Meir ...   Nyheter om Folkemusikk, Folkedans og Bunader

Nyheter

Ny kjelde-CD for Innherred i Trøndelag ferdig
Den nye CD'en - den tredje i rekkja, blir lansert på eit seminar i Verdal fredag 23. og laurdag 24. januar. Det er Trøndelag folkemusikklag som står bak arbeidet. Meir info: Trygve W. Skavhaug, Markvegen 24, 7600 Levanger, tlf 95759508
E-post: <mailto:trs@hint.no>trs@hint.no 
 (15/01-04)
Folkemusikkpøbb og så i Tromsø!
Det er  Foreningen Folkemusikkpøbb i Tromsø og KulturHuset som står bak tiltaket med pøbb. Opningsdatoen er 30. januar og samlingane vil vere på Teaterkafeen. første gongen er det ein trio frå Tromsø som spelar: Julie Alapnes Normann på fele, Arnt Ivar Alapnes som trakterer gitar, og Pål Thorstensen på bass. Vidare utover våren er det pøbb 27. februar, 19. mars, 30. april og 28.mai. Detaljar her.
 (15/01-04)
NRK lover at P2 vil bestå i noverande form i lang tid framover
Dagleg leiar i Norsk folkemusikk og danselag Jan Lothe Eriksen er redd at ny konkurranse i radio-verda vil endre også P2 bort frå sin gode kulturprofil. Nils Heldal, radiosjef i NRK, hevdar at det ikkje er grunn til å frykte ei slik utvikling. Les her.
 (11/01-04)
Askerladden jubla for tredjeplassen i Kappspell 2003
Det relativt nye ganaldansorkesteret var svært lukkelege for den 3. plassen dei fekk. Les om det her.
 (11/01-04)
Susanne Lundeng med ny CD 20. januar
Det er hennar 5. studioalbum og heiter "Forunderlig ferd". Ho har skrev dei fleste låtane sjølv og som den førre plata kjem denne på Kirkelig Kulturverksted. På lanseringsdagen blir det konsert i Jacobskirken i Oslo. Les her.
 (11/01-04)
Folkemusikklubben Columbi Egg feier 5 års jubileum 17. januar
Då skal Helge Jordal synge Bergensviser i Logehaven. Til vanleg held klubben til i på Ludvig bar på Hotell Neptun måndagar kl 20.30. Men denne gongen flytter dei til større lokalar. Leiaren  for Columbi Egg, Gabriel Fliflet er intervjua i Bergens Tidende.
 (11/01-04)
Sandarringen feira sitt 10. Stildansball 3. januar
Det var 72 dansarar til stades på Jubileumsballet, der Sandar Spelemannslag med 10 manns orkester spela. Det gjekk føre seg i dei fint restaurerte lokala til Sandefjord kurbad. Solfrid Røed var ein dugande leiar for det vellukka ballet. Les meir her.
 (11/01-04)
Øyonn Groven Myhren får god kritikk i Telemark Arbeiderblad
Ho kom nyleg med ny CD som berre inneheld slåttetralling - frå Telemark og frå Hallingdal. Det kunne lett blitt kjedeleg og monotont skriv avisa men slik er det ikkje. Les meir her.
 (11/01-04)
Auke i søkjertala til Norges Musikkhøgskole
Skulen melder om ei gledeleg auke (15 %) i søkjertala til kandidat- og mastergrad-studiet, særleg gjeld det jazz og folkemusikk. Les her.
 (11/01-03)
Tvillingsøstrene Kjersti og Rønnaug Tingelstads viste seg fram på TV
Dei to 18 år gamle tvillingane frå Vingelen i Nord-Østerdalen går på Holmen videregående skole. På Olavskonserten frå Trondheim sspela dei fele og song på ein svært overbevisande måte. Arbeidets Rett har eit langt intervju med dei to folkemusikk-talenta.
 (11/01-04) 
Arne M. Sølvberg ny leiar i Rådet for folkemusikk og olkedans
Det vart stor utskifting i Rff - heile 6 av dei 7 medlemene i rådet er skifta ut. Den einast som er att av det gamle styret er Ruth Anne Moen, som no har blitt nestleiar. Lisa Halvorsen og Jan Petter Blom går ut pga høg alder, medan Brit Håland, Elisabeth Kværne, Øystein Ovrum Rudi og Asbjørn Tyssen takka nei til attval av ulike grunnar. I det nye styret finn vi desse: Sondre Bratland, Unni Løvlid, Tonje Winje, Vegard Opheim og Bjørn Lien. Den nye leiaren er kjent spelemann, dansar og bonde frå Nordfjord, og er også med i styret i Landslaget for Spelemenn. Det nye styret skal fungere i 4 år. Rådet har tidlegare vore styre for den offentlige stiftelsen Rådet for folkemusikk og folkedans ved NTNU i Trondheim, men no skal stiftelsen opprette eit eget styre. Les meir i Nationen som har intervjua den nye leiaren.
 (11/01-04)
Bent Jacobsen i Dalakopa får Røros kommune sin kulturpris for 2003
Han er dansk, kunsterisk leiar i Dalakopa, komponist, musikar, plateprodusent og mykje anna. Les eit langt intervju med prisvinnaren i Arbeidets Rett.
 (11/01-04)
Nominasjonane til Spelemannsprisen er offentleggjort
I kategorien Folkemusikk/Gamaldans er desse tre nominert: Jan Beitohaugen Granli med "Lite Nemmar", Majorstuen (biletet) med "Majorstuen" og Sturla/Andreas med "Glimmer". Dessutan er Elias Akselsen  med "Her kommer dine arme små" nominert i klassen viser. Vidare er Hallvard Bjørgum & CO med  «Free Field» nominert i Åpen klasse. Spelemannsprisutdelinga vil gå føre seg i Chatau Neuf den 28. februar. Les meir her.
 (05/01-04)
Boka om Sigbjørn Bernhoft Osa omtala i Fedrelandsvennen
Gunnar Stubseid si bok om spelemannen Osa har fått brei og positiv omtale i Fedrelandsvennen. Dei har også intervjua Stubseid. Les her.
 (03/04-04)
NU intervjua i Klassekampen
Som vi har meldt før fekk Noregs Ungdomslag i år fast plass på "Kulturbudsjettet" påStatsbudsjettet med 300 000 i stønad. Etter fleire års hard kamp har altså NU for første gong fått direkte stønad over Statsbudsjettet. Fordi NU har satsa på arbeid i alle årsklassar har dei tidlegare falle utanfor mange stønadsordningar. Klassekampen har intervjua NU om dette. Les her.
 (03/01-04)
Flott julekappleik på Høydalsmo 3. juledag
Spelemannslaget Sullarguten feira sin 20. julekappleik på tradisjonelt vis 3. juledag. Det var også 25-årsdagen for spelemannlaget. Torgeir Straand frå Bøheringen vart beste spelemann. Elles har det teke videoopptak frå alle dei 20 kappleikane, og eit utdrag av desse vart vist i år. Meir her.

 (3/01-04)
Godt nytt år!
Vi ynskjer alle lesarar og bidragsytarar til folkdedans.com eit godt nytt år!
Beste helsing Vebjørn Bakken
  (30/01-04)
Kappspell 2003: P.A.Røstad jr. og Einar Olav Larsen vart best!
Det var P.A.Rørstad jr som vart beste gamaldansorkesteret i Kappspell 2003 i NRK. På andre plass kom Dalakopa og på tredje plass Askerladden frå Asker. Finalen gjekk i NRK TV1 den 30. desember. førsteprisen var på 25000 kr. Les her.  Og her.
 (30/12-03)
Mastergradsstudiet i folkedans er godkjent
Det er eit nordisk samarbeid mellom tre nordiske universitet: NTNU, Københavns Universitet Amager (KUA) og Stockholms Universitet (SU) som gjer dette dansetilbodet mogleg. Det skal undervisast ved eitt av universiteta kvart semester. Først ute er NTNU. Til no er det 27 norske og 5 svenske studentar som har meldt seg interessert. Men framleis går det an å melde seg på studiet. Les meir her og også her.
 (30/12-03)
God jul!
Vi ynskjer alle lesarar og bidragsytarar til folkdedans.com ei god jul!
Beste helsing Vebjørn Bakken
  (23/12-03)
"Gåte" fekk Prøysen-prisen for 2003
Årets Prøysenpris vart utdelt i TV-programmet veslejulaftan og gjekk til gruppa "Gåte". Dei har gjeve ut ein CD og er eit rockeband med røter i norsk folkemusikk.
 (23/12-03)
Dalakopa og P.A. Røstad vidare i Kappspell 2003
I den første semifinalen var det "Dalakopa" som gjekk vidare til finalen. I den andre semifinalen gjekk "P.A.Røstad & Larsen" vidare, tett føre "Rusten og Åsegg". Den 29. desember går den 3. og siste semifinalen av stabelen på NRK TV, og dagen etter blir det finale.
 (22/12-03)
Bjørgulf Straume med ny original CD - "Hrynhent"
Munnharpespelaren Bjørgulf Straume frå Valle i Setesdal har fått med seg ein sambygding Øystein Kikut på ein ny CD. Kikut er kunstmusikar og ein dugande Grieg-tolkar, og er no timelærar ved Valle vidaregåande skule. Les meir her.
 (21/12-03)
Tore Skaug om CD'en til Ingvill Marit Buen Garnås i Telemark Arbeiderblad
Tore Skaug skriv fint om den nye CD'en til Ingvill Marit. Les sjølv her.
 (21/12-03)
Astrid Skarpengland med CD frå heimbygda Øvrebø
Astri Skarpengland (35 år) har leita fram ukjent songskattar som no blir presentert på ein ny CD. Her synger ho, uten akkompagnement, heile 34 små og store songar frå indre Agder, mellom anna frå Øvrebø og Vennesla, Bjelland, Iveland, Finsland og Vegusdal. Det er både bygdeviser, bånsullar og stev, salmer og balladar - og ein springdans frå Iveland. Les meir her.
 (21/12-03)
Elias Akselsen overrekt Hedemark Fylkeskommunes kulturpris
Fylkesordførar Sira Austeng overrekte prisen til songaren Elias Akselsen. Prisen er eit relieff og 75000 kroner. Akselsen sette stor pris på heideren, som han såg på som ei støtte til taterkulturen meir allment. Les her.
 (21/12-03)
Jan Nyberg i Bergens Tidende skriv om Bergljot Engeset si bok
I haust kom Bergljot Engeset med ei personleg bok om korleis ho har opplevd å vere innflyttar i Oslo frå tidleg på 1960-talet. Kulturredaktør i Bergens Tidende skriv at det er med blanda kjensler han les boka. Les kva han skriv her.
 (21/12-03) 
Marianne og Magne Øynebråten fekk kulturprisen i Gol
For sitt 20-årige virke for folkemsuikken og folkedansen fekk dei to kummunen sin kulturpris for 2003. Dei tok kommunestyret med på dansegolvet i "Per Spelemann".
Les meir her.
 (21/12-03)
Unni Løvlid intervjua av Ballade om Folkemusikk, jul og barnesongar
Unni Løvlid er kjent folkesongar  frå Hornindal. Ho bur i Oslo og er fora tida leiar i Laget for Folkemusikk, i tillegg til mange andre engasjement. I eit førjulsintervju i Ballade fortel ho om sitt engasjement for folkemusikken, og ikkje minst om at folkemsuikk og interesse for folkemusikken finn vi også i ein by som Oslo. Les meir her.
 (21/12-03)
Rally-kongen Petter Solberg i bunad
På motorsportsgallaen i Monaco nyleg fekk Petter Solberg godt høve til å vise fram den fine Østfolk-bunaden sin. Fint bilete stor blant anna i VG..
 (15/12-03)
Kvedaren Tone Jorun Tveito skal gå Noreg på langs
Det har ho tenkt å gjere saman med Astrid Gabrielsen. Tveito går no på kvedarskulen på Ole Bull Akademiet, og skal avslutte hovudfaget i friluftsliv i Bø. turen er rekna å ta 7 månader. Tveito vil også gje ut eigen CD. Les her.
 (15/12-03)
Gruppene "Fjøgl" og "Seglem" får støtte frå Norsk Kulturråd
Det er første gongen dei to gruppene får slik støtte. Støtten er på 50 000 kroner. Les meir her.
 (15/12-03)
Gruppa Gåte fekk ST-prisen for 2003
Gruppa "Gåte" har gjeor stor suksess i heile landet med sin folkemusikk insprerte rock. Dei har nyleg fått ST-prisen for 2003. Hausten 2002 ga dei ut CD'en "Gygri" som no har seldt i 38500 eksemplar, og som dei altså har fått gullplate for. Med i "Gåte" er Sveinung Sundli, Gunnhild E. Sundli, Magnus R. Børmark, Gjermund Landrø, Martin V. Langlie. Les meir her.
 (15/12-03)
Fin konsert i Rauland kyrkje
Det var mykje fin folkemusikk å høyre i Rauland kyrkje sist søndag men det var heller få som møtte fram Les meir her.
 (15/12-03)
Vågå vil etablere "kulturhågå"
I Vågå har dei hatt ei vellukka etableringa av ein "næringshågå", og det blir no lagt planar om ein tilsvarande Kulturhågå. To konkrete planar i samband med det er å etablere eit "folkekulturens hus"  og ein "Mat- og musikk-festival" med mellom andre arne Brimi. Les meir om dette her.
 (15/12-03)
Sendetidene for Kappspell 2003 er no kjent
Det blir 3 semifinalar som kjem i TV (NRK) 17. ,22. og 29. desember. Finalen blir 30. desember kl 19.45. I finalen blir det dei tre vinnarane frå semifinalane. Les meir her.
og også her. 
(15/12-03)
Karianne Holmen ny sjef for Førdefestivalen
Mangeårig sjef Hilde Bjørkum sskal har perisjon, og vikar blir hedemarkingen Karianne Holmen. Ho er utdanna etnolog, har arbeidd ved Prøysenmuseet, vore kultursjef i Jølster og arbeider no i Florø der ho også bur. Hilde Bjørkum skal framleis ha det faglege ansvaret for den musikalske profilen for 2004-festivalen. Les meir her.
 (15/12-03)
Anne Marie Aastad Bråten sluttar som styreleiar i Jørn Hilme stemnet
Kven som skal overta er ikkje kjent. Det les vi i medlemsavisa til Valdres Folkemusikklag, "Låt o Link" nr 3/2003.
 (14/12-03)
Den Norske Folkemusikkscena med medarbeidar i Valdres
Folkemusikkscena tenker å tilsette ein medarbeidar i Valdres på deltid, for å hjelpe til med lokale arrangement. Det les vi i medlemsavisa til Valdres Folkemusikklag, "Låt o Link" nr 3/2003.
 (14/12-03)
Munnharpefestivalen hausten 2004 blir på Fagernes 24-26 september
Det les vi i medlemsavisa til Valdres Folkemusikklag, "Låt o Link" nr 3/2003.
 (14/12-03)
Landskappleiken 2006 blir på Beitostølen
Det les vi i medlemsavisa til Valdres Folkemusikklag, "Låt o Link" nr 3/2003.
 (14/12-03)
Blir folkedansprosjektet "Bygda dansar" utvida til Oppland og Møre og Romsdal?
etter det vi les i Spelemannbladet er det håp om at folkedansprosjektet "Bygda dansar", som har vore i gang i Ssogn og Fjordane, i 2004 blir utvida til Oppland og Møre og Romsdal. Det skal vere von om pengar til det. I Oppland skal leiaren i Valdres Folkemusikklag Solveig Hårdnes vere spurt om å vere prosjektleiar.
 (14/12-03)
Elisabeth Kværne ny folkemusikkarkivar ved Valdres Folkemuseum
Det var 12 søkjarar til stillinga og 4 vart tekne inn til intervju. Ho byrjar i stillinga 1. februar 2004, etter Jan Beitohaugen Granli som har vore vikar ei tid.
 (14/12-03)
Overskot og underskot i Landslaget for Spelemenn
Rekneskapen for LfS syner eit overskot på 200 000 kr. Landskappleiken på Gjøvik hadde eit underskot på ca 150 000 og Landsfestivalen ser ut til å få eit overskot på 250-300 000kr. Det er Spelemannsbladet som skriv dette (nr 8/2003)
 (13/12-03)
Meir av innhaldet i spelemannsbladet tilgjengeleg på nettet
Gjennom siste året har stadig fleire artiklar frå Spelemannsbladet også blitt lagt ut på nettet. I siste nummer gjeld det desse artiklane:
Leiarartikkel,  Eigen folkemusikkpris?  Årsmøtet i Lfs,  Olav Liljekrans,  Osafestivalen,  100-årsfeiring med hambo og ril. Du finn artiklane her.
 (14/12-03)
Kulturmeldinga må følgjast opp - meiner Magnar Sundt i LfS
I siste nr av Spelemannsbladet er attggjeve innlegget som  Magnar Sundt heldt på den høringa i miljøet som vart gjennomført i slutten av oktober. Sundt er dagleg leiar i LfS. Meldinga vil: Utvikle Formidlingsarenaer, gje prosjektmidlar til større folkemusikkproduksjonar, midlar til nettbasert utøvarkatalog, styrking av folkedansen gjennom ulike tiltak, fleire midlar til lokale frivillige verksemder, styrking av folkemusikkarkiva, styrking av festivalane, styrking av verdsmusikken. I budsjettframlegget i 2003 er det ein million ekstra kroner, men det er alt for lite meiner Magnar Sundt.
 (13/12-03)
Sverre Halbakken med videodokumentar om "gammelpolsen"
Gjennom 40 år har Sverre Halbakken lagt ned eit stort arbeid med å leite fram att og dokumentere polsdansen i Østerdalen - "gammelpolsen". Tidlegare har han gjeve ut bode bok og CD om emnet - begge med tittelen "Så surr nå kjerring". Den siste og vistnok avsluttande biten har kome i form av ein Videodokumentar om gammelpolsen - "Østerdalens rumba". Regien har Mona Vaagen og Sverre Halbakken hatt, og videoen er på 25 minutt. Tittelen "Østerdalens rumba" kjem av at polsmusikken i Østerdalen har taktmessige likskapar med rumba og salsa.
 (13/12-03)
Norskdomsmannen Ludvig Jerdal er død
Jerdal (1908-2003) var leiar i Landslaget for Folkemusikk i 9 år frå 1952 til 1961. Han var journalist, målmann, organisasjonsmann og folkemusikkven.  Han var ein markant stridsmann for norskdomsarbeidet i vid tydig. Han var heiderslagsmedlem i LfS, var leiar i mange kappleiknemnder, og skreiv mykje i blad og aviser om mange ulike emne.
 (13/12-03)
Signe Nygård er død
I midten av november døde folkedansaren og rettleiaren Signe Nygård. Gjennom eit langt liv la ho ned eit stort arbeid i BUL, særleg i Leikarringen. Ho var rettleiar der i mange år, og var også heiderlagsmedlem i BUL.
 (13/12-03)
Noregs Ungdomslag får direkteløyving over statsbudsjettet. Endeleg!
I 3 år har Noregs Ungdomslag, med leiaren Johan Einar Bjerkem i spissen, arbeidd hardt mot Stortinget for å få løyving over kulturbudsjettet. Løyvinga går til NU sitt arbeid for folkedansen, og er i år på 300 000 kr. NU er den største folkedansorganisasjonen i landet, og den absolutt mest sentrale når det gjeld å drive systemastisk opplæring i folkedans. Les også her.
 (12/12-03)
"Dansen held oss unge" meiner gamaldanentusiastar i Rogaland
Rogalands Avis har vitja gamaldansklubben i Tananger, der Ivar Vaula  er instruktør. Les meir her.
 (11/12-03)
Lidvin Osland får kritikk for dobbeltrolle
Osland er kultursjef i Fylkeskommunen og er samtidig vald inn som styreleiar i Førdefestivalen. Dette synest sume er ei uheldig dobbeltrolle, mellom dei Gunnar Eikenes i Opera Nordfjord og Odd Stubhaug i Kinnaspelet. Les her. Fylkesrådmann Per Drageset seier at det ikkje var lurt av Osland å ta på seg ombodet. Les her. I år får Førdefestivalen 350 000 kroner av Fylkeskommunen. Les også i Firda.
 (11/12-03)
Folkemusikklinene på Vinstra og Valle er sikra i årets budsjett
Det var ei tid usikkert kva som ville skje med landslinene etter budsjettforliket mellom arbeiderpartiet og regjeringa. Men etter visse justeringar i kommiteen ser det ut til at Landslinene er sikra midlar. Les meir her.
 (11/12-03)
Ingvill Marit Buen Garnås får fin omtale i Telemark Arbeiderblad
Ho har som kjent kome med si første solo-CD "På Grønalihei" - og TA har intervjua henne. Til dagleg er ho planleggjar i Ringebu kommune, men kunne godt tenkje seg å leve av musikken. Ho fyller også 30 år i desse dagar. Ho fortel at det har kosta henne ca 100 000 å gje ut denne CD'en, som ho har arbeidd med i 2 år. Les her.
 (11/12-03)
Kirkelig Kulturverksted føler seg trua
Dei seier dagleg leiar  i plateselskapet Erik Hillestad til Vårt Land. Han seier at marginane er så små at det er vanskeleg å få CD-produksjoner til å løne seg. Han synest prisen på ein CD skulle vere høgre. Før gjekk det med overskot om ei plate selde 4000, men no trengst det bortimot det doble. Les meir her.
 (10/12-03)
Nyttårfest på Herangtunet i Øystre Slidre
Øystre Slidre spel- og dansarlag inviterar til "nyttårshelg på folkemusikk- vis". Arrangementet går av stabelen for 13. gong, og finn stad på det gamle bygdetunet Herang i Valdres. Dette gamle tunet gjev festen ei heilt spesiell atmosfære. Klokka tolv er det bålbrenning mellom husa. Det blir spel -og dans frå alle bygdelag i Norge samt gamaldans. I år er også festen utvida til eit todagars arrangement med julebukkmoro 6. dag jul. Då kler alle seg ut som julebukkar. Alle som kjem på festen tek med seg ei sending med mat kvar slik som det vart gjort før. Øystre Slidre spel- og dansarlag fylte i 2003, 60 år. Meir info her.
 (07/12-03)
Leikarringen i Haug Bygdeungdomslag fekk "tilgjengelighetspris"
Dette er ein pris som vert delt ut til organisasjonar som legg til rette for at også psykisk utviklingshemma skal kunne delta i aktivitetane. Les meir her.
 (7/12-03)
Feleveteran i Bø hjelper unge med felene
Spelemannslaget Bøheringen har fått i stand ei ordning der den gamle felemakaren Eivind Ralle hjelper dei unge i laget med å halde i stande felene sine. Les meir om det her.
Spelemannslaget De Frilynde fekk ikkje svar frå Kulturskolen
Spelemannslaget sendte brev til Kulturskolane i Follo om tibod om gratis kurs i folkemusikk-spel, men dei fekk ikkje svar. Kulturskolerektor svarar at dei ikkje hadde kapasitet til å svare på brevet. Men dei ser positivt på tiltaket. Kurset vart likevel avvikla med nokre deltakarar frå andre skular. Les her.
 (7/12-03)
Lidvin M. Osland ny styreleiar for Førdefestivalen
Osland overtar som styreleiar etter Sigmund Eikås som har vore leiar i 4 år. Eikås held fram i styret. Osland er direktør for kultur i Sogn og Fjordane Fylkeskommune, og var sentral då Førdefestivalen vart etablert for 15 år sidan. Håkon Fimland, som er kultursjef i Førde, er nestleiar. Førdefestivalen har utvikla seg til å bli den største fleeirkulturelle tilskipinga i landet. Kvart år står rundt 240 artistar frå meir enn 20 land på scena i Førde. Festivalen tilbyr om lag 80 programpunkt i løpet av 4 dagar. I 2004 er festivalen 1 -4 juli. Les også her.
 (7/12-03)
Unni Løvlid intervjua i Bergens Tidende
Den dugande folkesongaren frå Hornindal (27 år) har ei travel tid, og skulle gjerne trappe litt ned på tempoet, men det går ikkje, seier ho til avisa. Ho trivst så godt med songen og miljøet. Ho har fullt program framover: I januar på europaturne med verdas ungdomskor både som instruktør og solist. I slutten av januar på turne til Nord-Noreg med ny musikk. I februar til Kina med to ulike prosjekt. I mars turne i Sverike med gruppa  "Rusk". Og på ettersumaren blir det premiere med ein ny kabaret med "Fjøgl". Les meir her.
 (05/12-03)
Leikarringen Noreg i Drammen med vellukka Adventsball
Ved inngangen til advent bad Leiarringen i Drammen inn til stildansball. Det gjekk føre seg i Fredfoss i Vestfossen, ein stor, gamal nedlagt fabrikk som er fint sett i stand. Nedre Eiker Spelemannslag (12 stk) sytte for god dansemusikk for dei 116 deltakarane, som kom frå mange grupper og ringar nokså vidt omkring. Det var god middag og kaffi og kaker, og dugande ball-leiing, blir det fortalt.
 (3/12-03)
Born i Hov dansar folkedans
På Kulturskulen i Hov er det også folkedansgrupper. I yngste  gruppe er det 14 born frå fire år til og med 1. klasse som lærer song, musikkdansar og leiker.  Å lære trinn, kommer først I gruppa for dei frå 2. klasse og oppover, er det for tida  15 born. Marit Hultmann er instruktør. Les meir her.
 (30/11-03)
Landslaget for Spelemenn gir 10 000 kr til instrument til Afganistan
LfS har bevilga kr 10 000 til folkemusikarar i Afganistan slik at dei kan kjøpe seg instrument. I Taliban-tida var berre religiøs musikk telleten. LfS arbeider med å finne rette mottakarar for gåva, som er ein spontan solitaritetsaksjon for folkemusikarar i ein vanskeleg situasjon. Les meir her.
 (30/11-03)
Elias Akselsen si juleplate svært godt motteken
Han kom nyss med CD'en "Her kommer dine arme små", og ho har vorte svært godt motteken - med terningkast 5 og 6 overalt. I fleire aviser har det vore lange intervju med Akselsen, sist i Aftenposten søndag 30. november. Søndag 1. advent hadde han også konsert i Kampen kirke i Oslo, og sameleis blir det konsert der 21. desember.
 (30/11-03)
To kvedarar med Månadens to album i Etnisk Musikklubb
Dei to er Ingvill Marit Buen garnås og Øyonn Groven Myhren. Ingvill kom med CD'en "På grønalihei" for kort tid sidan, medan Øyonn  kjem med CD'en "Akkedoria frå Kristiania" på nyåret. Ingvill presenterer ballader som Lindemann teikna ned midt på 1800-talet. Øyonn si plate, som er hennar debut-solo CD, inneheldt berre slåttetulling - frå Vest-Telemark og Øvre Hallingdal. Den nye CD'en til Øyonn kjem på Etnisk Musikklubb, medan Ingvill  si er på Nyrenning - eit av selskapa til onkelen Knut Buen.
 (30/11-03)
Lars Underdal på pøbb i Oslo
På årets siste pøbb på "Prøverøret" er det telemarkingen Lars Underdal som er spelemannsgjest. Les om det her.
 (26/11-03)
Titano-festivalen blir truleg verande på Vinstra
Det er ikkje avgjort, men ting tyder på at Festivalen framleis skal bli på Vinstra. Peer Gynt Arrangementet har vore administrativ leiar for festivalen sidan 1999. Publikumstala har gått nedover dei siste åra, frå omlag 4.200 i år 2001, via 4.000 i 2002 og til ca. 3.500 i 2003. Festivalen er no ein rein gamaldansmusikkfestival. Irsk  musikk er til dømes  kutta ut. Les meir her.
 (26/11-03)
Lindesnes Trekkspillklubb fekk Vest-Agder sin kulturpris for 2003
Klubben vart stifta i 1990 og har sidan starten  har Lindesnes Trekkspillklubb halde rundt tusen trekkspillshow i Norge og utlandet, omkring hundre i USA. Dei fleste deltakarane er frå Mandal og Lindesnes. Prisen er eit kunstverk og 40 000 kroner. Les meir her.
 (26/11-03)
Gunnar Stubseid med bokslepp på Voss
Stubseid har som meldt før skreve bok om sspelemannen sigbjørn Bernhoft Osa. Stubseid peika på at Osa vart det store namnet i ei tid som var vanskeleg for folkemusikken. Bergens Tidende fortel her frå boksleppet.
 (26/11-03)
Runddansen i Numedal fylte 200 år
Det er 200 år sidan runddansen kom til dalføret, og dette markerte Numedal Spel- og Dansarlag med forestilling på Høgheim i Lyngdal laurdag. Det var konsert først og dans etterpå. Salen var på langt nær full, men det vart likevel ein gild kveld. Les her.
 (26/11-03)
Norske folkemusikarar til Fillipinane
I desse dagar går International Young People´s Music Festival (NAMCYA) på Filippinane av stabelen. Frå Norge er det med representantar både for klassisk musikk og folkemusikk. Norsk Folkemusikk- og Danselag har plukka ut Gro Marie Svidal og Solbjørg Tveiten til å representere Noreg under festivalen. Les her.
 (26/11-03)
Kjell Bitustøyl trekkjer seg som festivalleiar
Kjell Bitustøyl trekkjer seg som leiar for Telemarkfestivalen. Grunnen er at han meiner at Kommunen og Fylkeskommunen gir for lite pengar til Festivalen. I fleire år har festivalen hatt trong økonomi, og underskotet i år blir på ca 90 000. Bitustøyl har arbeidd for Festivalen i 13. år. Les meir her.
 (26/11-03)
Tono jubilerer: Fyll PC'en med musikk!
Denne veka jubilererTONO og dei lokkar med gratis nedlasting av musikk frå  www.musiconline.no. Her er det ikkje berre pop, men også ein del folkemusikk. Så dersom du har plass på harddisken, er det berre å sette i gang heilt gratis!
 (24/11-03, endra 25/11-03)
Ny bok: Gunnar Stubseid: "Sigbjørn Bernhoft Osa"
I haust har Gunnar Stubseid gjeve ut ein biografi om Sigbjørn Bernhoft Osa. Han har skreve om aller sider ved denne førte rikskjendisen av folkemusikarane våre: spelemannen, pedagogen, inspiratoren, tradisjonbæraren, nyskaparen, tradisjonsomformaren, sceneartisten, innsamlaren, ideologen, plateartisten og endå meir. Dessutan inneheld boka mykje om straumdrag og retningar innan folkemusikken. Dette er den tredje biografien om S.B. Osa. Boka kostar kr 390 og kjem på Eide Forlag. Gunnar Stubseid er no rektor ved Ole Bull Akademiet og har arbeidd i mange år ved denne skulen. Det var Osa som i si tid grunnla Ole Bull Akademiet.
 (23/11-03)
Asmund Bjørken med sjølvbiografi
Blant årets bøker finn vi boka "Spellemann - På gammel rutine og støgg mistanke" - ein sjølvbiografi om folkemusikaren og jazzmusikaren Åsmund Bjørken.  Boka kostar kr 298, utgjeven på Communicatio Forlag.
 (23/11-03)
Stor aktivitet i barneleikarringen Lurvelegg på Hamar
Østlendingen har sett innom øvingane i leikarringen Lurvelegg. Instruktørar er Reidun berg og Marita Ramstad. Den levande musikken syter  Lars Fridtun og Tor Borgar Fosnes for. Les meir her
 (21/11-03)
Eigen musikkpris for folkemusikken?
Magnar Sundt i LfS har hatt møte med leiaren i Spellemannskomiteen, og fått inntrykk av at folkemusikken skal få høgre status i tevlinga. Likevel blir det arbeidd vidare med ein eigen pris for folkemusikken. Det er også nedsett eit  arbeidsutval som innan 1.mars 2004 skal utrede ein eigen genrepris for folkemusikk. Utvalget består av Helge Westby frå plateselskapet GRAPPA, Arild Hoksnes frå LfS, Ruth Anne Moen frå Rådet for folkemusikk og folkedans, Christina Latini frå Samspill og Ola K. Berge frå Norsk Folkemusikkformidling. Meir her.
 (21/11-01)
Bent Jacobsen i Dalakopa tildelt Kulturpris på Røros
Bent Jacobsen er 53 år gammel, født på Jylland, kom til Norge i 1969 og Røros i 1980. Han skal ha uoffisiell verdensrekord i skihopp for dansker med rundt 100 meter. Dalakopa med Bent Jacobsen som musikalsk leiar vart etablert i 1985, og i åra etter har dei gjeve ut ei rad plater og vunne mange store konkurranser. Jacobsen har arbeidd som musikar og plateprodusent. Les meir her.
 (21/11-03)
BLS i Oslo slår eit slag for songdansen 23. november 
I BLS-garden i Nordahl Brunsgt 22 har det vore Folkedanskveldar i ca 40 år i trekk. I tillegg til det normale innhaldet desse kveldane - det er gamaldans - blir det nokså ofte også skipa til kurs og øvingar i ulike bygdedansar og i seinare tid også stildansar. Søndag 23. november blir det ei skikkeleg songdansøkt i erverdige Halli. Tilskiparane reknar med at alle songdansentusiastar vil møte fram og vise at det er moro når songdansen lyder sterkt og godt på dansegolvet. Songdansøkta startar kl 18.00 og det blir eit variert program med alle slags viser.
 (18/11-03)
Ingvill Marit Buen Garnås med si første solo-plate
Plata heiter "På Grønalihei". Plata blir gjeven ut på Knut Buen sitt selskap: Nyrenning, og sleppet skjer på Bø Jazzklubb den 5. desember. Ho er Månadens artist på Norsk Folkemusikkkatalog.  Les meir her.
 (18/11-03)
Magnar Sundt spør om Folkemusikk Nord
Han spør i Ballade om ikkje Folkemusikk Nord kan vente svar på spørsmåla som er reist rundt "Musikk i Troms"  og Fylkeskultursjefen opptrer som politikar. Les meir her.
 (18/11-03)
BUL i Kongsberg feira 80 år med dans og fest
Det er ca 40 medlemer i laget, og ca 30 var til stades på festen. Les meir her.
 (18/11-03)
Elias Akselsen med ny Juleplate
Plata heiter  «Her kommer dine armer små»
og blei innsspela i  Lunderseter kapell på Finnskogen i oktober. Trubaduren og visesangeren Elias Akselsen får Hedmark fylkes kulturpris 16. desember. Han er tidlegare nominert til Spellemannprisen. Elias har spela for kongehus, statsminister og regjering, og han har fått P2s Folkemusikkpris i 2001. Les meir her.
 (18/11-03)
Vellukka polsdugnad i Risberget i Våler
Liv og Trond Burud  i ungdomslaget Skogbygdingen hadde invitert til dugnad for å danse og spele pols. Her er det snakk om  Gravbergspols, Elverumspols og mange andre gammelpolser som alle avvik ein del frå den meir velkjente Rørospolsen. Spelemenn som Atle Lien Jensen, Vegard Vårdal, Frode Haltli, Oddgeir Martinsen, Berit Østmoen med familie fra Sørskogbygda og deler av Bågådraget var med, og det kom dansarar frå vide om - ca 60 då Østlendingen var innom. Les meir her.
 (18/11-03)
Nybakt ordførar i Råde er ivrig folkedansar
Kjell Løkke møter fram ein gong for veka i Leikarringen i Råde for å øve norsk folkedans. Han er også nybakt ordførar for Arbeiderpartiet. Les meir om han her.
 (18/11-03)
Unge fornyar folkemusikken, skriv Nationen
Gruppa Gåte, Andreas Aase og folkemusikkgruppa Majorstuen er mellom dei som gjer ein stor innsats for å fornye folkemusikken. Det er Kjetil Hustad som driv artistformidling som seier dette. Les meir her.
 (18/11-03)
"Firmenningene og Treskallene" på trekkspeltreff i Drangedal
Eit merkeleg namn på ei gruppe, men dei deltok på treffet. Hotelltreffet er det største i sitt slag i landet, og samla ca 2000 deltakarar. Les meir her.
 (18/11-03)
Ivar Medås-prisen 2003 til Unni Løvlid
Songare frå Hornindal fekk årets pris for det arbeid ho gjer for folkekulturen. Ho mottok prisen under "Syng med oss"-konserten i Grieg-hallen 16. november. Prisen er einplakett og 10000 kroner. Les meir her.
 (18/11-03)
Tjuge baskarar lærer norsk songdans i Bilbao
Stavanger har Bilbao som venskapsby, og i midten av oktober var dansar frå Sandnes folkedanslag med instruktøren Ingrid Oftedal Gjesdal på vitjing der. Og der har 20 baskarar gått på kurs og lært norsk songdans og anna norsk folkedans. Les meir om vitjinga her.
 (18/11-03)
Ivrige spelemenn og dansarar i Hedemark Folkemusikklag
Hamar Arbeiderblad skriv om ivrige spelemenn og dansar: I Juniorspelemannslaget er det ca 20 jenter og gutar, og ca ti gutar øver halling i Løten.  Dei unge felespelarane har nettopp spela inn ein CD der dei delvis har komponert slåttane sjølve. Marit Larsen og Thomas Westling er instruktørar, og det kjem spelarar heilt frå Trysil. Rolf Bjørgan er læraren deira i halling. Meir her
 (18/11-03)
Trysil-Treffen avvikla på fin måte
Omkring 160 musikarar og eit stort publikum sette preg på Trysil i helga. I Trysil Kirke var det ca 500 menneske då Roland Cedermark heldt konsert der. Han spelar trekkspel og syng. Treffsjef Liv Rønningen var godt nøgd  med arrangementet. Les meir her.
 (12/11-03)
Nydelege folketonar frå Ryfylke i Skjold Kyrkje
Koret Korinnante feira 5-års jubeleum med å halde ein gild konsert med folketonar i Skjold Kyrkje. Solveig Bokn Skjeggestad var solist, og  Ove Hetland Kvartett deltok også. Les meir om konserten her.
 (12/11-03)
Folkedanslaget Sølja på Hamar intervjua av Hamar Dagblad
Avisas utsende har vore på øvingskveld i Sølja, laget som neste år fyller dei 30. som mange andre leikarringar har dei problem med å rekruttere unge dansarar. Instruktørar i ringen er Ingrid Maurstad Tuko og Nils Slapgård. Denne kvelden er det 14 par på øvinga. Spelemenn er Vidar Iversen på torader og Olav Sæta på fele. Sølja er eit aktivt lag som har vore på mange turar, også utanlands, og dei har i mange år også lagt vekt på stildans, som har vore dansa i distriktet til langt opp på 1900-talet. Les meir her.
 (11/11-03)
Landslaget for Spelemenn melder om eit positivt Årsmøte på Voss
Viktigast saka var arbeidsprogrammet, og det vart grundig drøfta skriv LfS. Viktige saker her er Den norske Folkemusikkscena, Landskappleiken, Landsfestivalen og Spelemannsbladet. Også namnespørsmålet vart drøfta. Les meir her.
 (11/11-03)
Randi Skeide attvald som leiar i Landslaget for Spelemenn
På årmøtet på Voss 7 - 9 november vart Randi skeide attvald som leiar. I det nye styret kom også Frode Rolandsgaard og Jorun Marie R. Kvernberg. Dei to andre i styret Aud Manheim og Jan Lislien var ikkje på val. Som 1. vara vart Terje Foshaug frå Målselv valt. Han er den første frå Nord-Noreg med eit sentralt tillitsverv i LfS. Varafolk er også Solbjørg Tveiten og Torleiv Løyland. Les meir her.
 (11/11-03)
Gruppa Kvarts med gjester på turne på Vestlandet
Kvarts med Berit Opheim, song, og Birger Mistereggen, perkusjon, er på turne med musikken frå forestillinga "Skal - Skal ikkje" - i hovudsak. Denne forestillinga hadde premiere på Førdefestivalen i 2002. Musikken blir også gitt ut på CD etter turneen. Først ute er Geilo  på onsdag 12. november, Eidfjord torsdag, Førde fredag og Voss laurdag. Dei faste medlemene i Kvarts er alle kjente folkemusikarar: Erlend Styve (gitarar), Jo Asgeir Lie (trekkspel), Øystein Rudi (fele) og Tom Willy Rustad (kontrabass).
 (11/11-03)
Folkekulturutveksling med andre land?
CIOFF heiter ein organisasjon som driv med kulturutveksling - særleg innan folkedans og folkemusikk. Helge Berntsen i Bergen er leiar for norsk avdeling. Han har sendt ut eit brev som heiter "Folekekulturutveksling nr 3/2003". Der er det oversyn over ein del grupper som gjerne vil kome på festivalar til Noreg, og også nokre utanlandske festival som norske grupper kan kome med på. Meir info her: Helge Berntsen, Lyshovden 134, 5148 FYLLINGSDALEN, tlf 55151358
 (09/11-03)
Deler av Spelemannsbladet å finne på Internett
I seinare tid har Spelemannsbladet lagt deler av bladet fritt tilgjengeleg på Internett. Av det siste bladet nr 7/03 finn vi desse artiklane: Leiarartikkelen, Om Setesdalskappleiken, "Kulturmeldinga", "Førdefestivalen held på profilen" og "Huldrenatt på Tolga". I tillegg finn vi også ei oversikt over kva andre artiklar som finst i papirutgåva av Spelemannsbladet. Her finn du bladet.
  (9/11-03)
DrammenA Trekkspillorkester har dansekveld ein gong for månaden
Drammens Tidende har besøkt orkesteret som har halde det gåande i 18 år. Les meir om det her.
 (9/11-03)
Oslo Word Music Festival og Rikskonsertene ikkje interessert i samisk musikk?
Leiar Arve Nordland i Foreningen Samiske Komponister hevder i all fall det. Les meir her om det han meiner.
 (9/11-03)
Ny CD med folkemusikk frå Sunnmøre
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal sender ut ein ny CD i samarbeid med Sunnmøre spelemannslag. Leiv Arne Nydal frå Hareid har vore musikalsk leiar for prosjektet. Han spelarfele solo på CD'en og Tone Fedt Bergfald syng. Elles er det mange slåttar med Sunnmøre spelemannslag, både med og utan komp. Dei fleste kutta er frå Sunnmøre, tradisjonell folkemusikk eller nyare slåttar av komponistar som Hans H. Geitvik og Ola Kjeldstad. Men her er også komposisjonar av Petter L. Rypdal frå Romsdal og Lars Hjellbakk frå Nordfjord. Jostein Fedt har skreve eit fyldig teksthefte til CD'en. Les meir her.
 (9/11-03)
Kva skal "Landslaget for spelemenn" heite?
I siste nummeret av Spelemannsbladet drøftar redaktøren namnespørsmålet. Saka kjem opp på årsmøtet i LfS på Voss 7. - 9. november. Aktuelle namneforslag er "Landslaget for folkemusikk" og "Norsk Folkemusikkforbund". Eit alternativ er det sjølvsagt også å behalde det gamle namnet som laget har hatt heilt frå det vart stifta i 1923. Skal vi tippe at namnet blir uendra?
 (6/11-03)
Raus setesdøl gir kr 10000 ti Spelemannslaget!
I avisa Setesdølen (30. oktober 2003) les vi at den utflytta valldølen Kjetil Bø har gjeve kr 100 000 som gåve til Setesdal spelemannslag. Bakgrunnen er at han vart så imponert under Setesdalskappleiken i sumar. Inntil 10000 av pengane vil laget bruke årleg til ein Ingebjørg Bø's minnepremie til beste uansett klasse på Setesdalskappleiken.
 (6/11-03)
Folkemusikk-kveld på Musikkhøgskolen i Oslo 3. desember kl 19
Du vil få høyre studentane i solo og samspel og i ulike grupper som Tindra og Majorstuen. Fleire av lærarane vil også delta i konserten m.a Hauk Buen, Håkon Høgemo,Tellef Kvifte og Torleif Stave.
 (5/11-03)
Andreas Åse med ny CD: MAUS
Strengeinstrumentalisten Andreas Aase lanserer sin debut-CD MAUS på Raven Records. Plata er ei akustisk og lett modernisert vri på folkemusikk frå Trøndelag, spela på ulike strengeinstrument, til dømes  irsk og gresk bouzouki, mandolin, lapsteel-gitar, 6-og 12 -strengs akustisk gitar og bass. Les meir om lanseringa på Josefine Vertshus 10. november kl 18.
  (5/11-03)
Jubileumspris tildelt tablaspelaren Jai Shankar
Under opningskonserten til Oslo World Music Festival i Kulturkirken Jacob vart han tildelt Jubileumsprisen Tono 75 år for Verdensmusikk. Les meeir her.
 (5/11-03)
Gruppa "Kyst og Høgland" på Nordmøre med ny CD
Gruppa har spela inn folkemusikkprega slåttar komponert av aurgjeldingen Sigmund Fuglevaag. Innspelinga har foregått i storstova heime hjå komponisten. Les her.
 (5/11-03)
Diskusjonen om Spelemannsprisen går vidare.
Som kjent har LfS reist spørsmålet om Folkemusikk-Noreg bør lage sin eigen spellemannspris. Forårets vinnar Odd Nordstoga er også kritisk til prisutdelinga i fjor, og han får støtte av Knut Buen, som to gonger har vunne prisen. Buen har i lang tid vore kritisk til Spellemannsprisen. Les meir om deira syn i TA. Morten Lindberg i Lindberg Lyd og 2L meiner at "initiativet fra Landslaget for Spelemenn er prisverdig, men snevert i sitt perspektiv". Les meir i Ballade.  Den nye leiaren i Spellemannskommiteen Ole Edvard  Reitan vil ikkje seie så mykje før han har fått snakka med LfS. Les her.
 (5/11-03)
Per Anders Buen Garnås best på Telemarkkappleiken i Bø
Han fekk sitt andre napp i den fine vandrepremien - ei hardingfele laga av ein annan spelemann frå Bø - Bjarne Øen, som også deltok på kappleiken 89 år gamal. Torgeir Straand også frå Bø vart nest beste spelemann. Det var 400-500 innom kappleiken og 58 aktørar - og det er tilskiparane godt nøgd med. Les meir her.
 (5/11-03)
Spelemannen Ola Opheim er død
Den kjente spelemannen  tradisjonsberaren og nyskaparen Ola Opheim frå Vågå er død nær 83 år gamal. Han var ein sentral spelemann i Våga spelemannslag i mange år og spela saman med Oddvar Nygård i Nygaards kvartett i 21 år. Desse vart nyskapande innan gamaldansmusikken på 60-talet. Opheim spela også saman med andre orkester og ga også ut plater. Han vann mange kappleikar, såleis også landskappleiken på Notodden i 1963. Han fekk mange utmerkingar for innsatsen sin for folkemusikken: Kongens sølv, kulturprisen for gudbrandsdalen, Sspelemannsprisen , og var æresmedlem både i Landslaget for spelemenn og i Vågå Spel og dansarlag.
 (4/11-03)
Fleire spennande CD'ar i kjømda
Kvinten 4/2003 fortel om fleir svært spennande CD-prosjekt som er i vente. Gruppa Skrekk (Camilla Granlien, Åse Teigland og tone Juve) kjem med CD på "Grappa" på nyåret. Opptaka er gjort i Nordmarka i Oslo. Ingvill Marit Garnås kjem med CD i desember, med plateslepp på Bø Jazzklubb 5. desember. Ho syng både solo og med komp, og CD'en kjem på selskapet "Nyrenning". Arne Anderdal og Harald Knutsen arbeider med ein CD med Odd Bakkerud  på selskapet "Ta:lik".
 (4/11-03)
Elisabeth Kværne ny folkemusikkarkivar ved Fagernes Folkemuseum?
Kværne er innstilt som ny folkemusikkarkivar på Valdres Folkemuseum. Arkivarstillinga er finansiert av Oppland Fylkeskommune og Valdreskommunane.Valdres Folkemuseum har arbeidsgjevaransvaret og Opplandsarkivet har det faglege ansvaret. Bente Ingholm Hemsing var frå 1988 til 1998 meir og mindre i stillinga, og frå 1998 var ho i 50 % stilling. Frå hausten 2001 har Jan Beitohaugen Granli vore vikar i stillinga. Dette er det avisa Valdres som skriv.
 (04/11-03)
Meisterklasse i Oslo og kurs på Voss i november 
Norsk Folkemusikk- og Danselag og Norsk Folkemusikkformidling- inviterer til meisterklasse i hardingfelespel med Håkon Høgemo 8 - 9 november i Oslo, og kurs på Voss  i scenelydproduksjon med Asle Karstad 13 -14 november og kurs i arrangering og sceneopptreden med Dylan Fowler 15 - 16 november. Meisterklassen med Knut Kjøk er avlyst. Meir info her. Tilskipingane er i samarbeid med Ole Bull akademiet og Musikkverkstadordninga.
 (4/11-03)
World Music Festival i Oslo feirer 10 års jubileum
Festivalen går av stabelen 4 - 9 november og eit spennande program blir presentert. Les meir om det her.
 (2/11-03)
Mykje diskusjon rundt Spellemannsprisen
Ynskjet frå sume hald om å trekkje folkemusikken bort frå Spellemansprisen. Men årets komiteformann Reitan vil gjerne også ha dei smale sjangrane med. Men Randi Skeide Ljones i LfS seier at folkemusikken vart stemoderleg behandla i NRK og verre vart det då TV2 overtok. Også Magnar Sundt i LfS tar til orde for ein alternativ Folkemusikkpris. Også Rune Nilsson i NRK er kritisk til Spellemannsprisen.
 (2/11-03)
Ottar Johansen har vore spellemann i 30 år
Den kjente trekkspelaren Ottar Johansen frå Årnes  var den første som hadde debutkonsert på trekkspill i Universitetets aula, og han var den første musikklæraren i landet med trekkspel som hovedfag. Søndag 16. november markerer han at det er 30 år sidan debuten i Oslo med jubileumskonsert i Nes kulturhus. Les meir her.
 (2/11-03)
Synnøve S. Bjørset på miniturne i Spania
I regi av Norsk Folkemusikkformidling ga ho ein times konsert i Pamplona under eit skandinavisk arrangement der dei også presenterte skandinavisk film, litteratur og fotokunst. I Covarrubias deltok ho under ”Prinsesse Kristinastifelsen” sitt årlege kulturarrangement saman med m.a. den norske gitaristen Anders C. Øien. Les meir her.
 (2/11-03)
Bodø Folkedanslag vil ha levande musikk
Ivar Mikalsen, leiar for Bodø Folkedanslag som består av ca 60 dansarar, vil ha levande musikk på øvingane. Tor Åge Johansen som er leiar for Bodø Trekkspillklubb spelar i dag i blant, men dei treng fleire spelemenn. Saman vil dei blåse nytt liv i folkemusikken i byen. Les meir her.
 (2/11-03)
Womex-messe i Sevilla utan norske utøvarar
Det er lenge sidan det har vore norske utøvarar eller band med. Med den aukande interessa for norsk folkemusikk og verdsmusikk, hadde det ikkje vore unaturleg om nordmenn var med seier Music Export Norways Inger Dirdal. Det var i år 11 utstillarar på den norske standen. Les meir her.
 (30/10-03)
Hauk Buen likte seg hos kongen på slottet
Hauk Buen og kona Tove var nyleg på audiens på slottet etter at Hauk fekk kongens fortensmedalje på 70-års dagen sin. Kongen var like triveleg som faren, seier Hauk Buen til Laagendalsposten. Les her.
 (30/10-03)
Blir Folkemusikken borte frå Spelemannsprisen?
I eit presseskriv frå Magnar Sundt i Landslaget for Spelemenn at det kan bli slutt på folkemusikk under Spelemannsprisen. NRK har dei site to åra redigert bort deler av prisutdelinga, og det har mellom anna gått ut over folkemusikken. Ein tenkjer difor på om eit alternativt opplegg kan vere betre. Les meir om dette her.
 (30/10-03)
Kan det bli slutt på Titanofestivalen?
Per Gynt Arrangement vil ikkje lenger arrangere Titanofestivalen på Vinstra. Det har vore til dels store underskot dei siste åra. Ein arbeider med å finne andre som vil ta på seg arrangementet. Les om det her.
 (30/10-03)
Klart for kappleik i Bø i Telemark
Spelemannslaget Bøheringen, Bø Dansarring og Bø ungdomslag er blant dei som arrangerer den årlege fylkeskappleiken i Telemark. Fredag kveld er det gild konsert med mellom andre Hauk Buen og Agnes Buen Garnås, i tillegg til Leif Rygg frå Voss og dansaren Tom Løvli. Laurdag er sjølve kappleiken på ungdomshuset Sandvin, med mange fine premia, blant anna ei hardingfele og Myllargutmedaljen. Les meir her.
 (30/10-03)
Unni Løvlid i Aftenposten 27/10: Folkemusikken skjult i Oslo
I kveldsutgåva av Aftenposten har Unni Løvli eit debattinnlegg i høve Laget for Folkemusikk sitt 100-års jubileum. Ho meirer mellom anna at det er viktig at kulturskulane fylgjer opp arbeidet med folkemusikken. Ho vonar på ei eiga folkemusikk stilling i Kulturskulen i Oslo. Ei slik stilling vil koste 280000 kr. 
 (28/10-03)
Sendetidene for Kappspell 2003 i NRK TV er no bestemt
Semifinalane i Kappspell 2003 startar på NRK1 fjernsyn 17. desember og blir avslutta med sjølve finalen 30. desember. Opptaka til desse programma vart gjort 19. og 20. september på Røros. Forrige vinnar Småviltlaget var gjestespelemenn. Det blir 3 semifinalar: 17. desember, 22. desember og 29. desember. Det er i alt 9 lag som gjekk vidare til semifinalespel. Les meir her på NRK:
 (27/10-03)
Folkedansteateret i Oslo med svært vellukka oppsetting av Olav Liljekrans
I vel ei veke har det nokså nye teateret spela ei oppsetjing av eit tidleg Ibsen-stykke: Olav Liljekrans frå 1856. Det er fjerde gongen berre at dette stykket har blitt sett opp sidan uroppføringa i 1857. Folkedansteateret prøver å etablere eit nytt scenespråk basert på norsk folkedans og folkemusikk, og har lukkast godt både med dette stykket og med det forrige stykket "Haugtussa". Kjell Klausen og Sigurd Aae Klausen har vore instruktør og koreograf. Gjermund Larsen har hatt ansvaret for musikken. Han var også einaste spelemannen under framføringa. A. Klausen har  hatt ansvaret for dei fine kostymane, som var lagt nær opp til Ibsen sine eigen teikningar. Eg hadde gleda av å vere til stades på avslutningskvelden. Det var ei stor oppleving for ein nærpå fullsett sal  i Ibsen-museet i Oslo. Sigurd Aae Klausen spela Olaf Liljekrans, og elles deltok Stine Høivik, Rune Bjerke, Anne Cathrine Johansen, Martin Myhr, Camilla Granlien, Rolf Bjørgan, Guro Hernes og Trine Merete Sjølyst. Alle med god bakgrunn både i folkedans og teater. Det var mange gode prestasjonar, og vi synest musikken batt det heile saman på ein fin måte. Camilla Granlien stod for dei fleste av dei vokale innslaga - utført på ein fin måte. Sjølv om to av våre aller fremste hallingdansarar deltok, let ein ikkje dansemessige C-moment kome i vegen for teksten og innhaldet. Dansen og musikken var godt tilpassa innhaldet i stykket. Biletet viser heile ensemblet som takkar spelemannen og komponisten for innsatsen. Her kan du sjå fleire bilete frå forestillinga.
 (26/10-03)
Haugtussa Leikarring med vellukka Vikingfest
Olav Tryggvason kom på besøk då Haugtussa Leikarring skipa til Vikingfest ved Thor Heyerdal vg skole. Les meir på heimesidene deira.
 (26/10-03)
Mange deltakarar på Jubileumskappleiken til LfF i Oslo
Laget for Folkemusikk har i mange år hat kappleik i slutten av oktober. I år var kappleiken ein dell av 100-års-jubileet til laget. Det var ei lang rad deltakarar, i sume klassar mellom dei beste i landet som til dømes Tom Løvlie, Jon Anders Halvorsen, Mari Eggen, og  ekteparet Bjørgan. I lagdans deltok ikkje mindre enn 7 lag, og Numedalslaget i Oslo var best slik som i fjor.  Fullstendig resultatliste vil kome her.
 (26/10-03)
Laget for Folkemusikk i Oslo feira 100 år med mykje festivitas
Fredagskvelden 24/10 var det jubileumsfest i den gamle Trikkestallen på Torshov. Først var det konsert der mange kjente folkemusikarar som er medlemer i laget deltok. Etterpå var det jubilumsfest same staden. Her var det mellom anna helsing frå LfS og tale ved Dagne Groven Myhren. På festen var det også plateslepp. "Laget for Folkemusikk i solo og samspel" er namnet på den nye CD'en (sjå biletet) som byggjer på opptak som NRK har gjort. Leiarar for prosjektet har vore Bernt Balchen, Magne Myhren og Niels J. Røine. Plateselskapet Ta:lik har hatt ansvaret for utgjevinga. På CD'en er det i alt 32 spor, og mange av våre beste spelemenn og kvedarar er med her, til dømes Kjetil Løndal, Magne Manheim, Odd Bakkerud, Torleiv Bolstad, Henrik Gjellesvik, Talleiv Røyseland, Reidar Skjelkvåle og Dagne Groven Myhren for å nemne nokre. Meir info om plata her. Laurdag var det jubileumskappleik i BLS-huset. Det var mange daltakarar og høgt nivå i mange klassar. Om kvelden var det Kappleikfest med premieutdeling i Trikkestallen på Torshov.
 (26/10-03)
Vellukka Kvedarseminar i Oslo i september
I midten av september skipa Norsk Kvedarforum til seminar i Oslo. Det vart eit sers vellukka seminar der det var gode lærarkrefter og førelesarar. Det starta med ein konsert med middelalderballader i kjellaren på Oslo Ladegård der 
Sinikka Langeland og Ragnhild Furholt, Ylva Sjaastad og Ingrid Skjerdal deltok. På biletet ser du Sinikka Langeland som også var ein av lærarane på seminaret. Her finn du nokre bilete frå den sers vellukka konserten.
 (19/10-03)
Rff prisen 2003 til Geir Egil Larsen
På representantskapsmøtet i Rådet for Folkemusikk og Folkedans fekk Geir Egil Larsen tildelt årets pris. Han fekk prisen for ein mangeårig innsats for folkedans og folkemusikk. Han er sjølv ein dugande dansar og folkemusikarar, og har vunne mange premiar på kappleikar, særleg  på eldre folkemusikkinstrument som tussefløyte , bukkehorn og seljefløyte. Han har vore mykje nytta som lærar på kurs i folkedans og folkemusikk, og har vore med å registrere gamle folkedansar og har sjølv gjeve ut hefte med songdansar.
 (19/10-03)
Vellukka stildansball på Losby gods 
I mange leikarringar og stildansgrupper er stildans ein populær aktivitet. Og i blant blir det invitert til ball - oftast i staslege former på eit hotell eller liknande. I oktober var det Romerike Stildansgruppe som var verskap for eit stilig ball på gamle Losby Gods i Lørenskog. Det var ca 100 stilige karar og velkledde kvinner som fylte den vakre Meyer-salen på det ombygde godset. Dansarane kom både frå Oslo, Akershus, Hedemark, Buskerud, Oppland, Vestfold og Østfold. "Christiania tour og runddansensemble" sytte for prima musikk til dansane. Som vanleg byrja ballet med fin middag og det var kaffi og kaker i pausen seinare på kvelden. Biletet viser at sminka må kontrollerast under eit slitsamt ball. Her kan du finne nokre bilete frå årets ball på Losby.  
 (19/10-03)
Bergljot Engeset med ny bok om inflyttarmiljøet i Oslo - "Innflyttar"
Bergljot Engeset frå Stranda på Sunnmøre har vore innflyttar i Oslo frå 1960, og har nyleg gjeve ut ei bok om sine erfaringar som innflyttar i hovudstaden. Samtidig er det ei bok som vi i folkemusikk og folkedansmiljøet vil kjenne oss godt att i. Ho skriv mykje om miljøet i bygdelaga, i BLS-huset, i NU, på Sunnmørs-kafeen Gildevangen, i Sunnmøringen, i Leikarringen Symra,  på Kaffistovene og mykje anna. Samtidig gjev ho mange interessante glimt frå tidlegare tider, frå NU- og BLS-miljøet mest. Forteljinga er konsentrert om dei miljøa der ho hadde sitt arbeid, si utdanning og si fritid. Vi får høyre om hennar tid på NU-kontoret, som elev ved Teaterskolen, som tilsett på teatera, som medarbeider i Nynorsk pressekontor, som tilsett i NRK og som frilansjournalist. Alle som ferdast i innflyttarmiljøa bør unne seg gleda å lese boka. Her er mangt å kjenne seg att i og mange morosame og tankevekkjande historier. Boka er utgjeven på Bergljot Engeset sit eige forlag "Norsk kulturformidling" og kostar knapt 300 kroner. Boka kan også kjøpast på BLS-kontoret i Nordahl Brunsgt 22.
 (18/10-03)
Folkemusikk-jazz på Dølajazz på Lillehammer
Lillehammer Storband hadde under ein av konsertane under DølaJazz for nokre dagar sidan drista seg ut på folkemusikk-vegar. Henry Eggen var arrangør og Øystein Rudi solist. Les meir om konserten her.
 
