Bunader
Sida med nyttig info om bunader og bunadbruk

Fylkesvis oversikt:
Bunadutsal, 
systover  etc

Viktige Web-adresser
Bunad og Folkedraktrådet
Husfliden
Ingebjørg Almankås
Andenes Husflid og Brukskunst
Om Ågot Noss, Folkemuseet
Noregs Ungdomslag, bunader
Nord Trøndelag folkedraktsaum
Norsk Folkemuseum
Diverse
Peco-klær (fantasibunad for born)
Patty's norske bunader (engelsk)
Troll Craft (fantasibunader), Gjøvik
2000-års-drakta
Strikkeguiden
Bunadmagasinet
   
Apropos bunad, festdrakt, prisar og slikt ....
I ein reklame frå "Spar kjøp" spanderer dei store flotte bilete av "Norsk festdrakt" både på framsida og baksida av brosjyra. Pene bilete av drakter som ser fine ut! For dei som er på jakt etter "bunad-liknande" klede må dette vere freistande når ein samanliknar prisane med vanleg norske bunader (20 000 - 50000 for ein kvinnebunad, sjå litt lenger ned på sida). Nokre priseksempel: Festdrakt komplett for kvinner kr 1850. Festdrakt for jente/gut kr 499. Festdrakt for mann (med skjorte) kr 1590. Festdrakt ungdom kr 790. Bunadssko herre kr 199. Bunadsko dame kr 149. Sølje i sølv kr 199!! Ja, her er det sanneleg lett for ein forbrukar å gå seg vill!? Ikkje rart det blir diskusjon ??? Korleis kan det vere så billeg ????? Kva er kvaliteten? Her finn du informasjon og nettbutikk.
 (8/5-03)
    
Leige av bunad?
NB: Mange av desse prisane er sikkert forelda.
Aftenposten har ein 2-sides artikkel om å leige bunad (30. april 2001).

Ein ferdigsydd bunad kostar 13000 - 40000 eller meir. Å leige bunad for ein dag kostar mellom 500 og 4500 kroner, dyrast i Oslo.
"Heimen" (Rosenkrantzgt 8, tlf 22214200) har mange ulike bunader til utleige, både for kvinner og menn, og prisen er 2000 - 4500 (Rondastakk til 600-700), og sølvkrone til Romeriksbunader kr 700." Norske Bunader" (Drammensveien 4, tlf 22123008) i Oslo har ei rad bunader til leige, 35-40 ulike, pris per dag kr 2500 og for helg kr 3500. "Bunadstua" (H. Løvenskiooldsv 7, 22521849) i Oslo også fleire bunader til utleige, pris ca 2400-2900. "Stakkeloftet" (Dronningensgt 25) i Oslo har fleire, med pris 2200 -2800 for ei helg. Norsk folkemuseum leiger ut Akerdarkta , pris kr 500-700. Norsk Filmstudio (Sørkedalsv. 10A, 22560714 ) leiger ut for ca kr 1000 per veke. "Bunadutleie" (Holumsskogen 10, Gjelleråsen, 67061827) leiger mange ulike til 1000-2000  pluss mva. "Haugtussa husflid" (Ekebergvn 312, tlf 22754020) leiger ut bydrakta tfor kr 2000. Bærum Husflidsforening (67137779) leiger ut Bærumsbunaden for kr 1500.  Bunadstua Kongsberg (32764426) leiger ut for kr 1000. Husfliden Tønsberg (33313563) leiger ut Vestfoldbunad for kr 1000 for ei helg, og sameleis Husfliden i Holmestrand (33051589). Halden Husflidslag (69195340) for kr 500 for Østfoldbunad.
 (30/4-01)
Apropos bunad, festdrakt, prisar og slikt ....
I ein reklame frå "Spar kjøp" spanderer dei store flotte bilete av "Norsk festdrakt" både på framsida og baksida av brosjyra. Pene bilete av drakter som ser fine ut! For dei som er på jakt etter "bunad-liknande" klede må dette vere freistande når ein samanliknar prisane med vanleg norske bunader (20 000 - 50000 for ein kvinnebunad, sjå litt lenger ned på sida). Nokre priseksempel: Festdrakt komplett for kvinner kr 1850. Festdrakt for jente/gut kr 499. Festdrakt for mann (med skjorte) kr 1590. Festdrakt ungdom kr 790. Bunadssko herre kr 199. Bunadsko dame kr 149. Sølje i sølv kr 199!! Ja, her er det sanneleg lett for ein forbrukar å gå seg vill!? Ikkje rart det blir diskusjon ??? Korleis kan det vere så billeg ????? Kva er kvaliteten? Her finn du informasjon og nettbutikk.
 (8/5-03)
Artiklar om bunader
Folkedrakter og bunader i Norge
Kort-info om bunad
Diverse om bunad, Husfliden
Bunader, ei oversikt (vb)
Bunad frå Telemark, Almankås
Bunad frå Svalbard og Nord-Noreg
Bunad frå Setesdal - Folkemuseet
Bunader - Folkemuseet
Bunadnemnda, BUL Nidaros
Nord Trøndelag folkedraktsaum
Bunad, folkedrakt ..
Om Ørstabunaden - særoppgåve
Om bunader i Gudbrandsdalen
Om Nordmørsbunaden for menn
Om Orkdalsbunaden
Magasinet i Dagbladet mai 2005
  
