"Gamle" nyheter frå 2005

Godt nytt år!
Folkedans.com vil ynskje alle lesarar og bidragsytarar eit godt nytt år 2006!
Helsing Vebjørn Bakken
 (31/12-05)
Det blir Seljordspel også neste år
I fjor var det Seljordspel "Presten Landstad og Olea Crøger", og no har dei fått pengar til å vidareføre spelet også neste år. Det er Hæge Manheim som er primus motor for tiltaket. Les meir her.
 (29/12-05)
Sigmund Sæther - blid trekkspelar i Hemne
Les intervjuet med den blide og dugande trekkspelaren.
 (29/12-05)
Sveinung Sundli får ST-prisen for 2005
Sveinung Sundli er kjent som skaparen av Storåsfestivalen - festivalen i Meldal som er blitt landets fjerde største. Les meir her.
 (29/12-05)
Dag og Tid tilrår svensk juleplate: Jul i folkton
Roald Helgheim i Dag og Tid skriv svært pent om ein ny svensk "juleplate" - ei plate som vi godt kan høyre på også resten av året. Artistane på plata er kjente namn som Louise Hoffsten, Sofia Karlsson, Lena Willemark, Sara Isaksson, Sofia Karlsson, Rebecka Törnqvist. Les meir her
 (29/12-05)
Ismusikkfestival på Geilo i januar
Perkusjonisten Terje Isungset skipar til musikkfestival på isen i Geilo 13-15 januar 2006. Namnet er IceFestival.  Det blir ulike typer musikk, også folkemusikk. Mellom dei som deltar er Unni Løvlid. Les meir her.
 (29/12-05)
Kvarts er godt nøgd med god offentleg støtte
Kvarts får i 2006 125 000 kr frå Kulturrådet, og har i 2005 fått 30 000 kr i støtte frå Fond for utøvande kunstnarar. Jo Asgeir Lie i Kvarts har også fått kr 20 000 frå same fondet til eit personleg prosjekt. Les meir her.
 (29/12-05)
Faukstad og Bjørkum får terningkast 6 for CD'en sin
Jon Faukstad og Per Sæmund Bjørkum får terningkast 6 for den nye plata si "Konsert på Kleppe" som dei gjev ut på eige plateselskap jps records. Kjetil Sandviken i Gudbrandsdølen/Dagningen skriv svært rosande om plata, som inneheld variert og tradisjonell folkemusikk. Her er musikk etter Hans W. Brimi, storgardsmusikk, gamaldansmusikk og musikk av Anders Viken frå Jølster. Les meir her.
 (29/12-05)
Dansesatsing på TV
TV Norge skal på nyåret satse stort på eit danseprogram dei kallar Dansefeber. Dette er ein norsk versjon av ein amerikansk programserie som dei har sendt i haust. Før jul har det vore omfattande audition i Stavanger, i Trondheim og tre dagar i Oslo. Dei vonar å få med seg dei aller beste dansarane i landet, også profesjonelle. Mellom dei som har vore på audition er hallingdansaren Hallgrim Hansegaard. Her kan du sjå eit TV-innslag mellom andre med han.   Over 6000 dansarar i heile landet skal ha meldt seg på. Les reportasje frå Trondheim. Og frå Stavanger. Kor mykje folkedans det blir gjenstår å sjå. Også TV 2 satsar på sin eigen dansefeber til neste år, etter modell av BBCs "Strictly Come Dancing".
 (29/12-05)
Sigrun og Lars M. Vigdal fekk Luster kommunes kulturpris 2005
Dei to har lagt ned eit stort arbeid med å helde i hevd Jostedalsspringaren som er einaste springaren som framleis vert dansa i Luster. Meir her.

 (29/12-05)
Gruppa Vestasong skal ha konsert i Wien
Gruppa Vestasong er berre eit år gamal, men dei skal likevel snart ha konsert i Wien. I denne gruppa er
Annlaug Børsheim frå Ulvik, Benedicthe Maurseth frå Eidfjord, Kari Malmanger frå Rosendal og Monika Kolskår frå Granvin. Dei tre førstnemnde er alle studentar ved Ole Bull Akademiet, medan Kolskår for tida studerer medisin i Bergen. 3. januar har gruppa konsert i Vangskyrkja på Voss. Les meir her.
 (29/12-05)
Anniken Solli Mork (27) jaktar på Drevsjø-musikk i USA
Ho reiser til Minnesota for å finne rester etter ein songtradisjon som langt på veg er utdøydd i hennar eigne heimetrakter i Drevsjø. Les meir her.
 (29/12-05)
Landslaget for Spelemenn er godt nøgd med internett-satsinga si
Det siste året har LfS satsa mykje på å få betre heimesider, og det har gitt resultat. I år har dei hatt 3 millionar treff på sidene sine. Dei har ei teneste der dei legg ut linkar til aviser etc som skriv om folkemusikk og folkedans. Dei har også ein kalender der arrangørar kan melde inn tilskipingar. Les her kva dei skriv om seg sjølv.
 (29/12-05)
"Beskrivning av Svenska Folkdanser" nå også på Internett
"Beskrivning av svenska Folkdanser" er den vanlege rettleiingsboka i Svenske folkedansar utgjeve av Svenska Ungdomsringen. Siste utgåva kom i 2001, den første i 1934. Del I av denne boka "Grøna boken" er no scanna inn og ligg tilgjengeleg også på Internett. Dette er ein del av det omfattande prosjektet "Project Runeberg" der mange bøker blir scanna inn og publisert på nettet.
 (27/12-05)
God jul!
Vi ynskjer alle lesarar og bidragsytarar av folkedans.com ei god jul!
Helsing Vebjørn Bakken
 (26/12-05)
Synnøve Sletten med ny CD frå Finnskogen
Torader-musikaren Synnøve Sletten har nyleg kome med ny CD - Nattfiol - som inneheld tradisjonelle låtar både frå Noreg og Sverike, i tillegg til eigne komposisjonar. Ho har med seg Vidar Skrede og Vegar Vårdal på ein del av spora. Les meir her.
 (26/12-05)
"OnkelFolke" med ny CD: "Kasta beinet"
Folkemusikkgruppa OnkelFolke har kome med sin  første CD: Kasta beinet. Dei 5 musikarane i gruppa er
Gro Kjelleberg Solli (vokal og fløyte), Tove Solheim (fele og hardingfele), Audun Eken, (trerader), Øystein Sandbukt (gitar), Knut Egil Kristiansen (perkusjon og vokal). Dei kjem frå Agder/Rogaland og Nordmøre. Gruppa starta i 1995 ved at 4 studentar ved Rauland-Akademiet gjekk saman og spela i lag, og i 2003 fekk dei med seg Øystein Sandbukt. Dei har fleire gonger vore med på Nordsjøfestivalen i Farsund, og hatt ulike konsert i Sør-Noreg og i Danmark. Les meir her.
 (26/12-05)
Folkedans i Klassekampen
Journalist
Fredrik Drevon tar for seg emnet dans, og meiner at landet kan bli eit endå betre land å bu i om fleire kunne  eller ville danse. Han skriv også noko om folkedansen:
"Frp er vel på linje med folk flest i det at de må være sørpe fulle for å danse. Unntaket er folkedans, fordi den regnes som et genuint og nasjonsbyggende kulturuttrykk. Til gjengjeld ser vi folkedans kun når Norge arrangerer OL eller lanserer et nytt lakseprodukt i Japan.
Nå vil sikkert noen innvende at folkedans er kjempepopulært i Norge. Javel, hvor mange kjenner du som på stående fot kan demonstrere folkedansens fire hovedkategorier: Songdans, bygdedans, gamaldans og turdans? Nettopp.
Hva skjedde med folkedansen egentlig? Hvorfor ble den ikke et hovedtema i Verdikommisjonens rapport? En mulig forklaring er den gledesløse pietismens historiske røtter: Helt siden Salome danset for Herodes har presteskapet sett på dans som et vertikalt uttrykk for horisontalt begjær, og derfor syndig. Faktisk var det vanlig å danse i begravelser i Norge frem til 1870-tallet, da prestene fikk bukt med umoralen. Imidlertid er det mange passasjer i Bibelen som bejubler dans: «Når dere ser Silos døtre gå ut til dans, da skal dere springe frem fra vingårdene …» står det skrevet i Dommernes bok 21.21. " Meir her.
 (26/12-05)
Landskappleiken 2007 blir på Geilo
Landslaget for Spelemenn bekreftar at Landskappleiken 2007 blir på Geilo. Då fristen gjekk ut, var det ingen som hadde søkt, men Spelemannlaget på Geilo heiv seg rundt og søkte, og dei blir dermed arrangør 2007. Les her.
 (26/12-05)
Even Tråen fekk Rollag kommune sin kulturpris
Even Tråen
Tråen er rektor ved Lampeland skole, har i ei årrekkje vore aktiv i kulturlivet i Numedal. Han er også spelemann. Les meir her.
 (21/12-05)
Elisabeth Kværne og Ingar Ranheim har fått kulturpris
Dei to har fått Nord-Aurdal kommune sin kulturpris for 2005.
Kulturprisen blir delt ut 5. dag jul på Frydenlund i Aurdal. Elisabeth Kværne har særleg lagt ned eit viktig arbeid med å blåse liv i langeleikspelet. Ingar Ranheim har vore sentral som dansar, lærar, organisasjonsmann og historikar. Les meir om dei to her.
 (21/12-05)
Fond for utøvande kunstnerar: Utdelingar i haust
Dette fondet deler ut pengar også til ein del folkemusikarar. Mellom dei prosjekta som får er det også danseprosjekt og folkedansteater. Sjå oversikta her.
 (21/12-05)
Ensemblestøtta for 2006 er på 500 000 kr og fleire nye grupper får
Dessutan er det mange nye grupper som får støtte i 2006: Spindel, Susanne Lundeng Band, verdsmusikkbandet Urban Tunélls Klezmerband, Mattisgard/ Røine, Niko Valkeapää, Sturla | Andreas og Trispann. Dei som får mest er Majorstuen og Susanne Lundeng Band (kr 150 000 kvar) følgd av Kvarts (kr 125 000). Minste sum er 50 000 kr. Full oversikt over stønaden her.
 (21/12-05)
Auka støtte til folkemusikk-festivalane for 2006
 Norsk Kulturråd har gjort kjent kva støtte dei ulike festivalane får i 2006. Kulturrådet fekk 3,5 mill ekstra til slikk støtte, og av det gjekk 425 000 kr til folkemusikkfestivalane. Det er 2 nye festivalar som får stønad: Årinn kr 100 000 og Latinfestivalen kr 100 000. Dei andre festivalane får: Den norske Folkemusikkveka kr 550 000 (i 2005 kr 500 000), Jørn Hilmestemnet kr 300 000 (250 000), Kalottspel kr 150 000 (100 000), Nordsjøfestivalen kr 100 000 (100 000), Osafestivalen kr 175 000 (150 000) og Telemarkfestivalen kr 850 000 (800 000). Les meir her. Landslaget for spelemenn skriv at dei er glad for den auka stønaden til festivalane.
 (21/12-05)
"Sagaen om Isfolket" blir folkedansteater på Fagernes?
Valdres Folkemuseum arbeid med planar om å lage ei stor dramatisering av bokserien "Sagaen om Isfolket" av Margit Sandemo.
Gyda Grøndalen Hoffmann har i haust vore engasjert som leiar i eit forprosjekt rundt teateroppsettinga. Regissør Leif Stinnerbom og hallingen og forfattar Elgrim Springgard er kontakta og kjem til det første formelle møte på Fagernes om nokre dagar. Les meir her.
 (10/12-05)
"Folketonar fra Helgeland" ut på CD
Det er Helgeland Kammerkor med diverse musikarar og solistar som gjev ut plata som inneheld tradisjonsmusikk frå heile Helgeland. Ole Rabliås og Sverre Mogård-Larsen er mellom dei som har samla stoff til plata. Les meir her.
 (10/12-05)
Folkemusikkversjon av "Den vesle prinsen" på Førdefestivalen til sumaren
Førdefestivalen har lyst ut ei idetevling om eit "folkemusikkteaterstykkje" for born, og mellom dei 18 forslaga dei fekk inn valde dei "Den vesle prinsen" som Sigurd Aae Klausen har foreslått. Klausen har røynsle frå oppsettingar med folkedansteater, og arbeider no md oppsettinga "Jul i Blåfjell".  Les meir her.
 (10/12-05)
Randi Skeide i LfS svarar på kritikk om Riksscena for folkemusikk
I siste spelemannsbladet er redaktøren koko skeptisk til måten riksscena blir etablert på. Leiaren i Landslaget for Spelemenn svarar mellom anna på denne kritikken i eit intervju med folkedans.no. Arbeidet med scena går raskt framover. Stiftingsmøtet skal vera i slutten av februar og kulturkomitéen på Stortinget har også nett kome med ei tilråding om at ein bør vurdere å stille med husleigegaranti for prosjektet. Det er Norsk folkemusikk og danselag som har hatt hovudansvaret for dette prosjektet, men ha hatt støtte av LfS og NU. Les meir her.
 (10/12-05)
Ung spelemann (14) fekk utdelt stipend på kr 10 000
Den unge torader-spelemannen er Vegard Storbråten Øye fra Råholt. Og stipendet får han av Eidsvoll kommune som deler ut kulturstipend for ungdom. No skal han i studio og spele inn CD, fortel han til Eidsvoll Blad. Les her.
 (10/12-05)
Løyvingane frå Fond for lyd for hausten 2005 er klare
Det er nokså mange folkemusikkprosjekt som har fått stønad. Dei fleste av tilskota går til CD-produksjonar, men også ein konsert. Desse folkemusikkprosjekta er med på lista:
CD med Ragnhild Furebotten, CD med Slagr ( Anne Hytta), CD med Rusk (Unni Løvlid), Konsert med Transjoik (Frode Fjellheim), CD med Vintermåne (Kirkelig kulturverksted), CD med Berit Opheim (Lindberg lyd). CD med Traditronica (NorCD), CD med Jorun Marie Kvernberg (ta:lik), CD med Adjagas (Trust Me Records) CD med Helene Bøksle (Universal) og CD med Oddbjørn Ramstad.
  (10/12-05)
Agnes Buen Garnås får Kulturrådest ærespris måndag 12. desember
Utdelinga skjer i Oslo Konserthus, Lille sal, kl 20, og leiar i Kulturrådet Vigdis Moe Skarstein deler ut prisen som er på 300 000 kr og eit kunstverk. Agnes Buen Garnås har vore ein av våre leiande folkemusikarar i fleire 10-år, har vunne Landskappleiken 6 gonger i vokal folkemusikk, har halde ei rad kurs og konsertar, gjeve ut mange plater og vore lærar på Ole Bul Akademiet i 15 år. Under utdelinga medverkar også skodespelaren Anne Marit Jacobsen, Ingvill Marit Buen Garnås og Per Anders Buen Garnås. Les meir her.
  (10/12-05)
"Francaiser og Quadriller fra norske dansbøker"
Denne boka om norske balldansar, som også inneheld to CD'ar med musikk, vart lansert for 14 dagar sidan på eit seminar på Sørmarka, og no har vi fått boka i hende. Det er Dag Vårdal som står bak prosjektet og han har samarbeidd om dansane med Folke Flatland, Erik Hestnes og Kjell Klausen, og musikken har Vegard Vårdal og Hilde Sørnes hovudansvaret for. Boka gjev eit godt oversyn over kontradansen i Noreg, og gjev ein grundig og detaljert gjennomgang av desse dansane: Francaise (kvadriljeoppsett), Lancier, Lancier dublert, Julekvadrilje, Menuetpolonaise, Caledonian Kvadrilje, Nasjonalkvadrilje og Purpose, og det følgjer notar med. Nokre av desse dansane er nye i ballmiljøet, og har vore utprøvt i Bærum Balselskab, som Julekvadrilje, Nasjonalkvadrilje og Purpose. Lancier er ein omarbeidd versjon av "Lancier frå Austlandet" som Folke Flatland arbeidde med for nokre år sidan. Dansane er henta frå gamle norske dansebøker, men det lgg eit stor arbeid bak med å tolke og tilpasse dansane. Vi er sikker på at denne boka og musikken blir til stor glede og nytte for dei som driv med balldans i norden. I vårt land er det få stader der ein finn gode gjennomgangar av dansane, bortsett frå dei kontradansane som finst i dei vanlege rettleiingsbøkene som leikarringane brukar.
 (10/12-05)
Musikk av Håvard Svendsrud ulovleg utgjeven på CD
Det er selskapet Åmot Studio Buskerud som har gjeve ut musikk av trekkspelaren Håvard Svendsrud utan å spørje han om løyve. No granskar Tono om selskapet kan ha gjeve ut anna ulovleg musikk. Les meir her.
 (08/12-05)
Intervju med felebyggarlærling Ottar Kåsa (21)
Spelemannen Ottar Kåsa frå Rauland er den einaste i landet som er lærling i å byggje hardingfeler. Han går i lære hjå Sigvald Rørlien ved Ole Bull Akademiet på Voss. Les intervjuet her.
 (08/12-05)
LfS skipar til dommarkurs i spel, song og dans 20-22 januar 2006
Landslaget for Spelemenn skipar til domarkurs på Lillehammer. Det blir mange av våre mest dugande domarar som innleier: Vidar Lande, Bjørn Aksdal, Arne Sigurd Haugen, Trond Ole Haug og Egil Bakka. Les meir her.
 (08/12-05)
Spelemannsbladet nr 8/2005 delvis ute på Internett
I dette nummeret blir det mellom anna sett fokus på Riksscena for folkemusikk og Folkedans som no synest å kunne bli realisert etter som Stortinget løyver 1,5 millionar til prosjektet i Schou-kvartalet i Oslo. Dette tar redaktør Kjell Bitustøyl opp i leiarartikkelen. Vi finn også eit intervju med Hilde Bjørkum og Magnar Sundt om riksscena. Hilde Bjørkum har vore kritisk til ei Riksscene plassert i Oslo. Les meir her.  Intervju med Hilde Bjørkum også her.
 (08/12-05)
Ballsesongen er i gang
Stildans er ein stadig veksande grein av folkedansen, medan det vanlege arbeidet i leikarringane slit med rekrutteringa. Høgsesongen for stildans-ball er før og etter jul, og på førsumaren. Vi var heldige og fekk vere med på adventsballet til Leikarringen Noreg i Drammen, som dei heldt i dei fine loka til Fredfoss Kulturpark i Vestfossen. Det var over 100 dansarar og Eiker Spellemannslag sytte for flott ballmusikk. På slike ball er det gjerne fin middag, flotte ballkjolar og herrar i finaste stas. Her kan du sjå nokre bilete frå ballet.
 (04/10-05)
Engelsk-svensk trio i Fredrikstad
Burgess, Ådin & Wingård heiter ein engelsk-svensk trio med base i Fredrikstad. Dei spelar musikk frå heile Norsjø-området. Patrik Wingård bor framleis  i Fjellbacka-traktene. Anders Ådin frå Grebbestad har derimot kjøpt seg hus på Apenesfjellet. Og Richard Burgess frå Kent i England har nå bodd i Fredrikstad i 17 år. Les meir om desse og musikken deira her.
 (25/11-05)
Riksscena for Folkemusikk og folkedans: Viktig med garantiar for drifta
Kulturkommiteen på Stortinget har i desse dagar snakka med dei sentrale organisasjonane om kulturbudsjettet, mellom dei LfS, NU, NFD og Rff. NFD tok også opp spørsmålet om driftsgarantiar for den nye scena frå 2008. Les meir her.
 (25/11-05)
Musikkforskar Ola Graff: Nordnorsk folkemusikk oversett!
Ola Graff har skreve opp folkemusikk frå alle kantar av landsdelen. Men i standardverket "Fanitullen" står det til dømes at ein ikkje har funne slåttar i Finnmark. Les meir her.
 (25/11-05)
Kalottspel har fått nytt styre og styreleiar
Folkemusikk- og folkedans-festivalen i Målselv har fått nytt styre: Kjetil Jensberg (leiar) - produsent for Festspillene i Nord-Norge,  Elisabeth Müller (ny) som til dagleg er leiar i Troms Reiseliv. Tre personar er med videre frå det forrige styret: Marte Frihetsli, Harry Hillestad og Terje Foshaug. Meir her.
 (25/11-05)
Arild Hoksnes får Fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal
Arild Hoksnes er frå Aukra og bur i Melhus. Han har mellom anna vore redaktør for Spelemannsbladet og har halde mange kåseri i NRK. I grunngjevinga for at han får kulturprisen heider det mellom anna: "Av utdanning er Arild Hoksnes cand. mag. med faga musikk, fransk og historie. Arild har m.a. hatt fleire jobbar innan NRK – Radio og TV, både som journalist og produsent, som fast tilsett og som frilansar. Sidan 1991 har han drive eige firma innan journalistikk, reklame, informasjon og mykje anna. Arild Hoksnes har gjennom mange år ytt stor innsats innan folkemusikkområdet, både lokalt i Aukra, i Møre og Romsdal og nasjonalt. I 1981 fekk han t.d. Spelemannsprisen som medlem i gruppa ”Hørkelgaddan”. På nasjonalt nivå er han no engasjert som konsulent for landets største folkemusikkorganisasjon, LfS (Landslaget for spelemenn), når det gjeld Landskappleiken og Landsfestivalen." Les meir her.
 (25/11-05)
Arnt Haugen med ny CD: "Leve gammeldansen"
Den nye CD'en inneheld 30 gamaldansmelodiar som vart innspela første gong i 1976-77, akkompangert av Sven Nyhus sin kvartett. Les meir her.
 (25/11-05)
Middelalderbballader i original på CD for første gong
CD'en heiter "Hugen leikar så vide - Middelalderballader i Norge", og består av opptak frå 1912 til 1992. Det er Norsk Visearkiv (Astrid Nora Ressem og Velle Espeland) som står bak utvalet av balladar, og dei er henta frå opptak frå Norsk Folkemusikksamling. Materialet består av består av 60 feltopptak med uakkompagnert balladesong. Materiale er frå  voksrullar og spoleband. Utgåva har konsentrert seg om korte utdrag, og gjengir ofte fleire døme av same balladen (m.a. Kråkevisa, Reven og Gullmund, Storebror og Lillebror, Margit Hjukse, Villemann og Magnhild) for å vise den store variasjonen i framføring frå person til person i tolkning av tekst og melodi. Les meir her.
 (25/11-05)
Fedrelandsvennen skriv om Tryllefløyta
Emil Otto Syversen skriv at det er uvandt og ikkje uproblematisk det som som blir gjort med Mozarts opera. Han avsluttar artikkelen slik: "Jeg er ikke på noen måte Mozart-purist, men det hendte underveis at jeg fikk samme følelse av ubehag som under en fremførelse av Young Messiah, pop-versjonen av Händels Messias, for noen år siden. Spørsmålet er hvor langt en skal gå, og hvorfor en skal gjøre det. Er det for å tekkes publikum, eller er det i pur skaperglede? Det er to forskjellige ting, det." Les meir.
 (24/11-05)
Entusiasme og pågangsmot i "Snu Nordvest"-prosjektet
Dette er den andre delen av "Bygda dansar", og det er ungdomar frå Møre og Romsdal som får lære meir folkedans og folkedansteater. I midten av november var det dansesamling utafor Ålesund med ein heil flokk unge dansarar.
Live Karin Liaskar fra Volda og Sigurd J. Heide, som er prosjektleiar, var instruktørar og Britt Elisa Skram er den faste spelemannen. Prosjektet skal ende opp i ei forestilling som skal ha premiere i Juli 2006. Les meir her.
 (24/11-05)
Jamsession med folkemusikk i Sandefjord
I Sandefjord prøver
Vigdis Andersen, Sissel Klohs, Tone Krohn og Ellen Lohne (bildet) å dra i gang eit forum for folkemusikk og folkedans. Les meir her.
 (24/11-05)
Folkemusikkgruppa Onkelfolke med ny CD: "Kastet beinet"
Dei fem medlemene i bandet kjem frå mange kantar av landet. Dei traff kvarande i studietida og spela saman i bandet Folk. Les meir her.
 (24/11-05)
Elevane i Møre og Romsdal positive til folkedans
Då Møre og Romsdal Folkemusikklag sendte ut invitasjonar om gratis folkedanskurs til barneskolene i Ålesund, Molde og Tingvoll, var det mange som var interesserte. Berre i Ålesund meldte det seg nærare 100 jenter og gutar. Det vart så mange at dei måtte fordelast på  ei formiddags- og ei ettermiddagsøkt. Og endå var det 25 som ikke kom inn. Instruktør var Live Liaskar og spelemann Svein Vatnehol. Les meir her.
 (24/11-05)
Ekteparet Romtveit /Vågen med ny verkstad i Vinje
Dei to musikarane driv ikkje berre med folkemusikk. Hillborg Romtveit driv sin eigen verkstad der ho syr nye drakter med folkedraktopphav. Les meir om dette her.
 (14/11-05)
Ullensaker Spelemannslag feira sine første 25 år
På gjestelista stod mellom andre
 Leikarringen Rakne, elever frå Ullensaker Kulturskole, Ullensaker Janitsjar – og visesongar/spelemann Geirr Lystrup. Les meir her.
 (14/11-05)
Telemark Tidend jubilerte med mykje folkemusikk
Kulturorganet Telemark Tidend jubilerer - 60 år - og det har blitt markert med ei flott jubileumsfest i Ibsenhuset i Skien.
Bladstyrar Eivind Blikstad hadde sydd saman eit fint program der folkemusikken stod sentralt med gode folk som Kvedaren Halvorsen og gitaristen Bruvoll, Knut Buen og den unge dugande kvedaren Ingebjørg Harman Bratland. Les meir her.
 (14/11-05)
Dagsavisen har intervjua Sven Nyhus
Nyhus er aktuell i Opera-samanheng - han spelar Røros-musikk i den nye Operaen «Den fjerde nattevakt» av Gisle Kverndokk og Ivar Tindberg, etter Johan Falkbergets roman. Les intervjuet her.
 (14/11-05)
Nok eit vellukka Vågå-treff  vart avvikla nyss
Det var det 29. treffet i gammaldans. Fredag deltok 15 grupper og laurdag 25 grupper. Den som i år stakk av med året "Vågåfat" var den kjente trekkspelaren Ottar Johansen (60) frå Årnes. Les meir her.
 (14/11-05)
Gjennomslag for reiksscene for folkemusikk og folkedans
Dei midlane som vert foreslått på Statsbudsjettet er mellom anna desse: 1,5 mill kroner til styrking av arbeidet med å etablere ein nasjonal scene for folkemusikk og folkedans i Oslo.  Innkjøpsordninga for fonogram: 1 mill. kroner. Tilskot til fri scenekunst: 5 mill. kroner, inkludert 2 mill. kroner til ei tilskotsordning for dans. Festivalstøtte: 3,5 mill. kroner, Støtte til musikkensembler: 2 mill. kroner. Musikkverkstadordninga: 2 mill. kroner. Les meir om dette her.
 (14/11-05)
Landslina for Folkemusikk på Vinstra igjen i fare?
Som kjent er lina på Vinstra den einaste i landet. I samband med Kunnskapsløftet i den vidare skulen er det i gang eit arbeid med å utarbeide nye læreplanar i dei ulike faga, også på line for Musikk, dans og drama, som Landslina i folkemusikk fell inn under. Rektor ved Vinstra vg skole er bekymra for dei planane som er utarbeidde så langt ikkje tar omsyn til dei spesielle behova for fordjuping i folkemusikk som Landslina krev. Les meir om dette her.
 (14/11-05)
Distriktsmusikarane i Målselv er spente på framtida
Distriktsmusikarane i Målselv er usikre på kva framtida deira blir. Det er mellom anna avhengig av Statsbudsjettet og av haldninga til Fylkespolitikarane. Dei tre musikarane er
Ragnhild Furebotten, Lena P Jinnegren og Bendik Lund Haanshus. Les meir her.
 (14/11-05)
Hedemark Fylkesting vi ha Folkemusikkarkiv i Hedemark
Fylkestinget vedtok at dei vil sate sterkt på å få etablert eit Folkemusikkarkiv også i Hedemark. Les meir her.
 (10/11-05)
Gunnar Stubseid i Aftenposten: Kunstmusikken kan få folkemusikk-drakt
I ein kronikk i Aftenposten skriv Gunnar Stubseid om tilhøvet mellom kunstmusikken og vår tradisjonelle folkemusikk. Han peikar på at i "alle år" har kunstmusikken teke råstoff frå folkemusikken og laga folkloristiske forestillingar. I Tryllefløyta er det omsnudd for første gong. Og han meiner dette vellukka eksperimentet bør gjerast oftare. Les kronikken her.
 (10/11-05)
Landskappleiken 2007 til Geilo?
Det er ingen som har søkt enno om å få arrangere Landskappleiken for 2007. Men no tenker Spelemannslaget på geilo å sende inn søknad. Les meir her.
 (10/11-05)
Kurs i Hallingspringar for vidarekomne i Oslo
I Hallinglaget er det kurs i Hallingspringar laurdag 12. og søndag 13. november i Storsalen i Nordahl Brunsgt 22. Knut Skrindo og Hilde Kirkebøen er instruktørar. Ola R. Imset er spelemann. Meir her.
 (10/11-05)
Vegard Storbråten Øye (13) har fått kulturstipend
Den unge lovande toraderspelaren har fått kulturstipend av Eidsvoll kommune. Stipendet er på 10 000 kr.
 (10/11-05)
Norsk folkemusikk og danselag har fått nytt domene på Internett
Det nye domenet er www.nfd.no , og det gamle namnet deira har gått til Norsk Folkemusikkformidling.
 (10/11-05)
Norsk Folkemusikkformidling har fått ny heimeside på Internett
Norsk folkemusikkformidling har overteke domenet www.folkogdans.no og samtidig har dei fornya utsjånad og innhald på sidene sine.
 (10/11-05)
"Gamaltnymalt" er novemberartisen på Norsk Folkemusikkformidling
Denne gruppa frå vestlandet har nyleg kome med ny CD, og er altså novemberartist. Dei som er med i gruppa er Sigrid Moldestad, Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes. Dei har på eit vis teke opp arven etter Hardingfeletrioen frå 1930-talet, og fornya denne tradisjonen. Alle tre spelar på femstrengs hardingfele. Les meir her.
 (10/11-05)
Revidert statsbudsjett med pengar til riksscene for folkemusikk og dans
I det reviderte statsbudsjettet er det foreslått 1,5 mill kroner til riksscene for folkemusikk og dans i Oslo.