(18/10-03)
Uklart om satsinga på folkemusikk i Troms
Terje Foshaug, som er prosjektleder i Folkemusikk Nord, har skreve brev til Musikk i Tromsø/Fylkeskultursjefen om korleis eit tidlegare vedtak om å opprette ei stilling for folkemusikk skal følgjast opp. Foshaug er misnøgd med utviklinga. Les meir her.
 (18/10-03)
Mari Skeie Ljones inn i Fylkestinget i Oppland
Det har blitt fleire unge kvinner i Fylkestinget, skriv GD. Mellom dei er Mari Skeie Ljones som skal pendle mellom folkemusikklinja på Norges Musikkhøgskole og Ap-benken i fylkestinget. Les meir her.
 (18/10-03)
Laget for Folkemusikk i Oslo feirer 100 år!
Laget er det eldste i Landslaget for Spelemenn, og jubileet blir feira helga 24-26. oktober i Oslo.  Det blir jubileumskonsert (fredag 24/10 kl 19, Trikkestallen på Torshov, Torshovgt 33), jubileumsfest, CD-lansering, Oslokappleik og kappleiksfest i helga 24. til 25. oktober. På konserten fredag deltar kjente namn som 
Reidar Skjelkvåle, Agnes Buen Garnås, Jørn Simenstad, Øyonn Groven Myhren, Anne Røine, Sverre Gjevre, Huldraleiken, Unni Løvlid, Hallgrim Berg. Bindande påmelding til Lene Furuli innan måndag 20. oktober. Telefon 99 160 741. Epost lef@shdir.no. Betaling skjer til konto 0539 18 17202 eller i døra. Info: unni@unni.no  og heimesida til Lff
 (18/10-03)
Sinnika Langeland har konsert i Asker torsdag 23. oktober
Sinnika Langeland og leiande jazzmusikarar som Arve Henriksen, Bjørn Kjellemyr og Pål Tlhowsen har konsert på Kulturlåven, Østre Asker gård, Askerveien 19  i Asker sentrum. Info: Servicetorget tlf 66 90 90 90 og her. 
 (18/10-03)
Larviksjenta Trine Merete Sjølyst yngste i Liljekrans-oppsettinga
Folkedansteateret er i desse dagar i gang med sine oppsetjingar av Olaf Liljekrans av Henrik Ibsen på Ibsen-museet i Oslo. Den yngste i ensemblet er dansaren  Trine Merete Sjølyst. Les meir her.
 (18/10-03)
Askim Leikarring har fylt 25 år
Leikarringen hadde nyleg jubileumsfest, sjølv om talet på medlemer ikkje er større enn 20. I jubileumsåret er Øivind Johansen leiar og Liv Skjolden instruktør. Les meir her.
 (18/10-03)
Songdansseminar  i Troms med bok som mål
I alt 21 kvinner og 6 menn deltok på Songdansseminaret i Tromsø i helga. Målet for seminaret er å gje ut ei ny songdansbok med songdansar frå Nord-Noreg. Det var Leiknemnda i Troms Ungdomsfylking som stod bak prodsjektet. Arbeidet med å ta i bruk songdansar frå Nord-Noreg starta i 1986. Dei som er med i prosjektgruppa er Birgitte Rørvik Bruun, Anne-Berit Heide og Sigurd Johan Heide. Les meir om det her.
 (14/10-03)
Frode Haltli solist på nyskreve stykke for trekkspel i Stavanger
Den kjente trekkspelaren og folkemusikaren Frode Haltli er soslist med Stavanger symfoniorkester i eit nyskreve stykke. Les meir her.
 (10/10-03)
100 år sidan Edvard Grieg utga sine "slåttar"
«Foreløpig står det for meg som en synd å behandle slåttene for klaver. Men den synd kommer jeg dog før eller siden til å begå. Det er for fristende», sa Grieg. Direktør ved Troldhaugen, Erling Dahl jr. skriv eit stykkje i Bergens Tidende om dette jubileet. Les her.
 (10/10-03)
Telemark fokemusikklag vil gjenreise folkemusikken
Telemark Folkemusikklag vil etablere ny giv i folkemusikkmiljøet og rekruttere nye utøvarar. Eit nytt styre er på plass, og alt neste helg, 18. og 19. oktober, trår Fjellrosa spel og danselag på Notodden til med haustkurs i dans og felespel. Les her.

 (10/10-03)
Statsbudsjettet: Ein del men ikkje mykje nye midlar til folkemusikk og dans
Kulturdepartementet hadde lova å satse på folkemusikken og dansen i statsbudsjettet. Det har blitt ein million kroner ekstra til prosjekta Bygda-dansar-Fjordapuls, Den norske folkemusikkscena og Sogn og Fjordane Teaters arbeid med utvikling av folkedans som scenespråk. Sjå her. Norsk Ffolkemusikk og danselag synest det er skuffande lite.
 (10/10-03)
Grotlitreffprisen tildelt nyordføraren Ola Stensgård
Det skjedde på eit fest der dei skulle heidre spelkvinna Torø Hyrve. Les meir her.
 (07/10-03)
SAFFA sitt kurs i november med Finnskogspols utsett til januar
Det blir meldt at det planlagde kurset for spelemenn og dansarar blir i januar og ikkje i november som tidlegare annonsert. 
 (07/10-03)
Framføring av tingingsverk for hardingfele på Osafestivalen og Ultima
Det er Nils Økland, Liv Merete Kroken og Lars Underdal skom skal framføre tingingsverka. Les meir om det her.
 (107/10-03)
Gamaldansklubben Havørn på Jærn har fylt 25 år
Ingen høg alder for eit danselag, men dei feira jubileet med stor fest. Les om det her.
 (07/10-03)
Aslak O. Brimi fekk stipend frå Lom kommune
Den unge felespelaren, som har Hans W. Brimi som bestefar, har utvikla seg snøgt som felespelar dei siste åra. Sstipendet på kr 5000 fekk han på eit tilstelling i Lom nyleg. Meir her.
 (07/10-03)
Fylkeskappleik i Møre og Romsdal med mange unge deltakarar
Romsdal Budstikke forte at godt over halvparten av deltakarane på årets fylkeskappleik er under 26 år. Elles var trekkplasteret på trioen Tindra, med lokal kjendis Jorun Marie Rypdal Kvernberg på laget. Les meir her. Jorun Marie vann i alt tre premiar på kappleiken, og fekk svært høge poengsummar både på fele og hardingfele. Les meir her.
 (07/10-03)
Munnharpefestivalen gjennomført på Sota Sæter i Jotunheimen
Grunnen til at festivalen vart lagt til denne avsides dalen var den tilknytninga som slåtten "Fangjen" har til Sota. Leiar i Norsk Munnharpeforum Svein Westad fortel til GD at det er rundt 100 aktive munnharpespelarar i landet og at siste året har 200-250 gått på kurs i munnharpespel. Meir her.   og les også her.
 (07/10-03)
Også Mona Holm var med i "Kjempesjansen"
Laurdag 4. oktober var ho mellom deltakarane, og gjorde det godt, og fekk publikumsprisen. Men best var Ola Kvernberg, som spela jazz-fiolin, og som også har solid bakgrunn i folkemusikk. Mona Holm spelar torader, og einaste student på Musikkhøgskolen på det instrumentet. Ho har vunne ei rad prisar, melloma anna 8 gull  i NM og sølv i nordisk mesterskap. Ho har gjeve ut to CD'ar og vore med i fleire TV-program. Ho vann i alt ca 60 000 på deltakinga. Noko av pengane blir brukt til Irlands-tur. Meir her.
 
(07/10-03)
Brørne Larsen vann 67000 på kjempesjansen
Gjermund (22) og Einar Olav (24) Larsen vann 6700 i TV-konkurransen Kjempesjansen. Pengane skal dei mellom anna bruke til å reise til Finland for å øve med dei som er med i ei gruppe dei spelar i. Det fortalde Gjermund i siste Folkemusikktimen. Meir her.
 (06/10-03)
"Folkedansteateret" viser "Olav Liljekrans" i oktober
"Folkedansteateret" er ei nokså ny fri teatergruppe i Oslo. I samarbeide med Bondeungdomslaget i Oslo, og Ibsen-museet presenterer dei Olaf Liljekrans av Henrik Ibsen. Dei lagar eit nytt scenespråk bygd på tradisjonell norsk folkedans, song og musikk, der desse tradisjonelle uttrykka er underordna ein scenisk teaterpresentasjon. Olaf Liljekrans er eitt av dei tidlege verka til Ibsen, frå 1856. Ibsen tok utgangspunkt i balladen med same namnet som året før vart gitt ut av Landstad. Mellom dei sentrale aktørane er Sigurd Aae Klausen (skodespelar) som Olav Liljekrans, Camilla Granlien (kvedar) som Alfhild og Martin Myhr (dansar) som Hemming. Det er framsyning kvar dag frå fredag 17. oktober til søndag 26. oktober. Meir info og bilettbestilling.
 (25/9-03)
"Majorstuen" opnar haustsesongen i konsertserien OsloFolk 25. september
Dei dugande musikarane har fått mange prisar på den korte tida dei har vore i sving. Les meir her.
 (24/9-03)
Seljordskappleiken er 4. og 5. oktober
Denne tradisjonsrike kappleiken har eit godt feste i Telemark. Les litt om kva du kan vente deg om du reiser dit.
 (24/9-03)
Bente Ingholm Hemsing vil lage CD frå Valdres
Ho er mor til dei sers dugande ungjentene Hemsing som både spelar folkemsuikk og klassisk. Les meir om kva ho ynskjer med CD'en.
 (24/9-03)
Brørne Larsen skal vere med på "Kjempesjansen" i TV
Dei to dugande felespelarane Einar Olav og Gjermund Larsen skal delta i programmet til Dan Børge Akerø. Det er laurdag 27. september. Einar Olav er no frilancemusikar og Gjermund går på Mussikkhøgskolen.  Les meir her.
 (24/9-03)
Kappspell vart gjennomført på Røros nyleg
Programma derifrå sskal visast i fjernsynet seinare så resultata er vel hemmelege. Men Tønsberg Blad kan melde at deira orkester "Brit Annes'" frå Stokke kom på 7. plass av i alt 9 orkester som deltok i finalen (?). Les her.
 (24/9-03)
Dansen er viktig for eit menneske - står det i avisa Nordland
Så sant som det er sakt. Les artikkelen her.
 (24/9-03)
Rundsnuen danselag i Oslo har haustfest 4. oktober
Gruppa "Over Stok og Steen" spelar, og som vanleg blir det konsert først, så dans og kaffi og kaker. Festane til Rundsnuen i BLS-huset i Oslo er svært populære. Meir info her.
 (24/9-03)
Seminar om dans og musikk "På grensen ...."
I slutten av oktober blir det seminar om danse- og musikktradisjonane i grenseområd mellom Norge og Sverike i sør (Østfold/Akershus). Programmet for seminaret er no klart og du finn det her.
 (24/9-03)
Bandet Tigerlily til "Nordisk Root" festival i Minneapolis
Tigerliy med Elisabeth Vatn i spissen skal delta på festivalen 18-21 oktober. Bandet ga i vår ut ein kriterrost CD. Les meir her.
 (19/9-03)
Lita interesse for "Majorstuen" i Fredrikstad
Då Majorstuen innleia haustsesongen på Etnisk Musikkafe i Fredrikstad var det berre 20 personar som møtte fram. Kulturkonsulent Lise Marie Nilsson er skuffa, fortel ho til Fredrikstad Blad. Meir her.
 (19/9-03)
Mange støttar aksjonen mot mindre "seriøs kultur" i P2
Ballade får nye innlegg som støttar aksjonen for å halde oppe det seriøse preget ved P2. Les meir her.
 (19/9-03)
Selstreffprisen 2003 til Hans H. Holen frå Vågå
Årets selstreffpris gjekk til Hans H. Holen (73 år) for hans lange og solide innsats for folkemusikken som spelemann, tradisjonsbærar og læremeister. Han er æresmedlem både i Landslaget for spelemenn og i Vågå sspel og dansarlag. Les meir om prisvinnaren her.
 (19/9-03)
Informasjon om Mastergradsstudium i dans ligg ute på nettet
Som kjent vert det arbeidd med å få i gang eit mastergradsstudium i folkedans, som eit samarbeid mellom universiteta i Trondheim, Kjøbenhavn og Stockholm. Tanken er at det skal starte våren 2004. Det er ikkje vedteke enno. Her finn du info.
 (19/9-03)
Folkedanspubb også i Tromsø
I haust blir det Folkedanspubb i Tromsø dei første tysdagane i kvar månad på utestedet Halveien. Her kan du lese ei levande skildring frå ei slik dansesamkome.
 (16/9-03)
Artikkel om Sondre Bratland i Aftenpost: Kvedaren fyller 60 år.
Avisa skriv at Bratland gjennom dei 20 siste åra har markert seg som vår fremste mannlege folkesongar. Han har sunge i 600 kyrkjer og har gjeve ut 10 plater og medverka på 25 andre. 
 (11/9-03)
Tradisjonsmusikk på Follo Museum
Også i Follo i Akershus finst det interesse for folkemusikk. Torsdag 11. september er det foredrag om spelemannen Arne Nordskaug frå Kroer. Les meir her.
 (11/9-03)
Klaus Sande frå Vik i Sogn kjem på CD 40 år etter sin død
Klaus Sande (1888-1963) var hardingfelespelemann I 1960-åra gjorde den kjende folkemusikkinnsamlaren Arne Bjørndal ei rekkje opptak av Sande, og i tillegg fins det også ein del opptak i privat eige.  Eit utval av desse opptaka som no blir presentert på cd. Bak plateutgjevinga står prosjektleiar Synnøve S. Bjørset og plateselskapet ta:lik. Les meir her.
 (11/9-03)
Mange støttar kravet om ikkje å redusere folkemusikken i P2
Det er mange som støttar initiativet frå NFD som krev at NRK held opp sine folkemusikksendingar. Mellom dei som uttalar seg er Dagne Groven Myhren, Magnar Sundt og Rolf Wallin.  Men NRK forsvarar seg og hevdar at P2 er ein god kulturkanal. Les meir her
Beitostølen sponsar Øystre Slidre spelemannslag 
'Turistnæringa på Beitostølen støttar sitt lokale spelemannslag. Avtalen er verdt 150 000 kr.  Årsmøtet i Landslaget for Spelemenn (LfS) i 2005 og Landskappleiken i 2006 til Beitostølen skal vere på Beitostølen. Les meir her.
 (11/9-03)
Spennande program på Osafestivalen 10 - 12 oktober
Det er den 13. festivalen og byr mellom anna på nytinga verk, og urframføringar. Dette skjer i samarbeid med Ultima-festivalen i Oslo. Les meir her.
 (9/9-03)
Sinnikka Langeland fekk Edvard-prisen for 2003
Det er Tono som deler ut Edvard-prisen, og blir i år delt ut for fjerde gong. Langeland fekk prisen under   Essens-festivalen i Fredrikstad 24. august. Ho fekk prisen fodr plata "Runoja - Runesanger frå Finnskogen", og prisen vart utdelt av TONOs direktør Cato Strøm ved ein utekonsert på øya Isegran midt i Glomma. Prisen var i klassen "Musikk i grenseland". Det er diplom, 40000 kr og EDVARD- trofeet. Les meir her.
 (9/9-03)
Multi-kulti - ein konsertserie med verdsmusikk startar 12. september
Det blir konsertar kvar 14. dag, og det blir på MS Innvik i Bjørvika i Oslo. Prosjektet er eit samarbeid mellom Samspill og Nordic Black Theatre, og tilbyr den første haustsesongen åtte band og artistar. Først ute er Sing Tabla, som tilbyr norske folketonar, overtonesong og indisk musikk. Les meir her.
 (9/9-03)
Aksjon for NRK P2 som kulturkanal
NRK har endra sendeskjema i haust slik at Folkemusikktimen har mista
reprisesendinga på fredagar. Som erstatning sender P2 ein reprise på ein
halvtime om måndagen. Mot dette har Norsk Folkemusikk og danselag sett i gang ein aksjon, der dei protesterer mot endringa og ber alle sende e-post om saka til kringkastingssjef Bernander og andre leiarar i NRK. Les meir om aksjonen her.
 (09/09-03)
Kvedarseminaret 2003: Song av Mellomalder
Norsk Kvedarforum arrangerer Kvedarforum i Oslo 12 - 14 september. Seminaret set fokus på mellomalderballader i konsert, føredrag, kvedarverkstad (master class) og kurs. Konserten blir på Mellomaldersenteret Oslo Ladegård og seminaret med kvedarverkstad og kurs held til på Asylet på Grønland. På konserten fredag deltar Sinikka Langeland og Ragnhild Furholt, Ylva Sjaastad og Ingrid Skjerdal. Seminaret laurdag har foredrag av professor Olav Solberg (HiT) og professor Gudleiv Bø (UiO) om tematikk og symbolikk i balladene, og av Astrid Nora Ressem (Norsk Visearkiv) og Gro Siri Johansen (Modus). Kurset er ved Unni Løvlid. Meir informasjon ved Jarnfrid Kjøk tlf. 22 69 32 09 (kveldstid)
 (9/9-03)
Stor folkedansfest med Dalakopa i Stavanger 11. oktober
Folkedansfest med DALAKOPA laurdag 11. oktober kl 19:30 i BUL Stavanger, Rektor Oldensgt. 17. Info: auaarflo@online.no 
 (5/9-03)
"Sheep o høy" på Rudi gard 12. - 13 september
Desse dagane blir det eit allsidig program på Rudi Gard i Gudbrandsdalen. Det blir "Rundballrock" fredag, Matmartna med stor auksjon  og seinare på kvelden sauefest på laurdag. Du finn meir her.
 (5/9-03)
Polsdugnad i Risberget fredag 14. november
Denne kvelden blir det rikt høve til å danse pols: Rørospols, ”Polsdans fra Finnskogen”, ”Elverumspols” og ”Gravbergspols”. Det er
Trond Burud som opplyser dette, og han ventar mange spelemenn og dansarar. Info: Telefon: 62421960, eller E-post: ltbtre@online.no Det foregår på Risberget Samfunnshus kl 19. Det blir også gamaldans innimellom polsen.
 (5/9-03)
FolkemusikkPØBBEN i Oslo startar sesongen måndag 15. september 
FolkemusikkPØBBEN held til  på "Prøverøret" på Bør og Børsen i Trondheimsveien 13 måndagar. Dørene åpnar kl 20.00 og konserten starter kl 20.30. Billetter kroner 50,-.Først ute er kvedaren Eli Storbekken.  Programmet for hausten finn du her.  Vi finn også mange andre spennande namn utover som Ingunn Stræte Sørbøen , Andreas Bjørkås (10/11), Jan Beitohaugen Granli (24/11) og Lars Underdal (1/12)
 (5/9-03)
15 nye born på barneleikarringen på Lågendalsmuseet
Leikarringen opplever ein jamn auke i deltakinga frå år til år. Les meir i Lågendalsposten.
 (02/09-03)
Bjerka Gammeldansfestival i Nordland fint gjennomført
Festivalen vart gjennomført for 15. gong, med 30 orkester og bra med publikum. Fredag var det 600 til stades og laurdag minst 850. Les meir i Rana Blad.
 (2/09-03)
Fare for avlysing av Nordisk Polsfestival
Festivalen som skal vere i Melhus 12-13 september står i fare for å bli avlyst, melder arrangørane på heimesida si. Grunnen er at det er langt færre som har meldt seg på kursa enn i fjor. I fjor var det 200 påmeldte og ventelister, medan det i år berre er 75. Dei oppfordrar difor alle som har tenkjt seg til festivalen om å melde frå på forhånd. Siste: Festivalen blir gjennomført med litt justert opplegg. 
  (30/8-03) 
LfF fyller 100 år og gjev ut historisk CD
Laget for Folkemusikk er eit av våre eldste spelemannslag, og fyller i år 100 år, og vil i slutten av oktober ha jubileumskonsert og jubileumskappleik. Dei kjem også med ein CD med opptak frå NRK sitt arkiv, opptak som laget sine medlemer gjennom åra har spela inn. Opplaget blir på 1000, og blir laga i samarbeid med plateselskapet Ta:lik. Les meir om LfF og jubileet her.
 (23/8-03)
Nordisk Polsfestival med kåring av Drømmespellmann
Festivalen blir arrangert i Melhus 12-13. september. I fjor var det Dalakopa som vart Drømmespellmann. Dei som er påmeldt i år kan du finne her. Det er søndre Trondjems Spellmannslag som står bak festivalen.
 (23/8-03)
Over Stok og Steen med ny CD
Folkemusikkgruppa "Over Stok og Steen" slepte den 3. plata si frå låvebrua på Mattisrud for nokre dagar sidan. Gruppa består av løtensokningen Thomas Nilssen og trøndermusikerne Thomas Lomundal, Ronny Kjøsen, Frode Slupphaug og Morten Brattås, og på denne plata er også kvedaren Hege Nylund. Plata har tittelen "Til Almuen". Les meir her.
 (21/8-03)
"Folkedansteateret" har premiere på "Olav Liljekrans"
"Folkedansteateret" er ei nokså nystarta gruppe i Oslo. Gruppa skal ha premiere 17. oktober med eit stykke som er lite brukt: "Olav Liljekrans" av Henrik Ibsen. Det skjer på loftet på Ibsenmuseet kl 18.00. Ssigurd Klausen er ein av dei sentrale bak Folkedansteateret. Meir informasjon: Johan Einar Bjerkem  hernesbj@online.no eller folkedansteater@hotmail.com
 (21/8-03)
Telemarkfestivalen gjennomført med glans også i år
Trass i at det var ein liten nedgang i talet på publikum, i år var det 5500 besøkande, vart festivalen ein suksess. Festivalen har etablert seg som ei fin blanding av norsk og internasjonal folkemusikk, og har vorte ein viktig arena for nyskaping. Om lag 180 artistar var i sving, og nesten 200 deltok på dei 14 ulike kursa. Les meir om festivalen her.
 (20/8-03)
Øystre Slidre spel og dansarlag fyller 60 år med stort program
Laget legg opp til mange ulike tilskipingar utover hausten, Sjå detaljar i "Alt som skjer".
 (20/8-03)
Det blir nytt Isleik  sumaren 2004
For sjette gong blir det nordiske ministemnet Isleik skipa til på Island frå¨25. juni til 2. juli. Det er venta 300 - 400 deltakarar frå heile norden og frå dei baltiske landa. Ein reknar med 50 - 100 deltakarar frå Norge. Vi har fått brev frå Folke Flateland som skriv ein del meir om stemnet. Les brevet her.
 (19/8-03)
Framsyningskappleiken på Folkekulturfestivlen - bør noko endrast?
Framsyningskappleiken på NU-stemna har vore eit omtykt innslag der ulike leikarringar og lag har fått presentere eit 15 minutts program. Innhaldet og forma har endra seg gjennom åra. Vi har fått eit innlegg om kappleiken frå Erik Haugros, etter årets  Framsyningskappleik på Beitostølen. Haugros er ein røynd folkedansar som også har delteke på framsyningskappleik fleire gonger.  Les innlegget hans her.
 (18/8-03)
Mykje folkedans og musikk på Gamle Hvam Museum 17. august
I Akeshus møtest denne dagen ei rad leikarringar og folkedanslag på Gamle Hvamsdagen, kl 11 - 18.  Mellom dei som skal opptre er Lørenskog Toraderi, spelemannslaget De Frilynde, "Delta-kara", "Bakgårdslaget"  og mange leikarringar, mellom dei Peer Gynt, Hunar, Kjerringa med staven, Rakne og Sørum leikarring.
 (13/8-03)
Folkemusikkpubben i Trondheim startar 18. august
Folkemusikkpuben i Trondheim starter måndag 18. august (det 9. året). som vanleg er det 3. måndagen i månaden på POSEPILTEN (Prinsens gate 32). Det startar med 
gruppa Sturla I Andreas som nettopp har gitt ut plate, sjå http://www.2l.no/artists/2L17artist.htm. Neste datoane er 15/9, 15/09, 20/10, 17/11 og 15/12, men artistar er ikkje bestemt enno. 
 (13/8-03)
UngFolk i Seljord med 25 deltakarar på hardingfele og andre instrument
Kurset UngFolk ved Seljord Folkehøgskole har gått av stabelen for første gong. 10 kjente folkemusikarar held kurs for dei unge, fortel kursleiar Tone Jorunn Tveito til Telen. Arrangør er Telemark Folkemusikklag. Les meir her.
 (11/8-03)
Setesdals-kappleiken 2003 med 150 publikumarar
Det var mange lokale delakarar som vart best i dei ulike klassane på kappleiken som gjekk føre seg på Ryssdal. Leiar i Setesdals spelemannslag Sigurd Brokke vart sjølv best i munnharpe senior. Les meir her.
 (11/8-03)
500-600 deltakarar på Folkekulturfestivalen på Beitostølen
Det tradisjonsrike "NU-stemnet" har som kjent fått namnet Folkekulturfestivalen og har fått fast tilhald på Beitostølen. I år var det 500-600 deltakar der. Samtidig med stemnet har Noregs Ungdomslag sitt årsmøte. Ei nyskaping på årets festival er FØS, som står for "Frå øvingsrom til scenegolv", og går ut på å samle  lovande ungdomar innan folkemusikk, folkedans og teater. I løpet av svært kort tid skal dei utarbeide ei forestilling som skal visast på festivalen. Dei har øvt på dette i ei veke og består av fire teaterfolk, fem dansarar og tre musikarar. Instruktørar er Patrik Andersson, Marianne Dahl og Vegar Vårdal.
 (11/8-03) 
Framsyningskappleik med stor breidde på Kulturfestivalen på Beitostølen
Det var ikkje meir enn 4 grupper som var med på Framsyningskappleiken til NU. Best vart BUL Nidaros som viste programmet "Trønderfesten"  som var ein del av ei større forestilling som dei har arbeidd med i lengre tid, med Hill Aina Steffenach som programansvarleg. Dei andre gruppene som deltok var Symra frå Oslo, Ungdomsringen Salten (berre jenter) og BUL Ervingen/BUL i Bergen.  Jentene frå Salten fekk dei to andre prisane, både publikumsprisen og ein ekstrapris frå domarane.  Les meir om Bodø-jentene her. I pausen var det eit programinnslag med folkemusikkgruppa "Fant og fente".
 (11/8-03, endra 20/8-03))
Alkoholforbodet til NU vart oppheva på Beitostølen
Med 105 stemmer for og berre 7 mot vart styret sitt framlegg om ny "akoholpolitikk" i NU vekteken på årsmøtet på Beitostølen. Det betyr at no kan ungdomslaga sjølve bestemme om dei skal servere alkohol på ungdomhusa sine. På sentralt hald skal tilstellingar framleis vere utan alkohol. Den nye lovteksten i paaragraf 13 er slik: "Noregs Ungdomslag skal arbeide aktivt for å skape ein attraktiv, rusfri samværskultur. Alle arrangement på sentralt plan skal vere rusfrie."
 (11/8-03)
CD-en med Jan Beitohaugen Granli til finalen på kortfilmfestival
CD'en frå selskapet Talik, TA5CD,  er komen til finalen i kortfilmfestivalen Zoomin på kontraskjæret ved Akershus festning i Oslo. Filmen blir såleis synt for fleire tusen tilskodarar - og desse er ikkje folkemusikarar! Det fortel Frode Rolandsgård.
 (4/8-03)
Publikumsrekord på Jørn Hilme-stemnet trass i litt dårleg ver
Det var 6000 publikum på dei ulike tilskipingane på stemnet, og det er ny rekord. Leiar for stemnet Anne Marie Aastad Bråten fortel til avisa Valdres at dei er godt nøgd. Torleiv Bolstads minnestipend gjekk til Gudrun Helene Lunde frå Etnedal, mellom anna fordi ho held etnedalsspringaren levande. Ho spelar også hardingfele og er klesdesignar. Øyunn Groven Myhren og Odd Nordstoga reiv folket med seg i "Nivelkinn", og det same gjorde Berit Opheim, Øyonn Groven Myhren og Hallvard Holmen i stykket "Skal - skal ikkje", og Agnes Buen Garnås og Per Anders Buen Garnås med sitt Landstad-program. Jan Beitohaugen Granli vart best i hardingfele klasse A, med Erland Joplassen nummer 2. I spel fele klasse A vart Leif Inge Schølberg best. I spel hardingfele klasse B vart Anders Eikås, Indre Sunnfjord, best, og i B-klassen fele vart Nina Owren Furuli best. I langeleik senior vann Ingvild Lie frå Øystre Slidre, og vokal klasse A Camilla Granlien frå Ringebu spelemannslag. I dans hardingfele kl B vanne Anne Røine og Erik Onstad, og i A-klassen vann Anne-Marit Røn og Knut Bakken. I lausdans klasse A vann Martin Myhr og klasse B Hallgrim Hansegård. Her kan du lese kva avisene skriv om stemnet: Kosmiske stemninger , Oppland Arbeiderblad, Levende og annerledes "Strunkis"konsert. | Avisa Valdres Stemningssterk utstilling | Avisa Nationen Hilmestemnet for 43. gang | Avisa Valdres Blodig bryllaup blir dramatisert på laurdag | Avisa Valdres Briskeøl frå gardsbryggeri
 (4/8-03, 12/8-03)
Dalakopa på TV med Andreas Lunnan "Rundt neste sving"
Dersom du vil få med deg reprisen så kjem den onsdag 13. august. Dalakopa er ei av våre mest særmerkte gamaldansgrupper og har gjeve ut heile 9 CD'ar. Les meir her.
 (2/8-03)
Det manglar enno 2-3 elevar på Fana Folkehøgskole
Det er det som skal til for at lina for europeisk folkemusikk på Fana folkehøgskole skal kome i gang. Tilbodet blir ope fram til skulestart 24. august seier hovudlærar på linja, Olav Tveitane. Les meir her.
 (2/8-03)
Arne Viken og Anders Viken nyutgitt på CD i serien "Music from Norway"
For ei tid sidan kom Arne Viken med ein CD på EMI. Plata som heiter "Jølsterblomen" inneheld dei to tidlegare LP-platene han har gitt ut:  «Danser fra Jølster» frå 1967 og «Slik jeg lærte det » fra 1980. I same serien har det også kome ei plate med gamle NRK-opptak av Anders Viken. CDen inneheld 32 melodiar på solofiolin eller hardingfele, av i alt 183 innspelingar som Anders Viken gjorde i NRK.  CDen har fått navnet  «Sommarkveld i Jølster». Les meir her.
 (2/8-03)
Boka til Unni Løvlid "So ro liten tull" er komen
Boka hører til den CD'en som kom for ei tid sidan. Ho kjem på Lyche musikkforlag og kan kjøpast her. Les meir om boka her.
 (2/8-03)
Marit Mattisgaard sin nye kvedar-CD vel motteken
Vi har fått melding om at den nye CD'en  på selskapet talik som vart slept under Hilme-stemnet er vel verdt å kjøpe.  "Tre ord te de" heiter CD'en og inneheld bånsullar, lokkar, låttestev, dyreviser og skjemteballader. Det vekslar mellom solo song og song med tonefølgje av langeleik, munnhorpe, fele, fløyte og trekkspel.
"Tre ord te de" passar for store og små. Les også her.
  (2/8-03)
Utsikt til hovudfag i dans ved NTNU frå våren 2004
Frå Birgitte Rørvik Bruun har vi fått melding om at det truleg blir oppstart med masterstudium (hovudfag) i dans frå våren 2004 ved NTNU i Trondheim. NTNU har godkjent oppstart av studiet, så no må det utarbeidast studieplanar etc. Studiet blir eit nordisk samarbeidsprosjekt mellom Norge, Sverige og Danmark. Det
ser dermed ut til å bli samlingar i alle tre landa. 
 (23/7-03) (retta 1/8-03)
Nordleik 2006 blir i Gøteborg 25 - 30 juli
Neste Nordleik blir i Gøteborg, med Ungdomsringen i Gøteborg som tekniske arrangører. Dette er ein organisasjon av 12 lokallag i Gøteborg-området. Gøteborg var også arrangør for Nordleik i 1982, og det er 12. gongen at nordisk stemne blir lagt til Sverike. Les meir om dette her. Nordleik er som kjent det store nordiske stemnet av frilynde ungdomslag/leikarringar som blir arrangert kvart 3. år i byrjinga av juli.  I 12006 blir det seint i juli 25-30. Det går på rundgang mellom dei nordiske landa, og  normalt samlar det 5000 -7000 deltakarar. 
 (22/7-03) 
Nye heiderslagsmedlemer i LfS: Svein Skjerdal og Birgit Rike Lund
Under Landskappleiken på Gjøvik var Svein Skjerdal frå Sogn og Birgit Rike Lund frå Setesdal utnemde til heiderslagsmedlemer i Landslaget for Spelemenn. 
Skjerdal er fødd i 1932 i Aurland, men har sidan 1964 budd i Sogndal. Han har lagt ned eit stort arbeid som spelemann, dansar, organisasjonsmann, domar og programleiar. Han var mellom anna med då Sogn Spelemannslag vart skipa, og var 26 år leiar der, sidan 13 år som nestleiar. Han vart også første leiaren då Sogn og Fjordane folkemusikklag vart skipa i 1981. Han har også vore med i styret i LfS. 
Birgit Rike Lund er frå Valle, fødd i 1925, og har sidan 1952 budd i Vanse ved Farsund. Ho er ein framifrå kvedar, tradisjonsberar og formidlar. Mykje av songen sin har ho etter bestefaren Kjetil O. Rike. Har vore knytt til Ole Bull Akademiet, og ga i 1998 ut CD'en "Rosor Raude".
 (22/7-03)
Aftenposten: Vil ikkje Notodden ha Per Ung-statue av Myllarguten?
Tor Arne Uppstrøm, som opprinneleg kjem frå Notodden, har tilbode heimbyen Notodden ei stor statue av Myllarguten verdt minst 1 mill. kroner. Statua er laga i utkast av kunstnaren Per Ung, men Notodden ser ikkje ut til å ville motta gåva. Statuen skulle inngå i ein omstridd Myllargutpark, skriv Aftenposten.
 (21/7-03)
Den 12. Riddu Riddu-festivalen avvikla i Manndalen i Troms
Festivalen byr på mange musikalske innslag frå mange land, medrekna Gåte frå Norge. I alt var det ca 2000 betalande tilsodarar, og tilskiparane reknar med økonomisk balanse. I år hadde festivalen også eit film-program.
 (21/7-03)
Gruppa "Husk" med CD  med musikk frå Sør-Trøndelag
Gruppa Husk held til i Oslo-området, men spelar mest tradisjonsmusikk frå Trøndelagsfylka, særleg Ålen og Hessdalen. Det er felespelaren i gammaldansorkesteret Åsmund Svenkerud som er frå Ålen. Her finn du meir info om gruppa og den nye CD'en. CD'en kom i juni i år.
 (21/7-03) 
Småjondølene skal også til Telemarkfestivalen
Småjondølene har 70 medlemer i ei bygd på 450. På Landskappleiken på Gjøvik vart dei best i lagdans både i senior og junior. No står Telemarkfestivalen for tur. Les meir i Telen.
 (21/7-03)
Hallvard Bjørgum med ny CD med mange ulike medmusikantar
Den nye plata heiter "Free Field" og kjem ut på hans eige selskap "Sylvartun". Av dei som er med på plate finn vi kjente norske namn som Kirsten Bråten Berg og Jonas Fjeld, og mange kjente utanlandske namn, til dømes Blondie Chaplin som nå spelar i The Rolling Stones. Les meir om plata her.
 (21/7-03)
Susanne Lundeng også på riksdekkande tysk radio
Susanne Lundeng med musikarar har vore på turne i Tyskland, og hadde konsert 8 stader. Les meir om den vellukka turneen her.
 (21/7-03)
Bærum spelemannslag møtt med trampeklapp på Island
Laget har vore på turne på Island, og Bærum Budstikke kan melde om ei vellukka ferd. Les her.
 (21/7-03)
Nesten 600 opplevde "Huldrenatt" i Tolga
Tone Hulbækmo og over 50 andre aktørar laga ei spesiell oppleving for eit lydhørt publikum, ute i naturen - inne i skogen. Les meir om forestillinga her.
 (21/7-03)
Det 43. Jørn Hilme stemnet er i gang
Dette stemnet er no blitt ein av dei største festivalane i landet innan folkemusikk og dans. Som før er det ei fin blanding av kappleik, konsertar, kurs og kulturarrangement. Sven Nyhus kvartett spelar til dans. Det er i alt 18 konsertar med mange kjente utøvarar. Meisterklassen i folkedans er for dei dansarane som vil utvikle folkedansen som scenespråk. Instruktører er Leif Stinnerbomog Ingar Ranheim. Det skal munne ut i ei forestilling om det dramatiske bryllupet på Dale i Valdres i 1823. Les meir her. og på festivalen sine nettsider.
 (21/7-03)
Mykje gull til Gudbrandsdalen under Landsfestivalen på Otta
Gudbrandsdølane sikra seg 4 av 7 gull under festivalen. Festivalen vart vellukka - det var over 6000 løyste billettar og økonomisk eit godt resultat trass i konkurranse frå Dansefestivalen på Nord-Sel. Les meir om Landsfestivalen i GD  og her.
Resultata frå Landsfestivalen 2003
Alle resultata finn du her. I lagspel dominerer Gudbrandsdalen resultatlista med Vågå Spelemannslag først, føre Lom og Heidal. I klassen Grupper vart "Over Stok og Steen" (Hamar) best føre "Nye Ringnesin" frå Vågå og "Nordafjells" frå Oppdal. I Open klasse vann "Krøklun" frå Sør-Fron. I Solo durspel/torader for senior vann Tom Berg (Sørskogsbygda) føre Øyvind Sandum (Lalm) og Tom Kjetil Tørstad (Ryfoss). I solo "Andre instrument" vart Thomas Nilssen (Løten) best føre Trond Åsmund Svenkerud (Lier)  og Even Røhjell (Oppdal).
 (21/7-03)
Nivelkinn i Møllarstugu
Øyunn Groven Myhren og Odd Nordstoga skal vise sitt Nivelkinn-program i Møllarstogo på Akkerhaugen 24. juli. Les kva Telen skriv om dei to.
 (21/7-03)
Steinar Ofsdal med konsert på si barndoms øy
På Søndre Sandøy på Hvaler har Ofsdal hatt konsert på Online Cafe. Her var bestefar hans lærar i mange år. Les kva Fredrikstad Blad skriv om Steinar Ofsdal.
 (21/7-03)
Resultata frå Titanofestivalen - Turtums frå Vågå til topps
Titanofestivalen har no ein meir reindyrka gamaldansprofil, og det har ført til at ein del av det tradisjonelle publikumet har blitt borte, fortel festivalsjef Kristin Nustad i Peer Gynt Arrangement. Her kan du finne alle reslutata frå festivalen.
 (21/7-03)
Folkedans er populært blant turistane i Stavanger
Vi les i Aftenbladet at i sumar er 40 dansarar frå Bjerkrheim-ringen engasjert til å danse på hotella i Stavanger - to dager i veka. Stort sett er det snakk om tyske turistar. Odd Vegard Nedrebø er drivkrafta i laget. Les meir her.
 (21/7-03)
Plateselskapet Ta:lik med 3 CD'ar i sumar
Det unge plateselskapet Ta:lik i Valdres gjev i sumar ut 3 CD'ar, nr 5, 6 og 7 i rekkja. Den første,  der Jan Beitohaugen Granli spelar, vart sleppt under stor jubel på Landskappleiken. Det var første plata til Ta:lik med studio-opptak, og CD'en inneheld også ein dansevideo. Dei to andre CD'ane blir slept under Jørn Hilme stemnet. Den eine er arkivopptak med Ola Grihamar d.e. frå Vang i Valdres, og den andre er ei kvedarplate med Marit Mattisgard (solo og samspel). Meir info og lydeksempel finn du på www.talik.no.
(21/7-03)
Norsk folkedans/musikk-gruppe med premiere i Næstved: "fant & fente"
Ei norsk folklore-gruppe hadde premiere på programmet sitt under Nordlek 2003 i Næstved. Gruppa består av 4 dansarar frå Oslo - alle jenter i 20-åra: Marianne Dahl, Torill Schinstad, Stine Skoglund og Ina Cyrus, og 3 spelemenn Vegar Vårdal, Vidar Skrede og Benjamin Kehlet. Dei kallar seg "fant & fente". Programmet deira var ein del av forestillinga "Nordisk Folklore" - der dei alternerte med Leikarringen Symra. Både dansen og musikken til "fant & fente" vart svært godt motteke av publikum.
 (14/7-03)
Norsk deltakar Werner Dyås - eit spesielt gjensyn med Næstved etter 58 år
Ein av dei norske deltakarane i Nordlek 2003 møtte Næstved etter 58 år. Werner Dyås er 69 år gamal, og vart sendt til Næstved i Danmark som 11-åring etter krigen, der han budde hjå ei dansk familie i 5 veker. Han var ein av dei frå Oslo som kom til Danmark på "mat-ferie" etter magre krigsår. Werner Dyås tok kontakt med Næstved-bladet og det vart intervju og bilete i avisa, på same viset som den gongen i 1945. Werner Dyås og kona Sidsel er svært aktive folkedansarar i Leikarringen Symra i Oslo - to av dei 40 deltakarane frå Symra på årets stemne.
 (14/7-03) 
Nordlek 2003 i Næstved vart eit svært vellukka nordisk stemne
Frå opninga på tysdag på Stadion til avslutninga med fyrvekeri laurdagsnatta var det fint og passe varmt ver. Arrangementet vart avvikla på ein svært fin måte, det var gode lokale og det tekniske utstyret fungerte fint. Overalt møtte ein vennleg dansk gjestfriheit. Totalt var det 4603 påmeldte deltakarar på stemnet - ein god del mindre enn for ein del år sidan. Frå Norge var det ikkje meir enn  409 - det kunne godt ha vore langt fleire. Frå Sverike 868, frå Finland 844 og frå vertslandet Danmark 2142, frå Færøyane 71, 9 frå Island og 35 frå Åland. Dessutan var det deltakarar frå mange andre land som Australia, Canada, USA, Sveits, Tyskland, Nederland og Sjetland. Gjennomsnittsalderen var på heile 51 år - men ungdomar alle saman! Her kan du sjå ein del bilete frå stemnet. Fleire bilete kjem snart.
 (14/3-03)
Det var 27000 på Førdefestivalen - noko mindre enn toppåret 2002
Førdefestivalen vart også i år ei stor oppleving for mange. 240 artistar frå 4 kontinent deltok. Bjørkum peikar også på unge norske grupper som fekk vist seg fram - slik som Majorstuen, Flukt og Trispann. Publikum i Førde vil nok heilt sikkert hugse Senge frå Madagaskar og trommegruppa Badenya les frères Coulibaly frå Burkina Faso. Polske Swoja Droga fekk også sine tilhengarar.
 (14/7-03)
Lensmannen bør arrestere omstreifande spelemenn!
"Gåte" har vore i Farsund og møtt med stor begreistring. No diggar ungdomen norsk folkemusikk, skriv Farsund Avis. Les meir her om konserten i Pakkhuset.
 (14/7-03)
Jan Lothe Eriksen i NFD: Førde bør revurdere søknaden
Leiaren i Norsk Folkemusikk og Danselag Jan Lothe Eriksen likar dårleg Førde-søknaden om eit nasjonalt folkedusikk og danse senter (sjå nedanfor). Han viser til at det har vore arbeidd ei tid med eit slikt senter i Oslo, og meiner det er urealistisk med to sentra i Noreg. Hilde Bjørkum svarar at dei ikkje tenkjer å trekkje søknaden, og meiner det er naturleg at eit slikt senter ligg i distrikta. Les meir her.
 (14/7-03)
Folkemusikk og dans vil bli viktig i den nye kulturmeldinga
Statssekretær Yngve Sletholm fortel at dette feltet vil få den breiaste omtalen av alle sjangrane i den nye kulturmeldinga. Les meir her.
 (14/7-03)
Planar om Nasjonalt Utviklingssenter for scenisk Folkedans og Folkemusikkformidling i Førde
Tre institusjonar i Sogn og Fjordane - Sogn og Fjordane Teater, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Sogn og Fjordane fylkeskommune går nye vegar. Saman vil dei utvikle eit nasjonalt kompetanse- og utviklingssenter for scenisk folkedans og folkemusikkformidling i Førde. Prosjektet har eit årleg budsjett på 5 mill. kroner, og dei 3 partane har søkt Kulturdepartementet om ei årleg bidrag på 3,1 mill. Ein tenkjer seg at prosjektet engasjerer to aspirantstillingar og to meir røynde utøvarar innan dansefeltet. Aldersgruppe for aspirantstillingane er tenkt frå 18 til 30 år, og stillingane skal vere opne for søkarar frå heile landet. Dette fortel dei i ei pressemelding.
 (14/7-03)
Det var få Ungdomspass som vart seldt på Førdefestivalen
Ei ny ordning i år, for å auke interessa mellom ungdomen, var Ungdomspasset. Men det vart seldt berre 80 slike. Likevel meiner leiar Hilde Bjørkum at det er ein myte at det er få ungdomar på festivalen. Les meir her.
 (14/7-03)
Mange radiostasjonar i Europa vil sende frå Førdefestivalen
Det er klart at 20 radiostasjonar tilknytta EBU vil sende opptak med alle dei 16 artistane som vart tekne opp. Mellom desse er berre Majorstuen frå Noreg. Festivalleiar Hilde Bjørkum er svært godt nøgd med dette, som ho reknar med blir god reklame for festivalen. Les meir her.
 (14/7-03)
Mange nye A-klassingar i dans men få i spel og vokalt etter Landskappleiken
I spel var det bebbe Aslak Brimi (fele) som vart ny A-klassing og i vokalt Tone Jorun Tveito. Men i dans fele var det 4 nye A-klassingar og i dans hardingfele heile 9 nye. Sjå heile lista her.
 (14/7-03)
Bjørn Turtums  norgesmester i gammeldans på Titanofestivalen
Titanofestivalen på Vinstra vart avvikla på tradisjonelt vis. Bjørn Turtums frå Vågå/Lom vart norgesmeister i gamaladsnsorkester. Det er 16 år sidan sist dei deltok på Titano. Les meir her.
   (14/7-03)
Knut Buen med rock og jazz
Knut Buen har ein aktiv sumar. Nyss var han på Roskilde festivalen der han spela med Gåte. No skal han til Kalvøyafestivalen der han opptrer saman med Ytre Suløens. Seinare skal han til USA der han skal delta i program med Ytre Suløens og SKRUK. Tidlegare har han også speela saman med pop-bandet DDE. Buen fortel til Telemark Arbeiderblad at det er moro både med pop og jazz. Les meir her.
 (14/7-03)
1300 på opningskonserten på Førdefestivalen
Utanriksminister Jan Petersen opna konserten, som gav eit breitt tverrsnitt av den musikken ein kan oppleve på festivalen. Mellom artistane var den gode afganske gruppa Ensemble Kabul, og norske Per Sæmund Bjørkum og Kåre Nordstoga. Også Pubben Columbi Egg samla mykje folk. Les meir her.
 (4/7-03)
NM på trekkspel i Tromsø vel gjennomført
Nordlandsgruppa Hilmars fra Remma stakk av med den gjeveste prisen under NM på trekkspill i Tromsø. Gruppa vart kåret til landets beste gamaldansgruppe under avslutningea av NM. Her finn du alle resultata.
 (2/7-03)
Bruvoll/Halvorsen på mange festivalar i Tyskland
I juli vil tysk publikum kunne høyre dei på  festivalar i   Rudolstadt 5.- 6. juli,   Badentreffen 25. juli, Nûrenberg 26. juli,   Flensburg 27. juli. Halvorsen var også med i eit BBC program i februar. Les meir her. 
 (2/7-03)
Dei mange artistane er på plass i Førde
Til saman blir det 240 artistar frå 25 land som skal opptre i Førde på dei 3-4 festivaldagane. I år er Festivalen også vertskap for the 24. EBU festival for folk & traditional music. På scena i kinosalen er det prøver på danseframsyninga "Den som rulla’ ette’ golvé", som har premiere fredag kveld. Martin Myhr og Hæge Manheim dreg i spakane og tolv av landets beste dansarar og folkemusikarar legg seg i selen for å presentere historia om den norske bygdedansen på ein ny måte i dette ganske stuntaktige prosjektet i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater. Les meir her.
 (2/7-03)
Sven  Nyhus vart tildelt Haugerudmedaljen under Landskappleiken på Gjøvik
For første gong på mange år vart nokon tildelt Haugerudmedaljen. Det var Sven Nyhus, som fekk den høgthengande medaljen for sitt store og verdfulle arbeid for norsk folkemusikk.
 (27/6-03)
Leiar i LfS Randi Skeie fylte 50 år på Landskappleikens siste dag
På Meisterkonserten søndag vart det markert at leiaren i LfS Randi Skeie fylte 50 år. Ho fekk overrekt blomar og salen song "bursdagssongen".
 (27/6-03)
Landskappleiken 2003 gjennomført med stil på Gjøvik
Arrangementet vart avvikla på ein framifrå måte. Det var gode lokalitetar både for deltakarar og publikum - både i storstua Fjellhallen, i Gjøvikhallen og i samfunnssalen. Det var mange fine tevlingar. Per Anders Buen Garnås vart bestemann i finalespelet på hardingfele og Astrid Sulheim på vanleg fele. Beste poengsum på vanleg fele gjekk likevel til bestemann i B-klassen ungguten Andreas Bjørkås frå Oppdal. Kongepokalen gjekk til beste dansepar i vanleg fele, og det vart Anne-Grete og Rolf Bjørgan med springleik frå Folldal (sjå biletet). Best i lausdans klasse A vart Tom Løvli. Vinnar i dans  hardingfele klasse A vart Arvid Sperrud og Rannveig Bakke med Telespringar.  Her finn du alle tevlingsresultataHer kan du sjå mange bilete frå Landskappleiken.
 (29/6-03)
Unni Løvlid lanserer første boka si "So ro liten tull" under Førdefestivalen
Boka er ei vidareføring av ein CD med same tittel, som kom ut i 1999. Her finn vi notar, tekst og historier og opplysningar om dei ulike songane. Det er Førdefestivalen som skriv dette i ei pressemelding.
 (27/6-03)

