Bilete frå haustturen i Symra til Alvdal og Røros 2009

Tilbake til hovudsida

Det vart ein svært fin fjelltur til Alvdal og Røros første helga i september 2009. Eystein og Oddny hadde som vanleg gjort eit grundig førebuingsarbeid og lagt opp til eit spennande og variert program med innslag både av natur og kultur. Det var i alt 29 deltakarar på turen og 27 av dei kom til fjellhotellet Tronsvangen i Alvdal torsdagskvelden. Hotellet ligg på ca 800 meter og hadde strålande utsikt over Alvdal og fjella i vest, der Sølen var høgst og spissast. Opphaldet på hotellet var fint og relativt billeg. Det var god mat, god danseplass og litt mindre fine rom, men heilt OK. Det var dans kvar kveld, ei blanding av gamaldans, stildans og songdans. Fredag var veret nokså dårleg, men vi hadde ein fin tur i Røros-området. Først hadde vi guida tur i Røros, så guida tur i Smeltehytta og til slutt guida tur i Olavsgruva ei mil nordaust for Røros. Vi hadde dugande guidar, så dette vart ei grundig innføring i Bergstaden og bergmannslivet. Fredag var den store fjelldagen. Vi skulle til topps på Tronfjellet 1666 m over havet. Det var opphaldsver og fint turver, men det var skodde på toppen, så vi fekk ikkje fullt utbytte av den strålande utsikten frå fjellet. Men på veg nedatt lysna det, og vi såg fjella rundt både i vest og aust. For at det ikkje skulle bli for langt å gå, brukte vi bilen eit stykke oppover til ca 1300m. Her var det også eit minnesmerke over ein indisk munk som budde her første halvdelen av 1900-talet. Etter fjellturen tok dei fleste vegen til Aukrust-museet i Alvdal. Eit veldig fint bygg (aktitekt Fehn) og spennande innhald. Søndag vart veret strålande fint, og vi skulle sjå på Jutulhogget  på heimvegen. Eystein var sjølvsagt ein svært kyndig vegvisar og guide, og hadde funne fram til svært fine utsiktspunkt der vi fekk sjå Jutulhogget i all sin imponerande velde. Jau, dette var ein fin haustdag i fjellet med mange fine opplevingar og ein hyggjeleg turflokk.


Her er alle deltakarane framfor Trondsvangen - Vebjørn fotograferer. Dette er fredag før vi drar til fjells.     
                     

Her er det Tore som tar biletet.
  
  

Her ser vi utsikten frå (ein del av) romma. Bilete er teke søndag då veret var finast.
 

Vi er komne til Røros og guidinga startar med Bergmanns-statuen.
 

Vi er nederst i Bergmannsgata, og vi får høyre om dei fine husa frå 1700-talet og om gata som var brei nederst og vart smalare oppover. Husa frå 1600-talet brende svenskane ned.
  

Her er vi lenger oppe i bergmannsgata, ved Per Tørresgården. Dette huset vart nedreve, låg lagra på folkemuseet på Bygdøy i over 43 år og sett opp att på si gamle tomt der det i mellomtida stod ein bensinstasjon.
  

Husa på Røros var spesielle på den måten at dei hadde alle bakgard for hest og eit par kyr - bergmannsløna vart for lite å leve av. Her er vi inne i bakgarden til Per Tørresgården.

På veg oppover Bergmannsgata passerte vi det grøne Sangerhuset, der mange har trødd polsen under Rørosmart'n i februar.
 

Her er vi på veg oppover Morkstugata mot Smeltehytta    
 

Nokre av dei som fylgjer med på det som blir fortalt.
  

Inger Frøydis og Liv framfor eit av dei fattigslege husa.  
 

Her er vi framfor eit av dei øvste husa, der sume av dei aller fattigaste budde.
  

Vi passerer brua over elva på veg til Smeltehytta
   
    

Her er det Gunnar og Trond som ivrig fylgjer med.
  

Vi er på plassen ved Malmvekta.
  

Peder og Gunnar med elva i bakgrunnen. Det var elva som gjorde at Smeltehytta vart lagt hit.
  

På plassen ved Malmvekta
 

Vi er på veg over til Smeltehytta
 

På veg inn i Smeltehytta - folk er i godt humør trass i regnet!
 