Kap. 323 Musikkformål
   Post 78 Ymse faste tiltak
En nasjonal scene for folkemusikk og folkedans vil være et viktig element i realiseringen av Schous-kvartalet som kulturkvartal. Regjeringen foreslår en bevilgning på 1,5 mill. kroner til tiltaket.
(..)
- styrking av arbeidet med å etablere en nasjonal scene for folkemusikk og folkedans i Oslo: 1,5 mill. kroner.
I ein kommentar frå leiaren i nemnda (Maria Høgetveit Berg) som arbeider med å få etablert ei slik scene i Schou-kvartalet i Oslo, blir det uttrykt glede over forslaget. Det uttrykkjer også leiaren i Norsk Folkemusikk og danselag Hallvard Kaasa. Les meir her.
  (10/11-05)
Ottar Kaasa (21) frå Arabygdi einaste felemakarlærling på Ole Bull Akademiet.
Den lovande felespelaren vil satse på felebygging på heiltid. han har fått kr 50000 i stipend frå Telemark Fylkeskommune. På Voss går han i lære hjå Sigvald Rørlien. Les meir her.
 (08/11-05)
Valdres lovar ein flott Landskappleik på Beitostølen neste år
Det blir mellom anna stasa meir på dans denne gongen. Og det blir tur i Jotunheimen med båt. Les meir i Valdres.
 (08/11-05)
Nok ein vellukka kappleik i Bø 117 år etter den aller første i landet
På kappleiken for 117 år sidan vart Lars Fykerud beste spelemann i landets første kappleik. I Bø i Telemark har det igjen vore kappleik, og festkveld på fredagskvelden. Mellom dei gode spelemennene denne gongen finn vi
Magne Herrefoss, Ottar Kåsa, Torgeir Straand og Per Anders Buen Garnås. Alle spela til 1. premie. Per Anders Buen Garnås fekk ein hårfin 1. plass. Elles deltok Hellik Dokka på sin kappleik nr 50! Les meir her.  Her finn du resultatlista.  Og her er referat frå festen.
 (08/11-05)
Gautefall-festivalen vel avvikla for 14. gong
Det var rundt 1000 deltakarar på denne festivalen som foregår innandørs, og allereide no er 70% av plassane tinga til neste år. Les meir om dette populære stemnet.
 (08/11-05)
Nytt nummer av Spelemannbladet er på veg ut
Som vanleg i det siste kjem ein del av artiklane i Spelemannsbladet også på Internett, i tillegg til eit oversyn over innhaldet i bladet. Denne gongen er det mellom anna stoff frå Tryllefløyta, Barfotjenta, Folkelarm, Rff-pris til Leif Stinnerbom, ny heiderslagsmedlem Anbjørg Lien, og mykje meir. Les meir her.
 (08/11-05)
Randi Skeide frå Fåberg attvald som leiar i Landslaget for Spelemenn
Landslaget har hatt årsmøte på Beitostølen eit halvt år før det blir Landskappleik der neste sumar. Det nye styret er samansett slik: Leiar Randi Skeie
Jan H. Lislien, Solbjørg Tveiten, Mari Eggen, Knut Aastad Bråten,
1. vara: Jorun Marie Rypdal Kvernberg, 2. vara: Torbjørn Lyngstad og 3. vara: Terje Foshaug. Det kom fram at trass i stor aktivitet i året , ser landslaget ut til å gå i balanse. Det kjem mellom anna av auke i medlemsmassen og god økonomistyring. Under årsmøtet vart det drøfta om ein kunne få til eit einklare kappleiksreglement. Les meir her.
 (08/11-05)
Arild Plassen manglar pengar til å sikre folkemusikken i Folldal
Arild Plassen har arbeidd  i 8 år med å sikre folkemusikken i Folldal for ettertida. Dei har samla inn 150 slåttar som ennå står i kladd i ein ringperm. Målet er at dei skal gjeve ut bok med 200 slåttar og tradisjonsstoff. Men det har ikkje blitt bevilga pengar dei siste åra, og arbeidet står i stampe. Les meir her.
 (08/11-05)
"Den fjerde nattevakt" har hatt premiere som opera
Dei velkjende bøkene til Johan Falkberget har blitt til opera! I 5 år har Gisle Kverndokk arbeidd med operaen, der musikk har rot i folkemusikk frå Bergstaden. Og ingen ringare enn Sven Nyhus står på scenen og spelar skikkeleg pols i røros-tradisjon. Hege Høiseter og Frode Olsen har fått hovudrollene skrivne spesielt for seg. Ivar Tindberg har hatt ansvaret for librettoen. Les meir i Aftenposten.
 (06/11-05)
CD-lansering med Jon Faukstad og Per Sæmund Bjørkum
Dei to framifrå folkemusikarane, som begge arbeider ved Norges Musikkhøgskole, kjem med ny CD - "Konsert på Kleppe". Den blir lansert torsdag 17. november på Oslo Ladegård kl 19.30, St. Halvards plass Oslo gt 13. Gratis inngang.
 (01/11-05)
I Lindemans fotefar - konsertserien blir avslutta 3. desember i Oslo
I samband med utgjevinga av Lindemans samla oppskrifter
”Ludvig Mathias Lindemans samling av norske folkeviser og religiøse folketoner” er det i haust ein konsertserie der 7 av våre fremste kvedarar syng viser samla av Lindeman i kvar sine tradisjonsområde.

Dei 7 er Ragnhild Furholt, Gunnlaug Lien Myhr, Marit Mattisgard, Camilla Granlien, Sinikka Langeland, Øyonn Groven Myhren og Ingvill Marit Buen Garnås. Det er Norsk kvedarforum og Den norske folkemusikkscena som står bak serien. Den 3. desember held dei felles konsert på Oslo Ladegård. Konsertserien er støtta av Norsk Kulturråd, Fond for utøvende kunstnere, Fond for lyd og bilde, Lindemans Legat og Rådet for folkemusikk og dans. Konserten startar kl 19. Billettar kan tingast her: dnfs@folkemusikk.no .
 (31/10-05)

Hellik Dokka (75) overrekt kongens gull
Den kjente dansaren Hellik Dokka fekk overrekt medaljen av fylkesmann Kirsti Kolle Grøndal. Ca 100 var samla då dei feira 75 årsdagen til den gode tradisjonsbæraren. Les meir her.
 (27/10-05)
Riksscene for folkemusikk - god eller dårleg ide?
Ja det spørsmålet stiller Anna Hamre i Spelemannsbladet. Her kan du lese kva ho meiner. Ho er ikkje udelt begeistra. Les her.
 (27/10-05)
Oppsetninga "Harpa" vart godt motteken på Osafestivalen
Dette er ei musikals dramatisering av den kjente folkevisa "Horpa" om dei to søstrene som begge ville ha same gut til ektemann. Her har vi både folkemusikk og dans kombinert med moderne dans og video. Det er Ingvild Buen Garnås som er kedar og dansar og forteljar. Dei som dansar moderne dans er
Mia Haugland Habib og Ingeleiv Berstad, to spelar kontrabass, det er Mats Eilertsen og Robert Horn, og Ole Henrik Moe og Nils Økland spelar fele. Olav Gorset i Bergens Tidende synest det var ei interessant forestilling.
 (27/10-05)
Endå ein vellukka Osafestival gjennomført sist helg
Osafestivalen på Voss i slutten av oktober har blitt ein viktig møteplass for folkemusikk og kunstmusikk. Arrangørane kan melde at dei er godt fornøgd med årets festival, som hadde forteljinga i sentrum. Festivalen er ikkje mellom dei største, I år var det i overkant av 1000 som deltok på tilskipingane. Mellom aktørane var kjende namn som Åge Kvalbein, Henning Sommero, Knut Buen, Jostein Mæland, Hallgrim Berg, Steinar Ofsdal og Ingvild Buen Garnås. Les også i Bergens Tidend.
  (27/10-05)
LfS svært godt fornøgd med Folkelarm
Landslaget for Spelemenn melder at dei er svært godt nøgd med Folkelarm, og det er allereide klart at det blir Folkelarm også til neste år. Artistar, arrangørar og eit også elles stort publikum på ca 750 personar fredag og 850 personar laurdag kveld fylte begge salane på "Fabrikken". I alt var det bortimot 50 oppkjøparar på festivalen, av dei 15 frå miljø utanfor folkemusikken. Det har også vore bra respons i media. Dagsavisen, Nationen, mange region- og lokalaviser, samt i NRK Midt i musikken, Østlandssendinga og i NRK1-fjernsynet si distriktssending. Eit innslag i Rikets Røst på TV2 kjem også førstkomande torsdag, og det har samanheng med to innvandrar-deltakarar på kappleiken. Les meir her.

 (23/10-05)
Kirsten Bråten Berg utnemt til Riddar av 1. klasse av St. Olavs orden
H.M. Kongen har utnemnt sølvsmed og folkemusikar Kirsten Marie Bråten Berg, Rysstad, til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St Olavs Orden for innsatsen hennar som kunstnar og kulturformidlar. Kirsten Bråten Berg får overrekt dekorasjonen torsdag 22. november 2005 kl 14.00 på Setesdalsmuseet på Rysstad av Fylkesmannen i Aust-Agder, Hjalmar I Sunde. Kirsten har i mange år vore ein av våre aller fremste folkemusikarar. Kirsten har gjeve ut ei rad plater, halde eit utal konsertar, vore aktiv som instruktør. Ho har vunne Landskappleiken fleire gonger og vart i sumar utnemt til heiderslagsmedlem i Landslaget for Spelemenn. Vi gratulerer!
(23/10-05)
Mange deltakarar på Oslokappleiken 2005 under FolkeLARM
Laget for Folkemusikk valte å samarbeide med FolkeLARM, på den måten at Oslokappleiken vart flytta frå Storsalen i Nordahl Brunsgt 22 til Fabrikken der FolkeLarm også gjekk føre seg. Denne samlokaliseringa hadde sikkert positive verknader for begge arrangementa. Kappleiken varte frå 10 til 18 og mange gode prestasjonar vart vist. Også mange unge deltok. Best i hardingfele vart Jan Beitohaugen Granli (sjå biletet), medan Erlend Viken vart best i vanleg fele. Som året før vart Rolf og Anne Grete Bjørgan best i dans vanleg fele. I vokalklassen vart Kim Rysstad frå Setesdal best. Her kan du finne mange bilete frå kappleiken.  Her finn du heile reslultatlista.
 (23/10-05)
Også Tradisjonsscene under Folkelarm
Nokre grupper valde å presentere seg under Tradisjonsscena i staden for som Showcase. Det føregjekk i ein pause under Kappleiken.Dei som var med var Sør-Fron Spelemannslag, Sigbjørn Rua, Småjondølene, Østerdølenes spellmannslag og Jan Beitohaugen Granli/Hallgrim Hansegård. Her kan du sjå bilete frå Tradisjonsscena.
 (23/10-05)
Overraskande innslag i Oslokappleiken frå innvandrarkulturen
Det var mange som sperra opp augo då to det dukka opp to framandkulturelle deltakarar i halling på Oslokappleiken under Folkelarm. Men då også TV2 gjorde opptak samtidig var det nok mange som såg ein samanheng her. Det skal vistnok kome innslag på TV2 på torsdag. På biletet ser vi ein av dei to deltakarane. Han her ein flott sunnmørsbunad som han vistnok har lånt på Heimen. Dei to fekk ikkje så mange poeng for hallingen sin, men publikum syntest det var eit morosamt innslag.
 (23/10-05)
Annbjørg Lien utnemt til heiderslagsmedlem i Landslaget for Spelemenn
Under prisutdelinga av plateprisar under FolkeLARM i Oslo vart Annbjørg Lien utnemnt til æresmedlem i Landslaget for Spelemenn. Lien har gjennom mange år stått i fremste rekkja mellom våre unge folkemusikarar. Ho vann Landskappleiken fleire gonger i C-klassen, har gjeve ut ei rad plater, halde ei rekkje konsertar i inn- og utland, vore sentral i gruppa "Bukkene Bruse", har komponert ein god del folkemusikkbasert musikk, og vore ein banebrytar for den såkalla verdsmusikken i landet vårt. På biletet spelar ho Fanitullen etter prisutdelinga.
 (23/10-05)
Svært vellukka folkemusikkpris-fest under FolkeLARM i Oslo
Laurdag 22. oktober gjekk den aller første plateprisutdelinga innan folkemusikk av stabelen på FolkeLARM i Oslo. Det var fullt med folk i den ikkje alt for store salen på Fabrikken på Grünerløkka. Det var konsert og prisutdeling på same tid, slik vi er vant med det frå Spellemannsprisen. Svært dugande artistar var i sving: Majorstuen, Flukt, søskjena Sundli, Hansegård/Granli, Sondre Bratland og Annbjørg Lien. Annbjørg Lien vart også utnemnt til Heiderslagsmedlem i Landslaget for Spelemenn, og ho kvitterte med framifrå spel. Prisvinnerane i dei ulike klassane var: Årets Dokumentasjon: "Odd Bakkerud" på Talik, Open klasse /eksperimentell: Geitungen med "Bra kast", Årets samspelplate - tradisjonell: Nordafjells med "General", Årets soloplate: Bodil Haug med "Snart lyset seg mon svinge", Årets nykommar: Einar Olav og Gjermund Larsen med "Støttenpassingen". Største overraskinga var kanskje at Geitungen vann Open klasse framfor mellom andre Majorstuen. Biletet syner alle prisvinnarane saman med leiaren i LfS Randi Skeide. Dei som sat i juryen var
Kjell Bitustøyl, Jarnfrid Kjøk, Sigbørn Apeland, Bjørn Aksdal og Ante Mikkel Gaup. Sjå bilete frå utdelinga her.
 (23/10-05)
FolkeLARM er i gang på Fabrikken i Oslo
Den nye "festiven" til Landslaget for spelemenn starta i går laurdag 21. oktober i to salar på Fabrikken. I alt var det 24 grupper som presenterte seg frå 19.30 til langt over midnatt. Det var svært mange spennande innslag, dei fleste med arrangert folkemusikk i ulike samansetningar, men også tradisjonelt samspel, og vanleg gamaldans, til dømes Sven Nyhus kvartett. Mellom dei som imponerte mest var "Gamalt nymalt" som er ei ny Vestlands-basert hardingfeletrio: Håkon Høgemo, Sigrid Moldestad og Einar Mjølsnes. Elles var trønderduoen Sturla /Andreas gode, sameleis den nye gruppa "Herr Ole" med brørne Aastad Bråten, Hege Nylund og Gunnlaug Lien Myhr. Her kan du sjå bilete frå ein del av dei gruppene som var med.
 (22/10-45)
Stort stipend til nordnorsk folkemusikkgruppe "Hekla stålstrenga"
Det er Festspillene i Nord-Norge som deler ut Ungkunststipend, og eit av dei to stipenda på 130 000 kroner går til ei ny folkemusikkgruppe "Hekla stålstrenga" som har alliert seg med 3 profesjonelle folkedansarar: Magne Kleiveland,
Sigurd Johan Heide og Hallgrim Hansegård. I musikkgruppa er desse med: Tore Bruvoll på gitar, Sigrid Rander-Pehrson på vokal, Inge Dulin på perkusjon, Andreas Amundsen på kontrabass og Ragnhild Furebotten på fele. Desse musikarane er kvar for seg velkjende, men dei har berre ein kritikarrost konsert bak seg som gruppe. Les meir om stipendet her.
 (18/10-05)
Statsminister og statsrådar invitert til opninga av folkemusikkscene i 2008
På slottsplassen vart nyutnemt statsminister Stoltenberg og kulturminister Giske og andre invitert til opninga av riksscena laurdag 7. juni 2008 i kulturkvartalet Schaus i Oslo. Men då må det altså snarleg løyvast statlege pengar til tiltaket. Invitasjonane vart overlevert av Maria Høgetveit Berg (leiar i utvalet som no utgreier Riksscena), Marit Jacobsen (dagleg leiar i Noregs Ungdomslag), Magnar Sundt (dagleg leiar i Landslaget for Spelemenn) og Halvard Kaasa (leiar i Norsk Folkemusikk- og Danselag).
 (17/10-05)
Representantskapsmøtet i Rff sender skarpt brev til Storting og departement
Representantskapsmøtet i Rådet for Folkemusikk og folkedans som nyleg var i Oslo har sendt ein skarp resolusjon til Familie og kulturkomiteen på Stortinget og Kultur og kyrkjedepartementet, der dei spør om dei politiske miljøa held dei for narr. Bakgrunnen er at det tidlegare har blitt lova auka støtte til folkedans og folkemusikkarbeidet i landet vårt. Her fylgjer utdrag frå pressemeldinga:


"Alle politiske signal dei siste åra har vore at det no er folkemusikk- og folkedanssektoren sin tur til å få eit monaleg løft i løyvingar, det galdt berre om å stå samla og ha felles prioriteringar. Det har sektoren hatt sidan 2002, men heller ikkje i framlegg til  statsbudsjett i år kom det noko løft. Held dei politiske miljøa oss for narr?
 
Eit samla representantskapsmøte i Rådet for folkemusikk og folkedans 15. oktober 2005 meiner folkemusikken og dansen nå må få det løftet som er lova, og ber konkret om ressursar til: 
  • Styrking av folkedansen gjennom
    • Auke som gjer at Bygda dansar kan drivast i to fylke i 2006
    • Auke i prosjektmidlar til ei breidd av ulike undervisningsprosjekt for å tilby folkedanspedagogar til ulike former for undervisning
    • Styrking av arkiv og fagmiljø for sikring og tilgjengeleggjering av arkivmateriale
  • Kunstnarleg aktivitet og formidling
    • midlar til å realisera Riksscene for folkemusikk og folkedans  i hovudstaden
    • prosjektmiddel for produksjon av konsertar, framsyningar og turnear (formidlingsstøtta og tiltaksmidlar i Rådet for folkemusikk og folkedans og ei ny ad hoc støtteordning)
    • styrking av Den norske folkemusikkscena og arrangørnett

For å hindre ei rasering av opplæringa lokalt og regionalt, ber møtet om at støtta til vaksenopplæring gjennom studieforbunda blir auka, ikkje redusert slik det no er foreslått. 
Det er også viktig å sikre fagkompetase og arbeidsplassar innan folkemusikk gjennom distriktsmusikarordningane som no kan stå i fare som ei følgje av vedtak tilknytt St. prp. Nr 60 2004/2005
"
(17/10-05)

