- Innleiing
- Historia
- Øvingane
- Nybyrjarkurs
- Andre kurs
- Festar
- Framsyningar
- Reiser og stemner
- Folkedanskveldar
- Andre aktivitetar
- Venskapsringen
Viljan
- Symrafolk gifter seg
- Lagsbladet "Symra"
- Symraorkesteret
- BLS og NU
- Innleiing
- Symra er eit av laga i Bygdelagssamskipnaden i Oslo (BLS).
BLS består av 21 ulike bygdelag frå alle kantar av landet. BLS er eit fylkeslag i
Noregs Ungdomslag.
Symra er ein leikarring. Det betyr at den viktigaste aktiviteten i Symra er norsk
folkedans. Vi driv med turdans, songdans, gamaldans og bygdedans. I tillegg er arbeidet
med norsk folkemusikk og bunader viktig.
Symra vart stifta i 1960 som ein del av dei tre bygdelaga frå Møre og Romsdal:
Sunnmøringen, Romsdalslaget og Nordmørslaget. I 1983 vart Symra eit eige lag i BLS. Dei
siste åra har det vore ca 120 medlemer i ringen. Ein del av desse bur utanfor Oslo, og
kan ikkje møte på øvingane, men møter iblant på festar eller andre tilskipningar.
Symra har øving kvar onsdag kl 20.00 - 22.15 i Storsalen i BLS-huset heile året bortsett
frå om sumaren. Her møtest ca 50 dansarar i alle aldrar - par og einslege - og dansar
dei dansane vi kan og lærer nye dansar. Vi har alltid levande musikk - no er det Knut
Trøen som spelar hardingfele, og det er alltid ein instruktør - rettleiaren - som viser
korleis dansane skal dansast og bestemmer kva vi skal danse. Ca 2/3 av øvingstida dansar
vi musikkdans - turdans mest, men også bygdedans og gamaldans - og ca 1/3 av tida
songdans. Halvtimen frå 21.00 til 21.30 har vi "kaffipause". Då sit vi saman
og pratar og får ein kopp kaffi/te og litt å bite i.
- til toppen av sida
- Historia
- Symra vart skipa i 1960 med utgangspunkt i leiknemndene i
bygdelaga Sunnmøringen og Romsdalslaget. Det var sunnmøringen Lars Hauge og romsdalingen
Per Malmedal som stod i brodden for skipinga. Etter kvart kom også Nordmørslaget med i
arbeidet, først og fremst representert ved Edvard Møst. Per Malmedal reiste frå byen
etter berre eit halvt år. Dei neste åra var Lars Hauge formann i ringen. Ved jubileet i
1970 vart dei tre æresmedlemer i Symra. Edvard Møst døde i 1975 80 år gamal, medan han
var på folkedanskveld.
.

Lars Hauge, Per Malmedal og
Edvard Møst
- I 1964 vart Symra formelt eit særlag i dei tre bygdelaga
Sunnmøringen, Romsdalslaget og Nordmørslaget. I 1983 vart Symra eige lag i
BLS. Arbeidsmåtar og drift vart likevel om lag som før.
Frå starten av var nesten alle medlemene innflyttarar frå Møre og Romsdal. Men
etterkvart vart også mange andre medlemer, og frå ca 1970 har andelen medlemer frå
Møre og Romsdal vore stabilt på ca 20%. Elles er medlemene frå alle kantar av landet.
Mange er også frå Oslo og nabobygdene. Frå byrjinga av 1970-talet har medlemstalet vore
nokså stabilt på 100 - 140 medlemer. Ein del av medlemene bur utanfor Oslo og kan ikkje
vere så aktivt med i ringen. Talet på aktive medlemer er gjerne 70-80.
Gjennom åra har Symra hatt ei rad framifrå spelemenn og rettleiarar. Første spelemannen
var velkjende Ivar Medås. Så var det Sigurd Frogner og deretter Søren Nomeland. I 1967
vart Jon Tryti fast spelemann i ringen, og var det i over 20
år. I seinare år har Svein Knoff og Knut Trøen vore faste spelemenn. Knut Trøen er
spelemann i dag. Mellom dei som har vore faste spelemenn på kurs, festar og framsyningar
må Søren Skaar og Kåre Limseth særleg nemnast. På 70-talet var Søren spelemann på
dei fleste gamaldans- og folkedanskursa i Symra.