Husfliden Røros er lagt ned
Etter 5 års drift har Husfliden Røros AS lagt ned drifta. Det var uråd å drive lønsamt pga høg husleige.

 (10/5-03)
Ny bok om Aust-Telemarkbunaden
I 2003 kom boka "Anne Bamle og Øst-Telemarkbunaden" skrive av Anne Haugen Wang og Guro Nordby. Anne Bamle gjenskapte og fornya Aust-Telemarkbunaden og boka fortel om livet hennar. Ho arbeidde mellom anna på Folkemuseet i Oslo og var i kontakt med Hulda Garborg. Boka kan bestillast tlf 35025270.

 (10/5-03)
   
Bok om norske drakter
Norske drakter  stakker og bunader
heiter ei bok frå Damm  (133 sider, kr 348) av Ellen Wigaard Scheel. Boka inneheld i alt 25 ulike drakter eller variantar, det meste kvinnedrakter.

 (14/9-01)
  
Trine Hattestad får Follobunad
Oppegård kommune har gjeve dei to jentene som vann gull i OL i  Sidney kvar sin Follo-bunad. I tillegg til Trine var det Solveig Gulbrandsen. Det skriv Norsk Husflid 1/2001.
 
(feb 2001)
   
Nytt hefte frå Bunad og Folkedrakt- rådet. Heftet er på 30 sider - omslaget i fargar. Heftet er ei revidert utgåve av heftet som Landsnemnda for Bunadspørsmål gav ut i 1980, og som igjen bygde på eit hefte frå 1969. Heftet fortel om folkedrakt, bunad, rekonstruksjon, bunadsyn før og no, stell av bunaden, bruk mm. Heftet er gratis.
 
Strid om sal av Ørskogbunaden på Sunnmøre
Det har i haust (2000) vore rettsak på Sunnmøre om det nye firmaet Håndverk og Form på Moa skal kunne selje den varianten av Ørskogbunaden som dei har i sin nystarta butikk (1998). Husfliden i Ålesund meiner dei har einerett til å selje bunaden. Det nye firmaet kjøper bunaden frå Norsk Bunad i Oslo.  Dei som driv firmaet er tidlegare tilsette ved Husfliden i Ålesund. Domen i Sunnmøre heradsrett fastslår at  Håndverk og Form ikkje får selje sin variant av Ørskogbunaden fordi har er  for lik Husfliden sin. Håndverk og Form vil anke domen, melder NTB.
 
Aftenposten om norske bunader
Søndag 5. nov 2000 spanderer Aftenposten ei heil side på bunader - sydd i Noreg og i utlandet. Det er mellom anna eit intervju med kinesaren John- Helge Dahl, som har ein bunadbutikk i Oslo, og får bunadane sydd i Kina. I butikken sel han 25 ulike bunader. Han sel nesten like mange bunader som Heimen Husflid, blir det opplyst. Han har også fått krav frå Husfliden i Ålesund om ikkje å selje Ørskog- bunaden lenger.
 
