Nyttårsmoro i Øystre Slidre

Vi har fått invitasjon på rim!

 

Tradisjonen tru bi det fest o feiring på Herangtune,

So merk de det alt no –

nyårseftan ska dø kji sita heime surne!

Meld de på alt i dag, detta bli noko te lag!

 

Men det æ kji berre nyårseftan det skjer,

Dagen fereåt mø i Spelemannsstogo de ser

rare utkledninga, bukka o jolegeite.

Mø håpa du kjem, o at du tek tå de maska ved midnattsleite!

 

Her kan du møte nye venne,

enn treffe att engon tå dei gamle du kjenne.

Nyårseftan æ Herang stan å gå,

før både gut o jente, store og små.

Her ska generasjona feira i samen,

det håpa mø går i uppfyllils denna dagen.

 

Rundt klukka sjau står mø o venta,

På både de, dronninge o fenta…

Ein vælkomstdram bi det te alle so vil ha,

ettekort so venta bordseta.

 

I år so i fjor bi det sendingsfest.

Det vil seia at alle so vil vera gjest,

lyt bidra med noko til kveldens matgilde.

Med kjøgemeister o tale bi dæ passe høgtidle.

 

Drikke det får dø kjøft hjå uss,

Både øl frå Valdres Gardsbryggeri o brus.

Æ dæ noko meire dø vije ha,

då lyt dø ha det på innerlumma.

 

Utover natte ska dansen gå,

ette læte i frå kor ei krå.

mø håpa få danse både springar o runddans, o mangt anna mø ikkji kan.

Gjestidn koma frå mang ei stan.

  

Ved midnatt då lyt mø ut o tende båle,

o skyte inn det nye åre.

Slek æ tradisjon her,

Raketta æ noko nymotens ræl…

 

Nyårsfesten i år køsta hundre krono.

Meld de på i ti’n,

her bi det rift um plassen i røno.

So kom i frå by o dala,

treng dø overnatting so får dø nok det avtala.

 

So sjåast mø då ved årsskifte,

på festen so æ årets siste.

Mæ dans o moro i alle røno,

Heilt te det berre ulma i gløno… 

Julebukkmoro 6. dag frå klukka 20.00

Nyttårsfest frå klukka 19.00

Påmeldingsfrist (gjeld berre nyttårsfesten): 18. desember til

nyttarsfest@hotmail.com eller

Telefon: 90 72 26 90 / 91 85 15 07

 Overnatting på Idstad gård i Volbu kan tingast på Telefon: 61340052

Med helsing frå nyttårskomiteen