Frå omvisinga inne i Smeltehytta - som var omgjort til eit spennande museum
 

 

Vi høyrer på guiden inne i Smeltehytta.
   

Vi har avslutta rundturen på Røros og får oss kaffi og kaker i den koselege Kaffistuggu.
  

Her skulle fotografen også bli med inne i Kaffistuggu.
   

Vi har køyrt den dryge mila til Olavsgruva og guiden tar i mot oss i inngangshallen
        

Ingen får gå i gruva utan hjelm - her er vi i hjelmromet.
  

Nokre til som får seg hjelm
   

På veg gjennom gruva. Olavsgruva vart funnen så seint som på 1930-talet, og ligg nokre meter under ei eldre gruve.
    

Vi er inne i kvileromet til bergmennene. Men dei lettkledde damene på veggane var borte - det var visst Kong Olav som ikkje tolte slikt.
  

Vi er inne i kvileromet
    

Også fotografen skulle få prøve kvilestolane, eller forløperen til stresslessen.
     

Vi er komne til "Konsertsalen" inne i Olavsgruva
  

  Nokre til som sit i Konsertsalen
 

Songdans i Olavsgruva - vi syng Lars Lenkelifot.
  

Vi dansar framleis her
  

Inger Frøydis skulle teste akustikken
    


Her skulle malmen sleppast ned - kjettingar frå krigsskipet Tirpitz
  

Fleire ved middagsbordet
  

Vi er tilbake frå Røros og har benka oss til middagen

Og endå eit bord

Eit middagsbord til.
  

Liv og Gunnar har fått eige middagsbilete!
  

Her er det dans i kjellarstova
  


Halvard hadde toraderen med
  

Dei fleste har kome til topps på Tronfjellet, men det var nokså tjukk skodde
  

Inger Frøydis og Vebjørn på toppen
  

Liv og Gunnar på toppen
 

Nokre få kleiv opp på den aller høgste spissen - Liv var ei av dei.
   

Og her er Vebjørn
  

Her står vi i ly for vinden - ved Telemuseet
   

Eit bilete til ved Telemuseet
  

Sjølv om sume tykte det var tidleg, så tok dei fleste nistepakka si her ned i ura - det var stilt der.
  

Her har Erik og Bjørg funne fram nistepakka
  

På toppen måtte det bli dans - her er det Inger, Halvard og Tone som dansar "På Dovrefjell".
  

På veg nedatt frå toppen letta skodda
  

Her har skodda letta meir - vi ser ned til hytta der vi parkerte bilane
  

Sola braut gjennom skodda iblant, og det vart fint å sjå
  

Her ser vi folk på vegen nedover mot bilane.
  

Ikkje langt unna parkeringsplassen var det reit ei minnestøtte for den indiske munken som budde nede på Trondsetra i mange år.
  

Eit bilete til av støtta
  
 

Vi er komne til Aukrust-senteret og kosar oss med kaffi og kaker på kafeen - Vi ser Tronsvangen i bakgrunnen. Inger Frøydis og Liv.
 

Vi fekk også sjå ein fin liten film om Aukrust og figurane hans.
   

Her er det Inger V. som tar bilete oppover mot Tronfjellet
   

Så er det god middag att
 

Det er søndags morgon og vi er klar til avreise mot Jutulhogget
 

Vi måtte betale bompengar, det var ein skikkeleg fin bomstasjon!
  

Her er vi ved den vanlege utsiktsplassen - starten på Jutulhogget. Astrid og Inger Frøydis.
  

Anne Grethe skulle finne tytebær - her er ho farleg nær stupet.
  

Fjelleksperten sjølv - Eystein
  

Vi er på veg mot utsiktspunkt nr 2 - mykje finare enn det første, her kunne vi sjå hogget i begge retningar
 

Sjølvsagt måtte vi fotograferast nær stupkanten - her Peder og Anne-Lise
  

Her er Oddny og Inger Frøydis  utsikt vestover.
  

Og her Oddny og Vebjørn
   

Her er mange mot himmelsjå
  

Her ser vi Jutulhogget  - ned og vest
 

Her ser vi Jotulhogger mot aust
   

Det er Finn som vågar seg mot kanten
  

Også Vebjørn har våga seg ut på kanten.