Bygdedansar frå Møre og Romsdal
Tilbake til hovudsida
Ei oversikt over dei bygdedansane frå Møre og Romsdal som vi brukar i Symra


Oversikt

Springdans frå nordre Sunnmøre
Romsdalsspringar
Nordmørspols

Oversikt
I Møre og Romsdal er det flatfela som har vore det vktigaste instrumentet i folkemusikken, og musikken og bygdedansen ber preg av det. Både dansen og musikken ber også preg av kva område dei ulike delene av fylket har hatt mest kontakt med. Nordmøre har hatt nær kontakt med Trøndelag, og bygdedansen på Nordmøre, polsdansen, er merkt av det. Romsdal og deler av Sunnmøre har hatt god kontakt med øvste delane av Gudbrandsdalen. I Romsdal og på Sunnmøre kallar dei bygdedansen springdans (eller springar). Søre luten av Sunnmøre har hatt best kontakt med Nordfjord, og dette merker ein også på musikken og dansen. I seinare år har hardingfela kome i bruk i deler av fylket, mest på Sunnmøre, men dette har ikkje hatt noko å seie for dansen.

I Møre og Romsdal gjekk bygdedansen stort sett av bruk i første delen av vårt hundreår, men var ein del i bruk i sume bygder til framover på 1920 og kanskje utpå 1930-talet. På 60-, 70- og 80- og 90-talet har dansane vorte "rekonstruerte" og tekne litt i bruk att i nokre avgrensa miljø - leikarringar. I dag kan vi tale om to variantar av polsdans frå Nordmøre: Dein eine - "Nordmørspols" - byggjer på tradisjon frå Todalen og vart arbeidd med på 60- og 70-talet, og er skriven ned i eit hefte av Olav Mogstad (1977). Det finst også ein film Ragna og Anders Ansnes som viser opptak av gamle dansarar. I mange år har Anders og Ragna Ansnes frå Todalen i Aure halde kurs i Nordmørspols (bilde til venstre viser Anders og Ragna halde kurs under NU-stemnet på Sunndalsøra 1999). Dei aller siste åra har det også vore arbeidd med å rekonstruere ein polsdans frå Aure. Erling Flem og Rådet for Folkemusikk og folkedans har stått sentralt i dette arbeidet som enno ikkje er avslutta. I Romsdal er det Romsdalsspringaren som vert dansa sume stader - mest i Molde. Han byggjer mest på tradisjonen etter Bjarne Rekdal som vaks opp på Rekdal lengst sørvest i Romsdal, og arbeidet til Mali Furunes. Dansen vart teken opp att av dansarar i Molde og vist fram på NU-stemnet på Tingvoll i 1961, der også Nordmørspolsen vart vist fram. Det finst eit lite notat om dansen som Bjarne Rekdal  har skreve (sjå bilete til høgre av Bjarne i romsdalsbunad). På Sunnmøre er det to utgåver av springdansen som blir dansa. På søre Sunnmøre, i området ved Volda, har det i mange år vore nokre par som har dansa springdans basert på tradisjon frå dette området. Den andre dansen er springdans frå nordre Sunnmøre. Denne dansen vart rekonstruert tidleg på 1980-talet av Egil Bakka ved Rådet for folkemusikk og folkedans og dansarar frå Sunnmøre frilynde ungdomslag, og er omtala i eit hefte  frå Rff (1983). Denne dansen byggjer på det ein kunne finne av restar av dansen frå bygdene i Skodje, Vatne og Haram. Musikken er særleg etter Hans Gjeldsten i Fiksdal. Musikken er difor mykje felles stoff med det som romsdalsspringaren byggjer på, og dansane har mange felles trekk.

