslag er 1. juli. Les meir her.
 (17/06-06)
Mattisgard/Røine med platesleppp i Oslo 20 juni
Dei to har plateslepp på Pigalle på Grønlandsleiret i Oslo kl 21.00. CD heiter
Sudan Dudan og er eit møte med to stemmer i samsong og veksel, omkransa av improvisert klimpring og stryk frå gitar, langeleik, fele, banjo og mandolin. Dei sterke melodiane er i fokus, slipt gjennom generasjonar. Dette er "nytt" tradisjonsstoff – ukjende perler frå arkiv og notenedskrifter, og frå meir eller mindre levande kjelder frå ymse fjelltrakter. Sudan Dudan er også eit møte med riddarar og andre ulukkelege figurar som dukkar opp i skillingsviser, skjemteballader, slåttestev og bådnsullar. Tekstene tek fram det sørgjelege i alle fasettar, og galgenhumoren har også sin sjølvskrivne plass. Dette song dei om, dei som budde på bygdene for 200 år sidan. Eksotisk, tidlaust, grovkorna og pasjonert. Plata kjem på plateselskapet Talik. Ho får positiv omtale på Myspace. Begge musikarane har vore med på fleire CD-produksjonar før.
 (17/06-06)
Endå fleire bunader enn dei som er med i Bunadleksikonet
Det nye Bunadleksikonet har fått med nærpå alt som finst av bunader i landet - ovr 400 i talet. Men sjølvsagt har dei ikkje fått med alt. I ein av "mine" leikarringar - Oslo Songdanslag - har vi eit døme på det. Mari Jensløkken har ein svært fin bunad frå Heidal i Gudbrandsdalen - ein bunad ho har arva etter mor si. Bunaden vart laga på 1920-talet, og i første omgang var det berre 3 eksemplar av bunaden. Seinare har det vorte laga nokre til. Bunaden blir kalla Harildstad-bunaden. Han har same snittet som rondastakken men har eit einkelt og fint rosebroderi - som var det vanlege på den tida. Stoffet er heimespunne og garnet plantefarga. På biletet ser vi Mari Jensløkken saman med ektemannen Bjarne. Biletet er teke under BLS-stemnet sist helg - Det er det årlege sumarstemnet som BLS i Oslo har på Norsk Folkemuseum. Mari og Bjarne var med og viste folkedans denne dagen. Kanskje var veret for fint - iallfall var det færre både dansarar og publikum enn det som har vore vanleg.
 (12/06-06)
Mange nye fine bunadbøker i handelen
Det nye bunadleksikonet som omhandlar over 400 bunader, står sjølvsagt i fremste rekkja mellom nye bunadbøker. Men også mange andre bunadbøker har kome dei siste åra, med særleg vekt på bunader og folkedrakter i eit bestemt område. I Magasinet Bunad finn vi oversikt over ein del av desse bøkene og her kan vi også kjøpe bøkene.
 (12/06-06)
Stor takkefest for "bunad-leiar"Magny Karlberg
For ei tid sidan slutta Magny Karlberg etter 26 år som leiar for Bunad- og Folkedraktrådet. På Folkemuseet på Fagernes var det 22. mai 2006 avskjedsfest for Magny Karlberg, og ca 70 vener frå eit langt bunadsamarbeid var til stades. Mange bar fram helsingar og takka varmt for all den hjelpa dei har fått gjennom mange år. Også frå kulturministeren kom det helsing via Egil Bakka i Rff. Les meir om  festen her.  Og her.
 (12/06-06)
Berit Opheim i gang med ny CD med salmar
Innspelingane går føre seg i Vangskyrkja på Voss. Sist ho ga ut plate var i 1996 med salmar ho song i Urnes stavkyrkje. Det er NORCD og Karl Seglem som gjev ut plata, og Audun Strype er lydteknikar. Meir her.
 (10/06-06)
Nytt liv i gamle tradisjonar i Tolga
Rønnaug Storrusten har pussa opp ein gamal gard i Tolga, og no skal det bli servert  mat og kultur på garden. ellom dei som skal syte for kulturen er Tone Hulbækmo som syng viser, stev, lokk og bånsuller for middagsgjestane, og  Hans Fredrik Jacobsen som spelar fløyter. Meir her.
 (10/06-06)
Fire molkemusikk-jenter har fått Draumestipend på 10000 kvar
I tevlingane i Norsk kulturskole/Norsk Tipping har 4 jenter frå "fjellet" fått stipend. Det er Ingvill Tønnesen Blæsterdalen frå Røros, tvillingane Rønnaug og Kjersti Tingelstad frå Tolga og Jørgen Nyrønning frå Holtålen. Les meir her.
 (10/06-06)
Tilskot frå Norsk Kulturråd til folkemusiakarar
Mellom dei som har fått tilskot til Cd er Etnisk Musikklubb (Eilif Gundersen med eldre folkemusikkinstrument), Hanne Yndestad og Vidar Underset (opplæringsslåttar). Elles er det nokre CD'ar som er innkjøpt, mellom dei CD'en til Aslak O. Brimi og hamre/Maurset og gruppa Rusk. Meir her.
 (10/06-06)
Gunnhild Sundli i Gåte har fått Trondheims kulturstipend
Stipendet er på 25000 kr og ho skal bruke det til å ta timar i kveding hjå Anne Kleivset i Trondheim og i bondeharpe hjå Tone Hulbækmo på Tynset.
 (10/06-06)
UNESCO vil også verne den immaterielle kulturarven
Det er fleire stader i landet vårt som står på FN si liste over verdens natur og kulturarv, til dømes Bryggen i Bergen, Røros, Geirangerfjorden etc. No er det ute på høyring eit forslag om å ta med immateriell kulturarv, som til dømes folkemusikk. NFD har svara at dette er dei positive til.  
 (05/06-06)
Askerladden ute med sin tredje CD: Full Oppladding
Dei som er med i gruppa er Asle Tronrud(hardingfele), Ingunn Bjørgo (trekkspel), Olav Tronrud (trekkspill), Stian Aase(trekkspel ), Åsmund Bakken (gitar) og Bjørn Kise (bass). Ingunn Bjørgo og Olav Tronrud har laga alle dei 17 låtane på plata. CD'en vart sleppt på Ål under Folkemusikkveka, og skal også "sleppast" under Ransäterstemnet i Sverike. Plata er utgjeven på Askerladden Kulturverksted. Meir her.
 (05/06-06)
Alt klart for Skandinavisk folketone 2006 på Haukeliseter
Denne annleis-festivalen går av stabelen 15-18 juni, og det har vore stor tilgang på artistar seier leiaren for festivalen Magne Kleiveland til folkemusikk.no. Det blir denne gongen lagt stor vekt på dans og dansespel, og det er ei lang rekkje framifrå artistar og grupper som deltar. Les meir her.
 (05/06-06)
Kathrine Moholt lærte bra Valdresspringar på 4 timar
Den profilerte TV-dansaren Kathrine Moholt gjorde det bra i springar saman med Ole Åstad Bråten på pressekonferansen for Landskappleiken. Og no skal ho på kappleik sjølv også. Les meir her.
 (05/06-06)
Rekordmange på folkemusikkpubb i Tromsø
Det var over 100 som møtte opp då Ragnhild Furebotten (fele), Andreas Amundsen (kontrabass) og Tore Bruvoll (gitar) heldt konsert på pøben i Tromsø. Pøben har vore i fast drift i 3 år, og rett etter 17. mai vart det altså sett ny rekord. Meir her.
 (05/06-06)
Gjermund Bråen (15) vann Jens A. Myros minnepris 2006
Under Folkemusikkveka i Ål var det hallingdansaren Gjermund Bråten (15) som vann minneprisen i år. Han var del av den fine framsyninga "Laus", der mange hallingdansarar deltok. Meir her.
 (05/06-06)
Sommardans på Samfunnshuset i Hjelmeland
I alt 8 orkester vil slå eit slag for norsk dansemusikk. Les meir her.
 (05/06-06)
Kulturstipend delt på 3 i Buskerud Fylkeskommune
Hovudutvalet for kultur har valt å dele kulturstipendet på 3 kunstnarar. Mellom dei er spelemannen Olav Luksengård Mjelva ( 10.000 kr)for å forjupe seg i slåttetradisjonen i Hallingdal. Han er student ved Ole Bull Akademiet på Voss, og er vinnar av hardingfeleklassen på landskappleiken på Røros 2005 med hallingspel. Den andre er Håvard Svendsrud ( 20.000 kr) til arbeid med musikkprosjektet "Buskerud-drag".
Dette går ut på å bearbeide ein del av den gamle trekkspillgammeldansen fra Buskerud for trekkspill, akkordeon, kontrabass og gitar. Svendsrud er profesjonell utøvar innan klassisk og folkloristisk musikk. Meir her.
 (05/06-06)
Sigdal Museum med utstilling "Frå Polonese til polka"
Utstillinga tar for seg festtradisjonane på flatbygdene. Polenesen kom som ein sositetsforlystelse på 1850-tallet, og vert også i dag brukt  for å markere høgtid og stil. Det var Klara Semb, opprinneleg frå Vestfossen, som i si tid skreiv ned mange av dei dansane som vert presentertes. Turdans og også folkevisedans var mykje brukt og det var også lokale spellemenn frå Modum og Ringerike. Les meir her.
 (05-06-06)
Einar Olav Larsen vart årets Fanitull under Folkemusikkveka i Ål
I årets konkurranse kom Einar Olav Larsen (27)  frå Verdalø på førsteplass framfor valdrisen Jan Beitohaugen Granli. På tredjeplass kom broren Gjermund Larsen.
"Og så var det ekstra artig å slå bror, for det brukar å vera omvendt", sa Larsen til avisa Hallingdølen. Les her.
 
(05/06-06)
God aktivitet i Haugtussa Leikarring
Østlandsposten har intervjua leiaren i leikarringen
Svein Helge Tanum og instruktøren Anne Mona Sjølyst (33). Ho er den yngste i ringen og skulle gjerne ynskt andre på sin alder. Dei er  85 medlemer i Haugtussa og alderen varierer frå 30 til 70 år og dei er normalt opp mot 35  deltakararpå øvingane. Dei har også eiga spelgruppe som syter for levande musikk på øvingane.  Les meir her.
 (04/06-06)
Tilskot til folkemusikk frå Fond for utøvande kunstnarar
På siste tildelingsmøtet fekk ulike prosjekt innan folkemusikk støtte. Det gjeld stønad til musikk, til CD'ar, til reise og seminar. Her er lista:
REISETILSKOT
Horvei, Reidun VOSS 6.000
Løvlid, Unni OSLO 6.000

KURS/SEMINAR
Landslaget for Spelemenn OSLO 10.000
MUSIKK
Bjørset, Synnøve S. SKEI I JØLSTER 15.000
Faukstad, Jon OSLO 20.000
Garnås, Per Anders Buen BØ I TELEMARK 15.000
Hamre, Knut GRANVIN 10.000
Jørn Hilme-stemnet FAGERNES 15.000
Landslaget for Spelemenn OSLO 30.000
Norsk lur- og bukkehornlag OSLO 8.000
Osafestivalen VOSS 15.000
Samspill Int. Music Network OSLO 20.000
Seglem, Karl OSLO 20.000
Setesdal Spelemannslag RYSSTAD 5.000
Økland, Nils HAUGESUND 25.000

FONOGRAM
Berg, Kirsten Bråten RYSSTAD 25.000
Etnisk Musikklubb KONGSBERG 20.000
Etnisk Musikklubb KONGSBERG 20.000
Granlien, Camilla OSLO 20.000
Lande, Vidar JESSHEIM 6.000
Lund, Odd Sylvarnes OSLO 25.000
Sver RØROS 30.000
 (04/06-06)
Brekkendagan og Gamaldans Østafjells avlyst pga lita interesse
Både Brekkendagan i Brekken og Gamaldans Østafjells i Sigdal er avlyst fordi for få har vist interesse for tilskipingane. Sjå her.
 (4/06-06)
Ole Bull-studentane med avslutningskonsert i Bergen 1. juni
Det femte kullet med studentar på Ole Bull-Akademiet ipå Voss er snart ferdige med 2 års studium ved spelemanns-skulen og kvedar-skulen. Torsdag 1. juni har studentane gruppeeksamen i prøvesalen på på Grieg Akademiet i Bergen. Studentane vil framføre to forestillinger som tar for seg framsida og baksida av kjærlighetens medalje.
Klokka 18.00: Kristi Kinsarvik, Stian Roland, Jon Ole Morken, Leif Ingvar Ranøien og Olav Mjelva.
Klokka 20.00: Linda Gytri, Kari Malmanger, Benedikte Maurseth, Annlaug Børsheim og Tonje Lien Barkenes.
Dei vil sikkert at mange kjem og høyrer på desse forestillingane.
 (31/05-06)
EBU sitt forum for verdsmusikk samla i Oslo i førre veka
I veka 24-27 mai var
24 sentrale programskaparar innan verdsmusikk frå kringkastingsselskap i 14 land i den Europeiske kringkastingsunion (EBU) samla i Oslo til sitt årlege møte. Vertskap var NRK med Sigbjørn Nedland i spissen. Han leiar no arbeidsgruppa for verdsmusikk i EBU. NRK har samarbeidd med  Rikskonsertene, Utenriksdepartementet og Music Export Norway. Mange norske artistar og grupper var med å profilere norsk folkemusikk og verdsmusikk: Andreas Ljones Band, Rusk, Karl Seglem, Abdulrahman Surizei og Anne Hytta, Haddy N’jie, Majorstuen, Jan Beitohaugen Granlie, Niko Valkäpä, Mari Boine, Unni Løvlid, Adjagas, The Core with Indian Musicians og Gamelan Shokbreker. Dessutan var det ulike foredrag. Her kan du lese Kjetil Bjørgan i NRK sitt innlegg under konferansen. Elles finn du meir om samlinga her.
 (30/05-06)
Ny nordnorsk songdansbok lansert
«No er katten døde» heiter boka som inneheld 40 songdansviser, både svært gamle og heilt nye. Det er Troms Ungdomsfylking som står bak. Prosjektleiar har vore Torill Norgård Eriksen frå Senja. Arbeidsgruppa som har arbeidd med boka har bestått av Anne Berit Heide og Sigurd Johan Heide frå Grytøy, og Birgitte Rørvik Bruun frå Evenes. Boka er rikt illustrert. Les meir her.   Og hjå NU.
