Nokre bilete frå pinsa i Stockholm 2015

Tilbake til hovudsida
Flott pinse i Stockholm
Det var over 40 frå Symra med på den fine feiringa i Stockholm - feiringa av 50 års samarbeid med venskapsringen vår Viljan. Alle budde på eit hotell der også festane/samværet gjekk føre seg, så det var ei fin ordning. Laurdag var vi på lang båttur austover i den flotte svenske skjergarden, og om kvelden ein gild jubileumsfest. Søndag gjekk vi i toget til Folkdansringen i Stockholm frå sentrum til gamlebyen der det var mange presentasjonar av dans, musikk, song og bunader. Også Symra og Viljan hadde sine framsyningar. Symra si framsyning ligg på YouTube. Der ligg òg video av Inger Frøydis som song "Ro fjorden" ved opninga. Om kvelden søndag var det middag og dans på hotellet. Og søndags morgon, etter frukosten, var det vanleg klemmerunde og avskjed. Ei stor takk til alle som bidrog til ein vellukka tur, spesielt til Viljan som stod på og la alt så godt til rette. Dei sytte også for godt vêr. Også takk til folk i Symra som la ned eit stort arbeid for at turen skulle bli vellukka.  Her har eg lagt inn nesten 100 (!) bilete frå turen.


I bussen på veg mot Stockholm 
                     

Framme ved hotellet, First Hotels Royal Star i Älvsjö.
  

Båten som skal frakte oss til Vaxholmen.
 

Inger Frøydis, Erik og Kristen ventar på akaia.
 

Helge, Wencke og Einar ventar og.
  

Og sameleis Eystein og Inger.
 

John, Eli, Gianni og Curre.

Anita, Oddny, Curre og Christer.
  

Sidsel, Tony og Werner.
  

Astrid, Erna og Berit.
  

Inger Frøydis og Kristen
  

Tid å gå ombord!
 

Sume sat nede i salongen, andre oppe på dekk. Her ser vi Annika, Curre, Eystein og Anita.
   

Jorunn, Liv og Liselotte.
    

Fleire i salongen: Ved vinduet: Kristen, Peder, Inger, Inger Frøydis, ? og Erik.
  

I øvre salong Magnus og Ewa, bak Dag og Nina.
  

Også i øvre salong: Einar, Aud, Wencke og Helge.
   

I vind og blåst på øverste dekk: Petter, Sidsel, Oddny, Vigdis, Reidun og Werner.
 

Marita er godt innpakka
      

Vi er framme ved Vaxholm.
 

Vi ser over til festninga på Vaxholmen.
  

Dei fleste er komne på land ved festninga.
  

Gamle soldatar er bra, synest Berit og Inger Frøydis.
  

Liv og Curre framfor soldatorkesteret.
  

Inne på kastellet var det mat og drikke. Astrid, Inger Frøydis, Oddny, Aud, Berit og Jorunn.
 

Astrid, Inger Frøydis, Oddny, Aud, Gro, Berit, Jorunn, May-Britt, Bjørn Harald, Anne , Erna, Vigdis, Petter og Erik.
  

Då vi kom ut hadde det regna litt, det einaste vi såg til regnet heile helga! Christer, Anita, Ola, Margaretha, Marita, Curre og Helge.
 

Her inne fekk vi maten.
 
 

Så var det ei fin omvisning i museet på festninga. Einar, Wencke, Eli, Inger Frøydis og Gianni.
  

Dag, Nina, omvisaren og Kjerstin.
  

Soldatane ladar dei moderne kanonene bakfrå.
 

Dei fleste som var med på turen laurdag.
 

Her er eit til.
  

Terje og Anne Guri
  

Curre har ordet, Christe, Solvor og Dag lytter.
   

Og mange andre lytter også.
  

Og endå fleire.
 

Vi benkar oss kring festpynta bord laurdagskvelden.
 

Eit av dei borda.
  

Og eit til.
  

Eit bord til.
  

Og endå eit.
 

Folket syng, men fotografen driv på likevel
  

Og neste bord.
  

Og eit til.
  

Og eit .
 

Endå eit bord
   

Og eit til.
 

Werner bidrog med ei fin vise som ofte før.
  

