Innhald
Innleiing
Spelkvinne og spelemenn i Symra
Rettleiarane vår
Andre spelemenn før
Andre rettleiarar før
Liste over spelemenn
og rettleiarar
Innleiing
I ein leikarring har spelemannen og rettleiaren svært viktige oppgåver. Både den
faglege standarden og trivselen i ringen er svært avhengig av dei.
I Symra har gjennom åra hatt mange flinke spelemenn og rettleiarar. Mellom tidlegare
spelemenn står Jon Tryti og Knut Trøen i ei særstilling. Jon var fast spelemann i ringen frå 1967 til
1994. Med unntak av fem år var Jon alle desse åra spelemann på øvingane.Til saman godt
over 20 år. I tillegg var Søren Skaar fast spelemann på kurs og framsyningar i
nærpå15 år. Kåre Limseth på trekkspel var også ein trufast spelemann på ei lang rad
festar og folkedanskveldar, og på kurs. Knut Trøen var fast spelemann i
Symra i åra 1984-89 og 1996-sumaren 2002.
Rettleiarane har alltid hatt kortare fartstid. Av dei som har vore rettleiar lengst er
vår eigen Dag Evensen - som har rettleidd i to periodar til saman over 5 år. Helge Holmin som var rettleiar i 5 år på første delen av 1980-talet.
Hausten 1998 og året 1999 hadde Brit Håland hovoudansvaret for
rettleiinga.På 2000-talet har Vebjørn Bakken, Inger Frøydis Bakken, Dag
Evensen, Marianne Dahl/Anders Saxhaug og Per Kr. Elvestad rettleidd mykje.
til toppen av sida
Spelkvinne
og spelemenn i Symra
Solvor Sundsbø har vore fast
spelkvinne på øvingane i Symra frå hausten 2002. Ho har i mange år spela i Bærum
spelemannslag og spelar også ein del for Sogn og Fjordane ringen. Ho spelar både hardingfele
og vanleg fele. Ho har utdanning i klassisk fiolinspel.
I dag spelar no mest folkemusikk. Våren 2002 spela ho saman med Knut Trøen på
ein del av øvingane i Symra, seinare mest åleine. Ho har dei siste åra også
spela på øvingar i bygdedansar. Frå 2005 har Benjamin Kehlert også spela saman
med Solvor på eindel av øvingane. Benjamin spelar mest fele, og har spela for
ringen på fleire utanlandsturar og framsyningar. Han spelar også på øvingar i
Leikarringen i BUL Oslo og i gruppa "Fant og fente". Lars Petter spelar
trekkspel og er også ofte med og spelar på øvingar i ringen. På kaffikveldar og
festar har vi ofte eit heilt orkester der alle tre spelar saman. På biletet ser
vi frå venstre Benjamin, Solvor og Lars Petter.
Dei siste åra har Solvor vore den faste spelkvinna i laget, delvis saman med
andre på trekkspel eller fele.
til toppen av sida
Rettleiarane våre
Heilt frå starten i 1960 til 2001 har det
normalt vore ein rettleiar som har hatt ansvaret for instruksjonen på øvingane i
Symra. Eit par år frå hausten 2001var det ikkje vore fast
rettleiar på øvingane, men ei blanding av rettleiarar frå Symra og eksterne "gjesterettleiarar".
Mellom gjesterettleiarane finn vi Folke Flateland, Brit Håland, Astrid Skrindo
og Victoria Carlsen/Bjørn Carlin, Guro Hernes, Turid og Magne Sørøy og
Anne Hval Jensen/Geir Halstensrud. Av medlemene er det Vebjørn Bakken, Per
Kristian Elvestad og Marianne Dahl/Anders Saxhaug, Inger Frøydis Bakken og Dag
Evensen som inngjekk
i rettleiarteamet. Frå 2005 har det vore medlemer i ringen som har stått
for rettleiinga. Det er Marianne Dahl/Anders Saxhaug, Dag Evensen og Vebjørn
Bakken/Inger Frøydis Bakken. Sjølv om det er fleire rettleiarar som deler på
oppgåvene, blir det kontinuitet i rettleiinga. For kvar semester blir det sett
opp eit "kjerneprogram" som består av 10 songdansar og 10 musikkdansar
og som det blir lagt ekstra vekt på det halvåret. I tillegg repeterer vi dansar
frå året før og øver regelmessig på "framsyningsdansane" våre og andre dansar
som er vanleg i bruk i folkedansmiljøet.