 (29/05-06)
Grand Prix-melodien "Alvedans" inneheld polsdans frå Hedemark
Den norske melodien "Alvedans" inneheld dein polsdansmelodi som finst i fleire variantar i Hedemark, mellom anna på Finnskogen og i Rendalen. Les om dette i Østlendingen, og også i Glomdalen.

 (29/05-06)
18-åringar i gruppa "Driv" i Bø har spela saman i 8 år
Medlemene i gruppa er dei tre bøjentene, Gudrun Straand, Gunn Kristin Aasen Leikvoll og Eline Øyen Grave. Dei har spela saman i Musikkskulen i BØ. Les meir om desse jentene her.
 (29/05-06)
Søkje om å bli med i IntroFOLK 2007?
Det er no tid for å søkje om å bli med i den nye konkurransen for 2007. Søknadsfrist er 1. oktober. Denne tevlinga blir halden annakvart år, og den første gjekk av stabelen i 2005, der Majorstuen vann. Det er tre grupper i tevlinga: Solist, solist med band og gruppe. Solistar skal ikkje vere meir enn 30 år, og gjennomsnittsalderen i gruppe ikkje over 27 år. Det er rikskonsertane som står bak tevlinga, i samarbeid med folkemusikk-miljøet. Les meir her.
 (29/05-06)
Dansedronninga Katrine Moholt i TV2 skal lære valdresspringar på 4 timar
Moholt er kjent som den framifrå dansaren som vann tevlinga i "Dansefeber". Ho er no i full sving med ein ny omgang bonderomantikk i "Jakten på kjærligheten". Dei som arrangerer Landskappleiken har fått Katrine Moholt til å lære seg valdresspringar på 4 timar, og skal vise dansen under ei pressekonferanse for Landskappleiken 31. mai i Oslo.
Knut Aastad Bråten skal vere instruktør og dansepartnar, og det blir ei sakkunnig gruppe av spelemenn frå Valdres som skal vere domarar. Les meir i avisa "Valdres".
 (29/05-06)
Deltakarlistene for Landskappleiken er å finne på Internett
Det er rekordstor påmelding til Landskappleiken på Beitostølen i slutten av juni. I spel hardingfele klasse B er det til dømes heile 50 deltakarar, så det blir lange økter også for publikum. Og i Vokal folkemusikk klasse B er det 33 deltakarar. I spel hardingfele klasse A er det 16 deltakarar og i spel vanleg fele klasse A er det 18 deltakarar. Her finn du alle deltakarlistene. Flott gjort at desse listene no blir offentleggjort i god tid!
 (29/05-06)
På leit etter stev? Bruk Internett!
Agder Folkemusikkarkiv har lagt ein søkbar database med stev ut på Internett. Basen inneheld ca 1000 stev, mest frå Setesdal. Alfred Ryningen har skrive inn steva, og han skal halde fram med arbeidet til 1. september. Materialet er samla frå gamle lydband og notatbøker. Her går du inn på databasen.
 (29/05-06)
Gjermund Larsen er komen inn på diplomstudiet på Musikkhøgskolen
Gjermud Larsen har gått på Norges Musikkhøgskole i 3 år og no ventar to nye år som diplomstudent. Dette er eit utøvarstudium for "solistar" særleg innan klassisk musikk, men gjermund Larsen tar det altså innan folkemusikk. Han blir såleis den andre folkemusikaren som tar diplomstudiet. Andreas Ljones vart ferdig med diplomstudiet for to år sidan. Gjermund Larsen måtte gjennom to prøvespelingar for å kome inn på diplomstudiet, og det er hard tevling for å kome inn. Larsen har vunne Landskappleiken, er med i gruppene Majorstuen og Frigg  og har halde mange konsertar både i inn- og utland. Han vart intervjua i Folkemusikkhalvtimen  28. mai.
 (29/05-06)
Rekordmange har meldt seg på til Folkelarm 2006
Så påmeldingsfristen gjekk ut 15. mai var det 55 grupper/artistar som hadde meldt seg på. Det er meir enn i fjor, og talet på deltakarar må reduserast til ca halvparten. Les meir her.
 (21/05-06)
Det hjelpte  ikkje med hardingfeler i Grand Prix
Det norske innslaget med Christine Guldbrandsen (21) kom som nr 14 i finalen laurdag, trass i at Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad var med og leverte fint hardingfelespel. Finland kom på 1. plass og Sverike nr 5. Les her.
 (21/05-06)
Gruppa "Harv" ikkje til Førdefestivalen - Spindel i staden
Den kjende svenske gruppa "Harv" skulle vore med på utekonserten under Førdefestivalen. Men dei har medldt avbod. som erstatning har dei fått den norske gruppa "Spindel" med Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad i spissen.
 (21/05-06)
Intervju med Annbjørg Lien i Sunnmørsposten
Ho fortel til avisa at det at ho vart mor for 2 år sidan har endra henne - også musikalsk. Ho er heime på Sunnmøre og øver til framføringa av Fanitullen med Symfoniorkesteret i Ålesund. Men ho har også mange andre prosjekt under arbeid. Les om det her.
 ((21/05-06)
Mange kjende artistar til Kalottspel i Målselv  9-13 august
Mellom dei kjende artistane er
 Susanne Lundeng, Triakel og Majorstuen, side om side med samiske joikarar. Her kan du finne meir om programmet.
 (20/05-06)
Grunnleggjar av gruppa "Väsen" satsar på symfoniorkester
Den kjende gruppa "Väsens" grunnleggjar
Olov Johansson, vart ein av årets kulturstipendiater i Uppsala kommune og fekk kr 100 000 i stipend. Han vil no koponere musikk for symfoniorkester. Han er riksspelemann i Sverike og verdsmeister på Nyckelharpe. Les meir her.
 (20/05-06)
Variert program når Folkemusikkveka i Ål startar 21. mai
Det er stortingsrepresentant Sigrun Eng som opnar Folkemusikkveka 2006, der det mellom anna vert CD-slepp med Truls Ørpen, visekonsert med Kirsten Bråten Berg og Lena Willemark, fløytival, stand-up kveding og eigne konsertar med barnehageborn frå Hallingdal. Les meir her.
 (20/05-06)
Knut Oleivsgard og Embrik Bergaplass på gråtass i 17. maitoget
I ål mangla dei korps i 17. mai-toget. Men i staden fekk dei folkemusikk, og musikarane fekk plass på tilhengaren av ein gråtass. Les meir her.
 (20/05-06)
Vellukka 17. mai konsert i Oslo Ladegård med Faukstad og Bjørkum
På sjølvaste nasjonaldagen opna dei to - Jon Faukstad på trekkspel og Per Sæmnd Bjørkum på fele - konsertserien i Oslo Ladegård. Det var over 80 til stades, og det måtte ekstra stolar til. Her kan du sjå mange bilete frå konserten.
 (20/05-06)
Egil Storebekkens musikkpris for 2006 etterlyser kandidater
Prisen er oppretta til ære for musikeren, komponisten og kulturbæreren Egil Storbekken. Tolga kommune, Norsk Lur- og bukkehornlag, Tolga-Os Sparebank og NOPA står bak, og skal vere til støtte for bruk av eldre folkemusikkinstrument. Prisen er på kr 25.000, - samt eit verk av billedkunstneren Helga Drude Storbekken. Musikkprisen blir delt ut ”Olsok i Tolga” søndag 23. juli. Meir info: Eilif Gundersen, Venedokken, 3570 Ål.
 (20/03.06)
Det nye bunadleksikonet presentert på Norsk Folkemuseum 14. mai
Det var mange bunader å sjå på Folkemuseet då Folkemuseet og forlaget Damm presenterte landets første Bunadleksikon, som har med alle dei over 400 ulike bunadane og folkedraktene, festdraktene og samedraktene som finst i landet. I spissen for presentasjonen stod Bjørn Sverre Hol Haugen (bilete) som har vore redaktør og hovudforfattar for leksikonet. Fleire av dei andre som har vore med i redaksjonsrådet var også i sving, mellom dei konservator ved folkemueet Kari-Anne Pedersen, Gunn Jensberg som no har blitt direktør for bunad- og foledraktrådet, og Jon Fredrik Skauge som er førstekonsulent ved Bunad- og folkedraktrådet. Mange av dei som har vore modellar i dei tre binda var også til stades, og det var ein omfattande bunadpresentasjon, som Hol Haugen leia. Det var også innsla med song og dans i ulike fasongar. Elles var det foredrag mellom anna om samiske drakter og om skikk og bruk i bunad. Her finn du ei rad bilete frå Presentasjonen.
 (15/05-06)
Ikkje plagiat, men ein menneskeleg feil i saka om "Natta vi har"
Etter mykje att og fram i pressa er det no klart at det var produsenten til plata til  Sindre Hotvedt som gjorde ein feil då debutplata til Helene Bøksle vart meldt inn til TONO. Det blir presisert at det ikkje var nokon freistnad på å komponistrettar til melodien "Natta vi har" og som er ein variant av folkevisa "Margit og Tarjei Risvollo". Helene Bøksle sjølv seier at ho er lei seg for dei skuldingane om plagiat som er kome. På heimesida til Helene Bøksle har både TONO og GRAMART bede Norsk folkemusikk og danselag å beklage skuldingane om plagiat. NFD på si side svarar: "Det vi har gjort er å påpeke en feil. Det vi har ønsket er større forståelse for den tradisjonelle folkemusikken og tradisjonsbærernes rolle. Feilen er nå rettet, og vi ser ingen grunn til å beklage at vi har påpekt en faktisk feil." Fedrelandsvennen i Kristiansand har også intervjua Helene Bøksle som er svært lei seg for skuldingane, og ho er glad for støtte ho har fått mellom andre frå Kirsten Bråten Berg. Dei har også snakka med Jan Lothe Eriksen i NFD. Plata det er snakk om ligg no på 11. plass på VG-lista og er spela meir enn hundre gonger i NRK. Her finn du oversyn over mange av innspela i saka.
 (15/05-06)
Skuldingar om plagiat mot Helene Bøksle og "Natta vi har"
På debutplata si "Elverhøy" heiter ein av songane "Natta vi har", som stort sett er nokre vers av den kjente folkevisa "Marjit og Tarjei Risvollo", men med litt nyskreven  tekst på slutten. Måten Helene Bøksle syng visa på ligg svært nær opp til det som Agnes Buen Garnås gjer på ei plate ho gav ut saman med Jan Garbarek i 1989. Ei litt anna innspeling av visa kom så tidleg som på 70-talet med gruppa "Folk". Visa er også å finne i Egil Bakka si dansebok "Danse danse  lett utpå foten". Norsk Folkemusikk og Danselag har funne ut at Helene Bøksle og hennar to medmusikantar Sindre Hotvedt og Askil Holm gjennom komponistorgasisasjonen TONO har søkt om og fått fulle komponistrettar til denne melodien, og dei har sendt brev til TONO der dei ber om ei forklaring, og at vedtaket blir omgjort. Denne saka har vekt stor oppmersomheit i mange ulike media, ikkje minst fordi denne melodien har blitt svært mykje spela i NRK dei siste vekene og har også kome på VG-lista. Manageren til Helene Bøksle  Jan Erik Haglund meiner TONO må ha gjort ein feil. Mellom dei som har uttalt seg i saka er Kirsten Bråten Berg. Her kan du lese mange av dei oppslaga som har vore i pressen om saka.

 (11/05-06)
Geir Egil Larsen ny leiar i Norsk Folkemusikklag (NLF)
Laget hadde årsmøte på sørmarka i februar og då overtok Larsen leiarjobben etter Bodil Haug frå Ål/Fagernes. Talet på medlemer er no 135, og har gått noko ned. Med i styret er elles Olav Sæta, Hans-hirich Thedens, Astrid Nora Ressem og Wigdis Espeland. Seminaret etter årsmøtet hadde fokus på norske lærestader for folkemuskk.
 (11/05-06)
Stor aktivitet ved Buskerud Folkemusikksenter
I siste Spelemannsbladet blir Jan H. Lislien intervjua om senteret i Prestfoss i Sigdal, der han er folkemusikkonsulent i 80% stilling. Lislien er kjent sommangeårig tillitsmann i Landslaget for Spelemenn. Ved senteret er også spelemannen christian Borlaug tilsett i 40% stilling. Senteret har i alt gjeve ut 27 CD'ar med musikk, det første kom i 1989, og dei har også sal av CD'ane på Internett. . Nett no arbeider dei med ein CD med opptak med Truls Ørpen. Det var tidlegare folkemusikkonsulent Bjørn Laupsa-Borge som starta dette arbeidet. Tidlegare folkemusikkonsulent Veslemøy Fjerdingstad har no permisjon og tar mastergrad i Folkekunst ved Høgskolen i Telemark. Ho gjorde mykje for å leggje til rette for ei pedagogisk verksemd ved senteret, serleg for born og unge. Og dette arbeidet vil ein også vektleggje i tida framover.
 (11/05-06)
Spelemannen Einar Løndal er død
Spelemannen Einar S. Løndal frå Tuddal gjekk bort 23. januar nær 92 år gamal. Han var fødd i 1914, og var den yngste i ein syskjenflokk på 6. Faren var den kjente spelemannen Svein Løndal, og brørne Olav og Kjetil var også mellom våre fremste spelemenn. Spelet til desse har vorte eit eige omgrep i spelemannskrinsar - Løndalspelet. Einar Løndal byrja spele som 13-åring, men vart snart ein fullgod spelemann, etter som han allereide hadde mange slåttar "innabords". Einar Løndal vann Landskappleiken i hardingfele to gonger, i Lom i 1954 og i Gol i 1969 (saman med Ola Bø frå Valdres). Han vart i 1975 utnemd som æresmedlem i Landslaget for Spelemenn, fekk same året Myllargut-medaljen i gull av T elemark Ungdomslag og fekk i 1986 Torkjell Haugeruds minnepris. Opptak med Einar Løndal er å høyre på Kassetten Løndalstonar III som Knut Buen i si tid gav ut, og nyleg kom ein CD på selskapet Talik med NRK-innspelingar.
 (11/05-06)
Storefjelltreffet 2006 - her finn du mange bilete
Mange bilete frå det vellukka treffet finn du her.
 (11/05-06)
Bunadleksikonet med over 400 bunader og drakter presentert
Det nye bunadleksikonet vart presentert for eit par dagar sidan.
Kunsthistoriker Bjørn Sverre Hol Haugen har jobba med Bunadsleksikonet i tre og eit halvt år, og det har teke lenger tid enn han rekna med. Den rette lanseringa blir på Folkemuseet i Oslo den 14. mai. Les meir her.