Mykje å høre i NRK frå Landskappleiken
I kveld, onsdag, startar Landskappleiken. For dei som ikkje får vere til stades er det mykje å høre på NRK. Ikkje minst blir det mykje å høyre/sjå på Internett. Les meir om det her. Les også kva GD skriv om Laandskappleiken.
 (26/6-03)

"Raulandsstudentane" markerer seg på Telemarkfestivalen også i år
Dette var ein av konsertane på festivalen i fjor, og blir det også i år. Dei som deltar er Ottar Kåsa frå Vinje, Astrid Sulheim og Aslak Brimi frå Lom og Linda Gytri frå Sunnfjord - unge lovande folkemusikarar alle fire. Les meir her.
 (26/6-03)
Jorun Marie Kvernberg har fått Øyvind Berghs minnepris
Ho spelar som kjent i Majorstuen og går på Musikkhøgskulen og kjem frå Romsdal. Les meir her. Den første som fekk prisen var Annbjørg Lien i 1989.
 (26/6-03)
Oslopuls har intervjua Hornaas Musikk i Oslo
Sidan 1908 har Hornaas Musikk A/S halde til i Storgata 43. Dette er ein samlingsstad for dei som er interesserte i strykeinstrument og i trekkspel. Les meir om forretninga her.
 (26/6-03)
Yngvild (12 år) vil forsvare sitt 2 gull frå i fjor på trekkspel-NM i Tromsø
Yngvild Haaland Ruud frå Bærum er svært dugande på trekkspel, og Bærum Budstikke har intervjua jenta og spelelæraren hennar på Asker Private Musikkskole. Les meir her.
 (26/6-03)
Ragnhild Knutsen leiar i Norsk Folkemusikklag
Dei har nyleg hatt årsmøte, og fått kr 50000 til sekretærstillinga, som blir Silje Sølvberg ved Rff. Hans-Hinrich Thedens er nestleiar/redaktør og i styret er også Olav Sæta, Bodil Haug og Wigdis Espeland. Laget har planar om å leggje alle artiklane i årsskriftet til laget (frå 1983) ut på internett.
 (25/6-03)
Mange har søkt på opplæringstilbodet Norsk Folkelig Dans
Påmeldingsfristen har gått ut, og til saman har 44 søkjarar meldt seg på dette nye studietilbodet med 18 studieplassar. Mellom søkjarane er det god spreiing både geografisk og aldersmessig. Det er også utanlandske søkjarar. Vegar Vårdal har hovudansvaret for tiltaket.
 (24/6-03)
Også Odd Roger Enoksen skal delta i trekkspel-NM 25 -29 juni
Den tidlegare leiaren i Senterpartiet skal delta i NM i Tromsø, i Bærum Trekkspillklubb, i kategoriane gamaldans og underhaldning. Les om det her. Her kan du også lese om meisterskapet.
 (23/6-03)
To store festivalar kolliderer i Sel i juli
Laandsfestivalen for Gammaldansmusikk og Dansefestivalen i Nord-Sel kolliderer i år i midten av juli. Det er to spelemannsvener, Arne Grindstuen og Øystein Ulen, som er leiarar for kvar sin festival. Stor påmelding til begge festivalane tyder på at dei to festivalane styrkjer kvarandre. Les meir her.
 (23/6-03)
Mange unge og gamle øver i Bærum Spellemannslag
Bærum Budstikke har vore på øving i spellemannslaget når dei øver på Snarøya utanfor Oslo. Dei øver mellom anna til ein festival på Island. Les meir om det her.
 (23/6-03)
Odd Are Berkaak skal utgreie Folkemusikkens hus
Det er NFD som har engasjert professor Berkaak til å utrede forprosjektet med Folkemusikkens og dansens hus i Oslo. Berkaak er sosialantropolog ved Universitetet i Oslo. Utredningsarbeidet er støtta av Musikkverkstedordningen og Norsk kulturråd. Les meir her.
 (23/6-03)
Anne Hytta ny redaktør i medlemsbladet "Kvinten"
Kvinten er som kjent medlemsbladet til Norsk folkemusikk og danselag, og Anne Hytta har teke over redaktøransvaret etter Tore Skaug. Anne Hytta er A-spelemann på hardingfele, 28 år og bur i Oslo, sambuar med Javid som kjem frå Esfahan i Iran. Ho har studert ulike fag, historie, etnologi, musikk storfag, journalistikk, og gjekk i åra 2000 -2002 på spelemannsskulen på Voss med Knut Buen som lærar. Les meir her.
 (23/6-03)
Startlista over deltakarane på Landsfestivalen er no frigitt
Landsfestivalen i gamaldansmusikk er som kjent på Otta 16-20 juli. Her finn du startlista over alle deltatarane.
 (23/6-03)
NRK avsannar mange rykter om Kappspell
Etter mykje rykter om fusk og manipulering, svarar produksjonsleiar Gunn Sølvi Gausemel på dei mange skuldingane, som ho meiner er fullstendig grunnlause. Les meir her.
 (23/6-03)
Landskappleiken er snart igang - det startar onsdag 25. juni
På Gjøvik er det meste klart til Landskappleiken. Det blir totalt ca 1700 deltakarar, og mange tevlingar og konsertar. Det vert avslutta med meisterkonserten på søndag. Les meir her. Sjå også heimesida til Landskappleiken.
 (23/6-03)
Sigmund Fuglevaag årets aurgjelding 2002
Under Nordvesttreffen i Aure vart trekkspelentusiasten og eldsjela Sigmund Fuglevaag denne utmerkinga. Les meir her.
 (21/6-03)
Ola Berge og Unni Boksasp fra Tinn har fått trillingar
Folkemusikarane og sambuarane Ola Berge og Unni Boksasp har fått trillingar. Dermed har han også teke permisjon ei tid frå stillinga i NFD, og ho måtte utsetje opplæringa si i Stockholm. Dei har fått gåver til trillingane frå Celina Middelfart og Kjell Inge Røkke! Les meir her.
 (21/6-03)
Leiv Solberg om norsk folkemusikk
"Det viktigaste som ikkje skjer i norsk folkemusikk er at folkemusikken ikkje har ein sjølvsagt plass i norsk fjernsyn". Det seier han i eit intervju i Årbok for norsk folkemusikk. Han fortel elles at dei arbeider med eit TV-program om om hardingfela som ein del av ein serie i EBU-regi om verdsmusikk som skal sendast i 2004. Les meir her.
 (21/6-03)
"Årbok for norsk Folkemusikk 2003" er komen
Det er NFD som gjev ut årboka, som kjem i 12. årgang. Igjen er det mange spennande og opplysande artiklar om norsk folkemusikk. Bjørn aksdal skriv om felemakaren Erik Johnsen Helland, Bjarne Bratås om Slåttenamn i Numedal, Torleif Trykkerud om Lans Fykerud, redaktøren Tore Skaug har intervjua Leiv Solberg, Jon Faukstad om trekkspelmusikken i Gudbrandsdalen og Dagne Groven Myhren om Nasjonalromantikk og folkemusikk.
 (21/6-03)
Førdefestivalen: Kathryn Tickell til Førde og til Kongsberg
Kathlyn Tickell er ein kjent engelsk sekkepipevirtuos. Ho skal delta på Folkemusikk-festivalen i Førde, men skal også spele med Brazz Brothers på Kongsberg Jazz festival. Les meir her.

 (21/6-03)
Norsk Kvedarforum med Seminar i Oslo 12. -14. september
Norsk Kvedarforum skipar til kvedarseminar i Oslo 12.-14. september 2003. Fokus på mellomalderballader gjennom konsert, føredrag og kvedarverkstad (master class). Konserten blir på Oslo Ladegård og seminaret går av stabelen på Asylet på Grønland. Tone Hulbækmo, Sinikka Langeland og Ragnhild Furholt vil medverke, likeeins Unni Løvlid, Olav Solberg, Gudleiv Bø, Gro Siri Johansen og Astrid Nora Ressem. Påmeldingsfrist 1. aug. Info: Ingvild Marit Garnås, tlf  99 25 83 91.
 (20/6-03)
Sommerrevyen på Rudi Gard har hatt premiære
Les meir om det  i Dølen.
 (17/6-03)
Hallgrim Berg om CD'en til Knut Heddis Minne:
"Det er hittil ikkje gjeve ut så dristugt og krevjande samspell på hardingfele her i landet." Det skriv han om den nye CD'en "Lea deg". I dette spelemannslaget frå Setesdal detar desse: Monika Antun, Osterøy; Harald B. Knutsen og Herbjørn Liahagen, Hallingdal; Marton Laksesvela, Bjerkreim/Rysstad; Knut Breievegen, Bykle og Daniel Sanden-Warg, Karlstad/Rysstad. Les meir her. 
 (17/6-03)
190 deltakarar frå 11 barneleikarringar på "Vårleiken" i Kongsberg
Det er barneleikarringen i BUL Kongsberg som står som arrangør av Vårleiken. Les meir her.
 (17/6-03)
Hilde Bjørkum intervjua av Spelemannsbladet
Bjørkum er leiar for Folkemusikkfestivalen i Førde, men sit også i Fagutvalet for musikk i Norsk kulturråd og Utanriksdepartementet sitt utval for profesjonelle folkemusikkprosjekt i utlandet. Ho synest det er for få som sender inn søknader om prosjekt som det offentlege gjev stønad til. Les meir her.
 (17/6-03) 
Tove Hagen frå Rendalen vart Glomdalsbrur på Bunnmuseet i Rendalen
Både ho og brudgommen storelvdølen Lars Espen Rath Vestad er frå Østerdølenes lag i Oslo, og har solid utdanning innan folkemusikk. Les meir her.
 (17/6-03)
Homse-leikarringen Drengeleik fekk stort intervju i Aftenposten
I leikarringen Drengeleik er det berre karar som dansar. Normalt øver dei annankvar tysdag i Nordahl Brunsgt 22, men no øver dei ekstra fram til "Skeive dagar" på Rådhusplassen i Oslo. Jan Heier er rettleiar. Les meir her.
 (17/6-03)
Blåmann Blåmann med "avskjedskonsert" i Berget det blå
Den suksessrike gruppa Blåmann Blåmann tar pause eit tid. Dei fire ungdomane frå Vinje har spela på eir rad festivalar og konsertar og gjeve ut plate, og dei lovar å kome att når dei har fornya seg. Ei tid frametter er dei engasjert i ulike ting kvar for seg. Les meir her.
 (17/6-03)
Gild konsert på garden til Magnhild og Erik Almhjell på Tingvoll
Åkerfallet er namnet på garden der ekteparet og folkemusikarane Magnhild og Erik Almhjell budde. Nyleg var det konsert der, mellom andre deltok Ferdafolk frå Sunnmøre. Les meir her.
 (17/06-03)
Strålande ver på BLS sitt jubileumsstemne på Folkemuseet i Oslo
Bygdelagssamskipnaden i Oslo fyller i år 80 år. Dette vart også markert på Bygdelagsstemnet på Folkemuseet søndag 15. juni 2003. Som vanleg opna stemnet med tog til amfiteateret der barnelaga i BLS og BUL synte fram mange dansar. Seinare på dagen var dei vaksne danselaga i aksjon og viste dans i fleire ulike tun. Bygdelagskoret var også i aksjon. Folkedans for alle vart det også. Nokre bilete frå stemnet kjem seinare.
 (15/6-03)
Fint Stildansball på Sundvolden Hotel 14. juni 2003
Ca 100 deltakarar var det på ballet til Kvadriljetten i Drammen. Christiania Tour og Runddansensemble sytte for fin musikk. Her finn du nokre bilete frå ballet.
 (15/6-03)
NFD søkjer etter to medarbeidarar
Den eine stillinga er eit vikariat: Formidling av utøvarar og tilrettelegging av program for oppdragsgjevarar, samt å ivareta og utvikle kontakt med potensielle arrangørar. Den andre er ei 50% stilling er også eit vikariat. Les meir om stillingane her.
 (11/06-03)
Alt er klart for Nordvesttreffen
For 8. gong går han av stabelen - trekkspeltrettet på Nordvestlandet. Denne gongen på Nordmøre. Les meir om det her.
 (11/06-03)
Intervju med Eggen og Høye i Vårt Land
Du kan lese intervjuet her. Dei to ga som kjent ut ein ny CD for ein månads tid sidan.
 (11/06-03)
NFD har samla informasjon om Bryggenspela i Bergen
Dei har laga ei fin side om det viktige som skjedde på folkemusikkfronten i Bergen under Festspela. Her finn du det.
 (11/06-03)
Jan Beitohaugen Granli vart årets Fanitull under Folkemusikkdagane på Ål
Han fekk dermed kr 15000 av dei 30000 premiekronene, og napp i vandrepokalen. På andre plass kom Vegard Vårdal og på tredje Per Anders Buen Garnås. I finalen var også fjorårsvinnaren  Øyvind Brabant og Daniel Sandem Warg.  
 (3/6-03)
Mari Boine fekk Nordisk Musikkpris for 2003
I Kjøpenhavn vart det i dag gjort kjent at den kjente samiske songaren Mari Boine vart tildelt den gjeve prisen, som er på 35 000 danske kroner, for sin mangeårige innsats for samisk kultur og verdsmusikar. Ho fortalde at pengane skal ho bruke til å kjøpe seg samisk fiskebåt.
 (3/6-03)
Mange aktivitetar på Numedalstunet i Drammen 12. juni.
Den 12 juni er det travel aktivitet på Numedlastunet i Drammen. Ikkje berre spelar Bukkene Bruse, men det er Torader, Viser med evert Taube, Leikarringen Noreg og anna. Les om arrangementet her.
 (2/6-03)
Bryggenspelet i Bergen avsluttar med Hauk Buen
Det er ein del folkemusikk-entusiastar i Bergen som synest det er reint for gale at Festspela legg så lite vekt på folkemusikken. Dei har difor midt under Festspela skipa til ein solid serie konsertar med folkemusikk. Hauk Buen var den som avslutta konsertrekkja. Les meir om Bryggenspelet her.
 (2/6-03)
Utanriksminister Pettersen opnar Førde festivalen 3. juli
Opningskonserten "Møtestad Førde" torsdag 3. juli i Førde blir opna av utanriksministeren. Førde Intern. Folkemusikkfestival er som kjent den største innan folkemusikk i landet.
 (1/6-02)
120 på konsert med Blåmann Blåmann i Sandvika
Bærum Budstikke fortel om ein konsert med stor stemning då gruppa Blåmann Blåmann heldt konsert. Les meir her.
 (01/6-03)
Vinje Spilemannslag feira 50 år med konsert og dans
Det var fest og mykje hardingfelespel då Vinje Spilemannslag feira 50 år nyleg. Les meir om feiringa her.
 (01/6-03)
Fond for Lyd og Bilde: 12,3 mill kroner fordelt våren 2003
Til saman er det 264 søkjarar som har fått støtte, og ein del av desse er innan folkemusikk. Dei fleste tildelingane er til CD-utgjevingar, og nokre til konsertturnear. Tilskota er normalt på 20 - 40000 kr. Her er dei som gjeld folkemusikk: Atle Bakken CD (kr 40000), Kirsten Bråten Berg, CD (30 000) og turne (20000), Bruvoll/Halvorsen CD (25000), Arne M. Sølvberg CD (25000), Knut Buen 2 stk CD'ar (20000 + 20000), Heilo/Terje Hong CD (15000), Lindberg Lyd/Berit Opheim CD (50000), Berit Lillevold turne (18000), Susanne Lundeng turne (40000), Telemarkfestivalen kurs (20000). Heile lista finn du her.
 (01/6-03)
Trekkspelaren Aage Grundstad har fylt 80 år
For oss med interesse for folkedans og folkemusikk er Aage Grundstad eit velkjent namn. Saman med Knut Trøen spela han på 70-talet inn fleire kassettar med gamaldansmusikk og turdansmusikk. Desse er i seinare år blitt utgitt på CD, og er flittig i bruk i mange ringar og lag. Han har også gjennom mange 10-år spela for ei lang rekkje ringar og lag på festar, kurs, framsyningar og på reiser i inn og utland. Grundstad er utdanna musikar, men også politiutdanna. Han var med å stifte Norske Trekkspilleres Landsforbund i 1971, der han er æresmedlem. Han har blitt tildelt mange medaljer, mellom andre Norges Vels medalje, Rotarys Paul Harris-medalje og Deltakermedaljen frå krigen i Finnmark 1944/45.
 (27/5-03)
Doktorgrad: Har norsk jazz  blitt påverka av folkemusikken?
James W. Dickenson, kantor, jazzpianist og storbandleder i Sør-Fron, forsvarte nyss avhandlinga si om norsk jazz og folkemusikk for den akademiske doktorgrad. Les meir i DG.
 (25/5-03)
Nye prisar til Hemsing-jentene i Valdres
Ragnhild (15) og Eldbjørg (13) Hemsing fekk kvar sine første-prisar på ei stor internasjonal fiolin-tevling i Tsjekkia tidlegare i mai. Dette er truleg dei finaste prisane dei har fått til no. Vi les også at dei fekk første pris i sine klassar under Sparre-Olen-konkurransen på Gjøvik nyleg. Som kjent spelar søstrene både fiolin og hardingfele.
 (24/5-03)
"Langeleik-prototyp" til Valdres Folkemuseum
Tidlegare i år fekk Valdres Folkemuseum kjøpt ein langeleik på eit antikvariat i Oslo. Han er frå 1880-talet og lalga av Øystein Ø. Rudi frå Heggenes i Øystre Slidre. Dette er ein av dei første langeleikane som er limt saman av 4 sider. Tidlegare hola dei ut eit trestykke. Øystein Ø. Rudi var den første i ei rekkje på 3 generasjonar med instrumentmakarar i familien Rudi.
 (24/5-03)
Poengsummane til alle Kappspell-deltakarane er offentleggjort
Det var 48 lag som deltok totalt, og av dei gjekk 18 vidare til dei 6 programma som er sendt på P2 (siste del av Folkemusikktimen). Av desse er 9 gått vidare til semifinalen, som kjem utpå hausten. Vi ser at til dømes Småviltlaget er heilt nede på 33. plass. Sjå poengsummane her.  På NRK er det også ei diskusjonsside om Kappspel, og det er mange som har sterke meininga om programma og døminga.
 (24/5-03)
Embrikt Bergaplass med ny CD på Folkemusikkdagane på Ål
Bergaplass er kanskje den fremste av dei som spelar slåttemusikk på torader. Under festivalen på Ål kjem han med ny plate.
 (24/5-03)
Årets Førdefestival med 240 artistar!
På  Folkemusikkfestivalen i Førde er det også i år eit rikhaldig program, og opplysningar om artistane kan ein finne på heimesiden deira. Det er også mange av våre fremste norske med.
 (23/5-03)
Amatørteaterfestivalen på Det Norske Teateret i full gang i Oslo
Denne store tilskipinga har også mange programpostar med folkemusikk og folkedans og ulike kurs. Torsdag 22. heldt Bygdelagskoret i Oslo ein vellukka konsert der det også var innslag av folkedans og folkemusikk. Laurdag 24. har til dømes gruppa Fjøgl kabaret og dans (Det Norske Teateret kl 20.30)
 (23/5-03)
Gjermund Larsen på "Prøverøret" i Oslo 26. mai
Gjermund Larsen vart best på fele på Landskappleiken i Vågå 2002, og den yngste nokon gong. Han skal spele på FolkemusikkPøbb kl 20.30. Larsen er med i fleire grupper, mellom andre "Majorstuen" og "Frigg". 
 (23/5-03)
Tone Hulbækmo heidrar far sin Alf Hulbækmo
Det gjer ho med to konsertar i slutten av mai, ein i Tolga Kirke (29. mai) og ein på samfunnshuset Vidarheim (31. mai). Mange andre er også med på dei store konsertane. Det er 100 år sidan Alf Hulbækmo var fødd. Han var organist i Vingelen i 46 år! Les meir her.
 (23/5-03)
Arild Hoksnes skal vere arrangementskonsulent i Landslaget for Spelemenn
For ei tid sidan lyste LfS ut ei stilling som arrangementskonsulent. Arild Hoksnes er ikkje tilsett i stillinga, men er innleigd som konsulent/rådgjevar - i første omgang for 2 år. LfS har ikkje fått friske pengar til stillinga, og vonar på sponsorpengar etc. Hoksnes er vel kjent i miljøet som spelemann, prosjektleiar, debattant, tidlegare redaktør i Spelemannsbladet og mangt anna. Les meir her.
 (23/5-03)
Domarane på Landskappleiken og Landsfestivalen er bestemt
På kappleik har domarane ei viktig og utsett rolle. Her kan du lese kven som skal vere domarar i år på Landskappleiken på Gjøvik og på Landsfestivalen på Otta  Landskappleiken er 25-29 juni, og Landsfestivalen 16-20 juli.
 (23/5-03)
Atle Lien Jenssen og Margrete Nordmoen i nye stillingar
Muserordninga i Hedemark lyste for ei tid sidan ut ei stilling i folkemusikk. No har styret tilsett Atle Lien Jensen og Margrete Nordmoen i stilling, ei halv stilling til kvar. Dei byrjar i stillingane 1. september. Les meir i Ballade.
 (23/5-03)
Dalakopa går likevel vidare til semifinalen i Kappspell i NRK
"Majorstuen" har trekt seg frå semifinalen fordi det kolliderer med ein konsertserie dei har i Rikskonsertane. Dermed er det Dalakopa som rykkjer opp. Meir her.

 (23/5-03)
Profesjonell svensk folkedans i Oslo torsdag 29. mai
Denne kvelden kan du oppleve dei fremste av dei profesjonelle dansarane i Sverike - gruppa "Slinkelipas". Dei skal ha forestilling i Teatersalen kl 18. Les meir om
gruppa her.
 (22/5-03)
Spelemannslaget Knut Heddis Minne med ny CD på Ål
Under Den norske folkemusikkveka på Ål kjem det dugande spelemannslaget frå Setesdal med CD, plateslepp 30. mai kl 13. CD'en har fått tittelen "Lea Deg!" Spelemannslaget er også månadens artist i Norsk Folkemusikkatalog.

  (22/5-03)
Bjørn Ole Rasch ny professor i "rytmisk musikk"
Bjørn Ole Rasch har dei siste åra arbeidd ved Musikkonservatoriet i Kristiansand, og har dei siste åra brukt mykje av tida si til å arbeide med folkemusikk, særleg knytta til gruppa "Bukkene Bruse" der han er medlem, og sambuaren Annbjørg Lien. Han har søkt om og fått personleg opprykk til professor. Han vart intervjua i Folkemusikktimen 18. mai.

 (18/5-03)
Siste kvartfinalen i Kappspell på NRK er ferdig
Søndag 18. mai gjekk den siste av kvartfinalane av stabelen, og då står det att 9 lag som går til semifinalen. Av dei tre laga som var i sving denne gongen var det "Askerladden" frå Asker  og "Brit Anne's" frå Vestfold som gjekk vidare, medan gruppa "Hått" (Bergseth/Buen Garnås/Røine)  kom på 18. plass. Samtidig var det trekkjing til semifinalen som skal gå av stabelen seinare på TV. I semifinalen er det 9 lag og ved trekkjing vart dei delt i 3 grupper: Gruppe 1: "Hallingdal Kraftlag", "Majorstuen" og "Separatistan". Gruppe 2: "Rusten og Aasegg", "Britt Anne's" og "P.A.Røstad jr". Gruppe 3: "Askerladden", "Edgar Herigstad" og "Ole Liff". Den beste i kvar gruppe går vidare til finalen. Les meir på NRK og sjå bilete av gruppene. Seinare: Majorstuen har trekt seg frå semifinalen og Dalakopa kjem inn.

  (18/5-03) (24/5-03)
Spelemenn og dansarar gjer ein stor innsats 17. mai
Rundt om i heile landet gjer spelemenn og dansarar ein stor innsats på 17. mai. Mange leikarringar, folkedanslag, spelemannslag og ungdomslag deltar aktiv i borgartog og barnetog og mange har kulturprogram på eldreheimar og sykehus og bygdekveldar. I Trondheim er BUL Noraros blitt kåra til beste innslag i 17. mai toget. Olav Mogstad har spela i BUL i 50 år , skriv Adressavisa. I Oslo har leikarringen i BUL dansa opp heile Karl Johan og framfor Slottet i mange år, og i år fekk dei også støtte av dansarar frå andre ringar. I Oslo er det også vanleg at leikarringane dansar på sjukeheimar og eldreheimar i byen og bygdene rundt. Såleis har Oslo Songdanslag dansa på Dikemark sjukehus i ca 40 år, Symra har dansa på ulike stader i Bærum i over 30 år. Liknande innsats har Sogn og Fjordane-ringen og Leikarringen i BUL gjort, og sikkert også dei andre danselaga. På biletet ser vi dansarar frå Oslo Songdanslag som dansar på Dikemark. Spelemann er Knut Trøen.
 
(18/5-03)
"Sliten, sveitt og lykkeleg" er mottoet for Folkekulturfestivalen
Folkekulturfestivalen er som kjent det som før heitte NU-stemnet, og er på Beitostølen 8-10 august. Her blir det mellom anna mykje folkedans i mange former, oppspeleing til feleknapp, framsyningskappleik og mangt anna. Les meir her.

 (17/5-03)
"Haralds Illustrerte danseviser" til Kongen  og Dronninga og til Märta og Ari
Harald Aadnevik og Oslo Songdanslag ga føre jul ut ei bok der Harald har illustrert ein del av dei mest brukte og kjente folkevisene våre, viser som vert brukte til songdans. I samband med at Kongen og Dronninga no har vorte besteforeldre, og Märta og Ari foreldre, har Oslo Songdanslag gjeve dei eit eksemplar av boka. Laget vonar boka kan kome til nytte når det skal lesast og forteljast for Maud Angelica, for Marius og for komande barnebarn. Laget vonar også at dei kongelege vil bidra med å sette folkevisene og songdansen i fokus, og at rekrutteringa av dansarar på Karl Johan 17. mai vil auke. Meir om boka her.

 (15/5-03)
Mange brukar bunad 17. mai, men mange kjøper også billege "festdrakter"
Undersøkelser viser at ca 1/4 av alle normenn vil bruke bunad 17. mai. Men samtidig er det mange som kjøper dei billege fantasidraktene, såkalla "festdrakter" - særleg gjeld det barnedrakter. I fjor selde COOP til dømes 7000 barnebunader, og i år reknar dei med ei fordobling. Cubus har selt fantasibunader for born i 10 år, og i fjor hadde dei ein eksplosjon i salet, fortel dei til Aftenposten. Direktør Magny Karlberg i Bunad- og folkedraktrådet seier til Aftenposten at dersom fleire kunne sy bunaden sjølve, så ville prisen på "skikkeleg" bunad ikkje bli avskrekkande. 

 (15/5-03)
Svært stor interesse for Strunkeveko 2003
Strunkeveko er som kjent dei kursa i spel og dans som blir haldne i Valdres i veka før Hilme-stemnet. Ei veke før påmeldingsfristen er det heile 70 påmeldte. Maksimalt kan det vere 100. Les meir her.

 
(15/5-03)
Mari Boine og Solo Scissokho nominert til Nordisk råds musikkpris 2003
Dei to er kandidatane frå Noreg. Prisen går til utøvande musikarar og komponistar annakvart år. Les meir her.

 
(15/5-03)
Hauk Buen fekk Kongens fortensmadalje i gull på 70-årsdagen
Meistersdpelemannen og felemakaren Hauk Buen har nyleg fylt 70 år, 11. mai,, og då fekk han også Kongens fortenstmedalje i gull for sin store innsats for folkemusikken. Dermed er Hauk den tredje i ein søskjenflokk på fem som får denne utmerkinga. Knut og Agnes har fått Kongens medalje før. Les meir her.