Norsk visearkiv - eit kompetansesenter
Norsk visearkiv vart etablert i 1983, og får løyvingane sine over statsbudsjettet. Her skriv dagleg leiar Velle Espeland om kva arkivet er og driv med.
 (16/10-05)
Nokså positive meldingar av Tryllefløyta i aviser/radio
I Aftenposten søndag 16. oktober skriv Mona Levin ein relativt kort omtale av folkeoperaen. Ho er stort sett positiv, men synest også at delar av oppsettinga er sidrumpa og stilleståande.
NRK er også positiv i sin omtale av operaen. Av sangarane blir Berit Opheim og Aasmund Nordstoga framheva, og Odd Nordstoga er forfriskande, men ikkje så bra songar. Musikarane fekk for liten oppmerksomheit ved teppefall fordi vi fekk ei malplassert premieutdeling. Les meir her.
Telemark Arbeiderblad.   Varden.      Landslaget for spelemenn. 
 (16/10-05)
Strålande folkemusikkversjon av Tryllefløyta på Den norske Opera
Det aller siste statsminister Kjell Magne Bondevik og kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland gjorde "i embets medfør" var å oppleve premieren på Tryllefløyta fredagskvelden 16. oktober. Og saman med ein fullsett sal fekk dei oppleve ei framifrå forestilling. Nordisk folklore og nordisk folkemusikk smelta fint saman med Mozarts over 200 år gamle opera. Den svenske gruppa Harv sytte for ein variert og kraftfull musikk der folkemusikken fekk sterk gjennomslagskraft. Dei norske songarane og dansarane leverte som venta framifrå prestasjonar. Øyonn Groven Myhren, Jon Anders Halvorsen, Odd Nordstoga, Aasmund Nordstoga, Berit Opheim  og Annar Nore By hadde dei solistiske rollene og gorde det svært fint. Spesielt merka vi oss innsatsen til Berit Opheim og Aasmund Nordstoga. Dei tre ternene Kirsten Bråten Berg, Gro Kjelleberg Solli og Marit Mattisgard leverte framifrå fleirstemt song. Dansarane Martin Myhr og Jon Ellingsen gjorde også som venta sine ting godt. Den gode regien var ved Leif Stinnerbom, som er den i norden som har framstått som skaparen av folkedansteateret. Koreografien var ved Indra Lorentzen, dei fantasifulle bunadinspirerte kostymene ved Inger Hallstrøm Stimmerbom, og den fine gjendiktinga var ved Stein Versto. Etter tre førestillingar i Oslo, skal ensemblet på ein månads turne kringom i landet (sjå her) og til neste år også i Sverike.  Alle som er glade i norsk folkemusikk bør unne seg gleda ved å oppleve denne forestillinga som vi trur blir ståande som gjennombrotet for folkedans/folkemusikk-teater i landet vårt. Det Rikskonsertane i Noreg, Riksteatern i Stockholm og Västanå Teater som står bak oppsettinga som er ein del av 1905-markeringa.
Les omtale før premieren: Bergens Tidende  Värmlands Folkblad, Aftenposten (med lydkutt), Avisa Valdres
 (15/10-05)
Østlandets Trekkspillfestival avvikla på Kongsberg.
Det gjekk føre seg i Lågdalsmuseet. Her kan du sjå bilete og reportasje frå tilskipinga.
(15/10-05)
Bø kommune utnemnt til årets kulturkommune
Bø i Telemark vart tildelt prisen Norges kulturkommune 2005. Kommunen fekk prisen for si breie satsing på folkemusikk og for sine mange gode kulturarenaer. Av eit budsjett på 150 millioner, bruker Bø 9 millioner på kultur kvart år. Les meir her.
 (15/10-05)
Nominasjonane til den nye Folkemusikkprisen er klar.
Den 22. oktober i Oslo blir folkemusikkprisen delt ut under FolkeLarm. Det blir ein stor konsert i samband med utdelinga, der mange av våre mest dugande folkemusikarar deltar: Andreas Ljones band, Annbjørg Lien, Jan Beitohaugen Granli, Flukt, Gunnhild og Sveinung Sundli, Majorstuen og Sondre Bratland.Progamleiarar vert Ola E. Bø og Silje Hegg. Sjå dei nominerte platene her.
 (15/10-05)
Folkemusikk i frukost-TV laurdag 15. oktober
I frukost-TV var Øyonn Groven Myhren og Marit Mattisgard tilstades i samband med premieren på Tryllefløyta. Øyonn Groven Myhren song og Marit Mattisgard spela langeleik til. Regisøren Leif Stinnerbom vart også intervjua om Tryllefløyte-prosjektet.
 (15/10-05)
Leif Stinnerbom mottok Rff-prisen for 2005 av Valgjerd Svarstad Haugland
Det skjedde i Den Norske Opera rett etter premiereforestillinga på Tryllefløyta. Kulturministeren las opp grunngjevinga, og leif Stinnerbom fekk velfortent applaus frå ei stor forsamling.
 (15/10-05)
60 aktørar markerte Folkemusikkhelga sitt 15 års jubileum
Det var ungdomar frå heile Rogaland som var med på kurshelga og den avsluttande konserten i Kulturhuset. I alt var det 80 kursdeltarar med. Les meir her.
 (11/10-05)
Også i Sverike (Linkøping) er det folkemusikkinteresse
Over 800 tilhøyrarar var det i Folkets Park i Linkøping då Foreningen Folkmusik i Linkøping skipa til sin tredje festival. Les meir her.
 (11/10-05)
Viktig rekrutteringstiltak for barn og unge i Sigdal
Barne- og ungdomssamlinga 2005går av stabelen på Folkemusikksenteret i Prestfoss i Sigdal 29. - 30. oktober. Her prøver dei å skape eit godt sosial miljø med mange ulike aktivitetar: I tillegg til kursa blir det konsert med instruktørar og deltakarar, dansefest og sjokoladekappleik. Les meir her.
 (11/10-05)
Både debut og avskjed for "Gåte" i USA
Gruppa som har sagt at dei vil ta ein pause, hadde konsert på "Nordic Roots" i USA. Dei vart mottekne med stor entusiasme. Også Annbjørg Lien og Knut Hamre var med på "Nordic Roots" og fekk mykje applaus frå eit stort publikum. Les her.
 (11/10-05)
Mange ville høyre og sjå Knut Buen på Prestfoss
Knut Buen helst kurs i hardingfelespel og heldt konsert på Folkemusikksenteret på Prestfoss. Les meir her.
 (11/10-05)
Musikkverkstad-ordninga skal dele ut 10 millionar kroner
Søknadsfristen for desse pengane er 10. november. Desse pengane skal gå til aktivitetar innan rock, jazz, folkemusikk og verdensmusikk. Les meir her.
 (11/10-05)
Eit steg nærare riksscene for folkemusikk og folkedans i Oslo?
Det ser ut til at Schou-kvartalet i Oslo kan bli tilhaldsstad for ei riksscene for folkemusikk og folkedans. Musikernes Fellesorganisasjon støttar no ei slik scene. Men Hilde Bjørkum har i eit innlegg i Bergens Tidene igjen teke til orde for ei landsdekkjande scene. Dette reagerer leiaren i Norsk folkemusikk og danselag Hallvard Kaasa på. I Schou-kvartalet er det også planar for andre kulturaktivitetar.
 (11/10-05)
Tre dugande folkemusikkgrupper med CD i 2006
Dei tre kjente gruppene er Kvarts, Askerladden og Søndre Trondhjem spellmannslag. Dei går i studio nå i haust, og platene kjem på førsumaren.
  (11/10-05)
Vellukka Fylkeskappleik i Telemark
Fylkeskappleiken var i år i Seljord, og det var mange dugande tevlarar i sving. Per Anders Buen Garnås vart best i hardingfele klasse A, med Ottar Kaasa og Torgeir Straand som dei neste og også 1. premie. I kveding klasse A fekk
Ingvild Marit Buen Garnås og Kjell Hovet 1. premiar. I dans klasse A vart Johan Vaa best med 197 poeng, medan Signe Årdalen Tveiti vart best mellom kvinnene  med 199 poeng. Les meir her.  Les også om kappleiken her.      Og her.
 (11/10-05)
Agnes Buen Garnås er tildelt Norsk Kulturråds ærespris for 2005
Den høgthengande prisen er på 300 000 kroner.
"Garnås har gjennom fleire tiår stått i fremste rekkje som utøvar av norske kvedartradisjonar. Gjennom konsertar, kurs- og seminarverksemd har ho gjort ein eineståande innsats for norsk vokaltradisjon i folkemusikken.” heter det i grunngjevinga. Som ung vann ho Landskappleiken 6 gonger og har gjeve ut 22 plater. Ho har halde mange kurs og mange konsertar og har i det heile vore ein sentral person i norsk folkemusikk. Ho skal få prisen på eit tilstelling i Oslo Konserthus 12. desember. Tidlegare har ei lang rekkje framståande kunstnarar fått prisen, mellom dei:  Alf Prøysen, Sigbjørn Bernhoft-Osa, Harald Sæverud, Arne Skouen, Arne Nordheim, Synnøve Anker-Aurdal, Anne-Cath Vestly, Arve Tellefsen, Erik Bye, Liv Ullmann, Sverre Fehn, Finn Carling, Kjartan Slettemark, Edith Roger og Jon Fosse. Æresprisen i 2004 gjekk til Jan Garbarek. Les meir her.  Ho er glad for å ha fått prisen, som ho på eit vis reknar går til heile folkemusikk-Noreg, seier ho til TA.
 (29/09-05)
Griegakademiet feirar 100 års utdanning i musikk denne månaden
Griegakademiet i Bergen omfattar fleire "avdelingar": Institutt for musikk ved Universitetet i Bergen, Seksjon for lærerutdanning ved Høgskolen i Bergen og Ole Bull akademiet på Voss med Spelemannsskulen og Kvedarskulen. Les meir her.
 (29/09-05)
Folkemusikkscena skipar til seminar på Øyer
Ein av innleiarane på seminaret er gründeren bak musikkscena Blå i Oslo, Martin Revheim, som skal fortelje korleis ein kan bygge opp ei "scene" for ein liten sjanger som jazz. Les meir her.
 (29/09-05)
Spelemannsbladet nr 5/6 2005 er kome, og i ny grafisk drakt
Bladet har fått ny og moderne design, og ein del av innhaldet i bladet kan vi også finne på Internett. Les det her.
 (29/09-05)
Nye plater med folkemusikk innkjøpt hausten 2005
Innkjøpskommiteen i Norsk Kulturråd har hatt sitt "haustmøte" og bestemt kva plater som skal kjøpast inn i haust. I alt er 10 folkemusikk/folkesong-plate innkjøpt. Liste over platene finn du her.
 (29/09-05)
Stor interesse for dans, spel og song i Bø
Heile 40 får to til 70 år deltok på kurset i bygdedans, song og spel i Bø i Telemark i helga. Lærerkreftene var dei aller beste både i dans, song og spel. Varden har snakka med Agnes Buen Garnås som var den som underviste i song. Les meir der.
 (29/09-05)
Japaner (jente 27) går på Rauland og lærer hardingfelespel
Det er ikkje så mange frå Japan som har lært å spele hardingfele og også lært seg norsk. Men det har Satoko Katagihara gjort, begge deler heime i Japan. Og no er ho ei av 18 utanlandske studentar på Rauland, ca 10% av alle studentane. Det var interessa for griegs musikk som gjorde henne interessert i norsk folkemusikk, og seinare spelet til annbjørg Lien. Les intervju med den japanske jenta her.
 (29/09-05)
Stor interesse for den nye "spellemannsprisen" FOLKELARM-prisen
No er fristen for å melde på plater gått ut, og det er påmeldt ikkje mindre enn 42 plater. Platene fordeler seg bra mellom dei 5 klassane som er oppretta, men det er mest på tradisjonelt og eksperimentelt samspel. Les meir her. her finn du også ei liste over alle platene som er påmeldt.
 (29/09-05)
Tre turnear med Den Norske Folkemusikkscena i haust
Det er tre gode grupper som Scena sender ut på turne: Gruppa Rusk har allereide gjort unna sin turne som også skal resultere i ei live-plate. Så skal den svenske gruppa Triakel på turne i midten av oktober, og gruppa Onkel Folke (som før heitte Folk) skal på turne i slutten av november i samband med at dei gir ut debutplata si. Les meir her.
 (24/09-05)
Odd Nordstoga fekk Medaas-prisen 2005
Det var dotter til Ivar Medaas, Ingvill Medaas Skogen, som delte ut prisen i Logen i Bergen. Det er femte gong prisen på kr 25000 vert delt ut.  Les meir her.
 (24/09-05)
Lære gamaldans på 4 timar - går det an?
Oslo Songdanslag arrangerer søndag 25. september eit gamaldanskurs frå kl 11.00 - 15.30 i Halli i Nordahl Brunsgt. 22. God spelemann og god rettleiar står det i annonsa i Aftenposten. Men kan ein lære gamaldans  på ei ettermiddagsøkt? Vel, det går an å prøve?
 (24/09-05)
Gamaldansforeninga "Åsdansen" slutta og ga bort lagskassa
"Ås gamaldansforening" skifta for nokre år sidan namn til "Åsdansen", men det har vore dårleg rekruttering til laget, og nå har dei lagt ned laget og gjeve pengane som var att til Åslunds Venner. Les her.
 (24/09-05)
Folkemusikkpøbben i Tromsø starta fredag 23 september
Då var det Tore Bruvoll med gjester som spela på  pøbben. Seinare i haust kjem andre kjente folk: til dømes Triakel (21. oktober) og OnkelFolke (25. november). Les meir her.
 (24/09-05)
'Folkemusikk og lokalhistorie fengar elevane på Nordmøre
Som ein del av Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival har det også vore forestillingar i skulen. Unni Boksasp, Martin Myhr og Torgeir Leivdal (fele) gjorde stor lykke med borna.
 (24/09-05)
Folkemusikalen Barfotgjenta oppført også i Ås og Askim
Barfotjenta er ein folkemusikal basert på ei barfotjente, dvs ei fattig svensk jente som kom vandrande over grensa frå Sverike for å få seg arbeid på norsk side. Det er kulturkrefter i Oppegård som står bak, og mange dyktige folkemusikarar i Østfold/Akershus og sverike er med. Les meir om Barfotjenta her.  Og her.
 (24/09-05)
Heiderskonsert for spelemannen Ole Blø i Misund i Romsdal
Ole Blø fyller 85 år 7. oktober og er ein av dei få av den eldre generasjonen gode folkemusikarar i Romsdal. Med i konserten blir mellom andre Jorun Marie Kvernberg, som dei siste åra har lært ein del slåttar av Ole Blø. Ho skal spele saman med trekkspelaren Øyvind Sandum frå Lalm. Også ekteparet
Harald Blø og Gunvor Holtlien som er filarmonikarar i Bergen. Les meir her.
 (24/10-05)
Union nye kulturscene i Drammen: Munnharpe på sitt beste
I samband med opninga av ny kulturscene i Drammen blir det i dag larurdag
 norsk folkemusikk, ny norsk samtidsmusikk og balinesisk folkemusikk. Mange av våre beste munnharpespelarar er i aksjon: Rune Martinsen, Hallgrim Berg, Ånon Egeland og Svein Westad. Dei har med seg folkemusikarar frå Bali. Meir her.
 (24/09-05)
Mykje stildans i Oslo-området i haust
Stildans har blitt ein populær aktivitet både i mange leikarringar og i spesielle stildansgrupper. Her er eit knippe av kurs og øvingar i haust: 8/10: Laurdagskurs på Hamar (Moulineten), 14/10: Stildansøving i Symra, 15/10: Laurdagskurs i Kvadriljetten, 21/10: Øving på Hamar (Moulineten), 26/10: Stildans temakveld i Symra, 28/10: Stildansøving i Symra, 12/11: Stildans på Mortens kro på Gjelleråsen, 25/11: Øving på Hamar (Moulineten), 26/10 Stildansavslutning i Symra, 3/12: Adventsball på Vestfossen (Noreg), 4/12: Minikurs i Stildans (Symra), 9/12: Adventsdans på Hamar (Moulineten).
 (20/09-05)
Dag Vårdal gir ut bok om norske balltradisjonar
Dag Vårdal har vore ei drivande kraft i arbeidet med balldansar i Oslo-området. Han har vore leiar for Christiania Tour og runddansorkester og spelemann og rettleiar i Bærum Balselskab. No kjem han med ei bok som inneheld rettleiing av ein del "ukjente" balldansar som han har funne i eldre norske dansebøker. Boka heiter "Fransaiser og Kvadriller i eldre norske dansebøker", og det høyrer også med to CD'ar med musikken som høyrer til. Boka inneheld i alt 7 ulike dansar. Ho vert lansert på eit seminar som Bærum Balselskab skal ha på Sørmarka 19-20 november 2005. Boka kan også tingast (kr 350) på førehand. Denne boka/CD'ane vil sikkert bli motteken  med glede i dei miljøa som arbeider med norsk stildans. Informasjon hjå Dag Vårdal.
 (20/09-05)
Vellukka trekkspelsart med 70 spelemenn i Vennesund i Nordland
Nordstrømmen og velfjord tekkspelklubbar har stått for trekkspeltreff 4. år på rad. Heile 70 aktørar deltok. Dei to laga fekk også ein kommunal sjekk på 10000 kr. Les meir her.
 (20/09-05)
Nes Kirke med 275 års jubileum: Annbjørg Lien og Sondre Bratland
Det var fullsett kyrkje då dei to kunstnarane avrunda jubileet for kyrkja. Publikum fekk ein fin konsert, fortel Hadeland.
 (20/09-05)
Gamaldansgruppa Nordafjells får svært fin omtale i OPP på Oppdal
Den dugande gruppa har nyleg gjeve ut CD, og etter ein konsert i Oppdal får dei svært rosande omtale i avisa OPP. Les her.
 (20/09-05)
Selstreff-prisen til Anne Grete og Rolf Bjørgan
Sels-treffen gjekk av stabelen nyleg, den 19. festivalen i rekkja. og det var ei lang rad av våre fremste gamalsdansorkester som var i sving. Meir her.
 (20/09-05)
Varna folkedanslag prøver å få ungdomen med
Det er ikkje så lett å rekruttere unge til fokedansmiljøa. I folkedanslaget Varna prøver dei å gjere noko med det. Les her.
 (20/09-05)
Anne Sofie Linge Valdal (25) miksar norsk og skotsk folkemusikk
Denne jenta frå Sunnmøre har flytta til Skottland der ho har starta eit folkemusikkband. Ho har nyleg vore med å spela inn to CD'ar dr borte. Les meir om hennar "fantastiske" historie.
 (20/09-05)
Song- spel- og dansehelg i Suldal 30/9- 2/10  2005
For 15. gong skipar blir det i Rogaland opplæringshelg for born og unge på Mo laksegard i Suldal. Det er opplæring i spel på ulike instrument, i folkesong og i folkedans. Mange dugande musikarar og dansarar er lærarar, til dømes Steinar Rygg, Steinar Ofsdal, Anders E. Røine, Åshild Vetrhus, Ruth Anne Moen. Det er Fylkesmusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet og Vibå spelemannslag som står bak. Meir info her.
 (15/09-05)
Landslaget for Spelemenn har fått nesten 500 000 til lokallagsstøtte
Gjennom Norsk Musikkråd har dei fått desse pengane som Frifondstøtte. Pengane skal gå til lokale aktivitetar i lag som har minst 1/3 av medlemene under 26 år. Søknadsfristen er 20. september. Meir her.
 (10/05-05)
Vellukka kvedarseminar i Trysil
Det var knapt 40 deltakarar på årets Kvedarseminar i Trysil. Lokking, laling og joik stod på kursprogrammet, men deltakarane fekk også vere med på konsertar og fekk lære om Trysil-bygda og oppleve livet på ei sæter.
 (10/09-05)
Trekkspelaren John Fjellbu vil ikkje flytte attende
Han vart kjent eter programma "Syng og spel" i TV for mange år sidan. Les her kvifor han ikkje vil flytte tilbake.
 (10/09-05)
Trekkspelarar samlast på Sandnes
Jærbelgen trekkspillklubb står bak treffet i helga. Les om det her.
 (10/09-05)
Vellukka trekkspelmønstrin i Geiranger
Den årlege Geiranger-festivalen for trekkspel er over, og dei gler seg over at fleir ung er komne med i miljøet. Les meir her.
 (10/09-05)
Forteljingar blir tema for neste Osa-festival
Mellom dei som deltar er Knut Buen som spelar og fortel om Knut Tjønnstaul, Bergen Barokk med skodespelarar skal framføre kantatar frå 1700-talet, mellomalderballaden Horpa blir framførd med Ingvill Marit Buen Garnås og harald Hårfagre kammerorkester. Det blir også markering av klangen frå 1905, og Steinar Ofsdal med musikarar skal vere med. Les meir her.
 (10/09-05)
Ny platepris for folkemusikk på FOLKElarm
Det vil bli delt ut prisar i 5 klassar i tillegg til ein heiderspris til årets folkemusikar. På utdelingskonserten 22. oktober vil mange av våre fremste folkemusikarar delta: På priskonserten vil ei rekke av dei fremste folkemusikarane i landet delta, slik som Andreas Ljones band, Jan Beitohaugen Granli, Flukt, Gunnhild og Sveinung Sundli, Annbjørg Lien, Sondre Bratland, Hallgrim Hansegård og Majorstuen. Dei fem klassane er: Årets soloplate (tradisjonell), Årets samspelplate (tradisjonell), Open klasse/eksperimentell, Årets nykomar og Årets dokumentasjonsplate. Les meir her.
 (10/09-05)
"Gåte" er oppløyst på ubestemt tid
Gruppa Gåte har i mange år hatt svært stor suksess med sitt folke-rock-prosjekt. Men nå har dei bestemt å oppløyse gruppa på ubestemt tid. Dei stod nå føre lansering i utlandet, men vokalisten Gunnhild Sundli ville ikkje satse lenger, etter at ho heilt frå ho var 13 år har brukt heile ungdomstida si på Gåte. Meir her.
 (10/09-05)
Jon Anders Halvorsen og Ingvill Marit Garnås: ny CD - "Gåtesong"
Den nye CD'en er utgjeven på Etnisk Musikkklubb. Plata vart sleppt under Telemarkfestivalen i slutten av juli. Plata inneheld såkalla gåtesongar - dei fleste med tradisjonelle melodiar, men også eit par nykomponerte. Mange av songane på plata er ukjente for dei fleste, også dei som er kjent med norsk folkesong. Plata var Månadens album på Nordisk profil i etnisk musikklubb.  Meir her.

 (10/09-05)
Rff-prisen 2005 til Leif Stinnerbom
Rådet for folkemusikk og folkedans har vedtatt å gi Rff-prisen 2005 til Leif Stinnerbom, teatersjef på Västanå teater, Sunne i Värmland. Leif Stinnerbom har bakgrunnen sin som utøvar i samisk og svensk tradisjonsmusikk og tradisjonsdans.  I grunngjevinga står det: "Gjennom originalt nybrottsarbeid har han saman med kona Inger Hallström Stinnerbom skapt  fargesterke, kreative rom for bruk av folkemusikk og folkedans på scena. Arbeidet hans har vore ein heilt avgjerande og sentral inspirasjon for det aller meste av den tydelege nyorienteringa som har skjedd i Noreg når det gjeld scenisk presentasjon, spesielt av folkedans, men òg av folkemusikk dei seinare åra.  Når Stinnerbom har blitt så viktig er det mellom anna fordi han maktar å gripa fatt i sentralt, djuptliggjande uttrykkspotensiale i den folkelege kulturen som han på ein meistarleg måte byggjer iscenesetjingane sine på." Av oppsetjingar i Noreg kan nemnast: Peer Gynt på Rogaland Teater i Stavanger og En midtsommernattsdrøm på Den Nasjonale Scene i Bergen. Han har også vore med og skapt heilt nye forestillingar som Skal, skal ikkje for Førde internasjonale folkemusikkfestival og Meistermøy for prosjektet Fjordapuls – Bygda dansar og i haust Tryllefløyta.

 (08/09-05) 
"Sinnsykt bra alternativ" har fått nytt styre
"Sinnsykt bra alternativ" er namnet på eit lag/nettverk som tar sikte på å ta vare på folkemusikk og dansetradisjonar i Nord-Noreg. Dei er tilslutta Landslaget for Spelemenn. Dei møtest berre nokre få gonger for året. I det nye styret er Anne Berit Heide fra Grytøya den nye leiaren (Høvedsmannen), og medlemer (roarar) er Ingelin Nilsen (Tromsø), Birgitte Rørvik Bruun (Evenes/Harstad), Ståle Paulsen (Mo i Rana) og Sigurd Johan Heide (Trondheim).
 (06/09-05)
Hauk Buen med to konsertar på Årinn-festivalen i helga
Hauk Buen er ein av våre aller fremste på hardingfele, og i helga hadde han to konsertar under Årinn-festivalen, både i Valle og i Kristiansand, saman med Tore Bolstad og Tor Hoslemo. Anne Hytta har laga eit fint portrett av spelemannen frå Jondalen, og det kan du lese her.
 (05/09-05)
Tor Hoslemo (13) ein av dei yngste på Årinn-festivalen
Tor Hoslemoen er ein av våre unge lovande spelemenn på hardingfele. Nyleg spela han saman med Hauk Buen på Årinn-festivalen i Valle i Setesdal. Tor er frå Bykle og har alt vore med på to Landskappleikar og mange andre kappleikar. Les intervju med han i Fædrelandsvennen.
 (05/09-05)
Modum Toraderlag, 10 år og CD
Leiar i laget Toralf Handsen gjer notane om til tal slik at medlemene i toraderlaget kan spele dei. Dei fylller 10 år, og i vår ga dei ut CD. Les meir her.
 (05/09-05)
Jorun Marie Kvernberg den første vinnar av Edvard-prisen
Under bransjetreffet/festivalen Årinn i Kristiansand/Valle fekk Jorun Marie Kvernberg den nye prisen for beste nye folkemusikkverk. Prisen er på 40000 kr. Ho fekk prisen for verket "Då kom du" som vart urframført ved åpninga av NRK Alltid folkemusikk i desember 2004. Jorun Marie Kvernberg har gått på Musikkhøgskolen, er med i Majorstuen og trioen Tindra og har hatt mange ulike oppdrag både innanlands og i utlandet. I grunngjevinga skriv juryen: "Eit nake, nært, velforma, nytt folkemusikkverk med noko personleg, lyst og urørt over seg. Det er iblanda tradisjonsstoff, men dristige arrangement, spenstige melodiar og utradisjonelle instrumentsamanstillingar gjer at ein lyttar med friske øyre. Utsvinga i retning av irsk folkemusikk og jazz fortonar seg også som heilt naturlege og heimehøyrande krydder i leiken." Meir her.
 (05/09-05)
I alt 32 grupper er plukka ut til det første "Folkelarm"
Juryen hadde ein svær jobb med å plukke ut dei artistane som skulle få presentere sin musikk under den komande "Folkelarm" i Oslo i oktober. Dei som skal vere på "Showcase" er desse gruppene: Kvarts, Gamaltnymalt, Onkel Folke, Geitungen, Spindel, Werner Barth, Herr Ole, Gammel-likt se, Nordafjells, Mattisgard/ Røine, Tindra, Camilla Granlien band, Trispann, Jutullaget, AskerLadden, Sven Nyhus kvartett, Slagr, Hanning Kanning, Fimbul, Vidvandre, Rysstad/Berg, Ludo, Barfotjenta, Sver, Undergrunnsfargo, Sturla|Andreas, Valkyrien Allstars, Krøklun, Tørvikbygd, Andreas Ljones band, Flukt, Majorstuen. Dei som skal opptre på tradisjonsscena er Odd Lund, Østerdølenes spelemannslag, Jan Beitohaugen Granli og Hallgrim Hansegård (hardingfele og dans), Sigbjørn Rua (dans), Småjondølene, Sør-Fron spelemannslag. Dei som sat i juryen er Randi Skeie (Leiar i Landslaget for spelemenn), Jørn Simenstad ( plateprodusent og utøvar), Irene Tillung (utøvar), Asgaut H. Bakken (LfS/ Folkemusikkscena), Frode Rolandsgard (LfS / prosjektleiar Folkelarm). Meir her.
 (30/08-05)
Ein fantastisk Nordsjøfestival er vel i hamn
Den sjuande Nordsjøfestivalen i Farsund er avvikla på ein flott måte. Det var musikarar frå
England, Skottland, Danmark, Irland, Gottland og Norge som deltok i år. Mellom dei mest kjente banda var Majorstuen. Les meir om festivalen her. Les også eit intervju med Vegar Vårdal som har vore med på 6 av dei 7 festivalene.
 (30/08-05)
Nyhetsdirektør Gro Holm i NRK: Slåttespelet er utruleg rikt!
Gro Holm skal intervjua Agnes Buen Garnås og Halvdan Furholt under Årinn. Ho fortel at ho i mange år har vore svært interessert i norsk folkemusikk. Les eit intervju med Gro Holm her.
 (30/8-05)
Hilde Bjørkum igjen festivaldirektør i Førde
Etter eit års delvis permisjon overtek Bjørkum  igjen som direktør for Førdefestivalen. Lene Furuli, som har vore direktør siste året, tar over ny stilling som arrangementssjef. Les meir her.
 (30/08-05)
"Samstemt 2006" har lagt fram sine planar for Kulturdepartementet
Organisasjonane
Fono, Landslaget for Spelemenn, NorgesNettet, Norsk jazzforum, Norsk Folkemusikk- og Danselag og Norsk Rockforbund har saman utarbeidd ein plan for auka tilskot til musikklivet innan desse felta. Innan folkemusikken er det mellom anna snakk om å etablere talentskule for unge folkemusikarar, riksscene for folkemusikk og folkedans, styrking av ensemblestøtta og andre ting. Les om det her.
 (30/08-05)
Jente (22) frå Eggedal speler hardingfele og studerer islam
jenta frå Sigdal er intervjua i DT. Ho går i lære hos Steinar Strøm, og fela er lånt av Sigdal Spelemannslag.
 (24/08-05)
Aslak Brimi skal spele med bestefar sin Hans W. Brimi på ny CD
Dei arbeider med ein ny CD der aslak Brimi skal spele, og der vi får nyrestaurerte opptak med bestefaren Hans W. Brimi. Det skal også bli "samspel" mellom dei to. Les meir her.
 (24/08-05)
Haugtussa barneleikarring startar opp att
Det er Anne Mona Sjølyst som er rettleiar og initiativtakar. Les i Østlandsposten.
 (24/08-05)
Kva skjer med alle opptaka frå kappleikar og festivalar?
Det er folkesongar Agnes Buen Garnås som spør i eit debattinnlegg i Ballade. Les meir om kva ho meiner om dette.
 (24/08-05)
Asker Spell og danselag inviterer til opa øving i tradisjonsspel
Dette laget er ikkje meir enn eit år gamalt, men har 15 aktive medlemer. Musikalsk leiar er Ingunn Bjørgo. Meir her.
 (24/08-05)
Oppegård kulturskole arrangerer kurs i follomusikk for unge
Invitasjonen går til alle unge i Follo-regionen. Les meir her.
 (24/08-05)
Mange spennande artistar på Coulombi Egg i Bergen i haust
På den omtykte folkemusikkpøbben i Bergen er det folkemusikk annakvar måndag, og det står mange fine artistar på programmet, mellom dei: Rusk med Frode Haltli (akkordeon), Vegar Vårdal (feler) og Unni Løvlid (sang),  Majorstuen med Synnøve Bjørset, Ragnhild Furrebotten, Tove Hagen, Jorunn Marie R. Kvernberg, Gjermund Larsen og Andreas S. Ljones, Gamaltnymalt med felemeistrane Håkon Høgemo, Einar Mjølsnes og Sigrid Terese Moldestad, Laila Yvrums band og mange fleire. Les meir her.

 (24/08-05)
Edvard-pris på 40000 kr på Årinn-festivalen til beste folkemusikk-komponist
Under den nye festivalen Årinn i Setesdal/Kristiansand blir det delt ut ein ny pris - Edvard-prisen - til den beste komponisten innan folkemusikk. Dei nominerte er Steinar Ofsdal, Kristin Mellem/Ingor Antte Ailo Gaup og Jorun Marie Kvernberg, og prisen skal delast ut under tingingsverk-konserten fredag 2. september klokka 19.
 (24/08-05)
Framleis plass for dansarar ved Manger Folkehøgskole
Skulestart er 28. august, men vi har fått melding om at det ikkje er for seint å melde seg.
Tlf. 56 34 80 70 / 93 00 10 56.
 (24/08-05)
Nytt danse-materiell for vidaregåande skolar: "Svettedråpen"
Sveittedråpen er ein folkedansdråpe som skal dekkje undervisninga i dans i kroppsøving for den vidaregåande skolen i alle studieretningar. Vil også fungere godt som ei oppføljing av "Grunndråpen". Svettedråpen inneheld ei bok med dansebeskrivingar, metodikk, pedagogikk og litt historikk. Ein DVD inneheld alle dansane, og det er 2 CD'ar med musikk til alle dansane. Kan bestillast her:
 Rff-sentret v/Silje Sølvberg - tel 73 59 65 77
 