 (11/05-06)
Prosjektet "Snu Nordvest" hadde ny positiv danse-samling på Sunnmøre
Di dansande ungdomane frå Møre og Romsdal har i lang tid øvt på lokale danserytmer, og er no i ferd med å finpussse forma på den forestillinga dei dksl ha til sumaren og som heiter "Lykkegjegeren". Prosjektet er eit samarbeid mellom samarbeidsprosjekt mellom NU, Rff og LfS. Les meir her.
 (11/05-06)
Vellukka Randsfjordtreff 2006 også i år.
Dette treffet vart arrangert for 4. gong, og det var fullbook lenge før fristen. Det blir omtalt som "Vårens vakreste eventyr i Søndre Land!" - på Randsfjorden Gjestegård på Fall i Hadeland. Les meir her.
 (11/05-06)
Einar Olav Larsen Festivalkunstnar under Folkekulturfestivalen i Trondheim
Noreg Ungdomslag sitt gamle NU-stemne er i år i Trondheim 6-9 juli, i samband med at det er 110 år sidan NU vart stifta i 1896. Sentralt på festivalen vil trøndersk folkemusikk stå, Og mest sentral av alle blir spelemannen Einar Olav Larsen (26). Han vil spele i fleire samanhengar, mellom anna som medlem i gamaldansorkesteret P.A.Røstads jr. orkester og i gruppa Frigg. Les meir her.
 (11/05-06).
Påmeldingsfristen for Landskappleiken er 15. mai
Landslaget for Spelemenn minner om at fristen for påmelding er 15. mai. Meir her.
 (11/05-06)
Resultat frå Kappleikar i 2006
Her kan du lese resultata frå desse kappleikane: Setesdalskappleiken, Gudbrandsdalskappleiken, Kristiansandkappleiken og Fylkeskappleiken for Telemark.
 (11/05-06)
Nytt spelemannsblad er kome
Ein del av innhaldet i blad 3/2006 er å finne på Internett. Der kan vi mellom anna lese redaktøren sitt svar til Halvard Kaasa, om 10-årsjubileet til Folkemusikkpubben i Trondheim og om TONO-saka. Meir her.
 (11/05-06)
Det blir masse lausdans under jubileumsframsyninga under Ål-veka
Under folkemusikkdagane i Ål blir det ei spesiell framføring som har fått namnet "Laus". Her vil mange av dei beste hallingdansarane i landet vere med i ei forrykande forestilling med hallingdansen i sentrum. Mellom dei som er med er Martin Myhr, Sigbjørn Rua, Ulf Arne Johannessen, Anders Aasberg, Gjermund Bråten, Solveig Hordnes og Hallgrim Hansegård og musikk syter Andreas Bratlie og Andreas Ljones for.  Forestillinga er i Storsalen laurdag 27. mai og har undertittelen "2000 års leik med tyngdekrafta i moderne drakt". Les meir i Hallingdølen.
 (11/05-06)
Halvard Kaasa og Kjell Bitustøyl i polemikk om organiseringa
Tidlegare leiar i Norsk folkemusikk og danselag går i ein artikkel, som også står i siste nummer av Spelemannsbladet, der Kjell Bitustøyl er redaktør, sterkt ut mot Bitustøyl for måten han omtalar NFD, og at Bitustøyl vil samle dei to organisasjonane. På redaktørplass går så Bitustøyl sterkt imot det Kaasa skriv i artikkelen. Her kan du lese artikkelen til Kaasa.
 (11/05-06)
Det finst i dag over to millioner bunader i Norge
Sidan det nærmar seg 17. mai, skriv avisene om bunad og bunadbruk. I Aftenposten les vi at Husfliden i Oslo no sel fleire manns- enn kvinnebunader. Og at kvar fjerde normann vil bruke bunad 17. mai. Ein bunad kostar frå 20 000 til 50 000 kroner. Mannsbunader kostar typisk ca 25 000 kroner. Heimen (husflidsutsalet til BUL i Oslo) har eit stabilt sal av kvinnebunader, medan salet av mannsbunad peikar kraftig oppover. I 2004 utgjorde mannsbunaden ca 10% av det totale bunadsalet. I 2005 var det 20 %, og det stig også i 2006. Det er vanleg å rekne at det finst totalt ca 400 ulike bunader i Norge. Bunadnæringa omset årleg for 700-800 mill. kroner, og alle bunadane i landet er verdt ca 30 milliarder kroner. Husfliden i Oslo viser i desse dagar utstillinga "Norske bunaders utvikling" i Rosenkrantz gate 19 i Oslo. I 1949 vart Landsnemnda for bunadspørsmål oppretta, seinare vart det Bunad- og folkedraktrådet, som i lang tid har hatt tilhald på Fagernes. I desse dagar kjem "Norsk bunadleksikon" ut i 3 store bind, og her blir over 400 bunader og samiske folkedrakter presentert på Damm forlag. På biletet blir det fine skautet på Sunnmørsbunaden forsvarleg knytt.
 (07/05-06)
Helene Bøksle får stor og fin omtale av den nye CD'en sin
Helene Bøksle (25) frå Kristiansand har kome med sin første CD "Elverhøy", og det har ført til store oppslag og intervju i fleire store aviser, mellom dei Aftenposten (28. april) og VG. Ho har fått terningkast 5 i mange av dei store avisene. Det er ei plate i grenselandet mellom folkemusikk og pop, og har vorte samanlikna med Gunnhild i  Gåte. Sjølv seier ho at ho brukar stemma si nokså ulikt det Gunnhild Sundli gjer. Stemmemessig blir ho også samanlikna med Sissel Kyrkjebø og Herborg Kråkevik. Helene Bøksle har jobba både som skodespelar og musikar dei siste åra. I 2003 vann ho 92 000 i "Kjempesjansen" i NRK, og det vart eit gjennombrot. Både i 2004 og i 2005 sette ho opp ei vellukka eigenprodusert forestilling "Elverhøy" i Ravnedalen i Kristiansand, og det blir ny forestilling til hausten. I fjor fekk ho platekontrakt med Universal. CD'en vart slept for eit par dagar sidan. Mange kjent musikarar er med på plata, mellom dei Nils Økland og Sondre Bratland. Les meir på heimesida hennar. Her kan vi også høyre den fine folkevisa "Marjit og Tarjei Risvollo". På plata finn vi også to songar frå Haugtussa.
 (06/05-06)
Arrangørseminar for folkemusikk i Bergen
Den norske Folkemusikkscena ved Asgaut Bakken og Norsk Rockeforbund hadde arrangørseminar i Bergen sist helg. 11 av dei 16 scenene som er tilslutta Folkemusikkscena deltok. Landslaget for spelemenn er ansvarlege for drifta av "Den norske folkemusikkscena. LfS prioriterer høgt å utvikle eit solid, landsomfattande nettverk av spelestader for folkemusikk, og brukar ca. 200 000 av eigne midlar kvart år for å utvikle og støtte scenene. I  2005 arrangerte  folkemusikkscenenettverket 100 konsertar, og hadde om lag 10 000 publikummarar. Meir her.
 (06/05-06)
Ole Bull Akademiet har fått ei Magnus Dagestad-hardingfele
Magnus Dagestad var ein kjent spelemann, kunstnar og felemakar på Voss. I samband med at Ole Bull Akademiet har fått nybygg, har dei også kjøpt inn ein del møblar som Dagestad laga. Og så har dei også fått ei hardingfele som Dagestad laga i 1904. Dei har fått fela av Andres Rio som fekk fela av Dagestad då han var 14 år gamal. Meir her.
 (06/05-06)
Fleire arkiv-CD'ar frå folkemusikkarkivet i Rogaland
Leiaren for Rogalandsarkivet Ruth Anne Moen har nådd eit av måla sine: Å få folkemusikarar interesserte i den musikkskatten som ligg lagra i museet. Om kort tid kjem den fjerde CD'en med musikk frå arkivet. Ho fortel til Suldalsposten: "Først ute var gruppa ”Geitungen”, tre unge gutar frå Førresfjorden, Haugesund og Sandnes, så kom ”Onkel Folke”. Nå nyleg kom ein sjøfløyte-cd med Gry Oftedal frå Hundvåg. Medverkande på denne CD-en er blant andre Åshild Vetrhus. Og i mai kjem Tindra." Meir her.
 (06/05-06)
"Ei reise i nordnorsk folkemusikk" med elevar i Tromsø
For to dagar sidan hadde 140 elevar i Tromsø ei forestilling i Kulturhuset i byen, der dei presenterte folkemusikk, folkedans og folkeleg kultur, sjølvsagt også samsik. Elevane har jobba saman med profesjonelle kunstnarar og fått ei innføring i nordnorsk folkemusikk, dans og samisk kultur. Les meir her.
 (06/05-06)
Kamp om ny studieretning i Musikk, Dans Drama i Telemark?
Det er mange i Telemark som meiner at ei ny slik studieretning må leggjast til Bø i Telemark, og at folkemusikken må få ein sentral plass. Les meir her.
 (06/05-06)
Jan Lothe Eriksen vil ha proffe pengar til proffe folkemusikarar
Det kostar ca 90 millionar å drive eit symfoniorkester, og så mykje vil han også at dei proffe folkemusikarane skal få. Og dette er langt fram samanlikna med dei 1,5 millionar som er sett av på Statsbudsjettet i år. Men han synest at det har gått rette vegen dei 9 åra han har arbeidd for folkemusikken. Les meir i Haugesunds avis.
 (06/05-06)
"Alt for få lagar ny norsk folkemusikk"
Det er Ånon Egeland og Ragnhild Furebotten som seier dette i samband med at dei er to av 6 folkemusikarar som har laga nye bestillings-slåttar til festivalen Årinn som nyleg gjekk av stabelen i Kristiansand/Setesdal. Dei peikar på at i grannelanda sverike og Danmark er det mykje meir vanleg at folkemusikarar lagar ny folkemusikk. Terskelen har vore alt for høg i vårt land, og det har ført til at få har våga, seier dei. Les intervju med dei to her.
 (06/05-06)
Utanlandske oppkjøparar kjem til Folkelarm 2006
Det ser no ut til å bli ei løysing på problema med å få utanlandske bransjefolk til å møte opp på Folkelarm. I samarbeid med blant anna Førdefestivalen vil 
årsmøtet i European Forum for Worldwide Music Festivals (EFWMF) bli lagt til Oslo og Folkelarm. Det  gjer at om lag 20 europeiske festivalar innan genrane folk, world, og roots music vil få eit eineståande møte med norsk folkemusikk.  Folkelarm blir arrangert på Fabrikken i Oslo helga 29. - 30. september. Her blir det ca. 30 showcasekonsertar med norske og nordiske folkemusikkartistar, seminar og bransjetreff, møte for Nordisk folkemusikkomité og utdeling av Norwegian Folk Music Award – Folkelarmprisane. Les meir om dette i ei pressemelding.
 (06/05-06)
"Kjempesjansen" på TV - vil du vere med?
NRK og Dan Børge Akerø går igjen igang med programmet "Kjempesjansen", og i år er Landslaget for Spelemenn valt ut som hovudsamarbeidspartnar, og skal hjelpe til med å finne deltakarar. Så spelar du folkemusikk (eller dansar?) så kan du her vere med å vinne ein retteleg stor premie (nokre hundre tusen?), det blir mellom anna bestemt av dei som ser på programmet. Kjente namn som har vore med før er mellom andre Ola Kvernberg, Rein Alexander og Helene Bøksle. I 2003 vann brørne Gjermund og Einar Olav Larsen 60 000 kr. Er du mellom 16 og 32 år kan du ta kontakt med LfS innan 12 mai.  Meir info her.
 (05/06-06)
Statens arbeidsstipend til folkemusikarar for 2006
Statens arbeidsstipend består av fleire ulike greiner, men det gjevaste på kr 163 500 og heiter berre arbeidsstipend. Dei folkemusikarane som har fått stipend innan folkekunst for 2006 er desse:
Arbeidsstipend: Sturla Eide, Marit Mattisgard, Elisabeth Kværne (2 år)
Arbeidsstipend yngre kunstnere: Andreas Skeie Ljones
Etableringsstipend:  Synnøve S. Bjørset og Irene Tillung
Materialstipend: Sturla Eide,  Benedicthe Maurseth, Eli Storbekken
Reisestipend:
Camilla Granlien, Geir Egil Larsen og Einar Olav Larsen.
Innan feltet Musikarar finn vi desse:
Arbeidsstipend:  Anne Hytta (2 år) og Anders E. Røine (3 år)
Materialstipend: Øivind Farmen
Reise-studiestipend: Odd Sylvarnes Lund og Unni Løvlid
Les meir her.
 (05/05-06)
Stor interesse for Strunkeveko i Valdres
Strunkeveko kan melde om stor interesse for dei mange kursa under åretsstrunkeveko. Dei ventar 100 deltakarar, men enno er det ein del ledige plassar, og fristen for å melde seg på går ut 15. mai. Det er 8 ulike kurs å delta i:
hardingfele, langeleik, vanleg fele, toradar, dans med vekt på halling, song, munnharpe/fløyte/lur og arrangering av folkemusikk, og instruktørane er mellom dei fremste i landet. Dei melder også at det nye kurset i Folkedansteater er interessant for mange. Strunkeveko har også fått ny fin heimeside, det du finn mykje meir informasjon.
 (04/05-06)
Moldestad og Kroken skal også til Grand Prix
Dei to felespelarane frå Norfjord har fått tilbod om å spele hardingfele under Grand Prix i Hellas, og etter litt tenkjing har dei svara ja. Og no gler dei seg til å delta på Grand Prix sirkuset. DEi to skal gje Christine Gulbrandsens «Alvedansen» ekstra tyngd i den europeiske finalen. Les meir her.
 (23/04-06)
Folkemusikk og klassisk musikk møtest på festivalen Årinn
Det er ikkje så mykje "samrøre" mellom dei to musikksjangrane, men på Årinn skal det blir eit slikt møte. Les meir her.
 (23/04-06)
"Kulturnatt" i Kristiansand som innleiing til festivalen Årinn
Fredag  21april la Kristiansand spel og dansarlag ut på ein mini kafeturne ei veke før festivalen Årin opnar, for å vise litt av det folk kan oppleve på festivalen. Dei som deltok var mellom andre folkesongaren Gunnhild Tømmerås og ektemannen frå Sverike Greger Brändström. Les meir her.