Sidan Symra har tilknytning til Møre og Romsdal og har som eit av føremåla å arbeidet med folkedans frå dette  distriktet, er det naturleg at ringen har freista å kome i gang med bruke desse dansane. Første kurset i Nordmørspols hadde ringen i 1971 med Gunnar Hals som lærar, og han har også seinare halde kurs i ringen med assistanse av Gunn Berit Bonde (sjå bilete til venstre med Gunn Berit og Gunnar i Blåsalen). Romsdalsspringar har vore dansa av Inger og Peder Varhaugvik i mange år, mellom anna vist fram på Romsdalslaget sin jubileumsfest i 1970. Meir aktivt arbeid med dansen i ringen har det vore dei siste åra, etter eit par korte kurs av Gunnar Rødal. Springdans frå nordre Sunnmøre kom vi i gang med etter eit helgekurs i 1991 som Kåre og Gunn Gausnes frå Ålesund hadde (sjå bilete til høgra av Kåre og Gunn saman med spelemannen Jon Tryti). Dei siste åra har vi hatt små kurs og øvingar i desse tre dansane, med Vebjørn Bakken, Inger og Peder Varhaugvik som rettleiarar. På desse øvingane har det normalt vore 5-10 par. På Nordleik i Wasa i 1997 viste Symra dei tre bygdedansane.

Nedanfor gjev vi ei kort omtale av dei tre dansane slik vi dansar dei i Symra. Det er tenkt som ei støtte for dei som har lært dansane på kurs.
Forkortingar: SNS = Springdans frå nordre Sunnmøre. RS = Romsdalsspringar. NP = Nordmørspols.
tilbake til toppen av dokumentet

Springdans frå nordre Sunnmøre
Dansen er inndelt i ein hovuddel (på fire turar) og ein tilleggsdel. Grunnsteget - bytomfotsteg- er begge, spring, spring - tung, lett, lett - både for gut og jente (liknar på gutestega i Vestlandsspringar). På begge er den ein foten litt framom den andre. I alle stega «trør vi forbi». I alle deler av dansen skal det vere god framdrift. Frisk dans! Ledig arm naturleg langs sida. Dansen er kort - ikkje drag ut turane.


Hovuddelen
1. tur - framover med grunnsteg
Paret dansar framover med grunnsteg og høgt handtak (om lag som i attersteg), ved sida av kvarandre - jenta til høgre.  Dei snur seg litt mot og frå kvarandre på annakvart steg. Både gut og jente startar med yste fot. Kan danse eit vek - eller mindre.

2. tur - jenta under armen
Guten løfter jentas hand over hovudet som teikn på at jenta kan starte andre tur når ho vil (så snart ho er klar med venstre fot). Jenta går rundt under armen med sola - to, fire eller seks gonger (vanlegvis 4 gonger). Ein gong rundt per takt. Ho startar med venstre foten i kryss over, og dansar venstre, svikt, høgre (omtrent som i Rørospols). Jenta er litt på skrå framom guten, guten har grunnsteg med avdempa hopp på begge. Etter at jenta er ferdig med snuingane, dansar paret med grunnsteg framover og med det lette taket, enten til veket er slutt eller litt kortare.

3. tur - guten under armen, og så jenta
Her tel vi ein, to, tre, fire, fem, seks. På dei seks slaga går guten rundt under armen motsols på 1, 2, 3 - og jenta rundt medsols på 4, 5, 6. Begge startar sin snu under armen på høgre fot. Steget blir trø, trø, trø og trø, trø, trø - omtrent som i polkamasurka. På 1,2,3 kjem guten nesten heilt rundt. På 4,5,6 fullfører han rotasjonen samtidig med at jenta går rundt, slik at han er klar til neste runde. «Glatte» overgangar. Den som går under armen, bør ligge på skrå framom, og guten har hovudansvaret for å passe på det. Det betyr at guten tar eit bra steg/hopp framover på 1, og trør stega på staden på 4, 5, 6. Ein tar så mange snuar ein vil - gjerne bortimot eit vek. Kan fullføre veket med grunnsteg framover - med «det lette taket».

