Nokre bilete frå starten på vårhalvåret, 7. januar 2009
Marianne vert utnemnt til æresmedlem!

Tilbake til hovudsida


 Det vart ein triveleg start på vårhalvåret 2009 den 7. januar 2009. Solvor var spelkvinne og Inger Frøydis leia leiken, begge gjorde jobben på ein fin måte. Erik orienterte om ting som skal skje framover, og det var mykje gode kaker å forsyne seg av, så tusen takk til ei flink nemnd! Men den store hendinga var at Marianne Dahl vart utnemt til æresmedlem i Symra etter ein imponerande innsat på mange områder særleg i Symra, men også i BLS og i NU sentralt. Ho har særleg gjort ein stor innsats i Symra som leiar i 4 år, som rettleiar i mange år saman med Anders, som kurslærar på ei rekkje kurs saman med Anders, som programskapar, som miljøskapar og mykje anna. Vi ser nokre bilete då ho vart utnemnt. Vi gratulerer!



Marianne blir gratulert av Erik, som las opp dei fine orda som stod på Diplomen.

 

Her klappar både Erik og alle vi andre for utnemninga


  

Her har vi fått Marianne i nærbilete.
  
  

Marianne og diplomen i nærbilete.

 

Maarianne viser fram nåla for æresmedlem. Det er Anders som har laga den fine nåla.