Gruppa Kvarts hadde konsert i Konserthuset i Oslo

Den 6. mai hadde gruppa Kvarts ein svært vellukka konsert i Konserthuset i Oslo, Vesle sal. Konserten var den siste dette semesteret i ein serie, og det var ikkje så svært mange frå folkemusikkmiljøet til stades. Men likevel var det mykje applaus og god stemning. Det var folkemusikk på kammerkonsertvis, og vi fekk samspel i mange ulike variantar, ein del gamaldans, litt springleik, brudemarsjar, og delar av tingingsverket til Ål-stemnet i 2000. I gruppa finn vi Jo Asgeir Lie på trekkspel, Øystein Ovrum Rudi på fele, Tom Willy Rustad på bass, torader, gitar og munnharpe og Erlend Styve på gitarar.
  

tre av dei fire i aksjon

Her er alle fire i gang:  Erlend Styve , Øystein Ovrum Rudi, Jo Asgeir Lie  Tom Willy Rustad    


Erlend Styve og Tom Willy Rustad