4. tur - rundsnuane, først motsols så medsols
Guten gjev eit lite vink til jenta ved å «dra» litt i handa til jenta, som teikn på at no startar første rundsnuen: totaktssnu mot sola. Jenta startar då med eit litt langt steg på høgre foten framom guten, medan guten nærast «ryggar» for at jenta skal få plass til å kome framom. Dermed er rundsnuen i gang. Begge brukar her grunnsteg: begge/hopp, trø, trø - omtrent som i vrangsnudd polka. (I første takta av rundsnuen blir det trø, trø, trø for både gut og jente.) Hoppet på 1 er litt kraftigare enn i grunnsteget. Vi brukar to takter 1, 2, 3, 4, 5, 6 på ein rundsnu. Ta berre nokre få rundsnuar, 2-4 er passe. Så brukar vi ei eller to takter til å avslutte første rundsnu og førebu andre rundsnu, dvs avslutte motsols rotasjon og innleie medsols rotasjon. Andre rundsnu er for guten omtrent som i masurka: venstre, saman, høgre på 1, 2, 3. For jenta er det saman, høgre, venstre. I begge rundsnuane brukar vi vanleg samdanstak med handa ut (samdanstak nr 1). Talet på rundsnuar er valfritt; kan halde på til veket er slutt.
 
Som ein variasjon kan guten «midt» i siste rundsnuen sleppe jenta og gå rundt ein gong før dei tar saman og held fram med rundsnuen. Det foregår på to takter: 1, 2, 3, 4, 5, 6. På 1, 2 ,3 tar guten venstre, høgre, venstre og går rundt ein gong motsols. På 4, 5, 6 - høgre, venstre, høgre - nærmar han seg jenta og dei tar saman att. På 4 klappar guten i hendene. Jenta går normalt ikkje rundt.

Tilleggsdelen -  først «rundt kvarandre» og så «pannekakevending»
Etter andre rundsnuen tar paret saman med grunntak og grunnsteg som i 1. turen. Etter eit par steg framover tar dei hendene ned, guten dansar framom jenta, der han skifter hand attom ryggen sin (venstre hand til gut i venstre hand til jenta). Jenta kjem straks opp på venstre sida av guten og der skifter begge hand igjen (rett etter første skiftet) (høgre til gut i høgre til jenta). Så dansar guten attom jenta, fram på venstre side og framom jenta, der guten skifter hand slik som i første skiftet (venstre til gut i høgre til jenta). Så dansar guten vidare rundt, bak jenta og kjem opp jamsides jenta på innsida. Då lyfter jenta si ledige hand, og begge skifter handtak (høgre i høgre og venstre i venstre). Etter litt «framoverdansing» startar dei så på pannekakevendinga. Guten går medsols rundt og jenta motsols. Først går jenta rundt på ei takt, så går guten rundt på neste takt, men slik at det blir glidande overgangar. Guten heile tida på «innsida». Avslutte tilleggsdelen ved å ta saman att i grunntaket og starte på første tur av «hovuddelen». Det er viktig at det blir godt samspel mellom dansarane, ikkje minst der guten «dansar rundt jenta».
Dansen er så kort at det er naturleg å danse hovuddelen ein gong til og avslutte med rundsnuen.

Det har vore vanleg at spreke gutar gjorde eit rundkast bakover og spente i bjelken, medan han støtta seg på jenta. Dette er vel ikkje så lett å få til? Andre variasjonar er også nemnt i heftet om dansen.
 

tilbake til toppen av dokumentet

Romsdalsspringar
Dansen er inndelt i fire turar og ein lausdansdel. Grunnsteget er ulikt for gut og jente. Guten dansar bytomfotsteg slik når vi tel 1, 2, 3, 4, 5, 6: begge, spring, spring, høgre, spring, spring. På 1 er venstre fot godt framom høgre fot og vi sviktar noko i knea. Det er størst tyngd på 1, men det er også tyngd på 4. I alle stega «trør vi framom». På 1 vender guten seg litt mot jenta. Grunnsteget til jenta er «lette små bytomfotsteg». Alle turane vert avslutta med ein «vanleg» eintakts medsols rundsnu. I alle deler av dansen skal det vere god framdrift. Frisk dans! Ledig arm naturleg langs sida. Dansen er kort - ikkje drag ut turane. Musikken er slik at ein høyrer kva som er taktslag 1- den tunge taktdelen i musikken.