Så vart det dans, og eit stort orkester er på plass.
  

Magnus fortene eit eige bilete
  

Ja, faktisk to, for no kom smilet òg.
  

Søndag morgon i bunad
 

På veg mot Sergels torg, Oddny, Inger Frøydis og Dag.
 

Wencke, Werner, Katarina, Liv, Sissel og Astrid.
 
 

Vi ventar på Sergels Torg: Aud, Peder, Erik, Gro og Dag.
 

Oversikt over Sergels torg.
 

Klar til avmarsj: Christer, John, Curre og ?.
 

Undervegs i toget. Peder, Oddny, Eystein, Bjørg, Erik og Inger V.
 

I toget igjen: Peder, Aud, Eystein, Nina, Bjørg, Helge og Erik.
 

Toget gjekk frå Sergels torg gjennom Kungsträgården til Stortorget i Gamla Stan. Her er vi på veg opp Kungsbacken ved Slottet.
 

Dansinga på torget byrja med ein langdans.
 

Så er det Symra sin tur å danse. Aud og Berit held flagga og Dag fana. Curre introduserer oss.
 

Vi er klar til å starte, halvparten frå kvar side.
 

Inger Frøydis og Vebjørn, May-Britt og Bjørn Harald, Oddny og Eystein, Nina og Helge.
 

Vi er i gang med pariserpolka. Inger og Peder nærast, Inger Frøydis og Vebjørn bak. Wencke og Einar ser på.
 

Oddny og Eystein, Inger Frøydis og Vebjørn og Inger og Peder.
 

Bjørg og Erik, Nina og Helge, Erna og Erik, Vigdis og Petter.
 

Vi snur i kørsdansen. Inger Frøydis og Peder, Dag og Inger.
 

Inger og Kristen, Erik nærast.
  

Eystein, Marita og Vebjørn i tretur. Liv og Peder, Oddny og Erik S. bak.
 

Vebjørn og Erna nærast.
 

Kva skal vi no? Liv, Kristen, Helge, Erik og Erna.
 

No er det Stjernetur. Oddny og vebjørn. Thomas spelar.
 

Oddny og Vebjørn i stjernetur
 

Inger og Eystein, Marita og Vebjørn, Stjernetur.
 

Framleis stjernetur: Eystein, Oddny, Inger Frøydis Inger og Vebjørn.
 

Inger, Marita, Dag, Erik.
 

Gamal reinlender? Liv, Kristen Inger Frøydis, Vebjørn, Peder og Dag.
 

Liv, Kristen, Vebjørn og Inger Frøydis
 

Kørsdans frå Valdres. Liv, Vebjørn, Inger Frøydis, Peder og Inger.
 

Framsyninga er slutt, og vi fann oss ein kafe i ei sidegate.
 

Det smakar med mat, Berit, Gianni, Eli, Dag, Astrid, Wencke og Inger.
 

Heile langbordet: Nærast Marit, Per Olav, Anne, Dag og Einar.
 

Vi er tilbake på torget. Dag saman med ein "gamal" Symra og Viljan-medlem - Brit Digernes.

Middag søndag på hotellet. Werner har ei ny vise på lager. Bra!
 

Gåve frå Symra til Viljan. Eystein og Erik overleverer til leiaren Curre og tre andre i festnemnda Kerstin, Lotta og Christer.
 

Men Britt Inger var også i nemnda, så ho laut også fram!

 

Eystein overleverer sjokoladepakka til nemnda.
 

Det venta ei overrasking etter middagen, ei gruppe som dansa gresk folkedans.
 

Vi fekk også lære ein av deira dansar.
  

Ein del av spelemennene. Thorvald, Magnus, Solvor, Tony, Terje og Thomas.
 

Ein av Viljans faste spelemenn, Torvald.
 

Pia og Liv syng duett og Torvald spelar til.
 

Wenche og Pia spelar begge torader
 

Så er det måndag morgon og tid for å ta farvel. Curre, John og Bjørn Harald nærast.
 

Lang rekkje! Gianni, Aud og Astrid nærast.

Hotellet i bakgrunnen. Nokre repeterer greske steg og nokre tar endeleg farvel for denne gongen.