 
(14/5-05)
Programmet for Riddu Riddu 2003 festivalen i Kåfjord lagt fram
Riddu Riddu er i Kåfjord 16 - 20 juli. Festivalen har hatt økonomiske problem, men er no i ferd med å få bukt med opparbeidd gjeld. Mellom artistane i år er bandet Gåte. Nils Ingvar Gaup er årets unge artist. Les meir på heimesida til Riddu Riddu. Les også her i Nordlys.

 
(11/5-03)
Kappspell i NRK: Dalakopa gjekk ikkje vidare til kvartfinalen
Søndag 11. mai var det nest siste runde i kvartfinalen i Kappspell 2003. Det var også denne gongen 3 lag som kjempa om plass i semifinalen. Av dei var det Rusten og Åseggs kvintett som gjekk vidare. Dalakopa fekk 10. plass totalt og gjekk dermed så vidt  ikkje vidare. Gruppa Nordafjells frå Oppdal vart totalt nr 12, og gjekk såleis heller ikkje vidare. Les meir i NRK.

 (11/5-03)
Gruppa "Utla" med ny CD
Den suksessrike gruppa Utla har kome med ny plate, denne gongen med songaren Berit Opheim som gjesteartist. I Utla spelar Håkon Høgemo (hardingfele), Terje Isungset (saksofon) og Karl Seglem (trommer, munnspel). Kjetil Bjørgan i NRK gjev den nye plata ros, men har også negative kommentarar.

 (10/5-03)
Nytt bunadleksikon i emning
Forlaget N.W.Damm & Søn AS har sett i gang arbeidet med eit bunadleksikon på 3 bind som skal vere ferdig i 2005. Tanken vart lansert av konservator Kari-Anne Pedersen ved Norsk Folkemuseum. Ho har mellom anna gjeve ut boka om Beltestakken i Telemark. Redaktør for leksikonet blir odølingen Bjørn Sverre Hol Haugen (30 år), som er etnolog, museumsstyrar på Eidsvoll museum og har arbeidd mykje med Pols frå Finnskogen. Med i redaksjonsnemnda er elles Mette Kahrs (konsulent i Folkekulturforbundet), Kari-Anne Pedersen, Jon Fredrik Skauge (konsulent i Bunad og folkedraktrådet) og Eli Nistov (Husfliden Hamar). Leksikonet skal innehalde tekst og bilete av meir enn 400 bunadvariantar.

 (10/5-03)
Stor draktutstilling ved Hedemarkmuseet: "Moderne og sømmelig"
"Draktskikk for kvinner i ringsaker fra 1750  til 1900" er undertittelen på utstillinga som er open frå 18. mai til 15. juni, alle dagar kl 10 - 16. I samband med utstillinga er det også kulturtilskipingar: Søndag 18. mai kl 13.00 blir det foredrag ved Anne Kjellberg og framsyning av dans ved Sølja. søndag 25. mai kl 19 held Vigdis Vingelsgård foredrag og Toten kontradans dansar. søndag 1. juni kl 19 vert det foredrag av Kjersti prestkvern og dans ved Moulineten Stildansgruppe.
 (10/5-03)
Apropos bunad, festdrakt, prisar og slikt ....
I ein reklame frå "Spar kjøp" spanderer dei store flotte bilete av "Norsk festdrakt" både på framsida og baksida av brosjyra. Pene bilete av drakter som ser fine ut! For dei som er på jakt etter "bunad-liknande" klede må dette vere freistande når ein samanliknar prisane med vanleg norske bunader (20 000 - 50000 for ein kvinnebunad, sjå litt lenger ned på sida). Nokre priseksempel: Festdrakt komplett for kvinner kr 1850. Festdrakt for jente/gut kr 499. Festdrakt for mann (med skjorte) kr 1590. Festdrakt ungdom kr 790. Bunadssko herre kr 199. Bunadsko dame kr 149. Sølje i sølv kr 199!! Ja, her er det sanneleg lett for ein forbrukar å gå seg vill!? Ikkje rart det blir diskusjon ??? Korleis kan det vere så billeg ????? Kva er kvaliteten? Her finn du informasjon og nettbutikk.
 (8/5-03)
Jan Beitohaugen Granli med CD og DVD under Landskappleiken
I Avisa Valdres les vi i april at det har vore danse- og spelopptak på bygdetunet ved Storefoss. Dei som dansa springar var Anne Røine og Erik Onstad. Det var opprinneleg meininga å lansere CD/DVD under Ål-dagane, men nå har vi fått vite at det i staden blir under Landskappleiken, fordi DVD'en ikkje blir ferdig i mai.
 (5/5-03) (endra 6/5-03)
Lokalkappleiken i Øystre Slidre i april
Jan Beitohaugen Granli var best i A-klasse for hardingfeleI bygdedans senior vann Geir Ove Hippe og Mona Dalen føre Erik Onstad/Tone Vollhaug. I vokal senior var Stian Roland best føre Gro Arneng.
 (5/5-03)
Fleire menn skaffar seg bunad
Det nærmar seg 17. mai og bunadstid. Laurdag 3. mai hadde Aftenposten ei heil sides reportasje om bruk av mannsbunad. Mellom anna dess fakta kom fram om bunadbruken i landet vårt: Det finst 2,22 millionar bunader i Noreg (tal frå år 2000). 55% av kvinnene og 7% av mennene har bunad. Bunaden blir brukt i gjennomsnitt 2,25 gonger per år. Bunadsnæringa omset for ca 750 mill kroner i året. Meir enn 3000 kvinner i distrikta arbeider i bunadsbransjen, av dei over 400 innvandrarar. Ein bunad kostar mellom 20 000 og 50 000 kroner. Leveringstida er frå 3 veker til 8 månader. Du kan leige bunad for mellom 500 og 4500 kr per helg. Salet av herrebunad har auka sterkt over heile landet dei  siste åra. Den mest populære mannsbunaden er frå Gudbrandsdal, deretter Nordland og Hallingdal.
 (4/5-05)
"Majorstuen" og "Edgar Heringstad" vidare i Kappspel i NRK
Søndag 4. mai var det igjen 3 orkester som prøvde å kvalifisere seg til semifinalen i Kappspell i NRK. I tillegg til dei 4 orkestra som var kvalifisert før, går "Majorstuen" frå Oslo og "Edgar Herigstads orkester" frå Nord-Trøndelag vidare. I dei to siste programma skal det så plukkast ut 3 orkester til som går til semifinalen. Ben Andres orkester frå Helgeland kom på delt 13. plass.
 (4/5-03)
Kulturveka i Asker 3. - 11. mai med omfattande program
Programmet har også fleire program som gjeld folkemusikk og folkedans. Det er bunadparade laurdag 3. mai, jubileumsdansekveld 5. mai, gamaldansfestival 10. mai og folkedanskveld 11. mai. Her finn det det omfattande programmet.
 (3/5-03)
Stor ny Folkemusikkfestival i Bergen under Festspela i slutten av mai
Frå 21. mai til 1. juni går Bryggenspelet av stabelen i Bergen. Det er Folkemusikkens venner i Bergen med Tore Hansen i spissen som står bak. Namnet Bryggenspelet kjem av at det vil foregå på og omkring Bryggen. Det blir 12 konsertar på 12 dagar, og mange av dei beste folkemusikkreftene i landet kjem, til dømes Hauk og Knut Buen, Sondre Bratland, Finn og Øivind Vabø, Kjersti Wiig, Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset, Einar Mjølsnes, Leif Rygg, Knut Hamre og mange fleire. I timane føre kvar konsert vil lokale dansarar og spelemenn underhalde. Dersom dette går bra, har dei tankar om at det skal bli ein årleg festival, og kanskje det også kan bli månadlege konsertar. Les meir herLes også her.  Sjå heile programmet her.
 (3/5-03)
Koreografen og dansepedagogen Lee Otterholt reiser tilbake til USA
Lee Otterholt heldt sitt siste kurs i Noreg i Nesodden Internasjonale Folkedans sirket siste helga i april. I kursannonsen les vi at han no forlet Noreg for godt. Han har gjort ein stor innsats for dansen i landet, ikkje minst innanfor folkedans.
 (1/5-03)
To eller tre sviktar i Rørospolsen?
Kari Margrethe Okstad har i hovudfagsoppgåva si i etnomusikologi ved Universitetet i Bergen (2002) teke for seg svikten i rørospolsen basert på filmmateriale ved Rff-senteret på Dragvoll. Viktigaste funnet er at både 2 og 3 sviktar er mykje brukt i mange ulike former av dansen, og at utøverane ofte blandar dei i ei og same framføring. Tidlegare har granskarar som  Bakka (Norske dansetradisjonar 1978) og Blom (Fanitullen 1993) hevda at Rørospolsen nokså eintydig har 3 sviktar. Dette les vi i Norsk Folkemusikklag sitt skrift 16/2002 som nyleg kom ut.
 (29/4-03)
Hilmar-festivalen i Steinkjer vart ei vellukka markering av 100-års jubilanten
I samband med festivalen vart Petter A. Røstads Kvartett frå Levanger tildelt Hilmar Alexandersens Musikkpris for innsatsen gjennom mange år for folkemusikken.
På festkvelden i Dampsaga var det stor stemning og mykje folk, men på sume av konsertane under festivalen var det mindre folk. Men på Gåte-konserten var det full fart. Her er nokre glimt frå avisene: Trønderavisa , Adressavisa,
Trønderavisa, 
 (29/4-04)
Vellukka kurs i samspel  for elevane ved Valle vidaregåande
Blåmann, blåmann med Odd Nordstoga i spissen haadde eit vellukka kurs for elevane, fortel Fædrelandsvennen. Les meir her. 

 (28/4-04)
"Drakt og Samfunn" blir på nytt 10-vekttalskurs ved NTNU
Studiet er no er knytta til NTNU i Trondheim, med Egil Bakka som fagansvarleg. Studiet går over eit år og det er 4 samlingar i året. Samlingane skal vere hjå bunad og Folkedansrådet på Fagernes. Søknadsfrist er 1. juli, og for meir informasjon kan ein kontakte Folkekulturforbundet ved Mette Kahrs (www.folkekultur.no) eller Bunad- og folkedraktrådet (www.bunadraadet.no).

 (28/4-03)
UD sin reisestønad til konsertar i utlandet: to folkemusikkgrupper fekk
Av totalt 28 søknader som fekk støtte var det berre 2 med folkemusikk: Blåmann Blåmann fekk støtte til ein folkemusikkturné i Skottland, medan duoen Fliflet / Hamre fekk støtte til konsertprosjekt i Tyskland. Til saman vart det delt ut kr 800 000 i dette halvåret. Stønaden går til profesjonelle grupper. Les meir 

 (27/4-03)
Kappspell i NRK er komne halvvegs  og 4 grupper er klare
Av i alt 48 påmeldte lag, vart det plukka ut 18 til å gå vidare i Kappspel i Folkemusikktimen på P2. No er 3 slike program sendt, og til saman 4 grupper er klare for kvartfinalen der 9 grupper totalt sett skal vere med. Søndag 27/4 var det Grindstuen og Midtlis, Separatistan og Husk som kappspelte, og av desse gjekk Separatistan frå Værran vidare. Etter vårt skjøn skulle vel heller Grindstuen og Midtlis kome med blant dei 9, men dei vart totalt nr 13, og Husk nr 18. Dei tre andre som har kvalifisert seg er P.A. Røstad jr, Ole Liffs  og Hallingdal Kraftlag. Meir her.

 (27/4-04)
Tre gardar med "Dans Gardimellom" i Gudbrandsdalen
Tre storgardar i Gudbrandsdal, to i Vågå (Kleppe og Valbjør) og Rudi Gard i Sør-Fron arrangerer ein dansekurs-stafett i sumar med gamaldans, springleik og parhalling. Dette skjer 24 - 26 juli. Det blir dugande spelemenn og danseleiarar. Dette er ein del av eit større opplegg  "Gå gardmillom" der heile 15 gardar er med. Les meir her. 
 (26/4-03)
Sven Nyhus med biografi om Hilmar Alexandersen
I år er det 100 år sidan Hilmar Alexandersen vart fødd og 10 år sidan han døde. Nyhus kjem no med ein fin biografi om den framifrå spelemannen og verket hans. Alexandersen var spelemann heile livet, og hadde det stort sett som sitt levebrød. Han spela ofte i NRK, og det rikhaldige arkivet der har Nyhus utnytta. Biografien er 3-delt: Ein del om spelemannen og livet hans, ein CD med 26 opptak med spelemannen og ei samling slåttar som Nyhus har skreve ned etter opptak. Dette er eit stort og viktig arbeid  som svært mange av dei som er glad i godt felespel vi sette pris på. Idar Karevold omtalar boka i Aftenposten i dag og gjev henne fin omtale. Det er BUL Steinkjer som er utgjevar.

 (26/4-03)
Halvard Kaasa held fram som leiar i NFD
På årsmøtet for NFD i mars vart Halvard Kaasa attvald som leiar. Nye styremedlemer vart Tarjei Haugen og Andreas Skeie Ljones, medan Helene Høye og Synnøve Bjørset ikkje var på val. Varafolk vart Inge Midtveit og Jon Anders Halvorsen. 

 (21/4-03)
Torgeir Straand vil ha tilbake den  "gamle" folkemusikktimen i NRK
I samband med NFD sitt årsmøte i Oslo i slutten av mars var det også seminar om slåttespel i kommersiell radio (Kanal 4). I samband med det skriv spelemannen Torgeir Straand i Kvinten 2/2003 at mange vil ha tilbake den gamle forma for folkemusikktime i NRK - dvs med hovudvekta på dei eldste fromene for slåttespel og kveding.

 (21/4-03)
Utdanning i folkedans ved NTNU/Rff
Som før tilbyr NTNU/Rff ulike kurs i folkedans frå hausten 2003. Det eine er 4 fordjupningsemne: Dansens historie og estetikk I og II, Dokumentasjon og notasjon og Etnokorelolgi. Desse emna tilsvarar i innhald og storleik det tidlegare mellomfaget "Allmenn dansekunnskap", og utgjer 10 vekttal. To av emna er om hausten og to om våren. søknadsfrist er 10. mai. Det arndre er "Innføring i norsk folkedans 5 vt" som er ei praktisk-metodisk innføring i norsk folkedans for lærarar i grunn- og vidaregåande skule. Det går over eit år, har 2 samlingar, kostar kr 2500, har 30 studieplassar og søknadsfrist 15. juni. Meir om dei to kursseriane her.

 (21/4-03)
Nytt kurs i Norsk Folkeleg Dans - ein studiering på høgare nivå
Frå hausten 2003 kjem det i gang eit nytt opplæringstilbod som er eit samarbeid mellom Vegard Vårdal, Oppland fylkeskommune, Folkekulturforbundet og NU. Vårdal er hovudlærar på kurset, og Ami Petersson og Martin Myhr blir også med som lærarar. Kurset går over eit år og svarar til eit halvt års fulltidsstudium. Meir om kurset her. Det blir seks samlingar og avsluttande eksamen.

 (21/4-03)
Amatørteaterfestivalen i Oslo 23-25 mai
Det er Noregs Ungdomslag og Det Norske Teateret som skipar til Norsk amatørteaterfestival . Her blir det også  mange kurs for dei som er interesserte i folkemusikk, folkedans og bunader. Det blir mellom anna kurs i "Slåtte-forteljing", kurs i "Folkedansteater", kurs i "Folkedans på scene"  og kurs i "Bunad stand-up".

 (21/4-03)
Framsyningskappleiken blir til NU-kappleiken
I ein del år har det på NU-stemna vore såkalla Framsyningskappleik. På Folkekulturfestivalen 2003 blir denne utvida og får namnet NU-kappleiken. Den tar også opp i seg oppspelinga til feleknappen og spelmerket. Det er Dansarliv 1/2003 som melder dette.

 (21/4-03)
"Dansarliv" frå NU ikkje lenger som papirutgåve
"Dansarliv" er namnet på det vesle meldingsbladet frå Noregs Ungdomslag som har  informasjon om folkedans. Nr 1/2003 vart det siste som kom i papirform, frå no av vil det kome som e-post, og vil dessutan vere å finne på heimesida til NU.

 (21/4-03)
Folkemusikk Nord kartlegg nordnorsk folkemusikk og dans
Nettverket Folkemusikk Nord arbeider med nordnorske folkemusikk og danstradisjonar. Dei kartlegg no ved hjelp av ei spørjeundersøking aktiviteten på feltet i dei ulike kommunene i Nord-Noreg. Terje Foshaug ved Nordnorsk Folkemusikksenter i Målselv er ansvarleg for arbeidet.

 (18/4-03)
Marit Rusten frå Heidal fekk COOP-prisen under Vågå-treffen
Under det 18. folkemusikktreffet i Vågå i januar fekk den unge felespelaren Marit Rusten fekk pris frå COOP Gudbrandsdal. Treffet på Vågå Hotell vart også denne gongen ei vellukka samling, fortel Spelemannsbladet 2/03.

 (18/4-03)
Mange krev hovudfag i folkedans
På representantskapsmøtet til Rff hausten 2002 la ei aksjonsgruppe for hovudfag fram ein rapport og mange underskrifter. I dei åra det har vore grunnfag og mellomfag har 274 studentar teke eit eller fleire av delstudia. Dei konkluderer med at tida no er inne for å få hovudfagsutdanning i folkedans i Noreg.

 (18/4-03)
John Ole Morken  frå Ålen fekk Holåen kommunes kulturpris for 2002
Spelemannsbladet 2/03 fortel om den 23 år gamle studenten, samlaren, spelemannen, komponisten, leiraren og læraren. Han er med i Fjellrypa spellemannslag og Søøndre Trondhjems spellemannslag.  Han byrja spele fele for 10 år sidan. Han er i år student ved Dragvoll i Trondheim, er lærar på fleire kulturskular i heimetraktene, har i løpet av 7 år samla og delvis skreve ned 1500 slåttar (!), har komponert 42 slåttar/musikkstykkje og har formidla musikk på ulike måtar mellom anna i radio. Jau, han fortener verkeleg ein pris!

 (18/4-03)
Spelemannen Lars L. Skjervheim døydde 29. januar 2003 87 år gamal
Lars Skjervheim var ein av våre fremste spelemenn, tradisjonsbærar, ein dugande pedagog og produktiv komponist. Han var fødd i Myrkdalen ved Voss i 1915, og lærde seg særleg spel i Vossetradisjon. Han hadde han eit svært allsidig spelemannsliv. Han deltok på ei lang rekkje kappleikar, og vann Landskappleiken i 1972. Han spela i ca 300 bryllup, på mange tilstellingar og på turar i inn- og utland for ulike dansegrupper. Han la ned eit stort arbeid i opplæring av yngre spelemenn, både i Hordaland og i Sogn og Fjordane og andre stader, og mellom elevane hans finn vi kjente namn som Leif Rygg og Håkon Høgemo. Han komponerte ei lang rad slåttar og dansar i gamal stil - nesten 300 til saman. Han spela ofte i NRK  og var med på fleire plater. Han budde i mange år i Årdal i Sogn men frå 1981 budde han i heimbygda att. Han var æresmedlem i fleire lag, mellom andre LfS, fekk kongens fortenstmedalje i gull og mange andre utmerkingar. Til 70-årsdagen hans kom heidersskriftet "Huldra mi".Les meir her.

 (17/4-03)
Dansegruppa Kusum Gboo Dance Ensemble (Ghana) på turne
Med støtte frå Kullturrådet og UD har denne dansegruppa framsyningar mange stader i landet i mai. Her finn du meir informasjon.

 (16/4-03)
Gåte opnar Hilmarfestivalen i Steinkjer
Den aller første Hilmarfestivalen i Steinkjer går av stabelen 24-27 april. Gåte opnar festivalen torsdag. Elles er det mange spennade namn, mellom andre Sven Nyhus, Arve Tellefsen, Irsk folkemusikk, og mykje anna. Les meir her.

 (16/4-03)
Kappspell i NRK - resultat 1. program
Resultatet av første program vart at P.A.Røstad jr. orkester med Einar Olav Larsen og Ole Liffs Kvintett er klare for semifinalen. Begge orkestera er frå Verdal. Les alle resultata her.

 (16/4-04)
Førdefestivalen satsar på ny frisk utsjånad
Etter 13 år med den same designen, synest Førdefestivalen at det er på tide å fornye seg. Men programprofilen er den same gode gamle. I år blir det 9 ulike kurs, og 250 ulike artistar vil delta i dei mange programinnslaga.I år er det også EBU-festival, ettersom EBU har valt festivalen som sin 24. fesival. Les meir om det spennande programmet her.

 (16/4-03)
Kappspel i NRK startar søndag 13. april på P2
Det har meldt seg i alt 48 gamaldansorkester, og Andreas Lunnan er programleiar. Sendingane framover går kl 18.30 - 19.00. Her finn du oversikt over alle orkestera som skal vere med.

 (12/4-02)
Unni Løvlid skal delta på Molde Jazzfestival
Den kjende folkemusikaren stiller i år på Moldejazz med eit nytt eksperimentelt musikkverk. Ho skal opptre saman med Helge Sten i gruppa Motorpsyko og Supersilent og perkusjonisten Terje Isungset. Det blir snakk om fri improvisert musikk med røter i norsk folkemusikk.

  (8/4-03)
Naustedalen Spelemannslag feirar 50 år
Det aktive spelemannslaget i Sunnfjord markerer 50 års jubileet med mange tilskipingar, frå Gamaldansgalla 25. oktober til jubileumsfest 17. januar. Sjå "Alt som skjer" for detaljar.

 (8/4-03)
To CD'ar blir presentert på årets Hilme-stemne
I pressemeldinga frå stemnenemnda står det at kvedaren Marit Mattisgard frå Øystre Slidre for fyrste gong gje ut CD. Dessutan blir det gjeve ut ein CD med arkivopptak med hardingfelespelemannen Ola Grihamar d.e frå Vang 

 
(5/4-03)
Programmet for Jørn Hilme-stemnet 21-27 juli er klart
Stemnet varer no frå månadag til søøndag, sjølv om det meste er konsentrert om dei 3 siste dagane. Det er eit omfattande program som også er godt integrert med Strunkeveko - med elevane og lærarane der. Tilskipingane på Valdres Folkemuseum står som vanleg sentralt. Laurdag er det "Sumarkveld på Museet" med mange ulike tilstellingar, mellom anna dans til Sven Nyhus kvintett, "Bygdedans på tusen golv", Nivelkinn-konsert og utekappleik. Her finn du det rikhaldige programmet. Stemnet fekk i år auka statleg støtte og hadde i fjor 5000 besøkande. I år er det også "masterclass i dans og uttrykk", med Ingar Ranheim og Leif Stinnerbom som instruktørar. Arrangørane vil at stemnet både skal vere intimt og stort på same tid. 

 (4/4-03)
Folkemusikkveka i Ål har heile programmet klart, 25 mai - 1. juni
Denne festivalen legg hovudvekta på tradisjonelt slåttespel, kveding og bygdedans. Men det er også mange andre aktivitetar i form av kurs, utstillingar, barneprogram og anna. Statsråd Toril Skogsholm opnar festivalen søndag 25. mai kl 17. Kortprogrammet finn du her. 
 (4/4-03)
Västanå Teater i Oslo 12. april
Västanå Teater er kjent som det leiande (og einaste?) folkedans og folkemusikk-teateret i Norden. Leiaren er Leif Stinnerbom, som har regi og manusansvaret for oppsettinga. Gjestespelet deira heiter "I onda ärenden" og er basert på tekstar av Selma Lagerlöf og Anton Tjechov. Det foregår i Parkteateret kl 18, og billettar kan bestillast på 815 33 133.
 (4/4-03)
Marit Eggen og Helene Høye presenterte ny CD
I kjellaren på "kafeen "Bør og Børsen" i Oslo presenterte dei to gudbrandsdalsjentene den nye CD'en sin Glød mådag 31. mars. Lokalet er ikkje så stort, men det var fullt av folk som ville høyre dei spele frå den nye plata. Dei gav også ut plate for 10 år sidan - ho heitte "Spell levande". Denne gongen er det ei blanding av tradisjonelt slåttestoff frå Gudbrandsdalen og ein del stoff som dei har laga sjølve. Nokre av slåttane spelar dei solo, men mange ei i samspel. Til ein del av arrangeringa har dei fått hjelp av Sven Nyhus, elles har dei stått for også den sjølve. Begge har i mange år vore mellom våre fremste spelemenn. Det har blitt ein fin CD som det er godt å lytte til. Plata kjem ut på det nye plateselskapet 2L.
 (31/3-03)
Annbjørg Lien på turne i Spania
Laurdag 29. mars har Aftenposten eit heilsides intervju med Annbjørg Lien og reportasje frå den turneen som ho og bandet hennar har hatt i Spania. Turneen er komen i stand i samband  med at den siste plata "Baba Yaga" blir lansert i landet. Turneen går med stort underskot, men det er ei investering for framtida, blir det opplyst. I dei typiske klubbmiljøa for verdsmusikk er det stor interesse for musikken hennar. Elles les vi at Lien er gravid og skal ha barn i august. Ho og sambuaren Bjørn Ole Rasch har nyleg kjøpt hus i Kristiansand og skal busette seg der. Rasch spelar også i bandet hennar, er produsent for platene og er med i "Bukkene Bruse", som no snart skal ut på ny turne. Ho fortel også at ho reknar med at det skal gå greitt å kombinere rollene som mor og artist. Les meir på heimesida til Lien.
 (29/3-03)
Finnskogspolsen ein populær dans
Denne dansen må vel reknast som ein av våre "nyaste" bygdedansar, og både musikken og dansen vinn seg vener, både blant spelemenn og dansarar. I Oslo vier Leikarringen Symra to av øvingskveldane til å lære denne polsen.
Det er Bjørn Sverre Haugen som rettleier og   Lene Furuli og Helle Steinsholt Jansen frå  gruppa Veggpryden som spelar (sjå biletet).  Så siste øvinga i mars og første i april vert det mykje "korte 3-ar-slag" i Storsalen i BLS-huset onsdagane.
 (28/03-03)
Mari Eggen og Helene Høye med ny CD
Dei to dugande felespelarane frå Gudbrandsdalen kjem i desse dagar med sin andre CD, ti år etter plata ”Sprell levande” (Grappa 1993). Den nye heiter "Glød" og blir presentert under FolkemusikkPØBB på ”Prøverøret”, Bør og Børsen (Trondheimsveien 13) måndag 31. mars kl. 2030. Di to er også månadens artist i Norsk Folkemusikkatalog.
 (28/03-03)
Folkemusikklina ved Fana Folkehøgskule manglar elevar
I fjor starta skulen med ei line i europeisk folkemusikk, og lina starta opp med 6 elevar - som etter kvart vart til 10. I eit e-postbrev fortel hovudlæraren for lina Olav Tveitane at dei no berre har to søkjarar, og oppmodar alle om å gjere tilbodet kjent mellom aktuelle søkjarar. Dei kan vende seg til Tveitane på telefon 55 52 63 60/fax 55
52 63 61 eller e-post til skulen.
 (28/03-03)
"Gåte" får mykje ros også i Danmark
Berlingske Tidende rosar CD'en til Gåte og seier mellom anna at bandet har fantastisk musikalitet og at vokalisten Gunnhild E. Sundli er eit funn av dimensjonar.
 (25/3-03)
Meir støtte til folkekulturen og mindre til "elitekulturen"?
Som innspel til den komande kulturmeldinga har Forskningsrådet gjeve ut ei bok med artiklar av 30 forskarar. Georg Arnestad har skreve "Tilbodet veks, etterspørselen stagnerer" der han etterlyser er slik omfordeling av den statleg støtten. Det er Aftenposten som skriv dette i eit intervju med Arnestad (tysdag 25/3-03)
 (25/3-03)
Telemarkfestivalen i Bø 4-8 august presenterer programmet 
Det blir mykje norsk folkemusikk på festivalen. Eit heilt spesielt prossjekt med samisk musikk rundt Hardangervidda blir det også. I alt blir det 140 artistar fordelt på ca 20 grupper. I år vert det ikkje kollisjon med Blus-festivalen på Notodden. Elles blir det ein spennande konsert "Årolilja" med Øyonn Groven Myhren, Bugge Wesseltoft og Nora Taksdal. Elles blir det kjente grupper som Frigg (Finland/ Norge), The Tramps (norsk/irsk folk-rock), Bengalo (sigøyner/ Balkan), Kvarts m/ Jo-Asgeir Lie, Øystein Rudi, Tom Willy Rustad og Erlend Styve, samt gjestene Birger Mistereggen og Berit Opheim. Les meir her.
 (25/3-03)
Blåmann, Blåmann på samspelhelg i Valle
På Valle vg skule vert det samspel 25-26 april. Les her.
 (25/3-02)
Tango og norsk folkemusikk i Gausdal.
Guasdal Kulturskule arrangerer laurdag 29. mars ein heilt uvanleg konsert, med dugande utøvarar både i folkemusikk og latimamerikansk tango. Les her.
 (25/3-03)
Stor interesse for Kappspell i NRK
Det blir hard kamp om "Norgesmeistertittelen" i gamaldansmusikk som vil gå føre seg på NRK P2 og i Fjernsynet. Når fristen no har gått ut, har 48 ulike orkester meldts seg på, mellom dei mange av dei beste i landet. Domarar vert Helene Høye, Jan Erik Kongshaug og Kjell Harald Langhaug. Les meir her.
 (25/3-03)
Veslemøy Leikarring i Horten: Ein av mange aktive ringar.
Det blir skreve og sagt mykjeom at folkedansen som eit døyande fenomen. Men rundt om i landet er det mange leikarringar og folkedanslag som driv aktivt med øvingar kvar veke og regelmessige kurs. Ein av desse er Veslemøy i Horten. Borre Leikarring er ein annan. Les her litt om dei to leikarringane.
 (23/3-03)
Fleire medlemer i LfS
Per 1/1-03 var medlemstalet 5193, og det er ein oppgang frå året før. Talet på vaksne medlemer gjekk ned, medan talet på barnemedlemer auka.
 (22/3-03)
Ei utgreiing om Dansens Hus er sendt til høyring
Med midlar frå KUF har Senter for Dansekunst gjennomfør ei utgreiing  om Dansens Hus - formål, organisasjonsform og drifts- og styringsmodell. Utredningen er gjennomført av gtl Management ved Gunnar Thon Lossius i samarbeid med ei referansegruppe. Det er uklart i kva grad folkedansen vil engasjere seg i dette. Utgreiinga kan lastast ned her.
 (22/3-03)
Eit omfattande program på Rudi Gard i sommar
Også i år blir det mange og spennande tilskipingar på Rudi Gard i Gudbrandsdal. Det er Øystein Rudi som er primus motor for dette, som for ein stor del foregår på garden hans i Sør-Fron. Mellom dei kjente namna finn vi Susanne Lundeng, gruppa Triakel, Ytre Suløen, Berit Opheim, Mari Maurstad, Øyonn Groven Myhren, Kvarts og mange fleire. Meir her. Første tilskipinga er fredag 23. mai. Programoversyn her.
 (22/3-03)
Kurset UngFolk for første gong i Seljord i august
I dagane 3-8 august blir det kurs for unge som vil lære å spele folkemusikk og danse. Det er Telemark folkemusikklag og Folkemusikkarkivet i Telemark som står bak tiltaket. For dei vidarekomne heiter tiltaket MeisterUngFolk. Det er mange flike lærarar,  mellom dei Øystein Romtveit, Torunn Raftevold Rue og Per Anders Buen Garnås (hardingfele), Gøril Ramo Håve (langeleik), Aaste Kveseth (torader), Silje Hegg (fløyte), Anders Røine (munnharpe), Kari Lønnestad og Ragnhild Furholt (kveding), Jorunn Manheim Torjussen (dans) og Eivind Bakken (halling).
Kursleder: Tone Jorunn Tveito. Les meir her.  
 (22/3-03)
Konsertar til minne om Hilmar Alexandersen
"Polsdans og plagiata …. i Hilmar Alexandersens fotefar" er namnet på ein konsert i Oslo 29. mars. Det er mange kjente spelemenn og dansarar i aksjon - først og fremst familien Larsen (Geir Egil, Einar Olav og Gjermund), P.A. Røstad jr. Martin Myhr og fleire. Les meir om konserten her. Konserten er også i Steinkjer 24-27 april. 
 (22/3-03)
Lokalkappleik og runddanstevling for heile Valdres 5. april
Det heile foregår på Tingvang, og kvelden før blir det springarfest. I fjor var det 57 (!) ulike klassar i lokalkappleiken, men i år skal det foreinklast: A og B-klassane blir slått saman og ein vil ikkje operere med 1. 2. og 3.-premiegrader, men berre offentleggjere rekkjefylgja. 
Informasjon kappleiksgeneral: Sigurd Bolstad: 6134 0033.
 (21/3-03)
Unge trekkspelar Mona Holm frå Sørskogsbygda suveren
I distriktsmeisterskapen på trekkspel og torader  for Hedemark og Oppland var den unge jenta på 21 år best. Ho har tidlegare vorte distriktsmeister 13 gonger og i alt 7 Norgesmeitertitlar. Norgesmeisterskapet  blir i Troms 25-29 juni. Meir her.
 (21/3-03)
Konsertserien OsloFolk startar igjen 27. mars
Det startar med gruppa Tigerlilly som også skal presentere ei ny plate denne kvelden. Det foregår i Parkteateret i Oslo (Olaf Ryes plass 1) kl 21. Med i denne gruppa Elisabeth Vatn (sekkepipe, harmonium, meråkerklarinett og bassklarinett), Olav Torget (gitarer, konting, bass, kinesisk månegitar og banjo), Harald Skullerud (perkusjon og trommer) og Andreas Utnem (keyboards og harmonium).  Les meir her.
 (21/3-03)
Fagseminara i NU på Sørmarka 25-27 april
Fagseminara i NU blir også i år på Sørmarka utafor Oslo. Innan folkedans er det i år eit todelt seminar: "Ungdomsringseminar" og " Ein annan dans". "Ein annan dans" er for folkedansinstruktørar og vil ta for seg spenningsfeltet mellom norsk dansetradisjon og ei breiare tilnærming der alle danseformer skal takast på alvor. Ein skal gje råd til NU sitt arbeid med folkedansen i åra framover. Seminaret Ungdomsring skal drøfte arbeidsformer, organisering, dansekvalitet  og danseutval i arbeidet med ungdomsringar. Ungdomsringane skal ha ei samling i Midt-Gudbrandsdal 5-7 august. Påmeldingsfrist er 20. mars. Det blir også Bunadseminar på Fagseminara. Les meir hjå NU.
 (20/3-03) 
Tradisjonell leikfest på Dombås laurdag 29. mars
Også i år byr Dovre folkedanslag inn til stor leikfest - den 14. på rad. Det blir både Minikonsert, songdans, turdans og gammaldans  i tillegg til rømmegraut og spekemat, kaffi og kaker. Musikken blir av beste merke: Nye Ringnesin. Påmelding innan 18. mars til Ragnhild Smette (612 41511) eller Kirsten Jørstad (612 41680). 
 (15/3-03)
Jan Beitohaugen Granli med ny CD
Den dugande Valdres-spelemannen kjem snart med sin første CD - på plateselskapet Ta:lik også frå Valdres. Jan Beitohaugen Granli går no på spelemannsskulen på Voss og har Olav Jørgen Hegge som personleg lærar i felespel. Den nye plata skal presenterast under Folkemusikkveka i Ål. Granli er særleg kjent for sitt drivande dansespel og det vil sikkert også prege den nye plata. Plateselskapet Ta:lik har tidlegare gjeve ut nokre CD-produksjonar med arkivopptak, til dømes med Ola Bøe, Harald Fylken og Olav Moe. Så det er noko nytt når dei no satsar på levande opptak.
 (15/3-03)
Program for Førde-festivalen: Europeisk fyrverkeri 3.-6. juli
"Europeiske stemmer" er i år temaet for festivalen. Det heng mellom anna saman med at European Broadcasting Union har valt festivalen i Førde som vertskap for sin 24. EBU-festival. Heile 17 grupper frå 16 europeiske land vil presentere ei stor breidde i musikken. Men det blir også grupper frå fleire andre kontinent. Argentina, Madagaskar, Afganistan og Siri Lanka vert med. Mykje bra frå vårt land blir det også: Majorstuen, Flukt, Trispann, Jan Beitohaugen Granli, Per Sæmund Bjørkum er mellom dei norske. Det blir også danseforestillinga Den som rulla’ ette’ golvé samlar 12 av dei beste dansarane og dansespelemennene Norge kan by på, m.a. Martin Myhr, Gunnlaug Lien Myhr, Geir Helge Espeseth, Øystein Romtveit, Hæge Manheim, Egil Syversbråten og Vidar Underseth. Meir her.
 (14/3-03)
Folkedansdisko - ein ny vri på folkedansen?
Søndag 16. mars kl 19.30 kan du i Oslo oppleve ein annleis folkedanskveld i Storsalen i Nordahl Brunsgt. 22. Då vert det ikkje eit folkedanslag eller ei gamaldansgruppe som syter for musikk - men det blir disko-musikk, rett nok folkemusikk-disko-musikk.  DJ  er Benjamin Kehlet. No blir det også høve til ein heilt annan dans: Frå kl 18.00 vert det minikurs i storgardsdansar (balldansar) med Per Kristian Elvestad som instruktør.
 (14/3-02)
Norsk folkemusikk blir neglisjert på Festspela i  Bergen?
Dagleg leiar i NFD Jan Lothe Eriksen synest at Festspela i Bergen neglisjerer norsk folkemusikk og folkedans. I år er det nesten berre Fanitullen det blir plass til. Mellom dei ca 100 programma er det berre plass til eit med norsk folkemusikk - Nils Økland og Berit Opheim - og det er alt for dårleg seier Eriksen. Men Festspeldirektør Bergljot Jonsdottir seier at ho er glad i norsk folkemusikk. Les meir her.
 
(14/3-03)
Kappspel i NRK: Påmeldingsfrist er 14. mars
Vi minner om at påmeldingsfristen snart går ut. Her finn du reglar for tevlinga og påmeldingsskjema.
 (9/3-03)
Ragna Brenno Frydenberg får kongens fortenstmedalje i gull
Ho er snart 97 år, og har gjort eit stort arbeid med å berge langeleikspelet over i vår tid. I mange år spela ho i dei gamle stovene på Folkemuseet på Bygdøy. Ho førde vidare spelet etter far sin Ola Brenno. Ho har budd lenge i Oslo men kjem frå Valdres. I folkemusikktimen søndag 9. mars vart ho intervjua og vi høyrde opptak.
 (9/3-03)
Petter Andreas Røstad tildelt kongens fortenstmedalje i sølv
Det var fylkesmann Inger Lise Gjørv som ved ei tilstelning på Backlund Hotell i Levanger overrekte medalja. Han får medalja for det store arbeidet har har lagt ned for gamaldansmusikken særleg, for samling av musikk, opplæring i musikk og for formidling av god runddansmusikk. Les meir her.
 (9/3-03)
Gruppa "Utla" og Berit Opheim med plateslepp og turne i Tyskland
Fredag 7. mars slepp NORCD plata SONG med UTLA og BERIT OPHEIM - i Linz. Les meir om det her.
   (7/3-03)
Vellukka Folkedansfest på Ås
Leikfesten på Ås har i mange år vore ein av dei største og beste i landet. Også i år hadde dei samla svært gode musikarar (Jan Beitohaugen Granli, Vidar Lande og Sven Nyhus orkester), og det var ca 200 dansarar. Les meir her.
 (5/3-03)
Heile leikarringen vart invitert i bryllupet
Vi snakkar om Leikarringen Symra i Oslo, og bryllupet til Heidi Sætern og Geir Opdahl - begge medlemer i leikarringen. Bryllupet var laurdag 1. mars i Furuset kirke, og  mange frå Symra hadde møtt opp og danna espaljer utafor kyrkjedøra med sverd og kransar. På biletet ser vi brudeparet som går mellom dei oppstilte dansarane. Det har vore vanleg gjennom heile historia til Symra at medlemene på den måten møter opp utanfor kyrkjedøra for å heidre medlemer som gifter seg. Men det er første gongen at heile leikarringen (ca 110 medlemer) vart invitert i bryllupet. Sjå fleire bilete her.
 (1/3-03)
8,6 mill kroner fordelt til folkemusikk, jazz, verdsmusikk og rock
Tildelinga frå Musikkverkstadordninga vart gjort kjent i dag, siste dagen i februar. Samla søknadsbeløp var på 36 mill. kroner, så dei fleste søknadane fekk ikkje noko. Av totalt 955 søknader var det 433 som fekk. Norsk Musikkråd administrerer ordninga, og pengane går til framføringsutstyr, øvingsutstyr, opplæring og bygningsmessige tilpasningar. Les meir her.  I folkemusikk går det meste til kurs og seminar og ein del til instrument. Her finn du oversikt over alle tildelingane.
 (28/2-03)
Organisasjonane krev betre innkjøpsordning for fonogram
Mange organisasjonar, mellom dei Rff, LfS og NFD, krev at politikarane nå må betre ordninga frå 18% til 70%. Dei ventar at når kulturmeldinga blir lagt fram til våren, blir det ei vesentleg betring. Innkjøpsordninga mfor fonogram vart etablert i 1985. Kvart år blir det brukt 4 mill. kroner til innkjøp. Ca 18 % av CD'ane vert innkjøpt enten i 430 eller i 550 eksemplar. Meir her.
 (28/2-03)
Folkemusikkmiljøet kjenner seg tilsidesett
Det er mange innan folkemusikken som er misnøgde med måten Spellemannsprisen vart presentert på på TV. Mellom andre er dagleg leiar i LfS kritisk. Det viser seg også at sjåartala for programmet har gått sterkt nedover dei to siste åra. Les meir her.
 (27/2-03)
Norsk Folkemusikkformidling har laga ny presentasjons-CD
Norsk Folkemusikkformidling driv Norsk Folkemusikk-katalog - som er ein presentasjon av over hundre ulike artistar og pedagogar på Internett. Det er artistar frå denne katalogen som er med på denne andre presentasjons-CD'en. Dei kutta  som er med på plata er både slike som  er henta frå tidlegare CD'ar og slikt som ikkje tidlegare har vore presentert. Mange kjente artistar er med som Utla m/Berit Opheim, Knut Hamre, Knut Kjøk/Dag Gården og andre - til saman 22 ulike kutt. Les meir her og få full oversikt. 
 (27/2-03)
Folkemusikkhelg i Stavanger 21-22 mars i Siddisstova
Fredag 17-20 er det Balladeseminar, og etterpå er det konsert med gruppa Tindra. Etter det er det dansefest. Laurdag held seminaret fram frå 09 - 12. I tida 12.30 - 18 er det kappleik, og frå kl 20 er det fest med premieutdeling. Dei som står bak folkemusikkhelga er Vibå Spelemannslag, Bondeungdomslaget i Stavanger og Folkemusikkarkivet i Rogaland.
 (27/2-03)
Folkemusikk og dans på Grundsetmartn
Grunsdsetmartn har alltid vore 1. helga i mars - og den største martnaden i landet i si tid. Torsdag kl 20-22 blir det dans på Elvarheim, og etterpå Folkemusikkpøbb. Fredag  blir det storfest frå kl 19.30 og utover, og då spelar mellom andre Stoviltlaget. Laurdag 11 - 15 blir det middagsdans, og frå 11 -12 kurs i Elverumspols. Så det blir mykje musikk og dans å vere med på.

 (27/2-03)
Bygdelaga i Oslo skipar til Bygdedansfest 21. mars
Dei bygdelaga i Oslo som mest aktivt driv med bygdedans har gått saman og skipar til Bygdedansfest fredag 21. mars. Det blir bygdedans frå Valdres, Telemark, Hallingdal og Numedal i tillegg til noko runddans. Framifrå spelemenn blir å finne, til dømes Jan Beitohaugen Granli. Festen blir i Folkets hus på Kjelsås og startar kl 19.30.

 (25/2-03)
Sinikka Langeland avsluttar sitt 3-årige prosjekt om Finnskogkulturen
I mars har Sinikka Langeland ein serie konsertar med stoff frå det prosjektet ho har arbeidd med i 3 år: Å dokumentere og levandegjere restane av finnekulturen frå hennar heimetrakter, Svullurya på Grue Finnskog. Arbeidet har resultert i  boka "Karhun emuu"gjendikting av 32 runesongar frå Finnskogen (Achehoug 2001), så seinare same året CD'en "Tirun lirun" med både autentiske opptak og eigne songar og opplesingar, og i fjor kom CD'en "Runjoa" på Heilo/Grappa der ho har tonesett mange av runesongane med ny musikk frå finske område. Den første CD'en vekte oppsikt også i Tyskland der musikkbladet Volker peika "Tirun Lirun" ut som månadens CD. Konsertruta til Sinikka Langeland finn du her. I tillegg til dette arbeidet med runesongane, har Sinikka Langeland også samarbeidd med organisten Andreas Liebig med Bach-musikk.

 (25/2-03)
Tom Løvlid sparka høgast i halling på Markenskappleiken på Kongsberg
Men det var Sigbjørn Rua, også han frå Småjondølane, som vart best i klassen Laus kl A. Han vann også Dans hardingfele kla A for gutar, medan Rannveig Bakka vart best mellom jentene. I eldre folkemusikkinstrument senior vart Svein Westad best. Les meir her.

 (25/2-03)
Ny husflidsutsal på Internett: www.husflid.as
Eit nytt utsal av husflidsvarer er opna på Internett: www.husflid.as. Her er det meininga at handverkarar av alle slag kan selje produkta sine. Dei som driv nett-staden held til i Dalen i Telemark. Prosjektleiar er Nina Jacobsen, og dei som står bak er gründerane Gunnvald Solli og Mikkel Aaanderaa. Verksemda har fått 150 000 kr til oppstart.

 (25/2-03)
Rørosmarknadn gjennomført på tradisjonelt vis for 150. gong
Nest siste veka i februar har det vore marknad på Røros i 150 år. Også i år var det tradisjonell marknad med mykje folk i dei sentrale gatene og mange dansarar på middagsdansen og på kveldsdansen. Les meir om Marknadn her.

 (25/2-03)
Musikkhøskolen i Oslo tilset lærar i fele - folkemusikk
Det er snakk om ei halv åremålsstilling (førsteamanuensis) for 6 år med søknadsfrist 31. mars. Stillinga gjeld frå 1. august 2003. Vedkomande skal særskilt arbeide med strykeropplæring for felestudentar, og det krevst både teknisk kompetanse og folkemusikkkompetanse. Les meir her.