 (23/04-06)
Mange spennande studietilbod i dans ved Rff-sentret/NTNU. i Trondheim
I ei pressemelding gjev  sentertei oversikt over studeietilboda i dans frå hausten 2006 - og her er både dei "gamle" kursa men også nye tilbod. To nye tilbod er
Dansens psykologi og  Dansens nevrofenomenologiske estetikk. Elles er det mange etterutdanningskurs  som Norsk folkelig dans , Innføring i Norsk folkedans , Drakt og samfunn , Teaterdansens historie I og II . Studium på Bachelor-emna, men som er åpe for alle, er Dansens historie og estetikk og Etnokoreologi, dokumentasjon og notasjon og  Etnokoreologi. Så her er det mange kurs å følgje. Info: http://www.hf.ntnu.no/rff/index.php
 (23/04-06)
Ny songdansbok frå Nord-Noreg
Den nye songdansboka heiter "No er katta døde" og inneheld 40 nye songdansar frå Nord-Noreg. Det har vore arbeidd i fleire år med denne boka som no blir lansert på eit songdansseminar  i Tromsø 20 -21 mai. Ansvarleg for boka og seminaret er TUF. På seminaret skal dei dansa seg gjennom dei fleste dansane, men det blir også konsert, folkemusikkpub og anna. Påmelding til
Torill Norgård Eriksen: Tlf: 77 84 43 43 / 91 53 08 39.
 (23/04-06)
Vellukka påskedans for Leikarringen i Gloppen
Til den tradisjonelle påskedansen til leikarringen var det ca 100 dansarar både frå heimbygda Gloppen og frå grannebygden Eid, Jølster, Innvik og fleire. Les meir her.
 (17/04-06)
Alt klart for nytt Mo-kurs i Jølster 2006
Mo-kurset er det eldste sommarkurset for unge folkemusikarar i landet vårt. I tida 30. juli til 4. august er det nytt kurs i sommar. Og det er ei rad dugande lærarar som instruerer på kurset. Les meir her.
 (17/04-06)
Også folkemusikarar nominert til draumestipendet
Kvart år deler Norsk Tipping og Norsk Kulturskoleråd ut 100 draumestipend til unge lovande musikarar. Også folkemusikarar er mellom dei nominerte. Les her.
 (17/04-06)
Vil nokon redde Leikarringen i Valle?
Ja, slik spør kulturrådgjevaren i Valle. Denne Leikarringen var det Kirsten Bråten Berg som i si tid fekk i stand, og no treng dei nokon som kan føre arbeidet vidare. Les meir her.
 (17/04-06)
Folkmusikfestivalen Låt i Stockholm
Folkmusikfestivalen Låt vart for 14 dagar sidan gjennomført ved Kungliga  Musikkhøgskolan i Stockholm. Det var 10 år jubileum for festivalen, og det er 30 år sidan Musikkhøgskolena i Stockhoom starta med utdanning i folkemusikk. På desse 30 åra har ca 100 folkemusikarar fåt utdanninga si. Det er 35 studentar i folkemusikk i dag. Dei heldt konsert og det gjorde også dei 150 studentane i folkemusikk som kom frå dei andre nordiske landa. Les meir her.  Lærarar ved ulike utdanningsinstitusjonar i folkemusikk i Norden vedtok ei fråsegn der dei krev at det blir oppretta mange fleire stillingar i folkemusikk dei komande åra. Les her.
 (17/04-06)
Norske dansarar og spelemann heldt kurs og konsertar i USA
Kvart år er det vanleg at norske dansarar/spelemenn drar til USA og held kurs i norsk folkedans og folkemusikk. Vi har fått melding frå Ulf Arne Johannesen:
"Ulf Arne Johannesen, Renate Tønnesen og Olav Luksengård Mjelva skal være instruktører på "Springdance" i Seattle 21.- 24. April. Ulf Arne og Renate lærer bort å danse hallingspringar, mens Olav skal spille til dansekurs samt ha kurs i fele og hardingfele. Olav drar til USA 13. April og skal ha kurs og konserter både i Seattle og Vancouver først."
 Les meir her.
 (17/04-06)
Åshild Vetrhus ny leiar i Norsk folkemusikk og danselag
På Årsmøtet i helga vart folkesongaren Åshild Vetrhus, som også er med i gruppa Tindra, valt til ny leiar i NFD. Ho seier at ho vil bidra til at NFD vert ein opnare organisasjon, men ei samanslåing med LfS meiner ho ikkje er aktuelt. Åshild er frå Suldal og studerte i 2000-2004 folkesong ved Musikkhøgskolen i Oslo. Ho bur i Oslo og underviser ved  Oslo Musikk- og KulturskoleNye i styret er felespelaren Håkon Høgemo og Tove P. Dalbakk. Tove er rektor ved kulturskolen i Rendalen og spelar fele og cello, mellom anna i Majorstuen. Vara i styret er Jan Petter Blom, tidlegare professor ved Universitetet i Bergen, og dansaren Håkon Dregelid frå Voss. Ola K. Berge, som leia Norsk Folkemusikkformidling, er også vara i styret.  Les meir her.  Les også intervju med den nye leiaren på heimesida til NFD.
 (07/04-06)
Sturla Eide til England saman med Andreas Aase
Dei skal der spele på pubar og ha konsertar og også undervise i norsk folkemusikk. Nyleg hadde Eide konsert saman med irske Karen Tweed, og det var hans  største kick på lenge, seier han til avisa Sør-trøndelag. Les meir der.
 (07/04-06)
Ragnhild Hemsing har fått Øyvind Berghs minnepris for 2006
Den unge og dugande felespelaren frå Valdres har fått  årets Øyvind Bergh sin minnepris for 2006. Dei siste 5 åra har ho spela ved Baratt Dues musikkinstitutt i Oslo. Ho har også tidlegare vunne fleire prisar. Les meir her.
 (07/04-06)
Det trengst dansespelemenn på Landskappleiken 2006 på Beitostølen
Arrangørane av Landskappleiken vil at det skal bli eit svært godt og allsidig dansetilbod på Landskappleiken i år, betre enn før om åra. Men for å få det til trengst det spelemenn. Det etterlyser dei no. Les meir her.
 (07/04-06)
15 ivrige medlemer i Selbu Felebyggerlag
Heilt sidan 1998 har 15 ivrige felebyggjarar møtt fram til vekes-samlingar på sløydsalen i Selbu. På desse åra har dei bygt ca 50 instrument, ikkje berre feler, men også nøkklharpe. Les meir her.
 (07/04-06)
God rekkruttering til folkemusikkmiljøet i Valdres
Lokalkappleiken på Åsvang skole i Vang viste at det er mange unge og dugande folkemusikarar i Valdres. Les meir om lokalkappleiken her.
 (07/04-06)
Ivrige og flinke Minidansarar i Søndre Land
Dei unge folkedansarane i Minileiken fekk vise både seg og dansen sin i Kulturveka i Søndre Land. Primus motor for dansarane er instruktøren Marit Hultmann. Les meir her.
 (07/04-06)
Nok ein vellukka sjokoladekappleik i Seljord
Sjokoladekappleik er som kjent namnet på kappleik for barn, der premiane nettopp er skjokolade. I Seljord har dei i fleire år arrangert slike kappleikar, og årets kappleik vart også vellukka. Det var ca 60 deltakarar i alderen 6 til 16 år. Les meir her.
 (07/04-06)
Blir det spelemannslag i Enebakk i Akershus?
Marianne Thomasgård, kjent frå Honndalstausene, og no fiolinlærar på Kulturskolen i Enebakk, vil gjerne starte spelemannslag i bygda, både på fele og hardingfele. Les meir om planane her.
 (07/04-06)
Folkekulturfestivalen til Noregs Ungdomslag satsar stort
Landsstemnet til Noregs Ungdomslag heiter Folkekulturfestivalen, og blir i sumar i Trondheim 6-9 juli. Festivalen tar steg i retning av meir "vanlege" festivalar, med større vekt på konsertar. Både Rådet for Folkemusikk og Folkedans og Norsk Kulturråd gir støtte til festivalen. Les meir her.
 (07/04-06)
Fjorårets Førdefestival gjekk med over ein halv million i underskot
Trass i at det var ein kunstnarleg suksess i fjor, gjekk festivalen med stort underskot. Likevel ikkje større enn at festivalen dekkjer underskotet av eigne oppsparte midlar. Det var ein svikt i billettsalet på 26 %, og den offentlege stønaden var større ennåra før. Men dei satsar friskt og uredd på nytt i 2007. Les meir her.
 (07/04-06)
Programmet for Førdefestivalen er klart
Førdefestivalen har no offentleggjort sumarens program, for festivalen 6- 9 juli 2006. I alt blir det 95 tilskipingar, og det er meir enn nokon gong. Tema for festivalen i år blir Brasil, med sine mange spennande musikkuttrykk, men også med mykje anna, sjølvsagt også norsk folkemusikk. Les om dette i avisa Firda, eller på festivalen sine heimesider der det også er omtale av artistar og grupper.
 (07/04-06)
Nokon som vil instruere folkedans i Røyken?
Frå Jørgen Ove Myrre har vi fått denne etterlysninga: "Leikarringen Huldra i Røyken søker etter instruktør fra høsten 2006.  Interesserte kan kontakte Solveig Narverud på 98428806"
 (07/04-06)
Kurs i torader og pols i Vestoppland Folkemusikklag
Det var på Lygnasæter hotell at laget arrangerte kurs i pols frå Nord-østerdalen og i torader. Les meir om kursa her.
 (06/04-06)
Kulturrådet har gjeve tilskot til ulike folkemusikkprosjekt
Lista over tiltak som Kulturrådet gir stønad til i denne omgangen, er no offentleggjort. Her kan du lese kven som har fått støtte.
 (04/04-06)
Kulturrådet gjev pengar til 3 folkemusikktiltak
Det er tre sentrale folkemusikktiltak som får pengar av Kulturrådet: Bransjetreffet Folkelarm får 150 000 kr, Plateselskapet Talik får 400 000 kr (for 2006 og 2007) og museums og historieformidlingsprosjektet "Bø i Feleland" får 100 000 kr. Talik skal i samarbeid med NRK gje ut på DVD den fine serien på nesten 100 78- plater som NRK i samarbeid med plateselskapet RCA i perioden 1950-70. At desse platene no blir gitt ut på ny er svært gledeleg, og absolutt på høg tid! Les meir her.
 (04/04-06)
Enorm oppslutning om Gamaldanspubben på Nebbenes
Ikkje mindre enn 500 hundre gamaldansentusiastar møtte fram til Steinsgårdskrokens første gamaldanspubb på Nebbenes kafeteeria på Eidsvoll verk. Etter ein innleiande konsert med juniorgruppa i Steinsgårdskroken og Heidal Spellemannslag, baud ti orkester opp til dans frå fleire scener i kafeteriaen på Eidsvoll Verk. Både kafeteriaen og Steinsgårdskroken er sjølvsagt svært godt nøgd med tiltaket. Les meir her.
 (04/04-06)
Andreas Ljones får stort oppslag i Aftenposten
Tysdag 28. mars har Aftenposten eit stort oppslag om platelanseringa til Andreas Ljones Band. Då den nye plate "Lupus Island" skulle presenterast i Oslo inviterte han ikkje pressa som vanleg er, men derimot uteliggarar i Oslo. Ifølgje Aftenposten kom det 2-3 uteliggarar, og det var Ljones tilfreds med. Aftenposten gjev plata terningkast 4 og kallar det "popmusikk litt utenfor allfarvei", og dei skriv at musikken minner om Secret Garden, med element frå nordisk og keltisk musikk. Dei som er med i bandet i tillegg til Ljones er Rune Tylden, Andreas Bratlie og Lasse Weeden. Plata er utgjeven på Grappa.
 (28/03-06)
Aslak Høgetveit er død 94 år gamal
Kvedaren, forteljaren, dansaren og norskdomsmannen Aslak Høgetveit frå Vinje døydde 25. mars. Han har gjennom eit langt liv arbeidd trufast for folkemusikk og dans, for frilyndt ungdomsarbeid og for målarbeidet. Han har vore ein viktig tradisjonsbærar både innan folkeleg song, forteljekunst og dans. Han vart ikkje minst kjent for si plateinnspeling av Draumkvedet for NRK i 1966 - då han sang inn alle dei 52 versa i eit samanhengande opptak. Denne innspelinga  kom også som CD då  Høgetveit fylte 90 år. Høgetveit var utdanna lærar og budde ein del år i Oslo.
 (28/03-06)
Den svenske gruppa Ranarim får svært positiv omtale
I Sverike finst det mange gode folkemusikkgrupper. Ranarim er ei av dei som har merka seg ut i det siste, ikkje minst pga dei to dugande songarane Ulrika Bodén og Sofia Sandén.  Les meir her.
 (25/03-06)
Fleire folkemusikarar får støtte av UD til konsertar utanlands
Mellom dei som får stønad er prosjektet Rosa i Botnen, som skal på turne til Island. Norsk Folkemusikkformidling får også stønad til Womex 2006 the World Music Expo, Spania. Også hallingdansaren Hallgrim Hansegård får stønad. Sjå heile lista her.
 (25/03-06)
Landskappleik-nemnda på Geilo allereide i gang med arbeidet
Landskappleiken i 2007 blir på Geilo, og arbeidet er allereide i gang. Kappleikgeneral blir Øyvind Kvile som har Svein Inge Øen og Gro Aalust med seg i hovudnemnda. Alle tre har vore med og arrangert Landskappleik før. Geilo har hatt arrangementet to gonger tidlegare, i 1969 og i 1986. Ål spel og dansarlag var arrangør i 1997. Les meir her.
 (25/03-06)
Kongepokalen i eldre folkemusikkinstrument på Landskappleiken
I år er Kongepokalen sett opp i klassene fløyte, munnharpe, langeleik og andre eldre folkemusikkinstrument. Den som får høgst poeng i desse klasene får pokalen. Meir her.
 (25/03-06)
Mållaget Dag i Skien feirar 100 år med stort kalas
Det blir eit framifrå program laurdag 25/3 når mållaget Dag i skien feirar 100 år i Ibsenhuset. Mange gilde artistar er i sving: Mellom dei denunge dugande kvedaren
Ingebjørg Harman Bratland  og læraren hennar Ellen B. Nordstoga. Geir Lystrup, Knut Buen og programleiaren Olav Sem er også med fortel leiaren i mållaget Svanhild Haugen til Varden.