Dag Evensen |
![]() Marianne Dahl |
![]() Anders Saxhaug |
![]() Inger Frøydis Bakken |
![]() Vebjørn Bakken |
Knut har vunne 1.-premie på kappleikar i alle tre klassane, B- A- og C-klassen. Han spela
seg opp i A-klassen på landskappleiken på Notodden i 1963, etter at han var eit år
heime i Valdres. Men Knut har ikkje vore nokon trottig deltakar på kappleikar.
Då Knut byrja som spelemann i Symra første gongen i 1984, hadde han spela ein del for
Symra, men ikkje så svært mykje. Det var på ein del framsyningar, og nokre
folkedanskveldar. Knut les ikkje notar, men likevel spelar han "alt". Han er ein
svært allsidig spelemann. Han spelar til mange ulike bygdedansar, så vel som alle slags
turdansar og gamaldans. Sumaren 2002 overlet Knut den faste spelemannsjobben
i Symra til Solvår Sundsbø, men spela framleis på festar kaffikveldar og
framsyningar i ringen. På julefesten i 2002 vart han utnemnd til æresmedlem i
Symra.
Som mange andre spelemenn har Knut mange feler. Han hadde i mange år ei Røstadfele som han kjøpte i
1966 for kr 4500, men som han selde for ei tid sidan. Ei Gunnar Helland fele laga i 1932 fekk han kjøpt billeg av Gullik
Haugen. Han har også ei Jon Tjønn-fele, ei Frøysa-fele og ei laga av Kjetil Flatin i
tillegg til feler som faren laga. Dei siste par åra har han spela mykje på
ei fele som Erling Aaming har laga. Her er eit
bilete av fela og felemakaren.
I kring 2000 spela Knut inn ei rad slåtter og runddansar for Folkemusikknemnda
i Valdres. Til saman er det ca 150 nummer med gamalt Valdresspel som dermed er
teke vare på for ettertida.
Den aller første spelemannen i Symra var Ivar Medås (bilete til høgre). I 1960 var han nyss komen til Oslo, og hadde byrja å spele i BUL. Medås var flink å spele hardingfele, hadde godt humør og var ein spilloppmaker. Han song også viser og spela gitar. Medås spela det første året i Symra. Han spela også på ein del folkedanskveldar.
Den
andre spelemannen var Sigurd Frogner (bilete til venstre)
frå Numedal. Han var og er ein dugande spelemann på hardingfele, og spela i Symra i vel
eit år 1961-62. Han vart også brukt av NU sentralt. Vinteren 61/62 var han på spelferd
til USA. han flytta attende til Numedal i 1963.
Den tredje spelemannen var den dugande setesdølen Søren Nomeland (bilete
til høgre) som spela frå hausten '62 til Jon Tryti overtok på nyåret 1997.
Søren var alt då ein velkjend spelemann mellom folkedansarane i Oslo. Han hadde spela i
BUL i mange år, og på mang leikfestar og folkedanskveldar både i Halli og i
Teatersalen. Han var og flink å danse gangar. Framover til først på 70-talet, då han
flytta til Seljord, var Søren kanskje den aller mest brukte spelemannen i Oslo.
Hausten 1984 overtok Knut Trøen (bilete til venstre)
som spelemann på øvingane i Symra, og vart fast spelemann i ringen saman med Jon Tryti. Frå
hausten1989 bytta Jon og Knut roller, og Jon Tryti spela på øvingane att fram til
sumaren 1994.
