Minnekonsert for Arne Røine , 28. april 2001
"Ei vandring gjennom århundret"


Jørn simenstad bles konserten i gang på lur.
   

Erland Joplassen spela hardingfele-læte frå Valdres.
  

Tre valdres-par viste Valdresspringar.
  

Reidar Skjelkvåle stod for fiolin-tradisjonen
  

Reidar Skjelkvåle på fele og Sverre Gjevre på torader i samspel.

Sissel Skjeggedal gjekk også i barnelaget i BUL i alle sine barneår, og teikna i ord eit fint portrett av spelemannen og mennesket Arne Røine.
  

Dagne Groven Myhren song stev og vise frå Telemark.
    
Det var Laget for Folkemusikk og Valdreslaget som stod bak konserten "Ei vandring gjennom århundret". I Sjømannsforeninga i Arbiensgt 1 i Oslo var det nærpå fullt, og dei frammøtte fekk oppleve eit variert program på høgt nivå. I begge desse laga gjorde Arne Røine ein stor innsats, og var æresmedlem i begge laga. Det var han også i Landslaget for Spelemenn. Sin største innsats gjorde han vel likevel i BUL, der han var spelemann for Barnelaget i ein mannsalder. Han vart svært mykje nytta som spelemann på eldre folkemusikkinstrument på festar og framsyningar både i BUL og i andre lag. Han hadde også gamaldanstrio i mange år og spela mykje til dans i bygdelaga i Oslo. Røine var dugande på mange instrument, han var utdanna fiolinist, spela hardingfele, langeleik, seljefløyte, munnharpe, lur og bukkehorn.
Leiaren i LfF Kristin Alvsåker hadde hatt ansvaret for å sette saman programmet.

Magne Myhren var programleiar, denne gongen med ferdigskreve manus - uvandt for han. Han for talde også om Arne Røine og batt programmet fint  saman. Han spela også til dansen etterpå.
    

Elisabeth Kverne spela på langeleik - eit av Arne Røine sine mest brukte instrument.
  

Knut Aastad Bråten spela på langeleik.
  

Odd Sylvarnes Lund, var i mange år med i barneleikarringen i BUL, der Arne Røine spela i "alle" år. her spelar han på seljefløyte - eit av Arne sine kjære instrument.
  

Røine familie-munnharpe-trio (frå venstre) Erik Røine, Anders og Niels Røine.
 

Røines familieorkester (frå venstre) Anne Røine, Camilla Granlien, Anders og Niels Røine. Dei framførte mellom anna "Gjev meg handa di ven".

Spelgruppa i laget for Folkemusikk spela både på konserten, og til dansen etterpå. Her er glimt frå ein av dei i laget.