 (25/2-03)
Odd Nordstoga misnøgd med Spellemanns-sendinga
Til aviser i Telemark seier han at TV2 si sending nedprioriterte fleire kategoriar , mellom dei folkemusikk, som vart klipt bort frå sendinga. Han synest det er synd at folkemusikken skulle få så stemoderleg behandling. På den andre sida er han glad for å ha fått Spellemannsprisen. Les meir her.

 (25/2-03) 
Tom Rustad tilsett i stillinga etter Sven Nyhus
Tom Rustad er tilsett  i folkemusikk på Musikkhøgskolen i Oslo - den stillinga Sven Nyhus hadde i mange år. Han arbeider også  som lærar ved Vinstra vg skole, og pendlar mellom Oslo og Vinstra. Tom Rustad spelar fleire instrument, men særleg trekkspel/torader. Han er også med i gruppa Kvarts. Han har undervist fleire stader dei siste åra ved sida av å vere utøvande musikar.

 (25/2-03)
"Harpa" - ei fin forestilling bygd på folkededans og folkemusikk
Haugesund Teater viste i slutten av januar forestillinga "Harpa" som er bygd på den gamle kjente folkevisa "Horpa". Forestillinga har fått god omtale. Det var Nils Økland som hadde ideen til forestillinga. Ingvill Marit Granås framfører balladen om dei to systrene, og nyttar ulike tonar frå fleire delar av landet. Dansen i forestillinga har element både frå moderne dans og folkedans. Det var berre to forestillingar med "Harpa" i Haugesund, men det kan vere aktuelt å sette ho opp på ein av festivalane eller på turne med rikskonsertane fortel Ingvill Marit Garnås til Kvinten (1/2003)

 (25/2-03)
Vidar Lande professor i folkekultur ved Akademiet på Rauland
Hardingfelespelaren Vidar Lande - 53 år - frå Arendal er tilsett som professor ved Akademiet i Rauland. Rauland-Akademiet skal tilby hovudfagsstudium i folkekunst frå hausten 2003, og då lyt dei ha ein professor som leiar for master-studiet. Han byrjar i stillinga 1. mars. Vidar Lande er ein av våre beste spelemenn,  sjølv om han ikkje er nokon trottig kappleikdeltakar. Han har særleg grundig kjennskap til musikken i Agder og Setesdal, men spelar også slåttar frå mange andre strok av landet. Han har doktorgrad i filosofi frå Canada, har undervist i mange år på den vidaregåande skulen på Jessheim, har gjeve ut mange plater og bøker og gjort eit grundig granskararbeid om musikken og musikarane i Setesdal og Agder. Han har også vore ein mykje brukt lærar på kurs og har skrive mange artiklar om ulike folkemusikkemne, og har vore med på ei lang rad konsertar og radioopptak.  Det skal bli 12 studieplassar på det 5-årige studiet i Rauland. Vi ynskjer han lykke til med arbeidet.

 (25/2-03)
Asgaut Bakken i gang som prosjektleiar for Den norske Folkemusikkscena
Han tok ved nyttår over etter Randi Torgersen som er ferdig med sin 3-års periode. Bakken er mest kjent som gitarist i gruppa Blåmann, Blåmann. Han har også bakgrunn som dansar og kvedar. Han har gått på vidaregåande skule i Bø, Folkehøgskule på Voss, 2 år på Folkemusikkstudiet på Rauland og 3 år på Kulturlina i Bø. Bakken (29 år) er frå Vinje men bur no i Oslo. Arbeidsplassen hans er i Musikkens hus i Oslo. Folkemusikkscena er eit samarbeidsprosjekt mellom NFD oig LfS. Han prioriterer arbeidet med å bygge nettverk og filialar for å presentere folkemusikk - i første omgang særleg i sør-Noreg. Han har blitt intervjua både i Spelemannsbladet og Kvinten.

 (24/2-03)
Nye folkemusikk-fonogram innkjøpt i 2. runde 2002
Desse folkemusikkplatene vart innkjøpt: Tron Steffen Westberg: Bortover all vei., Orbina: Orbina II, Fri Flyt: Flyr fritt, Rusk: Rusk, Per Anders Buen Garnås: Åleine, Vågå Spelemannslag: Takk for sist, Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga: Nivelkinn.

 (24/2-03)
Elias Akselsen vart ikkje spellemann i gruppa viser
Det var mange som på førehand trudde at Elias Akselsen skulle vinne prisen med si plate "Hjemlandsklokker" - ei samling med religiøse taterviser. Tatersangeren Elias Akselsen er 55 år og har dei siste åra gjort ein stor innsats for å løfte fram tatervisene. Heller ikkje Mari Boine vart spelemann i Åpen klasse.

 (24/2-03)
I klassen Samtidsmusikk vann Frode Haltli Spelemannsprisen
Plata hans heiter "Looking On Darkness". Haltli spelar som kjent trekkspel, og han  er også kjent innan folkemusikken, der han mellom anna er med i gruppa "Rusk".

 (24/2-03) 
"Gåte" vann Spelemannsprisen  i "Årets nykommer" 
Gruppa "Gåte" vann prisen i denne klassen med si plate "Jygri". Gåte opererer som kjent i grenselandet mellom rock og folkemusikk - eller rettare dei brukar folkemusikkstoff i sine rockelåtar. Med i Gåte er Gunnhild E. Sundli, Magnus Børmark, Martin Viktor Langlie, Gjermund Landrø og Sveinung Sundli.

(24/2-03)
Groven Myhren og Nordstoga vann spelemannsprisen i folkemusikk 2003
Øyunn Groven Myhren og Odd Nordstoga vann med plat "Nivelkinn" - nyskreven musikk til Aslaug Vaa sine dikt. Dei to andre nominerte i denne klassen var Per anders Buen Garnås og Annbjørg Lien.

 (24/2-03)
Programmet for Telemarkfestivalen 7 - 10 august tar form
Avslutningskonserte på festivalen - Borggjakonserten er i år for første gong ved ein kvinneleg felespelar - Åse Teigland.  Elles er musikaren og komponisten Frode Fjellheim skal lage bestillingsverk - ein kombinasjon av samisk musikk og hardingfele. Prosjektet er mellom anna støtta med 30 000 kr frå Sametingent. Her skal mellom andre Knut Hamre og Berit Opheim vere med. Elles kjem ei kjent gruppe frå Spania: Radio Tarifa. Elles kjem gruppene Majorstuen, Dvergemål, Frigg, The Trams, Bengalo og Kvarts. Elles kal det framførast eit prosjekt "Årolilja" med Bugge Wesseltoft, Øyonn Groven Myhren og Nora Taksdal. Meir her.

 (20/2-03)
I år blir det igjen Kappspell i NRK både i P2 og i Fjernsynet
Sist vart Kappspell arrangert i 1999 i Vågå, og då vann Storviltlaget. Jutullaget vann i 1996, Edgar Heringstads Orkester var i 1993 og Vågå Toradergruppe i 1990. Det første Kappspell kjem i Folkemusikktimen den 16. februar. Programleiar for programma blir som før Andreas Lunnan. Dei avsluttande programma i Fjernsynet kjem i jula 2003. Frist for å melde seg på er 14. mars. Dei avsluttande opptaka blir i slutten av september på Røros. Les meir her.

 (18/2-02)
Sumaren 2002 var det MO-kurs for 20. gong
Vi les at det var 56 deltakarar på kurset på Mo i Jølster. Mellom dei 12 lærarane var det mange dugande spelemenn, og mange som hadde gått på kurset sjølv tidlegare: Jorun Marie Rypdal Kvernberg, Gro Marie Svidal, Monika Anthun, Dagfrid Vallestad, Britt Pernille Frøholm, Eli A. Eimhjellen, Einr Olav Larsen, Gjermund Larsen. Det er i siste nummer av Spelemannsbladet vi les dette, men også at bladet aldri har vore innom kurset i alle desse åra.

 (16/2-03)
Nytt styre i Torkjell Haugeruds Minnefond for perioden 2003-2005
Det nye styret består av Torunn Raftevoll Rue, valt av Telemark Ungdomslag, Kjell Bitustøyl, valt av Telemark Folkemusikklag, og Jan H. Lislien, valt av LfS.

 (16/2-03)
Folkemusikklina på Vinstra er i vinden
Etter det ein forstår blømer folkemusikken på den vidaregåande skulen på Vinstra der dei har lina Musikk, Dans Drama med fordjuping i folkemusikk - ei av dei to såkalla landslinene for folkemusikk. (Den andre er i Valle.) Elevar derifrå har gjort det godt på kappleikar, dei har vore å høyre i Folkemusikktimen og no også i Spelemannsbladet. Det er 27 elevar i alt som tar fordjuping i folkemusikk, 9 på kvart årstrinn. Avdelingsleiar er Birger Tangstad. Mellom lærarane er Rasmus Stauri, Camilla Granlien, Tom Willy Rustad, Erik Bjørke, Nina Furuli, Jan Beitohaugen Granli, Per Sæmund Bjørkum og Stein Villa. Som vi ser mange dugande lærarar.

 (16/2-03)
Vidar Lande: To bøker og CD om og med spelemannen Otto Furholt
Vidar Lande har skrive to bøker om Otto Furholt. Den eine er om spelemann og den andre er notar med kommentarar - 180 ulike oppskrifter. I tillegg har det kome ein CD med 32 arkivopptak av Otto Furholt. For knapt 10 år sidan gav Vidar Lande også ut ei bok om Otto Furholt, så den nye er eit slags utgåve nr 2.

 (16/2-03)
Stor martna også på Elverum: Grundset mart'n er den eldste
Visstnok strekkjer  mart'nstradisjonen i Elverum seg meir enn 400 år tilbake. Og det blir arbeidd sterkt for å revitalisere tradisjonen. Det seier arrangementsansvarleg Trond Hagen i Elverum Næringsutvikling. I år blir det eit yrande folkemusikk- og danseliv med innslag frå Røros, Folldal, Hamar og Malung. Mart'n startar tysdag 4. mars.    Les meir her i Østlandingen

  (14/2-02)
Rørosmartna' nr 150 startar neste tysdag 18. februar
Tida for årets Røros-martna nærmar seg raskt. Her kan du lese meir om årets martna'.

 (14/2-03)
Hallingdans og break har mykje sams, seier dansaren Ulf-Arne Johannessen
Han har saman med Bård Vegard Bjørhusdal reist rundt på skular og dansa halling. Også Gunnlaug Lien Myhr har vore med i forestillinga "Rotnheims Knut". Les meir her.
 (13/2-02)
Europeisk ungdomssamling i Spania for folkemusikarar
I juni kjem over 70 ungdomar frå 15 land i Europa saman for å spele
folkemusikk for kvarandre og for andre. Samlingen foregår i tilknytning til
festivalen "Folk Segovia". NFD skal sende 3 unge norske deltakarar i alderen 18-25 år. Søknadsfrist er 17. februar. Meir info her.  Les også meir her.
 (13/2-02)
Landslaget for Spelemenn lyser ut nyoppretta full stilling
I siste nr av Spelemannsbladet (1/2003) lyser LfS ut ei ny full stilling som Arrangementskonsulent. Vedkomande skal ha ansvar for å overføre kunnskap og erfaring frå arrangør til arrangør  når det gjeld Landskappleiken og Landsfestivalen. Ho/han skal også arbeide for å skaffe sponsorar og drive PR både for desse to tilskipingane og for LfS. Søknadsfrist er 20. februar 2003. Infor: 22424592.
 (12/2-03)
Landskappleiken på Gjøvik: Dugnadsfolk får gratis adgang
Oppland Arbeiderblad har snakka med Marit Steinsrud - leiaren i Gjøvik spelemannlag, og Stein Villa i hovudkommiteen, og dei fortel at arbeidet går etter planen. Dei reknar med ca 500 friviljuge hjelparar undet stemnet, og reknar også med å leige inn andre. Les meir her.
 (112/2-03)
Odd Nordstoga på Cordial Scene i Oslo måndag 17. februar
Han er kjent frå mange prosjekt, til dømes Nivelkinn og frå gruppa Blåmann, Blåmann. Han er frå Vinje og vaks opp på Plassen der også A.O. Vinje i si tid budde. Du finn meir om Odd Nordstoga her.
  (12/2-03)
FolkemusikkFesten på Ås 1. mars: Ein av dei beste og største i landet
Den årlege leikfesten på Landbrukshøgskolen på Ås har vore ein fin tradisjon i mange år. Årets fest nærmar seg, påmeldingsfrist er 18. februar. I år er det Sven Nyhus Kvintett som spelar, og bygededansen syter Tore Bolstad og Vidar Lande for. Dørene opnar kl 19 og intimkonserten startar kl 19.30. Info: Silje Nygaard Holen tlf. 90 87 56 84.
 (12/2-02)
Bogemakar Niels Jørgen Røine intervjua i Dagbladets Magasinet
Laurdag 8. februar er det eit to-siders intervju med landets einaste bogemakar. Han fortel korleis han byrja som felemakar og korleis han lagar bogar. Han nyttar hår frå mongolske høglandsponny og tre frå austkysten av Brasil. Han har verkstad i Schweigaardsgt. i Oslo. Han har arbeidd som bogemakar sidan 1995, men tener førebels ikkje så mykje på handverket. Når han lagar bogane skjer det på same måte som for 300 år sidan - utan moderne maskiner.
  (8/2-02)
Kongens sølv til fire ungdomslagsfolk
I siste nummer av Ungdom les vi at fire kjende ungdomslagsfolk har fått kongens fortensmedalje i sølv. Det er: Magne Frøystein frå Odda Ungdomslag, Anna Skjerve Sidselrud frå BUL i Oslo, Petter Eide frå Sogn og Fj. UL og Ivar Skjelvan frå BUL Ervingen.
 (6/2-02)
Songdansen 100 år også i NRK
Torsdag 14/11 blir det eit innslag om at songdansen er 100 år i Kulturbeitet på P2 frå 8.15 - 9.30. Opptaka vart gjort på NU-kontoret i dag 13. november. Så her er det berre å skru på rett kanal!

 (13/11-02)
Gudleiv Bø og Magne Myhren med ny utgåve av "Draumkvedet"
I ei nyleg utkomen bok, "Draumkvedet. Diktverket og teksthistoria", har dei to forfattarane prøvt å gje ein ny versjon av Draumkveldet bygt på Maren Ramskeid sin song.  Her skriv Velle Espeland om boka.

 (9/11-02)
Steinar Ofsdal skriv brev til Stortinget
Han protesterer mot at Norsk Visearkiv ikkje har pengar til å halde ope for publikum. Det opne brevet hans er å finne her på Ballade.  Det er også kome støtte fra mange andre, mellom andre LfS og folkesongar Elin Grytting. Les her.

 (9/11-02)
"Oslo Word Music Festival" er over, men diskusjonen varer
Det har vore retta kritikk mot festivalen fordi han ikkje har teke med norske verdsmusikarar. Kritikken er særleg komen frå norske innvandrarar. Les meir i Ballade.

 (9/11-02)
Hardingfelemusikar Synnøve S. Bjørset intervjua i Ballade
I samband med prosjektet "Music of the North lands" er ho intervjua av Ballade. Les her.

 (9/11-02)
Jon Ole Morken  fekk Holtålen kommunes kulturpris for 2002
Prisen er på kr 5000. Morken er ei drivande kraft i splemeannslaget Fjellrypa, og er til dagleg musikkstudent ved NTNU. Meir her.

 (6/11-02)
SAFFA  med kurshelg 23. og 24. november på Sørmarka ved Oslo
Det blir helgekurs i toraderspel og i felespel og i stildans. Instruktørane er av beste merke. Meir info hjå Vidar Wien Andresen, tlf. 92 60 05 99   vidarwa@chello.no 

 (6/11-02)
Trysil-treffet 2002 er helga 8-10. november
Det blir dans fredag og laurdag og musikk mange stader og i mange former. Eit lyspunkt i mørketida skriv arrangøren! Meir her.

 (6/11-02)
Torgeir Straand best på Fykerudkappleiken i Bø
Kappleiken gjekk føre seg på det tradisjonrike forsamlingslokalet Sandvin i Bø, der også den første kappleiken i landet gjekk føre seg i 1888, og som Lars Fykerud vann. Straand fekk også napp i den fine hardingfela som er sett opp som vandrepremie og som Bjarne Øen har laga. Meir her.  Sjå også her.

 (6/11-02)
Vellukka kurs i Hallingspringar i Hallinglaget i Oslo første helga i november
Hallinglaget i Oslo har regelmessige øvingar i hallingspringar kvar 14. dag gjennom vinterhalvåret. Ein gong for året har dei offentleg nybyrjarkurs der dei iviterer rettleiar og spelemann frå hallingdal. I år var det Thomas Stensgård frå Gol som var rettleiar saman med Karin Andresen frå Oslo. Spelemann var Jegeir Trøim  frå Hemsedal. Det var rundt 20 deltakarar på kurset. Her finn du ein kort repetisjon av dansen. Nokre bilete finn du her.

 (3/11-02)
Leikfest i Oslo laurdag 16. november kl 19.00
Det er ikkje så ofte tradisjonelle leikfestar lenger, men Leikarringen i BUL i Oslo skipar til ein denne laurdagen i samband med songdansseminaret i NU som også er denne helga i Teatersalen, Rosenkrantzgate 8. Østerdølenes spelemannslag spelar og det vert Valdresspringar og Telespringar i kjellerstova. Festmat, kaffi og kaker. Nattdans. Pris kr 250/180 (under 20 år). Påmelding til Leikarringen i BUL 

 (3/11-02)
"Network North" med konsertar i Noreg
I dette Nord-Europiske orkesteret er mellom andre norske Synnøve S. Bjørset med. Dei har konsertar i Vinjehuset i Vinje søndag 3/11 kl 19.30, og på Smuget i Oslo måndag 4/11 kl 22.

 (3/11-02)
"Folkemusikken treng impulsar utanfrå"
Det seier doktor i folkemusikk Ove Larsen til Rana Blad. Laren er til dagleg førsteamanuensis i folkemuikk ved Høgskolen i Nesna. Les meir her.

 (3/11-02)
Stipend til Anne Gravir og Per Anders Buen Garnås frå NRK-Telemark
I samband med at NRK-Telemark fylte 25 år nyleg, delte dei ut to stipend til unge utøvarar i Telemark. Stipenda er på 15000 kr.

 (30/10-02)
Det blir 2-årig påbyggingskurs ved Ole Bull Akademiet frå hausten 2003
I eit intervju med Spelemannsbladet (7/2002) fortel den påtroppande rektoren Gunnar Stubseid at ein vil freiste å kome igang hausten 2003 med 4 studentar. I dette båbyggingsstudiet - det byggjer på spelemannsskulen errer tilsvarande - blir det lagt vekt på samspel og fleire instrument. Studiet skal leie fram til bachelor-grad og master-grad i utøvande musikk.

 (30/10-02)
Stemnestader for 2004, 2005 og 2006 er bestemt
Styret i LfS har bestemt av Landskappleiken i 2004 blir Eidfjord (Hardanger Spelemannslag), for 2005 Røros (Brekken, Glåmos og Ålen) og for 2006 Beitostølen (Valdres Folkemusikklag). Landsfestivalen 2004 blir i Oppdal. Det var ingen som hadde søkt om å arrangere Landsfestivalen for 2005 eller 2006, så her er ingen ting bestemt.

 (30/10-02)
LfS opprettar ny stilling som arrangørkonsulent
Sidan LfS etter fleire år med søknader om midlar til stillinga, vil dei no ta pengar av eige budsjett til stillinga. Konsulenten skal først og fremst hjelp dei lokale arrangørane av Landskappleiken og Landsfestivalen, og dessuten drive sponsorarbeid og PR-arbeid. Ein av grunnane til å opprette stillinga, er at det er vanskeleg å få lag til å ta på seg store tilskipingar.

 (30/10-02)
Store endringar i kappleiksystemet
Styret i LfS har vedteke store endringar i kappleiksystemet som har bestått sidan LfS vart skipa i 1923. Det skal ikkje lenger vere 1.  premie, 2. premie og 3. premie. Deltakarane skal heller ikkje lenger få poeng (dei skal ikkje offentleggjerast). Det er berre rekkjefylgja i dei ulike klassane som skal offentleggjerast. I tillegg skal domarane bestemme kven som skal rykke opp frå klasse B til klasse A. Som i dag må ein kvalifisere seg til opprykk 2 gonger før ein kjem i klasse A. 

 (30/10-02)
Norsk Visearkiv i pengenaud
Norsk Vvisearkiv har så lite pengar at dei må stenge dørene for publikum. NFD oppfordrar folk å seie meininga si om dette til kulturpolitiakar på Stortinget. Les meir her.

 (30/10-02)
Ragnar Heyerdal fornyer folkemusikken med CD'en "Is-slått"
Han er til dagleg musikar i Oslo-Filarmonien, og har komponert 18 slåttar for fiolin, bratsj og hardingfele med røter i nordisk tradisjonsmusikk. Meir her.

 (30/10-02)
Hardanger Trekkspillklubb fyller 25 år 9. november
I Hardanger Folkeblad står det ein lang artikkel om det jubilerande laget. Les meir her.

 (30/10-02)
Stor kappleik og Fykerud-konsert i Bø første helsa i November
Det er Bø juniorspelemannslag, Bø dansarring, Spelemannslaget Bøheringen og Bø ungdomslag som inviterer. Og mange gode krefter er i sving, mellom andre Knut Buen med ei heilt ny forestilling om Fykerud'n, Per Anders Buen Garnås, Torgei Straand og mange andre. Les meir her.

(30/10-02)
Sturla Eide Sundli tildelt Medåsprisen for 2003
Sturla er storebror til Gunnhild og Sveinung i bandet Gåte. Sturla er lærar i kulturskolen i Orkdal, og er elles aktiv i gruppa Flukt og vart Aklasse-spelemann i 1999 på fele. Han får prisen for sinn langvarige innsats for å formidle norsk folkemusikk, endå han ikkje er meir enn 27 år. Prisen er på 10000 kr. Han fortel til avisa Sør-Trøndelag at den siste plata til flukt har passert 1000 selde eksemplar. Les meir her. Heimeside for Sturla her.

 (30/10-02)
Folkedansarar frå Finnmark på utveksling i Nikkel i Russland
40 norske folkedansarar frå 12 til 18 år vitja ein skule i Nikkel som del av eit kurs i folkedans ved Svanøy Folkehøgskole. Les meir om vitjinga her.

 (30/10-02)
Line for folkemusikk i Møre og Romsdal?
Folk i Vestnes i Møre og Romsdal vil ta initiativ til at det kan opprettast ei line for folkemusikk vi den vidaregåande skulen  knytta til skulen på Gjermundnes. Dette er eit rikt distrikt for folkemusikk og det området som Dåm og Drag kjem frå. Les meir her.

 (29/10-02)
Harald Aadnevik gir ut ei bok med illustrerte danseviser
Teiknaren og folkedansaren Harald Aadnevik gjev i samarbeid med Oslo Songdanslag ut ei bok der han har illustrert mange av våre store vanlege danseviser, til dømes "Herr Scinklar", "Liti Kjersti" og "Falkvor Lommannsson". Her kan du lese meir om boka og korleis du bestiller ho.

 (26/10-02)
Mykje folk på Gamaldansfestival i Naustdal
Vi høyrer at det var 300 til stades i Naustdal 26. oktober, der mellom andre Dalakopa spele. I pausen var ungdomsprosjektet "Fjordapuls" frampå og viste kva dei arbeider med. Dette danseprosjektet med statleg og fylkeskommunal støtte hadde samling i Jølster same helga. Arne sølvberg er prosjektleiar for Fjordapuls.

 (29/10-02)
Folkedansen i krise, skriv Nationen
I Nationen 22. oktober ffortel Georg Arnstad at i løpet av 90-åra gjekk talet på registrerte folkedansarar ned frå 25000 til 9000. Dei har også intervjua Kari Margrethe Okstad som var leiar for seminaret på Voss nyleg om "Folkedansen i krise?". Magnar Sundt i LfS seier at det einaste som nyttar er å få folkedansen inn i skulen. Meir her.

 (26/10-02)
Oslokappleiken med mange deltakarar og bra med publikum
Laurdag 26/10 var det Oslokappleik. Det byrja i 12-tida og varde til "langt på kveld". Mange deltakarar, både frå Oslo og andre stader. Frå Valdres var det mange deltakarar og ein del også frå Gudbrandsdal, Østerdal, Numedal og andre stader. Laudag kveld er det kappleikfest på "Slurpen". Det er Laget for Folkemusikk som står bak kappleiken. Meir her. Resultata frå kappleiken er her. Mange bilete frå kappleiken finn du her..

 (26/10-02)
Norsk folkemusikk til Sør-Afrika
Folkemusikkgruppa Korlunden i Fredrikstad reiser midt i november til Cape Town der dei skal samarbeide med to sør-Afrikanske grupper. Utanriksdapartementet støttr prosjektet. Korlunden er ein oktett som syng både religøs og verdsleg musikk. Dei har også med seg Jens Nyplass som er leiar i Glåmos spelemannslag. Meir her.

 (26/10-02)
Snart nytt show for "Fjøgl"-jentene
Gruppa "Fjøgl" - Terese Moldestad, Liv Merete Kroken og Unni Løvlid - alle frå Nordfjord har premiere på sitt nye show i Bergen 3. november på Logen Bar. Namnet på framsyninga er denne gongen "Fjøgl til fjells". Dei skal så ut på turne. Her står meir om jentene og om turneruta deira.

 (26/10-02)
Representantskapsmøtet i Rff vil ha meir pengar over statsbudsjettet
Heile 25 organisasjonar ber om i alt 17,5 mill kroner over budsjettet for 2003, som ei oppfølgjing av Arnestad-rapporten. I fråsegna krev dei at staten tar sitt kulturelle ansvar for folkemusikken og folkedansen, og gjev pengar til profesjonell formidling og profilering av organisasjonar og utøvarar. Les meir i Nationen:

 (26/10-02)
"Polsdans og Plagiata" - konserten med musikk etter Hilmar Alexandersen
vart svært godt motteken av publikum skriv Trønder-Avisa etter konserten i Namsos. Det er far og søner Larsen og P.A. Røstad jr  som spelar og Martin Myhr som dansar. Dette var ein av dei siste konsertane i Rikskonsert-turneen.

 (26/10-02)
Rff-prisen for 2002 til Hallvard Kvåle
Spelemannen Hallvard Kvåle frå Voss fekk årets Rff-pris for sitt store arbeid med å formidle norsk folkemusikk på plate. Fram til han selde selskapet sitt Heilo i 1996 ga han ut 150 produksjonar. Storparten av desse var folkemusikk og gamaldans. Utgjevingane var alle prega av kvalitet. For nokre år sidan var Kvåle sjuk, og kunne ikkje halde fram med plateproduksjonen. Men han er framleis aktiv i Bærum spelemannslag. Prisen, som er på 10000 kr er svært vel fortent.

 (26/10-02)
Joik ved opninga av det nye biblioteket i Alexandria
Då biblioteket som det norske Snøhetta har teikna, vart opna, var Lawra Somby med i programmet. Saman med Anneli Drecker var ho med på opningssermonien Meir her.

 (18/10.02)
Berit Opheim med urframføring under Ultima-festivalen i Oslo
Laurdag 4. oktober framførde Berit Opheim  i Universitetsaulaen Lasse Thoresens nye verk "Løp, lokk & linjar" . I Ballade kan du lese meir om både Opheim og verket.

 
(13/10-02)
Norsk Folkemusikklag med skrift nr 15 for 2001
I desse dagar har vi motteke Årsskriftet for Norsk Folkemusikklag med tema "Tonalitet i folkemusikken". Her finn vi mellom anna opptrykk av Eivind Grovens artikkel om naturoneskalaen basert på seljefløyta, og mange andre interssante artiklar om temaet, mellom andre av Ingar Ranheim, Carl Petter Opsahl, Herdis Lien, David Løberg Code, Ånond Egeland, Johan Westman og Hans-Hinrich Thedens.

 (13/10-02)
Etnisk Musikklubb med katalog nr 30 for oktober
Månadens album i Nordisk profil består av to CD'ar: " Han rider den mørke natt" - Landstadplata til Agnes Buen Garnås og "Bingsjø"  med den svenske spelemannen Anders Bjernulf. Han var ein av artistane i Førde i sumar og salet av CD'en går godt, fortel katalogen.

 (13/10-02)
Forestilling om "Presten Landstad og jomfru Crøger"
Den 7. oktober var det 200-årsdagen for M.B. Landstad  sin fødsel, og då starta også prøvene på ei ny forestilling som skal framførast i Jacob kirke i Oslo  26. og 27. oktober. Sigvald Tveit er musikalsk ansvarleg, Edvard Hoem har skreve teksten og Stein Winge har regien. Marit Andreassen spelar Olea Crøger og Bjørn Sundquist er Landstad. Øyonn Groven Myhren syng stev og spelar lyre. Det er Aftenposten som skriv dette.

 (13/10-02)
Meir Folkemusikk i NRK TV?
Ei noko kryptisk melding frå NRK kan tyde på at dei planlegg meir folkemusikk og dans ut til folket? Eller korleis skal vi forstå det NRK skriv? Les her sjølv.

 (12/10-02)
Den Norske Folkemusikkveka i Ål 2002 er godt nøgd med seg sjølv
Styreleiar Bjarne Lien fortel til DT at 2002 vart eit godt år for festivalen. Les meir her.

  (12/10-02)
Eiker Spelemannslag gjev ut CD med tradisjonsmusikk frå Eiker og Modum
Laget feirer 30 år, og musikalsk leiar Bente Solbakken fortel til Drammens Tidende at CD'en inneheld 30 musikkstykkje som ikkje har vore innspela før - typisk bruksmusikk. Dei feirar 30 år med jubileumskonsert søandag 13. oktober. Les meir her.

 (12/10-02)
Kurs i fleire ulike dansar i Nord-Aurdal laurdag 12. oktober
I Skrautvå Grendehus blir det kurs i Bonde, Valdresspringar med to fylgje, og konsert om kvelden. Les meir her.

 (11/10-02)
FolkemusikkSCENA - Oslo presenterer programmet for OsloFOLK hausten 2002
Det er 3 ulike tilskipingar, oktober 24 og oktober 25 og november 9. I november blir eit bestillingsverk
"Lille Alhambra på Bislett bad". Vidare er det "Blåmann, Blåmann" og Jon Balke - BATAGRAF. Sjå her.
 (9/10-02)
Åse Teigland norsk medlem i European Youth Folk Orchestra (EYFO)
Orkesteret består av 11 unge folkemusikarar frå 9 ulike land, og dei skal spele på  Osafestivalen i år. Orkesteret hadde verdspremiere i Vercelli i Italia i juni 200, og har nyleg gjeve ut CD. Les meir her.

 (8/10-02)
Gamaldansfesten i Porsgrunn i september ein suksess
Tilskiparlaget "Danselaget" medler om 93 betalande deltakarar i Folkets hus og det er dei godt nøgde med. Neste gamaldansfest er bestemt til 25. januar 2003.

 (9/10-02)
Ballett på Vestlandskappleiken
Bergenspuls skriv om Vestlandskappleiken at det også blir ballett. Les her.

 (5/10-02)
Telemark Fylkesmusikklag fyller 50 år med storstilt konsert i Seljord
I dag er det 17 lag og rundt 500 medlemer tilslutta laget, fortel leiaren Hans Frømyr til Varden. Fredag kveld er det jubileumskonsert mad ei rad av dei fremste folkemusikarane i Telemark. I helga er det også Fylkeskappleik på Granvin i Seljord. Meir her.

 (3/10-02)
Lars Underdal solist på hardigfele i internasjonalt verk
Lars Underdal er ein av solistane i det nye verket "Violintripelkonzert" av den tyske komponisten Karsten Gundermann.  Urframføringa av verket vil finne stad 6. oktober i Dreikönigskirche, som ein del av samtidsmusikkfestivalen Dresdner Tage der zeitgenössischen Musik. Les meir her.
 
(3/10-02)
To nye CD'ar frå plateselskapet Ta:lik i Valdres
Dei to CD'ane inneheld arkiv-opptak: TA3: er opptak med Harald Fylken (1910-1963) frå Vestre Slidre, og opptaka er frå 1950-talet. Han var ein drivande god dansespelemann. TA4: er opptak med Sigurd Eldegard (1893-1962)  frå Årdal. Bestefar hans var den kjende spelemannen Sjur Eldegard som har vore ei viktig kjelde for spelemenn som Håkon Høgemo og Svein Skjerdal. Meir info om dei to CD'ane her.
 (1/10-02)
Ingunn Linge Valldal vart fylkesmeister i Møre og Romsdal
På Fylkeskappleiken i Valldal i helga vart ho meister i spel for 4. gong på rad, og fekk høgste poengsum totalt på kappleiken. Nærpå 150 deltakarar i spel og dans var med på kappleiken. Anne Britt Hjortdal og Svein A. Vatnehol frå Ålesund spelemannslag vart meister i dans. Meir her.
 
(1/10-02)
Folkekulturfestivalen (NU-stemnet) på Beitostølen også i 2003
I 2003 vert festivalen 8-10.august for å unngå kollisjon med Førde-festivalen og Quart.  Festivalnemnda er Oddrun Sandal (leiar), Eli M. Ulvestad, Gro Vetås og Sølvi Kaupang Paulsen. To nemndplassar står framleis opne. 
 (1/10-02)
Kjersti Prestkvern fekk Vardenprisen 2002 for bunadarbeid
Kjersti Prestkvern frå Hamar fekk tidlegare i år tildelt prisen for sitt mangeårige arbeid for draktradisjonar. Ho var mellom anna med og rekonstruerte Hedemarksdrakta som var ferdig i 1994. Kjersti dansar i Folkedanslaget Sølja og Moulineten stildansgruppe på Hamar.
 (1/10-02)
Gunnar Rødal slutta i NU i oktober 2001
Vi har ikkje fått det med oss før, men tar det med no. Reisande danseinstruktør i NU frå midt på 60-talet Gunnar Rødal har slutta i NU. Han hadde då halde kurs for 212 834 elevar i folkedans. Det er langt fleire enn det Klara Semb i si tid rakk over. Biletet viser Gunnar då han vart utnemd til æresmedlem i NU i 2001. Som ein av dei få gjennom tidene.
 (30/9-02)
"Havleikur" på Færøyane i juli eit vellukka stemne
I alt deltok det 300 utsendingar frå dei nordiske landa og shetland. Av dei var 42 frå Noreg. På avslutningsfesten var det heile 480 deltakarar. I eit kort referat i Ungdom (2/2002) fortel Morgan Olsen at Færøydansen i 1998 vart eit obligatorisk emne på alle klassesteg i grunnskulen på Færøyane.
 (30/9-02)
Utskiftingar på NU-kontoret
Kulturkonsulent Audun Moen har slutta og flytta til Hallingdal. Kulturkonsulent Ida Marie Holmin har permisjon i eit år. Frå 1. oktober er Tina Vilencia tilsett som ny Informasjonskonsulent. Dessutan har Vidar Skrede byrja som sivilarbeidar.  Han er dessutan felespelar.
 (30/9-02)
NU-leiar Bjerkem er stolt over mykje, men også sint for ein del
I siste nr av Ungdom (2/2002) er han mellom anna stolt over at NU-stemnet har blitt til Folkekulturfestival, at NU sentralt no går i balanse, at NU har fleire aktive ungdomslag enn det er kommunar i landet. Sint er han mellom anna for at NU har 27 fylke medan resten av landet synest 19 er nok, og særleg for at NU får langt mindre i offentleg stønad enn det han synest NU bør få.
 (30/9-02)
Usikker framtid for "Rättvikdansen"?
Det skal vere usikkert korleis festivalen vil sjå ut i framtida og om det i det heile blir festival. Les her kva avgåande leiar skriv.
 (30/9-02)
Folkemusikkseminaret i Valle 18-20 oktober har tema vokal
Programmet for seminaret ligg no føre. Det vert mellom anna "masterclass" med kjende kvedarar som Kirsten Bråten Berg, Agnes Buen Garnås og Hallvor Håkanes. Les meir her.
 830/9-02)
"Hemsing-systadn" i Valdres har stadig nye spennande oppdrag
Dei to systrene Ragnhild (14) og Eldbjørg (12) frå Aurdal, som både spelar hardingfele og fiolin, har mange planar. Dei skal mellom anna delta på Osa-festivalen, og spele rundt om i mange land. Les kva avisa Valdres skriv.
 (30/9-02)
Landstad-CD'en til Agnes Buen Garnås svært godt motteken
CD'en som kjen ut i samband med at det er 200 år sidan Landstad vart fødd, har blitt positivt omtalt i mange av dei største avisene. "...selv om samarbeidet med Garbarek på "Rosensfole" var spennende nok, har Agnes' stemme sjeldent kommet så godt til sin rett som her." skriv Carl Petter Opsahl i VG. I Aftenposten har dei også eit intervju med Agnes (30/9).
 (30/9-02)
Folkedansen i krise?
Dette er spørsmålet for seminaret på Voss i samband med 10-års jubileet for Osa-festivalen. Egil Bakka, Martin Myhr, Leif Sinnerbom og Ellen Persvoll er mellom innleiarane på seminaret.
 (25/9-02)
Mange gode kvedarar og musnnharpespelarar på Setesdalskappleiken 2002
I munnharpe senior vart Sigurd Brokke best føre Svein Westad. I kveding klasse B vart Liv Helga Brokke best. Hardigfele klasse A vann Torgeir Straand.
 (25/9-02)
Folkemusikkdagane i Porsgrunn: Knut Buen fekk Fykerud-medaljen
Folkemusikkdagane i Porsgrunn markerte 100år etter Lars Fykerud sin død. I A-klasen i hardingfele vart Torgeir Straand (pokal til beste spelemann)best med Per Anders Buen på andreplass (pokal for beste slått). Hæge Manheim vart best i dans klasse A jenter og Arvid Sperrud i dans klasse A gutar.
 (25/9-02)
Torill G. Faleide ny ved Førdefestivalen.
Ho er tilsett som informasjons- og marknadsmedarbeidar ved Festivalen. Ho overtek etter Laila Hjellvoll, og kjem frå Avisa Firda.

 (25/9-02)
Framifrå musikarar frå Kviterussland og Krigistan gjester Noreg
Dei skal mellom anna til Kongsberg, der dei også skal på folkemusikkpøbb. Meir her.

 (25/9-02)
Fjøgl sin nye folkemusikk-kabaret får premiere 3. november
Det skjer i Logen i Bergen. Fjøgl, og etterpå blir det turne. Den førre kabareen deira vart svært godt motteken med ein kombinasjon av framifrå slåttespel og stev med laussluppen humor og sjølvironi. Med i Fjøgl er som kjent tre jenter frå Nordfjord: Liv Merete Kroken, Unni Løvlid og Sigrid Moldestad. alle tre er i A-klassen.

 (22/9-02)
Sven Nyhus fekk Sankt Olavs Orden på Røros  i Falkbergesalen
I helga midt i september fekk Nyhus overrekt Sangt  Olav Orden på eit tilstemming i samband med 100-årsmarkeringa for Johan Falkberget sitt forfatterskap. Les meir i Fjell-ljom.

 (20/9-02)
Korleis kan folkemusikken fornye seg?
Slik spør felespelaren Olav Sæta i siste nr av Spelemannsbladet (6/2002) i ein lang artikkel. Han slår fast at folkemusikken må fornye seg, men etterlyser ein debatt om korleis det skal foregå. Han drøfter også ulike sider ved kappleiksystemet, og korleis det påverkar utviklinga. Han hevdar at nytenking også kan skje ved at ein går attende til kjeldene, granskar dei og utforskar dei.

 (20/9-02)
Rff: Støndsmidlar for 2. halvår 2002
Rådet for Folkemusikk og folkedans har fordelt tiltaksmidlane (kr 276 000) og formidlingsstønaden (kr 26000) for 2. halvår 2002. Mykje av stønaden går til CD-produksjon og turnear, men også ein del andre ting. Søknadssummane var over 3 gonger utdelte midlar. I alt var det 47 ulike tiltak som fekk støtte. Sjå heile lista over stønader her.

 (20/9-02)
Synnøve S. Bjørset norsk "utsending" i England
I alutten av august var folkemusikarar frå Nordsjølanda samla til øving og konsert i Oxfordshire i England. Bjørset var der frå Noreg. Les meir i Ballade.

 (20/9-02)
Anette Skullestad spela på Madsebakken skole
Anette Skullestad vart best på torader senior på Titanofestivalen i år, og spela på skolen i staden for i Trondheim der Ungdommens kulturmønstring skulle vore, men den  vart avlyst. Les meir her.
 
(19/9-02) 
Felespelaren Nils Økland lagar ny slått til 10-års jubileet til Ole Bull Festivalen
Økland er intervjua av Haugesunds avis, og fortel mellom anna at han skal lage slått til jubileet. Les intervjuet her.

 (19/9-02)
Den nye CD'en til Gåte blir stort sett  svært godt motteken
For nokre dagar sidan kom gruppa "Gåte" frå Trondheim med CD'en "Jygri". Her får vi folkemusikkstoff i rock-form. CD'en har blitt omtala i mange aviser og radio, og over alt der det gode omtalar. Tirsdag 17. august gjev til dømes Dagsavisen CD'en 5 poeng. Det er særleg den unge vokalisten Gunnhild Sundli som blir framheva. Plata inneheld mellom anna middelalderballader som "Bendik og Årolilja".  Men Bergens Tidende gjev berre terningkast 2. Les her kva NRK skriv.  Les BT-intervju med Gåte her.

   (19/9-02)
Embrikt Bergaplass spelar inn ny torader-CD
Den kjende spelemannen har vore i studio og gjort opptak til ein ny CD. Det er 22 år sidan Embrik Bergaplass gav ut lp'en «Ha du kji hoppa...», ei plate med blanding av runddansmusikk, springar og laus. Den nye plate kjem til jul eller til Folkemusikkdagane i Ål 2003. CD'en vil innehalde både gamaldans, springar og laus. Meir her.

  (19/9-02)
Distriktskappleiken i Tretten: Mange frå Lom som vann
Det var kring 1000 tilreisande på kappleiken midt i september. Knut Kjøk og Astrid Sulheim frå Lom spel og dansarlag tok første og andreprisen i seniorklassen. Lom vann også lagspel senior. Les meir herOg her er komplett resultatliste.

 (17/9-02)
Sinnika Langeland med ny CD med runesongar
Det er "runesongar" som skogfinnane tok med seg til Hedemark på 1600-talet Langeland har teke for seg. CD'en heiter "Runoja". Songen er sterkt prega av improvisasjon. På plata har ho med seg kjente musikarar: Arve Henriksen (trompet), Bjørn Kjellemyr (bass) og Pål Thowsen (trommer).

  (15/9-02)
Gruppa "Gåte" skal på turne i oktober
Den populære folk-rock gruppa skal på turne med Riksonsertane. sogndal, Ørsta, Ås, Bø, Kongsberg, Trondheim får besøk. Med i gruppa er Magnus Børmark – gitarer, Gjermund Landrø – bass, saksofon, synth, Gunnhild Eide Sundli – vokal, Sveinung Eide Sundli – groovebox, synth, fele, Martin Viktor Langlie - slagverk. Sjå meir her.  Og her hos NRK.

 (13/9-02)
Draumkvedet-plata til Aslak Høgetveit på CD
LP-plata som kom i 60-åra, etter innspeling i NRK i 1966, er no å få på CD. Aslak Høgetveit fyller 90 år i år, så det høver godt å få denne fine plata ut på nytt. LP'en har vore utselt lenge.

 (12/9-02)
Etnisk Musikkklubb med ny katalog og heimeside
"Månadens album2 i Nordisk profil er ein ny CD med opptak av Torleiv H. Bjørgum og CD'en Nivelkinn med Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga. Etter mykje om og men har klubben også fått seg heimeside der ein kan bestille plater. det er www.etniskmusikklubb.no.  Av nye CD'ar under Nordisk Profil ser vi elles plata til Knut Kjøk og Dag Gården, plata til Vågå Spelemannslag, nyutgjeving av Draumkvedet med Aslak Høgetveit og den nye til Karl Seglem og "Sommarkveld i Jølster" med Anders Viken.

 (12/9-02)
Osa-festivalen feirer i år 10 år med bestillingsverk av Nils Økland
Festivalen er helga 11 - 13 oktober og ei rekkje framifrå utøvarar vil delta, mellom dei Kirsten Bråten Berg, Knut Hamre, Gunnlaug Lien Myhr, Martin Myhr, Geir Egil Larsen, Susanne Lundeng og mange andre. Les meir i Bergens Tidende.

 (10/9-02)
Oppland Fylkeskommune gjev 700000 til fem musikarar i fylket
Dei fem er Pianoduoen Kristin Fyrand Mikkelsen og Gunnar Flagstad frå Gjøvik, duoen Knut Kjøk og Dag Gården, alias gruppa «frå folk te' folk», og "nykommaren" felespelaren Vegar Vårdal som no bur i Vågå. Frå før  har fylkeskommunen e samarbeid med Lillehammer blåsekvintett og Valdres folkemusikkgruppe, og dett vil halde fram. Les meir her.

 (10/11-02)
Elevar er med og registrerer musikk på Østre Toten
Kjell Stokke og Stein Villa fra Tradisjonsmusikkarkivet i Vestoppland har hovudansvaret for undersøkelsen der dei registrerer gamle og nyare instrument og musikk som har vore i bruk i distriktet. Meir her.