Hausten 1994 og i 1995 var Svein Knoff fast spelemann i Symra. Halve vårsemesteret
1996 var Liv Merete Kroken spelemann, før Knut Trøen overtok ved
påsketider 1996 og var spelemann til sumaren 2002. Då overtok Solvår
Schneider.
Halvard
Opheim frå Hallingdal har vore medlem i Symra frå tidleg på 80-talet. Han lærde
seg å spele torader i vaksen alder og vart snart ein dugande spelemenn. Han har
vore med i "Symraorkesteret" i mange år og frå tidleg på 2000-talet vart han
fast spelemann på gamaldans/folkedans-kursa i Symra.
Hausten 1961 var Målfrid Arne (bilete til høgre) rettleiar. ho var dotter til den kjende folkehøgskulestyraren ved Møre folkehøgskule Einar Arne. Ho var nett komen til Oslo frå ei danseferd i Edenburgh, og vart aktivt med i BUL og Sunnmøringen. I 1964 gifta ho seg med forfattaren Pål sundvor, og dei flytta seinare til Bergenskanten.
Den første mannlege rettleiaren var sogningen Arne Ohnstad
(bilete til venstre)
- også han BUL-mann. Han hadde dansa i
framsyningsringen der i mange år. Seinare flytta han til Molde og budde der til han døde
ca 1990. Han rettleidde i 1962 og 1963.
Våren 1964 rettleidde romsdalingen Audun Toven
(bilete til høgre)
- den første frå eigne rekkjer. Han var allsidig og
flink både som dansar, spelemann, songar og rettleiar, og var flink til å få folk med
seg. Utpå hausten reiste Audun til USA og slo seg seinare til der. At han reiste var eit
tap for den unge ringen.
Frå hausten 1965 til sumaren 1967 var gausdølen Helga Holte Olsen (bilete til høgre) rettleiar. Ho hadde dansa svært mykje i BUL, og hadde lang røynsle som rettleiar og var ein svært dugande dansar. Ho gjekk på leiklærarkurset på Voss i 1947 med Klara Semb og Ola Straumsheim som lærarar. Seinare var ho sjølv lærar på mange kurs. Ho var den første fast tilsette leikleiaren i NU til Liv Midttun overtok i 1957. Helga har også seinare lagt ned eit stort arbeid for folkedansen - særleg i BUL.
Magne Bell (bilete til høgre)
rettleidde nokre månader hausten 1968, så overtok broren Noralf Bell
(bilete til venstre)
og hadde oppgåva til sumaren 1970. Bell-brørne
hadde dansa mykje i BUL i Oslo og i Trondheim. Dei var oppvaksne i Sunnfjord og på
Sunnmøre. Noralf vart også medlem i Symra. Noralf flytta seinare til Trondheim og
deretter til Molde og har dreve med folkedans og rettleiing der.
Arild Degrum (bilete til høgre) var rettleiar i 3 år, frå hausten 1970 til sumaren 1973. Arild var frå Enebakk, hadde dansa i Oslo Songdanslag i 10 år, og var rettleiar der og i andre ringar - Ås Landbrukshøgskole og SAS-ringen - i mange år. Han var godt omtykt som rettleiar.
Hausten 1973 og våren 74 var Symras eigen Erik Hestnes (bilete til venstre) rettleiar. Erik hadde då vore aktivt med i Symra frå 1969 - før det i BUL og Hordaringen. Erik var oppvaksen i Aurdal. På 70- og første helvta av 80-talet var Erik ein av dei mest sentrale dansarane i Symra og gjorde ein stor innsats på mange område, som rettleiar, framsyningsdansar og kurslærar ikkje minst. Han var også rettleiar i 1985 og våren 86 og formann i 1979 og 1980. Erik har vore ein ivrig deltakar på Nordleik og Isleik.
