Nokre bilete frå julefesten i Symra 5. desember 2009
Det var 108 deltakarar på julefesten i Symra, og det er lenge sidan det var
så mange. Knut Trøen og slektningar og vener var der, nokre frå Viljan og mange
tidlegare medlemer. Det aller viktigaste var at Knut Trøen fekk tildelt kongens
fortenstmedalje i sølv for sin store innsat for folkemusikken. Erik Haugros
delte ut medalje og diplom, fordi ordførar eller varaordførar i Nord-Aurdal
ikkje hadde høve å vere til stades. Inger Frøydis song eit stev, Vebjørn las ein
prolog til Knut og spelemannen Trygve Bolstad frå Valdres spela tre slåttar.
Trygve kom eins erend frå Hedalen for å ære Knut. Erik overleverte blomar frå
Nord-Aurdal kommune og frå Symra, og Kjell Stensrud bar fram helsing og blomar
frå Sogn og Fjordane-ringen. Einar Guldbrandsen takka også for speling og
samarbeid om barneleikarring i gamle dagar. Og felemakaren Erling Aaning sa litt
om samarbeidet med Knut gjennom mange år, og Knut viste fram Aaning-fela som han
gjerne bruker. Elles var det ekstra gilt igjen å sjå Knut på scena mellom
spelemennene. Både Knut og dei to brørne Kjell og Jørgen var med å spela på ein
del av kvelden, i tillegg til dei faste Solvor og Hans Petter. Dag Evensen og
Vebjørn Bakken delte på leikleiinga. Tore Granset styrte bordsetet og
julebordnemnda hadde pynta fint og sytte for at festen gjekk på beste måte, og
maten og kakene var av beste slag. Dei som hadde fortent det (styret ,
spelemenn, rettleiarar etc) fekk blomar. Kvelden vart avslutta som vanleg med
Deilig er jorden.
Inger Frøydis syng Ro fjorden som innleiing på sermonien med utdeling av Kongens Fortenstmedalje |
Knut med Kongens fortenstmedalje i sølv og diplomen. |
Trygve Bolstad spela ein slått både før og etter utdelinga. Den eine slåtten hadde Knut spela i radio, og hadde lært han av far sin. Trygve hadde lært slåttten av sin far. |
Knut med medalje og diplom |
Erik les opp grunngjevinga for at Knut fekk prisen |
Knut kan smile iblant også, men er vanskeleg å få på film |
Knut får medalja på brystet |
Knut med medalje |
Erik viser fram medalja
|
Knut med medalje i litt anna variant |
Erik overleverer diplom |
Knut med medalje |
Overlevering |
Knut spelar vals |
Knut spelar vals |
Knut spelar vals |
Knut og Lisen |
Knut og Lisen |
Lisen og Heidi |
Lisen og Knut |
Knut og familien |
Knut og familien |
Knut og familien |
Frå eit av middagsborda |
Eit anna middagsbord |
Middagsbordet med Knut og Lisen |
Eit middagsbord til |
Endå eit middagsbord |
Endå eit |
Endå eit |
Frå eit kaffibord |
Jørgen, Kjell og Knut spelar |
Liv og Per lyttar til felespel |
Knut og Lisen sine vener frå Kolbotn |
Jørgen, Kjell og Knut gjer seg klar til å spele |
Fire i fine bunader
|
Nokre får blomster |
Eit blomsterbilete til |
Det vart ein stor ring til slutt, sjølv om ein del hadde gått kl 00.30 |
Eit bilete til av sluttringen |