Nokre bilete frå Jubileumsreisa til Symra i pinsa 2010 Del 2

Tilbake til hovudsida

Svært vellukka pinsetur til Møre og Romsdal
Dei 35 som var med på Symra sin jubileumstur til heimefylket i pinsa 2010 fekk rike opplevingar. Dei fleste reiste med fly til Ålesund torsdags ettermiddag og tok flyet nedatt frå Molde månadag kveld. Vi overnatta to netter i Ålesund og to netter i Molde. Det var fleire høgdepunkt på turen. Fredag hadde vi ein strålande soldag med Hurtigruta Trollfjord inn til Geiranger, og buss tilbake til Ålesund. Vi fekk også oppleve det flotte utsynet frå Fjellstova på Aksla. Om kvelden hadde vi dansefest saman med Ålesund spelemannslag og Ungdomslaget Ivar Aasen. Svært hyggjeleg, og mykje god mat! Hit kom også Sunnmørsposten og gjorde intervju, og det kom bilete og omtale i avisa dagen etter. Laurdag hadde vi ei interessant gatevandring i jugentbyen saman med ein insprerande guide. Om ettermddagen tok vi Hurtigruta til Molde og vi fekk så kvar Vebjørn og Peder kjem frå mellom alla. Søndag var det heildagstur til fiskeværet Ona. Det bles ikkje, så det vart ein fin tur for alle. Måndag tok vi busstur til Kristiansund via Atlanterhavsvegen. Vi stoppa i Bud og fekk oss velsmakande mat både på Hustad og i Kristiansund. Der fekk vi velsmakande baccalao på ein fin restaurant i ei 200 år gamal smie. Det aller finaste veret hadde vi på fredag, men dei andre dagane var det også stort sett opphaldsver, og langt finare enn meldingane. Mange sit igjen med fine minne frå turen, både i hausen og i fotoapparatet. På biletet ser vi nesten alle på veg mot Ona.
På denne sida er det som skjedde laurdag.  Her er det som skjedde søndag.


Laurdag. Vi får oss frukost på Thon Hotell
  

Vi er samla i resepsjonen - vi skal ut på byvandring.
  

Vandringa startar ved Hotellet. Guiden i gul sydvest heiter Britt Walle Ekroll - ei flink bergensdame.
  

Vi er ute på Storkaia og ser Aksla og Fjellstua i bakgrunnen.Ho fortel mellom annna om bybrannen i 1904.
  

Ho fortel om Engelandsfarten under krigen.
  

Vi er tilbake til Kongens gate
  

Per Bolstad budde i Ålesund heile livet men hadde røtene sine i Stryn.
  

Ålesunds smalaste hus, 2,60 m. Medan guiden prata, kom det forbi ei dame som hadde budd der ein gong i tida.
  

Guiden saman med "Avisguten" som Sunnmørsposten ga til byen då dei feira 100 år.


 


Vi har gått opp til Ålesunds Museum. Der høyrer og ser vi mellom anna redningsbåten egget.
 

Vi er nede i byen igjen og ser på Jugentstilen..
 

Nede ved hamna - St Olavs plass
 

Her har vi fint utsikt langs Brosundet mellom dei to øyane Nørve og Aspøya.
   

Ved den vesle brua over Brosundet er det slutt på Byvandringa. Her ser vi på Klippfiskdama og Skårungen i bakgrunnen.
 

Mange tok no bussen ut til Atlanterhavsparken. Her har vi sett oss til rette i Auditoriet.

  

 Det er mykje fisk i det enorme akvariet.



 

Her er dykkaren nede og forar fiskane.
   

Etterpå vart vei spreidde for alle vindar. Desse tre pluss fotografen gjekk ein tur til Ålesund kirke. Ho var stengt.
 

På veg tilbake til hotellet gjekk vi forbi harald Grytten på krakken sin.
 

Vi ventar på at tida skal gå i lobbyen i Hotell Thon.
 

Her ventar vi også

 

Kong Harald var litt forseinka, men her kjem han mot kai.

Vi ventar på billettane inne i Hurtigruta som skal ta oss til Molde.
  

Vi er på veg frå Ålesund til Molde. Her reiser vi forbi Hildrestranda der Inger Frøydis var vikarlærar i 1983
  

Dette er også Hildrestranda. Skodda letta etter kvart.
  

Her ser vi Brattvåg. Vebjørn og Inger Frøydis budde der 1982/83, Vi ser mellom anna den avanserte bedrifta Hydraulic.
  

Vi ser inn gjennom Vatnefjorden. Vebjørn er frå Vatne.
  


Vi ser inn gjennom Vestrefjorden
  

Frå den sørlege delen av Rekdal. Litt til høgre for dette går grensa mellom Sunnmøre og Romsdal. Trond har farsætta si frå Rekdal.
  

Rekdal. Midt på biletet ligg garden Sanden der mor til Vebjørn var frå.
 

Inger Frøydis, Liv og Gunnar og fotografen får seg mat i kantina.
  

Vi nærmar oss Molde. Vi ser sykehuset og hotellet Seilet.
  

Her er vi nesten ved kai på Molde. Hotellet vårt Hotell Molde - det gamle bondeheimen, ligg ca 300 m unna.