Hausten 1974 overtok formannen i Symra - Vidar Fanavoll
(bilete til høgre)
- som rettleiar, nestformannen skulle fungere som
formann. Vidar var frå Lofoten, hadde vore aktiv i Symra 2-3 år, og vart ståande som
rettleiar i 4 år til sumaren 1978. Vidar var vel omtykt som rettleiar, var også med i
symraorkesteret som habil på tussefløyte. Han flytta seinare til Porsgrunn, men har
stundom vore med på samkomer i ringen.
Hausten 1978 var rettleiinga dugnadsarbeid av medlemer i ringen: Bjørn
Solberg, Erik Haugros, Thorvald Rud, Anne Marcussen og Ingunn Fanavoll Øie. Dugnaden
var ikkje så vellukka - det var vanskeleg å få kontinuitet i arbeidet.
Våren og hausten 1979 var Karin Lyng (bilete
til venstre)
frå Vestvågøy rettleiar. Ho hadde dansa i Håløygringen, vore
rettleiar der og i Inn-Trøndelag. Ho var ein del sjuk, og Erik Hestnes måtte vikareiere
ein del.
Erik Hestnes (bilete til høgre)
rettleidde frå våren 1985 til sumaren 1986, sjå omtale ovanfor. Han var den første som
rettleidde to bolkar i Symra. Dag Evensen vikarierte nokre gonger for Erik når han var
borte.
Hausten 1986 og våren 87 var Brit Håland (bilete
til venstre) rettleiar. Hausten 1998 vart ho på nytt
rettleiar i
Symra, og hadde hovudansvaret for rettleiinga H98 og året 1999 (med
Vebjørn Bakken og Dag Evensen som vikarar). Ho hadde
dansa i Oslo Songdanslag i nesten 20 år, hadde vore leikleiar i NU i fleire år og lærar
på sumarkurs. I åra etter har ho også vore ein svært aktiv folkedansar, mange år
rettleiar i songdanslaget , ei tid i Høgdaringen, og hatt mange oppdrag for NU. Brit er
frå Oslo
og har svært lang og
allsidig røynsle både som folkedansar, rettleiar og administrator innan ulike greiner av
folkedans og folkemusikk. Brit byrja å danse i Oslo Songdanslag i 1969, og denne ringen
har vore den faste basen hennar gjennom alle år. Her har ho vore rettleiar i mange år og
halde mange kurs av ulike slag. Ho har også dansa mykje framsyning og vore med på turar
i inn og utland. For eit par år sidan tok ho studiet i folkedans ved Universitetet i
Trondheim. Brit har også rettleidd i andre ringar, seinast i Høgdaringen. I fleire år
var Brit tilsett i NU og hadde ansvaret for folkedansen der. Seinare har ho ofte vore
nytta som lærar på ulike kurs i NU, både sumarkurs og andre. Brit dansar fleire
bygdedansar, og har vore domar i dans på kappleikar. Ho har også arbeidd mykje i
Nordleik, i Rådet for folkemusikk og folkedans (der ho i 1999 vart leiar), og hatt andre tillitsombod. I det sivile
har Brit arbeidd mest med barne- og ungdomsarbeid i kommunane, for tida i ein av bydelane i
Oslo. Brit bur i Oslo.
Hausten 1991 byrja Johan Einar Bjerkem som rettleiar i
Symra og heldt på til sumaren 1994. Han var frå Trøndelag, og trass sine unge år var
han ein svært røynd dansar og rettleiar. Han hadde dansa i BUL Oslo og Trondheim. Det
følgde ein frisk vind med Johan Einar - han fekk dansarane med seg og hadde morosame
kommentarar og påhitt. Han er ein dugande dansar, flink å syngje, flink i rekkjedans og
å skipe stordans. Både då og seinare har han hatt mange oppgåver for NU - også som
leiar for folkedansnemnda og som leiar i NU.