(23/08-05)
Framleis ledige plassar på "Norsk folkelig dans"
Dersom du har lyst å bli ein betre dansar og lære meir om folkelege danseformer, er studiet "Norsk folkelig dans" eit alternativ. Det går frå oktober til april, og går for tredje året. Det er fem samlingar, 4 i Vågå og ei i Trondheim. Ekasmen gir 15 studiepoeng. søknadsfrist 31. august. Studiet er et samarbeid mellom NTNU videre, Folkekulturforbundet og Rff-senteret Info her: http://www.ntnu.no/videre/kurset.html?kurs=Norsk_folkelig_dans 
 (23/08-05)
Vellukka trekkspeltreff i Mosjøen
400selde billettar er statusen etter helgas Norske dans- og trekkspilldager på Kippermoen. Andre nøkkeltall er 135 musikarar og 27 campingvogner  utanfor Mosjøhallen. Meir her.
 (11/08-05)
Melde seg ut av statskyrkja etter "folkedansmesse"
Skjetten Leikarring deltok i vår i ei folkedansmesse i Bykle i Setesdal. «Bykle kyrkje har vorte 'skammens hus',» skriv Ingebjørg Byklum i eit innlegg i lokalavisa Setesdølen nyleg. Les meir her.
 (11/08-05)
Vegard Hansen (15) fekk gull på Titanofestivalen
Denn unge trekkspelaren frå Aure på Nordmøre stakk innom festivalen og kom ut att med gull. Les meir her.
 (11/08-05)
Telemarkstreffen velukka, mange deltakarar men lite publikum
Dette treffet for trekkspelfolket har vore avvikla meir enn 20 gonger. Tilskiparane er godt nøgd med deltakartalet men det var lite publikum. Les meir her.
 (11/08-05)
Mange har meldt seg på bransjetreffet Folkelarm i Oslo
Treffet er det første, og går for seg i Oslo, Fabrikken, 21-23 oktober. Det er Landslaget for Spelemenn som står bak. Mange artistar har meldt seg på, og dermed startar eit arbeid med å velje ut dei som får høve til å presentere seg. Meir her.
 (11/08-05)
Folkemusikarar med høg utdanning vinn kappleikane
Trond Ole Haug, som var dommar på Røros i vanleg fele, snakkar om ”Et tidsskille for felemusikken”. Og han kjem med ei etterlysing: ”Som arrangør bør Landslaget for Spelemenn (LfS) snart ha en mening om hvilken utvikling en ønsker”.  LfS-leiar Randi Skeie svarar på vegne av Landslaget for spelemenn at dette er ei ynskt utvikling. Landslaget har i mange år arbeidd for meir utdanning innan folkemusikken. Les meir her.
 (11/08.05)
Sekstenåringen Jo Einar Sterten Jansen frå Frosta fekk stipend
Han er ein av hundre ungdomar som  har fått tildelt drømmestipendet 2005. Dette er eit stipend frå  Norges kulturskoleråd og Norsk Tipping. Beløpet er på 10.000 kroner. Meir her.
 (11/08-05)
Noregs Ungdomslag vedtok nytt prinsipprogram i Kirkenes
På Årsmøtet i Nu i Kirkenes vedtok Årsmøtet nytt prinsipprogram, stort sett slik styret hadde gjort framleg om. Programmet er knytt til desse kjerneverdiane: Frilynd, tradisjonar, generasjonar, rusfri samværskultur, samfunnsengasjement og nyskapande. Her kan du lese prinsipprogrammet. Årsmøtet var knytt til Folkekulturfestivalen som "NU-stemnet" nå heiter. Det var drygt 500 personar innom arrangementet, som mellom anna også bestod av tur til Murmansk. Meir her. Noregs Ungdomslag har over 16000 medlemer i ca 450 lag over heile landet. Det var første gongen at "NU-stemnet" var i Finnmark.
 (10/08-05)
Vellukka Jørn Hilme stemne i Valdres også i år
Stemnet vart avvikla for 45. gong, og denne gongen både med nyskreve festivalkonsert Driv og med finalen i INTRO-folk. I hardigfele klasse A vart erland Joplassen best, føre jan Beitohaugen Granli og Per Anders Buen Garnås. Heile resultatlista finn du her.
 (08/09-05)
To gamle feler frå Telemark restaureste av Sigvald Rørlien
Dei to gamle felene som telemark Museum eig, er restaurert og vart spela på av Gunnar Innleggen og Torgeir Straand i Bø.
Felene til Olav Gullbekk frå Seljordsheii – Sterke-Nils-fela frå 1799 – og Karl Rue-fela frå 1815 og som er kalla Karlsprudnad, er nokre av dei eldste hardingfelene frå Telemark. Les meir her.
 (09/08-05)
Kniktlaget vart Norgesmeister i gamaldans på Titanofestivalen.
Elles skriv ikkje heimesida dei så mykje om det som skjedde på festivalen. Meir her.
 (09/08-05)
Lykkjadansen i Hemsedal ein vellukka fjelldans
Dette var ein stor dans i gamle dagar, og han har fått sin rennesanse i våre dagar. I år var det 350 deltakarar. Les her.
 (09/08-05)
Annlaug Børsheim trivst med festivalsumar
Annlaug børsheim (23) frå Hakestad i Ulviker student ved Ole Bull akademiet. Men sumar tid trivst ho godt på festival. Les meir her.
 (09/08-05)
Torleiv Bolstads minnepris til Gina Ingeborg Hagen og Hallgrim Hansegård
Under Jørn Hilme stemnet
fekk Gina Ingeborg Hagen (24) frå Tørpegardane i Vang og Hallgrim Hansegård (25) frå Rognetildelt kvar sin pris for innsatsen sin innan folkemusikken. Begge er dei dugande felespelarar og i tillegg svært gode dansarar. Les meir her.
 (09/08-05)
Polsnatt i Brekken 17. september
Denne kvelden blir det mange polsar, og billege: Kr 1,50 per pols blir det hevda. Les meir her.
 (09/08-05)
Ingvill Marit Buen Garnås og Jon Anders Halvorsen månadens artist
Dei to har nyleg kome med CD'en Gåtesong, og i august er dei månadens artist i Norsk Folkemusikkformidling. Les meir her.
 (09/08-05)
Majorstuen best i finalen på INTRO-folk
Ikkje uventa vart gruppa Majorstuen best i finalen som gjekk føre seg på Jørn Hilme stemnet på Fagernes 30. juni. Dei tre andre finalistane var
Tindra, Adjagas og solisten Gjermund Larsen. Majorstuen får no ei spesielt tilpassa langseringspakke av Rikskonsertane for 2005 og 2006. Les meir her.
 (09/08-05)
Gunnhild Berge Stang (31) ny leiar i Noregs Ungdomslag
På Årsmøtet i NU vart kultursjefen i Bremanger Gunnhild Berge Stang vald som leiar. Ho vil halde fram i jobben sin. Det er ikkje ungdomslag i Bremanger, men ho var aktiv som NU-medlem då ho budde i Bergen. Les meir her.
 (28/07-05)
Telemarkfestivalen godt nøgd med årets festival
Folkemusikk i stjerneklasse, skriv dei som konklusjon. Det var 140 artistar og 25 konsertar og arrangement som 120 frivillege dugnadsfolk hjelpte til med. Det var over 3000 selde billettar og 6000 besøkjande, og ca 600 000kr i billettinntekter. Budsjetter er på ca 1,9 mill. kroner, og det ser ut til å gå i balanse. Mellom mange musikalske høgdepunkt peiker dei på Mari Boines bestillingsverk ”Vuoi, vuoi mu”, Knut Buen i storform og
kouraspelemannen Solo Cissoko. Les meir her.
 (28/07-05)
Framleis plassar på folkemusikk og folkedanslinene ved Manger Folkehøgskole
Manger Folkehøgskole startar i år med nye liner både innan folkemusikk og folkedans. Begge desse linene har såkalla utøvande profil. I folkedans er dette den første i landet. Det er framleis ledige plassar ved dei to linene, men det er så mange påmelde at det er sikkert at linene kjem i gang. Magne Kleiveland er hovudlærar ved folkedanslina og Kjersti Wiik ved folkemusikklina. På Lydstudio-lina er det derimot fullt. Ein kan framleis melde seg på heilt fram til skulestart 28. august.
 (28/07-05)
Programmet på Kvedarseminaret 2005 i Trysil er klart
Fokus på årets seminar blir Lokk, laling, kulning og joik. Det blir konsertar, kurs, foredrag og sæterbesøk. Seminaret er 9-11 september og blir arrangert i samarbeid mellom Norsk Kvedarforum og Trysil-Knut spel og dansarlag. Meir info:
Norsk Kvedarforum, Seminargruppa 2005, v/Eli Storbekken, Amtmann Meinichsgt. 6, 0482 OSLO tlf: 22 15 39 11/ 934 56 632  eli.storbekken2@chello.no
 (28/07-05) 
Bilete frå NM i trekkspel på Lillehammer
På nettet er det lagt ut ein del bilete frå NM i trekkspel på Lillehammer i månadsskiftet juni/juli. Sjå her.
 (28/07-05)
Bodil Haug frå Ål med lekmannssongar på CD
Ho er blitt glad i folkesongen som vart nytta i lekmannssrørsla, og har blitt intervjua av Vårt Land. Les her.
 (28/07-05)
"Tones orkester" med ny CD
Dette gamaldansorkesteret er frå Telemark og har kome med ny CD med tittelen "Med gnist og glød". Det er deira tredje CD. Les intervju med orkesteret her.
 (28/07-05)
"Spindel" presenterte ny CD under Førdefestivalen
Spindel består av Liv Merete Kroken frå Hornindal og Sigrid Moldestad frå Breim. På den nye CD'en spelar dei slåttemusikk frå heimetraktene. Les meir om lanseringa her.
 (28/07-05)
Hedemark folkedanslag tok gull i Litauen
Det var 19 dansarar og to spelemenn som deltok i den internasjonale folkedans-konkurransen i Litauen, og nordmennene vart altså best! Les meir her.
 (28/07-05)
"Grindstuen & Midtlis" seir takk for seg under Dansefestivalen på Sel
Det populære gamaldansorkesteret har halde det gåande sidan 1980, men under Dansefestivalen på Sel spelar dei for siste gong. Orkesteret har kome høgt på premiselistene på mange konkurransar. Les meir her.
 (28/07-05)
Ingebjørg Bø (28 år) har vore på 25 Landskappleikar!
Ingebjørg Bø er leiar for Telemarkfestivalen, og er blitt intervjua av TA rett før festivalen opna. Les om henne her.
 (28/07-05)
Tom Willy Rustad med CD: "Fiolsteinen"
Cd'en vart presentert under Landskappleiken og inneheld både eigenkomponerte slåttar og tradisjonelle. Med seg på plata har han musikarane Vegard Vårdal (fele) og Åsmund Reistad (gitar/manola). Plata får svært positiv omtale i Gudbrandsdølen/Dagningen.
 (28/07-05)
"Nordafjells" med CD-slepp på Gamaldsnsfestivalen
Den kjente gamaldsnsgruppa Nordafjells hadde plateslepp på Rudi Gard under festivalen, og mange såg og høyrde grupppa. CD'en inneheld også musikkvideo som vart vist på storskjerm.
Gudbrandsdølen Dagningen gjev plata terningkast 6.
 (28/07-05)
Løyvingar frå Rff til folkemusikk for våren 2005
Oversikt over løyvingane for andre søknadsrunde 2005 ligg no føre. Det er snakk om to type midlar: "Tiltaksmidlane" og "Formidlingsstøtte". Til første gruppa var det 43 søknader med samla søknadsum på 678 800 kr. Det vart løyvt 213000 fordelt på 18 søknader. Til formidling var det 23 søknader med søknadssum på totalt 428 000. Her fekk 20 søknader støtte med i alt 217 000. Oversikt over dei som fekk stønad og støndssummen finn du her.
 (28/07-05)
Åse Teigland med i Sommeråpent på TV 21. juli
Vinnarene av årets Landskappleik på hardingfele Åse Teigland var med i det populære programmet sommeråpent på NRK TV. Dersom du har høveleg utstyr kan du sjå innslaget her.
 (28/07-05)
Nasjonal minnepris etter Egil Storbekken frå Tolga
Norsk Lur- og Bokkhornlag vil i samarbeid med Tolga kommune opprette ein nasjonal folkemusikkpris til minne om Egil Storbekken. Prisen skal delast ut første gong på Tolga i samband med Olsok-arrangementet neste sumar. Prisen blir på 50000 kr og ein kunstgjenstand. Det er usikkert om prisen blir årleg. Meir her.
 (28/07-05)
Finaledeltakarane til INTRO-folk er nå klar
Finalen skal som kjent vere under Jørn Hilme stemnet på Fagernes 30. juli. Finalistane er: Majorstuen, Gjermund Larsen, Tindra og Adjagas. Den siste semifinalen var under Telemarkfestivalen, der den samiske gruppa Adjagas vann over Per Anders Buen Garnås. På Ruddu Riddu festivalen i Kåfjord vann gruppa Tindra (fele, trekkspel, song) over gruppa Geitungen (fele, torader, gitar). Vinnaren av finalen får ei skreddarsydd lanseringspakke for 2005 og 2006. Meir her.
 (28/07-05)
Vellukka Landsfestival i gammaldansmusikk på Harpefoss
Det blir meldt om ein fin kompakt festival på Harpefoss i Sør-Fron med mange deltakarar, mykje publikum, gode tevlingar og fine kulturprogram 700 utøvarar, 1800 gjennomgangsbillettar, 1100 kveldsbillettar og 2100 konsertbillettar. Dei beste i gruppespel vart Jutullaget (Vågå), så Nordafjells (Oppdal) og Rim (Trondheim) på tredje. I lagspel toppa Lom spelemannslag lista, med Sør-Fron på andreplass og Heidal på tredje. I open klasse vann "Gammel likt se" (Hamar). I solo durspel senior vann Øyvind Sandum (Hamar), med Rikke van Ommeren (Opdal) på andre og Inge Gjevre (Fåberg) på tredjeplass. Meir om festivalen og heile resultatlista her.
 (28/07-05)
"Samstemt 2006" er ferdig
Dette er ein søknadspakke som Landslaget for Splelemenn, Norsk Folkemusikk og Danselag og nokre musikkorganisasjonar til går saman om og som dei legg fram som ei samla pakke med krav og ynskje overfor styresmaktene. Det er først og fremst snakk om fleire midlar til dei musikkformene som er med. Innan folkemusikk vil ein satse på å dyrke talenta (stønad til INTROfolk mellom anna), gje levande musikk til alle, toppfinanisering av ulike prosjekt etc. Les meir her.
 (12/07-05)
Folkedansmessa "Folkelarm" er langt på veg
Denne nye bransjemessa som Landslaget for Spelemenn skipar til i oktober 2005 har no programmet klart. Dette er først og fremst eit kontaktforum for folkemusikarar som vil leve av musikken sin og kjøparar av slike tenester. Det er 60 innkjøparar som har sagt at dei kjem, og mange av våre fremste musikarar vil vere til stades. Messa samarbeider også med den tradisjonelle Oslokappleiken. Les meir her.
 (12/07-05)
"Spindel" med ny CD: "Aminje"
Det er Sigrid Terese Moldestad og Liv Merete Kroken som utgjer denne gruppa, men på plata har dei også med seg musikarane Ivar Kolve ( perkusjon), Olav Tveitane ( gitar,cister, kontrabass) og Dagfinn Andersen ( trøorgel og piano) Produsent har vore Sigbjørn Apeland. Plata vart slept under Førde-festivalen. Meir info på www.spindel.biz

 (12/07-05)
Stor nedgang i talet på selde billettar i Førde
Førdefestivalen var det i år ca 12000 selde billettar, og det er heile 5000 færre enn i fjor. Men basert på teljingar trur dei at ca 25000 besøkande var på festivalen. Festivalleiinga hadde rekna med ein nedgang i år etter som dei satsa på ein musikktype som ikkje har like brei appell som den dei hadde i fjor. Men direktør Lene Furuli strekar under at det var svært høg kvalitet på konsertane i år, og dette er ei line dei vil halde fram med. Les meir her.
 (12/07-05)
Gjermund Larsen vidare til finalen i INTROfolk
Under Førdefestivalen var det semifinale mellom Gjermund Larsen frå Verdal og Synnøve S. Bjørseth frå Jølster. Og det var Larsen som vann denne semifinalen. Det står så to semifinalar att før det blir finale under Jørn Hilmestemnet 30. juli på Fagernes. Les meir her.
 (12/07-05)
Vellukka Barnlek i Finland
Det store barnestemnet innan Nordleik-samarbeidet var i år i Lappeenranta i Finland i månadskiftet juni/juli. Vi høyrer at det var eit vellukka stemne på alle måtar. Til saman var det drygt 2000 deltakarar, av dei ca 1100 frå vertslandet. Frå Noreg var det drygt 200.
 (07/07/05)
Mange avisomtalar av landskappleiken - men nesten berre lokaleaviser
Her er samla ein del omtalar av Landskappleiken på Røros slik vi finn dei i lokalavisene rundt om i landet:
Gjermund kapret kongepokalen , Åse Teigland ble historisk på landskappleiken, Unge mor Åse årets spelemann , Hallingar til topps , Oppdalinger til topps i landskappleiken , 2x hat trick i lagdans , Strøk seg til topps , Sunnfjorddansen i toppen , Supermennene slått   John Ole debuterte med dobbeltseier   Valdriser imponerte  Takker dugnadsfolket
 (06/07-05)
Alt klart for årets Førde-festival
Dei to høgdepunkta trur direktør Lene Furuli blir Majorstuen og afrikanske Mory Kanté som også blir kalla kongen av verdsmusikken. Dei to skal opptre på ein utekonsert, der dei ventar 2000 menneske. Les meir her.
 (06/07-05)
Gamaldans på Ringkolltoppen 702 m over havet
Det var ringerike Turistforening som stod bak turen til Ringkollen under Friluftslivets dag på Ringerike. Jørn Hansen og Christian Borlaug frå gruppa Dalimellom var mellom dei som sytte for god dansemusikk. Meir her.
 (06/07-05)
"Årbok for norsk folkemusikk" er under vegs
Det er utgivaren Norsk Folkemusikk  og danselag som fortel litt om årboka som nett no blir sendt ut. I boka  skriv Birger Mistereggen om trommeslått-tradisjonen, Linda Røyseth fortel om Arne Bjørndal som bygdevisediktar, Per Anders Buen Garnås om møtet mellom to ruvande spelemenn: Eivind Mo og Olav Løndal, og redaktør Tore Skaug har intervjua spellemannpris-vinnar og folkemusikkprofessor Vidar Lande. Les meir her.
 (06/07-05)
Dei eldste telemarks-felene blir reparert på Voss
Det er snakk om  om ei fele laga av Karl Rue frå Kilen i Kviteseid og ei fele av Olav Gullbekk frå Seljordsheia. Felemakar Sigvald Rørlien på Ole Bull akademiet på Voss er den som utfører arbeidet for Telemark Museum som eig felene. Gunnar Innleggen og Torgeir Straand skal spele på dei to felene under Telemarksfestivalen i bø i sumar. Karl Rue (1742-1829) frå Kilen i Kviteseid er den første felemakaren ein veit om iTtelemark, og fela etter han er frå 1815. Felene etter Rue blir kalla Karlsfeler. Rue var på nøytralsitetsvakt saman med Sterke-Nils. Olav Gullbakk som var husmann på Seljordsheia er ein av dei som gjekk i lære hjå Karl Rue. Gullbakkfela som no er sett i stand på Voss er frå 1799 og vert kalla Sterke-Nils-fela. Les meir her.
 (06/07-05)
Anette Skullestad (20) frå Kongsberg fekk NM-gull i durspel
Då snakkar vi om NM i trekkspel på Lillehammer sist helg. Ho vann sin klasse i durspel. Siste året har ho gått på Toneheim folkehøgskole med Tormod Lillebror Vasaasen som lærar. Les meir her.
 (06/07-05)
Leikarringen Noreg i Drammen held Raudmyrdansen i hevd
Raumyrdansen var i gamle dagar ein populær tradisjon midtsommers, men dansen i 1858 endte i ei tragedie. Uver overraska dei 80 deltakarane på fjellet mellom Eggedal, Flå og Krødsherad. Raumyran ligg over 1200 meter over havet, like ved Høgevard. Tre stykker kom aldri heim, ein av dei var spelemannen Kjetil Langebakke frå Krødsherad. Presten Jørgen Moe heldt den hausten ein flammande tale mot både fest, drikk og hardingfele og dermed vart det slutt på Raudmyrdansen. Men i seinare år har "Noreg" teke opp at tradisjonen. For Astrid  Røed Langerud vart det ei spesiell oppleving, fordi Kjetil Langbakke er tippoldefar hennar.  Meir her.
 (06/07-05)
Instrumentmakaren Olav Viken er død
Etter lengre tids sjukdom er Olav Viken død. Han har i mange år arbeidd som instrumentmakar ved Valdres folkemuseum på Fagernes, der han også budde. Han var kjent som sers dugande til å reparere og rigge feler, og han retta på felene til mange av våre beste spelemenn. Han laga også ei lang rekkje langeleikar.
 (04/07-05)
Sterke prestasjonar og hard tevling under finalespelet på Landskappleiken
Dei tre beste i spel hardingfele og i spel fele går vidare til det såkalla finalespelet, der desse seks beste må spele to skåttar til. Grunnlaget for den endelege rangeringa er då i alt 4 slåttar. I år var kongepokalen sett opp i vanleg fele, og der vart Gjermund Larsen best. På andreplass kom kom Andreas Bjørkås og på tredje Jorun Marie Kvernberg. I hardingfele vart det i år (for første gong?) kvinneleg vinnar. Åse Teigland vart best, med Per Arne Buen Garnås på andreplass  og Jan Beitohaugen Granli på tredje. På biletet ser vi Gjermund Larsen under finalespelet i den store kyrkja på Røros. Det var over 1000 menneske som høyrde på finalespelet like før midnatt laurdagskvelden.
 (26/06-05)
Fint gjennomført Landskappleik 2005 på Røros
Trass i at sumarvarmen mangla, vart det eit fint gjennomført arrangement, med rekordmange utøvarar, gode lokalitetar for tevlingar og konsertar og godt med publikum.
Gjermund Larsen vann kongepokalen då han vart best i finalespelet på vanleg fele. På andreplass kom Andreas Bjørkås og på tredje Jorun Marie Kvernberg. I finalespelet i hardingfele vart Åse Teigland, med Per Arne Buen Garnås på andreplass  og Jan Beitohaugen Granli på tredje.
Kirsten Bråten Berg og Dagfinn Nupen vart utnemt til æresmedlemer i Landslaget for Spelemenn (biletet). Kirsten vart også best i vokal folkemusikk. Ho har ikkje vore med på Landskappleiken sidan 1987. Meir her.
 (26/06-05)
Jo Gjermunds frå Engerdal debuterer på CD
Han er 74 år gamal og har spela fele neste heile livet. Plata heiter "Litjfela mi" og inneheld danseslåttar han har komponert gjennom 50 år, mellom anna 7 brudevalsar. Meir her.
 (22/06-06)
Rådet for folkemusikk og folkedans og  har fått eige styre
Rådet for folkemusikk og folkedans er namnet på to ulike ting: Det er eit sakkunnig råd på 7 medlemer, og det er ei stifting som omfattar både dette rådet og eit ressurs og forskningssenter (Rff-senteret - Norsk senter for folkemusikk og folkedans). I ei pressemelding får vi høyre at stiftinga har no bestemt at stiftinga skal få eige styre som blir det høgste organet, og som får 
både arbeidsgiveransvaret for Rff-sentret og andre administrative og økonomiske oppgåver. Dei som er med i det nye styret er: Bjørn Lien (styreleiar), Vegard Opheim, Ruth Anne Moen, Leif Johnsson og Siri Mæland. Leif Johnsson er professor i Musikkvitskap ved NTNU, og er oppnemnt som deira representant, medan Siri Mæland er representant for dei tilsette ved senteret.
 (22/06-05)
Strunkeveko i Valdres også med kurs i Folkedansteater
Denne kursveka i Leira er den største i landet og går no av stabelen for åttande gong 24 - 29 juli. Nytt av året er kurs i folkedansteater, med Martin Myhr og Ellen Persvold som lærarar. Då fristen gjekk ut var det i alt 90 påmelde, men det er framleis plass på dei fleste kursa. Kontakt Stian Roland, tlf. 994 48 486.
 (22/06-05)
Norske folkemusikarar vekkjer oppsikt i Kina
Unni Løvlid, Terje Isungset og Frode Haltli er akkurat tilbake frå ein lengre turne i Kina med prosjektet "Meeting on a Bridge", eller "Møte på ei bru". Dei skal ha vekt betydeleg oppsikt blant kinesiske mediefolk.  I beste sendetid på CCTV, Kinas statlege TV-kanal, blir dei å sjå 30.juni!
 (22/06-05)
Vestfoldfestspillene med folkemusikk på mange språk
Mari Boine vil saman med 6 kvinner frå mange land lage ein folkemusikktilstelling under festspela. Meir her.
 (17/06-05)
Gamaldansens venner i Trondheim dansar for barneheimsbarn
Dei inviterer 15 russiske barneheimsbarn til leir i Trondheim, og laget har til no dansa inn 20000 kroner. Les meir her.
 (17/06-05)
Programmet for den nye festivalen Årinn er no klart
Festivalen (30. august til 3. september) byrjar med eit seminar i Valle i Setesdal og held fram i Kristiansand. Programmet er no klart. Mange kjente artistar vil delta:
Annbjørg Lien (Norge), Agnes Buen Garnås (Norge), Kirsten Bråten Berg (Norge), Anda Kuitze (Grønland), Jens Eli Nathan Davidsen (Grønland), Unni Boksasp (Norge), Jorun Marie Kvernberg (Norge), Arja Kastinen (Finland), Knut Heddis Minne (Norge), Anders Røine (Norge), Ellika Frisell (Sverige), Solo Cissokho (Senegal), Halfdan Furholt (Norge), Ragnhild Furholt (Norge), Ingvill Marit Buen Garnås (Norge), Hauk Buen (Norge), Pamyua (Alaska), Padik (Baluchistan/Sverige), Knut Skrindo (Norge), Inga Juuso (Norge). Meir her.
 (17/06-05)
Oslo Kammerkor med folkemusikkonsert i Gamle Aker kirke søndag 19. juni
Heilt sidan 1992 har kortet arbeidd med å få folketonar med i sitt repertoar, og har serleg samarbeidd med Sondre Bratland og Berit Opheim. No skal dei ha ein konsert i Oslo som opptakt til ein stor og viktig festival i Japan litt seinare. Meir her.
 (17/06-05)
Folklemusikksenteret i Buskerud feirer 10 år
Folkemusikksenteret ligg i Prestfoss og dei feirer 10 år søndag 19. juni. Då blir det jubileumsfest med mange kjente utøvarar:
Anne-Lise Berntsen, Trygve Brøske, Svein Westad, Christian Borlaug, Eilif Gundersen, Anders Aasberg, Ulf-Arne Johannessen, Veslemøy Fjerdingstad, Steinar Ofsdal, Becaye Aw, Feleringen, Sigdal Spellemannslag og Numedal Spel- og Dansarlag. Meir her.
 (17/06-05)
Vågå Historielag har fått felene etter spelemannen Ola Eide (1901-1983)
Ola Eide var ein kjent spelemann og felemakar, og felene og felemakarutstyret etter han er gjeve til bygdamuseet Jutulheimen. Detter er den største gåva vi har fått på fleire tiår, seir Georg Gjevre.
 (17/06-05)
Søren Risan på Frostad: Spelemann i 70 år
Frostingen fortel at Søren Risan har spela trekkspel i 70 år. Les meir her.
 (14/06-05)
Trekkspeltreffet i  Sørskogsbygda på tradisjonelt vis.
Fredag var det 8 orkester i sving og laurdag 9 orkester. Men det var etter måten lite folk på treffet. Meir her.
 (14/06-05)
Bygdemusikkfestivalen i Krødsherad samla 350 deltakarar
Det var ikkje mindre enn 30 orkester i sving på dette trekkspeltreffet. Meir her.
 (14/06-05)
Løyvingar frå Norsk Kulturråd og frå Fond for utøvande kunstnerar
Av løyvingane frå Norsk Kulturråd går desse til folkemusikk:  Aslak Brimi skal gje ut to CD'ar: Ein CD med arkivopptak av bestefaren Hans W. Brimi, og ein CD der han spelar sjølv (kr 30000). Vegar Vårdal får kr 30000 til ein CD med grensemusikk, og Etnisk Musikklubb kr 10000 til ein CD med Helge Myrheim. Frå Fond for utøvande kunstnarar er lista slik: Norsk kvedarforum  (30 000 til seminar i Bergen), Arinn  (25 000), Setesdal spelemannslag  (8 000), Telemarkfestivalen (10 000), Ragnhild Furebotten ( 20 000), Knut Hamre ( 25 000) og Jorun Marie Kvernberg (17 000). Meir her.
 (14/06-05)
Festivalen Skandinavisk Folketone på Haukeliseter nærmar seg raskt
Denne kanskje mest spesielle av folkemusikkfestivalane går føre seg på Noregs tak. Det er mange gode namn som kjem:
Sondre Bratland, Tore Bruvoll. Bruvoll, Jon Anders Halvorsen, Knut Reiersrud, duoen Fliflet/Hamre, Elias Akselsen og dottera Veronica Akselsen,  Ottar Kåsa og Lars Underdal. Mens spesialsammensatte Haukeliseter Spelmannslag som vil telje fleire medlemer enn før, deriblant  Gjermund Larsen og Ragnhild Furebotten. I fjor gjekk festivalen med 400 000 i underskkot, men dei vonar å unngå underskot i år. Meir her.   Meir her.
 (14/06-05)
Vellukka Ransäterstemma for 35. gongen
Dette stemnet vart skipa til for 35. gongen med ca 2500 deltakarar - dansarar og spelemenn. Laurdasgskvelden var det konsert med ikkje mindre enn tre av dei beste gruppene i Sverike:  Triakel, Harv och Väsen. Les meir her.
 (14/06-05)
Heidal spel og dansarlag med sin første CD: "Løyle å låte"
Heidal spel og dansarlag vann Landsfestivalen i gammeldansmusikk i fjor og no kjem dei med sin første CD. Innhaldet på CD'en er først og fremst leikar frå Heidal fortel musikalsk leiar i laget Roger Slåstuen. Les meir her.
 (14/06-05)
BLS-stemnet på folkemuseet fekk motbør av vergudane
Kvart år i byrjinga av juni arrangerer Bygdelagssamskipnaden i Oslo stemne på Folkemueet. Då er det folkedansen som først og fremst set sitt preg på museet. Dei ulike bygdelaga i Oslo og Leikarringane viser fram sin dans i dei ulike tuna. Men i år vart det mykje regn, og dermed vart all dansinga flytt inn i hovudbygninga på museet. Barna hadde likevel framsyning på friluftscena. I det dårlege veret var det mykje færre folk å sjå enn det som er vanleg. Om kvelden er det folkedanskveld for alle - den siste denne våren.
   (13/06-05)
Vellukka stildansball i Kvadriljetten stildansgruppe
Laurdag 11. juni var 100 stilfulle dansarar samla til Kvadriljettens årlege sommarball. Som i fjor gjekk det føre seg på Fredfoss Kulturpark i Vestfossen. Det var ein framifrå dansesal, med lys og luft og god plass til dei mange kvadriljer og rekkjedansar. Christiania Tour og Runddansensemble sytte for framifrå musikk, og det var eit langt og komplisert danseprogram som vart gjennomført med stil og eleganse. Her er ein del bilete frå ballet.
 (12/06-05)
CD med Kirsten Bråten Berg og Lena Willemark og Marilyn Mazur
Berg og Willemark er to av nordens fremste  folkesongarar, og Mazur er ein svært dugande perkusjonist frå Danmark. Dei hadde eit svært vellukka samarbeid på Moldejazz i 200 og no er stoffet kome på CD. Det byggjer på nordiske middelalderballadar og CD'en heiter "Stemmenes skygge". Plateselskapet er Grappa.
 (10/06-05)
230 born dansa i Vossabygdene
Unge folkedansar sett sitt preg på mange vossabygder sist laurdag. Les om det her.
 (10/06-05)
100-års feiring på Stiklestad med 2500 frammøtte
Elevane på skulane i Verdal laga fin stemning med song og musikk for dei mange frammøtte. Les meir her.
 (10/06-05)
Gamal Trondafele attende til Hardanger
Hauk buen har i samlinga si hatt ei 260 år gamal hardingfele som Trond Botnen har bygt. Dette er ei svært fin fele som er godt i stand. Han sel no fela til pianisten hardingen Geir Botnen, som sjølv er slekt med Trond Botnen. Hauk Buen skal delta på Festivalen Hardingtonar 24. juni. Meir her.
 (10/06-05)
Bygdemusikkfestivalen i Krødsherad samalar mange deltakarar
Dette er eit trekkspeltreff, og det er venta 30 orkester og 120 campingvogner, fortel generalen Roar Øyan til Drammens Tidende.
 (10/06-05)
Jan Beitohaugen Granli får Øivind Bergs minnepris for 2005
Det er Landslaget for Spelemenn som deler ut prisen, og han blir overlevert under Peer Gynt stemnet på Vinstra 12. august. Prisen er på 20 000 kr. Trass sin unge alder, er han er ein av våre aller fremste i landet på hardingfele, og er særleg kjent for sitt drivande dansespel. Han vann Landskappleiken både i 2002 og 2004 og vart nr to i 2003. Han har også to gonger vunne Fanitullkåringa under Folkemusikkfestivalen i Ål (2003 og 2004). han har fullført meisterstudiet ved Ole Bull Akademiet og har gått på Folkemusikkstudiet på Rauland, og har
ein batchelorgrad i musikk Han er frilansmusikar og lærar ved musikkskulen i valdres. Les meir her.  Og i avisa Valdres.
 (10/06-05)
"Tryllefløyta - Ein folkeopera" lansert på voksenkollen 6. juni
På Sverikes nasjonaldag vart dette samarbeidsprosjektet mellom folkemusikarar i Norge og sverike lansert. Leif Stinnerbom er regissør, det er mange gode folkesongarar frå Norge og mange dugande musikarar frå Sverike. Aktørane skal no ut i ei hektisk prøvetid fram mot premieren 14. oktober på Den Norske Opera. Etter dette følgjer 17 konsertar i Noreg og vidare eit tjugetals i Sverige fram mot sommaren 2006. Symbolismen blir då fullbyrda med avslutning på Vestanå teater i Sunne, i samband med 250-årsjubileet for Mozart sin fødsel. Meir her.
 (07/06-05)
Alt i rute til trekkspelfestivalen "Syltoppens fot" i Tydal
"Selbyggen" fortel at planlegginga av festivalen på Stuguvollmoen er i rute. Dei har mellom anna sikra seg gruppa Hoven/Doven frå Sverike som er å likne med vår "Gåte". Meir her.