 (25/03-06)
Trekkspelaren Åge Sogn feier 30 års jubileum med CD
Åge Sogn frå Dokka markerer 30 år som trekkspelartist ved å gje ut CD. Han vonar CD'en skal vere klar til Titanofestivalen til sumaren. Tittelen blir truleg "30 år i takt med godfoten". Les her.
 (25/03-06)
Jørn Hilme stemnet og Førdefestivalen vert TV-serie
Med sendestart frå 13. juli vil NRK TV kvar torsdag sende ein serie med opptak frå norske festivalar. Dei festivalane som er plukka ut er Molde-jazz, Øya-festivalen, Quart-festivalen, Førdefestivalen, Bluesfestivalen på Notodden – og Jørn Hilme-stemnet. Les meir her.
 (25/03-06)
Det blir bok om toraderspelemannen Oddemann Haugen
Det er journalist Medan Øystein Molstad Andresen som skriv boka om den legendariske originalen og toraderspelemannen Oddemann Haugen frå Kleivi i Hallingdal. Les meir her.
 (25/03-06)
Norsk bunadleksikon blir presentert på Folkemuseet 14. mai
Det nye bunadleksikonet blir presentert på Norsk Folkemuseum kl 12. den 14. mai. Det blir foredrag ved Bjørn Sverre Hol Haugen og Kari-Anne Pedersen. Demonstrasjon av teknikkar. Visning av Aagot Noss' filmer og omvisning i draktutstillinga. Dansekurs: Lær å danse halling! Meir her.
 (24/03-06)
Tilskop /Stipend frå Norsk Folkemusikks fond 2006?
Dette fondet deler ut tilskot/stipend til dei som arbeider med våre eldste folkemusikkformer og danseformer, eller gjev ut verdfull folkemusikk. Det er no på tide å søkje! Søknadsfrist 15. mai. Meir her.
 (24/03-06)
"Østerdalens rumba" av Sverre Halbakken
Vi har hatt gleda av å sjå gjennom den CD'en som Sverre Halbakken laga for ca 2 år sidan, om arbeidet sitt med å leite fram og dokumentere gamalpolsen i Østerdalen. I tillegg til eit informativt hefte inneheld CD'en ein kort biografi om Sverre Halbakken, ei reise gjennom arbeidet med polsdansen, og mest viktig autentiske smalfilmopptak som Halbakken rakk å gjere før dei gamle som hadde opplevt den tradisjonelle dansen vart borte. Gamlepolsen har ei spesiell synkopert rytme, og var ifylgje Halbakken den mest brukte dansen i Østerdalen frå 1500-talet og fram til ca 1850, då han gradvis vart fortrengt av nyare dansar som vals og masurka. Denne CD'en representerer avslutninga på det store arbeidet som Halbakken har lagt ned, og der det før har kome ut både CD og bok "Så surr da kjerring". Halbakken har i dette arbeidet stått i opposisjon til mange før han som har hatt andre synspunkt enn han på polsdansen med den korte trearen. Men det grundige arbeidet hans og utviklinga i seinare år har vel vist at Halbakken har vore på rett spor.
 (20/03-06)
Opphavsrett til folkemusikken?
Jan Lothe Eriksen, dagleg leiar i Norsk Folkemusikk- og Danselag kjem med eit lengre innlegg i ordskiftet om denne saka. For ei tid sidan tok Frode Rolandsgard og Jorun Marie Kvernberg opp denne saka og fekk svar frå styreleiaren i TONO Håkon Berge. Eriksen fortel mellom anna at NFD vil innføre eit norsk lovverk for folkemusikken. Les innlegget hans her.
 (19/03-06)
Kurs for dei som vil starte eige plate-selskap?
Gramart arrangerer slikt kurs i Oslo 21. mars kl 14-22. Les meir her.
 (19/03-06)
Meir folkemusikk frå Buskerud på CD og DVD
Folkemusikksenteret i Buskerud står på for å presentere folkemusikken i fylket i serien "Buskerudtonar med tradisjonar". No kjem den 3. CD'en med tradisjonsmusikk, og den vert presentert laurdag 25. mars under Buskerudkappleiken i Veggli. Dei to første CD'ane kom i 1991 og 1992. Samtidig med CD 3 kjem nr 1 og 2 i nye opplag. Til saman er det 3,5 timar med fin musikk. Dessutan kjem det eit stort hefte om folkemusikken og dansen generelt og i Buskerud spesielt. I tillegg kjem det ein DVD der opplysningane frå alle tre platene, om utøvarane, om kvart kutt, tekstar på songar og heile teksthefte, digitalisert, lagt inn. Meir her.
 (19/03-06)
Gamaldanspubb på Nebbenes på Romerike
Det blir dans på to golv laurdag 25. mars når det for første gong vert arrangert folkedanspøbb på Nebbenes på Romerike. Stensgårdskroken står bak tilskipinga. Les her.
 (18/03-06)
I Gjøvik Spelemannslag bygga dei instrumenta sine sjølve
Det fekk vi sjå på Norge Rundt på TV, og det fortel dei om også i nettavisa si i NRK.
 (18/03-06)
Det blir omfattande Strunkeveko også i år i Valdres
Det er eit breitt tilbod både innanfor musikk og dans for dei unge som vil lære meir folkemusikk. Og som vanleg er det ei lang rad dugande lærarar. I år blir det også råd å lære Folkedansteater. Sjå meir her.
 (18/03-06)
Telemarkfestivalen satsar på tradisjonsmusikken
Festivalen hadde programslepp på sjølvaste Grand Hotell i Oslo. Mellom musikarane dette året blir Sven Nyhus, Jon Elling Buen Garnås og Gjermund Larsen. Sistnemnde skal ha eit av tingingsverka på festivalen.
Dei planlegg å bruke 630 000 på artisthonorar i år. Les meir her.
 (18/03-06)
Bitustøyl vil ha anna organisering av folkemusikk-Noreg
Delar av det siste nummeret av Spelemannsbladet er lagt på Internett. Bitustøyl skriv i leiaren at dei to organisasjonane no sitt vegg i vegg i Oslo, men samarbeider ikkje så godt på alle område. Han vil heller at vi har ein god hatt enn to fillehattar. Les meir her.
 (18/03-06)
Politikarar i Oslo var på 6 konsertar på 4 timar
Mellom konsertane var den med Per Anders Buen Garnås på Fabrikken. Det er gruppene bak Samstemt som tok initiativet til tiltaket. Les her.
 (18/03-06)
300 på dansekveld i  Kolbotn dansa både gamaldans og anndre ting
Det var svært stor oppslutnad om dansekvelden i Oppegård utafor Oslo. Kolbotn trekkspillklubb, Vika Band og The Beems sytte for musikken. Les her.
 (18/03-06)
Kathleen Brevik i Ås både spelar feler og byggjer feler
Ho spelar både violin og hardingfele og bygg feler den driftige dama i Ås. Ho er drivkrafta bak gruppene Follo Gammeldansensemble og Såner Salongorkester. Les om henne her.
 (18/03-06)
Distriktsmeisterskapet på trekkspel for Hedemark og Oppland
Meisterskapet vart avvikla i Østre Toten, og det kunne godt ha vore fleire med. Les her.
 (18/03-06)
650 000 vil gjerne høyre folkemusikk/gamaldansmusikk på radio
Nationen fortel om ei meiningsmåling der folk er spurt om kva type musikk dei helst vil høyre på radio. Sjølv om dei fleste naturleg nok ville høyre pop, så var det likevel mange som ville høyre folkemusikk/gamaldans - litt mindre enn jazz. Les her.
 (18/03-06)
Glade gamaldanstonar på Trollvann i Oslo
Kvar tirsdag spelar Trollvann-gjengen gamaldans og anna feiande musikk for turfolket på Trollvannstua i Oslo. Les her.
 (18/03-06)
Vellukka Folkefest i Fensal i Bergen
Gruppa Rimfaks med Gabriel Filflet i spissen feira 30 år, og det var også mange andre artistar på Folkefesten. Les her.
 (18/03-06)
Etnisk Musikklubb med nettsal feirer 10 år
Leiaren Arne Fredriksen har i samband med dette blit intervjua av Laagendalsposten, og her kan du lese intervjuet.
 (18/03-06)
Møte i Oslo om Schou-kvartalet som Oslos kultur-bryggeri
Det var mange som hadde møtt fram på møtet der planar dor det nye senteret vart drøfta, mellom dei kulturminister Trond Giske. Les meir her.
 (18/03-06)
Mange unge med på kappleiken i Hornindal
I lange tider har det vore dreve eit godt rekrutteringsarbeid for både felespel og vokal folkemusikk i Hornindal. Vi hugsar Honndalsjentene som debuterte for 30 år sidan. På den vokale sida er det ikkje minst Oline Løvlid som har lagt ned eit stort arbeid mellom dei unge. Les meir her.  Her finn du mange bilete og resultatliste.
 (18/03-06)
Kvar kjem nemninga "halling" frå? Sverre Halbakken meiner han har svaret
Dansen Halling har truleg ikkje fått namnet sitt frå Hallingdal. Det synest mange å vere samde om. Og ifølgje Sverre Halbakken er det ingen som har nokon god teori for opphavet til namnet. Men nå meiner han å ha funne ei forklaring som skal bli vanskeleg å tilbakevise. Halbakken viser til Riksmålsorboka der det står om halling: "Hallingdans i todelt takt, utviklet i Hallingdal som en spesiell form av polskdans". Han skriv vidare at "Polskdansen kom fra kontinentet til de dansk-norske bygder som en todelt danseform på 15-1600-tallet. Den hadde fordans i todelt takt og etterdans i tredelt takt. Det må da være fordansen hallingforma er utviklet fra." Og så kjem sjølve forklaringa på ordet halling: "Den første av de to dansedelene, etter ovenstående alderdommelige ordbruk oppfattet som halvingen av dansen, vart i dagligtale til hallingen. Og det var jo den muntlige overleveringa som dominerte i gamletida. At denne jordbundne sammenhengen til navnet halling omsider gikk i glemmeboka, gir en logisk forklaring på at den senere uten nærmere refleksjoner vart knyttet til Hallingdal." Så spørst det om nokon har ei anna forklaring?
 (14/03-06)
MOMEX 2006 er i Sevilla i Spania 25-29 oktober
Denne messa er den største på verdsbasis innan folkemusikk, verdsmusikk, etnisk musikk etc. Her kan også norske grupper/spelemenn melde seg på "showcase" for å vise seg fram for eit stort publikum av "innkjøparar". Messa er også på mange måtar eit forbilete for vår norske "
Folkelarm" som vart skipa til for første gong i oktober 2005. Mes meir her.
  (11/03-06)
Etnisk musikklubb feiar 10 år med ny nettside
Etnisk Musikklubb med dagleg leiar Arne Fredriksen feirar 10 års jubileum som plateklubb for etnisk musikk med ny heimeside: http://www.etniskmusikklubb.no/. Musikklubben sel plater frå heile verda, og har i det siste også byrja med plateselskap, og har gjeve ut fleire gode produksjonar. Les om det her.
 (11/03-06)
Lene Grenaker - cellist og komponist - med ny CD
CD'en er i stor mon basert på element frå folkemusikken. Les meir om komponisten og verket her.
 (11/03-06)
Vellukka distriktsmeisterskap på trekkspel i Halden
Halden Trekkspillklubb stod for det vellukka arrangementet. Her kan du sjå mange bilete og resultat frå konkurransen.
 (11/03-06)
Amerikanaren Mike Seegler til Telemarksfestivalen
Styreleiar Heidi Christoffersen og dagleg leder Annette Winkelmann i Telemarkfestivalen fortel til avisa Varden at dei i år meir satsar på seniorane, medan det i fjor var fokus på "juniorane". Mellom dei som kjem til sumarens festival er Mike Seegler - som er ein av dei store i amerikansk "old time music". Les meir her.
 (11/03-06)
Styreleiar i TONO Håkon Berge: Vi tar folkemusikken på alvor.
I eit svar på Kvernberg og Rolandsgård sin kritikk av TONO (sjå nedanfor), skriv styreleiaren i TONO Håkon Berge at TONO tar folkemusikken på alvor, og behandlar musikk av folkemusikarar på same måte som all anna musikk. Berge skriv at å ynskje kompensasjon for musikk som er eldre enn 70 år, ikkje har noko med TONO å gjere, det er eit politisk spørsmål og krev lovendringar. At også folkemusikarar krev meir i kompensasjon for musikk som blir spela, og som er innmeldt i TONO, forstår han godt, og er enig i. Berge er elles i tvil om kor lurt det er å endre statusen for "ikkje verna" folkemusikk. Elles fortel Berge at Landslaget for Spelemenn betaler ca. kr. 46.000 pr år for konsertar arrangert av medlemmene. Trass i at medlemmene ikkje er svært gode til å rapportere konsertprogramma, vart det for 2004 avrekna  kr. 54.500, altså ca kr. 8500 meir enn det som blei innbetalt. Han skriv også at det er mange som trur at TONO har noko med kompensasjon for utøvarar å gjere, men TONO forvaltar berre rettane til komponistar.  Les heile Berges svar her.
 (10/03-06)
Kvernberg og Rolandsgård kritiske til TONO
Jorun Marie Kvernberg og Frode Rolandsgård i Landslaget for Spelemenn synest at folkemusikarane får for lite betalt gjennom TONO-systemet for folkemusikk dei lagar eller arrangerer og for musikk dei spelar. Dei to synest TONO har ei nedlatande haldning til dei små sjangrane av musikklivet. I medlemsbladet til TONO står det: "Ja, selv spelemenn, munnspillere og countryfans har sitt eget forbund". Og dette synest dei viser at TONO marginaliserer desse sjangrane. Les meir her.
 (10/03-06)
Lene Furuli tar over i Norsk Folkemusikkformidling frå 1. august
Lene Furuli tar over 60% stillinga i Norsk Folkemusikkformidling. Ho er no tilsett som arrangementssjef for Førde Festivalen, men vil gjerne sette kursen autover, jenta som kjem frå Sarpsborg. Ho har brei røynsle frå det norske og internasjonale folkekultur-feltet gjennom Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar og ikkje minst Førdefestivalen. Nff har bygd opp eit viktig kontaktnett som ho gjerne vil  samarbeide nært med,  mellom anna på Music Export Norway, Norsk Musikkinformasjon, Utanriksdepartementet og Rikskonsertane. Elles ønskjer ho naturleg nok å ha nær kontakt med dei andre folkemusikkorganisasjonane, og håper ein kan få til eit samarbeid om utanlandske kontaktar til Folkelarm. Les meir her.