Hausten 1994 var Torun Hernes Bjerkem rettleiar i Symra. Ho overtok etter mannen
sin Johan Einar, og mora Astrid Hernes hadde også rettleidd i Symra tidleg på 60-talet.
Torun var ein dugande rettleiar med lang røynsle frå folkedansen både før og etter
tida si i Symra.
Våren 1995 var Signe Marie Hernes rettleiar - søster til Torun. Til liks med
Torun har Signe Marie dansa mykje i BUL. Ho spelar også fele i Østerdølenes
spelemannslag. Seinare har ho vore med i Folkedansnemnda i NU.
Klara Lie var rettleiar nokre månader hausten 1995. Ho var frå Trøndelag og
hadde dansa nokre år i BUL.
Utpå seinhausten 1995 overtok Tom Skjeltorp som rettleiar. Tom er frå Østfold,
men hadde dansa i mange år i BUL Nidaros, og teke folkedansstudiet i Trondheim. Han hadde
også rettleidd i BUL Nidaros. Han slutta ved påsketider 1996.
Frå påske 1996 overtok Dag Evensen som rettleiar att og var det til sumaren 1998. Sjå
nærare omtale ovanfor.
Frå hausten 1998 overtok så Brit Håland som rettleiar att og var
rettleiar også våren 1999 (med Dag Evensen og Vebjørn Bakken som faste
vikarar). Hausten 1999 delte Brit Håland og Vebjørn Bakken på
rettleiinga. Brit var også rettleiar på 80-talet (sjå omtale ovanfor).
Våren 2000
overtok Vebjørn Bakken som rettleiar og var det til sumaren
2001. Vebjørn byrja med folkedans i Hordaringen i
1967, men skifta over til Symra i 1969 og har vore med der sidan. Han gjekk på sumarkurs
i NU i 1970 og har etter det vore rettleiar på ei rad kurs både i Symra og andre stader.
Han har dei siste åra rettleidd på ulike kurs i Symra i bygdedansar frå Møre og
Romsdal og Vestlandsspringar. Vebjørn har dansa mykje framsyning. Han var leiar i
Symra i 1990-91 og i 1994, har vore redaktør for bladet og elles hatt mange oppdrag for
ringen. Vebjørn er frå Vatne på Sunnmøre, og har budd i Oslo sidan 1963.
Hausten 2001 fekk ikkje styret nokon fast rettleiar. Resultatet vart at Vebjørn
Bakken, Per Kristian Elvestad og MarianneDahl/Anders Saxhaug tok på seg
rettleiinga som ein dugnad.
Frå våren 2002 fekk vi ei ordning med gjesterettleiarar frå andre ringar
kombinert med at dei faste "virkarrettleiarane" frå Symra tok
nokre øvingar. Gjesterettleiarar våren 2002 var Folke Flatland, Astrid Skrindo
(bilete til høgre).
Ho er Oslojente men har slektsrøtene
på begge sider frå Hallingdal. Ho har heile livet dansa mykje i BUL, der ho
også har vore rettleiar for barnegrupper.Seinare på våren overtok
Victoria Carlsen og Bjørn Carlin gjesterettleiarar. Dei har
rettleidd i BUL. Victoria har dansa i mange år i Sogn og Fjordane ringen,
medan Bjørn mellom anna hadde dansa i BUL Nidaros i fleire år. Per
Kristina Elvestad, Vebjørn Bakken og Marianne Dahl/Anders Saxhaug rettleidde også nokre gonger.
Hausten
2002 hadde ringen same ordninga som om våre.
Gjesterettleiarane
var Folke Flatland (BUL),
Guro Hernes (BUL) (bilete til venstre),
Anne Hval Jensen og Geir Halstensrud ("Kjerringa med staven") (bilete
heilt til høgre)og Turid og Magne Sørøy (Noreg, Drammen) (bilete
til høgre). "Vikarrettleiarane" var dei same som om våren. Vi
fekk lære mange nye og interessante dansar av dei nye rettleiarane.