( 07/06-05)
Meisterklasse for folkemusikarar på Vokenåsen i Oslo
for første gong skal både folkemusikarar og klassiske musikarar delta på Sommerakademi Voksenåsen i Oslo 8-14 august 2005. Kirsten Bråten Berg og Berit Opheim skal leie meisterklasser/gruppeundervisning i kveding, medan Mats Berglund og Per Sæmund Bjørkum skal leie meisterklasser med fele. Folkemusikarane skal også få  individuelle timar, og felestudentene skal få undervisning i klassisk. Meir her.
 (07/06-05)
Mange frå Hallingdal skal delta på Landskappleiken
"Hallingdølen" fortel at det er mange frå dalen som dksl delta i dei ulike klassane på Landskappleiken på Røros. Les meir her.
 (07/06-05)
Rekordbesøk på folkemusikkdagane på Ål
Over 4000 personar tok del i festivalen i Ål, der det vart arrangert bortimot 40 konsertar. flest var det som såg den nylaga teaterframsyninga "Dødsdansen på Norefjell", som gjekk for 6 fulle hus og der 1700 kjøpte billettar. Meir her.
 (07/06-05)
Fiolinbyggar frå Etnedal får stipend på 75000 kroner
"Valdres" fortel at Bergljot Hedda Lunde frå Etnedal har fått stipend. Ho går i Stockholm og tar utdanning som fiolinbyggjar. Les meir her.
 (07/06-05)
Erlend Viken og Andreas Bjørkås fekk toppkarakter på Musikkhøgskolen
Dei to gjekk nyleg opp til eksamen på Norges Musikkhøgskole til førsteavdeling eksamen etter to års studium ved høgskolen. Dei fekk begge beste karakter, og det er vanskeleg å oppnå, fortel ein av sensorane Tom Willy Rustad. Rustad kjenner dei to godt også frå den tida dei gjekk på Vinstra vg skole. Eksamen var i form av ein konsert på tre kvarter. Begge to skal halde fram med studiet på Høgskolen. Meir her.
 (07/06-05)
Folkedansmesse i Borgestad kirke i Skien
Det er tredje år på rad det blir arrangert ei folkedansmesse i Borgestad kirke. Den vanlege liturgien byggjer på «Träd in i dansen, ei svensk folkedansmesse» av Per Harling og Susanne Bågenfeldts. Dei som deltok var Leif Neset (hardingfele), Borgestad kirkekor, leikarringane Gjerpen frilynde ungdomslag og Norskdomslaget, Reidar Lunde og Ingeborg H. Lie - fiolin; Hildegun Haukenæs - organist og Svein Lindebø - vikarkappellan. Meir her.
 (07/06-06)
Knut Buen opna konsertsesongen i Myllargutstogo på Akkarhaugen
Det var ca 50 frammøtte på utekonserten som vart avvikla i kraftig regnver. Ved hjelp av fela og gode historier fikk dei frammøtte stifte nærare kjennskap med spelemenn som Jørgen Tjønnstaul, Hans og Lars Fykerud, Myllarguten, Knut Lurås, Leiv Sandsdalen og andre. Meir her.
 (07/06-05)
Follo Gammeldans ensemble feira 30 års jubileum
Den gamle Børsumbygningen på Follo museum i Ås og var staden der Follo Gammeldans Ensemble heldt sin første konsert for 30 år sidan, og der heldt dei konsert og spela til dans også 30 år etterpå.  Dei spela mykje Dalmusikk, der hovuddelen av repertoaret er henta frå og arrangert av Tor Brevik. Leiar for orkesteret er Kathleen Brevik. Meir her.
 (07/06-05)
Folkemusikksenteret i Buskerud feirer 10 år
For 10 år sidan var det på tale å rive det gamle staselege huset i Sigdal som hadde tent som gamleheim i bygda. Slik gjekk det heldigvis ikkje. Huset vart ominnreda til kulturelt allbrukshus og Folkemusikksenteret i Buskerud fekk tilhald her.
Huset rommer eit arkiv med omtrent 30.000 kutt folkemusikk på alt fra LP-plater og spoleband, til kassettar og CD-plater. Folkemusikksenteret i Buskerud er en del av stiftelsen Kunstnerdalen Kulturmuseum. Folkemusikkonsulenten er Veslemøy fjrdingstad. Meir her.
 (07/06-05)
Bygdelagskoret og folkedans på Amatørteaterfestivalen
Onsdag 8. juni kl 19.30 i Prøvesalen på Det Norske Teateret skal Bygdelagskoret i Oslo saman med dansarar og spelemenn frå Kongsberg Spel og dansarlag vise forestillinga "Tradisjonar og Impuls".
Bygdelagskoret i Oslo har utvikla ein eigen folketoneklang under leiing av dirigenten Anne-Line Sandegren. Ho har også arrangert fleire av songane for koret. Den særeigen klangen kjem særleg godt fram i fleire av dei vakre, religiøse folketonane. Spelemennene som er med er Anne Svånaug Haugan på hardingfele og Swein Westad på munnharpe, langeleik, fløyte og lyre. Meir her.
 (07/06-06)
Arne M. Sølvberg med ny plate med Nordfjordslåttar: Kveik
Sølvberg si nye plate inneheld gamalt slåttestoff frå Nordfjord. Sølvberg er også juniartisten på Norsk folkemusikkformidling. Om slåttane på plata skriv Sølvberg:
”Slåttespelet i Nordfjord er ikkje skapt for nyting med attlatne auge og opne øyre i det lyriske hjørnet av sofakroken. Rytmen og energien skal helst gå i beina og lokke dansarane ut på golvet eller setje fottrampen i gang. Dei gamle slåttane er korte, men med opning for variasjonar både for boge og fingrar.” Meir her.
 (06/06-05)
Norsk Amatørteaterfestival i Oslo også med folkedans
Tysdag 7. juni kl 18.00 opptrer musikk og dansegruppa "Fant og Fente" på Amatørteaterfestivalen på Det Norske Teateret. Fant og Fente frå Vågå og Oslo eksperimenterer med folkemusikk og dans på scena. Gjennom improvisasjon og utprøving av nye kombinasjonar utviklar dei eit friskt, ungdommeleg og fartsfylt uttrykk, der det norske tradisjonsstoffet får ei moderne innpakking. Gruppa har sidan starten i 2002 arbeidd med å utvikle eit nytt scenisk uttrykk basert på den norske folkelege tradisjonen innan musikk og dans. Dei utforskar stadig kva som skjer når folkedansen blir løfta opp som eit scenisk uttrykk. På denne framsyninga visar dei både nytt og gamalt stoff.
 (06/06-05)
Framleis ledige plassar på Folkemusikk og på Folkedans i Manger
På Manger Folkehøgskule er det framleis ledige plassar både på Folkemusikklinja og Folkedanslinja 2005/06. Ein kan søkja om skuleplass på nettskjema som ein finn på heimesida til skulen:  www.manger.fhs.no. ellet telefonTlf.  56 34 80 70 / 93 00 10 56.

  (31/05-05)
Odd Nordstoga sitt  bestillingsverk Pilegrim skal også til Trondheim
Nordstogas bestillingsverk Pilegrim som vart framført under Festspela i Bergen, skal og så framførast i Trondheim under Olavsfestdagane 4. august. Meir her.
 (31/05-05)
Gunnhild Sundli skal synge for Nelson Mandela i Oslo 9. juli
Det skal vere konsertar for Mandela både i Oslo og i Tromsø. I Oslo skal det delta fleire norske artistar mellom dei Bjørn Eidsvåg, Sondre Lerche, Margaret Berger og Samsaya. Gunnhild skal denne gongen synge utan gåte, og ho skal framføre dei to folkevisene Horpa og Kilden. Meir her.
 (31/05-05)
Per Anders Buen Garnås vann Fanitulltevlinga på Ål
Det vart hard tevleing mellom dei unge og dei litt eldre under Fanitulltevlinga. Som fleire gonger før var det Per Anders Buen Garnås som stakk av med førsteprisen på 15000 kr, medan veteranen Knut Hamre kom på andreplass og hallingdølen Øyvind Brabant fekk 5000 kr som tredjepremie. Meir her.
(31/05-05)
Majorstuen til finalen i INTROfolk
Den første semifinalen i INTRO-folk 2005 på Den norske folkemusikkveka i Ål gjekk føre seg i helga, og det sto mellom torader/trøorgelduoen "Gammel-likt se" og Majorstuen. Ikkje uventa var det Majorstuen som gjekk vidare til finalen. Under Førde-festivalen skal Gjermund Larsen og Synnøve Bjørset møtast, og på Ruddu-Riddu festivalen møtest Tindra og Geitungen, og på Telemarkfestivalen møtest samiske gruppa Adjagas og Per Anders Buen Garnås. Finalen skal vere under Jørn Hilme stemnet 30. juli.  Les meir her.
 (31/05-05)
Frode Rolandsgard ny informasjonsmedarbeidar og prosjektleiar i LfS
For ei tid sidan lyste Landslaget for Spelemenn ut to stillingar: Informasjonsmedarbeidar og Prosjektleiar for den nye bransjefestivalen Folkelarm. Dels for å spare pengar har dei no tilsett Frode Rolandsgard i begge stillingane. Frode sit no i styret for LfS, men skal gå ut derifrå og Mari Eggen rykker inn i styret i staden. LfS har no fått så mykje offentleg stønad at dei sikkert kan seie at det blir Folkelarm allereide til hausten - 21-23 oktober. Det var mange godt kvlifiserte søkjarar til stillinga som informasjonsmedarbeidar, fortel Spelemannsbladet.
 (30/05-05)
Keltisk song og dans i Vestfossen
Nyleg
 inviterte dansegruppa Celtic Inspiration til storstilt sommeroppvisning på Arena Vestfossen med irsk song og folkedans. Nærare 30 elevar i alderen frå 6 til 37 år var med på framsyninga. Det var fullstappa sal. Instruktør Kjersti Rensch meiner elevane viser stor interesse for den gamle irske folkedansen. Meir her.
 (30/05-05)
Det kjem over 60 oppkjøparar til den nye festivalen Folkelarm
Folkelarm vil gå av stabelen på to scener på Fabrikken i Oslo helga 21. – 23. oktober. Folkelarm er primært eit salsarrangement, der folkemusikkartistar/ grupper skal få fleire jobbar, men det blir også prisutdelingar, konsertar, seminar og stor fest. Alternativ Spelemannspris blir det også. Det er nytilsett prosjektleiar for Festivalen Frode Rolandsgard som skriv dette. Meir her.
 (30/05-05)
Follo gammeldansensemble fyller 30 år
Kathleen Brevik i Ås starta ensemblet for 30 år sidan og har leia det alle åra etter.. I hagen heime hos orkesterleiaren står det ei musikkstue, hvor dei ti musikantane øver. Musikken har dei teke med til heile landet gjennom kappleikar, folkemusikkstemne og andre arrangement som den eineste ambassadøren for det som er typisk tradisjonsmusikk for Follo. Gruppa er eit av berre tre orkester i Norge som arrangerer gamal musikk. Meir her.
 (30/05-05)
Gjestebod med folkemusikk og folkedans i 47 år!
Signy Eikeland i Bergen var på slutten av 1950-tallet turistguide i Bergen da hun registrerte at mange turistar spurte etter noko som var ”typisk norsk”. Dermed sette ho i gang med "Fana folklore", og det driv ho endå i ein alder av 82 år. Meir her.
 (30/05-05)
"Lyden av Helgeland" skal takast vare på og odlast
Ei gruppe på sju ungdomar skal bearbeide folkemusikk frå Nord-Noreg og halde konsertar. Utgangspunktet var seminaret "Vårres musikk" på Høgskolen i Nesna i april, der 31 ungdomar var samla. Ungdomane, som er 15-16 år,er: Vegard Sandbukt, Mosjøen  (trompet) Bjørn-Martin Edvardsen, Sømna (elektrisk gitar), Trude Arnes, Sømna  (piano), Emil Meek, Nesna, (gitar) Kaja Lid, Sandnessjøen, (sang) Hanne Olsen, Tjøtta, (trekkspel) og Helle Mari Andersen, Bjerka.(altsaksofon). Meir her.
 (30/05-05)
Einar Olav og Gjermund Larsen på Festspela i Bergen
Dei to er med på opninga av festspela på onsdag og skal også spele på feriestaden til Ole Bull valestrand utafor Bergen. Ballade har intervjua dei to, som fortel at det er eit aukande marked for dei som driv med folkemusikk. Gjermund fortel at han nyss er tilbake frå ein soloturne i Moskva i samband med avslutninga av 2. verdskrigen. Om utsikte framover seier han: "Hvis jeg ville kunne jeg sluttet på Musikkhøgskolen når som helst og klart å leve bra på å spille, sier Gjermund. - Folkemusikk er in! Folkemusikk er blitt ungdomskultur." Meir her.
 (30/05-05)
UngFOLK i Telemark for tredje gong
På Seljord folkehøgskole blir det 31. juli til 4. august arrangert kurs for unge folkemusikarar for tredje året. Og det er svært dugande lærerkrefter i sving: Per Anders Buen Garnås, Torunn Raftevold Rue, Johannes Sundsvalen og Kenneth de Gala på hardingfele, medan Unni Boksasp skal undervise i kveding. Sigbjørn Rua vil lære bort halling og annan dans, og Kristine Rønning blir ansvarleg for ein fløyteverkstad. Meir her.
 (30/05-05)
Verdens største og yngste seljefløyteorkester på Vatne på Sunnmøre
På Sunnmøre har Unni Løvlid hatt ansvaret for prosjektet "So ro liten tull" med å få barnehagane engasjert i norsk folkemusikk og dans.
I tillegg til kvedaren Unni er desse engasjert: Eilif Gundersen (lur og seljefløyte), Arne Sølvberg (hardingfele, bjørkefløyte) og Oline Løvlid (dans). Nyleg heldt dei ein av tre avslutningskonsertar på Vatne på Sunnmøre, og det var 500 til stades. Borna kom frå  Tennfjord barnehage, Tryggheim Vatne, Søvik barnehage, Andershaugen i Stordal og Syltebøen, Eidsdal, Dalsbygda og Norddal barnehagar i Norddal. Meir her.
 (30/05-05)
Ny leiar i Folkekulturforbundet: Marit Jacobsen
Marit Jacobsen er generalsekretær i Noregs Ungdomslag og overtar som leiar i Folkekulturforbundet etter Tove Gulsvik frå Norsk Husflidslag som har sete i heile tre periodar. Folkekulturforbundet er studieforbundet til 12 frivillige organisasjonar og har i tillegg samarbeidsavtale med 10 andre organisasjonar. Meir her.
 (30/05-05)
Folkedansteater av born om 1905 i Oslo: "Kanskje kommer kongen?"
Under Kulturnatt-arrangementet som vert halde i Oslo 3. juni, vert framsyninga Kanskje kommer Kongen synt fram i Teatersalen til BUL i Oslo. Framsyninga er eit samarbeidsprosjekt i Noregs Ungdomslag mellom Bondeungdomslaget og Bygdelagssamskipnaden i Oslo. Dansarar frå dei to barneleikarringane er med. Les meir her.
 (30/05-05)
Spelemannen Otto Furholt er død 84 år gamal
Otto Furholt (1921-2005) døydde 27. februar og i siste nummeret av Spelemannsbladet kan vi lese Vidar Landes minneord og Gunnar Stubseids skildring av gravferda i Danmark. Furholt var ein av dei fremste folkemusikk-utøvarane i andre helvta av 1900-talet. Han var frå Vegusdal og slåttemusikken i Agder vart hans store interesse. Han vart også ein framifrå utøvar og kjennar av spelelet i Setesdal. Han lærde elles spel av  gode spelemenn frå fleire kantar av landet. Han deltok på ei rad kappleikar med sers gode resultat. Han var med og oppretta Kristiansand spelemannslag. Han spela også mykje gamaldans og hadde i mange år eigen gamaldans trio. Han var i mange år fast spelemann for BUL i Kristiansand, og hadde mange viktige speleoppdrag for Noregs Ungdomslag og for Nordleik. I 1986 busette han seg i Holsted i Danmark, vart gift og fekk to born. Han byrja også som hardingfelemakar, og laga over 30 instrument. Han fekk etter kvart mange utmerkingar: Æresmedlem i Setesdal spelemannslag og i LfS, og Kongens fortenstmedalje i gull i 1986. Han vart gravlagd i Danmark
 (25/05-05)
Storefjelltreffet på 1001 m høgde fint avvikla
Hotellet som trekkspelaren Anders Nibstad åtte var igjen staden for eit vellukka trekkspeltreff. Mellom dei deltakande laga var Hallingdal Kraftlag. Les meir her.
 (24/05-05)
Norsk og arabisk folkemusikk ved opninga av Festspela i Bergen
Det er Benedicte Maurseth som står for den norske lokkinga. Les meir her.
 (24/05-05)
Kåre Ørjedals orkester med ny CD
CD'en Fagerbakke er studioklar, og dei satsar på gamle komponistar, mellom anna frå Susendal og Ørjedal. Gruppa består av Kåre Ørjedal og Geir Henningsen (trekkspill), Reidar Pantdalsli (fiolin), Steinar Mikkeljord (gitar) og Marit Mikkeljord (bass). Meir her.
 (24/05-05)
Spelemannsbladet 03/2005 er kome, litt også på Internett
Her kan du mellom anna lese Leiarartikkelen, Om prosjektet Snu Nordvest og om Frode Fjellheim som joikar. Les her
 (24/05-05)
Folkemusikkdagane i Ål er i gang
Leiaren i Norsk Kulturråd Vigdis Moe Skarstein opna festivalen, før det vart hallingdalspremiere på "Dødsdansen på Norefjell". Nærare 40 konsertar, ei rad kurs og andre tilskipingar skal avviklast. Sjå her.
 (24/05-05)
Det blir ein stor Landskappleik på Røros
Det er til no påmeldt heile 1200 deltakarar ti Landskappleiken. Ein reknar med over 4000 tilreisande og 400 funksjonærar. Les meir her.
 (24/05-05)
Jubileum og redord for Blømingsfestivalen
blømingsfestivalen vart skipa til for 15. gong, med rekorddeltaking. 29 gamaldansorkester stilte, fire meir enn i fjor. Gruppa Teft frå Tysnes/Fusa vart best av alle. elles var det minnekonsert for den unge trekkspelaren Arild Berge som døydde av kreft i fjor. Les meir her.
 (24/05-05)
Geitungen med plateslepp på Fabrikken i Oslo
Folkemusikkgruppa "Geitungen" hadde slepp på den nye plata si "Bra Kast". Sjølvsagt ga dei til beste utdrag frå plata, og det var utdrag som absolutt ga meirsmak. Eit variert lydbilete og rytmer som det verkeleg svingar av. Dei fleste "låtane" er tradisjonsmusikk frå Rogaland, springar, vals reinlender og hopser, men også nokre låtar som gruppa har laga sjølv. Også Vegar Vårdal som har vore produsent på plata, deltok i nokre av melodiane, slik han også gjer det på plata. Det var god stemning under platesleppet, sjølv om det ikkje var fullt hus.
 (23/05-05)
Førdefestivalen: Kommunestyret krev ikkje aldersgrene!
Etter nok ei runde i kommunestyret får Førdefestivalen lov til å arrangere utkonsert utan aldersgrense. Det er Majorstuen og verdskjent Mory Kante som dkal vere dei store artistane på utekonserten, som er den første i sitt slag på Førdefestivalen.
 (21/05-05)
Sogespel om Landstad og Crøger i Seljord 23-26 juni 2005
Som ein del av det store prosjektet "Sogelandet. Mellomalder i Telemark" blir det i Seljord ei teaterframsyning om presten Landstad og jomfru Crøger og innsamlinga av folkeviser. Regien er ved Stein Winge. Bjørn Sundqvist, Hæge Manheim og Øyonn Groven Myhren har dei berande rollene. Edvard Hoem har skreve teksten. Les meir her.
 (22/05-05)
Bunadnemnda i BUL Nidaros advarer mot mannsbunad sydd i Molde
Gunvor Bakka og Hill-Aina Steffenach i bunadnemnda i BUL i Nidaros er fortvila fordi eit firma i Molde produserer ein draktkopi under namnet "mannsbunad frå Sør-Trøndelag". Dei synest også det er dumt at Husfliden i Trondheim går god for kopien ved å selje han i butikken. I fjor sydde bedriften Solhjell A/S i Molde 1500 mannsbunader. Daglig leder Inger Siri Strand tror at produksjonen blir større i år.Dei lagar 27 ulike typer mannsbunad. Les meir her.
 (21/05-05).
Mange spørsmål og svar om bunadbruk i Dagbladet
I Dagbladets helgejournal Magasinet på Internett var det nyleg eit stort oppslag om bunader og bunadbruk. Mellom anna får vi vite at Nordlandsbunaden har to gonger blitt kåra til den vakraste i landet. Elles får vi opplyst at det i fjor berre var 2 nye "godkjente" bunader. Mange spørsmål og svar om bunader og bunadbruk finn du også her.

 (21/05-05)
Unionsoppløysinga stengde ute Barneleikarringen 17. mai
Det er på Hamar at borna måtte vike plassen dei vanlegvis har hatt på 17. mai. Les meir her.
 (21/05-05)
Bunaden bør du ha på eit døgn!
Det er Veslemøy Nordset som siterer dette, og ho lever sjølv opp til "idealet" fortel ho i eit intervju med Glomdalen. Meir her.
 (21/05-05)
LfS gir 32500 kroner til afganske musikarar
Det er den solidaritetsgåva som vart samla inn under Landsfestivalen og Landskappleiken i fjor og sume andre arrangement. Meir her.
 (21/05-05)
Ny påmeldingsfris for Open Klasse under Landsfestivalen
Det er svært få som har meldt seg på til open klasse, og LfS har sett ny påmeldingsfrist: 1. juni. Alle som melder seg på får delta, og ein treng ikkje sende inn materiale. Meir her.
 (21/05-05)
Fagseminar for journalistar under Førdefestivalen
I samarbeid med LfS inviterer Førdefestivalen til seminar for musikk og kulturjournalistar. Les meir her.
 (21/05-05)
Erlend Viken og Olav Krister Rossebø fekk spele for keisarparet
Dei to ungdomane går på Norges Musikkhøgskole og vart utvalde til det ærefulle oppdraget å spele på slottet der det japanske keisarparet var gjester saman med 220 andre gjester. Erlend Viken er frå Oppdal og spelar fele og hardingfele. Det var hardingfele han spela på slottet. Olav Krister Rossebø spela på det noko uvanlege instrumentet mandola. Erlend Viken skal også spele   under jubileumsmiddagen på Slottet 10. juni saman med Ingunn Stræte Lie. Les meir her. På biletet ser vi Erlend Viken.
 (19/05-05)
Russen og Småjondølane i 17.-mai-samarbeid
Les om samarbeidet deira her.
 (19/05-05)
Programmet for Jørn Hilme stemnet er no klart
Denne festivalen har vakse seg større år for år og er no mellom dei beste vi har. Kjernen i stemnet er framleis kappleiken og kappdansen. Men elles er det ei rad konsertar og dans for alle i ulike former. valdres folkemuseum utgjer ei unik ramme om stemnet. Nytt og spesielt i år er at her skal finalen i IntroFOLK foregå laurdag 30. juli. Mellom dei som kjem til stemnet er folkemusikktrioen Tindra,  Knut Hamre,  Elias Akselsen, felemakarane Oddrun Hegge og Knut Opheimsbakken,  Unni Boksasp frå Nordmøre, Marit Mattisgard og Anders Erik Røine frå Valdres , Hallgrim Berg, Rolf Karlberg, Trygve Bolstad og Bernt Balchen, Per Anders Buen Garnås og Daniel Sandén Warg. Så her blir det mykje spennande.
 (19/05-05)
Trekkspelaren Arthur Stulien (81) har spela i over 70 år
For sin langvarige innsats er han utnemnt til æresmedlem av Musikkverkstedet på Byremo. Les meir her
 (19/05-05)
Er folkemusikkprosjektet "Bø i Felemark" liv laga?
Prosjektet fekk for ei tid sidan avslag frå Kulturrådet om støtte. No søkjer dei fylkeskommunen om meir pengar. Les her.
 (19/05-05)
"Dødsdansen på Norefjell" har hatt vellukka premiere
Premieren på det nye teaterstykket var i Drammen Teater. Stort sett er det hallingar som er med i stykket, men Per Anders Buen Garnås er innleigd frå Telemark i rolla som spelemannen Kjetil Langebakke. Hallingdansarane Martin Myhr og Ulf-Arne Johannessen er også med. Musikken er skriven av rektor Jo Asgeir Lie ved Ål kulturskule. Eldgrim Springgard har skreve teksten. Fleirtalet av rollene er frå Leveld Teaterlag. Les meir her.
 (19/05-05)
Dalakopa har spela gamaldans i 20 år
Og det feirar den gode gruppa med å gje ut ny CD - den skal sleppast i juli. Jubileumskonserten skjer i samband med dansefestivalen i Sel i Gudbrandsdalen 16. juli. På den nye plata blir det også ein god del song - noko det ikkje har vore mykje av på tidlegare plater. Dei som er med i gruppa er Ole Anders Feragen og Thore Härdelin. Stein Nygård, Oline Sofie Bakkom, Roar Kjeldsberg og Mary Barthelemy, Bent Jacobsen og Jens Nygård.  Les intervju med dei i Østlandingen.
 (19/05-05)
Jotullaget har gjeve ut ny gamaldans-CD
Jotullaget har gjeve ut sin tredje CD - namnet er "Trivle". Gruppa vann mellom anna gruppeklassen på Landsfestivalen for gamaldansmusikk i 2004 i Oppdal. Les meir om CD'en og laget på heimesida deira.
 (19/05-05)
Ivrige folkedansleiarar i Kristiansand
Fedrelandsvennen har intervjua to aktive folkedans-leiarar i Kristiansand : Jo Leif G. Strønen og Lin Renate Strøm. Dei er medlemer i ei dansenemnd som Vest-Agder ungdomslag har oppretta. Dei driv mellom anna fleire barneleikarringar og ein ungdomsring. Les meir her.
 (19/05-05)
"Geitungen" med ny CD frå Rogaland
Gruppa Geitungen består av tre dugande unge musikarar frå rogalands-kanten. Dei tre er Håvard Ims (22) frå Sandnes, tidlegare norgesmeister på torader, Olav Crister Rossebø (24) frå Haugesund (fele, gitar mandola) går på Musikkhøgskolen i Oslo, og Vidar S.B. Skrede (24) frå Haugesund (fele, hardingfele og gitar) skal byrje på Musikkhøgskolen til hausten. På CD'en "Bra kast" er det tradisjonsmusikk frå Rogaland, samt nokre eigne komposisjonar. Det blir plateslepp på Fabrikken i Oslo (Nedregt. 7) 23. mai kl 21.00. Plata er prega av fengande rytmisk musikk. Gruppa Geitungen har halde på frå 1997, og har vore med på fleire festivalar og har gjeve ut ein CD før ("Vaniljesaus"). Dei er også med i semifinalane i UngFOLK 2005.  Dei er også månadens artist på Norsk Folkemusikkatalog.
 (19/05-05)
Bunaden har også inntatt Slottsbalkongen
Visstnok for første gong i historia har dei kongelege hatt bunad då dei helsa barnetoget i Oslo frå Slottsbalkongen. Rett nok berre kvinnene: Dronning Sonja hadde sin fine Telemarksbunad og Mette Marit sin nye Vest-Agder bunad (?). Fine var dei i alle fall. Kanskje vi neste år også får sjå Kronprinsen i sin bunad?
 (17/05-05)
Det er straks 17. mai
Og dermed er det bunadstid. Aldri før har så mange hatt bunad som no. Bunaden har blitt festplagget i landet vårt. Mellom kvinnene har det vore slik lenge, men no kjem gutane sterkt etter. Vi har fått eit nytt tidsskrift som heiter Bunad, og om litt kjem det også eit omfattande bunadleksikon. Bunadbøker av mange slag har vi også fått, og vekeblad og aviser skriv mykje om bunader og folkedrakter no framfor 17. mai. Og bunaden skal vere pen og brukast etter tradisjonen. På biletet ser vi to jenter frå Leikaarringen Symra som hjelper kvarandre med det flotte skautet til Sunnmørs- bunaden. Biletet er teke i pinsa 2005 då Symra var i Stockholm og vitja venskapsringen sin Viljan. Dei kunne feire 40 års nært samarbeid. Dei to ringane dansa også fleire framsyningar på Skansen i samband med 100 års feiringa av unionsoppløysinga. Dei to unge og dugande musikarane Erlend Viken og Vidar Skrede var med som spelemenn og gjorde ein flott innsats. Erlend Viken spela som kjent også på Slottsmiddagen for det japanske keisarparet nyleg, så det viser vel at musikken var på topp! Det er Liv Kalvatn som hjelper Ragnhild Slyngstad med å knyte koneskautet. Her er fleire bilete frå Stockholmsferda.
 (16/05-05)
Odd Nordstoga fekk nynorskpris
Odd Nordstoga har fått Landssamanslutninga av nynorskkommunar sin Målbrukspris for 2005. Nordstoga takka varmt for prisen som han meinte han hadde fått fordi han greidde å halde ein nynorsk-song på toppen av hitlistene i 14 veker.
 (30/04-05)
Nordnorske ungdomar samla til vellukka dansehelg
Tårstad Leikarring og Tromsringen var i helga vertskap for alle ungdomsringane i Nord-Noreg, og det var fjerde gongen det var slik samling. Ca 50 ungdomar deltok, og hallingdansaren Martin Myhr var hovudlærar. Her kan du lese meir og sjå nokre bilete frå samlinga.
 (29/04-05)
Norsk Folkemusikk og danselag evaluert av Norsk Kulturråd
På oppdrag frå Norsk Kulturråd har NFD vorte evaluert av Georg Arnestad. Han gjev mykje ros til NFD for at dei "Med relativt små ressursar, hardt, målmedvite og strategisk klart retta arbeid har organisasjonen ikkje berre lykkast å stå fram som den mest profilerte organisasjonen inna nfor det norske folkemusikk- og f olkedansfeltet. NFD må også få ein god del av æra for dette feltet har fått ein tydelegare plass på den kulturpolitiske dagsorden". Han konkluderer med at NFD bør få meir langsiktig støtte  frå Kulturrådet. Les meir her.

