Øvingane |
Som dei fleste aktiv leikarringar har Symra fast øving
ein gong for veka heile året (bortsett frå midt på sommaren). Øvingane
foregår i Storsalen i BLS-huset
i Nordahl Brunsgt. 22 (ved Blitzhuset/ Det gamle Rikshospitalet). Øvingstida er frå kl
19.30 til kl 22.00. Midt i
øvinga er det ein halvtimes pause då det er kaffi/te/saft og kaker, litt informasjon og
prat rundt borda.
|
Øvingskvelden er slik at det er instruksjon
(rettleiing) heile tida. Rettleiaren seier kva som skal dansast. Er det
nye dansar, gjennomgår han dansen i detalj. Er det kjende dansar, brukar
han litt tid til å minne om gangen i dansen. Så dansar vi gjennom dansen
ein gong eller to eller fleire. Dei siste åra har det vore slik at det er
medlemer i ringen som rettleier.![]() To eller tre kveldar for semesteret er det meir fri dans. Desse kveldane kallar vi kaffikveldar. Då startar vi kvelden med bordsete, mat/kaffi og litt underhaldning. Så er det dans resten av kvelden. Leikleiar er gjerne ein av medlemene. På kaffikveldane er det som regel Symra-orkesteret som spelar til dansen. Miljøet på øvingskveldane er avgjerande for trivselen i laget og for rekrutteringa. I Symra prøver vi å ta godt i mot dei nye medlemene som startar i ringen. For å bli med, er det berre å møte opp på ein øvingskveld, for å "prøve ut" miljøet. Blir du verande, betalar du medlemspengar etter kvart. Det går like fint å kome som einsleg eller som par. Alle er velkomne! Øvingar i Stildans Frå hasuten 1999 har det også vore regelmessige øvingar i stildans i Symra. Dette har stort sett vore på fredagar i Storsalen kl 19 - 22, 1-2 gonger per månad. Det er Per Kristian Elvestad som dei første åra vaar primus motor og rettleiar på desse øvingane, godt hjelpt av søster si Sonja Elvestad. Frå hausten 2005 til og med våren 2015 var det Marita Ramstad som instruerte stildansen. Hausten 2015 delte fleire på oppgåva: Marita Ramstad, Inger Frøydis og Vebjørn Bakken og Live Callin og Oddvar Kværnhaug. Frå våren 2016 er det Live Callin og Oddvar Kværnhaug som instruerer. Terminlista for dette halvåret finner du her. Semesterdansar - dette halvåret legg vi særleg vekt på desse dansane. |