Våren 2003 hadde også ringen same ordninga med gjesterettleiarar og
vikarrettleiarar. I 2003 rettleidde også Bjørn Sverre Haugen eit par
gonger i Pols frå Finnskogen.
I
2004 og 2005 var rettleiinga delt mellom rettleiarar frå ringen: Inger Frøydis
Bakken, Vebjørn Bakken, Dag Evensen, Per Kristian Elvestad og Marianne
Dahl/Anders Saxhaug. I tillegg har Britt Håland vore fast med i rettleiargruppa.
I 2005 har dessutan Torill Schinstad (bl.a. slengpolska) og Dagfinn Aa
(Binsjöpolska) rettleidd. Seinare hadde Inger Frøydis Bakken, Vebjørn Bakken,
Dag Evensen, og Marianne Dahl/Anders Saxhaug rettleiinga til våren 2014. Frå
2015 har Dag Evensen, Per Kr. Elvestad og Marianne Dahl delt på rettleiinga.
Rettleiar | Tidsrom | Rettleiar | Tidsrom | Spelemann | Tidsrom |
Eli-Britt Johnsen | H60-V61 | Aud Fosstvedt | V80 | Ivar Medås | H60-V61 |
Astrid Hole | V61 | Helge Holmin | H80-H84 | Sigurd Frogner | H61-H62 |
Målfrid Arne | H61-V62 | Erik Hestnes | V85-V86 | Søren Nomeland | H62-H66 |
Arne Ohnstad | V62-H63 | Brit Håland | H86-V87 | Jon Tryti | V67-V84 |
Audun Toven | V64 | Dag Evensen | H87-V91 | Knut Trøen | H84-V89 |
Liv Midttun | H64-V65 | Johan Einar Bjerkem | H91-V94 | Jon Tryti | H89-V94 |
Helga Holte Olsen | H65-V67 | Torun H. Bjerkem | H94 | Svein Knoff | H94-H95 |
Kari Salvesson | H66-V67 | Signe M. Hernes | V95 | Liv M. Kroken | V96 |
Signe Nygård | H67-V68 | Klara Lie | H95 | Knut Trøen | V96-V02 |
Magne Bell | H68 | Tom Skjeltorp | H95-V96 | Solvår Sundsbø | H02- |
Noralf Bell | H68-V70 | Dag Evensen | H96-V98 | ||
Arild Degrum | H70-V73 | Brit Håland | H98-V99 | ||
Erik Hestnes | H73-V74 | Brit Håland/ Vebjørn Bakken | H99 | ||
Vidar Fanavoll | H74-V78 | Vebjørn Bakken | V00-V01 | ||
Medlemer (5 stk) | H78 | Vebjørn Bakken, Per Kr. Elvestad, Marianned Dahl/ Anders Saxhaug |
H01 | ||
Karin Lyng | V79-H79 | Astrid Skrindo Victoria Carlsen/ Bjørn Carlin Vebjørn Bakken, Per Kr. Elvestad, Marianned Dahl/ Anders Saxhaug |
V02 | ||
Folke Flatland Guro Hernes Turid og Magne Sørøy Anne Hval Jensen og Geir Halstensrud Vebjørn Bakken, Per Kr. Elvestad, Marianne Dahl/ Anders Saxhaug |
H 02 | ||||
Vebjørn Bakken, Per Kr. Elvestad, Marianne Dahl/ Anders Saxhaug Brit Håland Inger Fr. Bakken Bjørn Sverre Haugen |
V/H03 | ||||
Dag Evensen Vebjørn Bakken, Per Kr. Elvestad, Marianne Dahl/ Anders Saxhaug Brit Håland Inger Fr. Bakken |
V/H04, VH-05 | ||||
Dag Evensen Vebjørn Bakken, Marianne Dahl/ Anders Saxhaug Inger Fr. Bakken |
V06-H14 | ||||
Dag Evensen Per Kr. Elvestad Marianne Dahl |
V15- |