 (29/04-05)
Kvedarar frå heile landet på seminar i Vinje
På Mjonøy i Vinje var det kvedarsamling, der laling, lokk og bygdeviser stod i sentrum. Hill Romtveit,
Unni Boksasp, Kjell Håve og Eli Storbekken var lærarar. Deltakarane var godt nøgd både med dei og opplegget elles. Les meir her.
 (29/04-05)
Valdresspringaren er populær i Stockholm
Der har dei eit lag som kallar seg "Steinsrudlaget" etter dei kjente valdresdansarane Knut og Berit Steinsrud. Laurdag og søndag var det dansekurs med Ellen Persvold og Frode Rolandsgard, medan kursspelemannen Jan Beitohaugen Granli avslutta helga med konsert på Musikmuseet. Svensk radio gjorde opptak av konserten og intervjua Beitohaugen Granli om norsk folkemusikk. Les meir her.
 (28/04-05)
BUL i Oslo ber politiet dempe seg 17. mai på Karl Johan
I 30 år har Leikarringen i BUL i Oslo dansa føre toget oppover Karl Johan og framføre slottet. Midt under dansinga er det vanleg at politiorkesteret kjem i stor fart og "brøyter seg fram" ifølje BUL. Les meir om usemja her.
 (28/04-05)
Løyvingar frå Kulturrådet til norsk folkemusikktiltak
På eit møte i slutten av mars løyvde dei pengar til desse formåla: LfS kr 150 000 til   ”Folkelarm”.Unni Løvlid kr 80 000 til innspeling og utgjeving av CD-en ”The loved ones”. Osafestivalen kr 75 000  til framføring av barokkoperaen Acis og Galatea i Voss. Førde internasjonale Folkemusikkfestival kr 75 000 til ”Rythm of Speech” og 20 000 til fagseminar for journalistar. Agder folkemusikkarkiv kr 75 000 til etablering av ein søkbar nettdatabase for stev. Norsk folkemusikkatalog kr 60 000 til oppbygging av ein biografidatabase, Rolf Seldal kr 20 000 til innspeling med tradisjonelle norske trommeslåtter. Jorun Marie Kvernberg kr 20 000 i stønad til utgjeving av CD / CD-ROM. Norsk folkemusikkformidling kr 200 000 til å greie ut om  Riksscena for folkemusikk og folkedans. Meir her.
 (28/04-05)
Langeleikspelaren Ola Brenno frå Bagn heidra med konsert
Valdres Folkemusikkgruppe, Elisabeth Kverne og fleire andre deltok på konserten i Hølera i samaband med at det er 140 år sidan den kjende langeleikspelaren vart fødd. Dotter hans Ragna Brenno kunne ikkje delta men fekk konserten overført til Oslo via mobiltelefonen! Les meir her.
 (28/04-05)
Grenland Brassfestival med Knut Buen og Anne Gravir Klykken
Knut Buen hadde fått i oppdrag å lage eit "verk"
med tekstar og tonar på oppdrag frå  Norges Musikkorps Forbund i Telemark. På scena deltok Kongelige Norske Marines Musikkorps og hydrokoret Canto Ammonia saman med Buen sjølv og Anne Gravir Klykken. Les meir her.
 (28/04-05)
Eksamen i "Norsk folkeleg dans" i Vågå
Sist helg hadde dei som har vore med på kurset "Norsk folkeleg dans" eksamen, i form av ei framsyning i Vågå Kulturhus. Dette er det studiet som
 Universitetet i Trondheim (NTNU), Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff-senteret) og Folkekulturforbundet samarbeider om.  Ami Petersson, Voss, og Vegar Vårdal, Vågå, har vore lærarar. Mette Vårdal, Vågå, har utarbeidd teori-delen. Karakterane var bestått /ikkje bestått, og alle bestod. Kurset gjev frå i år av 15 studiepoeng. Dei som tok studiet i fjor fekk ikkje studiepoeng, og 10 av dei 20 frå fjorårskullet nytta høvet til å avleggje ny "poenggjevande" eksamen. Årets kull bestod av 16 studentar. Årets kull var meir studentar medan fjorårets var meir garva folkedansarar. Les meir her.
 (28/04-05)
Danseprosjektet "Snu nordvest" har hatt samling med 20 ungdomar
Det landsomfattande prosjektet "Bygda dansar" har kome i gang i Møre og Romsdal, og har nyleg hatt ei samling på Vestnes der 20 unge dansarar var i sving. Dei fekk mellom anna lære
halling, reinlender og springar frå søre
Sunnmøre. Live Karin Liaskar og Sigurd Johan Heide var hovudinstruktørar og spelkvinne er Britt Elise Skram som kjem frå dette distriktet. Prosjektet vil gjerne ha fleire ungdomar 15-20 år med på laget, og det blir fleire samlingar til hausten.

 (23/04-05)
Susanne Lundeng med flott konsert i Inderøy
Ho får mykje skryt for konserten, der ho spela låtar frå dei to siste platene sine
"Vals til den røde fela" (2000) og "Forunderlig ferd" (2004). Ho hadde også hjelp av eit ungt strykeorkester frå Inderøy Kulturskole. Les meir her. Lundeng har også nyleg hatt konsert på pøbben Babylon i trondheim, og også her får ho framifrå kritikk. Les om det her.
 (23/04-05)
Songen og dansen i Kongsberg kyrkje vart godt motteken
Bygdelagskoret i Oslo og Kongsberg spel og dansarlag hadde ein vellukka konsert i Kyrkja. Det var ein del skeptikarar på førehand, men det heile vart godt motteke, og 150 såg på. Det var både springar, gangar og vals i kyrkjeromet. Konserten "Tradisjon og impuls" skal også visast i Oslo: I kampen kirke 22. mai og på Det norske Teateret i juni. Les meir her.
 (23/04-05)
Landskappleiken: Du kan delta i to pardansar likevel
Styret i LfS vedtok i haust at det berre skulle vere lov å delta i ein pardans på Landskappleiken. På grunn av dårleg informasjon om dette er gjennomføringa av vedtaket utsett til neste år. Les meir her.
 (23/04-05)
Vellukka folkemusikkverkstad på Å barneskole
"Folkemusikkverkstedet" er i desse dager på turné på barneskolar i fylket, og er et samarbeid mellom Rikskonsertene og Vest-Agder Fylkeskommune. I går var turen komen til Å barneskole i Lyngdal. Dei fire folkemusikk- og folkedanseentusiastane Knut Egil Kristiansen, Vegar Vårdal, Magne Kleiveland og Borghild Løver troppa opp frå tidleg morgon, og sette i gang de 35 elevane i 6. klasse med verkstad innan folkesang, folkedans og folkemusikkinstrument. Les meir her.

 (23/04-05)
Programmet for "Kalottspel" er klart - festivalen er 10 -14 august i Målselv
Denne nordnorske folkemusikk og dansefestivalen har programmet klart. Dei fleste aktivitetane foregår i Rundhaug i Målselv. Eit høgdepunkt blir konsert med ei nystarta gruppe Hekla Stålstrenga. Kalottspel har i samarbeid med Musikk i Troms samla fem markante unge utøvarar, og gruppa skal ha  premiere fredag. Gruppa består av Tore Bruvoll på gitar, Ragnhild Furebotten på fele, Sigrid Randers-Pehrson på vokal, Inge Dulin på perkusjon og Andreas Amundsen på kontrabass. Den kjente svenske gruppa Väsen skal også vere med. Les meir her.
 (23/04-05)
Festspeldirektør Lene Furuli intervjua av avisa Firda
Avisa har eit lengre intervju med den konstituerte (1 år) festspeldirektøren i Førde Lene Furuli (34) frå Sarpsborg. Ho har no vore 7 månader i jobben og trur det skal bli ein fin festival til sumaren. Les meir her.
 (23/04-05)
11 folkekunstnarar har fått ulike stipend for 2005
Desse stipenda er finasiert av Staten, og blir tildelt etter innstilling frå kunstnerorganisasjonane. I gruppa Folkekunst har desse fått stipend: Salve Autenå (Statens garantiinntekt for eldre fortjente kunstnarar). Arbeidsstipend (kr 163500): Martin Myhr (1 år), Jan Petter Myhre (1 år), Berit Opheim (2 år) og Øyonn Groven Myhren (2 år). Etableringsstipend (kr 20000): Anne Hytta og Vegar Vårdal,. Materialstipend (15000 -35000): Per Anders Buen Garnås, Camilla Granlien, Håkon Høgemo, Sturla Eide Sundli. Reise/studie-stipend (10000 - 24000): Tone Juve, Jan Petter Myhre, hilde Kristine Nødtvedt og Gunnhild Aasen. Meir her.
 (23/04-05)
Ås-jenta Elise Morken på 9 år er dugande på trekkspel
Det har vore Distriktsmeisterskap på trekkspel for Oslo og Akershus, og den unge Ås-jent vann klassen under 11 år. Les meir her.
 (21/04-05)
Etnisk Musikklubb med dobbelt-CD med "Verdsmusikk"
Musikklubben som held hus på Kongsberg er ein plateklubb, men dei gir også ut plater sjølv. No har dei lansert ein dobbelt-CD berekan for verdsmarknaden, me ei samling frå tidlegare CD'ar. Varden gjev terningkast 5. Les meir her.
 (21/04-05)
Norsk kulturråd avslo søknaden om Folkemusikksenter i Bø i Telemark
Dei hadde søkt om 450 000 kroner, som skulle utgjere ein tredjedel av kostnaden. Men det vart altså nei. Les meir her.
 (21/04-05)
Fin sjokoladekappleik i Gravin i Seljord
Heile 67 ungdomar frå 4 år og oppover deltok på den vellukka kappleiken. Dette er noko som Landslaget for Spelemenn vil sate på, og ansvarlege der
Solbjørg Tveiten og Jorun Marie Kvernberg var til stades for å lære korleis dette kan gjerast. Les meir her.
 (21/04-05)
Liv Runesdatter på turne med programmet "Sang til himmelen"
Det er eit program med ukjent religiøse folketonar frå Rogaland og Vestfold. Den klassisk skolerte songaren er frå Vestfold men bur i Stavanger. Meir her.
 (21/04-05)
Vellukka Fylkeskappleik i Hedemark
Det var Østerdølenes spellmannslag som var arragør for den årlege kappleiken, som dei hadde valt å leggje til Rendalen. Det var 130 deltakarar på stemnet. Meir her.
 (21/04-05)
Det blir Kongepokal på Landskappleiken også i år
I fjor var det sett opp Kongepokal i spel hardingfele, den den vann som kjent Jan Beitohaugen Granli. I år blir det også kongepokal, og denne gongen i spel vanleg fele, som det høver seg i eit typisk feledistrikt som Røros. Tre gonger tidlegare har Kongepokalen vore sett   opp i denne klassa. I 1980 vart  Ivar Schjølberg  vinnar,  i 1992 fekk Mari Eggen pokalen som den første kvinna og i 1999 vann Tron Westberg. Finalespelet skal foregå i den kjende kyrja i Bergstaden. Les meir her.
 (21/04-05)
Laga i NU blir bedne om å søkje pengar
I siste nummeret av Ungdom (medlemsavisa til Noregs Ungdomslag) blir laga oppmoda om å sende inn søknader om Frifond-midlar. I fjor fordelte NU knapt ein million kroner til 100 lag. Til no er det kome inn søknader frå 94 lag på i alt 2,1 million kroner.
 (19/04-05)
Mange dansekurs på Norsk Amatørteaterfestival i Oslo
Festivalen skal vere 6-12 juni 2005 på Det Norske Teateret. Her blir det sjølsagt mest teater, men folkedans blir det også ein god det av. Og bunadhistorie. Det blir mellom anna kurs i dans frå ulike kulturar. og kurs i å vise folkedans på scene. Meir på www.teaterfestival.no
 (19/04-05)
Folkedanskursa i NU held seg på eit stabilt nivå
Noregs Ungdomslag hadde ein liten nedgang i studieverksemda i fjor. Men når det gjeld kurs i folkedans var tala stabile både når det gjeld deltakartal og timetal. Mange fylkeslag hadde nedgang, men sume fylkeslag hadde ein god auke. Les meir hos Folkekulturforbundet.
 (19/04-05)
Mange folkemusikk-CD'ar får tilskot frå "Lyd og bilde"
Fond for lyd og bilde heitte tidlegare Norsk kasettavgiftsfond. Dei har delt ut pengar for våren 2005, og mange folkemusikk-produksjonar har fått tilskot: til dømes Elisabeth Vatn (Curling Legs AS), Bodil Haug (Etnisk musikklubb),  Olea Crøger (Grammofon), Aage Sogn (Lydmakeriet), Sondre Bratland (Kirkelig kulturverksted)  og Marit Mattisgard / Anders E. Røine (ta:lik). Meir her.
 (19/04-05)
Folkemusikkgruppa Dvergemål på konsertturne med Blix-program
Gruppa ga i 2004 ut ein CD med songar av Elias Blix "song i Himmelsalar". No reiser dei på turne for Rikskonsertane. Dei som er med i gruppa er:  Jon Anders Halvorsen (song, harmonium, frå Lunde i Telemark busett i Oslo), Marit Mattisgard (song, langeleik, frå Valdres), Øyonn Groven Myhren (song, lyre, seljefløyte, frå Oslo), Turid Spildo (song, hardingfele, frå Granvin i Hardanger, busett i Reykjavik). Meir her.
 (19/04-05)
Er det synd med springar i Kongsberg kyrkje?
Dette er eit heitt tema på Kongsberg for tida. Det skal vere folkedansmesse der, og Bygdelagskoret frå Oslo skal syngje og Kongsberg spel- og dansarlag skal danse.
Det har aldri skjedd før i kyrkjas 244 år lange historie. Anne Svånaug Haugan er ansvarleg for idé og opplegg for konserten Tradisjon og impuls.  Les meir her. Og her.
 (19/04-05)
Hardingfele og fiolin møttest på OLe Bull Akademiet
Tema for Kulturskuleveka i Voss i vårsemesteret 2005 er folkemusikk. Tysdag var det konsert på Ole Bull Akademiet. Les meir om det her.
 (19/04-05)
Kalottspel endrar organisasjonen sin
Nyleg hadde Kalottspel ekstraordinær generalforsamling og vedtok endringar i organisasjonen. Kalottspel er Nord-Norges leidande folkemusikk- og folkedansfestival med røter attende til 1970. Festivalen blir no kvart år i andre helga i august. Les meir her.
 (19/04-05)
Dag Vårdal med to opplæringsprosjekt innan folkedans/folkemusikk
På NU sitt fagseminar på Sørmarka fortalde Dag Vårdal at i løpet av året vil han ha to ulike opplæringsprosjekt ferdig. Det eine er ei opplæringspakke i dans til bruk i vidaregåande skole (kroppsøving), med både norske og utanlandske dansar. Det blir video og CD'ar. Det andre prosjektet gjeld ein del kvadriljer og Franseser, og det blir også to CD'ar og teksthefte.
 (19/04-05)
Ola Nordmann Strand utnemt til æresmedlem i Noregs Ungdomslag
På Fagseminaret på Sørmarka vart Ola Normannn Strand frå Nordmøre  utnemt som æresmedlem i Noregs Ungdomslag, som ein av dei få gjennom tidene. Han byrja på kontoret i NU tidleg på 1970-talet som teaterleiar, men den lengste tida har han vore kontorleiar. Gjennom åra har han lagt ned eit stort arbeid i NU. Han har nyleg slutta og vorte pensjonist. På biletet får han diplomen som viser at han er æresmedlem av leiaren i NU Åge Avedal.
 (18/04-05)
Silje Hjelle Strand ny informasjonsmedarbeidar i Noregs Ungdomslag
Den gamle informasjonsmedarbeidaren Tina Vilencia sluttar i desse dagar i NU og reiser til Nordfjord. I staden hennar er tilsett ny medarbeidar, og ho kjem frå Nordfjord, Nordfjordeid. Ho har nyleg starta arbeidet sitt i NU.
 (18/04-05)
Noregs Ungdomslag gjer viktige endringar og prioriteringar
NU vil prioritere informasjonsarbeidet innetter og utetter, og må dermed nedprioritere noko anna. Det fører til at Landsstemnet Folkekulturfestivalen (NU-stemnet) blir berre annakvart år. Samstundes blir det slik at Landsmøtet blir skilt frå stemnet og skal vere kvar vår. Fagseminara, som no i mange år har vore i april, skal heretter  vere om hausten, og det blir derfor halvtanna år til neste fagseminar. Modellen for utdanning av instruktørar i folkedans har vore under evaluering, og ein vil satse på same modellen som har vore dei siste 6 åra, men gjere justeringar for at han skal fungere endå betre. Den noverande modellen byggjer på at mykje av opplæringa skal foregå lokalt. Biletet viser leiaren i NU Åge Avedal.
 (18/04-05)
Noregs Ungdomslag med vellukka fagseminar på Sørmarka
Kvar vår brukar NU å ha fagseminar. Det er seminar i folkedans, bunad og Barne og Ungdomsrådet, og samstundes har Landsrådet møte.  I år var det ca 100 deltakarar på møtet, og det er NU godt nøgd med. I Folkedans, som samlar flest deltakarar, var det presentasjon av folkedans som stod i sentrum. Detltakarane fekk som innleiing lære 5 litt sjeldne dansar, og så kom koreograf Liv Marie Skare Baden og hjelpte til med å lage spennande framsyningsprogram på grunnlag av desse 5 dansane. Her kan du finne kva dansar det var, og nokre bilete frå seminaret.
 (18/04-05)
Det første Bunadleksikonet blir i 3 bind
Kunsthistorikaren Bjørn Sverre Hol Haugen frå Odalen har arbeidd i to og eit halvt år med det nye bunadleksikonet som blir på ca 1000 sider og kjem ut om ca eit år på Damms forlag. Les meir her.
 (09/04-05)
Bukkene Bruse med vellukka konsert - men få som høyrde på
Dei fire gode musikarane
Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset, Bjørn Ole Rasch og Steinar Ofsdal heldt ein vellukka konsert på Dampsaga Kulturhus, og Trønder-Avisa gjev dei god kritikk. Men det var berre 35 tilhøyrarar. Les meir her.
 (09/04-05)
Landslinene i vg skole vil overleve - etter revidert nasjonalbudsjett
Ifølgje det reviderte nasjonalbudsjettet vil dei ulike landslinene, mellom anna i folkemusikk og ski, få leve vidare. Les meir her.
 (09/04-05)
Fylkeskappleiken i Sogn og Fjordane - Indre Sunnfjord Spelemannslag best
Dei vart best både i lagspel hardingfele senior og lagspel gamaldansmusikk under kappleiken i Dahle. Elles gjorde dansarar og spelemenn frå Fjellljom det godt. Les meir her - og heile resultatlista.
 (09/04-05)
"Korleis få fleire feite oppdrag?" - Ola K. Berge si orientering
Kva skal ein gjere for å kunne leva som folkemusikar eller dansar? - var spørsmålet som Berge snakka om på NFD sitt årsmøte 17. mars. Les om det han sa her.
 (09/04-05)
Nytt frå Sverike: Ransäterpöjkerna spelar saman på nytt!
Det er 33 år sidan dette kjende bandet vart danna, og 17 år sidan det vart lagt ned etter ei alvorleg bilulukke. Men no er dei i gang att, har spela inn CD og skal delta på Spelmannstämman. Meir her.
 (09/04-05)
Gamaldansfestivalen 2005 i Asker 23. april
Kulturuken i Asker arrangerer Gamaldansfestivalen 2005. Det foregår i Arnestadhallen i Vollen 23. april kl 18. Til dansen blir det mange gode orkester: Askerladden, Bærum Spelemannslag, Asker Spell og Danselag. Gruppa "Valkyrien Allstars" med Tuva Syvertsen, Erik Sollid og Ola Hilmen spelar også. Elles er det fleire andre tiltak som gjeld folkedans og musikk i denne omfattande kulturveka. Meir info her.
 (09/04-05)
Intervju med Vidar Lande i Fedrelandsvennen
Professor i folkekunst og folkemusikk og spelemann Vidar Lande (56) var svært overraska over at det han kallar eit forskningsarbeid fekk spelemannsprisen. Les meir om det hen meiner her.
 (09/04-05)
Søknad om støtte til folkemusikk frå RFF?
Det er to ulike støtteordningar som kan søkjast på, begge med frist 1. mai. Det eine er Tiltaksmidlar og Arbeidsstipend og det andre er Formidlingsstøtte. Les meir her.
 (09/04-05)
Ingvill Marit Buen Garnås og Jon Halvorsen samarbeider om "gåtesong"
Dei to songarane frå Telemark er i ferd med å spele inn ein ny CD med gåteviser. Gåtevisene er noko av det eldste folkemusikkstoffet, og mykje går tilbake til mellomalderen og endå lenger. Meir her.
 (09/04-05)
Professorat i folkemusikk ved Høgskolen i Nesna
I desse dagar blir det lyst ut eit professorat i folkemusikk ved høgskolen, og det blir det første i sitt slag i Nord-Noreg. Dette er ein lekk i å utvide studietilbodet i folkemusikk frå det noverande bachelorstudium til masterstudium. To sterke kandidatar til stillinga er Ove Larsen frå Høgskolen i Nesna, som i si tid tok doktorgraden på drevjapolsen, medan  Ola Graff fra Tromsø Museum tok sin doktorgrad på samisk joik. Les meir her.
 (09/04-05)
Songseminar med søkjelys på Valdressongen
På Valdres Folkemuseum blir det 15-17 april songseminar i samarbeid med Ruth Wilhelmine Meyer som hovudlærar. Ho er ein kjent songar og songpedagog som mellom anna har samarbeidd mykje med Agnes Buen Garnås og har undervist i folkesong på mange stader. Informasjon:
Stian Roland tlf. 9072290 eller rolandstian@hotmail.com.
 (09/04-05)
Fleire CD'ar vil kome i samarbeid mellom NRK og Ta:lik
NRK og Ta:lik har nyleg presentert ein CD med opptak av Odd Bakkerud. I ei pressemelding fortel NRK at det er inngått avtale med Ta:lik om å gje ut fleire CD'ar med opptak frå NRK-arkivet.
 (09/04-05)
Plateslepp med Odd Bakkerud sin CD 8. april på Nesbyen
Storspelemannen Odd Bakkerud skal endeleg få sin eigen CD, og det er Talik som gjev ut plata. Opptaka er frå 1959 til 1971. Dette skjer på ein stor konsert på fredag, med mange gode spelemenn. Laurdag er det så Buskerudkappleik kl 12 i Næringstunet med tevling i spel, kveding og dans. Om kvelden er det fest. Meir her.
 (02/04-05)
Gruppa Geitungen frå Rogaland forseinka med CD'en sin
Men på Coulombi Egg i Bergen spelar dei utdrag av plata, og det blir både ril og gamladans. Det var meininga å presentere plata her. Med i gruppa, som også skal til Riddu Riddu festivalen til FOLKIntro tevling, er
Viðar S. B. Skrede (fele, hardingfele og gitar), Olav Christer Rossebø (fele, gitar og mandola) og Håvard Ims (toradar).  Meir her.
 (02/04-05)
Mange spennande saker på Rudi Gard
Programmet for Låvende saker 2005 er klart. Mellom dei mange arrangementa i sumar finn vi KVARTSfestivalen 17-18 juni. Elles finn vi gruppa Trispann, gruppa Väsen, Plateslepp med Nordafjells og mykje anna. Les her.
 (02/04-05)
Den Norske Folkemusikkveka på Ål presenterer programmet
Programmet for veka som er 22 - 29 mai er nå klart. Som kjent legg ein vekt både på konsertar og kurs, og hovudvekta er på dei norske folkemusikk og dansetradisjonane. Som vanleg er det Fanitull-tevling, Jens A. Myros minnepris, mange kjente artistar som Knut Hamre, Jan Beitohaugen Granli, Majorstuen, Sven Nyhus både med døtrer og kvintett, visekveld, teaterframsyning og mykje anna i eit tettpakka program. Og sjølvsagt dans for alle mange stader. Les meir her.
 (2/04-05)
Ny leiar i Bygdelagssamskipnaden i Oslo
BLS har halde årsmøte, og denne gongen vart det kvinneleg leiar: Åse Bjorli. Ho var leiar for folkedansnemnda i 2004 og er dessutan med i styret i Leikarringen Symra.
 (31/03-05)
Sigmund Morken (74) frå sør-Fron har dansa seg frisk
At dans er nyttig og morosamt på fleire måtar veit vi frå før. At ein også kan danse seg frisk frå alvorlege sjukdomar har vi eit godt døme på her. Les som den spreke dansaren som har kome seg fint etter sjukdomen.
 (31/03-05)
Ny bok med rim og regler frå Buskerud
Det er Bondekvinnelaget som står bak tiltaket, under leiing av
Hjørdis Grønhovd frå Vikersund. Boka heiter "Lang, lang rekke" og blir trykt i 2000 eksemplar. Meir her.
 (31/03-05)
Karl Seglem med band på Rikskonsert-turne
Desse musikarane, der også Håkon Høgemo er med, har fått mykje ros for plata som kom i haust - "femstein". Nå skal dei på konserturne. Les meir her.
 (31/03-05)
Folkemusikkk har fått trongare kår i radio
Dette gjeld særleg i distriktsprogramma. For ein del år sidan var andelen av musikk i lokale program ca 50%, men i dag er denne prosentdelen halvert. Distriktskontora fyller ikkje den kvoten med lokal musikk som dei har høve til. Mello 1 og 5 % er folkemusikk og gamaldansmusikk. Musikksjef i NRK P1, Per Ole Hagen, synest at det blir spela nok lokal musikk. Les meir her.
 (31/03-05)
Opptaka til studia ved Norges Musikkhøgskole er nå klare
I kandidatstudiet i utøving innan folkemusikk er desse klare: Vidar Stefán Berntsson Skrede, hardingfele/fele, Ola Kjorstad, hardingfele/fele, Heidi Gyldenås Olsen, trekkspill, Kim André Rysstad, kveding og Liv Ulvik, kveding. Dessutan er Andreas Bjørkås å finne på lista for utøvarstudiet i klassisk fiolin. Du finn alle listene her.
 (31/03-05)
Strunkeveko får redusert tilskot i 2005
I fjor fekk Strunkeveko i Valdres kr 80000 av Landsrådet for Barne og Ungdomsorganisasjonar til opplæringa av unge i fokemusikk og folkedans, men i år er tilskotet redusert til null. Som dei fleste kjenner til er dette eit sommarkurs som har vore svært vellukka, mellom anna pga svært gode lærarkrefter. Det har dei siste åra vore ca 100 mellom 10 og 16 år som har vore på kurset. Leiinga for Strunkeveko synest det er brutalt å kutte stønaden så brått. Landsrådet grunngjev avgjerda med at dei først og fremst støttar etablering av nye tiltak. Les meir her.
 (31/03-05)
Ny Stortingsmelding om kultur og næring
Stortingsmeldinga vart lagt fram for nokre dagar sidan. sume synest nok at det var lite konkrete tiltak i meldinga. Meldinga bør få mykje å seie for dei som skal leve av folkemusikken og dansen framover. Les presemeldinga her.
 (28/03-05)
Hallgrim Berg om rolla si i Norsk Kulturråd
Det nye Kulturrådet for 2005-2008 vert presentert på sidene til Norsk Kulturråd, og Berg sitt syn kjem fram i LFS-nett-avisa. Han vil legge vekt på at rådet prioriterer norske kulturuttrykk, og at unge godt kvalifiserte utøvarar får gode arbeidsvilkår. Berg er også med i musikkfagleg utval og i innkjøpsordninga for fonogram.
(28/03-05)
Marita Ramstad og Reidun Berg fekk Varden-prisen for 2004
På Fylkeslaget Varden sitt årsmøte 12. mars vart Vardenprisen delt ut av leiar Ola Lilleåsen, Prisen vert delt ut til dei som har gjort ein ekstra stor innstas for kulturlivet i fylket. Begge damene er frå Hamar og har vore aktive innan folkedansen i mange år. Både i barneleikarringen Lurvelegg og i  folkedanslaget Sølja. Marita instruerer også i Moulineten stildansgruppe.
 (28/03-05)
Vellukka dansehelg for unge dansarar i Midt- og Nord-Noreg
Det var ungdomsringen Midtgardsormen som i høve sitt 5-års jubileum bad likesinna danseentusiastar inn til dansehelg i Levanger. Ca 30 ungdomar frå Tromsø ti Trondheim hadde det kjekt saman. Les meir her.
 (27/03-05)
Berit Opheim, Nils Økland og Bjørn Kjellemyr med ny CD
Den nye CD'en heiter BNB - det er forbokstavane til dei tre musikarane. Den nye plata vart lansert under Vossajazz nyleg, og kjem i handelen 1. april. Plata kjem på selskapet 2L. Les meir her.
 (27/03-05)
UD sin reisestønad for våren 2005 er fordelt
Reisestønad til konsertar i utlandet blir delt ut to gonger for året. Av i alt 10 søknader innan feltet folkemusikk var det 6 som fekk stønad. Les heile lista her.
 (27/03-05)
Posten støttar også i år Førdefestivalen
I ei pressemelding fortel festivalen at dei også i år får økonomisk støtte av Posten, slik at dei kan utvikle festivalen vidare og presentere kultur på høgt nivå. Les meir her.
 (27/03-05)
"Barfotjenta" - eit historisk teaterstykke med folkemusikk og opplæring
I Oppegård er ein i ging med det svensk/norske samarbeidsprosjektet "Barfotjenta". Teaterframsyninga har premiere 10. september i Kolbotn. I tillegg til teater, inneheld prosjektet også kursverksemd som er del av den kulturelle skolesekken. Med i framsyninga er mange profilerte artistar, som Laila Yrvum, Mads Berglund, Ulf Arne Johannesen m.fl. Peter Jankert har regien, Tone Holte skriv manus og Tommy Olsson står for kostymer. Meir informasjon på dei flotte heimesidene til prosjektet:  http://www.barfotjenta.no/ Les meir her.
 (27/03-05)
Vellukka toraderseminar i Rennesøy
Det var femte gongen at dette seminaret gjekk av stabelen, og over 60 deltakarar frå store deler av landet var til stades. Mellom dei var også Ingunn Bjørgo i Askerladden. Les meir her.
 (27/03-05)
Folkemusikkfestivalen Årinn i Kristiansand/Valle tar form
Den nye bransjefestivalen for folkemusikk vert halden i Valle og Kristiansand 29. august til 3. september for første gong. Det kjem mellom anna artistar frå Grønland, Senegal og Sverike. Frå Noreg kjem samiske Inga Juuso, og frå Telemark  Ingvill Marit Buen Garnås og Jon Anders Halvorsen med sitt prosjekt "Gåtesong".Festivalen startar i Valle med konsertar og seminar, og held fram på Christiansholm Festning i Kristiansand. Leiar for festivalen er Øyvind Nyvoll med konntor i Kristiansand. Les meir her.
 (27/03-05)
Dølamoro på Lillehammer
Rudi-Radi-Rundtur var tittel på revyshowet til ein trønder og tre døler - Sigmund Kveli, Håkon Sveen, Øystein Rudi og Terje Hong. Programmet som vart vist på Maihaugen i går kveld, byggjer på ei forestilling som gjekk for fulle hus heime på kulturgarden til Rudi'n i Sør-Fron sommaren 2003. Les meir om det her.
 (11/03-05)
Røykelova truar dansefestkulturen og gamaldansen, meiner Jan Borseth
Bandveteranen frå Selbu har gitt ut 21 plater og har spela på over 3000 dansefestar. Røykelova i praksis har fått han til å gje ut protestvisa ”Klagesang til ministeren” på plate. Les intervjuet med Borset her.
 (11/03-05)
Folkemusikk er å likne med gamalosten
"Tilhengerne av "ekte" folkemusikk må fortsatt finne seg i å få relativt lite mediedekning, slår Tommy W. Holt ved Edison reklamebyrå i Porsgrunn fast." Dette er frå eit intervju i avisa Varden. Les meir der.
 (11/03-05)
Bitustøyl stiller ope spørsmål om Spelemannsprisen
Det har vore mykje "støy" etter utdelinga av spelemannsprisen, og måten det vart presentert på i TV2. Her kan du lese spørsmålet frå Kjell Bitustøyl til leikaren i Spellemannskomiteen Knut Værnes. her finn du også mange andre lekkje til debatten.
 (11/03-05)
Agnes Buen Garnås i spissen for ny turneoppsetting i Telemark
Dn nyproduserte konsertsatsinga har fått namnet "Ljod". I tillegg til Agnes er det flinke folk: Marilyn Mazur er multiperkusjonisten som har vore medlem av Jan Garbarek Group i fjorten år. Hun har også turnert med Miles Davis og Gil Evans.
Ruth Wilhelmine Meyer er songer og songpedagog fra Vinje og Lunde. Saman med Agnes Buen Garnås skapte ho eventyrkonserten "Fugl" i 2003.
Den danske perkusjonisten Birgit Løkke har turnert og spela med ei rekkje av Nordens jazzensemblar etter at ho byrja si profesjonelle karriere i bandet Savage Rose i 1989. Les meir her.
 (11/03-05)
IntroFOLK: Det er bestemt kven som møter kven på semifinalane
Kabalen med fordelinga av Årets unge folkemusikarar på dei fire store folkemusikkfestivalane i sommar er no lagt. Fyrst ut er Den norske folkemusikkveka på Ål, laurdag 28. mai, der Torader/trøorgelduoen Gammel-likt se møter Majorstuen. Under Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, laurdag 9. juli, møter hardingfelespelemannen Synnøve Bjørset felekollega frå Majorstuen Gjermund Larsen. Laurdagen etter, den 16. juli, møtest to trioar under Riddu Riððu festivalen i Kåfjord. Tindra har besetninga fele, trekkspel og song, medan Geitungen består av fele, torader og gitar. Sist ut i semifinalerunden er Telemarkfestivalen i Bø, der den samiske gruppa Adjagas møter hardingfelespelemannen Per Anders Buen Garnås, som dermed stiller på heimebane. Finalen finn stad under Jørn Hilmestemnet laurdag 30. juli
 (11/03-05)
Den nye festivalen Årinn blir presentert i Oslo 17. mars
Norsk Folkemusikk- og Danselag vil presentere den nye festivalen i Kristiansand: ÁRINN - internasjonal festival for tradisjonell folkemusikk og folkedans. Det skjer på Fabrikken (Nedre gate 7 på Grünerløkka) kl 14. ÁRINN er ein ny internasjonal festival som har som mål å løfte fram dei tradisjonelle uttrykka innan folkemusikk og folkedans, utvikle eit internasjonalt bransjetreff for sektoren, og vere alternativ til andre folkemusikkfestivalar ved å reindyrke dei levande tradisjonane i eit akustisk, intimt miljø. Festivalen blir arrangert 29. august til 3. september 2005, og starter i Setesdal med fagseminar og konsertar. Deretter flytter ÁRINN til Kristiansand der det blir lagt opp til ei internasjonal konferanse og konsertar på tre scener på festivalarenaen Christiansholm Festning. Øyvind Nyvoll er prosjektutviklar. 
 