 (10/9-01)
Internasjonal Munnharpefestival på Rauland 11 -14 september
Det er den fjerde festivalen i rekkja, og opnar med ikkje noko mindre enn eit bestillingsverk for 4 munnharper av Arne Nordheim. Dei tidlegare festivalane, som vert haldne kvart 3. år, var i USA, Yakutia (Sibir) og i Austerike. Det kjem grupper av sspelemenn, songarar og dansarar frå mange stader i verda, mellom anna sibir og Japan. Les meir her.  Det blir 120 deltakarar frå 25 land fortel avisa Varden

 (9/9-02) (11/9-02)
Spennande CD med opptak av Sigurd Eldegard (1893-1962) frå Årdal
Det er Plateselskapet Ta:lik i Valdres med Synnøve S. Bjørset frå Jølster som prosjektleiar. Opptaka er frå NRK og er 40 år gamle. Plata er den fjerde som Ta:lik gjev ut. Ho skal sleppast på Vestlandskappleiken i Bergen 4 - 6 oktober. Mellom aktørane på sleppet finn vi
Håkon Høgemo, Synnøve S. Bjørset, Sogn Spel og Dansarlag, og Svein Nesje. Les meir her.
  (9/9-02)
Forestillinga ”Skal – skal ikkje” ut på turne i september
Forestillinga er dramatisk folkedans/musikk-teater og vart uroppført på Førde-festivalen. Det er gruppa "Kvarts" som har laga  musikken. Mellom dei som er med er  Berit Opheim og Øyonn Groven Myhren, Solveig Hårdnes og Martin Myhr. Les meir i pressemeldinga her.
 (7/9-02)
Agnes Buen Garnås med ny CD med stoff som M.B. Landstad skreiv opp
Den 7. oktober er det 200 år sidan Landstad vart fødd. CD'en heiter "han rider den mørke natt" og har med seg musikarane Sigbjørn Apeland, Per Anders Buen Garnås, Marilyn Mazur og Ruth Wilhelmine Meyer. Meir her. Les også om plata og jubileet her.

 (7/9-02) (13/9)
Neste år: Telemarkfestivalen kolliderer med Notodden Blues Festival
For å unngå andre kollisjonar, har Blues-festivalen flytta si helg til den første i august, og det kolliderer med Telemarkfestivalen. Til dette seier festivalleiar Kjell Bitustøyl til Telen at det er "ekstremt dårlig og usolidarisk gjort". 

 (7/9-02)
Rikskonsertane: Turne med Hilmar Alexandersens musikk i oktober
I oktober får mange Trøndelagsbygder eit framifrå konserttilbod. Dei som står bak er Geir Egil, Gjermund og Einar Olav Larsen, Petter Andreas Røstad jr. og Martin Myhr. Les meir her.

 (7/9-02)
Kulturytringar som gamaldans og danseband må også få støtte
Det hevdar historie-professor Knut Kjeldstadli i si nye bok "Innvandringens historie". Han hevdar at vi støtter folkelege etniske musikkformer til dømes frå Afrika, medan folkelege norske musikkformer blir neglisjert og sett ned på. Meir her.

 (1/9-02)
Annbjørg Lien & Co  bergtok publikum ved opninga på Nordsjøfestivalen
Farsunds avis gjev rosande omtale av opningskonserten på festivalen. Les meir her.

 (31/8-02)
FolkemusikkPøbben Columbi Egg i Bergen har programmet klart for hausten
Dette skal vere landets mest aktive folkemusikk-klubb, og held til i Cafe Colomba i Øvregaten 17. Musikalsk vert er Gabriel Fliflet, og han garanterer "
knivskarp ubalanse mellom det sømmelige og det usømmelige, det lyriske og det himmelstormende, det vakre og det råe". Sjå elles "Alt som skjer" og heimesida til Columbi egg. Konsertane er måndagar, og konsertstart er 20.30 eller 21.

 (29/8-02)
Første Folkemusikkpøbb i Oslo 2. september på Cordial Scene
Det er FolkemusikkSCENA Oslo som samarbeider  med Cordial Scene og Laget for Folkemusikk om FolkemusikkPØBB på Cordial scene (Storgata 45). Denne første kvelden er det Majorstua Spelemannslag som opnar sesongen. Dei har vunne fleire kappleikar, mellom anna klassen for spelemannslag på Landskappleiken i Rauland i 2001 og Åpen klasse på Landskappleiken i Vågå no i år. Med i spelemannslaget er Andreas Skeie Ljones, Jorunn Marie Rypdal Kvernberg, Tove Hagen, Ragnhild Furebotten, Synnøve S. Bjørset og Gjermund Larsen. Les om dei på heimesida http://www.spelemannslag.no.

 (27/8-02)
Vellukka Gammeldansfestival i Sørfjorden i Rana
Trekkspel, dans, campingliv og kaffekarsk. Dette er noko av det sentrale for Sørfjorden Nye Gammeldansfestival. Les meir i Rana Blad.

 
(27/8-02)
Gunnar Stubseid ny leiar ved Ole Bull Akademiet
Stubseid  (54 år) er tilsett som ny rektor etter Jostein Mæland, som har vore rektor heilt frå starten. Stubseid har dei 4 siste åra vore undervisningsleiar ved Akademiet. Stubseid er frå Bygland i Setesdal, er ein av våre beste spelemenn på hardingfele, vore med på mange plater og vore redaktør i Spelemannsbladet i mange år, og skreve mange artiklar om folkemusikk. Ny kunstnarleg og pedagogisk leiar for Spelemannsskulen og Kvedarskulen er også tilsett. Det vart Håkon Asheim (40 år) frå Oslo, men med slektsrøter i Valdres. Han er cand. philol. med hovudfag i musikk frå Universitetet i Oslo. Les meir i Ballade.

 (26/8-02)
Klart for Nordsjøfestivalen i Farsund
Siste helga i august går Nordsjøfestivalen av stabelen. Mellom aktørane er Annbjørg Lien og Bjørn Ole Rasch og gruppa "Blåmann, blåmann". Meir her.

 (26/8-02)
Framifrå kurs i folkemusikk i Suldal i september
Ruth Anne Moen ved Folkemusikkarkivet for Rogaland på Sand. står bak spel- og dansehelga i Suldal, saman med Ryfylkemuseet og Vibå spelemannslag. Det er svært mang dugande lærarar, mellom dei Unni Løvlid, Anders Røine og Øyvind Vabø. I fjor var det 60 deltakar på det 3 dagar lange kurset. Meir her.

 (26/8-02)
Haustprogrammet til Columbi Egg i Bergen er no klart
Det er Gabriel Fliflet som minner oss om dette i ein e-post. Dei held framleis til på Cafe Colomba i Øvregaten 17. På heimesida si fortel dei at dette er landets mest aktive folkemusikk-klubb. Konsertane er måndagar og startar normal kl 20.30, med billettsal frå kl 19.45. Første tilskipinga i haust er måndag 2. september med Catriona Macdonald, Berit Opheim, Gabriel Fliflet, Olav Tveitane. Programmet ser elles svært spennande ut. Programmet står i "Alt som skjer" og på heimesida deira.

 (25/8-02)
Naustdal Musikkproduksjon på Internett
Det er Einar Eimhjellen som står bak tiltaket og presenterer tre bøker og plater med musikk frå Naustedalen i Sunnfjord og frå Flora. Her kan du sjå detaljane.

 (25/8-02)
Verdsmusikk-legende Hariprasad Chaurasia til Noreg
Han er rekna som ein av verdas aller freste innan verdsmusikk. Han er frå India og spelar på den indiske fløyta bansuri. "Samspill" arrangerer workshop og det blir to konsertar med Karvan og Mari Boine 22. og 24. august i Drammen Teater og på Musikkhøgskolen. Meir her.

 (17/8-02)
Tradisjonstreff på Heddal Bygdetun laurdag 17. august
Det er eit samarbeid mellom Fjellrosa Spel- og danslag, Vidar Ungdomslag og Heddal og Notodden Museumslag, og som i fjor blir det forteljarkunst, felespel, dans og anna. Meir her.

 (16/8-02)
Kolden & Co frå Skjåk beste gruppe på Landsfestivalen i gamaldansmusikk i Førde
Dei første dagane i august vart Landsfestivalen avvikla i Førde på ein fin måte. Totalt var det om lag 10 000 personar innom på dans, spel og konsertar. Av desse var 725 gjennomgangs- billettar til heile festivalen og 600 var deltakarar. Festivalsjef Sigmund Eikås fortel til Firda at festivalen truleg får eit lite overskot. Best i lagspel vart Sør-Fron Spelemannslag som i fjor.  Alle resultata frå festivalen her.

 (16/8-02)
Olav Sem til Telen: Godt nøgd med innsatsen på Landskappleiken
Han fortel at han er godt nøgd med det han presterte både i dans og kveding. Men har synest rekrutteringa til dans er dårleg i Telemark. Les meir her.

 (12/8-02)
Pål Kluften avduka på nytt etter 59 år!
Musikaren, diktaren og felespelaren Pål Kluften, Nord-Sel, fekk avduka statue av seg for 59 år sidan, eitt år etter han døydde. No er statua avduka på nytt, fortel
Gudbrandsdølen/Dagningen.
 (11/8-02)
Publikumsrekord på Telemarksfestivalen 2002
Med til saman 5500 besøkande vart det ny rekord i år - det er litt meir enn på Jørn Hilme stemnet. I alt var det 3200 selde billettar, 8 av 24 tilskipingar var heilt fullsette. Det var 160 artistar som deltok og 160 deltakarar på dei 14 ulike kursa. Det var fleir nyskrevne verk og urframføringar. Seglem sitt FolkJazzEnsemble urframførte "Blå Morene" og Carlos Jeldes' "La historia de Carlos", "Flomål" med Ola Bremnes sitt band og "Gåtesong" med Ingvill Marit Garnås og Jon Anders Halvorsen. Alle vart vel mottekne av publikum. Meir her.

 
(11/8-02)
Kristin Gravaune (15 år) frå Oppdal fekk Eckbo sin folkemusikkpris  2002
Prisen vart utdlet på Telemarkfestivalen og er på kr 15 000 med diplom. Han går til unge formidlarar av norsk folkemusikk. Ho har vunne Titanofestivalen på durspel/torader 3 gonger og fått fine plasseringar på Landsfestivalen i gamaldansmusikk. I 2001 gav ho ut eigen CD - "Det blå rommet" med mange eigenkomponerte melodiar. Ho har komponert i alt 70 melodiar. Ho har også tidlegare motteke fleire heidersprisar. Meir her.
 
(11/8-02)
Tidlegare NU-leiar Arne Kløvjan er død
Arne Kløvjan vert gravlagd fredag 2. august. På slutten av 60-talet og på byrjinga av 70-talet var han formann i Noregs Ungdomslag i 4 år. Dette var ei tid med høg aktivitet og omstilling i ungdomslagsrørsla. Kløvjan var frå Trøndelag og budde i Romsdal.

 
(1/8-02)
Prinsesse Märtha opna Telemarksfestivalen i Bø i strålande ver
Torsdag 1. august såg vi på dagsrevyen at prinsessa opna festivalen i fint ver, med mykje folk til stades, og fekk høyre eventyr fortalt av ein habil konkurrent - Olav Sem.

  (1/8-02)
Statsministeren skal lære folkedans på NU-kurset
Fredag 2. august frå 13.00 til 15.000 får sommarkurset i Noregs Ungdomslag besøk av Statsminister Kjell Magne Bondevik.
Her vil han møte over 60 ungdommar som arbeider i 9 dagar med folkedans, folkemusikk, bunadsarbeid, teater og organisjonsarbeid.  Bondevik har bede om å få eit dansekurs og han kjem i høve at songdansen, og dermed den organiserte folkedansrørsla i år er 100 år. I og med at det eine kurset er eit kurs for danseinstruktørar, skulle det ikkje mangle på kompetente lærarar for statsministeren. 
 (1/8-02)
Heilsider med folkemusikk i Aftenposten 30. juli (kveldsutgåva)
Begge midtsidene og mykje av framsida er via norsk folkemusikk - og det skjer ikkje kvar dag (!). Hovudoppslaget er at Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga dagen etter lanserer den nye CD'en "Nivelkinn", og at også prinsesse Märtha skal vere til stades. Dei to blir intervjua om CD'en og om norsk folkemusikk meir allment. Vi får også eit noko kortare intervju med Annbjørg Lien, som spår aukande interesse for folkemusikken vår. Flott av Aftenposten!

 (30/7-02)
NU-veteranen Knut Lauvrud er død 81 år gamal 15. juli 2002
Knut Lauvrud døydde brått og uventa: Berre ei veke før han døydde heldt han stemnetalen på NU-stemnet på Beitostølen. Nærpå heile livet arbeidde han innanfor den frilynde ungdomsrørsla. Frå 1946 til frampå 80-talet var han tilsett i ulike stillingar innan ungdomslagsrørsla, det meste av tida som reiseskrivar i NU og som kontormedarbeidar. Dei siste åra fram til han vart pensjonist i 1988, var han kultursekretær og kultursjef i heimekommunen Øystre Slidre. Han var redaktør av "Jul i Valdres" heilt frå 1978.

 (30/7-02)
Hallgrim Berg med kronikk i Aftenposten: "Norsk folkemusikk - med lua i handa?"
Berg (29/7) argumenterer mot at organisasjonane innan feltet skal slå seg saman. Han krev elles at det offentlege må ta større ansvar for folkemusikken og dansen. Av konkrete tiltak nemner han to: Vi bør få eit eige hus i Oslo for folkemusikk og dans, og vi må få eit fast og frittståande folkemusikkensemble på profesjonelt nivå.

 (29/7-02)
Geir-Helge Espeseth/Gunnlaug Lien  Myhr beste dansarar på Jørn Hilme stemnet
Dei vann i hardingfele klasse A med 100 poeng føre Vidar Underseth/Leikny Aasen (95 p) og Erik Onstad/Ellen Persvold (94). I B-klassen dans hardingfele vart Erik Onstad/Ellen Persvold/Tone Vvoldhaug  best (98 p) føre årets norgesmeistrar på landskappleiken Ami Pettersson/Håkon Dregeli som kom både på 2. plass (rudl 96 p) og 3. plass (springar 93 p). I  C-klassen vart Torkjell Lunde Børsheim/Eli Børsheim best (springar 86 p) og nestbest (rudl 81p) langt føre dei neste. I dans B-klassen fele vann Anne Eidsand m/fylgje (80 p). I lausdans klasse A vart Martin Myhr best (99 p) føre Rolf Bjørgan (92 p). I lausdans imponerte likevel Torkjell Lunde Børsheim mest -  som C-klassing fekk han heile 92 poeng! Alle resultata her.

 (11/8-02)
Per Anders Buen Garnås beste spelemann under Jørn Hilme stemnet
Han vann hardingfele klasse A med 137 poeng føre Jan Beitohaugen Granli (134), Gro Marie Svidal (133) og Erland Joplassen (131). I spel fele klasse A vann Torill Aasegg (131 p), føre Andreas Ljones (129) og Tore Rødølen (126). Spel hardingfele klasse B vann Britt Pernille Frøholm (121 p) føre Johanna Lone Rognved (117)  og Ingvild Kleiveland Vevle (111), og spel fele klasse B vann Kari Grøsland (116 p) føre Mari Skeie Ljones (110) og Anne Eidsann (93). I spel langeleik solo senior vann Ole Aastad Bråten med heile 138 poeng føre Ingvild Lie. Beste kvedar i A-klassen vart Camilla Granlien (125 p) med Olav Semb på neste plass (123 p). Heile resultatlista her.

 (11/8-02)
Bestillingsverk til Jørn Hilmestemnet gjorde stor lukke
Avisa Valdres fortel at det vart ei stor oppleving å høyre bestillingsverket "Mellom himmel og hav"  som vart framført under stemnet. Dei somlaga verket, og også framførte det, er Vegar Vårdal (Bærum), Kjersti Vindal (Trondheim) og Henning Andersen (Valdres). Vårdal og Andersen spela fele medan Vindal, som er klassisk skolert og spelar i symfoniorkester i Trondheim og Helsinki, spela harpe.
  (11/8-02)
Jørn Hilme stemnet avvikla på ein finfin måte også i år
Hilmestemnet i slutten av juli har gjennom dei siste åra funne si form, som ein av våre mest spennande festivalar. Det vakre området på Valdres Folkemuseum er ei fin råme for intimkonsertar og kveldsdans på mange golv, og Kulturhuset høver godt til tevlingane og dei større konsertane. Til saman var det om lag 5000 besøkande, det same som rekordåret 2001. Biletet viser litt av lagdansen på utescena på Museet.  Meir info frå festivalen her. Heile resultatlista her.
  (29/7-02)
Ingar Ranheim fekk Haldor Røynes ærespris under Jørn Hilme stemnet 2002
Under Jørn Hilme stemnet på Fagernes siste helga i juli, fekk Ingar Ranheim tildelt Røines ærespris for sitt omfattande arbeid for folkemusikk og dans. Han er no styrar på Valdres Folkemuseum og kjent som ein av våre beste dansarar og langeleikspelarar.

 (29/7-02)
Gruppa "Krøklun" frå Sør-Fron på konsertferd heilt til India
I oktober skal gruppa i regi av Rikskonsertane heilt til Østen. Dei tre jentene i "Krøklun" er Jorunn Alme, Ragnhild Stensrud og Ingunn Bø, som alle er 21 år. Meir her.

 (26/7-02)
Folkemusikkens dag på Hadeland Folkemuseum søndag 28. juli
Det blir spel og dans, og mellom artistane finn vi Hadeland Spelemannslag, Furuleiken Spel- og danselag, Rasardor’n og Toves. Publikum kan også vere med på dansen. Meir her.

 (24/7-02)
Spennande "Gå gardimellom" på Rudi Gard
I denne veka, 19 - 28 juli, er det mykje som skjer på Rudi Gard i Gudbrandsdalen. Måndag var det fullt hus - 350 personar, i "Fjostrevet". Onsdag er det Ingunn Linge Valldal og Knut Ivar Bøe, torsdag mellom andre Reidar Svare, Amund Bjørgen og Bjørn Odde og fredag P.A. Røstad’s jr. orkester med Einar Olav og Gjermund Larsen og Sør-Fron spelemannslag. På dagtid er det kurstilbod med artistane. Meir her.  Sjå også her.

 (24/7-02)
Førdefestivalen tilset ny informasjonsmedarbeider i full stilling
Stillinga er nyoppretta og utlyst i siste nummeret av Spelemannsbladet (5/2002) og frist for å søkje er 10. august. Sjå her

 (23/7-02)
Distriktskappleiken på Tretten 13 - 15 september
Laget som skipar til kappleiken er Vardkampen spell og danselag, som vart starta så seint som i 1986. Tevlingane blir mest i Trettenhallen. Fredag blir det lagspel og lagdans, laurdag dei andre klassane, og søndag er det Meisterkonsert.

 (23/7-02) 
Randi Torgersen sluttar i Den norske Folkemusikkscena
Randi Torgersen sluttar og byrjar i ny jobb på Rikshospitalet 1. oktober, 3 månader før 3-årsprosjektet er slutt. Den norske Folkemusikkscena har elles mange tiltak for året som kjem.

 (22/7-02)
Polsen får sin eigen festival: I Melhus 20-21 september
Fjordårets arrangør av Landsfestivalen , Søndre Trondhjem spellmannslag, skipar til nordisk polsfestival med mottoet "pols uten ende", fortel Arild Hoksnes til Spelemannsbladet. Tre sterke namn frå Røros er alt klart: "Småviltlaget", "Dalakopa" og Sven Nyhus. Det skal også kårast "Drømmespellemann", den beste dansespelemannen. Meir på Internett.

 (22/7-02)
Tida for gammaldans i Førde nærmar seg
I tida 1 - 4 august skipar Indre sunnfjord Spelemannslag til Landsfestivalen i gamaldansmusikk. Dei ventar 5000 besøkande til festivalen, og dei aller fleste kjende orkester og grupper er å finne mellom deltakarane. Til saman blir det ca 1000 deltakarar innan gruppene solo, gruppe og lagspel.Stemneleiar Sigmund Eikås fortel til BT at han er mest ottesam for økonomien. Meir her.

 (22/7-02)
Leikarringen Symra i Oslo har vore på vellukka sumartur til Irland
Mange lag og ringar reiser utanlands i ferien. I år vart sumarturen i Symra lagt til Irland - eit land der interessa for folkedans og folkemusikk har auka kraftig i seinare år. Til saman 30 deltakarar lærde seg irsk setdans  og stepdans, og fekk også synt norsk folkedans både på vestkysten og i Dublin. Meir her.

 (22/7-02)
Noregs Ungdomslag: To stillingar er ledige
NU lyser ut to stillingar, som Informasjonsmedarbeiar og som Sekretær. Meir info her.

 (21/7-02)
"Nivelkinn" kjem på CD 1. august 2002
Der er Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga som har gitt Aslaug Vaa sin diktsyklus ei musikalsk drakt. Produksjonen vart framført på Telemarkfestivalen for eit år sidan i 2001, og kjem no som CD på Heilo/Grappa. Dei to har seinare framført stykket på mange ulike plassar rundt om i landet. Meir her.

 (21/7-02)
Middelaldermusikkfestival i Oslo i Olsokhelga 26-29 juli
I Oslo er det fleire arrangement med musikk frå middelalderen, gjestespel og dans. Meir her.

 (20/7-02)
Rekorddeltaking på Strunkeveko i Valdres
Over 100 er påmeldt til Strunkeveko som startar søndag 21. juli. Det er ny rekord. Mange har delteke på alle dei 5 "vekene", og stadig nye kjem til. Viktigaste grunnen til den store interessa ligg i dei mange dugande instruktørane: Til dømes Gjermund Larsen , Knut og Ole Aastad Bråten, Martin Myhr,  Ami Petersson, Leif Inge Schjølberg og Håkon Høgemo.  Meir her.

 (20/7-02)
Helga 19-21 juli 2002: Dansefestivalen i Nord-Sel
Det er mange gode orkester samla på festivalen. Uhlens kvintett kjem med samle-CD "Gjensynsgldede". Ny CD kjem også Jan Borset med. Tylden & Co kjem også og andre gode orkester. Meir her.

 (20/7-02)
Leikarringen i BUL Kongsberg dansar for turistane kvar onsdag
Kvar onsdag i ferietida dansar dei på Lågdalsmuseet på danserampa utafor Glitre kafé ved Lågdalsmuseet. Lyngdalsguten Bård Vegard Bjørhusdal spelar. Meir her.

 (20/7-02)
Geir Egil Larsen foreslår Storebekkens minnepris
I eit brev til ordføraren i Tolga kommune oppfordrar Larsen kommunen å opprette ein minnepris for at vi skal minnast det store arbeidet Storebekken la med for eldre norske folkemusikkinstrument og for folkemusikken i det heile.
Meir her.
 (20/7-02)
Titanofestivalen 2002: Småviltlaget tok kongepokalen
NM i gamldansmusikk var avvikla under Titanofestivalen på  Vinstra. I skarp komkurranse med 36 andre orkester vann Småviltlaget frå Røros. Med i Småviltlaget er Magne Eggen Haugom, Tron Steffen Westberg, Jan Frostvold, Rolf J. Feragen, Oddmar Kjerrengvoll, Ola Kjerrengvoll og Helge Mølmann. Småviltlaget vann også Landsfestivalen i 1999 og 2001.  Jutullaget frå Vågå tok sølv og Fiin Gammel Årgang fraå Lom tok bronse i orkesterklassen. "3 små vestlendinger" kom  på fjerdeplass og «Øyvinds» frå Oppland kom på femte. Hovuddomar i juryen var Jon Faukstad.
Øivind Sandum frå Lalm vann solistklassen i durspel senior. Best i juniorklassen vart 16 år gamle Trude Lien Saatvedt frå Efteløt.
Meir om Titanofestivalen her: Arbeidets Rett,  Gudbrandsdølen/Dagningen, Laagendalposten.

 
(18/7-02)
Svært mange festivalar - Norsk Kulturråd vil granske det
Talet på festivalar har auka kraftig dei siste åra, og det fører til ei desentralisering av kulturlivet i landet. Det er forskingsleiar Svein Bjørkås som seier dette til Nationen. Meir her. 

 (18/7-02)
Johan Einar Bjerkem attvald som leiar i NU
Noregs Ungdomslag har hatt årsmøte og landsstemne på Beitostølen. Som kjent har stemnet fått ei anna form enn før, og også eit anna namn - Folkekulturfestivalen. Johan Einar
(biletet) er stort sett nøgd med festivalen, fortel han til Nationen. Det var 130-140 utsendingar som deltok på årsmøtet og så var det ca 70 ungdomar som var med i "Noregs Ungdomsring". Her er glimt frå festivalen i avisa Valdres. Yttriprisen for 2002 gjekk til avisa "Dag og Tid".
På framsyningskappleiken deltok Bul Bergen og BUL Ervingen, Haugtussa Leikarring og BUL Nidaros. BUL Nidaros vann og Haugtussa Leikarring fekk publikumsprisen

 (18/7-02)
Detakarlistene til Landsfestivalen i Førde er klare
Deltakarlistene til Landsfestivalen 1 - 4- august er no klare. Her kan du finne meir informasjon om festivalen.

 (18/7-02)
Førdefestivalen 2003 blir EBU-festival
Dagleg leiar Bjørkum fortel at neste år har EBU har valgt ut Førde Internasjonale folkemusikkfestival som vert for "Contemporary folk music festival", eller samtids-folkemusikk. Det betyr at alle EBU-landa sender ei gruppe kvar til festivalen. Den europeiske festivalen har vore i Norge berre ein gong før. Meir om det her.

 (18/7-02)
Førdefestivalen 2002 med 31000 besøkande - 2000 fleire enn i fjor
Dagleg leiar Bjørkum fortel at dei har hatt fleire utselde forestillingar enn før 11 konsertar gjekk for fulle hus. Her finn du litt om det som er skreve om festivalen. Ballade,  Avisa Firda, Bergens Tidende, NRK, og
Førdefestivalen sine eigne sider.
 (18/7-02)
Førdefestivalen er i gang med fengande dans og musikk
I år er fokus på musikk og dans frå Spania og Portugal, så det blir mykje fengande rytmer. Kulturministeren Valgerd Svarstad Haugland opna festivalen torsdag 4. juli. Også fylkesordførar Nils R. Sandal, ordførar i Førde, Aud Viken, styreleiar Sigmund Eikås og dagleg leiar Hilde Bjørkum deltok under opninga. Les meir her.

 (5/7-02)
Norild musikk vi distribuere gamaldans og folkemusikk sjølv
Norild musikk  på Sjøholt, som brørne Reidar og Kjell Opsal står bak, har lenge gjeve ut tradisjonsmusikk. No vil dei også få folkemusikken ut i butikkane så folk kan få kjøpe musikken. Dei hadde også stand på Landskappleiken i Vågå. Les meir om dette hjå NRK.

 (5/7-02)
Juli-artisten i Norsk Folkemusikkatalog: Ante Mikkel Gaup
Gaup er også første joikaren som er med i Norsk Folkemusikkatalog. Han gav våren 2002 ut CD'en "Joikar i rimskogen". Gaup er aktiv både som utøvar og som kurslærar på fleire festivalar, mellom andre Fjellfestivalen på Åndalsnes 11-14 juli og Riddu Riddu Festivala i Kåfjord i Troms 17-21 juli. Han fekk også nyleg Kautokeino sin kulturpris.

 
(5/7-02)
Fire norske ungdomar til EUROFOLK i august
Dei fire som er uttekne til å representere Noreg er: Ottar Kåsa (hardingfele), Vigdis Liahagen (kveding), Irene Tillung (accordeon) og Åshild Vetrhus (kveding). I midten av august samlast dei  i Parthenay, Frankrike, med 70 andre ungdomar frå 15 europeiske land. Meir info her.

 (4/7-02)
Familien Larsen frå Verdal mestvinnande på Landskappleiken
Familiefaren Geir Egil Larsen har gjennom åra teke mange 1.-premiar på eldre folkemusikkinstrument. Også i år vart han best, denne gongen på bukkehorn, og nr 2 på fløyte senior. Men no er det sønene Gjermund og Einar Olav som særleg tar for seg av dei beste premiane. Gjermund vart best i kl A fele og dei to brørne vart saman best i gruppespel fele senior. Gjermund vart også nr 4 i spel hardingfele klasse B. Han er også med i Majorstuen spelemannslag som vart best i open klasse og nr 3 i lagspel fele senior. Vi gratulerer!
Biletet viser Einar Olav (til venstre) og Gjermund (høgre) då dei fekk feleknappen i gull under NU-stemnet 2001 (Vegard Vårdal i midten fekk også knappen)
  (4/7-02)
Fine reportajer frå Landskappleiken på NRK sine Internettsider
NRK har i år lagt ut fine reportasjar og mange bilete frå Landskappleiken 2000 i Vågå. Det er Gunn Gausemel som har ansvaret for dette.  Her kjem du til ei "samleside" for stoffet.

 (3/7-02)
Norsk Folkemusikkfond sin pris for 2002 til Tor Stallvik
Under Landskappleiken i Vågå fekk Tor Stallvik prisen for 2002 for sin store innsats of norsk folkedans og folkemusikk. Les meir om det på NRK.

 (3/7-02)
Magne Kvamme fekk Gullmedalje for si hardingfele på Landskappleiken
Det vart i år delt ut ei gullmedalje i feleutstillinga, og det hender ikkje ofte! Det var vår kjente felemakar Magne Kvamme som hadde laga denne hardingfela. I hardingfeleklassen var det tre sølvmedaljer og i vanleg fele var det 2 sølvmedaljer. Les meir her på NRK.

 (2/7-02)
Kulturskribent Ida Lou Larsen i Nationen heidra på Landskappleiken
Som kulturjournalist i Nationen har Ida Lou Larsen i mange år skrive mykje om folkemusikk. Ho har teke folkemusikken på alvor, vart det sagt då ho under Landskappleiken i Vågå vart heidra av LfS for sin innsats med eit dansebilete av Bjørgum. Ho har no slutta i Nationen.

 (1/7-02)
Landsfestivalen i Gamaldansmusikk Otta 2003 igjen i juli
Styret i LfS har nyleg vedteke at frå neste år, 2003, skal Landsfestivalen igjen bli i juli slik som før, 16-20 juli.

 (1/7-02)
Landskappleiken 2002: Open klasse truleg komen for å bli
Det var mykje folk og stor stemning under Open klasse, som vart gjennomført for første gong som vanleg tevling under Landskappleiken. Her er det rom for "uvanlege" instrument, samansetningar og musikkformer. Majorstuen Spelemannslag vann førsteprisen. Meir om open klasse her

 (1/7-02)
Tre nye heiderslagsmedlemer i LfS utnemt under Landskappleiken i Vågå
Randi og Peder Gullikstad vart æresmedlemer for sitt langvarige og gode arbeid med Rørospolsen, og Sigmund Eikås for sitt omfattande arbeid som spelemann, lærar og organisator i norsk folkemusikk. Biletet viser dei tre på scenen under utnemninga.
 
(1/7-02)
Nokre resultat frå Landskappleiken i Vågå 2002
Kongepokalen gjekk til Håkon Dregelid og Ami Petersson frå Voss  (biletet) i dans hardingfele (Vossarull). Dei dansa i B-klassen. Dei to andre finalepara,  begge frå A-klassen, var Hæge Manheim og Øystein Romtveit (Telespringar, 2. plass) og Gunnlaug Lien Myhr og Geir-Helge Espeset (hallingspringar, 3. plass). 
Best i spel klasse A vanleg fele var Gjermund Larsen, Verdal. På neste plass kom Erik Bjørke, Sør-Fron, og på 3. plass Tron Westberg, Brekken. I hardingfele vart Jan Beitohaugen Granli
(biletet), Øystre Slidre best, med Per Anders Buen Garnås, Bø,  nr 2 og Øyvind Brabant, Nesbyen, på 3. plass. Gjermund Larsen, som var ny i A-klassen, fekk også andre gode resultat: Saman med broren Einar vann han gruppespel fele og han var med på vinnarlaget Majorstua spelemannslag i open klasse. Beste kvedar senior vart Jon Anders Halvorsen Oslo/Lunde. Beste hallingdansar var Jon Ellingsen, Kongsberg. Indre Sunnfjord Spelemannslag var best i lagspel hardingfele, og Lom Spelemannslag på fele. Her kan du finne resultata frå kappleiken.  Her skriv GD om kappleiken: Lom best i lagspel og om kappleiken. "Valdres" skriv om Valdres-innsatsen. Her skriv Nationen.
 (1-7-02)
Ein strålande og fint gjennomført Landskappleik i Vågå 2002
Landskappleiken vart gjennomført på ein framifrå måte. Det var 1200 deltakarar på dei mange tevlingane, og publikum møtte trufast fram, og fylte ofte tevlingslokala. Og det var mange fine konsertar, med 50 årsjubileumsfesten for arrangørlaget Vågå Spell og dansarlag. Då var det nærpå 1500 menneske i salen. Fullt var det også på finalespelet laurdagskvelden og på meisterkonserten søndag. Kongepokalen var i år sett opp i dans hardingfele, og det var Håkon Dregelid og Ami Petersson frå Voss (frå B-klassen!) som vann. Og her er ein del bilete frå kappleiken.

 
(1/7-02)
Nye elevar ved Ole Bull Akademiet, Spelemannsskulen og Kvedarskulen hausten 2002
Dei nye som frå hausten byrjar ved Kvedarstudiet er: Linda Røyseth, Meland. Sigrid Randers-Pehrson, Sortland. Tore Jorunn Tveitl, Tokke.
Dei fem nye på spelemannsskulen er: Nina Owren Furuli, Fron. Jan Beitohaugen Granli, Øystre slidre. Helene Høye, Oslo. Gro Marie Svidal, Jølster. Øyvind Sandum, Vågå.

 (1/7-02)
"Norsk kvedarforum" er stifta
På eit seminar i Bø i Telemark i april vart det nedsett eit interimstyre for Norsk Kvedarforum. I dette styret sit Jarnfrid Kjøk (leiar), Margrethe Nordmoen, Ingvill Marit Granås, Borghild Hardang og Agnes Buen Garnås. Det var i alt 34 deltakarar på seminaret som var skipa til av Høgskolen i Telemark, Folkeakademienes Landsforbund, Folkeakademia i Telemark, NFD og LfS. 

 (27/6-02)
LfS må betale kr 40 160 til TONO for spel på kappleikane
Landslaget for spelemenn må betale dette for folkemusikk som blir framført på Landskappleiken, Landsfestivalen og dei andre kappleikane rundt om. LfS er ikkje nøgd med avtalen les vi i Spelemannsbladet (4/02). LfS har difor sendt brev til Kulturdepartementet og ber om "avklaring på kva grunnlag TONO kan krevje inn vederlag for bruk av musikk som ingen har opphavsretten til".

 (27/6-02)
Norsk Folkemusikkfond har delt ut kr 75 000 for 2002
Det er NRK og LfS som står bak fondet. Dei som har fått stønad (mest til CD-utgjevingar) er: Ingvill Marit Granås, Tone Hulbækmo, Tom W. Rustad, Frode Rolandsgard, Gunnlaug Lien Myhr, Anders J. Røine, Tore Bolstad. Dessutan blir ein Folkemusikkpris på kr 15000 delt ut under Landskappleiken. Det var i alt 30 søknader.

 (27/6-02)
Ole Bull Akademiet får ny rektor og ny kunstnarleg/pedagogisk leiar
Frå første januar er det ledig stilling som rektor ved Akademiet på Voss. Jostein Mæland har til no vore rektor. Og no vert stillinga lyst ledig i spelemannsbladet (4/2002). Det blir også lyst ut full stilling som kunstnarleg og pedagogisk leiar for spelemannsskulen og kvedarskulen og det nye folkemusikarstudiet som startar frå hausten 2003.

 (27/6-02)
Ny CD med opptak av Torleiv H. Bjørgum
Sylvartun Folkemusikk gjev ut den første CD'en i ein serie som vert kalla Bjørgumspel. Opptaka er frå 1977 og 1987, og ei ei blanding av stev, hardingfele, fele og munnharpe. Den første CD'en har namnet "Farkadden".

 (27/6-02)
Mykje spennande på Rudi Gard i juli
I juni sytte Annbjørg Lien og Jonas Fjeld for fulle hus og stor stemning på Rudi Gard. Stort dårlegare blir det ikkje i juli. Frå 19. til 28. juli vert det konsertar, kurs og utstilling og folkeliv kvar kveld. Mange av våre fremste folkemusikarar er i sving: Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga (song), Ingunn Linge Valldal og Knut Ivar Bøe (samspel og artisteri), Reidar Svare (song), Bjørn Odde og Amund Bjørgen (fele), Knut og Bodil Odnes, (springleik og gamaldans) og Einar Olav Larsen (fele), Leif Rygg (hardingfele), Krøklun (fele) og fleire. Meir info her.  

 (27/6-02)
Telemarkfestivalen har gjort klart til kongeleg vitjing
Telen fortel at no er alt klappa og klart for at Prisesse Märta skal kome og opne Festivalen i Bø torsdag 1. august. Her skal mellom andre Olav Sem fortelje eventyr for Prinsessa. Meir her. Om Telemarkfestivalen her.

 (26/6-02)
Sandnes Spelemannslag legg ned aktiviteten
Spelemannslaget har eksistert i 20 år og gjeve ut 2 CD'ar og spela på 600 dansekveldar. Men no er det slutt. Nokre i laget vil slutte, og då synest dei det er like godt å legge ned heile laget. Les meir her.

 (26/6-02)
Kamp om kongepokalen i Vågå
Laagendalsposten skriv at Hellik Dokka og Ingeborg Herigstad er mellom dei som førebur seg til kappdansen i Vågå. Dei er to av dei 1200 deltakarane, som gjev til saman ca 600 startnummer. Meir her.

 (26/6-02)
Heidølingen Øyvind Flaarønningen Smith tildelt Øyvind Bergs minnepris 2002
Prisen er på 10 000 kr og blir tildelt under Peer Gynt-stemnet. Øyvind er dugande både klassisk, i folkemusikk og gamaldansmusikk. Øyvind har samarbeidd med Terje Rusten og Emil Krukhaug i gruppa Heidaltrolla. To gonger har dei vunne open klasse under Landsfestivalen i Gammaldans. Dei har også vore på turné med folkemusikarar frå heile Norden. Øyvind Smidt har også vunne klassen for solospiel to gonger på Landsfestivalen. Meir her    og   her.

 (26/6-02)
Mykje spennande på Jørn Hilmestemnet 2002,  22 -28 juli
Vi har fått påminning om Hilmestemnet, og det blir mykje variert og godt program, i tilleg til tevlingane. Her er nokre stikkord:  Hauk Buen (hardingfele), Tore Bolstad (hardingfele), Frank Rolland (hardingfele) og Berit Opheim (kveding), Hege Nylund (kveding) og Atle Lien Jensen (fele m.m.), forfattaren Margit Sandemo i lag med Jan Arne Sebuødegård (hardingfele), Ole Aastad Bråten og Knut Aastad Bråten (langeleik). Tingingsverk av ungdomane Kjersti Vindal (klassisk harpe), Vegar Vårdal (fele og hardingfele) og Henning Andersen (hardingfele og langeleik), Majorstuen spelemannslag, Hått, P A Røstad, busstur til Øystre Slidre med spel og historier og plateslepp med opptak av Harald Fylken.. I tillegg kjem det fleire konsertar med elevar og lærarar på Strunkeveko.

 (25/6-02)
"Geitungen" sel godt den nye CD'en
Gruppa "Geitungen" frå Haugesundområdet sel godt og har selt alle dei 700 eksemplara av CD'en sin "Vaniljesaua". CD'en inneheld stoff frå Rogaland og Sørlandet og litt irsk musikk. Dei var månadens plate i Etnisk Musikklubb. Det er haugesunds avis som skriv dette.
 
(20/6-02)
Lidvin Osland frå sogn og Fjordane fekk Husflidslaget si gullmedalje
Han har fått Norges Husflidslags gullmedalje for arbeidet han gjord for laget dei åra han var styreleiar frå 1986 til 1989.

 (20/6-02)
Lars Fykerud blir heidra i heimekommunen
Det er 100 år sidan han døydde, og Sauherad vil heidre den store spelemannen Lars Fykerud. I jonsokhelga er det fleire tilskipingar. Sjå her kva Telen skriv om jubileet.

 (20/6-02)
Flott folkemusikkmønstring i Grieghallen i Bergen.
I samband med Ole Bull Akademiet sine utvidingsplanar vart det ein framifrå festkveld i Bergen. Det var 1100 til stades som fekk oppleve noko av det beste innan folkemusikk, kveding og dans. Kjende namn som Arve Tellefsen, Leif Rygg, Jon Eikemo, Liv Bernhoft Osa, berit Opheim, Steinar Ofstad og mange andre stilte opp på konserten. Langt referat frå konserten her.

 (20/6-02)
NRK til staders på Landskappleiken i Vågå
NRK fortel at dei skal til Vågå på Landskappleik. Nytt av året er at det også blir overført lyd via Internett. Kjetil Bjørgan og Leiv Solberg vil begge vere til stades. Les her kva NRK skriv om Landskappleiken.

 (20/6-02)
NFD med langt høyringssvar om utgreiinga om folkemusikk og folkedans
I svartet sitt seier NFD at det bør opprettast eit nasjonalt produksjonsmiljø for folkemusikk og folkedans. Dei meiner det må bli utdanning i dans på line med det som finst i musikk. Og at Rådet for Folkemusikk og folkedans blir omorganisert. Les meir her.

 (20/6-02)
Førde-Festivalen på TV i NRK søndag 23. juni
Kl 23.15 kan vi oppleve fjorårets festival på TV. Slik lovar NRK at det skal bli: "
Det syder av musikk, dans og glede i Førde. Et intenst møte med fjorårets internasjonale folkemusikkfestival som nå har slått rot og blitt en årlig begivenhet."
 
(20/6-02)
Hundre deltakarar på Sommerballet 2002 til Kvadriljetten
Ca 100 deltakar på sommerball - det er festleg og fott! Kvadriljetten stildansgruppe skipa til sitt 3. sommarball dennne gongen i eit nyoppussa Sundvolden Hotell, og med større daltaking enn før. Det var dansarar heilt frå Danmark og Sverike, og mange frå Arendal, og frå stildanslag og leikarringar rundt om på Austlandet.  Christiania Tour og Runddansorkester sytte for fin musikk - og det var eit krevjande og spennande danseprogram. Nesten 60 av dansarane deltok på kurset tidlegare på dagen. Her kan du sjå fleire bilete frå ballet.

 
(17/6-02)
Stor interesse for Nordvesttreffen - og det vart suksess!
Helga midt i juni er tida for den 7. Nordvesttreffen i Aure på Nordmøre. I år møtest 80 spelemenn på trekkspel og torader. Meir i Tidens Krav. Tidens Krav kan også fortelje at det vart suksess. Les meir om det her.

 (15/6-02), oppdatert (17/6-02)
Oppland: Kulturmidlar til Vegar Vårdal, Knut Kjøk og Dag Gården.
Oppland fylkeskommune har fått ein halv million kroner av staten til tradisjonsmusikk dei neste 2 åra, og desse er no fordelt. Halvparten av pengane går til Vegar Vårdal frå Bærum (!), og den andre halvparten blir delt mellom Knut Kjøk og Dag Gården. Dei to er begge musikkskulelærarar, og kjem med ein ny CD no i juni. Vårdal vart hausten 2001 ferdig på Musikkhøgskolen og har etter det vore danselærar-vikar i Malung i Sverike. Vårdal er både spelemann og dansar. Han vil i tida som kjem delvis bu i Bærum og delvis i Vågå, der kjærasten bur. Du finn meir i GD.

 (15/6-02)
NRK gjorde det bra i ein konkurranse om verdensmusikk: 4. plass.
Det var 16 radioprogram frå heile verda som deltok på Deutsche Welle – World Music Award 2002. Og NRK kom på 4. plass med eit program som Kjetil Bjørgan hadde laga. Programmet var med Elisabeth Vatn om den  nordiske sekkepipa, sendt i Folkemusikktimen i september 2001. Det var Belgisk radio som vann. Meir her.
 (15/6-02)
Landskappleiken 2002 i Vågå: Den største sidan Vågå 1996.
Leiaren for hovudnemnda for Landskappleiken Knut Odnes fortel til GD at det blir 570 startnummer, alt i alt. Dette er like oppunder tallet frå kappleiken  i 1996. Det er litt svikt i deltartalet i hardingfele klasse A (13 mot 22 i Rauland). I Rauland var det ca 410 startnummer totalt. I flatfele klasse A vert det 20 deltakarar - mange av dei beste i landet. Også i lagspel vert det mange fleire enn i fjor.

 (15/6-02)
Ole Bull Akademiet treng 5 millionar til utviding
Rektor Jostein Mæland fortel til Bergens Tidende at dei vonar å få pengar av Utdanningsdepartementet. Så langt har ikkje Akademiet fått statlege løyvingar frå Utdanningsdepartementet til utbygginga. Totalt vil utbygginga koste 10,5 millionar. Men Kulturdepartementet har løyvt pengar. Dei arbeider også med å få til ein bachelor-grad for folkemusikk som ein del av samarbeidet med Griegakademiet og Universitetet i Bergen. 

 (15/6-02)
Øyvind Barabant vann Fanitull-tevlinga 2002 i Ål 
I år vart det heimesiger til Øyvind Brabant (bilete), med Vegar Vårdal på andreplass og  Øyvind Vabø på tredje. Som kjent er det pengepremiar på dei tre beste (kr 15000, 10000 og 5000). Elles les vi at gruppa "Dvergemål" gjorde stor lukke med songar og salmar av Elias Blix. Like eins gjorde skodespelaren Ola Otnes og Knut Buen stort inntrykk med den nye framføringa om Lars Fykerud. Meir her.

 (10/6-02)
Fint Bygdelagsstemne på Folkemuseet på Bygdøy
Det strålande veret laga ei flott ramme om Bygdelagsstemnet 2002 , den årlege mønstringa som laga i BLS i Oslo har på Folkemuseet. Det er folkedansen som står i sentrum på desse stemnene: Barna dansar, leikarrringane dansar, bygdelaga dansar, og dei dansar all slags dans og i mange tun. På biletet er det borna i barnelaga i BUL og i BLS som er i aktivitet. Om kvelden var det folkedanskveld for alle. Her kan du sjå nokre biletet frå stemnet.

 (10/6-02)
Magnhild Almhjell frå Tingvoll heidra med konsert
Ho var ei av våre fremste kvedarar og tok vare på svært mykje verdfull folkesong frå Nordmøre. Søndag 9. juni var det konsert på garden Åkerfallet der ho levde store delar av livet sitt. Det var 250 personar til stades på konserten der Anne Kleivset, Berit Lillevold, sangkoret Orklang og Gla'foten dansarlag var i aksjon. Kanskje kan dette blir ei årsleg tilskiping skriv Tidens Krav.