1. tur - jenta under armen medsols, «raskt» rundt
Guten tar med si høgre hand jenta si venstre hand med «lett tak», dvs guten tar over fingertuppane til jenta i eit ledig, lavt handtak. Begge nyttar grunnstega. Jenta er først bak guten. Etter kvart kjem jenta fram jamsides guten, og litt på skrå framom. Guten lyfter hendene deira som teikn på at jenta no kan gå under armen medsols - vi kallar det sviving. Ho går ein gong rundt på ei takt - 1, 2, 3. Det høver bra å starte svivinga på gutens «begge». I svivinga bruker jenta trøsteg/svivesteg, guten brukar grunnstega heile tida. Talet på rotasjonar er fritt, men 3-5 kan høve bra. Svivinga går så utan stogg over i rundsnuen. (Ein kan også danse litt framover mellom svivinga og rundsnuen.)

Rundsnuen liknar mykje på den i SNS. Paret nyttar samdanstak nr 3. For guten blir det venstre, saman, høgre på 1, 2, 3 - slik som i masurka. Jenta dansar saman, høgre, venstre på 1, 2, 3. (Jenta kan også danse eit litt annleis steg med bytomfot.) Det høver bra å danse rundsnuen til veket er ferdig.

2. tur - jenta under armen motsols, «sakte» rundt
Starten på turen er lik med 1. tur. Men no går jenta under armen mot sola. Det høver bra å bruke to takter til ei sviving, dvs ein gong rundt på 1, 2, 3, 4, 5, 6. Steget for jenta blir trøsteg. Igjen høver det bra å starte svivinga på gutens «begge». Ved slutten av svivinga - som innleiing på rundsnuen - kan guten nytte apell. Det kan foregå slik: På 1, 2, 3, 4, 5, 6 dansar guten begge, høgre, venstre, begge/appell, venstre, høgre. På begge/appell er føtene jamsides. For å halde god balanse på 5, slår han litt opp/bak med høgre foten samtidig med at han trør på venstre. Dette steget med appell kan guten utføre samtidig med at jenta gjer si siste sviving, med direkte overgang til rundsnuen. (Eller guten utfører appellsteget etter siste svivinga.) (Merknad: Gutesteget med appell kan også utførast slik: På 1, 2, 3, 4, 5, 6 dansar guten begge, høgre, begge/appell, høgre, venstre, høgre.)

3. tur - venstre i venstre, først jente så gut under armen
Etter rundsnuen tar begge saman med venstre i venstre - begge jamsides med jenta yst. Som «innleiing» høver det bra å danse litt framover - jenta litt på skrå framom guten. Godt samspel. Guten lyfter armane deira litt, og så startar jenta å gå under armen medsols. Her bruker jenta to takter på å kome rundt 1, 2, 3, 4, 5, 6. Trøsteg. Det passar best at jenta igjen startar på 1 - dvs gutens «begge». Så skal guten gå under eigen arm motsols på dei neste to taktene 1, 2, 3, 4, 5, 6. Guten bruker heile tida grunnsteg. Glidande overgangar mellom jenta og guten si sviving. Den som går under armen, må ligge litt på skrå framom den andre. Guten har hovudansvaret for å passe på det. Det er jenta som går under armen siste gong. Medan ho gjer det, kan guten som «avslutning» på «under-armen-dansinga» slå seg på hælen med høgre handa. Det kan forgå slik: På 1, 2, 3, 4, 5, 6 dansar guten begge, høgre, venstre/slå-på-høgre, høgre, venstre, høgre. Så direkte over i rundsnu.

4. tur - krosstak med pannekakevending
Etter rundsnuen tar paret saman til krosstak. Høgre over (som i NP). Det kan foregå slik: Med jenta på høgre sida av guten tar begge først saman med venstre i venstre, så tar dei saman med høgre i høgre, slik at begge får høgre hand over og venstre under. Dei dansar så litt framover med godt samspel. Jenta går så først rundt under armane medsols på to takter 1, 2, 3, 4, 5, 6. Så gjer guten det same, men motsols. Guten er heile tida inst mot sentrum av ringen. Guten brukar grunnstega sine og jenta sine grunnsteg. Den som går under armen, ligg litt på skrå framom den andre. Jenta går rundt til slutt. Då kan guten bruke steg med appell slik som i 2. turen. Så rundsnu.

