Nokre bilete frå "miniballet" i Symra 19. juni 2009
Stildansen i Symra avslutta med Miniball 19. juni
2009 Det var ca 40 deltakarar på avslutningskvelden for stildansøvingane i Symra. Desse avslutningane er ein slags mellomting mellom øving og ball - det er middag, kaffi og kaker og mest gjennomdansing av dansar som dei fleste (nesten) kan. Men litt instruksjon blir det i blant. Det er Marita Ramstad som er fast instruktør for Stildansen i Symra, og øvingane er normalt på fredagar i Storsalen. Men denne avslutningskvelden var i Nygårdstua i Mogreina. Det er ein romsleg og fin ombygd låve, og der var det også plass til dei fint pynta matborda. Marita fekk blomar og takk for sin fine innsats også dette halvåret. Denne kvelden var det vekt på dansane vi skal ha i Finland. (27/06-09) |
Mykje god mat! |
Berre å forsyne seg. |
Mat til alle |
Frå eine matbordet |
Frå eine matbordet |
Matita og Magne viste ein seniordans |
Frå eine bordet. |
Dette er frå eine kaffibordet |
Frå eit anna kaffibord |
Frå eit tredje - dei har det tydelegvis triveleg! |
Marita får blomar av Grethe |
Eit bilete til av Marita og Grethe |
|