 (10/03-06)
Andreas Ljones Band kjem med sin første CD
Den nye CD'en heiter ”Lupus Island”. Andreas Ljones bur og arbeider i London og har det siste året turnert verda rund med sitt band. Dei som er med i gruppa er Andreas Ljones, fele, Rune Tylden, synth, orgel og samples, Andreas Bratlie, trommer og perkusjon, Lasse Weeden, bass. Meir om bandet finn du her.
 (09/03-06)
"Snu Nordvest" arbeider fram mot ei forestilling
Prosjektet "Snu Nordvest" som er namnet på "Bygda dansar" i Møre og Romsdal, skal til sumaren vise ei framstilling som eit synleg resultat av det prosjektet som er i gang. Til helga skal dei ha ei ny samling i Hjatåbygda nær Vold der innpå 40 ungdomar skal møtest til hardt arbeid og mykje dans. Ungdomane kjem frå Tingvoll, Ålesund, Sykkylven, Molde, Vestnes, Herøy, Vatne, Volda og Ørsta. I den komande forestillinga er musikarane Jonas Hoksnes (Nordmøre), og Ingunn Linge Valdal (Sunnmøre) med i tillegg til Britt Elise Skram er musikalsk leiar. Sigurd Aae Klausen og Kjell Klausen har ansvaret for den første forestillinga. På samlinga får dei også vitjing av den dansande svensken Jan-Olof Johansson som reiser norden rundt i ei campingvogn på ein lastebil for å lære seg ulike folkedansar.
 (09/03-06)
CD med Kristian P. Åsmundstad blir presentert tysdag 7. mars
Kristian P. Åsmundstad (1885-1976) er ei av dei aller beste kjeldene for vokal folkemusikk i Gudbrandsdalen, ikkje minst fordi NRK gjorde ca 100 kutt med han, både før krigen og på 1950-talet. Den nye CD'en heiter "
Å syngje gåmålt - vokal folkemusikk frå Gudbrandsdalen", og det er Camilla Granlien, plateselskapet Talik og NRK som står bak prosjektet. På CD'en er det med 37 av opptaka som Åsmundstad gjorde i NRK. Åsmundstad var lærar, lokalpolitikar, målmann, klokkar og kyrkjesongar. Han song alt - salmar, bånsullar, stev, skillingsviser og balladar, det meste av stoffet var frå Kvikne der han voks opp.  CD'en blir presentert på eit historielagsmøte på Tromsvang på Fåvang. Der vil mellom andre sonen Per Åsmundstad fortelje om faren.  Les meir her.
 (06/03-06)
Det blir fin Kulturfestival i Trondheim 6-9 juli 2006
Nationen har skreve ein 2 siders reportasje om den kommande festivalen, som går føre seg i Trondheim 110 år etter at Noregs Ungdomslag vart stifta i denne byen. Og det ser ut til å bli ei storfeldt møstring, der dei vonar det skal kome 2000 deltakarar, og det er langt meir enn det har vore dei siste åra. I fjor var Kulturfestivalen (NU sitt Landsstemne) i Kirkenes, og før det var stemnet 3 år på Beitostølen. På NU sine heimesider kan du lese heile artikkelen i Nationen.
 (04/03-06)
Randi Skeide tok turen til Målselv på ei SBA-samling
Nettverksgruppa for folkedansinteresserte i Nord-Noreg "Sinnsykt Bra Alternativ" har på eit år fått 42 medlemer, og på siste samlinga kom også leiaren i Landslaget for Spelemenn Randi Skeide på vitjing. Les meir om den vellukka gruppa her.
 (04/03-06)
Folkemusikken og folkedansen i Hjämtland på frammarsj
Frå Sverike hører vi fleire rapportar om at både folkemusikken og danse er inne i ei god utvikling. Les meir om det frå Hjämtland.
 (04/03-06)
Leif Rygg vel motteken med si hardingfele på festival i Sverike
Vanåstämman var det mykje fin folemusikk nyleg, og Leif Rygg frå Voss var mellom dei fine aktørane. Les meir her.
 (04/03-06)
Rättvikdansen folkelore festival på veg oppover.
Dansen er blitt meir populær, no dansar også dei unge, blir det meldt frå Rättvik. Denne 32 år gamle festivalen meiner dei er på veg fraover, og at den allmenne dansefeberen i landet også smittar over på folkedansen. Les meir her.
 (04/03-06)
Musikaren Gabriel Fiflet i Bergen treng ikkje lenger spele frå rullestolen
Den allsidige folkemusikaren frå Bergen har i mange år måtte bruke rullestol pga ein sjukdom han har. Men i det siste har han fått nye medisinar som gjer at han kan gå att. Les meir om denne gledelege soga i Bergens Tidende.
 (04/03-06)
Denne våren blir det folkemusikk i Hønefoss
På heimesida til Per-Erik Berge, journalist og musikar, les vi at det i vår blir folkemusikk å høyre i Hønefoss. 9. mars kjem gruppa Dalimellom (Erland Joplassen, hardingfele, Jørn Hansen, trekkspill, Thorleif Westby, trekkspill, Kjell Arild Tangen, gitar og Geir Aspheim, bass) og den 6. april kjem Christian Borlaug frå Ringerike og Britt Pernille Frøholm og spelar. Kulturist Hallgrim Berg kjem også. Også Annbjørg Lien skal opptre på det gamle fengselet i byen. Fengselet er ombygd til ein fin kultursal. Les her.
 (04/03-05)
Folkemusikk og dans i sterk kulde på Martna'n i Levanger
Marsimartnan i Levanger vart gjennomført i fin stil sjølv om det vart i kaldaste laget. Men Levanger spelemannslag stod på, og det gjorde ogs seniordansen i byen, for å nemne nokre. Les meir her.
 (04/03-06)
Amerikanske studentar skal lære folkemusikk i Valle?
Høgskolen i Agder vil gje tilbod til amerikanske studentar om å lære norsk folkekunst (folkemusikk, dans, sylvsmedarbeid etc) på eit månadskurs i Valle i Setesdal. Dei prøvde å få til eit kurs i fjor, men då var prisen for høg og det vart for få deltakarar. Dei vil prøve på nytt i år med lågare prisar. Meir her.
 (04/03-06)
Norsk Folkemuseums dansegruppe lærte setesdalsgangar i Rysstad
Dansegruppa var på tur til Setesdal for å lære gangar frå Dalen.
Jon. K.Rysstad var danselærar og Sigurd Brokke spela til. Les meir her.
 (04/03-06)
Trekkspelmusikk på fin gamal årgang i Oppdal
På Cafe'n på Auna i Oppdal fekk mange høyre trekkspelmusikk på trekkspel som var laga før 1930. Det var
Jo Fredrik Øiamo, Mette Sønderskov og Jon Halvor Kvamme på trekkspel og Arne Emil Skjørstadmo som stod for den fine musikken. Les meir her.
 (04/03-04)
Folkelarm gav ikkje så mange folkemusikk-oppdrag
Til Nationen seier Frode Rolandsgard at det første Folkelarm ikkje ga så mange speleoppdrag som ein hadde vona. For å endre på dette ved årets Folkelarm har dei inngått samarbeid med Førde Internationale Folkemusikkfestival og med Oslo Word Music Festival. Dei vil ved årets festival prøve å få litt meir plass, og legge noko større vekt på solospel og akustisk spel. Les meir her.
 (04/03-06)
Gild dansekveld i Trøkstadhallen med menge dugande orkester
Den 18. februar var det dansekveld i Trøkstadhallen i Trøkstad/Båstad Trekkspillklubb sin regi. Les meir om festen her.
 (02/03-06)
Nordlands Ungdomsfylking markete 100 år med vellukka dansefest
Nordland Ungdomsfylking (NUF) er fylkesorganisasjonen for ungdomslaga nord for Saltfjellet, og er eit fylkeslag i Noregs Ungdomslag. Først var det årsmøte i fylkeslaget, og så fest, med danseframsyning og dans for alle. Les meir om feiringa her.
 (02/03-06)
Det blir likevel CD med opptak av kvedaren Olav Haugen
På grunn av at NRK vil ta nokså høge prisar for opptak av Olav Haugen, ser det ut til å bli ein CD med Haugen-kveding. Dette fortel Kari Lønnestad ved Folkemusikkarkivet i Bø. Det er tanken at CD'en skal gjevast ut på Buen Kulturverksstad. Knut Buen gjekk for nokre dagar sidan hardt ut mot prispolitikken til NRK. Les meir her.  Frode Rolalndsgård har svara på skuldingane frå Knut Buen om at NRK favoriserer selskapet Talik. Ingvild Marit Buen Garnås synest det har vore storm i vassglas i avisene om denne saka. Les her.
 (02/03-06)
Mange svar på høyringa om riksscene for folkemusdikk og folkedans
Som kjent sendte styringsgruppa ut ei høyring om riksscena, og det er kome inn i alt 21 svar som alle er å finne her på folkemusikk.no. Den same nettstaden melder elles at kultur-departementet meiner at det ikkje er grunnlag for å etablere ei riksscene foreløpig. Kulturminister Giske ynskjer eit møte med dei "berørte  partane" før ein går vidare. Les meir her.
 (02/03-05)
Hege og Terje Nylund med fin konsert i Trysil
Østlendingen kan fortelje at dei to søskena frå Trysil nyleg hadde ein fin cafekonsert i heimbygda. Hege bor i Bærum, og arbeider mykje med vokal folkemusikk, og terje bor i Skien og er instrumentmakar. Les kva avisa skriv om konserten og dei to.
 (02/03-06)
Løvlid, Haltli og Vårdal: Ny CD - Rusk II
Dei tre dugande folkemusikarane har tidlegare gjeve ut ei plate som heiter Rusk, og nå kjem altså Rusk II. Musikken er tradisjonell, men med klare nyskapande element. Lanseringskonsert på Josefine vertshus i Oslo 15.mars. Framleis er musikken i hovudsak basert på musikk frå Solør og Finnskogen, men dei famner breiare og har endå til ein song av Jonny Cash med. Plata har fått gode meldingar, mellom anna i Aftenposten.

 (01/03-06)
Tildelingar frå Musikkverkstadordninga
Det vart gjeve stønad til 490 tiltak av i alt 960 søknader. 10 millionar kroner er fordelt. Av desse gjekk også ein god del til folkemusikk. Sjå oversyn over tildelingane her.
 (28/02-06)
Stønader frå Fond for utøvande kunstnerar
D
et vart på møtet 15. februar 2006 innvilga 121 søknader på til saman kr 2.513.427,- Totalt var det  515 søknader med ein samla søknadssum på kr 22.267.779,- Nokre at tildelingane gjekk til folkemusikarar og grupper. Sjå oversikt her.
 (28/02-06)
Løyvingar: Formidling av folkemusikk/dans frå Rff
Løyvingane i første runde for 2006 ligg no føre. Det er gjeve stønad til 21 ulike tiltak, alle er på under 20000 kr. Oversikta finn du her.
 (28/02-06)
Løyvingar til folkemusikk og folkedans frå Rådet for Folkemusikk og Folkedans
Første runde med løyvingar for 2006 er klare. Summane vareierer frå 5000 kr til 20000 kr, og mange av dei går til Cd-prodduksjonar. Men også mange til kurs av ulike slag og til registrering av tradisjonsmusikk. Oversikta finn du her.
 (28/02-06)
Hege Nylund ny leiar i Norsk Kvedarforum
Norsk Kvedarforum hadde årsmøte på laurdag 11. februar. Hege Nylund vart vald til leiar, Camilla Granlien kasserar, Jarnfrid Kjøk skrivar og ansvarleg for kvedarposten, styremedlemer Jorun Sterten Melhus og Agnes Buen Garnås. Varamedlemer vart Ruth Anne Moen og Ola Grøsland. Til hausten blir det kvedarseminar på Voss med Kjøkemeistertradisjonar som tema, og i 2007 i Målselv med bånsull og joik som tema. Spørsmålet om eit tettare samarbeid med LfS vart drøfta, men  utsett til årsmøtet i 2007. Etter årsmøtet var det konsert med Anne Murstad, Solbjørg Tveiten og Åshild Vetrhus som alle hadde vore med i det gamle styret i forumet.
 (13/02-06)
Damene i Bel Canto syng folkemusikk
Bel Canto og dirigenten Kjetil Ertresvåg driv til vanleg med klassisk musikk, men har siste tida arbeidd med stoff av Henning Sommerro og Falkberget i verket "Vindens hjul". Dei skal ha konsert i Sandefjord. Les meir her
 (12/02-06)
Grand Prix-stoff i Folkemusikkhalvtimen søandag 12. februar
Det er ikkje kvar veke det er Grand Prix-stoff i Folkemusikkhalvtimen. Bakgrunnen er at ei dugande hardingfelespelar frå Hallingdal skal til finalen i Hellas med hardingfela si. I same folkemusikktimen får vi også høyre opptak med Unni Løvlid som har hatt musikalske møte med kinesiske folkemusikarar.
 (11/02-05)
Tom Willy Rustad er ukas P2-artist i NRK i neste veke
Tom Willy Rustad er ein allsidig folkemusikar som kanskje er best kjent som torader-spelemann. Han er kjent som spelemann i gruppa "Kvarts" og har nyleg utgjeve CD. Han har i mange år vore lærar på institusjonar som driv opplæring i folkemusikk, og arbeider no ved Musikkhøgskolen. Han lærte å spele av bestefaren og faren og voks opp på Tveita i Oslo. Medan han studerte på Musikkhøgskolen (klassisk gitar) fekk han smaken på folkemusikk på Ole Bull Akademiet på Voss, og han vart den første som tok hovudfag med torader som hovudinstrument. Les meir her.
 (11/02-06)
Ole Bull Akademiet startar vidaregåande kurs "Tradisjonsmusikk II"
Kurset er ei vidareføring av "Tradisjonsmusikk I" som er namnet på den tradisjonelle Spelemannsskulen og kvedarskulen. Studiet varer 2 år. Det er eit samarbeid med Griegakademiet ved Universitetet i Bergen, og det meste av tida vil studentane opphalde seg der. Ein vil legge vekt på samspel og arrangering, og elevane vil møte lærarar som som Ale Møller, Einar Mjølsnes, Steinar Ofsdal og Elisabeth Vannebo. Søknadsfristen er 20. mars, og dei som søkjer må ha kunnskapar tilsvarande Tradisjonsmusikk I. Les meir her.