Norsk Bunadfabrikk i Afrika
I Norsk Husflid 3/2001 finn vi ei reportasje frå ein norsk bunadfabrikk i Ghana. Det er Ate Lyssand, norsk bunadhandverkar, og Rolf Hagebø, pallegrossist, som står bak fabrikken som har 30-40 arbeidarar. Etter det vi forstår er det mest brodering som foregår, mellom anna av Fanabunad.
 
(17/6-01)
Krymper bunaden?
Husfliden Hønefoss starta vinteren 2001 ei systue for omsaum av bunader som har vore upassande (for små?). Det vart straks mange oppdrag!
 
(16/6-01)

Nytt frå bunadfronten...

Bunadleksikonet lansert 14. mai 2006
Det nye bunadleksikonet vart lansert med "brask og bram" på Folkemuseet 14. mai 2006. Mange av dei som hadde vore med i arbeidet med bøkene var til stades. Leksikonet kjem på Damm forlag. Redaktør og hovudforfattar har vore Sverre Hol Haugen som har arbeidd med bøkene på heiltid i over 3 år. Det er tre store band, med detaljar og bilete av dei aller fleste bunader og drakter i landet - over 400 til saman. Her er det også mykje solid bunadhistorie og ikkje minst eit strålande biletmateriale. Leksikonet kostar nær 2000 kroner. Sjå bilete frå lanseringa her.
 (10/06-06)
Øver-Bjerkem i Nord-Trøndelag fekk Olavsrosa
Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke Olavsrosa er tildelt Familien Bjerkem  for deira kulturinnsats. Berit Bjerkem driv Nord-Trøndelag Folkedaraktsaum på garden. Vertskapet på Bjerkem driv også som kulturformidlarar på heime på garden og rundt om i innland og utland.
 (10/06-06)
Aagot Noss med ny bok om bunader frå Jølster
Aagot Noss, tidlegare førstekonservator ved Folkemuseet, har brukt materialet ho samla for 40-45 år sidan og laga ei svært fin bok om den gamle klesskikken i Jølster. Boka heiter "Jølster og den gamle klesskikken", og kom på Novus forlag i 2005. Boka kan kjøpast på Folkemuseet. Aagot Noss er no 80 år.
 (10/06-06)
 
Nytt bunadleksikon i emning
Forlaget N.W.Damm & Søn AS har sett i gang arbeidet med eit bunadleksikon på 3 bind som skal vere ferdig i 2005. Tanken vart lansert av konservator Kari-Anne Pedersen ved Norsk Folkemuseum. Ho har mellom anna gjeve ut boka om Beltestakken i Telemark. Redaktør for leksikonet blir odølingen Bjørn Sverre Hol Haugen (30 år), som er etnolog, museumsstyrar på Eidsvoll museum og har arbeidd mykje med Pols frå Finnskogen. Med i redaksjonsnemnda er elles Mette Kahrs (konsulent i Folkekulturforbundet), Kari-Anne Pedersen, Jon Fredrik Skauge (konsulent i Bunad og folkedraktrådet) og Eli Nistov (Husfliden Hamar). I leksikonet vil det mellom anna bli tekst og illustrasjonar til over 400 ulike bunadvariantar.
 (10/5-03)
Diskriminering av bunadsfolk?
Alt for få husflidskunstnarar får statlege stipend, meiner Norges Husflidslag. Laget ha nokre av dei stipenda som går til folkemusikarane. Meir om dette her
 
(12/12-01)
Berit Solhaug ny redaktør
Berit solhaug er tilsett som ny redaktør i bladet "Husflid" etter Nina Granlund Sæther. I hennar første nr. 4/01 står det ikkje noko om kva bakgrunn den nye redaktøren har, anna enn at ho har arbeidd som journalist tidlegare.
 
