Bilete som har stått på førstesida før


Lilleba Lund Kvandal viser fram den nye omfattande boka med folkeviser ho gav ut, hausten 2000.
    

Leiaren i NU Johan Einar Bjerkem er på pengejakt, både blant eigne lokallag og i kulturkommiteen på Stortinget.
Her vil eit nytt bilete dukke opp iblant

Frå kappdansen på utescena under Jørn Holme stemnet på Fagernes 2002. Her er fleire bilete.


Gjermund Larsen under Landskappleiken 2002 i Vågå, der han vart 3-dobbel klassevinnar. 
Fleire bilete frå Landskappleiken 2002 finn du her.

Jon Anders Halvorsen vart best i volkal folkemusikk på Landskappleiken i Vågå 2002. Her finn du mange fleire bilete derifrå.

I månadskiftet juli/august 2001var Leikarringen Symra på på ein svært gild folkedansfestival i Neustadt i Holstein i Tyskland, i lag med mange grupper frå ulike land. Her ser vi to fine representantar frå ei ukrainsk gruppe som viste eit fyrvekeri av ei framsyning. Meir her.



På NU-stemnet i Asker 2001 vart Gunnar Rødal  utnemt til æresmeldlem i NU for sin store innsats for folkedansen. Han har gjennom åra hatt kurs for over 210 000 deltakarar. Han er den 7. som har blitt æresmedlem i NU, så dette skjer ikkje kvart år. Den siste var i 1954. Vi gratulerer! Les meir om stemnet i NU her.
Labråten - Heimen til Hulda og Arne Garborg ligg tett inntil Asker museum og er ein del av museet.  Hulda og Arne kom til Labråten i 1897, og budde der resten av livet. I år står staden sentralt i Garborg-året, og i NU-stemnet i Asker 5.-9. juli 2001. Den 1. mai vart ei fin bunadutstilling opna på Asker museum. Utstillinga heiter "Frå Hulda til Heimen"er ein del av NU-stemnet. Du kan lese meir om bunadutstillinga "Frå Hulda til Heimen" her.

 (1/5-2001)

Minstegruppa i Barnelaget i BLS dansar på Bygdelasgsstemnet 2001 på Folkemuseet i Oslo 
Fleire bilete frå stemnet her.
Frå Bygdelagsstemnet på Folkemuseet i Oslo 28. mai 2000. Anne og Tor Skomedal dansar Setesdalsgangar i Teletunet. Trykk på biletet så blir det stort!
Frå Nordleik 2000 i Stavanger i byrjinga av juli. Her er folk på Preikestolen. Les meir om stemnet. Trykk på biletet, så blir det stort!