Rettleiarar har det vore langt fleire av. Første rettleiaren - Eli-Brit Johnsen - var
berre i eit drygt halvår. Utover på 60-talet rettleidde desse i 1-2 år kvar: Astrid
Hole, Målfrid Arne, Arne Ohnstad, Audun Toven, Liv Midttun, Helga Holte Olsen, Kari
Salvesson,
Signe Nygård, Ole Ekornes og Magne Bell. På 70-talet rettleidde Noralf
Bell, Arild Degrum, Erik Hestnes, Vidar Fanavoll og Karin Lyng. På 80-talet Aud
Fosstvedt, Helge Holmin (4,5 år), Erik Hestnes, Brit Håland og Dag Evensen. På 90-talet
Johan Einar Bjerkem, Torun Hernes Bjerkem, Signe Marie Hernes, Klara Lie, Tom Skjeltorp,
Dag Evensen, og Brit Håland.
Dei fleste formennene/leiarane i Symra har stått berre i eit år. Dei som har to år
eller meir er Lars Hauge, Ludvik Varhaugvik, Harald Hvistendahl, Erik Hestnes, Heidi
Grymyr, Peder Varhaugvik og Vebjørn Bakken. Harald Hvistendal døde i ei tragisk
helikopterulykke i 198?.
I 1987 vart Inger og Peder Varhaugvik (sjå bilete) utnemnt
som æresmedlemer i ringen for trufast og allsidig innsats for ringen gjennom mange år.
Dei har ikkje minst gjort ein stor innsats som framsyningsdansarar.
Til 25-års jubileet i 1985 skulle det skrivast jubileumsbok. Boka vart ikkje ferdig før
i 1989, men det vart ei retteleg innhaldsrik bok på over 300 sider. Boka fortel detaljert
frå liv og lagnad i ringen frå år til år gjennom heile perioden. I tilegg er det
oversiktsartiklar om særskilde emne. Boka inneheld også ei nærpå fullstendig
medlemsliste. Det var Vebjørn Bakken, Erik Hestnes, Inger Varhaugvik og Aud Westavik som
gjorde arbeidet. Vebjørn hadde hovudansvaret for skrivinga. Boka kan framleis kjøpast.
til toppen av sida
- Øvingane
- Som i dei fleste andre leikarringar er dei faste øvingane den
sentrele aktiviteten i ringen. Symra har sine faste øvingar kvar onsdagkveld kl 20.00 -
22.15 i Storsalen i BLS-huset (Nordahl Brunsgt. 22). Midt i
øvinga er det ein halvtimes pause då det er kaffi/te/saft og kaker, litt informasjon og
prat rundt borda.
Øvingskvelden er slik at det er instruksjon (rettleiing)
heile tida.
Rettleiaren seier kva som skal dansast. Er det nye dansar, gjennomgår han dansen i
detalj. Er det kjende dansar, brukar han litt tid til å minne om gangen i dansen. Så
dansar vi gjennom dansen ein gong eller to eller fleire. Rettleiinga hausten
2002 er slik at ca tredjekvar kveld er det interne rettleiarar (medlemer i
ringen), medan det dei andre kveldane er gjesterettleiarar.
Vi har alltid hatt levande musikk på øvingane i Symra. Det er ein
svært viktig kvalitet ved øvingane. Instruksjonen går lettare, musikken er meir variert
og tonen blir ledigare. Er spelemannen flink, og det har han alltid vore i Symra, så kan
vi danse nær sagt alle dansar. Spelemannen er til stades i heile
øvingstida, slik at vi fritt kan veksle mellom songdans og musikkdans.
Før var det vanleg å ha musikkdans første halvdelen av øvinga og songdans siste delen.
Dei siste åra har Symra hatt spelemann til stades heile tida, og dermed blir det meir
varierte og spennande øvingar.
