Spelemenn fortel ...
(direkte sitat frå spelemenn)

I eit NRK-program i 1953 fortalde Torkjell Haugerud om koleis han lærde spel av Knut Dahle  hausten 1914 (frå boka "Femti år med folkemusikk" av Rolf Myklebust).

"Knut Dahle hadde gjeve frå seg garden, flytt frå Dale til Atrå der son hans, som og heitte Knut, hadde kjøpt ein liten fin gard, Jorde. Knut fylgde med dit og hadde føderåd der og stelte seg sjølv i eit kammers. Det fyrste han gjorde om morgonen når han stod opp, var å setja kaffikjelen på. Då tok han fela og spela medan kaffien koka, og den slåtten han jamt spela kalla han "Fyre bisken". Om natta låg fela i sengi attom ryggen hans, og om dagen sette han feleskrinet på bordet innmed Bibelen, som alltid låg der. Då han var yngre, tykte ikkje folk noko om slåttespelet hans, det forvilla ungdomen, sa dei. Dahle tykte det var ille at dei skulle seia slikt. Han vart tregafull og spela mindre nokre år. Men so fekk han tenkt seg om, og fann ut at det ikkje var gale å spela på hardingfele. Han las Bibelen so mykje som nokon, og felespelet fylgde med. Han var ein ualminneleg fin mann.
 
Når eg skulle lære slåttar av han, måtte eg ha god tid. han spela fyre og eg ette, tak for tak. Eg skreiv slåttar på notar før denne tid, og lærde slåttar etter Dahle so godt eg kunne før eg skreiv dei ned på kladd. Dette har eg hatt stor nytte av sidan. Mange seier at det ikkje går an å bruke notar for den som skal spela folkemiusikk. Det er tullprat, for det er nettopp notane somkan hjelpe oss å minnast slåtten. Me kan ikkje minnast musikken om me ikkje har han oppteikna, han blir forandra når me spelar år om anna. Det har eg prøvt sjølv, at konfererer eg ikkje med notane, so kan eg ta feil. Men ser eg på notane, så fær eg retta det slik eg kan ha slåtten heilt rett slik Knut Dahle spela han. Det beste er å ha slåtten både i minnet og på papiret. Eg lærde mange slåttar etter Knut Dahle, det skal vera visst, og mangt kunne eg fortelja om det.
 
Ein gong sa godson han, Johannes Dahle, at han hugsa eg og godfar hans spela so mykje den slåtten som heiter "Frå morgon til kveld". Det var ikkje noko namn på den slåtten frå før, sa han, men når de hadde spela han, sa eg om kvelden at no har de spela den slåtten frå morgon til kveld, og så vart slåtten seinare kalla "Frå morgon til kveld", sa han. Eg hugsa ikkje det so nøye eg. Jau, det var godfaren, Knut, som kalla slåtten slik etter den tid, sa Johannes Dahle.
Me hadde mange gilde stunder med speling og samrøder, Knut Dahle og eg. Han var svært nøyen på at eg skulle lære slåttane rett, og han var glad for at eg kunne notere dei ned, og ville gjerne lære frå seg. Han var av dei som berre ville gjeva av sitt rike slåttetilfang. Når me sat slik og spela, la me ikkje merke til noko anna. Eg hugsar i 1914, då fyrste verdskrigen begynte om hausten. Då begynte folk å forsyne seg med mat og mjøl alle stader, men me sat og spela. Eg fekk telefon frå Seljord at eg måtte kome heimatte. "Nei", sa eg til Knut Dahle, "lat oss spela, eg og du". "Ja, lat oss det", sa Knut. Krigen fekk gå sin gang. Me spela den eine dagen etter den andre. So fekk eg streng ordre frå verfar at eg måtte koma heimatte og sjå etter folket mitt på Nordgarden i Seljord. Eg hadde mykje å stelle med, så då laut eg bryte opp og reise. Det var ikkje so moro å slutte, men eg hadde lært svært mykje den gongen. Me hadde sete saman i mangfoldige dagar"
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Eivind Groven ()   meir her