Lausdans
Etter rundsnuen kan guten gå ut i lausdans. Dei første stega brukar han då til å «kome laus» frå jenta framover. Så dansar han litt laus, slår seg på hælen og viser seg fram. Han brukar grunnsteg med tilpassingar. Under lausdansen dansar jenta roleg framover langs ringen og beundrar han

Etter lausdansen kan det som avslutning på dansen passe bra at paret tar saman att til ein avsluttande rundsnu. For å få til ein pen overgang til rundsnuen, må jenta danse sakte framover langs ringen medan guten kan kome litt på skrå mot jenta innafrå ringen.

Variasjonar:
Slå stift: Gut og jente held saman høgre i høgre. Guten set venstre hand i golvet og jenta hjelper han rundt.
Spark i taket: Ta saman som i det tunge taket slik at guten støtter seg på jenta. Guten sleng opp høgre fot og sparkar med venstre.
 

tilbake til toppen av dokumentet

Nordmørspols
Nordmørspolsen består av ein innleiande tur, så lausdans, og til slutt avsluttande rundsnu. Det er det karakteristiske grunnsteget og avsluttande rundsnuen som særpregar dansen. Musikken er i lett rytme litt raskare enn Trønderpols. Grunnsteget er eit bytomfotsteg med 3 sviktar, men med eit lett haltande preg utan hopp. Det har også karakter av springsteg. Når vi tel 1, 2, 3, blir det fram, inntil, fram. På inntil set vi foten nesten jamsides den andre, kanskje litt attom. Det litt haltande preget kjem av at ein startar 2. trinnet lågt nede, med litt bøygd kne.


1. tur - framover og forbi kvarandre med korstak
Paret tar saman med høgre i høgre og venstre i venstre - høgre øverst. Guten til venstre for jenta (eller omvendt). Dei dansar først nokre steg framover. (Dei kan starte på same fot eller motsett for.) Så byrjar «forbidansinga». Guten fører jenta over på si venstre side, utan å sleppe taket. Enten med ein gong eller etter eit par steg framover dansar guten over på same måten så dei kjem tilbake i utgangsstillinga. Den som blir forbidansa må trekkje litt over til høgre for å halde ringen. Så eit par steg framover og ny «forbidansing». Forbidansinga er ikkje «regelmessig». Det er heller ikkje nokon fast regel for kor mange gonger ein dansar forbi kvarandre. Som avslutning på første tur dreg guten med venstre handa og løfter høgre handa slik at jenta snur rundt seg sjølv i ei pannekakevending. Så kan guten også gjere ei pannekakevending. Etter snuinga slepper dei kvarandre.

2. tur - lausdans
Guten gjer seg fri frå jenta ved å danse raskare framover. Jenta sviv rundt medsols på bytomfotsteg som tildels får karakter av springsteg. Guten held seg framføre og innafor jenta, og vender seg stort sett mot jenta under lausdansen. Han briskar seg for jenta med litt markering av svikt, slag på hælen eller liknande. Båe har hendene naturleg ned langs sida. Når dei har dansa lausdans ei stund, dansar guten mot jenta og klappar i hendene og dei tar saman til runddans.

3. tur - rundsnu
Paret tar saman til medsols rundsnu med dette taket: Guten legg høgre armen rundt livet på jenta og tek med venstre under høgre olbogen hennar. Ho legg venstre handa på høgre overarmen hans og høgre handa på venstre overarmen hans (eller om livet hans). Jenta dansar bytomfotsteg som før, men dei får gjerne ein dåm av springsteg. Guten trør slik: venstre fram, høgre fram, venstre fram og høgre bakom venstre. Heile steget går over 4 taktslag. Han set altså høgre bakom venstre på ulike taktslag i den tredelte polstakten. Når ein er lei rundsnuen, slepper ein samdanstaket og glir over i 1. tur.
 

tilbake til toppen av dokumentet