To kveldar for semesteret er det meir fri dans. Desse kveldane kallar vi kaffikveldar. Då
startar vi kvelden med bordsete, mat/kaffi og litt underhaldning. Så er det dans resten
av kvelden. Leikleiar er gjerne ein av medlemene. På kaffikveldane er det som regel
Symra-orkesteret som spelar til dansen.
Siste helvta av 90-talet har ringen hatt ein del ekstraøvingar i særskilde dansar -
dette blir kalla temakveldar. Desse har det vore nokre gonger per semester, og oftast har det
vore bygdedansane får Møre og Romsdal og Vestlandsspringar eller så har
det vore stildansøvingar. Det
har som oftast foregått i tida før øving frå 18.00-19.45, i romet bak storsalen eller
i Halli.
Miljøet på øvingskveldane er avgjerande for trivselen i laget og for rekrutteringa. I
Symra prøver vi å ta godt i mot dei nye medlemene som startar i ringen. For å bli med,
er det berre å møte opp på ein øvingskveld, for å "prøve ut" miljøet.
Blir du verande, betalar du medlemspengar etter kvart.Det går like fint å kome som
einsleg eller som par. Alle er velkomne!
- til toppen av sida
- Nybyrjarkurs
- Nybyrjarkursa i gamaldans er offentlege kurs som alle kan melde
seg på. Symra startar alltid eit nytt gamaldanskurs kvart halvår. Eit kurs startar
altså den første veka i januar, og ca 1. september. Nøyaktig kursstart står i
programmet, og blir også annonsert i Aftenposten eit par dagar
før kursstart. Dei som vil delta på kursa kan melde seg på (sjå startsida), eller
berre møte fram i Storsalen i Nordahl Bruunsgt. 22 kl 18.00 den onsdagen det startar. Eit
slikt kurs går ein gong per veke i 6-8 veker. Du treng ikkje kunne noko dans frå før.
Du kan vere åleine, eller de kan kome i par. Høver for folk i alle aldrar. Men ta med
gode sko!
Når eit kurs er ferdig, startar som oftast eit kurs til i veka
etter. Det kan vere eit nytt nybyrjarkurs i gamaldans, eller eit vidaregåande kurs om
inneheld både meir gamaldans, turdans og litt songdans. Sjå i programmet
for nærare detaljar. Også på desse kursa er det berre å møte fram på startdagen.
- til toppen av sida
- Andre kurs
- I tillegg til dei offentlege kursa i gamaldans/folkedans har Symra
jamnleg skipa til kurs i andre dansar. Som oftast har det vore snakk om helgekurs i
bygdedansar eller kurs i store turdansar/rekkjedansar. Dette har vore kurs for medlemene,
stundom med deltakarar også frå andre ringar.Vestlandsspringar har det oftast vore kurs
i. Olav Einemo var ofte rettliear på desse kursa - i seinare år også Vebjørn Bakken.
Kurs i pols har det også vore. I 1971 vart det for første gong skipa til kurs i ein av
møre-dansane: Nordmørspols. Både den gongen og på seinare har Gunnar Hals som oftast
rettleidd. I seinare år har det også vore kurs i Springdans frå Nordre Sunnmøre og
Romsdalsspringar. Vi har fått hjelp til å kome i gang av Kåre Gausnes
(Sunnmørsspringar) og Gunnar Rødal. Elles har Vebjørn Bakken instruert mest. Når det
gjeld turdansar, har det oftast vore kurs i Francaise (og Lancier). Kjell Klausen og Dag
Evensen har rettleidd mest. I dei siste åra har det også blitt vanleg med korte
kurs/repetisjonskurs i bygdedansane før den vanlege øvinga på onsdagskveldane.
Spelemann på dei fleste av kursa har Jon Tryti vore - men dei siste åra har det vore
Knut Trøen. Dei aller siste åra har stildans vore populært, og også her
har Symra vore mellom dei mest aktive laga. Det har vore spesielle
øvingskveldar (oftast fredag) eller helgekurs/seminar. Per Kristian
Elvestad har vore den drivande krafta i arbeidet med stildansen.