(11/03-05)
Spennande gruppe på pøbb i Tromsø
Fredag 18. mars er gruppa  Vajas på pøbb i Tromsø. Med i gruppa er Kristin Mellem, Ánde Somby og Nils Johansen - tre arktiske stemmer. Pøbben er som før på Teaterkafeen, dørene opnar kl 21 og inngangsbilletten er kr 100. 
 (11/03-05)
Ervingen og BUL i Bergen har slått seg saman til eit lag
Dei to ungdomslaga i Bergen bestemte 2. mars at dei skal vere eit lag: Bergen Ungdomslag Ervingen. Dei to laga har samarbeidd godt i fleire år, og nå har dei altså teke steget fullt ut og blitt eit lag. Det eldste av laga Ervingen vart skipa i 1900, og BUL i Bergen i 1909 av ei utbrytargruppe frå Ervingen. Vegard Opheim er første leiaren i laget. Laget skal vere både eit ungdomslag og eit mållag. Laget får i alt ca 330 medlemer.  Les meir her.
 (10/03-05)
Programmet for sumarens Telemarkfestival offentleggjort
Programmet vart lansert frå båten Innvik ved kai i Oslo. Mellom godbitane i år er eit bestillingsverk som Mari Boine skal lage og framføre. Festivalen er 21. juli til 24. juli i Bø. Av konsertar med brei publikumsapell finn vi Gåte og Vamp. Eller blir det semifinale:  Per Anders Buen Garnås skal  møte joiken. I den nye INTRO-folk konkurransen skal han ut  mot duoen Adjagas, som er Sara Marielle Gaup og Lawra Somby. Totalt blir det ca. 20 konsertar og 15 kurs og seminar. Budsjettet er på 1,9 millioner kroner, omtrent som i fjor. Festivalen er ei veke tidligenn vanleg. Les meir her.
 (10/03-05)
Strid om samansettinga av styret for Førdefestivalen
Det har vore noko strid om samansettinga av styre for Førdefestivalen. Både det offentlege og utøvarane har gjerne vilja hatt fleirtalet i styret. No ser det ut til å gå mot ei løysing der den "sjuande" i styret blir ein "felles kandidat". Les meir her.
 (10/03-05)
Berit Opheim  har konsert i Oslo onsdag 9. mars
Dette er ein konsert med slåttar, tralling og poesi. Forestillinga er kalla "Vidare før frosten", og er i regi av OsloFOLK på Fabrikken i Nedre gt. 7 kl 21.00. Berit Opeheim er ei av våre alle fremste folkesongarar, og har vunne Landskappleiken 3 gonger. Med seg har ho ser dugande folk: Einar Mjølsnes (hardingfele), Frank Rolland (hardingfele), Kåre Opheim (perkusjon) og Anders Bitustøyl (bass). 
 (08/03-05)
Sondre Bratland med ny country-CD
CD'en heiter "Syng meg heim" og kjem på Kirkelig kolturverksted. Plata er ei countryplate inspirert av norsk og irsk folkemusikk. Knut Reiersrud står i spissen for bandet som syter for musikken. Det er ei blanding av
blanding av oversette countrysonger, irske songer og tonesetting av norske dikt. Terje Eidsvåg i Adressavisa gjev terningkast 4. Meir her.
 (08/03-05)
Unni Løvlid med ny CD "Vita"
CD'en inneheld eit dusin religøse folketonar og er innspela i Emmanuel Vigelelands mausoleum. Carl Petter Opsal har gjeve plate positiv omtale i VG og terningkast 5. Les meir her.  Ho er også mars-artiskten i Norsk Folkemusikkatalog. Les om plata og henne her.
 (08/03-05)
Mange norske born vil til Barnlek 2005 i Finland til sumaren
NU sine nye nettsider les vi at 270 frå Noreg er påmeldt så langt, men at det enno er plass til fleire. Påmeldingsfristen er 18. mars. Tida for festivalen er 29. juni til 3. juli.
 (04/03-05)
Ny Heimeside for lausdans ved Hallgrim Hansegård frå Valdres
Dei nye sidene finn du på www.laus.no og skal vere eit forum og ein informasjonsstad for lausdanen. Hansegård bur no i Lofoten. Les meir her.
 804/03-05)
Husfliden i Oslo har fått ny butikk
Ikkje langt frå Rådhuset ligg den nye fine butikken til Husfliden i Oslo, i Rosenkrantz gate 19-21. Han ligg kanskje litt langt unna Karl Johan, men ikkje lengre enn at du går dit på eit par minutt når du veit vegen. Vi har vore innom, og det ser fint og innbydande ut. Dei satsar tydelegvis ein del på bunader, men kanskje aller mest på strikking og på gåveartiklar. På biletet ser vi ein del av bunadutstillinga. Dei har bunader mellom anna frå Oslo-området - Asker, Bærum, Aker, frå Telemark, Vestfold, Østfold, Romsdal, og andre. Den nye butikken er forankra i Oslo Fylkeshusflidslag og Den norske Husflidsforening. 
 (04/03-05)
Ei stor oppgåve å innkvartere folk på Landskappleiken på Røros
Leiar for innkvarteringsnemnda er Siw-Marit Johnsen Nyplass frå Glåmos. I eit intervju med Fjellljom fortel ho om dei oppgåvene nemnda har. Dei satsar på at mange vil leige ut hus og hytter privat for å dekkje det store behovet. Les meir her.
 (04/03-05)
Norges Musikkhøgskole må kutte inntil 28 studieplassar
Norges Musikkhøgskole har fått pålegg om å spare 1,2 mill kroner i 2006, og dette skal gjerast ved å kutte inntil 26 av dei totalt 460 studieplassane. Rektor ved skolen Harald Jørgensen synest dette er trist. Les meir her.
 (04/03-05)
"Veslemøy Fjerdingstad ga prisen til ektemannen"
Plata til Vidar Lande og Gunnhild Tømmerås vart utgjeven på Etnisk Musikklubb, der Arne Fredriksen er leiar og produsent. Han er gift med Veslemøy Fjerdingstad som sat i jurien for Folkemusikk/Gamaldans. Dette er det mange som i ettertid er kritiske til, mellom dei leiaren i LfS Randi Skeide. Les meir her. Les også om Fjerdingstads reaksjonar . Ho føler seg som offer for eit uklart regelverk. Les også i Lågendalsposten.
 (03/03-05)
Mykje diskusjon om Spellemannsprisen
Magnar Sundt i LfS seier at det allereide til hausten kan kome ein spesiell spelemannspris for folkemusikk, i samband med den nye bransjemessa Folkelarm som skal vere i Oslo til hausten. Også Birgitte Grimstad ønskjer boikott av Spellemannsprisen. Odd Nordstoga ber folkemusikarane slutte å sutre, men Vidar Lande svarar at han ikkje sutrar. Men Knut Buen er nokså positiv. Les også www.folkemusikk.no Les også innslag i avisa Varden.
 (03/03-05)
"Bygdaliv" i BUL Molde fortel om livet i laget
BUL i Molde skipar til Leikfest laurdag 12. mars - med solid innslag av stildans. Les meir om kva som skjer i Internett-avisa deira.
 (03/03-05)
"Verdensdans" er eit av kurstilboda ved NTNU våren 2005
Dette er eit tilbod til dei som ynskjer vidareutdanning i dans. Kanskje spesielt for lærarar, ikkje minst innan Musikk, dans og drama. Les om kurset her.
 (01/03-05) 
Mange er misnøgde med Spellemannspris-utdelingane og showet
Mellom dei som er misnøgd er Erik Gard Amundsen, leiar for klassisk musikk, Grappa Musikkforlag AS. Les hans syn her. Hallingdølen meiner det er søppel-TV. Les her.
 (01/03-05)
Einar Solbu ny styreleiar for Førdefestivalen
Einar Solbu er mangeårig leiar for Rikskonsertane. Avtroppande styreleiar Lidvin Osland er svært nøgd med utpeikinga av ny styreleiar. Les meir her.
 (01/03-05)
Kven sit i juryen for Spellemannsprisen 2004?
Lurer du på kven det er som bestemmer i dei ulike klassane? Svaret får du her. I Folkemusikk/Gamaldans er det Veslemøy Fjerdingstad, Kjetil Bjørgan, Randi Torgersen, Gunnar Stubseid, Arne Sølvberg.
 (01/03-05)
Tildelingar for 2005 til Musikkverkstadordninga offentleggjort 25. februar
Tildelingar i denne ordninga skjer berre ein gong per år. Nå er lista offentleggjort. Dei største og fleste tildelingane går til jazz og rock, til samarbeidstiltak , litt til verdsmusikk og noko også til folkemusikk. Av større tildelingar innan folkemusikk ser vi 50000 til Strunkeveko, 500000 til eit forprosjekt for folkemusikkens hus i Vågå, 50000 til Telemark Folkemusikklag (instruksjon), 55000 til Norsk Folkemusikkformidling (arbeid med å etablere eit folkemusikkens hus), 40000 til LfS (lydprodusentkurs), 20000 til NU (nordnorsk folkesong) og a rad andre tiltak. Les meir her.
 (01/03-05)
Landslaget for Spelemenn med nye nettsider
LfS har i lang tid arbeidd med å få eit sterkare grep om Internett. Nye sider er no på plass. Ein viktig del av nettstaden er nyheitstenesta, å fortelje om nytt som skjer i folkemusikk- og danse-Noreg. Ei del av dei same nyheitene vil nok kome både der og på denne sida (folkdans.com). Ta ein titt så får du sjå.
 (01/03-05)
Odd Nordstoga vart Årets Spellemann 
Under kåringa av Spellemannsprisane på TV2 fekk Odd Nordstoga den gjævaste prisen - Årets Spelemann. Han var også "Årets mannlege artist". Han har seldt over 150 000 plater av "Luring" og fortalde at han hadde halde konsertar for over 60000 rundt i heile landet. Vinnar i gruppa Folkemusikk/Gamaldans vart Vidar Lande/Gunnhild Tømmerås for CD'ane Sordølen. Men den utdelinga vart stort sett klipt bort frå TV-progarmmet. Her kan du lese eit lengre intervju med Vidar Lande i avisa Varden før premieutdelinga. Les også intervju i VG. Og i Dagbladet. Les også kva Arne Fredriksen i Etnisk Musikklubb meiner om vinnar_CD'en.
 (26/02-05)
Sverre Halbakken om den korte trearen i Østerdals-polsen
Halbakken skriv i Østlandingen om kor vanskeleg det har vore å nå fram med det synet at polsen har kort trear og ikkje kort einar. Han er glad for at dette no har slått igjennom på begge sider av riksgrensa. Han fortel også om O.M.Sandvik som tolka sine kjelder slik at første taktslaget var kort. Halbakken polemiserer mot dei som vil framstille det slik at den korte trearen er ei ny oppdaging, og han viser til det han sjølv har skreve og sagt i lang tid. Han peiker også på at Einar Øvergaard (1871-1936) i 1896 skreiv ned ei samling leikar etter elverumsspelemenn med det tredje taktslaget kort. Les meir her.
 (27/02-05)
Ny folkemusikkmesse komponert av Vidar Hoel på Otta
Han er organist i Sel og premiere på messa blir i Sel kyrkje den 6. mars. Salmetekstane er  spesialskrevne  av Bjørn Roger Karlsen. I kirkerommet ventar Sel spelemannslag, en trommeslager, ein prest, bassist, gitarist, kyrkjelyden og vokalist Silje Stebergløkken. Les meir her.
 (27/02-05)
Festivalen Skandinavisk Fjelltone på Haukeliseter tar form
Mellom dei artistane som er klar for festivalen er Sondre Bratland og Jon Anders Halvorsen/Tore Bruvoll. Les meir her i Varden, og på heimesida til festivalen.
 (27/02-05)
Posten Norge sponsar Telemarksfestivalen med 200 000
Røynslene med noverande sponsoravtale er så gode at samarbeidet vert vidareført i ei ny 2-år-avtale. Det inneber mellom anna at posten også i år vil lage eit postkort med programmet på festivalen, og det blir distribuert til mange. Det inneber også pengar til ein pris og til ei tevling. Les meir her.
 (27/02-05)
Flott konsert med "String Sisters"
Laurdag 26. februar var vi så heldige å få oppleve "String Sisters" på Drammens Teater - den store salen. Programmet var fullt av driv og fart, men også meir stillslege ting. Drivande fin musikk. Også dei 4 "band-musikarane" (piano, kontrabass, trommer og gitar) bidrog på ein fin måte. Det vart gjort opptak for live-CD, DVD- og TV-produksjon denne kvelden, og det forstyrra konserten ein del. Dette var nest siste spelestad. Siste gong er i Oslo søndag 27. februar. Det er Rikskonsertane som står bak turneen til dei seks framifrå spel-søstrene, og Grappa står bak opptaka i Drammens Teater. Les her eit intervju før konserten med Drammens Tidende.
 (26/02-05)
Snart ny CD med Odd Bakkerud
Selskapet Ta:lik kjem snart med ein CD med meisterspelemannen Odd Bakkerud. Han er den beste spelemannen frå Hallingdal gjennom tidene, og ein av dei alle fremste i landet. Det blir konsert og plateslepp på Buskerudkappleiken på Nesbyen fredag 8. april. Meir her.
 (25/02-05)
"Solo durspel" ny klasse på Landskappleiken frå 2005
Durspelet får no eigen klasse på Landskappleiken. Musikken som skal framførast skal høre til dei eldste formene i det distriktet utøvaren kjem frå. Durspel betyr ein- eller to-rader-spel der det er ulike tonar når ein dreg belgen ut eller inn. Ein får fram berre heiltonar, og mollakkordar er vanskeleg å få fram. Durspela står i motsetning til kromatiske spel der ein også får fram halvtonar. Meir her.
  (25/02-05)
Landslaget for Spelemenn lyser ut 50% stilling som info-medarbeidar
LfS skal prioritere informasjonsarbeidet i organisasjonen både innetter mot medlemer og lag og utetter. Mellom anna skal dei satse på gode Internett-sider og eiga medlemsavis folkemusikk.no. Den nye informasjonsmedarbeidaren skal ha kontorstad i Oslo, saman med LfS-sekretariatet. Dei vil ha søkjarar med journalistisk eller informasjonsfagleg bakgrunn. Søknadsfristen er 15. mars 2005. Meir her.
 (25/02-05)
Medlemsavis for Landslaget for Spelemenn: folkemusikk.no
Landslaget for spelemenn har ikkje hatt medlemsavis. "Spelemannsbladet"- som mange har oppfatta som eit medlemsblad - eit eit frittståande folkemusikkblad som er eigd av LfS. Men det har eigne bladpengar og blir ikkje sendt til medlemene i LfS, som no har ca 5000 medlemer. Som ein del av sin strategiplan har LfS også vedteke å utgje medlemsavis. I desse dagar kom februar-nummeret. Det er ei "Spesialutgåve av Spelemannsbladet nr. 2B" står det på framsida, og Arild Hoksnes har vore redaktør. Ein del av avisa er klipt direkte frå Spelemannsbladet, det same gjeld alle bileta. Det står mellom anna ein del om dei sju satsingsområda til LfS, om det nye styret i LfS, om endringar på Landskappleiken (Durspel som eiga klasse og poengsummar tilbake), om den nye messa "Folkelarm" som skal arrangerast i Sslo 21-23 oktober 2005, om Den Norske Folkemusikkscena, om satsing på dei unge innan folkemusikken og om folkemusikklina på Vinstra.
 (25/02-05)
Første Folkehøgskole med line for folkedans: Manger
Manger Folkehøgskole i Hordaland skal som den første folkehøgskolen i landet strte line for folkedans. Det skal vere nordisk folkedans med vekt på norsk folkedans. Målet for lina er - å
utvikle seg som utøvande dansar.  - Auke kunnskapen om dansen og tilgrensande emne.  - Oppleva personleg utvikling og vekst. Undervisninga vil først og fremst femne om lausdans (halling), ulike typar norske springarar og andre ¾-dansar, rudlvariantar og svenske polskaer. Også runddansar som har liknande former i dei skandinavkiske landa; polkavariantar, reinlender, vals, hamborgar og mazurkavariantar. I tillegg skal ein innom sang -og turdansar frå heile Skandinavia. Skulen har knytt til seg mange dugande dansarar og pedagogar: Martin Myhr, Hallgrim Hansegård, Vegar Vårdal, Bjarte Sæbø, Magne Kleiveland,  Ami Pettersson Dregeli og Leif Stinnerbom. Det er enno ledige plassar på danselina. Det vil vere 12 timar per veke i linefaga.Manger har også line for folkemusikk frå hausten 2005.  Meir her.
 (25/02-05)
"Kongen av vedrsmusikk" Mory Kanté  til Førde i juli
Den kjente musikaren frå Guinea i Vest-Afrika har eit kjent namn i verdsmusikken. Les meir om dette her.
 (25/02-05)
Vellukka konsert med Andreas Ljones Band på Gudbrandsdalen Uldvarefabrikk
Sist laurdag heldt dei konsert i ein nyrydda prosuksjonshall med 150 tilhøyrarar. Andreas Ljones hadde med seg Rune Tylden på tangentar, Rolv Olav Eide og Andreas Bratlie på trommer og Lasse Weeden på bass. I tillegg fekk dei oppleve den unge danseren Engeleiv Dyvik Berstad som ga tre av melodiane eit spenstig visuelt uttrykk med sin eksperimentelle ballett. Meir her.
 (25/02-05)
Ånund Egeland og Birthe Slåtta Riis på turne i Telemark
I løpet av 14 dagar skal dei to besøke 12 telemarkskommunar. Totalt blir det seksten versjoner av konserten "Nå vil jeg da fortelle deg" som er i regi Telemarkkonsertar. Egeland spelar på ulike instrument som hardingfele, munnharpe og seljefløyte medan Riis kveer og syng. Les meir her.
 (25/02-05)
Jorun Marie Rypdal Kvernberg har meir enn nok å gjera!
Romsdals Budstikke har intervjua henne - ho kjem som kjent frå Romsdal - og kan fortelje om dei mange oppdrag som den unge folkemusikaren har. Ho er med i to av dei gruppene som har kome til semifinalen i IntroFOLK (i gruppene Majorstuen og Tindra). Ho er med gruppa Majorstuen som del av 100-årsprogrammet på Maihaugen på Lillehammer, kalla Broderfolkenes vel, og dei spela også på middag med kongen og dronninga. Onsdag i vinterferien drog gruppa til Canada, på Montreals bransjetreff for folkemusikk, Stricktly Mundial. Dit kommer utsendinger for musikkfestivaler og plateselskaper fra Europa og Nord-Amerika for å jakte artister. Ho har også vore programleiar i Folkemusikktimen 4-5 gonger dei dei siste månadane, og har oppdraget ein gong i månaden fram til sumaren. Ho har også nokre elevar. Dessutan arbeider ho med to CD-prosjekt: Både med gruppa Tindra og ein solo-CD med musikk frå Romsdal. Ho er også med i styret i LfS.  Meir her.
  (25/02-05) 
Selbuharpe på besøk i Selbu
I Selbu er det ei gruppe som byggjer nøkkelharper. Nyleg fekk dei uventa besøk frå Trondheim og Bjugn. Dei hadde med seg kvar si nøkkelharpe, og den ein var ein kopi av ei Selbu-harpe. Les meir her.
 (25/02-05) 
Follo-born har fått smaken på gamaldans-spel
35 fiolinspelande elevene frå kulturskolane i Follo har nettopp fått smaken på gammeldans. Spelemannslaget De frilynde arrangerte seminaret i samarbeid med kulturskolane i Follo. Begge seminardagane var gratis, sponsa av Norsk musikkråds musikkverkstedordning. Det er tydeleg at dette har vore eit flott tiltak! Les meir om seminaret her. 
 (25/02-04)
Dei 8 semifinalistane i Intro-FOLK 2005 er no klar
Juryen, der mellom andre Annbjørg Lien og Øyonn Groven Myhren var med, har no peika ut dei 8 semifinalistane blant dei 25 som søkte. Dei 8 er: Gammel-likt se, Adjagas, Majorstuen, Synnøve Bjørset, Tindra, Geitungen, Per Anders Buen Garnås, Gjermund Larsen. Bak gruppa "Gammel-likt se" står Ronny Kjøsen frå Melhus (trøorgel) og Øyving Sandum frå Lalm (einrader). I Tindra er desse med: Åshild Vetrhus (1978) frå Suldal i Rogaland, folkesong, Jorun Marie Rypdal Kvernberg (1979) frå Fræna i Romsdal, fele/hardingfele, og Irene Tillung (1977) frå Voss, akkordeon.  I Geitungen er desse med: Viðar S. B. Skrede (1980), Olav Christer Rossebø (1981) Håvard Ims (1982). 
Dei som søkte om å bli vurderte var: Grupper:Geitungen, Valkyrien Allstars, Sver, Tindra, Hanning Kanning, Fivreld, Majorstuen, K. A. Rysstad/T. S. Berge, Eva J. Iversen m/gruppe, Gammel-likt se, Mari & Kristin, Manaiga, Duggvåte dverger, Helene Bøksle m/gruppe. Solistar: Jan Beitohaugen Granli, Per Anders Buen Garnås, Solbjørg Tveiten, Gro Marie Svidal, Gjermund Larsen, Vegar Vårdal, Øyvind F. Smidt, Synnøve S. Bjørset, Erlend Viken, Britt Elise Skram, Martine Lund Hoel.
Mange vil nok undre seg over at til dømes vinnar av Landskappleiken Jan Beitohaugen Granli ikkje er med mellom finalistane. Finalen går av stabelen på Jørn Hilme-stemnet laurdag 30. juli.  Meir her. Les meir her.
 (18/02-05 og 25/02-05)
Folkemusikk og folkedikting for elevane ved Svensedammen ungdomsskole
Elevane var ute med faklar i den mørke vinterkvelden ved i Konnerud ved Drammen. Det var ein del av eit prosjekt om foledikting og folkemusikk og dans. Les meir her.
 (18/02-05)
Midtvintersdansen opna med gruppa Majorstuen
Den kjente gruppa opna Midtvintersdansen i Verdal, og det er tydeleg at trønderanse sette pris på det dei opplevde. Les meir her.
 (18/02-05)
Resultata frå  Trøndelagskappleiken 2005 Ålen
Kappleiken vart i lagspel vunnen av søndre Trondhjem spellmannslag. Full resultatliste finn du her. Elles kan du lese om kappleiken i Frostingen.
 (18/02-05)
Orgel og folketonar i Kongsberg Kirke
Det er Sinnikka Langeland og Kåre Nordstoga som presenterer eit program med "Folketoner og Bach". Det er eit slagt premiere på programmet dei skal ha under Festspela i Bergen seinare i år. Les meir her.
 (18/02-05)
Folkemusikkpøbben i Tromsø 25. februar med gode Valdres-folk
Gode folk frå Valdres vil då syte for godt spel og god dans i Ishavsbyen. Les meir her.
 (18/02-05)
Unge dansarar og eldre musikarar til vikingfestival i England
Det er dansarar frå Tusseleikarringen i Seljord som skal delta på Vikingfestivalen i York. Saman med dei reiser også gruppa Glima som består av Helene Waage, Ragnhild Knudsen og Torunn Raftevold Rue. Les meir her.
 (18/02-05)
Løyvingar frå Rff ligg no føre frå møtet i januar
Både Tiltaksmidlar (inkl. arbeidsstipend) og Formidlingsstøtte kan du finne her. Til tiltaksmidlar var det  kome inn 48 søknadar med ein samla søknadssum på kr 853.000 og det var berre kr. 334.000 til fordeling. Det vart innvilga 30 søknader. Til formidling kom det inn 39 søknader med ein samla søknadssum på kr. 1.005.948  til denne søknadsrunden og berre kr. 212.000 til fordeling. Det vart innvilga 19 søknadar. Så her trengst det sanneleg meir disponible midlar.
 (18/02-05)
I morgon 15. februar startar turneen med "String sisters"
I NRK-P2 programmet "Midt i musikken" fekk vi i dag høyre dei 6 felespelande jentene på direkten. Annbjørg Lien er det norske innslaget, og frå Sverige Emma Härdelin. Ikkje tvil om at det blir ein spennande konsert, og at dei som skal dit har noko sers å gle seg til. Det startar i Fredrikstad i morgon. Elles kan du sj   å når og kvar her.
