Nokre bilete frå Pinsa i Stockholm 2005
Spelemennene Vidar Skrede og Erlend Viken underheld med spel frå baksetet i bussen. Jon lytter. |
Vi er komne til jubileumsfesten - mottaking ute i fineveret |
Nokre av deltakarane på jubileumsfesten |
Dei fleste festdeltakarane samla framfor festlokalet Edsero bygdegård |
Nesten alle samla til jubileumsfotografering |
Tommy og Britt-Inger inntar lunchen sin på Skansen laurdag |
Søndag var vi med på gudstenesta på Skansen, og etterpå dansa vi tre songdansar på kyrkjebakken. |
Her dansar vi som siste dans Bendik og Årolilja |
Vidar og Erlend spela "postludiet" i kyrkja - ein fin marsj. |
På Skansen var det mange fine norske program - her er det Øyunn Groven Myhren som syng ei folkevise på Solliden-scena. |
Sunnmørsbunaden har eit veldig fint skaut, men det er vanskeleg å få knytt det fint og rett. Her er det Liv som hjelper Ragnhild. |
Her ser vi at plagga set fint- Liv med jenteskaut og Ragnhild med kone-skaut. |
Søndagskvelden var vi på eit fint gamalt torp sør for Stockholm - der spelemannen Magnus har sitt spelemannslag. |
Her får vi omvisng på det koselege torpet. |
Vidar og Erlend spelar nokre flotte slåttar på festen søndag, slik dei også gjorde det på laurdag. |
Her er vi samla på Farsta gård om morgonen avreisedagen, klare til siste avskjedssermoni. |
Avskjeden er ikkje komen heilt i gang enno. |
Klemmerunden er i full gang |
Ragnhild og Mikke tar farvel for denne gongen |
Bileta nedanfor er tekne med vanleg kamera
og scanna inn etterpå. |
Folk er klar til avreise til Skansen laurdag. |
Her er det Ulla som fortel eitkvart. Før avreisa laurdag dette også. |
Inger Frøydis har fått ferdig Konebunaden frå Vang i Valdres. Då må vi ta bilete. |
Dag har fått seg ny bunad - etter å ha tenkt seg lenge om. Ein staseleg bunad og ein staseleg kar! |
Biletet viser "alle" som var med på jubileumsfesten i Delsbo |
Nokre av dei som var med på Jubileumsfesten |
Her har vi dei svenske spelemennene og nokre til |
Ein del som høyrer på Curre før Jubileumsmiddagen |
|
Dei som var med ved starten i 1965 er kalla fram - før jubileumsmiddagen. |
Veteranane frå 1965 fekk plass ved æresbordet. Her er det Ulla som fortel. |
Ulla, Inger og Peder på Farsta Gård framfor dei historiske breva frå 1965. |
Spelemenn - Vidar og Erlend - i motlys. Dei spela inne i kyrkja på skansen under den norske høgmessa - dei spela postludiet. |
Spelemennene våre Erlend og Vidar finstemmer hardingfelene og er klar til å spela nokre slåttar. |
Spelemennene Vidar og Erlend spela også i bussen - både til underhaldning og for å øve på danseslåttane. |
Laurdagen reiste vi frå Skansen til Arlanda, der det dkulle vere framsyning. Det vart ein lang køyretur pga trafikkproblem. Men framsyning vart det til slutt! |
Her er lle samla til avskjed på Farsta gård måndags morgonen etter ein god frukost. |