- til toppen av sida
- Festar
- Det er naturleg at ein leikarring i blant skipar til fest - for å
få praktisere dansen i triveleg lag saman med eigne medlemer og andre folkedansarar. Ein
fest i ein leikarring kallar vi oftast ein leikfest - der leik betyr det same som dans. I
Symra har det
gjennom åra vore 3 typer festar. Den mest tradisjonsfaste er
festen føre jule - julefesten eller julebordet. Julefesten har vore kvart år frå 1963.
Dei første åra var jolebordet på gildevangen med ca 50 deltakarar. På 70-talet vart
deltartalet langt høgare ofte langt over 100, og ofte på Skyttarkollen. På 80 og
90-talet har det vore færre med - gjerne rundt 80, og oftast på Kjelsås skole. Eit
julebord har ein nokså fast skipnad: først ein knapp time med dans, så bordsete med
middag - god mat, allsang og kanskje ein kort tale eller to. Så variert dans fram til
kaffipausen med mange gode heimebaka bløtkaker av mange slag - og oftast eit par
programinnslag. Så dans att til festen er slutt ca kl 01.
Vårfest var til liks med julebordet ein medlemsfest, og har vore skipa til med ulike
mellomrom oftast på 70-talet. Deltakartalet har variert mykje frå under 30 til over 100.
Leikfesten har heller ikkje vore fast, og vart oftast halden om hausten. Dette var ein
fest som var open for alle. På slutten av 70-talet var det mange deltakarar - mest i 1977
då det var over 400. Interessa vart mindre etter kvart og på dei siste festane har det
mest vore berre medlemer. (Biletet syner eit fyldig
fest-orkester, frå venstre: Jon Tryti, Knut Trøen, Åge Grundstad, Karlsen)
- til toppen av sida
- Framsyningar
- Heilt frå dei første åra har framsyningar vore ein viktig
aktivitet i Symra.Framsyningar er ein måte å profilere ringen på, å syne fram
festanletet til ringen og gje dei som ser på ei kulturoppleving. Dei som dansar i ein
leikarring vil oftast gjerne vere med på framsyningar. Ein del av framsyningane får vi
betaling for, vi kallar det turitframsyningar. Då dansar vi på hotell, restaurentar
eller kongresser. Dei andre framsyningane er gjerne på instutisjonar av ulike slag,
sjukeheimar o.l. Ei typisk framsyning varer 20-30 minutt og inneheld eit tverrsnitt av
norsk folkedans. Talet på dansarar varierer, men oftast er det 6 par. Normalt startar vi
med nokre turdansar - iblant også ein rekkjedans eller gamaldans - så ein bolk med 3-4
songdansar. Deretter ein bolk turdansar att og gjerne nokre bygdedansar til slutt. Mellom
turdansane har desse vore mykje brukt: Feiar frå Vestlandet, Pariserpolka, Åttetur med
mylne, Sandsværsril. Kombinasjonen Tretur frå Hordaland og Oksdans har vore mykje brukt.
Omtykte songdansar har vore Jonsoktid, Hei huskom, Ro fjorden, Stigelin og andre. Av
bygdedansane har Vestlandsspringar, Rørospols og Rull vore mest brukt. Stundom kan det
også vere innslag av kveding, andre folkemusikkinstrument, halling og bunadpresentasjon.
På framsyningane har vi alltid levande musikk, nesten alltid hardigfele, og alle har
bunad.

Heilt frå 1970 har Symra kvar 17. mai dansa på 5-6 ulike institusjonar i Bærum. Denne
"danserunden" tar til med øving ved rådhuset i Sandvika kl 09.00, og ofte er
det ikkje slutt før i 5-6 tida om ettermiddagen. sume er med heile dagen, sume halve
dagen.Alle synest det er moro og skaper ein meiningsfylt 17. mai.
I mange år på 60- og 70-talet var det vanleg at Symra vart engasjert for faste oppdrag
gjennom heile sumaren. Mellom desse stadane var Bristol, Grand, Folkemuseet, Holmenkollen
Park Hotell, SAS-hotellet og Studentbyen på Kringsjå. I seinare år har det mest vore
einkeltoppdrag, oftast på Holmenkollen Park hotell og Holmenkollen restaurant. På
90-talet har ringen hatt ein del årvisse framsyningar, til dømes på Loftsrud gård, i
Hvervenbukta og på Østensjø gård.
Når ringen er ut på reiser eller stemne er det også vanleg at vi har framsyningar. Biltet er frå ei framsyning på eit kjøpesenter i Wasa i 1997.
- til toppen av sida
- Reiser og stemner
- Heilt frå starten har det vore vanleg at ringen har reist på
danseferder og på stemner. Dei første åra var det mest innanlands, men frå 1966 vart
turen til Viljan i Stockholm eit fast innslag i reiseprogrammet. Både dei store
danse-turneane og stemnereisene går for seg om sumaren.
Det var naturleg at den første større turen Symra hadde gjekk til
heimefylket Møre og Romsdal. Det var i 1965 med 10 par. I 1969 var det ein liknade tur
til heimefylket. Desse turane var svært vellukka, mein fleire av det slaget har det ikkje
vorte. Den neste store danseturneen gjekk til Midtvesten i USA i 1981, så til Belgia i
1984, til Berlin i 1987, St. Johann i Østerrike i 1992 og den siste til Praha og
Neubrandenburg i 1995. Biletet viser den store
reiseflokken på over 40 deltakarar til Tyskland.
På
nesten alle NU-stemna frå 1960 har det vore deltakarar frå Symra. Ser vi bort frå
stemnet i Oslo i 1983, var det flest deltakarar på stemnet i Seljord i 1970. Då var til
saman 45 Symra-medlemer med, og dei fleste overnatta i teltleiren til Symra på
stemneplassen. Ein slik teltleir var svært vanleg i mange år, særleg på 70-talet.
Seinare har det vore vanleg at deltakarane overnatta på sovesal på ein skule.Svært
mange var også med på jubileumstemnet til NU i 1971 (75 år), i Stryn i 1972 og Molde i
1980. Biletet viser eit utsnitt av Symra-teltleiren i
1970.
Heilt frå den nordiske stemna i Oslo i 1963 har det vore mange med frå Symra. På
Nordisk stemne (Nordleik) samlast folkedansarar frå heile Norden kvart 3. år til
stormønstring - det kan vere nærare 10000 dansarar på dei største stemnene. Frå Noreg
har Symra alltid vore mellom dei største flokkane. Flest var det i Turku i 1985. Frå
stemnet i Odense i 1966 har Symra hatt framsyningar på desse stemna (Odense 1966,
Stockholm 1970, Helsinki/Espoo 1973, Trondheim 1976, Holstebro 1979, Gøteborg 1982, Turku
1985, Bergen 1988, Vejle 1991, Linkøping 1994 og Wasa 1997).
Isleik er eit nordisk stemne som vart skipa til første gong i 1975, og har seinare vore
halde med nokre års mellomrom. Det er inntil 300 deltakarar på stemna som varer ei dryg
veke. Det er einkeltpersonar som melder seg på - ikkje lag - men det har alltid vore
mange med frå Symra. Siste gong var i 1998, då Symrafolk også opplevde dramatiske timar
på Vatnajøkulen.
til toppen av sida
- Folkedanskveldar
- Kvar søndagskveld er det offentleg folkedans i BLS-huset. Dette
har gjennom mange 10-år vore ein samlingsstad for folkedansarar i Oslo-området. Symra
stod i brodden for dette tiltaket då folkedanskveldane fekk si form i 1960/61. Dei
første 10 åra var dansen alltid i Halli, og særleg på slutten av 60-talet var det ofte
svært fullt i salen og på dansegolvet - sveitten sila og det rann langs veggar og på
glas. Som oftast var det eit lite orkester som spela - fele og trekkspel og gitar var
vanleg. Det var ei blanding av gamaldans, turdans, songdans og litt bygdedans. Til
songdansen og turdansen var det ein som leia leiken. Om lag halvvegs i kvelden var det ein
kort matpause. Stolar vart sett fram på golvet og det vart servert kaffi og kaker. Symra
hadde vaflar som sitt varemerke. Om sumarane var det vanleg å ha folkedanskveldar ute.
Den første tida på Bygdøy Sjøbad, seinare oftast på Folkemuseet.
1970 vart folkedanskveldane flytta frå Halli til Storsalen, og frå 1973 vart det vanleg
å bruke begge salane. Ansvaret for tilskipinga har gått på omgang mellom ringane i BLS.
I mange år på 80 og 90-talet var det vanleg å ha swing i ein av salane og folkedans i
den andre. På slutten av 90-talet flytta Fasting sine swing-kurs til andre lokale, og det
var sjeldnare med faste swingkveldar. I tillegg var det ikkje uvanleg at den tredje salen
- Blåsalen - vart brukt til spesielle dansar - som regel bygdedans eller store turdansar.
Det vart også vanleg å selje mat/kaffi i kafeen. Den siste 10-årsbolken har
oppslutninga om folkedanskveldane vore dårlegare enn "i gamle dagar", men
framleis ein folkedanskveldane ein omtykt samlingsstad for folkedansarar.
- til toppen av sida
- Andre aktivitetar
- I tillegg til dei aktivitetane som er nemnt særskilt, har desse
pågått det meste av tida eller i periodar:

Symra ski og ake-festival var eit mini-skirenn for borna i ringen. Gjekk føre seg
på 70-, 80- og innpå 90-talet. Dei fleste gongene var det ved Koll-hytta på Kringsjå
ein søndag i mars. Det kunne vere 10-30 deltakarar med store og små.(The
picture shows som of the participants)
Teaterturar har det vore 2-4 per år frå midt på 80-talet. Dei fleste gongene
har det vore framsyningar på Det Norske Teateret. Etter teaterbesøket har det vore
vanleg å gå på ein restaurant og spise og ha det hyggjeleg saman. Normalt har det vore
ca 20 med på teaterturane.
Fjellturen ca 1. september har vore eit fast innslag dei siste 20 åra. Første
turen av dette slaget var i 1970 til Trollheimen. Seinare har det ofte gått til ulike
stader i Jotunheimen, i Rondane, i Telemark og andre stader. Det har vore vanleg å reise
fredagskvelden og kome att søndagskvelden. Overnattinga har ofte vore på ei turisthytte
- men stundom på to hytter. Deltakar-talet har variert ein del, oftast 10-25.
Hytteturar var svært vanleg på 60-talet og litt inn på 70-talet. Seinare
har det vore meir sporadisk. Medlemer i Symra drog då oftast til
dei hyttene som hovudlaga hadde i oslomarka. Mest brukt var Romsdalshytta i Nittedal. Men
også Sunnmørshytta ved Sinober ein del. I seinare år har det vore mest vanleg å låne
Normørshytta, både då ho låg i Nittedal og etter at ny hytte vart kjøpt ved
Norefjell. Som regel har slike hytteturar vore rein avslapping - triveleg samvær. Eit par
gonger har det vore kurs i dans eller lagsarbeid på slike hytteturar. Vanleg deltakartal
har vore 10-20.
Jonsokfeiring har Symra hatt dei siste 20-25 åra. Som oftast har ein del av
medlemene samlast på Høvikodden til hyggjeleg samvær - bål og grilling og kanskje litt
musikk og dans. Talet på deltakarar har variert frå nokre få til 25-30.Sist på
90-talet har samlingane vore i Hvervenbukta.
Kven veit - tevlinga til NU har Symra vore med på mange gonger på 80-talet og
innpå 90-talet. Sume år har det vore to lag med. Resultata av tevlingane har variert ein
god del.
Framsyningsøvingar har Symra hatt dei fleste åra frå midt på 70-talet.
Det har oftast vore 1-3 ekstra øvingar for dei som framsyningsnemnda inviterte til å
delta. Desse øvingane har som oftast vore før sumarsesongen - i mai eller juni.
Leikfestturar var eit omtykt innslag - mest vanleg var det sist på 60-talet
og på 70-talet. Då kunne det vere mange av medlemene som slo seg saman - stundom i leigd
buss - og drog utanbygds der det vart skipa til leikfestar. I blant var det også
overnatting. I mange år - også i seinare tid - var leikfesten til Frøy på Ås den mest
omtykte.
Fotturar i og omkring Oslo har i mange år vore skipa til i blant. Stundom var det
ein tur i Oslomarka, eller ei vandring langs Akeselva eller liknande.
Kurs og møte av ulike slag. Dei fleste år har ein eller fleire av
medlemene delteke på eit eller fleire kurs i "Danse-samanheng". Oftast har det
vore snakk om leikleiarkurs i BLS eller NU. Nokre gonger også lagsleiarkurs eller
liknande. Ofte har einkvan frå ringen vore representert på Fagmøtet i folkedans i NU
(Sørmarka) og på Songdansseminar. Etter 1983, då Symra vart eige lag, har det også
vore vanleg at Symra har hatt ein eller to utsendingar på NU-årsmøtet. Sameleis har
Symra gjerne hatt 4-5 utsendingar på BLS sitt årsmøte.
- til toppen av sida
- Symraorkesteret

- Gjennom alle år har det i Symra vore medlemer som har spela ulike instrument og som
meir og mindre fast har spela saman og spela på dans på kaffikveldar og andre
tilskipingar i ringen. Vi kallar dei Symraorkesteret. Den faste spelemannen i ringen har
som oftast vore sjølvskreven medlem. Tidleg på 60-talet var Per Inge Venås ofte med på
klarinett- litt også Audun Toven på fele. På 70-talet var det stundom mange i
orkesteret - sume på tussefløyte, gitar, fele eller trekkspel. Dei siste 20 åra har
Harald Hunderi vore fast trekkspelar - den siste 10-årsbolken saman med Halvar Opheim på
torader (biletet til høgre syner Harald t.v. og Halvar i
aksjon). På 70- og 80-talet var Jon Tryti ofte med som spelemann. Det siste
ti-året har Knut Trøen vore ein fast og sentral medlem i orkesteret. Symraorkersteret
har alltid vore eit populært innslag i lagslivet og har spreidd glede både med
dansemusikk og som programinnslag.
- til toppen av sida
- Venskapsringen
Viljan
- Heilt frå 1965 har Symra hatt ein venskapsring: Folkdanslaget
Viljan i Stockholm. Gjennom alle desse åra har det vore eit nært samarbeid mellom dei to
ringane. Samarbeidet kan ta ulike former, men ryggrada i samarbeidet har vore pinseturane.
Kvar
pinse vitjar dei to ringane
kvarandre. Biletet viser nokre av medlemene på
"pikniken" etter at vi har hatt framsyning på Folkemuseet.
- Annankvart år reiser Symra til Stockholm, og annakvart år kjem
Viljan til Oslo. I Stockhom har har Symra oftast hatt fast tilhald på ein gamal freda
gard - Farsta Gård - i bydelen Farsta, der også dei fleste medlemene bur. Farsta Gård
er ein svært fin plass for samkvem mellom to leikarringar. Symra får overnatte i huset
"Flygelen", og der får vi frukost og kveldsmat. I "Ladan" er det eit
framifrå dansegolv, og i hovudhuset kan vi få middag og servering. Teikninga viser Farsta Gård. I
Oslo har overnattinga foregått på ulike stader: på skular, på lagshytter, på
Haraldsheim
og hjå private (medlemer i Symra). Programmet på desse vitjingane har variert litt
gjennom åra, med har hatt ein fast struktur. I programmet inngår alltid samkvem/samvær
om kveldane, dvs dans og leik med mat og litt kulturelt program. Elles er det vanleg at
laga har danseoppdrag - framsyning. I Oslo har det som regel vore på Folkemuseet. I blant
lærer vi dansar av kvarandre, både formelt ved små seminar, og ved at vi uformelt
dansar saman, og brukar både norske og svenske dansar.
I tillegg til pinseturane har medlemer frå laga ofte møtt kvarandre på
stemner og leikfestar og andre tilskipingar. For begge dei to laga har venskapsringen vore
ein sentral del av lagsarbeidet. Ved fleire høve har det oppstått nære venskap mellom
personar frå dei to laga, og eit par gonger har det resultert i giftarmål.
- Talet på deltakarar på pinseturane har variert gjennom åra.
flest var med tidleg på 70-talet, då det var fulle busslastar med folk. På 80-talet var
det mindre interesse, og iblant var det mindre enn 10 deltakarar. Viljan har dei fleste
åra hatt med seg sine trufaste spelemenn. Frå gamle dagar hugsar vi "far"
(Stig Bergquist) på fele, og gjennom mange år "Magnus" (Bengt Magnusson) på
klarinett. Biletet til venstre viser nokre av dei
mest trufaste av Viljan-gjestene på 80- og 90-talet.
- til toppen av sida
- Symrafolk gifter
seg (!)
- I det første 10-året i Symra var storparten av medlemene ugifte og relativt unge. Med
åra har dette endra seg ein del. Gjennomsnittsalderen har stege: I starten var
gjennomsnittsalderen ca 26 år og i 1985 ca 40 år. I 1960 var ca 3% av medleme gifte,
medan talet var 65% i 1985.
Ikkje berre har medlemene i Symra gifta seg, men dei har også i stor mon med kvarandre.
Ser vi på dei første 25 åra, var det 134 av dei knapt 700 medlemene som gifta seg med
kvarandre medan dei (eller ein av dei) var medlem i Symra! Den sterke stigninga i talet
på gifte medlemer kjem også av at nye medlemer i større grad enn før er gifte.
- til toppen av sida
- Lagsbladet "Symra"
- Symra har hatt lagsblad frå 1979. Bladet kjem ut med 8-12 nummer
i året, og fungerer som eit meldingsblad. På den måten
erstattar det
dei rundskriva til medlemene som var vanleg at styret sendte ut før. Eit nummer av bladet
har gjerne 20-36 sider, og formatet er A5.
Det er eit valt bladstyre - ein redaktør og tre medlemer - som tar hand om bladarbeidet.
I tillegg til reint medlingsstoff frå styret, inneheld bladet referat frå ulike ting som
har hendt i ringen. det kan vere referat frå festar, kurs, turar, teaterturar,
utanlandsturar o.l. Bladet inneheld også gjerne intervju med nye og eldre medlemer,
medingar om og tilskipingar i hovudorganisasjonane (BLS og NU).
Bladet er ein fin bindelekk mellom dei passive medlemene i ringen (dei som bur for
langt unna til å delta aktivt) og resten av Symra-medlemene.
- til toppen av sida
- BLS og NU
- Symra er medlem i fylkeslaget BLS (Bygdelagssamskipnaden
i Oslo) som er eit av fylkeslaga i NU (Noregs
Ungdomslag). NU er ein del av den frilynde ungdomsrørsla i Noreg. Denne rørsla
arbeider for eit rusfritt ungdomsmiljø, norskdom, målsak og aktive bygde- og bysamfunn.
NU vart skipa i 1896, og BLS i 1923.
Dei praktiske aktivitetane som NU arbeider mest med i dag er folkedans, amatørteater,
bunadarbeid, internasjonalt arbeid og generelt samfunnsengasjement. NU har ein sentral
administrasjon som held til i Oslo. Elles har NU ca 25 fylkeslag og ca 800 einskildlag
(ungdomslag). Det er ca 16000 medlemer i NU i dag.
I BLS er det ca 20 medlemslag med til saman ca 2000 medlemer. Det største av desse er BUL
(Bondeungdomslaget i Oslo). I 1927 kjøpte BLS ein bygard i Nordahl Brunsgt 22, og sidan
har det vore den faste tilhaldsstaden for bygdelaga i Oslo. I BLS-huset er det fleire
salar: Storsalen er den største, Halli nest og Blåsalen den minste. BLS har eit kontor
som yter tenester for laga, og tar seg av ein del fellesarrangement, mest knytta til
drifta av garden. BLS har ein dagleg leiar - Rolf Snekkevåg - og kontormedarbeiar. For å
subsidiere drifta av medlemslaga, driv BLS eit konferansesenter og utleige av hyblar.
Telefonnr til BLS-kontoret er: 22203820.
- til toppen av sida