Nokre bilete frå miniballet i Symra 5. juni 2015
Stildansen i Symra avslutta med Miniball 5. juni
2015. Det var 46 deltakarar på avslutningskvelden for stildansøvingane i Symra. Desse avslutningane er ein slags mellomting mellom øving og ball - det er middag, kaffi og kaker og mest gjennomdansing av dansar som dei fleste (nesten) kan. Men litt instruksjon blir det i blant. Det er Marita Ramstad som er fast instruktør for Stildansen i Symra, og øvingane er normalt på fredagar i Storsalen og nokre søndagar. Men denne avslutningskvelden var i Nygårdstua i Mogreina. Det er ein romsleg og fin ombygd låve, og der var det også plass til dei fint pynta matborda. Marita fekk blomar og takk for sin fine innsats også dette halvåret. Det fekk også Erik Skogen som i mange år har sytt for CD-musikken både på øvingar og miniball. Tusen takk til begge! (8/7-2015) |
Det eine matbordet. |
Det andre bordet. |
Det tredje |
Det fjerde. |
Det femte. |
Det sjette. |
Marita fekk gåve for innsatse, av Grete. |
Greidde ikkje bestemme kva bilde som var best, så det vart to! |
Erik får også gåve |
Og dermed blir det to bilete på dei og. |
|