 (10/6-02)
Preika vert illustrert med folkedans og folkemusikk i Elverum
12 folkedansarar frå Elverum danselag skal illustrere sokneprest Sevat Lappegards preiken i Triangelparken i Elverum søndag, skriv avisa Østlendingen. Pilgrimsmotivet står i sentrum, fortel presten. Bjørn Skaug skal blåse på lur, Helga Møller spele fele og Margit Kristin Lappegard syng folketonar.

 (8/6-02)
Ny utgåve av Årbok for Norsk Folkemusikk
Årboka 2002 kjem for 11. gong, og som vanleg har ho eit spennande innhald. Det er NFD som gjev ut Årboka og Tore Skaug i Kviteseid er redaktør. Av innhaldet kan vi nemna eit intervju med Agnes Buen Garnaas, om spelemannen Salve Austenaa (1927-), om Eivind Groven, om Aslak Brekke, om Folkemusikken i Gudbrandsdalen, om slåttenamn i Numedal og om spel på Besso på Hardangervidda. Meir her.

 (8/6-02)
Bruvoll/Halvorsen er månadens artist for juni på Norsk folkemusikkkatalog
Tore Bruvoll er gitatist og Jona Anders Halvorsen er kvedar. I sommar skal dei vera med på: Mjonøyutstillinga, - Viser ved kanalen,  "Kulturpubben Skuret", EBU- festivalen og  Førdefestivalen. Du finn meir om gruppa her.
 (8/6-02)
Dagfinn Nupen fylte 70 år 8. mai
I ein mannsalder har Dagfinn Nupen vore ein sentral mann i folkemusikkmiljøet i Møre og Romsdal. Han er særleg kjent som ein framifrå utøvar på eldre folkemusikkinstrument. Han har 25 førstepremiar frå Landskappleiken. I kjellaren sin heime i Ørsta har han eit heilt museum med gamle instrument. Nupen er også svært interessert i idrett og er framleis aktiv.

 (6/6-02)
Låvende saker på Rudi Gard er igang!
Fredag 7. juni startar "sesongen" på Rudi Gard med konsert med Annbjørg Lien, Roger Tallroth og elevar ved Vinstra vidaregåande skule. Det startar med buskspel og servering frå kl 19, og etter konserten er det Låvepubb og folkeliv. Seinare i sumar er det tilstellingar både i juni, juli og august.
 (6/6-02)
Gruppa "Vintermåne" har plateslepp 10. juni
Med i gruppa er Anne Gravir Klykken, Frøydis Grorud og Torjus Vierli. Slepp-konserten er på "Fabrikken" i Oslo kl 20, Nedregate 7.

 (6/6-02)
Ny samarbeidsavtale mellom NFD og Musikernes Fellesorganisasjon
Formålet med avtalen er å styrke arbeidet for  medlemmene i saker av sams interesse. Dei to organisasjonane har også før samarbeidd om ein del saker, men samarbeidet vert no formalisert og utvida. Musikernes Fellesorganisasjon er fagorganisasjonen for musikarane.
 (6/6-02)
Folkemusikkstevnet ved Eidsvoll Bygdetun avlyst i 2002!
På grunn av manglande stønad frå Norsk Kulturråd, er stemnet i 2002 avlyst. Dei vil satse på nytt stemne neste år. Det er Solveig Dahl ved Eidsvoll Museum som opplyser dette.

 (6/6-02)
Mange Telemarkskommuner gir blaffen i folkemusikkarven
I avisa Varden er arkivar Kari Lønnestad lei seg for at halvparten av kommunene i Telemark ikkje støttar Folkemusikkarkivet i Telemark, trass i at det berre kostar  kr 5000 -15000 per år. Begge "fødselskommunene" til Myllarguten stå utanfor ordninga. Det er bortimot 12000 lydkutt i arkivet, fortel Lønnestad.

 (3/6-02)
Rekordbesøk på Folkemusikkveka på Ål
NRK Buskerud fortel at Folkemusikkveka hadde fleire besøkande i år enn før. Over 4000 var innom dei over 40 tilskipingane. Det er meir enn 20% auke frå i fjor. Men styreleiar Bjørn Lien fortel at dei enno ikkje veit om det blir overskot eller underskot.

 (3/6-02)
Musikkens dag vart markert med stort program
Laurdag 1. juni vart Musikkens dag markert for 11. gong mange stader. I Oslo var det dans på 13 ulike plassar. Folkemusikken hadde sin plass på Egertorget som vanleg. Laget for Folkemusikk hadde ansvaret der, og det var heile 15 innsalg mellom kl 12 og 16. Mest norsk dans og musikk, men også arabisk, flamenco og skotsk folkedans. Det var mange som såg på i det fine veret.

 (3/6-02)
Eksamenskonsert også med Åshild Vetrhus, folkesong
Konserten er i Levinsalen, Norges Musikkhøgskole 3. juni kl 1700. Med er også Tindra;  -Irene Tillung, akkordeon -Jorun Marie Rypdal Kvernberg, fele og hardingfele. Det blir viser, stev, religiøse folketonar og springarar m.a frå
 Suldal, Setesdal, Sauda og Sunnmøre.

 
(30/5-02)
Stor interesse for den 5. Strunkeveko i Valdres 21-26 juli
Det fortel NRK lokalradioen. To dagar før påmeldingsfristen går ut var det 82 påmelde. 100 er maksimum. Halvparten av deltakarane kjem frå Oppland. Håkon Høgemo og Leif Inge Schjølberg skal ha felekurs for vidarekomne. 

 
(30/5-02)
Eksamenskonsert for Ragnhild Furubotn og Synnøve S. Bjørset
Det er på Musikkhøgskolen, Levinsalen, måndag 3. juni kl 18.00. Musikk frå Helgeland, Salten, Røros, Sunnfjord, Sogn og Valdres. Også andre medverkar. Fritt å kome inn.

 
(29/5-02)
Sven Nyhus heidra på 70-årsdagen også i heimbygda
I "Arbeidets Rett" på Røros les vi at jubilanten også har blitt heidra i heimbygda, som rimeleg kan vere.

 (29/5-02)
Ny konsertserie under Førde-Festivalen4. -7. juli: "Norway Now"
Mellom dei som er med i serien er Synnøve S. Bjørseth og Anders Røine. 240 artistar frå heile verda kjem til festivalen i år.
Les meir om programmet her.
 (28/5-02)
Spennande program på Kalottspel 2002
I år er det igjen Kalottspel i Målselv, 6.-11. august, og programmet er sanneleg spennande. Det er mange konsertar, seminar i spel og dans, til dømes spel på  fele med susanne Lundeng og Ingunn Valdal, og bygdedanskurs med Kari Margrethe Okstad (påmeldingsfrist 20 juni). 

 (28/5-02)
Ei Hardingfele-hulder frå Brønnøya i Asker
I Asker og Bærum budstikke les vi om Tuva Syvertsen  som spelar i Bærum spelemannslag - ei av mange unge jenter i det laget. Stykket er ikkje heilt nytt, men les om Tuva her. Ho byrja med folkemusikk fordi far hennar ikkje kunne fordra det. Det er mange vegar til Rom! Tuva går no på musikklina ved Rud videregående skole.

 (27/5-02)
Spenning føre Folkekulturfestivalen på Beitostølen
I "Valdres" vert Mette Kahrs intervjua om den føreståande Folkekulturfestivalen - det nye namnet på NU-stemnet 5-7 juli. Ein av grunnane til det nye opplegget er vanskar med å få lag til å skipe til tradisjonelle NU-stemne. Som i år blir  stemnet  på Beitostølen også neste år. Årsmøtet i NU blir også avvikla samtidig. Mette er primus motor for årets festival.  Til prosjektet "Frå øvingsrom til scenegolv" er det plukka ut 19 unge NU-folk frå fleire lag. Målet er å skape nye gode utøvarar for NU-scenene. Det skal elles bli ein kjempe-revy med innslag frå lokale grupper. Ho fortel at dei samarbeider godt med "Destinasjon Beitostølen" om det praktiske opplegget, og at Valdres Ungdomslag og ungdomslaget Melleheim støttar godt opp om arbeidet. Det opne spørsmålet er nå: Kor mange vil slutte opp om Festivalen?  Mette Kahrs fortel elles at ho nyleg har busett seg i Vågå. 

 (27/5-02)
Hallgrim Berg skal ha det moro
Hallgrim Berg skal slutte som dagleg leiar i Fjell og Fjord Ferie. Eg skal først og fremst ha det moro, seier han til Hallingdølen, når han blir spurt om kva han no skal finne på. Han skal skrive litt, reise litt, spele litt og opptre litt. Og så skal han bu seg til EU-kamp. Han er innvald som medlem i arbeidsutvalet i Europarørsla.

 (27/5-02)
HiNe-turne i Troms
Ove Larsen og Snorre Magnus Sivertsen frå musikkseksjonen ved Høgskolen i Nesna, samt pensjonert musikkseksjonsmedlem Ole Rabliås, drar i neste veke på turne i Troms fortel avisa Rana Blad..  De har fått turnestøtte fra «Festspillene Turnè» til eit program som dei turnerte med på Helgeland i haust.
 
(27/05-02)
Bjarne Herrefoss er død
Bjarne Herrefoss frå Skafså/Tokke døde 15. mai 71 år gamal. Han var ein av dei fremste utøvarane våre på hardingfele og var den beste på mange kappleikar. Landskappleiken vann han 4 gonger, sist 1991 Han hadde eit særmerkt dåmrikt og lyrisk spel som på sitt beste er noko av det finaste vi har i norsk folkemusikk. Han vann spelemannsprisen i 1999 med plata som han gav ut saman med Knut Hamre og Hallvard Bjørgum. Han vart heiderslagsmedlem i LfS på Voss i 2000. Han deltok også på Landskappleiken på Rauland i 2001. Mange vil minnast Bjarne Herrefoss og spelet hans med stor glede. Meir her.

 (22/5-02)
Sven Nyhus fyller 70 år 21. mai 2002
Sven Nyhus må reknast som den fremste folkemusikaren i landet i 2. halvdelen av 1900-talet. Han har gjort ein eineståande innsats på så mange område - som spelemann, som tradisjonsberar, som lærar, som granskar og slåttekjennar, som komponist, som miljøskapar, programleiar i radio og på TV, som formidlar, som plateartist og som orkesterleiar.  For dette har han fått mange utmerkingar, no sist Kommandør av St. Olavs Orden. Den likaste utmerkinga vil likevel vere, trur eg,  den takk og påskjøning som kjem frå eit samla folkemusikk og danse-Noreg. Sjå her kva Nationen skriv. Vi gratulerer!

 (21/5-02)
Rff-nytt: Løyvingar til folkemusikk/dans
Pengane som vart løyvt på møtet 2/02 vart til Tiltaksmidlar (plater/opplæring etc): kr 328 000 fordelt av eit søknadsmasse på kr 1,2 millionar. Til den andre potten - stønad til formidling av folkemusikk og folkedans - var det 28 søknader på kr 844 000, og av dei fekk 16 innvilga kr 288 000 til saman. Her finn du fullt oversyn over begge løyvingane.

 (20/5-02)
Buskerudkappleiken 2002
For første gong (?) deltok ei taterjente - Laila Yrvum - og vann vokal folkemusikk klasse B. Elles var Øyvind Brabant best i hardingfele. Svein Westad vart best på eldre instrument. Jon Rysstad toppa dans klasse A gutar og Hæge Manheim jenter. 

 (20/5-02)
Folkemusikkline ved Fana Folkehugskole
Frå hausten 2002 startar folkehøgskolen med line for folkemusikk frå heile Europa. Skulen ligg i eit distrikt med rike tradisjonar i folkedans og musikk.

 (20/5-02)
Herefoss i ord og toner
"Sommerdag i ORD OG  TONER" er namnet på den omfattande kulturdagen i Herefoss laurdag 1. juni frå kl 12 til langt på natt. Mellom dei som er med finn me Erik Bye, Gunnhild Tommerås og Ragnhild Furholt, Otto og Halvdan Furholt, Annbjørg Lien med band, Elias Akselsen, Åsne Valland Nordlie, Yngvar Ustvedt og fleire.

 (20/5-02)
Stipend og inntekt til folkemusikarar
Ved årets første tildeling frå KUF, får også ein del folkemusikarar stipend/garantiinntekt: Sinikka Langeland (garantiinntekt), Jens A. Myro (eldre kunstnarar), Trygve K. Vågen (3-årig), Elin Persson Grytting, Gro Randen, Åse Teigland, Birger Midstreeggen  (2-årig), Mari Eggen, Vidar Lande, Sinikka Langeland, Geir Egil Larsen, Martin Myhr, Kjersti Wiik, Eli Storbekken (reise og arb.-stipend), Øystein Rudi, Ingar Zach (etableringstipend).

 (20/5-02)
Overskot
Landsfestivalen i gamaldansmusikk i Melhus i fjor gjekk med kr 376390 i overskot. Av dette går 112 000 til LfS skriv Nationen. Les om fjorårets festival her. Landskappleiken i Rauland 2001 fekk eit overskot på  189 550  og 34 046 gjekk til LfS.

 (20/5-02)
Ann Kristin Stakston med CD
Bestefaren var Oddvar Nygård, og no kjem ho med songar frå Gudbrandsdalen. CD'en "Arv" kjem på eige forlag. Det er både eigne viser og viser etter bestefaren.

 (20/5-02)
Det skjer mykje i Stockholm
Folkemusikhuset i Stockhom melder om mange ulike aktivitetar også i sumar. Sjå her.

 (20/5-02)
Folkemusikk-pub også på Hamar
Laurdag 1. juni er det pub på Svampen Student-pub. "Over Stok og Steen" startar kl 19.00. Deretter open scene og dans. Inngang kr 50/80. arr: Thomas Nilssen tlf 402 34 055

 (20/5-02) 
Furuleiken fyller 30 år
Furuleiken Spell og danselag på Harestua fyller 30 år og skal jubilere 17. og 18. mai med danske og svenske gjester.  Les meir her.

 (14/5-02)
Gruppa RUSK med debut CD
Folkemsuikkgruppa Rusk, med Frode Haltli, Unni Løvlid og Vegard Vårdal, er ute med si første CD som gruppe. Det er musikk frå Solør, både salmar, skillingstonar, polsdans og finske viser. Meir her.

 (14/5-02) 
Fint stemne i Alvdal
Helga før 17. mai hadde Hedemark Folkemusikklag stemne i Alvdal. Det var 140 dansande og spelande deltakarar med på det årlege stemnet. Meir her.

 (14/5-02)
Sommerball på Beitostølen i juni
Som kjent skipar NU i år Folkekulturfestival i staden for vanleg NU-stemne. Det det skjer på Beitostølen. I samband med festivalen skipar Bærum Balselskab til Sommarball fredag 5. juli. Her finn du meir informasjon om ballet.

   (14/5-02)
Feststund på Jørundgard
Det var 300 som opplevde Trondheim Symfoniorkester i strålande ver på Jørundgard fortel GD. Dei spela musikk av Magne Bø (78 år), arrangert av Henning Sommerro.

 (12/5-02)
Bunad over 7 sider i Dagbladet!
I Dagbladet sitt Magasin for 11. mai skriv dei om bunader over 7 heile sider. Dei skriv at næringa selde bunader for 730 millionar i fjor, det utgjer ca 40 000 bunader. Nesten 60 % av alle norske kvinner har i dag bunad. John Helge Dahl, som er frå Shanghai, sel bunader i Oslo for 3,5 per år. I husfliden er det bunader frå Gudbrandsdalen som er på 1. og 2. plass på salstoppen både for kvinner og menn.

  (12/5-02)
Olav Øraker er død nær 85 år 
Dansaren Olav Øraker frå Valdres døde 30. april og vart gravlagd frå Melbu kyrkje 8. mai 2002. Øraker budde det meste av livet i Oslo, og la ned eit stort arbeid innan folkedansen, særleg i Oslo Songdanslag og i Valdreslaget. Han var ein sers dugande folkedansar og ein av våre beste i Valdresspringar.

  (9/5-02)
Sven Nyhus blir feira i NRK og med konsert på Musikkhøgskolen
Sven Nyhus er snart 70 år og då sluttar han også som professor ved Musikkhøgskolen. Dette blir markert med ein konsert ved skulen onsdag 22. mai i Lindemansalen kl 20. I NRK vert det opptak av programmet i Folkemusikktimen 2. og 9. juni. Det blir også eit nytt portrettprogram med Nyhus i NRK2 18. mai kl 21 med reprise NRK1 20. mai kl 18.30. Meir her.

 (09/05-02)
"Skal, skal ikkje" til Førde-festivalen
Bestillingsverket "Skal, skal ikkje" blir no innøvd i Ål. Eldgrim Springgard har skreve stykket, og "Kvarts" står for musikken. Leif Stinnerbom har regien. Martin Myhr og Solveig Hårdnes dansar folkedans, Berit Opheim syng, Birger Mistereggen spelar perkusjon og brureparet blir spela av Øyonn Groven Myhren og Hallvar Holmen. Etter Førde skal dei ut på turne. Meir her.

 (9/5-02)
Innføring i norsk folkedans - 5 vekttal
Rff-sentret tilbyr saman med Folkekulturforbundet og NTNUvidere for studieåret 2002-2003 kurset: Innføring i norsk folkedans - 5 vekttall. Kurset gjev praktisk, teoretisk og metodisk innføring i norsk folkedans.
Kurset er retta mot lærarar. Søknadsfrist 1. juni. Meir info her.

 (7/5-02)
Trondheim symfoniork.  spelar Bø
Spelemannen og komponisten Magne Bø får nokre av komposisjonane sine framført av Trondheim symfoniorkester i pinsa. Det er Henning sommerro som arrangerer melodiane. Den 78 år gamle Magne Bø er svært spent, fortel han til Gudbrandsdølen/Dagningen.

 (7/5-02)
NRK droppar KappSpill 2002
KappSpill 2002 skal arrangerast på Røros 6.-8. september, men nå ser det ut til at NRK ikkje vil sende frå gamaldans- kappspelet. Første KappSpill var i 1990 og har vore skipa til kvart 3. år. Sist var det i Vågå i 1999. Då vann Småviltlaget og det var høge sjåartal i NRK. Både Rolf Feragen i Småviltlaget og Magnar Sundt i LfS er svært kritisk til NRK si haldning. Sjå meir her.

 (5/5-02)
Artistomtale i Førde
Omtale av dei ulike artistane som skal delta i programmet på Førde-festeivalen ligg no på heimesida til festivalen. Her er det mykje god informasjon å finne!

 (4/5-02)
Betre forhold på Titanofestivalen
Titanofestivalen blir arrangert på området Kåja, og der skal det nå investerast for millionbeløp slik at det blir betre sanitærtilhøve og betre  messeområde, opplyser eigaren Arne Helge Stø til Dølen. Kan det bli ferdig til årets festival 10-14 juli?

 (3/5-02)
Sven Nyhus kommandør av St. Olavs orden
Nyhus er utnemt til kommandør av St. Olavs orden for sin omfattande innsats for norsk folkemusikk. Overrekkinga vil skje på Røros i sumar ein gong. Forslaget var fremma av Glåmos spellmannslag og Wenche Mortensen, og underskreve av mange kjende innan folkemusikkfeltet. Det er berre nokre få norske musikarar som har fått denne utmerkinga før: Åse Nordmo Løvberg, Ingrid Bjoner og Arne Nordheim. Les meir her.

  (1/5-02)
Rff med opplæringsvideo i dans og spel
Rådet for folkemusikk og folkedans har nyleg gjeve ut ein ny CD til bruk i opplæring: "Noreg i dans og spel". Dei fleste opptaka er frå Landskappleiken i perioden 1988-1999. I tillegg er det nokre andre feltopptak med tradisjonelle dansarar. Du vil finna dans og musikk frå alle norske fylke i form av 36 framføringar av ein slått eller dans i si fulle lengd. Ei lita bok med ei generell innleiing, omfattande merknader til kvart opptak og stikkordregister følgjer med.
Videoen er i vanleg VHS-format og kan tingast frå Rff.

 (26/4-02)
Dansens dag 26. april
På dansens dag blir det dans mange stader rundt om i landet. Også folkedansarane viser seg fram denne dagen. I Oslo skjer det i sentrum midt på dagen. Barnelaga er også med, og i radioen P1 vart to av jentene i Barnelaget i BLS
(biletet) intervjua og fekk synge songdansen "Bringebær er godt san".
 (26/4-02)
"Rusk" med plateslepp 27. april
Gruppa Rusk (Frode Haltli, Unni Løvlid og Vegard Vårdal) slepper ny CD på Unni Løvlid sin 2. hovudfagskonsert kl 18.00 i Levinsalen ved Norges Musikkhøgskole. Plata kjem på Grappa/Heilo. Musikken på plata er frå Finnskaogene. L
es om Rusk her.
 (27/4-02)
Kulturministeren opnar Landskappleiken
Gudbrandssølen/Dagningen melder at Svarstad Haugland kjem til Vågå i slutten av juni. 

 (27/4-02)
Godt Tradisjonsseminar i Trysil i april
Trysilknut hadde eit vellukka seminar med 50 deltakarar innan både dans og spel. Les her.
 (27/4-02)
Norsk på konferanse i Irland
Professor Jan Petter Blom UiB, undervisningsleder Gunnar Stubseid og student Tore Bolstad ved Ole Bull Akademiet deltar i mai på ei konferanse i Galway i Irland om utdanning innan folkemusikk/dans. Meir her.

 (20/4-02)
Månadens artist for april: Skrekk
Månadens artist i Norsk Folkemusikkkatalog er gruppa Skrekk som består av Åse Teigland (hardingfele), Camilla Granlien (kveding) og Tone Juve (kveding). Dei er på turne i Vestfold med Rikskonsertane.

 (20/4-02)
Øyvind Brabant vart best på Geilo
I helga midt i april var det ein vellukka Buskerud-kappleik på Geilo. Brabant frå Nes vann A-klassen hardingfele. Han vann dermed også vandrepremien (3 år). Det var i alt 140 deltakarar på kappleiken. Eivind Bakken frå Kongsberg vann Torshaug- pokalen for høgste hallingkast på 2,50 m, men Martin Myhr vann lausdans kl A. Dette fortel Hallingdølen.

 (17/4-02)
Nettverk for nordnorsk folkemusikk
Norsk kulturråd har gjeve 100.000 k
r til etableringa av Folkemusikk Nord, eit nettverk som samlar fleire aktørar og organisasjonar innanfor folkemusikken i Nord-Norer til etableringa av Folkemusikk Nord, eit nettverk som samlar fleire aktørar og organisasjonar innanfor folkemusikken i Nord-Noreg. Dei leiande organisasjonane er Nordnorsk folkemusikksamling, Nordnorsk senter for folkemusikkforskning, Nordnorsk folkedans- og folkemusikkråd og Nordnorsk Folkemusikksenter i Målselv, der prosjektet blir lokalisert. (NPK) Sjå Nasjonen
 
(12/4-02)
Stipend til norske folkemusikarar
Mellom mange kunstnarar som får statlege stipend, finn vi også nokre som driv med folkemusikk/dans. Kvedaren Elin Pehrson Grytting (Sandane): toårig arbeidsstipend (148 000 kr). Hardingfelespelar Åse Teigland (Oslo)  arbeidsstipend for yngre kunstnarar ( 148 000 kr), harpist og folkemusikar Sinikka Langeland (Grue) får Statens garantiinntekt. Jens A. Myro (Ål) stipend for eldre fortente kunstnarar. Arbeids og reisestipend: Vidar Lande (hardingfele, Jessheim),  Geir Egil Larsen (eldre instrument, Verdal), Martin Myhr (dans, Torpo), Kjersti Wiik (sanger, Isdalstø) og  Sinikka Langeland. Eli Storebekken (Tolga) 2-årig arbeidsstipend som faglittererær forfatter (kr 148000).
Les meir her.
 
(12/4-02)
Moderne Myllargut, skriv Aftenposten,
om Arve Moen Bergset i kveldsavisa 9/4 med stort fagebilete. Dei fortel at onsdag 10/4 er han solist i Konserthuset i Oslo med "Fossegrimen" av Johan Halvorsen og Latvias nasjonale symfoniorkester. Bergset har også hatt andre oppdrag med store og mindre orkester, og han får rosande kritikk for tolkinga si av Geirr Tveits to konsertar for hardingfele saman med stavanger symfoniorkester. Her er det også nyleg kome CD. Bergset opptrer elles ofte saman med kona si pianisten Gudrun Skretting.

 (10/4-02)
Uhlens kvintett med samle-CD
I samband med Dansefestivalen i Sel 19-21 juli lanserer Uhlens kvintett ein samle-CD. Kvartetten var oppløyst i 1992. Men før det vann dei Landsfestivalen i Gammaldansmusikk 4 gonger og ga ut 3 CD'ar som alle vart nominert til spelemannsprisen; Elvesøg, Selsbrure og Lugume Leikje. Du kan foreslå namn på den nye CD'en og vinne premie. 

 (10/4-02)
Telemarkfestivalen med program
Også Telemarkfestivalen 1. - 4. august har no ferdig programmet sitt. Her er mykje spennande både utanlandsk og norsk. Mellom andre Knut Buen, Jan Beitohaugen Granli, Susanne Lundeng og Ola Bremnes, Håkon Høgemo. Her er er kva Ballade skriv.

 (10/4-02)
Nye mannsbunader
I siste nr av Norsk Husflid (2/02) skriv dei at bunadane er i skuddet, også for menn. Det blir vist ein ny elegant "Borgerbunad" frå Trondheim basert på tidleg 1800-tal. Det er  Husfliden som står bak, og prisen er høg - ca 30 000 kr totalt. Ein ny mannsbunad  frå Voss blir presentert, også den basert på plagg frå tidleg 1800-tal. Her er det Kristbjørg Aldal og Torgeir Lirhus som står bak. Vesten her er lang og raud. Han er nesten ferdig, og vil kome på ca 25000 kr. Det blir også opplyst at i Sør-Trøndelag og Nordmøre arbeider ein med å rekonstruere ein bunad på tvers av fylkesgrensa.

 (6/4-02)
Vellukka USA-tur for Kvarts
NFD fortel i ei reportasje at Kvarts hadde ein svært vellukka USA-tur under OL. Les her.

 (5/4-02)
Utfordringar for folkemusikken og dansen
Her kan du lese innleiinga til professor Per Mangset på NFD sitt opne møte.
 (5/4-02)
Delta på Eurofolk 2002?
NFD etterlyser fleire unge (18-25 år) som vil delta på den Europeiske samlinga 16-25. august i Frankrike der meir enn 70 ungdomar frå 15 europeiske land skal samlast. Seminaret er gratis. Ta kontakt med NFD, innan 9. april. Tlf 22 42 32 90 eller e-post.

 (5/4-02)
Programmet for Førdefestivalen er klart
Tidleg i juli 4.-7. er Førde staden. Det blir mykje variert å ta del i på  Norges største festival for "verdensmusikk". 240 artistar frå alle verdsdelar er engasjert til årets festival. Festivalen byr på over 70 programpunkt dei 4 festivaldagane, og har dei siste åra hatt eit besøkstal på 25-30 000. Sjå også kva Nationen skriv. 

(5/4-02)
Program for Ål er no klart
Det blir mykje spennande under Folkemusikkveka i Ål 26. mai til 1. juni, både når det gjeld konsertar, kurs, seminar og utstillingar. Her kan du få meir informasjon om stemnet.

 (4/4-02)
Ny 50% stilling i folkemusikk ved Musikkhøgskolen
Det er ei professor/førsteamanuesis  stilling dei lyser ut. Meir her.

  (1/4-02)
Arne Viken sluttar
I spelemannsbladet 2/02 fortel Arne Vike i ei annonse at han sluttar å selje musikkinstrument, og sel no også svært gode private instrument. Til dømes hardinfeler av Olav G. Helland (1898), Gunder Helland (1888) og Martin Kleven (1912), og gode fiolinar. Tlf: 75150720.

 (1/4-02)
Stipend til Kristin Gravaune
Det har gått oss forbi at 15 år gamle Kristin Gravaune frå Opdal i januar fekk Adressavisa sitt kulturstipen på 25000 kr. Ho spelar torader, og har mange gonger gått til topps i sin klasse på kappleikar og festivalar. Ho har også komponert slåttar og sume er utgitt på CD. Spelmannsbladet nr 2/02 fortel dette.
 
(1/4-02) 
Ny folkemusikkline ved Fana Folkehøgskole
Lina startar opp frå hauste 2002 og gjev fordjuping i folkemusikk frå heile verda. Meir her.

 (28/3-02)
Statsministeren kjem!
Det er dei tradisjonelle sommarkursa til Noregs Ungdomslag det er snakk om. Leiaren Johan Einar Bjerkem fortel at det blir særs mange flinke lærarar i år, og at prisen for kursa blir kr 1200 lavare enn i fjor: kr 5000 i år. Her finn du meir om NU og sumarkursa.

 (28/3-02)
Faiport Convention til Festspela i N.N.
Festspela i Nord-Noreg er 22.-29- juli, og dit kjem legendariske Faiport Convention. Mykje anna spennande er også på plass, mellom andre det spennande folke-rock-bandet Gåte.. 

 (28/3-02)
Hilmestemnet: Programmet klart
Siste helga i juli er det som alltid Jørn Hilme stemne på Fagernes, og heile veka er det Strunkeveko - opplæring for dei unge. Det blir eit spennande program: I tillegg til kappspel og kappdans, blir det gode konsertar: Hauk Buen, Tore Bolstad, P.A.Røstad, Berit Opheim og Frank Rolland, plateslepp med Harald Fylken og mykje anna, og mykje dans sjølvsagt. Sjå heile her.

 (28/3-02)
A. Lien vil ha meir norsk musikk i radio
I Aftenposten 21. mars seier Anbjørg Lien i eit intervju at ho synest radiostasjonane skal sende minst 30 % norsk musikk. Ho seier også at det er gilt at det er fine kritikkar for den nye CD'en "Aliens Alive". Aftenposten ga plata topp kritikk og i Dagbladet fekk ho terningkast 5. Det første ordet "Aliens" kan også tolkast på norsk som "A. Liens".

 (21/3-02)
Hovudfag i dans i Trondheim?
Norkre studentar i dans ved NTNU prøver å få i gang hovudfag i dans, og sender difor ut eit brev til tidlegare studentar og andre om dei vil støtte tiltaket og om dei er interessert i å bli hovudfagsstudent. Her kan du lese brevet. 

 (21/3-02)
Prinsesse Märta opnar Telemarkfestivalen
Prinsessa skal gjeste Bø i Telemark i samband med opningskonserten torsdag 1. august. Det blir elles lagt vekt på eventy ved festivalen. Gruppa Gåte, som har vore i vinden i det siste, kjem også til festivalen. Meir her.
  (19/3-02)
Egil Storebekken er død
Han døde 19. mars 90 år gamal etter eit lengre sykeleie. Storebekken var ein av våre mest kjente og folkekjære folkemusikarar. Særleg kjent er han som tussefløyteutøvar, og som komponist av ei lang rekkje melodiar i folkemusikkstil. "Fjelltrall" kjenner dei fleste. Han hadde i mange år eit eige  folkedansorkester - "Tolga- Tusseladdene".  Han reiste i mange år for Rikskonsertane - mykje saman med dotter si Eli Storebekken. Han starta også utsal av folkemusikkinstrument og folkekunst på Tolga. Gjennom eit langt liv la han ned eit stor kulturarbeid i heimetraktene sine. Han var også æresmedlem i Landslaget for spelemenn. Sjå også her.

 (19/3-02)
 
Tron S. Westberg på pøbb
Måndag 18. mars spela Tron Steffen Westberg på folkemusikkpøbb i Oslo på Nye Cordial. Det var 50-60 menneske til stades, og dei kunne også kjøpe den nye CD'en hans som kom i februar. Tron klaga over at fela ikkje var i godlune denne kvelden, men likevel var det morosamt å høyre han spele og fortelje.
 
(19/3-02)
Tele-gangarseminar
Telelaget i Oslo skipar til gangarseminar
26 – 28 April 2002 på Drolsum nær Vikersund. Dei skriv: "Er gangardansinga i Telemark på veg ut?  Som me veit er det vanskelegare å danse ein god gangar enn det er å danse ein brukeleg springar." Vidar Lande er spelemann. Meir info her: an-buen@onlin
e.no tlf: 22696073.
 
(19/3-02)
NFD: Attval av Kaasa
Norsk Folkemusikk og danselag har nyss hatt årsmøte i Bø, og Hallvard Kaasa blei gjenvald som leiar for laget. I tillegg består styret etter årsmøtet av Maria Høgetveit Berg, Synnøve S. Bjørset (ny), Helene
Høye og Harald B. Knutsen. Varafolk; Tore Bolstad, Tarjei Haugen og Andreas Skeie Ljones (ny).

I samband med årsmøtet var det også eit ope møte der framtida for norsk folkemusikk og dans vart drøfta. Anne Hytta kom mellom anna med framlegg om å opprette regionale
regionale kompetansesentra,  som i tillegg til arkivtenester bør ha som oppgåve å drive opplæring, utvikle produksjonsmiljø for konsertar og forestillingar og vere sosiale møtepunkt for utøvarar og interesserte. Meir her.

 (19/3-02)
Nytt plateselskap: 2L
Morten Lindberg i Lindberg Lyd AS har starta eit nytt plateselskap "2L". Lindberg Lyd har dei siste åra produsert mange plater også for folkemusikarar som har gjeve ut plater på eige "forlag" - til dømes Kvarts og Sven Nyhus. Det nye selskapet har kome med 6 produsksjonar - to av dei er folkemusikk: "Bortover all veg" med Tron Steffen Westberg og "Vintermåne" med gruppa med same namn (Anne Gravir Klykken, Frøydis Grorud og Torjus Vierli).

 (19/3-02)
Folkemusikk i Europa
Det er namnet på eit nytt linetilbod ved Fana folkehøgskule. Lina startar opp frå hausten 2002 med folkemusikkline som tek for seg musikk frå heile Europa.

 (19/3-02)
Aftenposten: Gnistrande verdsmusikar!
I kveldsutgåva 19. mars omtalar Knut Utler Annbjørg Lien si siste plate i svært rosande ordelag: "Annbjørg Lien leverer eminent, vakkert, betagende og pirrende spill, og uttrykker dynamisk kraftfullt og til tider gnistrende, storslagent og rått". Den nye CD'en heiter "Aliens alive", og er konsertopptak frå 2001, og låtane er stort sett henta frå dei foregåande platene. Også Annbjørgs band får fin omtale.

 (19/3-02) 
NFD: Ope møte, årsmøte og konsert
I samband med årsmøtet til NFD blir det mykje å vere med på 16. mars på Bø Hotell. Kl 10 er det ope drøftingsmøte av Arnestad-rapporten. Konserten om kvelden kl 19.30 har eit sterkt lag: Hauk Buen, Per Anders Buen Garnås, Helene Høye og Andreas Skeie Ljones. Sjå her.

 (14/3-02)
Dommarkurs - meld deg på!
Trøndelag folkemusikklag held fordjupings- og dommarkurs på Dragvoll 5.-7.april og 26.-28. april 2002 og på Røros ei helg i haust. Det er eit unikt tilbud for å lære meir om folkemusikk og folkedans i området for vanleg fele. Det er framleis plass på kurset. Av dei som har meldt seg hittill er halvparten dansarar og halvparten spelmenn. Påmeldingsfristen er utsett til fredag før palmesøndag. Annonse sto i Spelemannsbladet nr 1/02. Dei som er interessert bør søke laget sitt om tilskott til kursavgifta. Mary Barthelemy, 7372 Glåmos, tlf. 72 41 41 52, e-post. maryb@online.no
  (14/3-02)
Synnøve B. vil leve av hardingfela
Synnøve S. Bjørset spelar hardingfele og går på Musikkhøgskolen i Oslo. Ho vil etter kvart gjerne leve av å spele hardingfele, fortel ho til nett-bladet Ballade. Ho skjønar ikkje kvifor hardingfela og bunaden høyrer saman, og meiner at folkemusikken like mykje er samtidsmusikk som tradisjonsmusikk. Synnøve kom i fjor med solo-CD, og er med i fleire folkemusikk- grupper.

 (12/3-02)
Odd Lund lever nesten av lur og bukkehorn
Ballade har intervjua folkemusikaren Odd Sylvarnes Lund,  og han fortel at han lever delvis av å spele lur og bukkehorn, ved sida av halv stilling på Musikkhøgskolen. Det gildaste oppdraget så langt var opninga av OL på Lillehammer.

 (12/3-02)
Fagseminara til NU, Sørmarka
blir 19-21 april. Her blir det mellom anna drøftingar av Arnestad-rapporten, korleis bli ein meir profesjonell amatør? og bunad-kunnskap, og anna. Meir hjå NU.

 (11/3-02)
Sumarkursa til NU 2002, Ringebu
Kursa er 27. juli - 4. august på ringebu folkehøgskole. Det er kurs i bunad, danseareana, danseinstruktør, fordjupningskurs, ogranisasjonskurs, kurs i dansespel og teaterkurs. Meir info hjå NU.

 (11/3-02)
Lær å joike frå CD!
I byrjinga av mars kom Ante Mikkel Gaup med ein CD der han vil lære folk å joike. CD'en heiter "Joik i rimskogen", og det høyrer også hefte med på norsk og samisk. Ante har joiken i tradisjon frå sine forfedre, og bona hans er også med på CD'en. Gaup fekk nyleg Kautokeino kommunes kulturpris for sitt kulturarbeid. CD'en vart omtala i Aftenposten 8/3-02.

 (11/3-02)
Hovudfag i Rauland
Styret i Høgskolen i Telemark vedtok på siste styremøte at dei skal starte med hovudfagsstudium i Rauland frå  hausten 2003, trass i at direktøren for skulen gjekk i mot av økonomiske grunnar. Meir her.

 (7/3-02)
Månadens album: Åleine
Månadens album i Nordisk Profil på Etnisk Musikklubb er CD'en "Åleine" som Per Anders Buen Garnås kom med rett føre jul.

 (7/3-02)
Tron Steffen Westberg med ny CD
Under Rørosmartna'n i slutten av februar presenterte han den nye CD'en sin "Bortover all vei". Tron spelar i Brekken Spellmannslag og i Småviltlaget.
 (7/3-02)
Spellemannsprisen til Per S. Bjørkum
Han vann spelemannsprisen 2001 for CD'en "Berg og vatn" i kategorien folkemusikk og gamaldans.

 (7/3-02)
Andreas Ljones først på Diplomstudiet
Andreas (23 år) er som den første folkemusikar nokon gong komen inn på Diplomstudiet ved Norges Musikkhøgskole. Dette er landets høgste soliststudium. Av 40 søkjarar var det 9 som kom inn på Diplomstudiet. Opptaket skjer via oppspel, og Andreas fortel til Gudbrandsdølen Dagningen at han har førebudd seg lenge på denne speleprøva. Han tar eksamen ved høgskolen no i vår og byrjar så på soliststudiet til hausten.

 (5/2-02)
Aktiv sumar på Rudi Gard
I fjor sumar var det mini-festival - Låvende saker - på garden til folkemusikaren Øystein Rudi i Hundorp i Gudbrandsdal. I år blir det endå meir aktivt fortel Øystein til Nationen. Dei held det gåande frå 15. mai til 15. september. Størst festivitas blir det under Peer Gynt stemnet. I tillegg til folkemusikk, blir det også litteratur og teater på Rudi.

 (5/3-02)
Førdefestivalen går nye vegar
Sogn og Fjordane Teater si folkedansoppsetjing "Svik" får urpremiere. Det blir også  urpremiere på stykket "Skal, skal ikke" der mellom andre Øyonn Groven Myhren er med. Festivalleiar Hilde Bjørkum fortel til Nationen at dei vil fornye konseptet for festivalen. Tanken er å trekkje nye publikumsgrupper ved å presentere folkemusikk og folkedans på nye måtar. Les også her. Det blir forrresten kulturminister Valgjerd S. Haugland som opnar festivalen 4. juli. Les om det her.

 (5/2-02)
Tildeling til Folkemusikk, Rock ..
Tildelingane på 8 millionar kroner frå Musikkverkstadordninga (MVO) til tiltak innan jazz, rock, folkemusikk og verdensmusikk er gjort kjent. Til saman kom det inn 909 søknader, med samla søknadssum på 40 millioner. Mellom dei som får mest er Strunkeveko - heile 50 000 kroner. Her kan du finne fleire detaljar.
 
(4/3-02)
Leikfest på Dombås
Laurdag 9. mars har Dovre Folkedanslag sin 13. årlege leikfest på rad. Dei har alltid gode spelemenn på festane sine, og i år er det Nye Ringnesin. Og mykje god heimebaka mat.  Dersom du ikkje har meldt deg på enno, kan du ta kontakt med primus motor for leikfesten Ragnhild Smette (biletet).  tlf 61241511
 
(4/3-02)
Hallgrim Berg sitt kåseri på Norrsken 2002
Ballade har fått trykke Hallgrim Berg sit kåseri om norsk folkemusikk som reisefylgje for handelsmenn i utlandet. Her finn du det.

 (26/2-02)
Jan Lothe Eriksen om folkemusikkscene i hovudstaden
Dagleg leiar i NFD har skreve ein artikkel i Ballade om behovet for ei nasjonal scene i Oslo. Om dette og meir finn du her.

 (26/2-02)
Vellukka Rørosmartna med mykje pols
Vi var mellom dei mange som var med på Røros-martna nr 149. På opningsdagen var det 3000 til stades på Malmplassen. Visstnok vart det ikkje publikumsrekord i år.  Her vil det kome nokre bilete frå martna'n, og særleg frå dansen.

 (26/2-02)
Kvarts i USA
Her kan du lese meir om Kvarts sin USA-turne.

 (26/2-02)
Kongens gull til Agnes Buen Garnås
Ho får utmerkinga for lang og god innsats for norsk folkemusikk, særleg for vokal-musikken. Ho er og har vore vår kanskje fremste kvedar i mange år, og har vore med på mange plater, også i samarbeid med jazzmusikarar. Ho har vore lærar på ei lang rad kurs i kveding, og har på ulike vis arbeidd for at vokalmusikken skulle få sin rette plass i folkemusikkbiletet. Ho er fødd i 1946. Prisen blir overrekt i Bø i Telemark tysdag 26. februar. Varden har intervju med Agnes.

 (25/2-02)
Bok: Nesten 900 barnerim og regler
Magnhild Lauvdal frå Fyresdal har fått utgjeve ei bok med nesten 900 barnerim og regler på forlaget Grenland. Boka er basert på hovudoppgåva hennar som ho skreiv for 25 år sidan. Her er oppskrifter etter Støylen, Berge, Landstd og andre samlarar. Ei nyttig bok for alle skular og barnehagar og elles alle som har med barn å gjere.

 (25/2-02)
Boka ikkje uloveleg
I siste nummer av Kvinten, meldingsbladet til Norsk Folkemusikk- og Danselag, finn vi den juridiske utgreiinga som Advokatfirmaet Selmer har laga i samband med kvedarboka "Lidele galen lidele god". Konklusjonen er at dei ikkje vil tilrå rettsleg forføljing av saka. Det vert peka på at folkemusikkutøvarar bør vere restriktive med å levere frå seg materiale på det dei lærer bort. Og at det blir tydeleg merka med "berre til eiga innlæring".

  (25/2-02)
Knut Trøen 70 år
Den 15. februar fylte spelemannen Knut Trøen frå Valdres 70 år. Heile sitt vaksne liv har han budd i Oslo, og vore ein av dei mest sentrale i folkedans og gamaldansmiljøet. Han har i lange periodar vore fast spelemann i mange leikarringar, BUL, Sogn og Fjordane-ringen, Songdanslaget og Symra. Han har også vore mykje med i Valdreslaget og Laget for Folkemusikk. I ei årrekkje har han hatt fast gamaldansorkester og spela på eit utal festar og tilstellingar. Saman med Åge Grundstad har han spela inn mykje turdans og gamaldans. Han er framleis svært aktiv som spelemann i fleire leikarringar. Knapt nokon spelemann i landet har så lang røynsle og breitt repertoar som allsidig dansespelemann. Vi ynskjer Knut lukke til med dagen.

 (15/2-02)

Midlar frå Rff fordelt
For år 2000 var det 27 ulike tiltak som fekk tilskot frå 4000 til 15000. Mest til kurs, seminar og CD-utgjevingar.
 
(okt 2000)

Norges Husflidslag i økonomiske vanskar. For tredje året på rad er det underskot. Frå 1996 er eigenkapitalen redusert frå ca 2,2 mill til 400 000 kr. Les meir her.
 
(jan 2001)
Munnharpefestivalen 2000 er i Vågå 6-8 oktober. Bak står Vågå spel og dansarlag og Norsk Munnharpe- forum, som også har årsmøte der.  
 
(sept 2000)
Telemarkfestivalen i Bø 3-6 august feira 10 år og satsa på impulsar frå vest, halvparten norsk og halvparten utanlandsk folkemusikk. Om lag like mang deltakarar som i 1999 trass i kolli- sjon med Bluesfestivalen Les meir her.
 
(aug 2000)
Gammeldansfestival i Selbu, 4-6 aug. 2000. Det var venta 2-3000 tilreisande, 600 camp.- vogner og 15000 selde billettar. Mellom "banda" er Småviltlaget, Monas, Vargtassan, Trønderfår, W.H. band og fleire. Det vart ein vellukka festival, den åttande i rekkja, sjølv om det regna kraftig siste dagen. Over 50 skadinaviske orkester deltok. Eit av trekk- plastra var VM-mester Gjermund Eggen i som vokalist i Tømmerdalens.
 
(sept 2000)
Jørn Hilmestemnet 27- 30 juli på Fagernes vart eit vellukka 40 års jubileumsstemne i strålande ver. På kappleiken var det i alt 125 startnummer mot 112 i 1999. Her er resultat frå kappleiken og glimt frå stemnet.
 (aug 2000)
Distriktskappleiken 2000, Løten Hedemark 1-3 sept.  Leif Inge Schjølberg frå Vågå vann A-klassen i fele. Hans Sandum vann B-klassen. Sør-Fron Spelemannslag vann seniorklassen i lagspel framføre Lom. Her er resultatlista.
 
(sept 2000)
Ledige stillingar i Norges Husflidslag.
Stillinga som redaktør i Norsk Husflid er lyst ledig. Som kjent har det vore eit spent forhold mellom tidlegare redaktør Nina Granlund Sæther og styret i Husflidslaget. Redaksjonssekretærstillinga er også lyst ledig. Og sameleis stillinga som organisasjonssekretær i Oslo. Meir her.
 