 (14/02-05)
Også folkemusikk på årets By:larm
By:larm er som kjent det store norske musikk-bransjetreffet, og denne gongen var det i Stavanger. Mellom dei gruppene som var med der finn vi Bruvoll/Halvorsen, Storm Weather Shanty Choir og Lawra & Mariell. Det var også  konsert med Gåte, som slo i gjennom etter å ha vore deltakar på By:larm i Kristiansand i 2002.
 (13/02-05)
Vellukka seminar med "Menuett frå Oravais" i Folkedanslaget Sølja
Det var ca 30 deltakarar frå Sølja på Hamar som møttes laurdag for å lære ein finsk menuett - Menuett frå Oravais. Dette er ein folkeleg versjon av menuetten som har levd i ubroten tradisjon i bygdene omkring Wasa i Finland. Lærarar var Vebjørn og Inger Frøydis Bakken. 
 (13/02-05)
Majorstuen blir lansert i USA
Gruppa er blitt valt ut til den offisielle showcasen på den prestisjetunge amerikanske World- og Folkmessen "Folk Alliance", fortel Andreas Ljones til Ballade. I år er festivalen i tillegg slått saman med den europeiske bransjetreffen "Strictly Mundial", som samler alle europeiske festivaler og plateselskaper innan sjangeren. Les meir her.
 (10/02-05)
Vidar Lande nominert til Spelemannsprisen for Sordølen
Vest-Telemark Blad har i den forbindelse intervjua Lande. Her kan du lese intervjuet.
 (10/02-05)
Eva Marie Woldmo (21) frå Noresund blir "batchelor" i toraderspel
Toraderjenta  studerer i vinter folkemusikk ved Musikhögskolan Ingesund i Arvika i Sverige. Ho studerer eigentleg på Raulandakademiet, men tar dette året i Sverike. Ho vann elles "Drømmeprisen" på 10000 kr som "Norsk Tipping" finaniserer. Les meir her.
 (10/02-05)
Spelemenn i Hardanger vil lære Nordfjordslåttar
Hardanger Spelemannslag og Voss Spelemannslag vil bruke neste helg til å lære slåttar frå Nordfjord. Opplegget inngår i eit samarbeid med utveksling av slåttetradisjonar i Vestlandsregionen under namnet «Vestnorsk Slåtteforum». Spelemennene Svein Nesje, Svein Hjellbakk, Knut Jarl Kroken og Kåre Tvinnereim deltek som læremeistrar. Les meir her.
 (10/02-05)
"Svenska Ungdomsringen" har bytt namn til "Svenska Folkdansringen"
Svenska Ungdomsringen er den organisasjonen i Sverige som tilsvarar Noregs Ungdomslag i landet vårt. Frå 1. januar 2005 er altså namnet Svenska Folkdansringen. Organisasjonen understreker i ei pressemelding at det berre er namnet som blir endra, ikkje merket og heller ikkje aktivitetane. Den største aktiviteten i SU er folkedansen, men dei driv også med bunad, husflid, song og musikk. SU vart danna i 1920 og har 385 medlemslag over heile landet. Til saman er dei 20000 medlemer, av dei er 3200 under 26 år. Les meir her.
 (08/02-05)
Noregs Ungdomslag med ny heimeside: www.ungdomslag.no
NU har i lengre tid arbeid med å få till nye heimesider, og no er dei på "lufta". Her kan vi einkelt finne det meste av det vi ventar å finne: Kva NU er, styret, Administrasjon, Oversyn over alle medlemslag, ulike Program og Lover, om Årsmøtet, Pressenytt og NU-butikken, Historikk og om dei ulike særgreinene. Så dette ser positivt ut!
 (08/02-05)
Vellukka "Rettleiarsamling" i Oslo søndag 6. februar
Det var Folkedansnemnda i BLS som stod bat tilskipinga og Vebjørn Bakken hadde hovudansvaret for gjennomføringa. Det var ca 35 deltakarar, dei fleste aktive rettleiarar. Sume kom heilt frå Hamar. Det vart dansa og diskutert. Deltakarane gjekk gjennom dansar som dei gjerne ville at andre også skulle lære, både nye og gamle dansar. Det vart også vist at Internett kan vere eit nyttig middel i danseopplæringa. Dei fleste meinte at faste øvingskveldar framleis var viktig for arbeidet i leikarringane, men at rekrutteringsarbeidet gjerne kunne prøve  nye former. Ialle fall var det viktig å dreive eit aktivt rekrutteringsarbeid.
 (08/02-04)
"Askerladden" på 2. plass på NRK topp 8
Den populære gruppa "Askerladden" har kome på 2. plass. Sjå meir her.
 (08/02-05)
Varna Folkedanslag og trener for Ungdommens Kulturmønstring
Nokre av ungdomane der vil delta i ungdomens kulturmønstring med "fornya" gamaldans til "moderne" musikk.. Les meir her.
 (05/02-05)
Jødisk musikk forå Trøndelag i Bergen
På Columbi Egg har gruppa Urban Tunnel spela. Les meir om dei her.
 (05/02-05)
Ho arrangerer turne som heimelekse 
Kine Susann Jacobsen Kronkvist (20), har spela hardingfele og vore med i Kongsberg Spel- og Dansarlag så lenge hun kan huske.
Nå går hun på folkemusikk-studiet ved Høgskolen i Telemark på Rauland, og ei av skoleoppgåvene dette semesteret var å arrangere ein turné.Gruppa som skal på turne er  Lommerusk, alle elever på det same studiet. Det blir ei vekes rundtur til Seljord og Dalen i Telemark, til Romerike folkehøgskole, Jessheim og i går Kongsberg. Les meir her.
 (05/02-05)
Den norske folkemusikkveka: «Dødsdansen på Norefjell"
Den norske folkemusikkveka på Ål søkjer om 20 000 kroner i støtte frå Sigdal kommune til ei teateroppsetjing frå det som hande på  Raumyrsdansen i 1858. Les meir her.
 (05/02-05)
Kulturansvarleg Inge Gotland intervjua av Fjell-Ljom
Inge Godtland er kulturnasvarleg for Landskappleiken 2005 på røros og han er intervjua av lokal-avisa. Han har sanneleg hatt liknade oppdraf før: Han har hatt hovedansvaret for distriktskappleiken i Oppdal i 1968, landskappleiken i Oppdal i 1974, distriktskappleikane i Oppdal i 1979 og 1986, distriktskappleiken på Røros i 1988, landsfestivalen på Røros i 1994 og fylkeskappleiken i Brekken i 1995. Les meir her.
 (05/02-05)
"Gamaldansen i Ulvik" vil ha fleire dansarar på golvet
Per Rondestveit i Ulvik er leiar i Ulvik dansarlag, og han vil gjerne ha fleire med i danselaget. Les her.
 (05/02-05)
Norsk-svensk samspel på Folkemusikksenteret i Prestfoss
Laurdag spela Orsa Spelmanslag frå Sverige og feleringen frå Sigdal til dans på Folkemusikksenteret i Prestfoss. Det var eit seminar der dei to laga lærte slåttar av kvarandre. Det vart avslutta med ope hus med dans for alle. Les her.
 (05/02-05)
Folkemusikksenter i Bø? Norsk Kulturråd avgjer saka.
Planane går ut på at senteret skal formidle og vidareutvikle hardingfela og folkemusikktradisjonar i Noreg. Kulturleiar i Bø
Hilde Pedersen seier at senteret skal bli eit fyrtårn for spel og dans. Ho er ansvarleg for prosjektet "Bø i Felemark". Det skal i første omgang vere eit tre-årsprosjekt med ein prislapp på 1, 5 millionar kroner. Ei felesamling skal sjølvsagt få plass, men like viktig er verkstaden for produksjon og reparasjon av hardingfeler.  Les meir her.
 (05/02-05)
Ny vri på Vinterkappleiken på Rauland
Dei tretten studentane på folkemusikkstudiet på Rauland tok ein ny vri under årets Vinterkappleik. Alle deltakarane vart samla i same sal, der det vekselvis vart tevla i song, dans og spel med bakgrunn i at arrangørane ynskte at alle deltakarane skulle få like mykje merksemd. Kappleiksgeneral Kamilla Danielsen og dei andre studentane fekk nok å henge fingrane i, for over hundre deltakarar tevla på scenen på den 16. kappleiken av sitt slag. Den unge Karl Halvor Taraldlien (11) frå Vinje deltok både i klassane spel og dans, og vart best. Les her.
 (05/02-05)
Deler av Spelemannsbladet nr 1/05 på Internett
Nokre av artiklane i bladet kan lesast på Internett. Her.
 (05/02-05)
Kulturstipendet 2004 i Levanger til Marit Westrum
Folkemusiker Marit Vestrum arbeider mellom anna  med å samle inn og tilrettelegge folkemusikkmateriale frå Levanger. Stipendet på 5.000 kroner skal gå til vidareføring av dette arbeidet og til fordjupning og tilrettelegging av slåttemateriale frå Levanger-området. Ho skal også  fullføre ei hovedoppgåve i folkemusikkvitenskap ved universitetet i Bergen. Les meir her.
 (05/02-05)
Den lovande turneen med "String Sisters" nærmar seg
"String Sisters" består av av 6 av verdas leiande kvinnelege felespelarar - ei samling vårt land knapt har sett maken til før. Frå Norge er Annbjørg Lien med, og ho står som vertskap for samlinga denne gongen. Elles er det Emma Härdelin på fele og vokal (Sverige), Catriona Macdonald på fele (Shetland), Mairéad Ní Mhaonaigh på fele og vokal (Irland), Liz Knowles på fele (USA) og Liz Carroll på fele (USA). Annbjørg Lien seier: ”Det er en ære å bli spurt om å være med på dette stjernelaget. Jeg har dyp respekt for disse damene både som personer og artister og det er utrolig sterkt og inspirerende å møtes musikalsk i hverandres tradisjoner og uttrykk.”  Rikskonsertane er arrangør. Speleplanen er slik: 15. februar , Fredrikstad, St. Croix-Huset, 16. februar  Arendal, Kjerka, Kulturverksted, 17. februar Nøtterøy, Nøtterøy Kulturhus, 19. februar Tromsø, KulturHuset i Tromsø, 20. februar  Bodø, Bodø Kulturhus, 22. februar Haugesund, Festiviteten Haugesund, 23. februar  Sandnes, Sandnes Kulturhus, 24. februar Lillehammer, Kulturhuset Banken, 25. februar  Skien, Ibsenhuset 26. februar  Drammen, Drammens Teater, 27. februar  Oslo Parkteatret. Les også her.
 (01/02-05)
Leiar i LfS Randi Skeide lovar at LfS vil satse sterkt på dansen
I siste Spelemannsbladet lovar ho at LfS vil like mykje med dansen som med den musikalske og vokale delen av folkemusikken. Ho synest også det er fint at dansarar deltar på ulike måtar til dømes i open klasse på Landskappleiken. Men ho er kritisk til dei faste øvingane i danselaga: "Rekrutteringa må difor knytast til det gode miljøet; til helgekurs, til storsamlingar, til konsertar, pubar og festivalar. Tida har gått frå dei faste øvingskveldane, trur eg"
 (29/01-05)
Det blir Folkemusikkline ved Manger folkehøyskole frå hausten
Manger Folkehøyskole vil starte opp att med folkemusikkline frå hausten av.
På lina blir det også ein del folkedans. Ingen forkunnskaper nødvendig, ein får undervisning på sitt nivå i enten hardingfele, fele, trekkspill/torader, folkesang eller fløyte. Mer info  på www.manger.fhs.no.
 (29/01-05)
Telemarkfestivalen med "Gåte" og Knut Buen
Denne flotte kombinasjonen skal trekkje folk til telemarkfestivalen i år. Festivalen skal vere 21-24 juli og Gåte/Buen skal ha konsert den 23. juli. Det er dagleg leiar for festivalen Øystein Akselberg som fortel dette til Varden. Les her.
 (29/01-04)
Det blir Telemarkstreff i år likevel
Det har vore på tale å legge ned denne tradisjonsrike treffet, men no blir det likevel nytt treff 5-7 august i Seljord. Det er Dyrsku'n Arrangement som er tilskipar. Les meir her.
 (29/01-04)
Trøndelagskappleiken er i Ålen Samfunnshus laurdag 5. februar.
Det er Fjellrypa Spelemannslag og Trøndelag Folkemusikklag som inviteter til kapppleiken. Tevlingane startar kl 15. Same kvelden er det også Årsmøte i Trøndelag Folkemusikklag. Les meir her.
 (29/01-05)
Leikarringen "Huldra" i Røyken har gamaldanskurs
Drammens Tidende kan fortelje at Huldra har kurs i gamaldans, og har intervjua leiaren i Huldra Solveig Narverud. Ein viktig grunn til at dei held kurs er at laget treng nye medlemer. Les meir her.
 (29/01-05)
Majorstuen skapte stor stemning på "Modum Bad"
"grensesprengande folkemusikk" skriv Drammens Tidende om konserten til dei seks dugande musikarane i Majorstuen. Les meir her.
 (29/01-05)
Innsamling til flomofra også i folkemusikk/dans-miljøet
Noregs Ungdomslag er med på ein aksjon som heiter "Dugnad for Sri Lanka" og går til eit hjelpefond som heiter Sarvodaya. Les meir her. I Folkemusikktimen 29/1 fekk vi høyre om ein radioaksjon i Valle radio der mange musikarar deltok, mellom dei fleire folkemusikarar. I brodden for det heile stod Kirsten Bråten Berg. Dei fekk inn godt over 200 000 kr denne kvelden.
 (29/01-05)
Peer Gynt på Det Norske Teateret med norske folkemusikarar
Det Norske Teateret har premiere 19. februar. Frå 26. mai til 4. juni blir stykket å sjå på Den Nationale Scene under Festspela i Bergen. Jon Fosse har attdikta stykket til nynorsk og den kjende amerikanaren Michael Galasso har regien. Fleire kjende folkemusikarar skal vere med: Anders Røine (munnaharpe), Jørn Simenstad (lur, seeljefløyte, bukkehorn), Sinikka Langeland (vokal og kantele), Helene Høye (fele), Tanja Orning (cello). 
 (28/01-05)
Nytt Husfliden opnar i Oslo
Som kjent gjekk Husfliden i Oslo konkurs i september 2004 vistnok mest pga dyr husleigekontrakt.  Den nye butikken opnar førstkomande laurdag av byrådsleiar Erling Lae. Butikken er ny og stor - 700 kvadratmeter, og det skal ikkje vere ein souvernirbutikk slik den gamle i stor grad var. Dagleg leiar er Hilde Kittang Alnes (27 år), og ho har med seg ni andre tilsette. Dei vil mellom anna legge vekt på kva det får an å gjere med garn innan strikk, vev og hekling. 
 (26/01-05)
Rettleiarsamling/dansesamling i Oslo søndag 6. februar i Halli
Den 6. februar har Folkedansnemnda i BLS i Oslo kalla inn til Rettleiarsamling/dansesamling til liks med dei siste åra. Tanken er at dei som interesserer seg for folkedansen kan møtast og inspirere kvarandre: bli kjende, drøfte felles problem/utfordringar, lære dansar av kvarandre, høyre korleis arbeidet går og oppleve god dans saman. Dei som vil vere med kan seie frå til Vebjørn Bakken, vebbak@online.no eller tlf 22620103. Det kostar berre kr 150 og det inkluderer einkel lunch halvvegs i samlinga og pizza i etterkant (kl 18-19) før folkedanskvelden.
 (25/01-05)
NU lyser ut stilling som informasjonskonsulent
Stillinga som informasjonskonsulent i Noregs Ungdomslag er ledig frå mai 2005.
Dei søkjer ein person med informasjons- og mediefagleg kompetanse, internettkunnskap og erfaring frå organisasjonsarbeid særleg retta mot barn og unge. Kunnskap om utforming av trykksaker er ønskjeleg. Administrasjons- målforma er som kjent nynorsk
. NU har om lag 17000 medlemer og driv særleg med folkedans, amatørteater, bunad og barne- og ungdomsarbeid.  For meir info: Marit Jacobsen 22 47 70 00/915 8781.Søknad til Noregs Ungdomslag, Postboks 414, Sentrum 0103 Oslo innan 4. februar. 
 (24/01-05)
Det er 25 søkjarar til "INTRO-folk"
I Folkemusikktimen 23. januar kunne dei fortelje nama på nokre av dei som har søkt stipend. Mellom dei som har søkt finn vi "Majorstuen", Synnøve Bjørset, Jan Beitohaugen Granli, Per Anders Buen Garnås, Gjermund Larsen. Juryen skal nå i gang med å plukke ut dei 8 som skal gå til semifinalane rundt om på dei ulike festivalane.
  (23/01-05)
Spelemannen Jon Evju (1896-1975) testamenterte gard og samling
Spelemannen Jon Evju (1896-1975) testamenterte både garden sin og folkemusikksamlinga si til eit legat som skulle føre arven vidare i form av eit levende bygdetun. Nå har Folkemusikkarkivet i Telemark ved Kari Lønnestad gått igjennom og sikra musikksamlinga.Samlinga vert no tilgjegeleg for alle. Les meir her.
 (23/01-05)
Reiseslaget spelar folkemusikk for barn i Agder-skolane
Gruppa "Reiseslaget" er på Rikskonsert-turne i barneskolane i Agder med eit program med lokal folkemusikk. Les meir her.
 (23/01-05)
Hallingkast på Høgskolen i Haugesund
Elevanse skal lære meir om norsk folkemusikk og folkedans. Martin Myhr er lærar og Magne Kleiveland er spelemann. Les meir her.
 (23/01-05)
Skal dei bruke bunaden i Afrika i 30 graders varme?
Ja, det lurer dei på dei tre folkemusikarane frå Vestlandet som skal spele norsk folkemusik i Afrika. Dei tre er trekkspelar Linda Gytri (24) frå Olden,  gitarist og felespiller Vidar Skrede (24) frå Haugesund og Arngunn Timenes Bell (22) på hardingfele frå Viksdalen. Dei utgjer årets norske bidrag til Talentprosjektet under den internasjonale folkemusikkfestivalen i Førde. I Malawi i Afrika skal dei delta på ein afrikansk folkemusikkfestival med workshops og konserter saman med grupper frå fleire afrikanske land. Les meir her.
 (23/01-05)
"String sisters" skal opptre i Skien 25. februar
String Sisters er ei gruppe av framståande kvinnlege felespelarar. Med i gruppa er: er Annbjørg Lien på fele (Norge), Emma Härdelin på fele og vokal (Sverige), Catriona Macdonald på fele (Shetland), Mairéad Ní Mhaonaigh på fele og vokal (Irland), Liz Knowles på fele (USA) og Liz Carroll på fele (USA). Ein konsert-CD basert på opptak frå denne norgesturnéen blir utgitt på plateselskapet Grappa. Les meir her.
  (20/01-05)
Ganske stor interesse for "INTRO-folk"
Det nyleg laserte programmet INTRO-folk for ung folkemusikkutøvarar er møtt med stor interesse. Fristen for å melde seg på har nå gått ut, og det er kome inn nesten 30 søkjarar fortel Folkemusikkscena. I juli 2005 skal Årets unge folkemusikar kårast. Det er Den norske folkemusikkscena, Rikskosertane, Norsk folkemusikkformidling og Folkemusikkfestivalane som står bak tiltaket. Les meir her.
 (20/01-05)
"Den norske folkemusikkscena" har fått ny heimeside
Den organisasjonen prøver å etablere eit nettverk av scener rundt om i landet der ein kan oppleve norsk folkemusikk og folkedans. Asgaut H. Bakken er prosjektleiar for Follemusikkscena. foreløpig er innhaldet på heilesida tynt. Berre scena i Oslo er kome med så langt - OsloFOLK. denne scena blir dreve på dugnadsbasis, med Elisabeth Vatn som leiar, og alle konsertane i Oslo blir haldne i "Fabrikken". Den nye heimesida har adresse: www.folkemusikkscena.no
 (20/01-04)
Folkemuseet si dansegruppe i Oslo treng jenter!
I dei felste dansegrupper er det mangel på gutar. Men ikkje slik i Folkemuseets dansegrupper. Dei etterlyser nå jenter i alderen 15 til 25 år. Det er øving der kvar måndag kl 19. Så jenter, her går det an å danse!
Nrmare informasjon og påmelding  til Bodil Ousdal på museet. Tlf. 22 12 37 00. bodil.ousdal@norskfolkemuseum.no
 (13/01-04)
Folkemusikkpøbben Columbi Egg i Bergen skifter lokale
Etter 5 år med pøbb på Ludvig Bar har drivkrafta bak, Gabriel Fliflets, bestemt at pøbben skal flytte til Skrivergaarden på Hotell Augustin i C. Sundts gate. Sesongen startar allereide i dag med ei gruppe frå vestkysten av Sverike. Seinare blir det mange andre spennande og varierte program. Les meir her.
 (11/01-05)
Trekkspelfestivalen i Seljord ikkje lenger liv laga
Festivalen har halde det gåandeårleg sidan 1984, men no er det slutt. Etter fleire år med underskot, fortel styreleiar Ottar Flatland at dei må innstille. Les meir her.
 (11/01-05)
Deler av Kvinten på Internett
Kvinten nr 5/6 har lagt deler av innhaldet ut på Internett.
2004 – eit merkeår … 2005 – eit jubelårIntro-folk: Stort loft for norsk folkeusikk,   Ny festival har fått navn - ÁrinnIntervju med kulturministeren: - Prioriterte Førde i år 
 (11/01-05)
Unni Løvlid ynskjer ny tilskotsordning til folkemusikarar
Ho vil ha ei Ad Hoc ordning som liknar på det Jazz-folket har hatt i mange år. Det er særleg tenkt å skulle topp-finanisere ulike prosjekt. Løvlid seier at dette ikkje er nokon kritikk av dei stønadsordningane som finst allereide, men skal kome i tillegg. Les meir her.
 (11/01-05)
Fjellfestival på Haukeli og så sumaren 2005
Trass i stort underskot i fjor, vert det ny "Skandinavisk folkemusikkfestival" 16. - 18 juni 2005. Magne Kleiveland er festivalleiar, og han ynskjer i år eit nærare samarbeid lokalt med Rauland-akademiet. Til TA fortel han at dei er i gang med å tinge artistar og Sondre Bratland er alt på plass. Les meir her.
 (11/01-05)
Stilig ball i Sandefjord
Nyttårstider er høgsesong for dei såkalla "stildansballa". Dette er ball der det berre blir dansa "ball-dansar", og der folk er stilig kledd og det er stil på alle måtar. Sandefjord har hatt ball i 10 år, og er dermed ein av leikarringane som har dreve med det lengst. På ballet laurdag var det ca 70 deltakarar og det passa bra til lokala i det erverdige Kurbadet. Det var Sandar spelemannslag som sytte for fin musikk. Les meir om ballet her.  Her er bilete frå ballet.
 (10/01-05)
Spellemannsprisen - nominasjonar for 2004
Nominasjonane er nå klare, og sjølvsagt er Odd Nordstoga å finne på listene. Han er nominert til "Mannlig artist", og også som "Årets Hit" med "Kveldssong for deg og meg". I klassen Folkemusikk/Gammaldans er det tre som er nominert: Vidar Lande/Gunnhild Tømmerås med "Sordølen". Gunnlaug Lien Myhr med "Perler på ei snor" og Tre Begrædelige piger med "Til deg". I klassen Rock er "Gåte" nominert med "Iselilja". 
   (08/01-2005)
Artisten og spelemannen Ivar Medås er død
Ivar Medås frå Alversund er død 66 år gamal. Han er nok mest kjent som visesongar og revyartist, men han var også ein bra spelemann på hardingfele, og var til dømes med i mange TV-program med den. Han debuterte som plateartist i 1961. I desse åra budde han i Oslo og spela då for fleire av leikarringane der, mellom dei BUL, Symra og Sogn og Fjordaneringen, der han også fann kona si Kari. Les meir i Bergens Tidende.
 (08/01-05)
Godt nytt år!
Folkedans.com vil ynskje alle lesarar og bidragsytarar eit godt nytt år!
Helsing
Vebjørn Bakken

Nyheter