 (11/02-06)
Knut Buen med svært hardt angrep på NRK
Spelemannen og plateprodusenten Knut Buen går i Telemark Arbeiderblad til sterkt angrep på NRK for den politikken dei fører overfor dei som vil utgje musikk frå NRK sitt arkiv. Han og Folkemusikkarkivet i Bø skulle utgje CD med kvedaren Olav Haugen (80), og for det skulle dei betale kr 1000 per minutt. Dette er mykje meir enn tidlegare. Prisen var det eine Buen er sint for, det andre er at NRK har inngått avtale med selskapet Talik som er det NRK i første rekkje vil samarbeide med når dei utgjir folkemusikk frå sitt arkiv. Han seier vidare: "På meg virker det som om en småkorrupt innstilling går igjen, der folk som kjenner hverandre gir hverandre fordeler, for eksempel ved å komme på fjernsyn eller ordne seg kommersielle avtaler." NRK svarar at det stemmer at dei har inngått samarbeidsavtale med NRK og at prisen for å gje frå seg opptak har gått opp. Les heile artikkelen her.
  (11/02-06)
Kyrkjekonsert og Finnskogspols i Groruddalen i Oslo
I helga var det konsert i Stovner Kirke der Stian Aase, Ingunn Bjørgo, Tangokvartetten og Harestukoret deltok. Arrangørar var Stovner menighet og Norske Trekkspilleres Landsforbund. Her finn du reportasje og mange bilete frå konserten.
 (09/02-06)
Vellukka Trøndelagskappleik i Levanger
I helga var det kappleik i Levanger med ca 150 deltakarar og godt fullt i salen. Levanger Spellmannslag hadde ansvaret for kappleiken. Les meir her
 (09/02-06)
Vellukka dansesamlingar i Bergen i NU-regi
Det var to ulike samlingar i helga som var i Beergen. Eine samlinga var for røynde instruktørar som skulle får påfyll og kveik i arbeidet som instruktørar i folkedans. Her var det vel 30 deltakarar. I tilegg var det samling for unge folkedansarar som skal lage ei framsyning som skal visat på Folkekulturfestivalen i NU i Trondheim til sumaren. Bergens Tidende hadde ein to siders reportasje frå samlingane. Her kan du lese det som står på nettutgåva deira.
 (09/02-05)
Vellukka gamaldansarrangement i Hattfjelldal
Det var ca 100 gamaldansentusiastar, av dei 25 musikarar, som møttest til trivelg musikk og dans på Børgefjell vertshus. Det var 5 ulke orkester som spela denne kvelden. Dette blir nok ikkje siste gong med gamaldans her, seier Mirjam Holta ved Børgefjell vertshus. Meir her.
 (09/02-06)
Nytt spennande samarbeid mellom scenedans og folkedans i Oslo sist helg
Helga 3-5 februar møttest koreografar og dansarar (scenedansarar og folkedansarar) til praktisk samarbeid kalla "Samdans". Koreografane var
Leif Hernes frå Dansdesign, og Sigurd Aae Klausen, kjent mellom anna frå Haugtussa. Dansarane var Bjørnar Slåtten, Live Karin Liaskar, Stian Roland, Åsta Urdal, Sigurd Johan Heide, Inger Marlene Glette, Lone Torvik, Marianne Haugli, Kristina Soetorp, Hallgrim Hansegård, Solveig Hårdnes og Haldis Folkedal. Spelemenn var Arne Sølvberg og Bjarne Kvinsland. Personane bak ideen er Ola E. Bø, Johan Einar Bjerkrem og Egil Bakka. Tanken er å søkje om pengar til å føre arbeidet vidare, og det vil kome ein rapport frå "Samdans". Etterpå vart det diskusjon på grunnlag av det som skjedde der mellom andre desse var med: Martin Myhr, Mette Brantzeg, Dagfinn Krogsrud, Lene Furuli, Halldis Hoaas, Gunhild Berge Stang, Else Braseth og Randi Skeie. Videodanskunstneren Torill Haugen var til stades deler av helga og dokumenterte. Kanskje kjem det ein kortfilm. Truleg vil  Dansdesign  bruke en del av prosjektresultatene vidare. 
   (06/02-06)
Fylkesmusikarane vestpå går ombord på Hardangerjakt!
I Hordaland og Sogn og Fjordane har fylkesmusikarane gått saman om eit spennande prosjekt der dei nyttar den gamaleHardangerjakta M/J Mathilde som flytande scene. Ho skal besøke mange stader i dei to fylka frå 12. mars til 1. april. Dei 11 dirstriktsmusikarane har sett saman tre ulike program: "På friarferd til fjorden", "Med havdur i øyret" og "På gyngande grunn" som skal gå kvar si veke om på på jekta. Les pressemeldinga om prosjektet her.
 (06/02-06)
Leif Stinnerbom med folkelivsskildring også på Riksteateret
Leif Stinnerbom har hatt suksess med mange oppsettingar i Noreg der folkemusikk og folkedans har vore sentrale element - til dømes Tryllefløyta på Den norske Opera føre jul. No har han sett opp ei førestilling for Riksteateret der "folkemusikken" er komponert av Magnus Stinnerbom i Harv. leif Stinnerbom har også ansvaret for manus etter ein roman av Strindberg. Stykker vil bli å sjå mange stader i landet. Les meir om det her.
 (06/02-06)
Hardingfele og norsk tekst til Grand Prix i Athen
Laurdag var det finale i tevlinga om å bli norsk representant i den Europeiske finalen i Athen 20. mai. Det var berre ein av artistane som song på norsk - 20 år gamle Christine Guldbrandsen frå Bergen med songen "Alvedansen". Ho hadde tonefylgje på hardingfele, og det var den unge Thea Tunås Bratteng som spela. Også Jørn Simenstad spela bukkehorn i ein liten duett med hardingfela. Av årets finalelåtar var det berre 2 som var laga av nordmenn, og det var dei to som kom på første og andre plass.
 (05/02-06)
Veronica Akselsen kom også til den norske Grand Prix-finalen
Veronica Akselsen (19) er dotter av den syngande predikanten Elias Akselsen, som har vunne seg ein brei plass i folkemusikken i seinare år. Ho syntest det var ein stor siger i seg sjølv å kome til den norske finalen.
 (05/02-06)
Det samiske bandet Adjagas på turne i heile landet
I heile februar og mars reiser dei på turne med Rikskonsertane. Bandet består av Sara Marielle Gaup, Lawra Somby (vokal),  Juhani Silvola og Pål Fagerheim på gitarer, og Timo Silvala på perkusjon. Dei var med på by:Larm-stuntet på Prekestolen i 2005, har gjeve ut CD i 2005 og har vore på konsertar i inn og utland. Les meir her.
 (04/02-06)
Hallgrim Hansegård gjekk i kkje vidare i "Dansefeber"
Hallingdansaren og valdrisen Hallgrim Hansegård kom med frå prøvedansingane, men i tevlinga sist måndag vart han utslegen. Grunnen skal vere, skriv "www.folkemusikk.no"  at han trakka dansepartnaren på foten slik at ho måtte tape han, og det er sjølvsagt ikkje bra! Les elles kva Anette Remme i Romrikes Blad meiner om Dansefeber og om norsk kultur.
 (04/02-06)
"Samstemt" med prioriteringar til Statsbudsjettet for 2007
Samstemt er eit samarbeid mellom Fono, Norgesnettet, NFD, Norsk jazzforum, Norsk Rockforbund og LfS. Dei har i eit par år nå samordna sine krav til staten om pengar over statsbudsjettet.Nyleg var dei på møte med Kulturkomiteen på Stortinget der dei presenterte reviderte krav. Les meir her.
 (03/02-06)
Heidi Christoffersen (38) ny leiar for Telemarksfestivalen
Ho etterfylgjer Ingebjørg Bø som har site som leiar i 2 år. Med i styret er
Hilde Pedersen, Ailin Aastvedt, Hans Jacob Sand, Birthe Slåtta Riis, Ole Kveseth Berge og Harald B. Knutsen. Fjorårets festival gjekk med 30 000 kr i overskot. Neste festival blir 20-23 juli. Programmet for festivalen kjem i byrjinga av mars. Meir her.
 (03/02-06)
Andreas  Ljones usamd med redaktør Kjell Bitustøyl
I siste nr av Spelemannsbladet meiner redaktøren at LfS og NFD med fordel kunne ha vore ein organisasjon mellom anna for å stå sterkare i marknadsføringa mot utlandet. Ljones, som har ein stor del av sitt publikum utanlands, og som også spelar i Majorstuen, meiner at to hovud tenkje betre enn eitt. Men han seier også at dei to organisasjonane kunne hatt klårare definerte oppgåver. Les meir her.
 (03/02-06)
Vegard Storbråten Øye (14) hadde 80 spelemannsjobbar i fjor på torader
Den dugande unge toraderspelemannen frå Råholt i Eidsvoll hadde mange store og små speleoppdrag. Han spela mellom anna for dei kongelege då Wergelands hus opna i Eidsvoll, og han spela på Sommeråpent i TV. Les meir her.
 (03/02-06)
På Vinterkappleiken i Rauland vart Jan Beitohaugen Granli best
Både Jan Beitohaugen Granli og Per Anders Buen Garnås hadde to napp i felebogen laga av  Nils Røine, men det vart Granli som to tredje nappet berre eit poeng føre Garnås: Elles var det stor deltaking på kappleiken - over 70 personar hadde meldt seg på. Best i vokal folkemusikk vart Gunnhild Tømmerås frå Kristiansand spelemannslag. Les meir her.
 (03/02-06)
Samben vil stå sentralt på årets Førde-festival
På den 17. Førde-festivalen blir det karnevalsstemning når 5 ulike orkester frå Brasil kjem på vitjing. Det vert også irsk musikk med ein snev av Balkan-rytmer. Det endelege programmet blir lagt ut i slutten av mars. Sjå her.
 (03/02-06)
Brit Versland, Flekkefjord, fylte 60 år 14. januar
Brit Versland har vore ein av dei sentrale personane i norsk folkedans dei siste 10-åra. Ho har i mange år vore leiar for Vest-Agder Ungdomslag og har vore danseinstruktør på mange kurs og lag. Saman med Egil Bakka og Dag Vårdal har ho gjeve ut fleire bøker om norsk folkedans, særleg dans frå Agder-fylka.
 (02/02-06)
CD'en "Rosa i botnen" ny CD/DVD med dei eldste hardingfelene i landet
Det er Knut Hamre, Benedicte Maurseth, Nils Økland og Sigbjørn Apeland som deltar på lanseringskonsertane som er i Bergen søndag 5. februar, i Utne måndag 6. februar og i Oslo tysdag 7. februar. Dei spelar for første gong på dei eldste hardingfelene i landet, frå tidsrommet 1651-1751 - feler av Ole Jonsen Jaastad og Isak og Trond Botnen. Les i Nationen.
 (31/01-06)
Susanne Lundeng sa "unnskyld" i kirka i Saltdal
Susanne Lundeng band spela i kyrkja i Saltdal, og det vart til tider heftig musikk med kraftig trommesolo. Så heftig at ho sa "unnskyld" til kyrkja, og publikum sette stor pris på musikken dei fekk oppleve. Les meir her.
 (31/01-06)
Landskappleikarrangørane treng 500 frivillige
På Landskappleiken på Beitostølen er det venta 5000-6000 deltakarar og publikum. Og arrangøren treng 500 frivillige, og etterlyser no namn så dei kan byrje å setje opp vaktlister. Men det er inga krise, vert det understreka - det er lenge att til sumaren! Les meir her.
 (31/01-06)
Instituttstyrar ved Raulandakademiet Bodil Akselvoll sint på Camilla Granlien
Konserten med Camilla Granlien Band under Vinterkappleiken måtte avlysast, og det har blitt sterkt kritisert av Bodil Akselvoll i Telemarksavisa. Skandaløs oppførsel, seier ho til avisa. No tar kvedarkollega
Ingvill Marit Buen Garnås til motmæle og kallar Bodil Akselvoll sin oppførsel for skandaløs. Camilla Granlien er på turne med "Peer Gynt", og hadde fått lovnad om fri til å gjennomføre konserten på Rauland, men så fekk ho ikkje fri likevel. Les her kva Ingvill Marit Buen Garnås skriv om dette.
 (31/01-06)
Spelemannsbladet nr 1/2006 kan du delvis lese på Internett.
Delar av bladet, mellom anna leiaren til Kjell Bitusteøyl, finn du på Internett her. Han skriv mellom anna at satsing på utlandet, som mellom andre Unni Løvlid ivrar for, må vere samstemt mellom organisasjonane. han viser også til at det er ei slags semje mollom organisasjonane om riksscena for folkemusikk og folkedans.
 (31/01-06)
CD med Skogum-brørne blir lansert under Folkemusikktreffen
Ein av brørne Skogum, Jacob Skogum, er intervjua i samband med utgivinga, og han fyller 83 år. 
Under CD-lanseringa fredag kveld stiller fem brør Skogum på scena med feler; Jakob, Øyvind, Arne, Einar og Johan. Les meir her.  Les også her.
Les også intervju med Moldestad i Firda.
(31/01-06)
Gamaltnymalt vann Spellemannsprisen for folkemusikk/gamaldans
I klassen Folkemusikk/Gamaldans var det gruppa "Gamaltnymalt" som vann spellemannsprisen med CD'en "Gamaltnymalt". Med i gruppa er Sigrid Moldestad, Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes.
 (29/01-06)
Jan Hellik Lislien ny folkemusikkonsulent i Sigdal
Ved Folkemusikksenteret i Buskerud (Sigdal Museum) er Lislien tilsett som konsulent i 80% stilling. Lislien var ein av dei som tok initiativet då Buskerud Folkemusikklag vart skipa, og var også med då Folkemusikksenteret vart oppretta i Prestfoss. Lislien er nestleiar i Landslaget for Spelemenn, og har tidlegare også hatt deltidsstilling ved Folkemusikksenteret med registrering i musikkarkivet.
 (27/01-06)
Stillinga som Dagleg leiar for Agder Folkemusikkarkiv utlyst
Etter som Harald B. Knutsen sluttar i stillinga, er stillinga no utlyst. Dette er ei stilling i 100%. Søkjarar kan vende seg til Knutsen tlf 37936340 elle styreleiar Anne Tone Hageland tlf 38074565.