(14/9-01)
Nina Granlund Sæther slutta 1. mars 2001 som redaktør i Norsk Husflid etter ei tid med dårleg samarbeid med styret i Norsk Husflidslag. Ho overtar då som redaktør i bladet Hus og bolig. I januar 2001 vart ho valt til ny leiar i Fagpressens Redaktørforening.
Toril Kuntz har overtatt som konstituert redaktør 
   (mai 2001)
 
Mykje oppstyr om bunader og rasisme
I eit innsalg i Kulturnytt i NRK p2 i byrjinga av oktober 2000 hevda redaktør i Norsk Husflid, Nina Granlund Sæther, at bruken av utanlandske syarar truer norsk bunadtradisjon. Og i Aftenposten hevda ho at innvandrerkvinner manglar kulturbakgrunn til å sy norske bunader. Fleire reagerte sterkt på dette, mellom andre Antirasistisk senter og Norge 2000, og dei stempla utspela som rasistiske. 
I Aftenposten uttalte så leiaren i Norges Husflidslag Anne Dalheim at Norges Husflidslag har eit heilt anna syn, og at innvandrarane gjer eit verdfullt arbeid med å sy bunader. Onsdag 11. oktober gjekk så Nina Granlund Sæther med ei pressemelding der ho beklaga at ho hadde uttrykt seg slik at nokon opplever det som rasistisk, og at ho har uttrykt seg slik at det har skapt eit inntrykk som er på tvers av det ho elles står for fagleg og politisk.
 
Norges Husflidslag i alvorlege økonomiske vanskar og må redusere aktiviteten kraftig, melder bladet Norsk Husflid (4/00). Driftsresultatet for 1999 viser ein million i underskot. Sidan 1996 er eigenkaptalen redusert frå 2,2 mill til 400 000 kroner. I årets budsjett vert det gjennomført brutale kutt: 2000års-utstillinga "Ringer i Vann" er avlyst, infobladet Primstaven er nedlagt resten av året, Norsk Husflid kjem med færre nummer, årsmeldinga blir foreinkla for å nemne noko. Derimot blir det ikkje permisjonar i staben. Drifta av Holmen Gård er ein viktig grunn til underskotet.
Det synest også å vere usemje mellom styret i Norges Husflidslag og redaktøren av Norsk Husflid om det skal skrivast om problema. Det blir det altså gjort.
 
Bunad eller ikkje?
Dei siste åra har det votre laga ulike fest- drakter, som mange ikkje vil kalle bunad. Mellom desse er Fjellbygd- bunaden, Kystdrakten, "Festdrakt" Heimdal, Leksvikdrakten, Oslodrakten, Bergens- bunaden, 2000-års- drakta, "Arven" festdrakt i Rogaland,  og Nordisk fest- drakt, EU-bunaden, Jubileumsdrakt for Oslo 1000 år, Lillestrømdrakten, Siljes festdrakt, Norsk festdrakt og sikkert fleire. Det har vore mykje strid om desse, mellom anna i Norsk Husflid. Det er strid om Husflids- utsala skal sjelje dei, og om tilverkinga bør vere i utlandet.
 
Høgskulestudium i Bunad
Vestnorsk Kulturakademi, Folkekulturforbundet, Universitetet i Bergen og Bunad og Folkedansrådet samarbeider om eit studium "Drakt og samfunn".Delkurset startar  hausten 2000, og utgjer 10 vektal, dvs eit halvt års studium. Undervisninga går over to semester, med eksamen våren 2001. Meir info: Vestnorsk Kulturakademi, tlf: 56513250, epost.
 
Bunadkonge i Troms, kallar NH (99) Magne Karlsen (67) som i løpet av 35 år har brodert 18 ulike bunader - i alt 238.
 
Nordisk festdrakt, også kalla Solbekkbunaden, vart laga til TV-serien "De syv søstre", og rettane til sal kjøpt opp av Norges Husflidslag.
 
Gro Randen, Ål i Hallingdal, vev halsklutar i sysilke i mange variantar. Ho byrja i  1973.
 
Fotballgutar i Bunad i England. (Dagbladet)

 

 

Denne linken bør komme med på denne sida: