Tur til Viljan i pinsa 2000, 9-12. juni
Vi overnatta på Farsta Gård som vanleg, i flygeln. Vi vart møtt med varm og
god supe fredagskvelden i 24-tida, og det smaka godt.
Det var tidleg i gang på laurdag - utferd til Østhammar og vidare til Østerby
bruk ca 14 mil å køyre nordover frå Stockhom. Veret var godt i heile helga.
Før avreise tok vi gruppebilete.
På
Rådhustorget i Østhammar - ein liten by på austkysten - var det framsyning -
først Viljan og så Symra og ein felles dans til slutt.
Mellom dei som såg på var Little Gerhard - ei rockestjerne frå 50 og 60-talet
som skulle opptre på
restauranten. Han kom etterpå og helsa på og vi tok bilete. Så smakte det
godt med mat på ein triveleg restaurant tett ved torget. Så var det bussreise
vestover til Østerby bruk - ein liten by som hadde vake opp kring ei jarnsmie,
der valonarar hadde arbeidd i gamal tid, og det var eit fint slott der. Vi fekk
omvising både på ei kunstutstilling - Bruno Liljeforsmuseet - og i smia.
Svært interessant. Så drog vi vidare til
eit oppussa ungdomshus i byen og fekk kveldsmat og det var variert dans utover
kvelden til kl 11, då vi tok bussen heim att. Dansekvelden var triveleg og
lærerik!
Søndag var det først avslapping i Stockhom, før det kl 14 var opplæring i svenske dansar og midtsumar-leikar. Også repetisjon av vestlandsspringar vart det. Kl 19 vart var det så god middag og samkvæm i Ladan. God mat, god musikk (også Halvard spela), og mykje gild dans og samvær. Det var slutt ve 12-tida.
Dagen etter var det Tursti etter frukosten - med ulike
spørsmål vi måtte svare på når vi gjekk i parken. Eit triveleg innslag. Sa
var det som vanleg avskjed med klemmar og det som høyrer med.
På heimturen fekk vi ei overrasking: Då vi skulle raste og handle ved
Karlstad, vart det problem med bussen og vi kom ikkje igang att på 4 timar. Men
det gjekk greitt, og sjåføren hadde godt humør!
I det heile ei svært vellukka pinsefeiring - med noko ekstra i høve 2000-års-jubileet. Takk til alle dei frå Viljan som stod på seint og tidleg og la forholda godt til rette for ei triveleg pinsehelg. Takk Viljan, og velkomne til Oslo den 21. oktober til 40-årsfest og til pinse neste år!
Vebjørn
Framsyning i Sandvika i mai
Her er to bilete frå framsyninga i Sandvika i mai. Framsyninga vaart litt
amptert fordi nokon hadde betalt for den plassen vi dansa på, men det gjekk
fint likevel. Etterpå vart vi bedne heim
til Kirsten og vi fekk mat og drikke og ei kvelstund på terrassen.
På terrassen til Kirsten.
Alle samla etter dyst.
Vebjørn
Framsyningar ved Alna i byrjinga av juni 2000 i samband med
1000-års-feiringa.
Den første dagen var det bra ver, den andre dagen hadde det regna og
det var vått. Det var mange tilskodarar andre dagen ca 150, men føste dagen
var det langt færre. Her er to bilete som vart tekne rett før publikum kom
vandrande langs stien.Litt lenger nede var det diverse andre aktivitetar, mellom
andre var Raya i sving.
Oppstilling til dans før publikum kjem
Knut Trøen på spelarsteinen