 (27/01-06)
Harald B. Knutsen vert prosjektleiar for "Bø i Felemark"
Spelemannen Harald B. Knutsen frå Hallingdal (35) er tilsett som prosjektleiar for prosjektet "Bø i felemark" for 2 år. Arbeidsstaden vert Bø Museum/Telemark Museum. Knutsen har i 7 år vore tilsett som dagleg leiar ved Agder Folkemuseum. Prosjektet "Bø i felemark" skal utvikle eit folkemusikksenter ved Bø Museum med utgangspunkt i den sterke tradisjonen for felemakeri, spel og spelemenn i denne bygda.
 (27/01-06)
Usemje om korleis folkeviser har vandra
I eit par artiklar i Ballade (Første artikkel her  -   andre artikkel her)  har lektor Håvard Skaadel ved Bodø vg skole  lagt vekt på å vise at mange norske ballader har sine røter i europeiske balladar. Velle Espeland har så gått ut med kritikk av Skaadel, og han meiner at Skaadel dreg kjeldene for langt. I desse lekkjene  kan du lese om dei ulike synspunkta til dei to forskarane.
 (26/01-06)
Hallgrim Hansegård gjekk vidare i Dansefeber på TVN
Måndag var det tredje programmet med opptak frå "audition" i Oslo, etter at det før hadde vore i Trondheim og Stavanger. Det var nokså stor fokus på den einslege folkedansaren på førehand, og det var difor spennande om Hallgrim Hansegård gjekk vidare. Framfor dei strenge domarane viste han laus-dans frå Valdres med mange vanskelege karstykkje. Og valdrisen gjekk vidare i den skarpe konkurransen. Les meir her. Les også kva avisa Valdres skriv.
 (25/01-06)
Bergensbandet Vandring frå rock til folkemusikk
Medan nokre folkemusikarar rockar opp musikken sin, går bandet Vandring den andre vegen. Les om det her.
 (25/01-06)
Fin minnekveld for Olav Ivar Rise i Oppdal
Det var svært mange dugande folkemusikarar som deltok då Oppdal spell og dansarlag skipa til ein minnekveld for Oppdals store musikar Olav Ivar Rise som døydde i 2002. Mellom dei som deltok var Andreas Bjørkås og Erlend Viken.  Kristin Gravaune og Rikke van Ommeren, Ivar Innerdal, Arne Bakken, Inge Godtland og  Tore Viken. Les meir her.

 (25/01-06)
Bente Hemsing frå Valdres lærte smårollingane på Greåker å spele
Borna i DoReMi barnehage på Greåker lærte å spele folkemusikk då dei fekk opplæring på fiolin. Les meir her.
 (25/01-06)
Valdres Folkemusikkgruppe blir lagt ned - etter 20 år?
Stortinget gjorde føre jul vedtak som medfører at Oppland Fylkeskommune misser
400.000 kroner, som i sin tur delfinansierte Valdres Folkemusikkgruppe og Lillehammer Blåsekvintett. Fylkeskultursjef Frode Sannum meiner folkemusikkmiljøet må tenkje nytt. Dagleg leiar Solveig Hårdnes i Valdres Folkemusikklag og Ole Aastad Bråten, som sjøl er med i Valdres Folkemusikkgruppe, synest det må bli  opp til kommunane korleis dei gjennom det regionale samarbeidet ynskjer å prioritere rekruttering og opplæring innanfor folkemusikk i dalen. Meir her.
 (25/01-06)
Midtvintersdansen i Verdal - ei unik kurshelg
Festivalsjef Geir Egil Larsen vonar at det skal kome 200 deltakarar frå heile Trøndelag til samlinga. Mellom dei som deltar er Geir Olav Larsen. eit anna trekkplaster er Maj Britt Andersen. Les meir her.
 (25/01-06)
Ungdomsringen på Austlandet lærte folkedansteater
25 ungdomar frå Ungdomsringen på Austlandet var samla på Nøtterøy for å lære folkedansteater - ei nokså ny form der ein nyttar steg og rørsler frå folkedansen i eit scenisk uttrykk. Kjell Klausen frå BUL Oslo var instruktør, og dei arbeidde med "Liti Kjersti" som dei har planar om å framføre under Folkekulturfestivalen i Trondheim sumaren 2006. Meir her.
 (25/01-06)
Arne Sigurd Haugen: Landslaget for Spelemenn må gjere meir for utøvarane
På tradisjonsseminaret på Lillehammer sist helg sa redaktøren for Nynorsk pressekontor at LfS må bli flinkare å profilere vinnarane både på Landskappleiken og på Landsfestivalen for gamaldansmusikk, slik at dei kan få ein naturleg plass i nyheitene. Dagleg leiar i LfS Magnar Sundt er devis samd i kritikken. Meir her.
 (25/01-06)
Camilla Granlien gjer lukke i Musikkteaterversjon av Peer Gynt
I Ibsen-året er det mange ulike oppsettingar med Ibsen-stoff. Ei av desse er "Verdensborgar av gemytt" om bord på MS "Midnatsol" - ei musikals oppsettinga av Peer Gynt med Svein Sturla Hungnes som regissør og med musikk av Edvard Grieg og Atle Hallingsten. Songarar i det timeslange stykket er Karoline Krüger, Linda Øvrebø og Camilla Granlien. I Aftenposten 22. januar får dei alle tre rosande omtale av Mona Levin i Aftenposten.
  (22/01-06)
Elisabeth Kværne og Ingar Ranheim fekk overrekt Nord-Aurdals kulturpris
Dei to har gjort eit stor arbeid for folkemusikken og dansen i Valdres. Prisen vart overrekt av ordførar Svein Erik Hilmen på den gamle skysstasjonen i Aurdal. I tillegg til takketalar var det også musikkinnslag med Vårflaumen spelemannslag og langeleik-elevar av dei to prisvinnarane.  Les meir om det her.
 (14/01-06)
Jan-Olof Johansson på einmanns danseturne eit heilt år
Frå Birgitte Rørvik Bruun har vi fått følgjande brev om noko eineståande i dansesoga:
"Jan-Olof skal ut på dansetur i Norge og Sverige, og fikk oppslag på 2 sider i Nordlys i går. Han var også på Nordnytt på NRK TV i går, og også på Norge i dag. Håper dere kan være med på å spre budskapet om hans dansetur ved å legge det ut på nettsidene deres!!
http://www.nordlys.no/nyheter/article1901794.ece
Vil dere prate med han og evt. sponse han så kan han kontaktes på telefon: 47854800. Hvorfor ikke kjøpe logoplass på farkosten hans som er en campingvogn plassert oppå en liten lasteplan? Han blir garantert lagt merke til. Han reiser på lavbudsjettstur, og har tenkt å dokumentere alt han gjør. Alle dansefestivaler i Norge og Sverige skal besøkes. Det er også muligheter for at NRK blir å følge han på deler av turen for å lage innslag på TVn.
Håper dere er interessert! Ingen har gjort noe slik før han! Han skal være borte i et år på sin misjonstur i folkedans! Han skal både lære seg danser og lære bort. "
 (14/01-06)
Forskningsseminar om munnlag songtradisjon på NTNU
Det er forskingseminar om munnleg songtradisjon på NTNU, Dragvoll  i Trondheim torsdag 2. og fredag 3. mars. Informasjon ved / påmelding innan 1. februar 2006 til Reidar Bakke  telefon 7359 6565.
 (14/01-06)
"Gamaltnymalt" ut på Rikskonsert-turne
Hardingfelegruppa gamaltnymalt har nyleg kome med CD og dei skal no ut på turne i regi av Rikskonsertane. Gruppa består av dei dugande vestlands-spelemennene Sigrid Moldestad, Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes. Turneen startar 18. januar og omfattar sentrale stader i sør-Noreg:

18.01: Rauland, Årestoga
19.01: Bø, Grillen
20.01: Asker, Asker Kulturhus
22.01: Vang i Valdres
23.01: Oslo, Fabrikken
24.01: Ål, Ål Kulturhus
25.01: Voss, Ole Bull akademiet
26.01: Valle, Spelstoga

Meir info på Rikskonsertane.
 (14/01-06)
Første program i serien Dansefeber på TVN utan folkedans
Måndag 9. januar gjekk første program i serien Dansefeber av stabelen. Det viste oss utveljingsprosessen frå audition, og dansarane fekk vise ein sjølvvald dans og ein pardans (salsa) som dansarane skulle lære seg på kort tid. Folkedans såg vi ikkje så mykje til. Som ventandes var det stor fokus på domarane, og på dei dansarane som gjekk vidare. Mange av dansarane var retteleg flinke! Det er tydeleg at det er det heilt unge publikum dette programmet vender seg til. Og truleg vil det bli mange som ser på.
 (09/01-06)
Spennande domarkurs i spel, song og dans i LfS-regi
Helga 20-22 januar blir det eit spennande domarkurs som Landslaget for Spelemenn skipar til på Hotel Breiset på Lillehammer. Det er mange solide innleiarar og seminarleiarar. Egil Bakka og Bjørn Aksdal vil snakke om "Utvikling og endringar i tradisjonsprosessen". Vidar Lande spør: Korleis folkemusikken går /bør gå vidare. Og journalist Arne Sigurd Haugen ser med  "Skråblikk frå journalistbenken", medan Trond-Ole Haug snakkar "Om dei nye studietilboda og utfordringane det gir folkemusikken og kappleikane". Etterpå blir det gruppevise seminar i spel, song og dans leia av Tor Stallvik, Jarnfrid Kjøk og Arne M. Sølvberg. Påmelding straks til LfS (tlf:
22 00 56 22 /  22 00 56 20).
 (09/01-06)
Camilla Granlien skal ut i verda med Peer Gynt
Camilla Granlien har fått rosande omtale for sin nye CD - Begjær,  ho får mellom anna terningkast 5 i GD. No er ho aktuell med Peer Gynt. Svein Sturla Hungnes skal sette opp to ulike forestillingar med Peer Gynt som skal spelast på cruise i Europa. Les om dette i Aftenposten.
 (06/01-06)
Ola Berge med friske meiningar  om folkemusikk og folkedans
Ola Berge sluttar etter 4 år som leiar for Norsk Folkemusikkformidling. I eit intervju med Anne Hytta  seier han mellom anna at Folkemusikkscena nett no er svært trendbasert. Han synest ikkje at organiseringa av norsk folkemusikk er slik ho bør vere med mykje konkurranse mellom organisasjonane. Han etterlyser ein levande debatt i miljøet. Les heile intervjuet her.
 (06/01-06)
Ingebjørg Hamland Bratland imponerte i TV-sendinga frå Trondheim
Den dugande unge kvedaren frå Edland gjorde sine saker svært bra i TV-programmet frå Trondheim i nyttårshelga. Ho var med etter at ho var ein av dei 5 av hundre som fekk stipend i Ungdommens kulturmønstring. Ho går ut av ungdomsskulen til våren og har tenkt å byrje på Skien vg skole på musikklina til hausten Les intervjuet som Varden har gjort med henne.
 (05/01-06)
Var du på Trysiltreffet hausten 2005?
Då kan du her sjå mange fine bilete frå treffet.
 (05/01-06)
Trekkspelar Rudolf Lund (75) frå Modum gir ut notehefte
Rudolf Lund har komponert 120-150 melodiar og nå gir han ut 16 av dei beste i eit hefte. Les intervju med han i Drammens Tidende.
 (05/01-06)
Rådet for folkemusikk og folkedans vil ha høyring om Riksscena
Som kjent er det meininga at det snart skal vere eit stiftingsmøte for den nye Riksscena for folkemusikk og folkedans i Schoukvartalet i Oslo. Rett føre jul sendte Rff  eit brev til Styringsgruppa for Riksscena der dei tilbyr seg å gjennomføre ei høyring fordi  mange av utdannings-, arkiv- og forskningsinstitusjonane, festivalane og arrangørane rundt omkring i landet elles vil føle seg forbigått. Les her.
 (03/01-05)
Toril N. Eriksen tildelt Kulturprisen i Lenvik kommune
Toril N. Eriksen har vore leiar i Gisvik Leikarring i nærpå 20 år, og for det fekk ho kommunens kulturpris. Les meir her.
 (03/01-05)
Nominasjonar til Spelemannsprisen 2005
På TV2 er det i dag offentleggjort kven som er nominert til spelemannsprisen for 2005. I klassen folkemusikk/gamaldans er desse tre nominert: Nordafjells: General (Talik), Gamaltnymalt: Gamaltnymalt (NORCD), Tom Willy Rustad: Fiolsteinen (Kvarts). Av desse tre var det Nordafjells som fekk Spellemannspris for folkemusikk under FolkeLARM i oktober. Elles er Geir Lystrup nominert i kategorien Årets Barneplate. Heile lista finn du her.
 (03/01-05)
Draumkvedet - vår mest omdiskutert og  omtala ballade
Ved nyttår kan det høve å leita fram att Draumkvedet - dette mektige eposet frå mellomalderen. Er det norsk og er det frå mellomalderen? Gjennom åra er det mange som har gjeve ut Draumkvedet også på CD. For ikkje så lenge sidan kom Aslak Høgetveit si LP-innspeling frå 1960-talet på CD. Andre som har sunge visa på CD er Agnes Buen Garnås, Sondre Bratland, Ellen Nordstoga med fleire. Den einaste nokolunde heilslege oppskrifta som er gjort, er den Landstad skreiv opp etter Maren Ramskeid. Her kan du finne heile oppskrifta Alle oppskriftene finn du her. Les meir om Draumkveldet her.
 (02/01-06)
Middelalderballader i original for første gong på CD
Frå opptak som finst i Norsk Folkemusikksamling, har Norsk Visearkiv funne fram til ei samling av balladar som nå kjem på CD. CD'en heiter "Hugen leikar så vide - Middelalderballader i Norge", og består av opptak frå 1912 til 1992.  Det er Astrid Nora Ressem og Velle Espeland ved Norsk Visearkiv, som står bak samlinga saman med Hans-Hinrich Thedens ved Norsk Folkemusikksamling. Meir her.
 (02/01-06)
Mic.no og Ballade er godt fornøgd med 2005 på Internett
Nettstaden Mic.no (Musikkinformasjonssenteret)er vår største ikkje-kommersielle netstad for musikk og nettavisa der heiter  Ballade. Dei skriv om all slags musikk også ein del om folkemusikk. I 2005 hadde Mic.no og Ballade er no oppe i over 300 000 unike brukarar per månad. I november 2005 hadde Ballade åleine hadde meir enn 200 000 unike brukarar, og nærare fire millionar treff i månaden. Det er bra! Les meir her.
 (02/01-06)

Nyheter