Nokre bilete frå  Julefesten i Symra 2002

Tilbake til hovudsida
Her er nokre bilete frå julefesten i Symra på Engebråten skole 6. desember 2002. Det var ein fest av godt gamalt Symra-merke. Det var 86 deltakarar i alt, musikken sytte Knut, Åge og Benjamin for og Dag Evensen var ein dugande leikleiar. Kveldens høgdepunkt fekk vi då Knut Trøen vart utnemd til æresmedlem i ringen. Det var også uventa at julefesten skulle bli utsett for gassangrep.

Her ser vi det første middagsbordet. Til venstre ser vi kveldens kjøkemeister og til høgre to av dei tre spelemennene Åge Grunstad og Knut Trøen.

Her er utsnitt frå det andre bordet.


Her ser vi det tredje bordet.

Og her det fjerde bordet.

Her er det femte bordet
   

Og her det sjette bordet. Nina til høgre heldt talen for herrane.

Her ser vi Wivi og Arne.

Her er leiaraen i Symra Marianne og styresmann Anders. Anders har laga dei fine merka som også Knut fekk som æresmedlem.

Her er Elisabeth og Per Ove. Per Ove fekk blomar fordi han fylte 60 år tidlegare i 2002. Han er den einaste i Symra som har vore med heilt frå starten i 1960.

To blide og fine jenter Sidsel til venstre og Bjørg til høgre.

 

 

 


Einar og Grethe er blide som alltid!