(jan 2001)
Setesdalskappleiken, Rysstad, 28-29 juli 2000- kurs, kappleik, konsert. Faremopokalen  gjekk til Daniel Due- Tønnesen.  Daniel Sandén vann mykje av det som var mogleg å vinne fortel avisene. 
 
(aug 2000)
Kurs i Kontradansar og balltradisjonar Hamar 12-14 jan 2001. Folke Flatland leiar. Pris kr 850+450. Sjå meir hos NU
 (des 2000)

Nye studentar på Voss
Det er teke opp 4 nye studentar på kvedarskulen og 4 nye på spelemannsskulen. Her er namna på desse og tidlegare elevar.
 
(okt 2000)

Frifond-midlar til folkemusikk
Stortinget har vedteke ny tilskotsordning til frivillige organisasjonar og for 2000 løyvt 20 mill kroner (i statsbudsjettet for 2001 er foreslått 30 mill). Norsk Musikkråd fekk 6 mill av desse, og fordelingsnøkkel er medlemstalet under 26 år. LfS har fått ca 64000 for år 2000. Tilskota kan gjevast til grunnstønad, lokale aktivitetar og prosjekt.
 
(okt 2000)

Jubileumskonsert i Store Studio
Folkemusikktimen 70 år, og det blir ein gild konsert i Store studio. Konserten vert sendt i P2 den 18. og 25. mars. Mange gode krefter er med. Bestillingsverk også - frå Nils Økland - musikk ved Steinar Ofsdal, Øyvind Barabant, brørne Aastad Bråten, Einar Olav Larsen, gode kvedarar og mykje meir. Les meir her.
 
Steinar Ofsdal mars månads artist i Norsk Folkemusikkatalog.
Han er aktuell med læreboka "Norsk folkemusikk og folkedans" til hausten, med CD frå heile landet, skal på rikskonsertturne og detar på folkemusikktimen sin jubileumskonsert. Les meir om det her.
 
Spelemannsprisen 2001: Håkon Høgemo vann!
For soloplata "Solo" på 
NOR-CD
 
OsloFOLK - ein ny konsert- serie i Oslo. Folkemusikk- SCENA står bak i samarbeid med kulturslottet Soria Moria på Torshov. Første konsert med Chateau Neuf Spelemannslag søndag 4. mars kl 21.
 
Åtte millionar til jazz, rock og folkemusikk frå årets "Musikkverkstedsordninga" blir det meldt 1. mars 2001. Det er Norsk Musikkråd som står for fordelinga. 328 av 885 søknader vart innvilga, stort sett mellom 10 og 20000 kr per tiltak. Neste søknadsfrist er 15. november 2001. Her er full liste over tildelingane. Det vert også utlyst 1 mill kr til verdsmusikk, med søknadsfrist 1. april.
 
Etnisk musikklubb fyller 5 år 8. mars, og kjem i løpet av våren 2001 på internett. Medlemstalet har no passert 2000, og har no gjeve ut 6 CD'ar til saman. Arne Fredriksen er dagleg leiar.
 
Spelemannsbladet 1/2001 melder nytt frå LFS-styret:
- Spelemannbladet er godt, men går med for stort underskot
- Flytting av årsmøtet til huaten blir vurdert
- Tevlingsprogrammet på Landskappleiken som før
- På Landsfestivalen vert det ikkje endring for solo andre instrument.
 
Leiar Bjerkem: NU er ein viktig folkemuiskk- og folkedansorganisasjon!
I nr 1/2001 av Spelemannsbladet prøver Bjerkem å tilbakevise påstandane frå Arnestad om at NU står på sidekanten. Han påviser at når det gjeld kurs i folkedans er NU langt større enn LfS.
 
Chateau Neuf Spele- mannslag med ny plate
Plata med namnet "Curing Norwegian Stiffness", vert sleppt den 4. mars på Soria Moria festivalen i Oslo. Dette blir den femte CD'en til CNS. Frå før har dei to norske  "Spell" og "Tjuvgods", dessutan Gamle Guro" på det tyske plateselskapet Feuer & Eis, og  "Stolen Goods" på det amerikanske selskapet North Side. Les meir her.
 
I levande live
er namnet på ein konsertserie til  Norsk KulturhusNettverk.  Ein liknande serie hadde dei også i fjor. Det står kjede namn på plakaten: Annbjørg Lien, Vamp med gjester og Sidsel Endresen. Meir her. 
Sjå også "Alt som skjer"
Her finn du konsertruta til Annbjørg Lien, og her til Vamp.
 
Også Jørn Hilme stemnet får festivalstøtte i 2001  for første gong. Dei andre vanlege festivalane får:
Førdefestivalen kr 1,5 mil
Osa-festivalen: 100000 kr
Telemarkfestiv: 650000 kr
Ål-festivalen: 450000 kr
 
Vestafolk til Falun 9. februar 2001
Gruppa Vestafolk frå Sogn og Fjordane, deltek på Falun folkemusikkfestival - festivalen Norrsken 2001. Det er 12 av dei 14 som er med i gruppa, som deltar i Falun, med eit delvis nylaga program - og programmet er noko annleis og stuttare enn det dei viste på Førdefestivalen sumaren 2000. Fredag 8. februar hadde dei generalprøve i Oslo. Her er nokre glimt frå generalprøva.
Det vert fortalt at framsyninga i Falun gjekk svært bra!
 
Ny stildansgruppe i Trondheim
I januar 2001 startar Leiklaget i BUL og Malvik Folkedanslag ei stildansgruppe. Det foregår på Gildevangen, Lagssalen søndagar:
28. januar kl 19-21.30
11. februar kl 18-19
25. februar kl 19-21.30
11. mars kl 18-19
25. mars 19-21.30
22. april 18-19
13. mai 18-19
(Kjelde: Olav Mogstad)
 
Magne Kvamme - den kjende norske felemakaren - har fått ei framifrå heimeside, med mykje god informasjon.
 
Ting skjer i Trondheim:
Leiarlaget i BUL har øving kvar onsdag i Lagssalen, Gildevangen Søndregt. 22b kl 19.30.
Veteranringen møtest andre onsdag i kvar månad same stad.
Folkemusikkpub den 3. måndagen i kvar månad på Kvilhaugen - vertshus på Blusuvollen.
(Kjelde: Olav Mogstad)
 
Ledige stillingar i Norges Husflidslag.
Stillinga som redaktør i Norsk Husflid er lyst ledig. Som kjent har det vore eit spent forhold mellom tidlegare redaktør Nina Granlund Sæther og styret i Husflidslaget. Redaksjonssekretær- stillinga er også lyst ledig. Og sameleis stillinga som organisasjonssekretær i Oslo. Meir her.
.
Spellemannsprisen 2000 blir delt ut fredag 2. mars. I kategorien gamaldans/folkemusikk er desse nominert:
Knut Hamre, Åse Teigland og Frank Rolland
”Håstabøslåttar” HEILO
Håkon Høgemo ”Solo” NOR-CD
Sinikka Langeland ”Lille Rosa” GRAPPA.

 I alt var det 356 nominerte fonogram.
 
Løn til leiaren i NU?
Tradisjonelt har alle tillitsverv i organisasjon- ane vore uløna. No vert det drøfta i NU om leiaren skal ha lønn - bli frikjøpt til å bruke meir tid på å profilere organisasjonen. Det går ut høyring om dette til laga i NUfør jul 2000.
 
Sølja sitt 20dagsball 2001 
på Stange ved Hamar var det 13. i rekkja, og med ny rekord: 150 deltakarar. Stildansball er sanneleg omtykt for tida. Her er nokre glimt frå festen.
 
Magne Bøe si plate i Dagbladet!
Kryss i taket. Ei folke- musikk-plate vart kort omtala i Dagbladet rett før jul 2000. Det er bilete av Annbjørg Lien og Henning Sommerro, som deltar, og det framgår at dette er den første norske CD med både audio- og datafil. Både Dovre og Lesja kommuner har støtta Cd'en økonomisk. Magne Bøe er som kjent frå Dombås.
 
NU nøgd med flaxmidlar
Flaxmidlar vert no også gjeve via statsbudsjettet til det frivillige kulturlivet. NU har for 2000 fått 183000 til fordeling , men søknadane frå laga var i overkant av 1 million.
 
Innkjøp av plater 
I perioden 1. mars til 31. august vart 36 av 148 norske CD'ar kjøpt inn av statens innkjøpsordning. Innkjøpsordninga har ca 6 mill kr per år og det er innkjøpskomiteen i FONO som bestemmer. Ca 20 % av dei rundt 350 platene som kjem ut i Norge, vert innkjøpt.
Av folkemusikk  vart desse kjøpt hausten 2000:
Honndalstausene: Frie former, Nils Økland: Straum, Susanne Lundeng: Vals til den røde fela og Vibå Spelemannslag: Fela i ura.
Dessutan i klassen klassisk: David Monrad Johansen: Gudbrandsdalstonar med mellom andre Knut Kjøk, og i klassen Vise: Elias Akselsen og Hulda Johansen: Barn av den bortglemte rase.
 
Kurs i Kontradansar og balltradisjonar Hamar 12-14 jan 2001. Folke Flatland leiar. Pris kr 850+450. Sjå meir hos NU
 
Bestseljarar i folkemusikk nov 2000
Dei mestseljande CD'ane i 2000 frå Musikkopera- tørene er offentleggjort, og Elias Akselsen/Hulda Johansen: Barn av den bortglemte rase ligg først
 sjå her.
NFD misnøgd med  kulturbudsjett 2001  Kulturdepartementet sitt budsjettforslag inneber inga reell auke i løyvinga til Norsk Folkemusikk- og Danselag, men ei faktisk nedskjering av tilskotet til IT-satsinga Norsk Folkemusikkatalog med 10%. Sjå meir her.
 
Folkemusikk i Osloposten!
Gratisavisa Osloposten overraskar den  8. novem- ber 2000 med å skrive om folkemusikk! Det er brørne Niels og Anders Røine som er intervjua, truleg etter Oslokappleiken. Intervjuet fortel om dei to brørne som flytta med foreldra frå Rødtvedt til Valdres, og korleis interes- sa for folkemusikken vaks fram. Eit fint tiltak av avisa!
 
Rff-pris til Leif Løchen
Rff-prisen 2000 på kr 10000 gjekk til Leif Løchen frå Vågå (f. 1921). Løchen spelar mange instrument, særleg eldre. Han har lagt ned eit stort arbeid for LfS, ikkje minst etter krigen då han budde i Oslo. Han var med i styret frå 1946 til 1970. Tidlegare prisvinnarar her.
 
Kirsten Bråthen Berg var novemberartist 2000 i Norsk Folkemusikkkatalog.
 
Ulrik i Jensestogun 150 år
Den 5. desember 2000 var det 150 år sidan Audal-spelemannen vart fødd, og det vart markert med jubileumsfest i Aurdal. Elisabeth Kvære stod i brodden for tilskipinga der mellom andre Håkon Asheim spela både runddans og springarlæte. Musikk som vart utgitt på CD i 1992. Vårflaumen spel- og dansarlag stod bak den vellukka festen.
 
NFD-årsmøtet 2001 på vert på Folkemusikksenteret på Prestfoss 24. mars. Her blir det ei brei drøfting av stoda for folkemusikken og dansen ved starten av eit nytt hundreår. Det blir også konsert og dans med Tore Bolstad, Helene Høye, Harald B. Knutsen og Lars Underdal.  
 
Ny lærebok om norsk folkemusikk og folkedans: Ekko 1. ( Gyldendal aug 00) Dette er ei bok for studieretninga Musikk, Dans og Drama tilpassa læreplanen av 1997. Sentrale forfattarar om norsk folkemusikk og dans er Leif Solberg, Hilde Sørnes og Vegard Vårdal.
 
Heftig debatt om CD'en til Nils Økland "Straum"
Særleg i Kvinten - meldingsbladet til Norsk folkemusikk og danselag har debatten vore liveleg, og har no også blitt referert i Ballade. Plata har vorte godt motteken i utlandet.
 
Nominert til Edvardprisen for 2000
Det var 18 nominerte, og mellom dei var Annbjørg Lien for komposisjonen W, skreve til minne om felespelaren Hans W. Brimi. Tone Hulbækmo og Hans-Fredrik Jacobsen var også mellom dei nominerte, for bestillingsverket Babels forståelse til fjorårets Førdefestival, der ideen var å sameine folkemusikk frå fleire verdsdelar. Ingen av dei to verka var mellom dei 6 som fekk prisen, som vart utdelt 29. oktober 2000.
 
Norske folkeviser gjennom tusen år - ei ny omfattande samling folkeviser, redigert av Lilleba Lund Kvandal, utgjeven på Cappelen sumaren 2000. Les meir her.
 
Norsk kulturmønstring i Betlehem 19 - 23 september 2000. Her deltok Mari Boine og Oslo Kammerkor, og også gruppa Fjøgl (Nordfjord-jentene) og dansarar frå Valdreslaget. Dei vekte oppsikt! Aftenposten rapporterer ein flott kommentar frå ein palestinar: "Kvifor i all verda skal jenta halde hatten så høgt på stokken at guten har problem med å spenne han ned?"
 
 
Dansbeskrivningar - ei flott svensk side
Denne svenske sida har 600-700 rettleiingar til folkedansar. Eit verkeleg fint tiltak til støtte for alle som driv med folkedans. Det neste må vere å få lagt inn lyd til dei ulike dansane! Og i neste omgang også video som viser dansen! Skal vi få noko liknande i Noreg?
 
Vellukka trekkspeltreff i Geiranger 1-3 september 2000. Belgiaden feira 20-årsdag denne helga. Kjell Opsal og Ørskog trekkspelklubb har vore primus motor for desse treffa på Hotel Union. I år var også Hot Club de Norvege med.
 
Stensgårdskroken feira 20 år hausten 1999
Stensgårdskroken spell og danselag i Nannestad feira 20 år med stor fest og konsert 23. oktober 1999. Det er eit aktivt lag med rundt 150 medlemer, torader- gruppe, dansegruppe og juniorgruppe. På konserten/dansen hadde dei vitjing av nokre av dei mest kjende orkestra i landet: Hallingdal kraftlag, Nye Ringnesin, Visdals kvintett, dølalæte, Vågå toradergruppe og Småviltlaget.
 
Dagne Groven Myhren fylte 60 år 19 september 2000.  Ho er ei av våre fremste kvedarar, og saman med Agnes Buen Garnås var ho med å starta den nye interessa for vokal folkemusikk kring 1970, mellom anna gjennom aktiviteten i Club 7. Ho er også professor i litteratur.
 
Per Anders Bune Garnås - drygt 20 år - vart også i år best i Fanitullkåringa 2000 under Folkemusikkveka på Ål søndag 4. juni. Dermed vann han kr 15000 og fekk andre napp i Olav Thons pokal. På andre plass kom den unge overraskingsmannen Jan Beitohaugen Granli frå Valdres, føre favoritten Knut Hamre frå Hardanger. Under  den veka festivalen varde, var det vel 3000 innom arrangementa, ein auke på 20% frå ifjor. 
Per Anders frå Telemark går på spelemannsskulen på Voss. Han er sonen til  Agnes Buen Garnås, og Knut og Hauk Buen er onklane hans, så han har mykje å slekte på.
 
Sekkepipeorganisasjonen sekkepipe.com vart skipa etter seminaret på Gjøvik i februar.
 
Sven Nyhus vart utnemd til æresmedlem i Norsk Folkemusikklag på årsmøtet i Bergen i februar 2000.
 
Småviltlaget vart vinnar av Kappspell 99 på TV, med Jutullaget på andre og P.A.Røstad jr. på tredje plass.
Arne M. Sølvberg runda 50 år 30. november 2000 og vart feira med stor fest i heimbygda Fjelli. På festen spela han også eigene slåttar, mellom dei Kongeslåtten, som vart framført i toget framfor slottet i 1983. Arne har vore mellom dei fremste på kappleikar dei siste 20-30 åra på både fele og hardingfele.
 
Nyoppdaga folkemusikk  frå Stordal på Sunnmøre. 
Spelemann og folkeminnegranskar Jostein Fet har nyleg gjenoppdaga ei stor samling med slåttar, religiøse folketonar, kjøkemeisterviser, gamaldans og viser etter stordalingen musikkløytnant Peter Jøsvold (1865-1953). Fet fann dei ved Norsk Musikksamling i Oslo. Mykje fin musikk etter Jøsvold var også kjent frå før, og til saman er det no ca 900 titlar etter han, 400-500 av dei frå Sunnmøre, mest frå Stordalen. Jøsvold gav samlinga til Norsk Musikksamling i 1940.
 

Nyheter

Meir pengar til Norsk folkemusikk og danselag 
Nationen (2/2-01) fortel
at etter at Stortinget i januar ynskte meir pengar til folkemusikken, har Norsk Kulturråd plussa på ein halv million til NFD. Pengane skal særleg gå til å markedføre norske artistar i utlandet. NFD   dispnerer no kr 1.474.000 mot tidligere 964.000. 
 

Bok 2001: Olav Sataslåtten 1891-1971
Spenst, lyft og skuv heiter den nye boka om storspelemannen frå Hallingdal. Ho er på 288  sider og kostar kr 300 + porto. Kan tingast hjå Terje Østro 3550 Gol, tlf 32077684
 

Turnestøtta - ei "ny" støtteordning for "Formidling av folkemusikk og folkedans" - skal Rff no administrere. Årleg sum på kr 500 000. Søknadsfrist er 1. mars 2001. Meir her.
 

Høgskolen i Nesna med mellomfag i musikk.
I 1999 starta dei med grunnfag i musikk - med vekt på gehørsbaserte musikkformer: folkemusikk, jazz, vise og rock. Studiet er samlingsbasert, og har nordnorsk profil.
 

Hallvard T. Bjørgum drog i midten av februar 2001 til Vancouver i Canada som invitert gjest til eit svært stort bransjetreff : "13th Annual International Folk Alliance Conference" . Meir her.
 

Hallvard T. Bjørgum har tatt Thor Heyerdals viking-teoriar på alvor. Han har vore i Aserbadsjan og funne nær slektskap mellom musikken der og dei gorrlause slåttane i Setesdal. Folkemusikkhalvtimen 28. januar 2001
 

Folkemusikktimen 28. jan. 2001 handla om Folkemusikk på Internett. Vi fekk mellom anna høyre slåttar frå Christian Borlaug si heimeside, frå USA og frå Sverike. Her finn du mange linkar til musikk på internett.
 

Arne Røine er død
Han døydde 26. november 2000, 92 år gamal. Arne Røine var frå Valdres, men budde det meste av livet i Oslo. Han var dugnade spelemann og spela på mange eldre instrument som langeleik, lur og seljefløyte. Han var med i BUL i mange år som spelemann, og la ned eit stort arbeid for Laget for Folkemusikk. Han var heiderslagsmedlem mellom anna i Landslaget for spelemenn. Med sitt trivelege vesen vert han sakna av mange.
 

Nye studentar på Voss
Det er teke opp 4 nye studentar på kvedarskulen og 4 nye på spelemannsskulen. Her er namna på desse og tidlegare elevar.
 

Frifond-midlar til folkemusikk
Stortinget har vedteke ny tilskotsordning til frivillige organisasjonar og for 2000 løyvt 20 mill kroner (i statsbud- sjettet for 2001 er fore- slått 30 mill). Norsk Musikkråd fekk 6 mill av desse, og fordel- ingsnøkkel er medlems- talet under 26 år. LfS har fått ca 64000 for år 2000. Tilskota kan gjev- ast til grunnstønad, lokal aktivitetar og prosjekt.
 

Midlar frå Rff fordelt
For år 2000 var det 27 ulike tiltak som fekk tilskot frå 4000 til 15000. Mest til kurs, seminar og CD-utgjevingar.
 

Norges Husflidslag i økonomiske vanskar. For tredje året på rad er det underskot. Frå 1996 er eigenkapitalen redusert frå ca 2,2 mill til 400000 kr. Les meir her.
 
Munnharpefestivalen 2000 er i Vågå 6-8 oktober. Bak står Vågå spel og dansarlag og Norsk Munnharpe- forum, som også har årsmøte der.  
 
Telemarkfestivalen i Bø 3-6 august feira 10 år og satsa på impulsar frå vest, halvparten norsk og halvparten utan- landsk folkemusikk. Om lag like mang deltakarar som i 1999 trass i kolli- sjon med Bluesfesti- valen Les meir her.
 
Gammeldansfestival i Selbu, 4-6 aug. 2000. Det var venta 2-3000 tilreisande, 600 camp.- vogner og 15000 selde billettar. Mellom "banda" er Småvilt- laget, Monas, Varg- tassan, Trønderfår, W.H. band og fleire. Det vart ein vellukka festival, den åttande i rekkja, sjølv om det regna kraftig siste dagen. Over 50 skadinaviske orkester deltok. Eit av trekk- plastra var VM-mester Gjermund Eggen i som vokalist i Tømmerdalens.
 
Landsfestivalen i gamaldans 2000 19-23 juli, Nordfjordeid vart ein stor suksess. Gudbrandsdal, Løten og Oppdal dominerte tevlingane. Det var 700 deltakarar, 6000 tilreisande og fint ver, og 350 000 kr i overskot. Les meir om festivalen her.
 
Jørn Hilmestemnet 27- 30 juli på Fagernes vart eit vellukka 40 års jubileumsstemne i strålande ver. På kappleiken var det i alt 125 startnummer mot 112 i 1999. Her er resultat frå kappleiken og glimt frå stemnet.
 
Distriktskappleiken 2000, Løten Hedemark 1-3 sept.  Leif Inge Schjølberg frå Vågå vann A-klassen i fele. Hans Sandum vann B-klassen. Sør-Fron Spelemannslag vann seniorklassen i lagspel framføre Lom. Her er resultatlista.
 
Folklore i Oslo Konserthus måndagar og torsdagar i frå 10. juli til 17. august. 
 
Vestlandskappleiken, Granvin i Hardanger 13.-15 okt. 2000. Anders Kjerland 100 år-minne.
 
Folkemusikkdagane i Porsgrunn 25-26 aug 2000. 40 års jubileum. Kulturkveld fredag med Hauk Buen og Per Anders Buen Garnås. Kappleik laurdag.
 
Setesdalskappleiken, Rysstad, 28-29 juli 2000 - kurs, kappleik, kon- sert. Faremo- pokalen  gjekk til Daniel Due- Tønnesen.  Daniel Sandén vann mykje av det som var mogleg å vinne fortel avisene. 
 
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival 6-9 juli satsa på keltisk,  men også på norsk folkemusikk og dans. Det blir rapportert om fulle salar på nesten alle tilstellingar. Trist var det at sommel med visa førte til at Ghat Tuareg Ensemble frå Libya ikkje kom. Det blir også meldt at ein mann fekk hjarte- trøbbel då eit skotsk par elska nakne i hagen hans. Les meir frå festivalen her.
 
Landskappleiken 2000 på Voss 29.6-2.7 -  eit vellukka arrangement. Knut Hamre frå Hardanger best på hardingfele og Mari Eggen på vanleg fele. Jon Ellingsen vann kongepokalen i halling.  Meir her.
 
Bunader og rasisme
Det redaktør i Norsk Husflid Nina Granlund Sæther har sagt om bunadsying og innvandrarar har vekt stort oppstyr. Les meir her
 
Oslo-drakta er populær
I samband med 1000-års jubileet i Oslo vart det utarbeidd ei Oslodrakt av Eva Lie Design. Syerske Liss Pettersen fortel til Aftenposten 29 mai at ho har laga 295 drakter. Heimen Husflid sel også drakta, og dei rapporterer om 220 selde drakter.
 
Den 17. mars 2000 fekk Olga Breivik frå Fana kongens medalje i sølv for innsatsen sin for folkedrakt- og bunadarbeid. Ho har arbeidd lokalt og sentralt i NU og i Bunad og Folkedansrådet.
 
Bolstad-ensembelet med CD
Sumaren 2000 kjem den første CD'en - "Blomsten i Stryn", samtidig med at det er 125 år sidan Per Bolstad, "Mellom-Peren" vart fødd. På CD'en er det okså nokre gamle opptak med Per sitt eige ensemble frå 1946, og Stryn mannskor. Medlemene i orkesteret er frå Stryn og leiar er Arne M. Sølvberg.
 
Bunadavdelinga ved Husfliden i Ålesund har fått inngang frå gata. Her ser du inn i utstillingsvinduet. Den vanlege mannsbunaden frå Sunnmøre, som det går mest av, kjem på ca 12000 kr, medan den nye folkedrakta blir meir enn dobbelt så dyr (berre handsam).
 
Titanofestivalen 2000 på Vinstra
vart ei stor mønstring av trekkspelmusikk. Nærare 10000 var innom festivalen, og 600 camping-einingar på festivalcampingen.Øivind Sandum (Lalm, 17 år) vann solistklassen for senior - som i fjor. Inge Gjevre og Jon Karusbakken (Vågå) vann duettklassen. Best i orkesterklassen vart P.A.Røstad jr's orkester (N.Trøndelag), med Grindstuen og Midtli's tett etter på andre plass. Her er meir å lese.
 
EDNA - ny platebutikk for norsk musikk opna rett før jul 1999 i Musikkens hus Tollbugata 28 i Oslo. Der har også Lfs og NFD sine kontor.
 
Stor serie Svensk folkemusikk er gitt ut  - 28 CD'ar frå Sveriges Radio og Caprice Records. Stor breidd og topp kvalitet. Kan kjøpast hjå Musikklosen AS, tlf 22198282.
 
Annbjørg Lien si plate "Baba Jaga", oppkalla etter den russiske heksa, lanserte også si nye verdensmusikkplate i Berlin i mai. Plata vart først lansert i Noreg i november 1999.
 
Sven Nyhus ga i 1999 ut 5 CD'ar med Røros-polsar - 132 til saman. Eit standardverk i norsk folkemusikk.
 
 Utredninga om folkemusikken og folkedansen ferdig på nyåret 2001. 
Det opplyste kulturforskar Georg Arnestad på Rff sitt representantskaps- møte hausten 2000. han står i spissen for utgreiinga. Det var Rff, NFD, LfS og NU som bad Norsk kulturråd om å sette i gang dette arbeidet. Arnestad har intervjua ein del sentrale personar i miljøet. Han uttaler elles at den norske staten aldri har teke folkemusikken og dansen på alvor, og meinte at ein må få dette inn i den komande kulturmeldinga.
Desember 2000.
Nordleik 2000 i Stavanger 4-6 juli vart eit vellukka stemne, men kaldt. 4000 deltakarar var færre enn venta. Nokre glimt og bilete frå stemna.

 
Plateselskapet NORCD fyller 10 år, 
og det vart markert 18. og 19. januar med konsertar. Sjefen sjøl er Karl Seglem. Selskapet har så langt gjeve ut i alt 39 titlar innan folkemusikk jazz. Heimesida til selskapet er her.
 
Tore Hansen i Bergen - mannen bak Troldspelet og Folkemusikkens venner
Han er intervjua av Nationen, og klagar over at det er lite støtte å få. Les meir i intervjuet her. Oktober 2000
Vellukka NU-haustsamling i Bergen
I slutten av oktober 2000 var det ei breitt opplagt samling i kulturbyen Bergen. Over 130 var samla til dei ulike seminara i teater, bunad og folkedans. På songdansseminaret var det heile 66 som deltok.
 
Universitetsstudiet i Bunad og samfunn
kom i gang hausten 2000 med 23 studentar, 19 kvinner og 4 menn frå 22 til 58 år melder "Norsk Ungdom" 4/2000. Det var i alt 55 søkjarar. Studiet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Folkekulturforbundet. Studentane møtes ulike stader til helgesamlingar, såleis på Voss, Fagernes og Røros.
 
Fin årsfest i Laget for Folkemusikk i Oslo
Det var godt frammøte til årsfesten den 14. desember 2000. Det var minneord om mangeårig æresmedlem i laget Arne Røine, som nyss hadde gått bort. Etter velsmakande vossakorv, vart det ein svært fin konsert med Hauk Buen, som fekk velfortent applaus. Han fekk også god avsetnad på den nye CD'en sin.
 
Spelemannen Leif Neset frå Skien vart tildelt Kongens fortenestemedalje for lang og tru innsats for folkemusikken på Porsgrunnsdagane 2000
 
Under Jørn Hilme-stemnet i juli 2000 var det slepp på ein ny CD med gamle opptak av storspelemannen Olav Moe frå Vestre Slidre. Opplaget er på 1000. CD'en kjem på eit nytt plateselskap i Valdres: "ta:lik". Distribusjon via Musikkoperatørene.
 
Kven har makta? Bladet Musikk Kultur har laga ei kart- legging av musikkmakta i landet. Innan gruppa Jazz/folke/verdensmusikk kjem Egil Bakka høgt opp både når det gjeld formell og symbolsk makt. Litt lenger nede finn vi Trond-Ole Haug, medan Jan Lothe Eriksen "ligg langt bak". Annbjørg Lien blir stadig viktigare som artist, og truar snart Knut Buen som symbolet på norsk folkemusikk, blir det hevda. Elisabeth Kværne, Sven Nyhus og Leif Rygg blir nemnt mellom dei som er "på veg ned".
 
Torbjørg Åmlid Paus er død
Ho var kjent kvedar og dansar frå Setesdal, og var gjennom heile livet ein kulturberar av rang, og ein svært god ambassadør for folkemusikken. Ho var æresmedlem i LfS, i Kristiansand sspelemannslag og Setesdal spelemannslag og hadde Kongens fortenstmedalje i gull. Ho var deltakar og domar på mange kappleikar, og instruerte mykje i folkedans.
 
Tilskot til musikkfestivalar i 2000 frå Rikskonsertane viser mellom anna: Folkemusikkdagane Ål kr 350 000, Viser ved kanalen kr 50 000, Førde I. folkem.-festival kr 1500 000,  Telemark-festivalen kr 650 000. Totalt fekk 37 festivalar kr 20 mill.
 
Myllarguten, fødd i 1801 eller 1799?
Den siste tida har det vore ein del debatt om Myllarguten - Torgeir Audunson Øygarden. Som kjent blir det planlagt jubileum i 2001. Debatten går på fødelsår, fødestad og om han var ekte eller uekte barn. I nr 4/00 av Spelemannsbladet har Johan Vaa ein innhogg der har tilbakeviser at fødelsåret skulle vere 1799. 
 
Johan Krogsæter frå Vatne på Sunnmøre døde 10. mai 77 år gamal. Han var ein ihuga målmann, var aktiv i BUL/Oslo i mange år, redaktør i Spelemannsbladet og skreiv mellom anna Leikarringen i BULs 50-årssoge. Aktiv EU-motstandar og sogelagsmann.
 
Kvedaren Berit Opheim (33) frå Voss har fått Forbrukersamvirket sin kulturpris på kr 100000. for 2000. Berit er  timelærar ved Norges Musikkhøgskole og lærar i halv stilling ved Ole Bull Akademiet. Ho har bakgrunn mellom anna frå Norges Musikkhøgskole og Bergen Musikkon- servatorium.
 
Midlar frå  Musikkverkstedsordningen er tildelt for 2000. 8 mill. til jass, rock, folkem. og verdensm. Meir info her, og liste over tildelingar
 
Statsstipend for folkemusikarar for 2000 er utdelt. Gunnlaug Lien Myhr,  Alf Tveit, Egil Ssyversbråten og Tron Westberg har fått arbeidsstipend på kr 145000, Alf og Tron toårig. Så har Mari Eggen og Sinikka Langeland fått reisestipend på ca kr 20000.
For 1999 gjekk eittårige arbeidsstipend på  kr 141000 til Ragnhild Furholt, Håkon Høgemo, og Olav Vindal. Sturla Eide Sundlid fekk reisestipend og stipend til eldre kunstnarar til Erling Kjøk og Håvaard Kvandal.
 
Årets spelemannspris. Sven Nyhus fekk heidersprisen for eit framifrå arbeid for folkemusikken gjennom mange år. Kvarts fekk prisen for beste plate i kategorien folkemusikk/gamaldans.
 

Nyheter

Myllarguten - var han fødd i 1799 eller 1801? Det blir planlagt jubileum i 2001. Jubileumssida her.
 
Ungdomsorganisasjonane misser medlemene sine - reduksjon frå 900000 til 300000 frå 1978 til i dag.
 
Titanofestivalen, Vinstra 12-16 juli 2000 vart ei vel- lukka stemne. The Dubliners, Småviltlaget, P.A.Røstad, Jutullaget, Dalakopa og andre under- heldt i tillegg til alle tevlingane med "NM i durspel og torader", "NM i gammeldansmusikk" og "Åpen Internasjonal klasse". Meir her.
 
Bolstadensemblet i Stryn har kome med CD med Per Bolstad-slåttar: "Blomsten i Stryn"
 
Oslo-1000 års drakta er populær,  fortel Aftenposten.
 
Svært mange kvinner (55%) har bunad.
 
Kongens medalje til Olga Breivik for  drakt-arbeid
 
Profesjonalisere folke- musikken vil Den norske folkemuskkscena. Stor artikkel om dette i Musikk- kultur 10/00, i ein artikkel av Anne Hytta. I same nummeret er det intervju med gruppa Fjøgl, og ein artikkel om Å ta tradisj- ons-dansen "ned frå scena". I same nummeret er det også ein fin artikkel om Rättivk Folklore Festival.
 
Nominert til Edvardprisen
Annbjørg Lien, Tone Hulbækmoe og Hans- Fredrik Jacobsen var mellom dei 18 som vart nominert til Edvardprisen for år 2000. Men dei vart ikkje mellom dei 6  som fekk prisen. Meir her.
 
Internasjonal kulturuke i Bergen 30/10-5/11-2000
 
Landskappleiken 2000 på Voss 29.6-2.7 -  eit vellukka arrangement. Knut Hamre frå Hardanger best på hardingfele og Mari Eggen på vanleg fele. Jon Ellingsen vann kongepokalen i halling.  Meir her.
 
Nordleik 2000 i Stavanger 4-6 juli vart eit vellukka stemne, men kaldt. 4000 deltakarar var færre enn venta. Nokre glimt og bilete frå stemna.
 
Berit Opheim har fått Forbrukersamvirkets kulturpris for 2000 på 100000 kr.
 
Geir Egil og Maj Brit Larsen frå Verdal vart tildelt Midtnorden- komiteens kulturpris for sitt arbeid med folkemusikk og folke- dans over lande- grensene. Prisen er på kr 30000 og vart delt ut under Trøndelag 2000 i Stjørdal 20. aug.
 
Torbjørg Åmlid Paus er død - den kjende kvedaren og dansaren frå Setesdal.
 
Kven har makta?
Bladet Musikk kultur har laga ei "maktutredning", også innafor folke- musikken. Meir her.
 
Ny leiar i NU
Johan Einar Bjerkem, Nord-Trøndelag, vart vald til leiar i NU i Stavanger i juli 2000. Det vart også andre utskiftingar i styret.
 
Johan Krogsæter døde 10. mai 77 år gamal
 
Høgskolen i Nesna med folkemusikk-studium.
 
EDNA - ny platebutikk
 
Ny CD med Olav Moe - gamle NRK-opptak frå 1937.
 
Sekkepipe-organisasjon vart skipa i februar 2000.
 
Vellukka Oslo-kappleik
vart avvikla laurdag 28. oktober. Det var lita deltaking i dei fleste klassane. Også TV-opptak, som kjem på NRK2 torsdag 2/11 kl 20.10 og NRK1 3/11 kl 08.15. Rresultatliste her
 
NRK-arkivet tilgjengeleg på Internett? Les meir her!
 
Per Anders Buen Garnås vart fanitull-vinnar på Ål også i 2000, og slo den eldre garde!
 
www.ballade.no - ei ny informasjonsavis for musikk på nettet. Også folkemusikk finn plass her Norsk Musikkinformasjon
står bak tiltaket og redaktør er Arvid Skancke-Knutsen
 
Myllarguten - var han fødd i 1799 eller 1801? Det blir planlagt jubileum i 2001. Jubileumssida her.
 
Oslo på Ball! Les her.
 
Selstreffen 2000 16/9 vart vellukka, og  folke- musikaren Geir Egil Larsen (56) frå Verdal tildelt fekk Selstreffprisen, særleg for sin store inn- sats for folkemusikken, spesielt  eldre instrument som tussefløyte og selje- fløyte. Geir Egil Larsen har halde over 1000 skule- konsertar og har arbeidd mykje med opplæring av born. 
 
Ungdomsorganisasjonane misser medlemene sine - reduksjon frå 900000 til 300000 frå 1978 til i dag.
 
Titanofestivalen, Vinstra 12-16 juli 2000 vart ei vel- lukka stemne. The Dubliners, Småviltlaget, P.A.Røstad, Jutullaget, Dalakopa og andre under- heldt i tillegg til alle tevlingane med "NM i durspel og torader", "NM i gammeldansmusikk" og "Åpen Internasjonal klasse". Meir her.
 
Bolstadensemblet i Stryn har kome med CD med Per Bolstad-slåttar: "Blomsten i Stryn"
 
Oslo-1000 års drakta er populær,  fortel Aftenposten.
 
Svært mange kvinner (55%) har bunad.
 
Sverre Halbakken, har gitt ut bok og  CD om musikk og dans i Sør- Østerdal
 
Kongens medalje til Olga Breivik for  drakt-arbeid
 
Profesjonalisere folke- musikken vil Den norske folkemuskkscena. Stor artikkel om dette i Musikk- kultur 10/00, i ein artikkel av Anne Hytta. I same nummeret er det intervju med gruppa Fjøgl, og ein artikkel om Å ta tradisj- ons-dansen "ned frå scena". I same nummeret er det også ein fin artikkel om Rättivk Folklore Festival.
 
Nominert til Edvardprisen
Annbjørg Lien, Tone Hulbækmoe og Hans- Fredrik Jacobsen var mellom dei 18 som vart nominert til Edvardprisen for år 2000. Men dei vart ikkje mellom dei 6  som fekk prisen. Meir her.
 
Internasjonal kulturuke i Bergen 30/10-5/11-2000
 
Folkemusikkarkivet i Telemark (Bø og Rau- land) opna i juni. Herdis Lien og Kari Lønnestad tilsett i 1/2 stilling kvar.
 
Heiderslagsmedlemer i LfS i 2000 vart Bjarne Herrefoss, Ola Hjelle og Ivar Schølberg.
 
Olav Sæta  fekk Rff-prisen for 1999. Tidlegare pris- vinnarar sjå her.
 
Hauk Buen med si første solo-CD
I november 2000 kom Hauk Buen med si første solo CD -"Feledåm" - ei plate mange har venta på. Han har gjeve ut LP og kassettinnspelingar før, men dette er den første på CD. Buen Kulturverkstad har stått for innspelinga. Desember 2000.
 
Jon Anders Halvorsen på kaffikvelden i Leikarringen Symra.
I mars var dansarane i Symra heldige, då dei fekk oppleve fin folkesong ved Jon Anders Halvorsen. Her er eit glimt av songaren, og bordsetet.
 
Hareid gamaldansklubb med danse- seminar 
På  Hareid er det ein aktiv gamaldansklubb som også driv med turdans og litt songdans. Dei har øving kvar 14. dag, og iblant har dei øvingar og festar saman med liknande klubbar i grannebygdene. Ein gong for året har dei helsgeseminar, der dei inviterer gjeste-rettleiarar. Her er eit par glimt frå seminaret deira i mars 2001.
 
Magnar Sundt positiv til Brussel
Magnar Sundt og Øyvind Kvile - kjende menn i folkemusikk-Norge - har vore i Brussel, og IdaLou Larsen i Nasjonen har intervjua dei. Les her.
Desember 2000.
 
Intervju med Odd Nordstoga
Musikaren Odd Nordstoga - mellom anna kjent frå gruppa Blåmann - har blitt intervjua av Nationen. Les her.
November 2000.
 
NRKs folkemusikk på internett?
I Aftenposten (24/9-00) luftar Leiv Solberg planar i NRK om at heile deira rikhaldige folkemusikkarkiv kan bli tilgjengeleg på Internett. Frå 1934 har programleiarane i Folkemusikk- halvtimen (Eivind Groven, Rolf Myklebust, Sven Nyhus og Leiv Solberg) samla ca 50000 opptak med norsk folkemusikk. Berrre ein liten del av dette er til no gjort tilgjengeleg på CD etc. Det går lastebilar med band til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana for å bli kopiert digitalt. Når dette arkivet kan bli tilgjengeleg er usikkert - det er mest eit økonomisk og opphavs- rettslege  problem. Dette er ei stor nasjonal oppgåve som vi vonar kan bli realisert så snøgt som råd.
 
Drengeleik - ei folkedansgruppe berre for karar!
 
Åtte potte med fin konsert i Oslo i november 2000.
Gruppa består av dei 8 avgangs- elevane på siste kullet frå Ole Bull Akademiet på Voss. Dei hadde lagt vekt på samspel og samsong i mange ulike variantar, men også litt solo. Dei hadde fortent eit endå større publikum. Her er nokre glimt frå konserten deira.
 
Musikkpris til to søstre frå Valdres
Aftenposten melder 1/9-2000 at søstrene Eldbjørg (10)  og Ragnhild (12) Hemsing frå Aurdal i Valdres har fått kvart sitt stipend på 30000kr  under ein matine på Baratt Dues Musikkinstitutt i Oslo. Stipendet er for stor kreativ og kunstnarleg utvikling. Dei to spelar fele og hardingfele. Dei reiser kvar veke til Oslo for å få speletimar.
 
Demonstrasjonstoget gjennom Oslo, laurdag 23. september viste drakter og plakater frå demonstrasjoner gjennom hundreåret som ledd i 1000- årsfeiringa Også BLS var med med spelemann , den gamle Fylkeslags- fana, men berre tre (!) dansepar. Det kunne vore betre oppslutning!
 
Spelemannen Olav P. Hjelvik 80 år, torsdag 24. august 2000. Han vart heidra med stor samkome på Romsdalsmuseet. Hjelvik har gjennom fleire mannsaldrar lagt ned eit stor arbeid for folkemusikken i Romsdal. "Dåm og Drag" og mange andre orkester spela, mellom anna framførde Romsdal spelemannslag "Heidersvals til Olav P."
 
Fin brosjyre frå Folkekultur- forbundet
Ein dag i september fekk vi i handa ei fin brosjyre om Folkekulturforbundet. Meir her!
 
Songdansseminar i NU er 27-29/10- 2000 i Bergen. Det er også bunadseminar då. Det er eit allsidig program, med kjende innleiarar, mellom andre Ingar Ranheim, Elin Grytting, Tor Stallvik og Martin Henriksen, Lee Otterholt. Også leikfest, teater, Fjellbekken Spelemannslag etc. Meir info hjå NU.
 
Høgskolen i Nesna satsar på folkemusikkopplæring, saman med rock, jazz og viser. Våren 2000 var det første kullet på 13 ferdig, og dei fekk gode karakterar. Det er 6 samlingar på 1-2 veker kvar. Praktisk og teoretisk arbeid går hand i hand. I år var m.a. Tor Dybo og Ove Larsen mellom lærarane.
 
Kurs i Færøydans på Færøyane
 13-15 oktober 2000. Kurskostnad ca 2800 sek. Info: ktl@novo.dk Påmelding snarast til NU.

Årbok for norsk folkemusikk 2000 er i sal, og har eit variert og godt innhald som vanleg.
 
"Bygdedansen i eit tidsskilje" var namnet på seminaret under Folke- musikkveka på Ål i 2000. Jan Petter Blom og Egil Bakka var innleiarar og det kom fram mange interessante synspunkt, mellom anna på bygdedansen som framsyningsdans og bruksdans.
 
På Fylkeskappleiken i Telemark 3. juni 2000 vart Anne Hytta best i klasse A, Torgeir Strand i B, Ottar Kaasa i C, Kjell Hove og Olav Sem i kveding. Olaug Slåtta og Olav Sem var best i dans A.
 
Susanne Lundeng  kom med ny CD, 23. mai 2000, og alle låtane har ho skreve sjølv!
 
Ål-veka 2000 vart ein stor suksess også i år. Det blir rapportert om 3000 selde billettar - ca 20% auke - og ca 250 aktørar.
 
Olav Sæta fekk Rff-prisen for 1999, sæleg for sitt store arbeid med Feleverket "slåtter for vanlig fele", for folkemusikkarkivet i Engerdal og anna viktig arbeid for folkemusikken.
Tidlegare prisvinnarar sjå her
 
Annbjørg Lien si heimeside er spennande og flott!
 
Anette Torsheim (19) frå Radøy vinnar  i trekkspel: NM, Titano og Landsfestivalen. Ho skal byrje på Kungliga Musikhøgskolan i Stockholm der Unni Løvlid også skal gå.
 
"Bygda dansar" - eit prosjekt som Rff står bak fekk i 1999 kr 140000 frå Kulturrådet. Tanken er å prøve ut ein meir profesjonell presentasjon av tradisjonsdansen i Noreg. Sogn og Fjordane er prøvefylke. Ei kjerne- gruppe på ca 30 dansarar skal få opplæring og utgjere eit fast ensemble som skal reise rundt og syne fram tradisjonsdans.
 
Dei frivillige barne og ungdoms- organisasjonane opplever dramatisk reduksjon i meldemstalet - frå 900000 i 1978 til 300000 i 2000. Norges Bygdeungdomslag hadde i 1980 13600 medlemer og i dag under 2600. (kjelde Nationen 11/7-2000)
 
Gruppa Vestafolk 
er ei interessant nyskaping i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen har teke initiativet til gruppa som skal arbeide fram mot ei scenisk framsyning basert på norsk folkedans og folkemusikk - ei framsyning med både tradisjon og fornying. Gruppa byrja arbeidet i starten av 2000 og møtest til helgesamlingar. Spelemannen Sigmund Eikås er prosjektleiar, og fylkes-musikar Øyvind Lyslo og regissør Torgeir Leivdal  hjelper til.

Desse er med i gruppa:
Unni Løvlid (vokal), Sigrid Terese Moldestad (fele/hardingfele), Liv Merete Kroken (h-fele/fele), Gro Marie Svidal (dans/h-fele), Synnøve Børset (h-fele/fele), Britt Pernille Frøholm (h-fele/fele), Bjørn Ravnestad (trekkspel/torader), Morten Vigdal (dans), Anne Kristin Haugen (dans), Eva Kristin Svidal (dans), Audun Sølvberg (dans), Tove Kristin sølvberg (dans), Olav Hope (dans).